SELSKAPSAVTALE FOR
SELSKAPSAVTALE FOR
SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)
Sist endra i Representantskapsmøte den 30. april 1999.
Endringa godkjend i eigarkommunane den 22. november 1999.
Selskapsavtalen er tilpassa lov om interkommunale selskap den 9. mai 2003.
§ 1 Namn
Selskapet sitt namn er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM). Selskapet er eit interkommunalt selskap.
§ 2 Deltakarar
Følgjande kommunar er deltakarar i selskapet:
Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Andre kommunar har høve til å søkja om å verta deltakarar i selskapet.
§ 3 Hovudkontor
Selskapet sitt hovudkontor er i Fitjar kommune.
§ 4 Føremål
Føremålet med selskapet er :
1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane
2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
4. Selskapet har ikkje erverv til føremål.
§ 5 Selskapets oppgåver
Selskapets oppgåver er:
1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.
§ 6 Eigardel og deltakaransvar
6.1 Eigardelane til deltakarane er fordelte på fylgjande måte:
Kommune Kapital Eigardel
i prosent
Austevoll | 14 850 | 8,58 % |
Bømlo | 32 092 | 18,55 % |
Fitjar | 10 260 | 5,93 % |
Kvinnherad | 43 000 | 24,85 % |
Stord | 48 014 | 27,75 % |
Sveio | 15 180 | 8,77 % |
Tysnes 9 634 5,57 %
Sum 173 030 100,00 %
6.2 Deltakarane er seg imellom ansvarlege for pliktene til selskapet i høve til prosentdeling i samsvar med folketalet i kommunane. Deltakarane sitt ansvar er fordelt på fylgjande måte:
Kommune Folketal pr. Deltakaransvar
01.01.1999 i prosent
Austevoll | 4 378 | 8,00 % |
Bømlo | 10 694 | 19,55 % |
Fitjar | 2 962 | 5,42 % |
Kvinnherad | 13 206 | 24,14 % |
Stord | 16 071 | 29,38 % |
Sveio | 4 581 | 8,38 % |
Tysnes 2 805 5,13 %
Sum 54 697 100,00 %
Prosentsatsane vert justerte kvart 5. år, første gong pr. 1.1.1994.
Deltakarane heftar uavgrensa for tilsvarande prosentdelar av pliktene til selskapet. Til saman utgjer desse prosentdelane pliktene til selskapet.
§ 7 Representantskapet
7.1 Representantskapet skal ha eit medlemstal som tilsvarar folketalet i medlemskommunane, slik at kvar kommune har ein representant pr 3000 ibuarar. Minimumstalet på representantar frå ein kommune skal likevel vera 2 representantar uansett ibuartal. Ein får såleis fylgjande medlemstal i høve til folketalet:
Folketal Medlemer i
Representantskapet
0 - | 3000 | 2 |
3001 - | 6000 | 2 |
6001 - | 9000 | 3 |
9001 - | 12000 | 4 |
12001 - | 15000 | 5 |
15001 - | 18000 | 6 |
Utgangspunktet er folketalet pr.1.1.89. Folketalet og talet på medlemmer i representantskapet vert justert kvart 5. år, første gong pr. 1.1.1994.
Etter at kommunane Austevoll, Kvinnherad og Sveio er opptekne som fullverdige medlemmer gjeld fylgjande folketal og samansetjing i representantskapet:
Kommune Folketal pr. Medlemer i
01.01.1999 Representantskapet
Austevoll | 4 378 | 2 |
Bømlo | 10 694 | 4 |
Fitjar | 2 962 | 2 |
Kvinnherad | 13 206 | 5 |
Stord | 16 071 | 6 |
Sveio | 4 581 | 2 |
Tysnes 2 805 2
Sum 54 697 23
7.2. Medlemene i representantskapet med personlege varamedlemer vert valde av kommunestyra i medlemskommunane for 4 år i samsvar med den kommunale valperioden.
7.3 Representantskapet kjem saman ein gong i året, seinast innan utgangen av april månad. Leiaren for representantskapet kallar inn til møte når det er naudsynt for handsaming av ei særskild sak etter lova eller selskapsavtalen. Leiaren for representantskapet pliktar å kalla inn til møte når styret, revisor, minst ein av deltakarane, eller minst ein tredel av representantskapets medlemer krev det for handsaming av ei særskild sak.
