Kontrakt for meirope bibliotek
Kontrakt for meirope bibliotek
Velkomen som brukar av Samnanger kommune meirope bibliotek!
Denne kontrakten gjev deg over 15 år tilgang til biblioteket utanom betent opningstid.
Personvernerklæring
Biblioteket er oppteke av å verne personopplysingane dine. Difor handsamar me dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Me oppmodar deg til å lese grundig gjennom Personvernerklæringa som du finn på Samnanger bibliotek si heimeside. Personvernerklæringa skildrar kva for personopplysingar me registrerer når du vert lånar hjå oss, nyttar Mi side og vitjar denne nettsida (seinare omtalt samla som tenestene våre). Dersom du ikkje har digital tilgang kan me skriva ut Personvernerklæringa til deg.
Rettane dine
Du har rett til å veta kva personopplysningar Samnanger bibliotek har registrert om deg, korleis opplysningane vert handsama og kven som har tilgong til opplysningane. Dette gjelder deg som har lokalt lånekort, nasjonalt lånekort og oppgradert lånekort for meirope bibliotek. I Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) finn du dine rettar til innsyn i opplysningane.
Særskild relevant i personopplysningslova er Europaparlaments- og rådsforordning, kapittel III Den registrertes rettigheter. For å inngå ein avtale om lånekort er det nokre opplysningar me treng om deg som brukar. Ved å inngå ein kontrakt med Samnanger bibliotek om lånekort, godkjenner du samstundes at me lagrar desse opplysningane om deg.
Registrerte opplysningar ved lokalt lånekort
Fornamn og etternamn, fødselsdato, postadresse, kjønnsidentitet, mobiltelefonnummer. Du kan velje om du ønskjer melding frå biblioteket på SMS eller på epost. Dersom du ønskjer melding på epost treng me epostadressa di.
Dersom lånekorthavar er under 18 år treng me signatur og mobiltelefonnummer til ein føresett.
Registrerte opplysningar ved nasjonalt lånekort
I tillegg til opplysningane for lokalt lånekort treng me òg personnummeret ditt.
Kameraovervaking
Dei meiropne biblioteklokala er videoovervaka av omsyn til din tryggleik, og for å beskytta inventar og utstyr. Utanom betent opningstid vert lokala i det meiropne biblioteket kameraovervaka. Du vert fotografert i det du brukar nøkkelkortet for å logge deg inn, og går inn døra. Det er fleire overvakingskamera i lokala. Dei som brukar biblioteket i meirope tid vert filma, men det vert ikkje tatt opp lyd. Filmane vert lagra på server, men vert automatisk sletta etter 7 dagar. Det vert ikkje sett på filmane dersom me ikkje får melding om at noko ulovleg har hendt, eller at me opplever hærverk i lokala.
Eg har lest kontrakten og Reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek. Eg aksepterer vilkåra for bruk av Samnanger bibliotek og gjev samtykke til handsaming av mine personopplysningar.
Dato: …………………………
Namn korthavar med blokkbokstavar:……………………………………………….………………………….…Fødselsdato:………………………
Lånenummer:………………………………………………………………………………. Mobil:………………………..…………………………………………
Signatur korthavar:……………………………………………………………………………………………………………………………………………………….
Signatur føresett:……………………………………………….…………………………Mobil:……………………………………………………………………