KONKURRANSEGRUNNLAG
KONKURRANSEGRUNNLAG
Drift av
Xxxxx – Sommaraktivitetar 2024 Saksnr. 2024/113
GENERELL SKILDRING
Oppdragsgiver
Bykle kommune, Xxxxxxxxxx 00, 0000 Bykle
Kontaktperson: Xxxxxx Xxxxxxxxxx, e-post: xxxxxx.xxxxxxxxxx@xxxxx.xxxxxxx.xx
All kommunikasjon med oppdragsgivar skal skje via e-post. Dette gjelder også spørsmål og svar som vil bli vidareformidla til alle leverandørar i anonymisert form.
Vald leverandør vil få ein ny kontaktperson i kommunen for hjelp til den praktiske gjennomføringa av oppdraget.
Formål og omfang
Kommunen ønskjer å medverke til utvikling av Hovden som ein heilårsdestinasjon. Per no er det eit litt avgrensa tilbod av sommaraktivitetar som er tilrettelagt og lett tilgjengeleg for tilreisande.
Xxxxx er portalen til Hovden og ein viktig møteplass for lågterskel aktivitetstilbod, vassaktivitetar og som nærturområde. Kommunen har her eit serviceanlegg som kan nyttast til enkel servering og sal (kiosk). Det er også tilrettelagt sanitæranlegg/offentleg toalett mv. Kommunen har per tiden ikkje kapasitet til å drifte anlegget i eigen regi, og utlys difor ein open konkurranse om drift med sommeraktiviteter for sommeren 2024.
Ein drivar får disponere serviceanlegget og tilstøytane bryggjeanlegg/platting rundt. Det kan gjennomførast aktivitet på områda rundt, etter nærare avtale med oppdragsgjevar. Vedlagt kartskisse viser det aktuelle område. Vedlegg 1.
I samband med korona-ordningane vart det kjøpt inn robåtar, kanoar, kajakkar, SUP-brett og pedalbåtar som leverandør skal leige ut i perioden. Utstyret skal kunne reserverast og ved førehands-reservering skal turistar prioriterast.
Oppdragsgivar og leverandør skal inngå ein avtale som sikrar at lokale born og ungdom kan leige utstyret gratis. Denne utleiga kompenserast som tilskott frå kommunen gjennom ein forhandsavtalt pris som utgjer 50 % av ein veileiande utleigepris. I avtalen vart det fastsett utleigeprisar på 1 time/3 timar/heildagsutleige. Maksimalt tilskot for heile perioden er kr.15.000,-. Avtalen er vedlagt. Vedlegg 2.
Ein drivar må sjølv vurdere om utstyret kan nyttast forsvarleg, i den tilstand de er til en kvar tid. Drivar må sjølv syte for reparasjonar og vedlikehald av utstyret i perioden. Utstyr som ikkje fungerer vil ikkje bli erstatta av oppdragsgivar.
Kommunen stillar altså bygg, utstyr og omkringliggande område som beskrive ovanfor til disposisjon slik det står i dag, utan betydelege oppgraderingar utover følgjande: I kioskdelen vil tak og vegger bli malt. Elektrikar vil gå over det elektriske anlegget og feste leidningar, montere stikkontaktar og naudsynt belysning. Tilbydarar oppmodast derfor til synfaring av eigedomen før tilbod gis.
Oppdraget gjeld drift av serviceanlegg, utstyrsutleige, samt drift av toalett/sanitæranlegg med dagleg reinhald – Toalettanlegg skal vere døgnopen i avtaleperioden.
Tilbyder må også ta syte for dagleg orden på tilliggjande parkeringsplassar og brygge/platting rundt bygget. Kontrakten vil vere ein leigekontrakt, kor leigetakar får disponere lokalar og avgrensa området gratis, men leverandør må sjølv sikre inntening. Leverandøren vil ha det heile og fulle ansvar for drift av tenester og tilbod, inkl. utleige av utstyr til vassaktivitetar.
Ein vil også legge vekt på at dei som blir tildelt oppdraget, syter for å vere godt vertsskap for heile reiselivet på staden og gir besøkande god og brei turistinformasjon om nærområdet og tilboda som finst. Sal av fiskekort kan bli aktuelt.
Oppdraget skal vere frå 1. juni til og med 31.august, når det gjeld opning og reinhald av sanitæranlegg. Ein er open for at drifta aktivitetar/servering /kiosk kan ha kortare sesong/drift – og at tilbydarane konkretiserer framlegg til opningstider/aktivitetstilbod mv. som dei ønskjer å tilby i sitt konsept i driftsperioden.
Drifta må ikkje hindre allmenn bruk av- og ferdsel på bryggjeanlegget og strandlinja. Ved planlagde arrangement i området, skal det ikkje settast opp konkurrerande arrangement/drift utan at dette er i samarbeid med- og godkjend av arrangør.
Kontraktsvilkår
Det vil bli inngått ein tidsbestemt leigekontrakt for sommaren frå 1. juni til 31. august. Husleiga vil vere kr. 0,-, men drivar er ansvarleg for kostnadar til straum, renovasjon osv. og må ivareteke dette i tilbodet sitt. Det understrekast at lokala leigast ut som dei er og drivar er sjølv ansvarleg for nødvendige oppgraderingar til sitt presenterte konsept.