Om ikkje representantskapet for den enkelte saka avgjer noko anna, har styreleiar, styremedlemer og driftsleiar rett til å delta i representantskapet sine møte. Dei har talerett, men ikkje røysterett.
Styreleiar og driftsleiar har plikt til å vera til stades med mindre det er openbert unødvendig eller det ligg føre gyldig forfall. I sistnemnde tilfelle skal det utpeikast ein stedfortreder.
7.4 Representantskapet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades og desse representerer minst to tredelar av røystene.
Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal av dei gjevne røystene, bortsett frå vedtektsendringane som krev 2/3 fleirtal. Ved likt røystetal har møteleiar dobbeltrøyst.
Representantskapet sin leiar er møteleiar.
Ved spørsmål om habilitet gjeld kommunelova § 40 nr. 3.
7.5 Innkalling av møte skal skje med minst 4 vekers varsel. Innkallinga skal innehalda saksliste og eventuelle saksdokument. Dei enkelte deltakarane skal med same frist varslast om innkallinga og sakslista.
Det skal førast protokoll for møta. Denne skal underskrivast av leiaren
og 2 av dei andre medlemene. Medlemene i styret og dagleg leia r har rett til å få sitt syn på ei sak innført i protokollen.
§ 8 Årsmøtet
I årsmøtet skal representantskapet handsama desse sakene:
? Skrifteleg årsmelding frå styret.
? Revidert årsrekneskap frå styret.
? Styret sitt budsjettframlegg for neste driftsår.
? Framlegg frå styret til endringar i avgiftsregulativet.
? Fullmakter til styret.
? Val av leiar/nestleiar i representantskapet (annakvart år)
? Val av styremedlemer og varamedlemer til styret
? Val av leiar og nestleiar i styret.
? Val av revisor og fastsetjing av godtgjersle for revisjon.
? Fastsetjing av godtgjersle til representantskap og styre.
Dessutan skal representantskapet handsama:
? Framlegg frå styret om opptak av lån og pantsetjing av selskapet sin eigedom.
? Framlegg om endring av vedtektene for selskapet.
? Eve ntuelle andre saker som styret vil ha handsama i representantskapet.
Vedtak i representantskapet må godkjennast av kommunane dersom dette
vert kravd etter kommunelova eller andre lover.
Budsjett og rekneskap skal sendast medlemskommunane som melding.
§ 9 Styret
9.1 Styret i selskapet skal ha 1 medlem per medlemskommune. Ved stiftinga hadde styret 4 medlemer. Etter 1.1.1993 har styret 7 medlemer.
Styremedlemene skal ha personlege varemedlemer. Styremedlemene og varamedlemene blir valde for 2 år om gongen, likevel slik at halvparten står på val etter loddtrekning etter første året.
Styremedlemene og varamedlemene skal veljast av representantskapet.
9.2 Leiaren av styret kallar inn til møte når han finn det naudsynt eller når minst 2 medlemer i styret bed om det. Innkalling til møte skal skje med minst 5 dagars varsel. Innkallinga skal innehalda saksliste og eventuelle saksdokument. Det skal førast møteprotokoll.
9.3 Selskapet sin driftsleiar har tale og forslagsrett, men ikkje røysterett. Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades.
Vedtaka vert gjorde med vanleg fleirtal av dei gjevne røystene. For at eit vedtak skal kunna fattast gyldig, må framlegget ha fått tilslutning frå meir enn ein tredel av alle styremedlemene. Ved likt røystetal har møteleiaren dobbelrøyst.
Ved spørsmål om habilitet gjeld kommunelova § 40nr. 3 .
9.4 Styret skal ha det mynde og ansvar som det vert gjeve av representantskapet for å leia selskapet si verksemd. Styret kan mellom anna tilsetja og seia opp driftspersonell. For den daglege drifta kan styret gje prokura til driftsleiaren eller styreleiaren.
Styret gjev innstilling i saker som skal føreleggjast representantskapet.
§ 10 Dagleg leiar
Selskapet skal ha ein dagleg leiar som vert tilsett av styret. Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av selskapet og følgje dei retningslinene og pålegga som styret har gjeve.
Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter tilhøva til selskapet er av uvanlig art eller av stor tyding. Slike saker kan den daglege leiaren berre avgjera når styret i den enkelte saka har gjeve dagleg leiar mynde til det, eller når ein ikkje kan venta på avgjerd i styret utan vesentleg ulempe for verksemda til selskapet. Styret skal i så fall snarast orienterast om saka.