Gjennomgang/visning av lokala kan gjennomførast frem til tilbodsfristen. I tillegg inngåast avtale om utleige av utstyr til lokale born og ungdom.
Det føresetjast at leverandør følgjer alle reglar knytt til HMS, lønns- og arbeidsvilkår. Dersom lovbrot blir avdekte vil kontraktane bli sagt opp straks, utan at oppdragsgjevar kan haldast erstatningspliktig for driftstap eller liknande. Tilskot for resterande periode kan også krevjast tilbakebetalt.
Viktige datoar og tidsfristar
Oppdragsgivar har lagt opp til følgande tidsrammer for prosessen:
Aktivitet | Tidspunkt |
Frist for å stille spørsmål til konkurransegrunnlaget | 12.april kl.1400 |
Tilbodsfrist | 17.april kl.1400 |
Evaluering og eventuelle forhandlingar | Uke 16 |
Val av leverandør og melding av dette til leverandørar | 22.april |
Kontraktsinngåing | 26.april |
Tilbodets vedståelsesfrist | 1.mai |
Det vert gjort merksam på at tidspunkta etter tilbodsfristen er førebelse og kan bli gjenstand for justeringar. Ei eventuell forlenging av tilbodet si vedståelsesfrist kan berre skje dersom leverandøren godkjenner dette.
REGLER FOR GJENNOMFØRING AV KONKURRANSEN
Oppdragsgjevar planlegg å tildele kontrakt utan å ha kontakt med leverandørane utover å gjere eventuelle mindre avklaringar/korrigeringar av tilboda. Forhandlingar kan likevel bli gjennomførte dersom oppdragsgjevar, etter at tilboda er mottekne, vurderer det som hensiktsmessig. Utveljinga av kven det vil forhandlast med vil i så fall bli gjort etter ei vurdering av tildelingskriteria. Det vert presisert at ingen leverandørar kan forvente dialog om sitt tilbod og må derfor levere sitt beste tilbod.
Oppdragsgjevar kan velje å forkaste alle tilbod og avslutte konkurransen.
Offentlegheit og teieplikt
For allmenta sitt innsyn i dokument knytte til ei offentleg anskaffing gjeld offentleglova. Oppdragsgjevar og deira tilsette er pliktige til å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til opplysningar om tekniske innretningar og framgangsmåtar eller drifts- og forretningsforhold det vil vere av konkurransmessig betydning å hemmeleghalde, jf. forvaltningslova § 13.
Oppdatering av konkurransegrunnlaget
Eventuelle rettingar, suppleringar eller endringar av konkurransegrunnlaget, samt spørsmål til konkurransen med svar i anonymisert form, vil bli formidla til alle leverandørar som har registrert sin interesse for anskaffinga skriftleg.
Tilleggsopplysningar
Dersom leverandøren finn at konkurransegrunnlaget ikkje gir tilstrekkeleg rettleiing, eller er uklare, kan leverandøren be om tilleggsopplysningar hos via oppdragsgivars e-post. Dersom det oppdagast feil i konkurransegrunnlaget, bes det om at dette formidlast til oppdragsgivar via e-post
KVALIFIKASJONSKRAV
Leverandørens kvalifikasjonar
Krav | Dokumentasjonskrav |
Leverandør skal ha erfaring med publikumsaktivitetar og dokumentere gode rutinar på HMS knytt til aktivitetane som blir føreslått. | Leverandøren kan dokumentere erfaringa ved å vise til kompetanse til personell han råder over og kan betytte til dette oppdraget, sjølv om erfaringa er opparbeid mens personellet har utført tenesta for en annan leverandør. |
TILDELINGSKRITERIER
Tildelinga vil skje basert på følgande kriteria angitt i prioritert rekkefølge:
Kriterium | Dokumentasjon |
Pris Under dette kriteriet vurderast: - Lågast totalpris | Pristilbodsskjema |
Konseptskildring og ivaretaking av HMS for tilsette og kundar/brukarar Under dette kriteriet vurderast: - Opningstider - Ivaretaking av turistnæringa (her med destinasjonsinformasjon) - Ivaretaking av lokalbefolkning, born- og unge. - Evnene til å ivareta sikkerheit forbundet med konseptet som foreslåast | Konseptskildring Dokumentasjon på relevante kurs/sertifiseringar etc. Dokumentasjon på relevant erfaring |
Sysselsetting Under dette kriteriet vurderast: - Konseptets evne til å skape arbeidsplassar (inkludert føretakets/foreiningas egne tilsette/medlemmer) | Kan komme frem under konseptskildringa |
Innlevering av tilbod
Tilbodet skal leverast til oppdragsgivars e-post innan fristen. Tidsfristen er absolutt og tilbod som innkommer etter denne vil få avslag utan anna grunngjeving.
Vedlegg
• Avtale om utleige til born og ungdom i kommunen
• Kartskisse