§ 11 Representasjon – Signatur
Styret representerer selskapet utetter og, teiknar selskapets firma. Xxxxxx kan gje styremedlem eller dagleg leiar rett til å teikna selskapets firma og kan avgjera at dei som har slik rett må uttøva han i fellesskap.
Dagleg leiar representer selskapet utetter i saker som fell inn under den daglege leiinga av selskapet.
§ 12 Innskotsplikt
Selskapet hadde ved stiftinga ein interessekapital på kr. 100.000,- Medlemskommunane: Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes, som vart medlem i selskapet 2. mai 1990 betalte inn sin del av interessekapitalen i høve til folketalet 1.1.1989:
Bømlo kr. 32 092
Fitjar kr. 10 260
Stord kr. 48 014
Tysnes kr. 9 634
Medlemskommune: Austevoll, Kvinnherad og Sveio som vart medlemer i selskapet 1. januar 1993 betalte inn totalt kr. 73 030,- fordelt på følgjande måte:
Austevoll kr. 14 850
Kvinnherad kr. 43 000
Sveio kr. 15 180
§ 13 Låneopptak mv.
Selskapet kan ta opp lån med inntil kr. 10 000 000. Selskapet kan ta opp lån til kapitalføremål og til konvertering av eldre gjeld. Ansvaret til deltakarane kjem fram av
§ 6. Selskapet sin eigedom kan pantsetjast ved eigne låneopptak. Selskapets vedtak om å oppta lån må godkjennast av Fylkesmannen.
§ 14 Utgifter
Dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkjast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene.
Kommunane betalar avgift til selskapet for forbruksavfall som vert henta ved den vanlege innsamlingsordninga i høve til talet på abonnentar pr.1. januar kvart år.
Representantskapet kan gjera vedtak om at avgifta frå kommunane skal betalast etter vekt. I så fall må denne ordninga innførast frå same tidspunkt for alle kommunane
For avfall som vert levert direkte til fyllplassen av privatpersonar, verksemder, institusjonar osv., vert avgifta betalt direkte til selskapet av leverandørar i høve til vekt eller volum. Avgifta skal dekkje handsamingskostnaden.
Betalingssatsar for slamhandsaming, lagring av spesialavfall osv. vert fastsett av styret.
Selskapet har ikkje høve til å betala utbytte til eigarane.
§ 15 Avgifter
På grunnlag av vedteke budsjett og abonnenttalet 1.januar betalar kommunane a-kontosummar kvart kvartal etter rekning frå selskapet. Sluttavrekning på grunnlag av det faktiske abonnenttalet i året vert send ved utgangen av året.
Medlemskommunane skal krevja inn renovasjonsavgifta og avgift for slamtøming frå dei abonnentane som går inn i den vanlege innsamlingsordninga
for desse avfallstypane. Desse avgiftene vert fastlagde av kommunane i samsvar med lovverket for slike avgifter.
§ 16 Rett til å tre ut
Den enkelte deltakar kan med to års skriftlig varsel seia opp sitt deltakarforhold i selskapet og krevja seg utløyst av dette. Vedtak i ein kommune om å gå ut må meldast representantskapet på årsmøtet. Utmeldinga kan tidlegast gjerast gjeldande 2 år etter det fylgjande årsskiftet.
Utløysingssummen vert fastsett til nettoverdien av andelen ved utløpet av oppseiingsfristen. Utløysingssummen kan likevel ikkje overstiga verdien av deltakaren sine innskot. Utløysingssummen skal utbetalast straks.
Det vert elles vist til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §30.
§ 17 Oppløysing
Oppløysing av selskapet kan berre skje dersom kommunestyra i alle medlemskommunane har gjort prinsippvedtak om dette. Kvar av dei deltakande kommunane er ved oppløysinga av selskapet ansvarlege for sin del av pliktene i høve til folketalet det året selskapet vert oppløyst.
Når det er avgjort at selskapet skal oppløysast, og oppløysinga er godkjend av departementet, skal representantskapet straks nemna opp eit avviklingsstyre. Styret i selskapet trer ut av funksjon når avviklingsstyret er valt.
Det vert elles viset til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §§ 32 flg.
§ 18 Tvistar
Tvist om tolking av selskapsavtalen vert avgjort med bindande verknad ved skilsdom (voldgift) etter reglane i tvistemålslova.
-oo0oo-