Samjaktavtale mellom HA280 og HA300
Samjaktavtale mellom HA280 og HA300
Xxxxxx Xxxxxxxx (HA300) vert tilbydd følgjande samjaktavtale for 2020:
Generelt
1. Ved å inngå denne avtalen forpliktar begge partar seg til eit framtidig samarbeid som følgjer rammene til denne avtalen. Dette uavhengig av kvotar, fellingstal og dyreposisjonar.
2. Avtalen vert automatisk fornya kvart år 01. juni til og med 2023 (ut perioden til dette fjellstyret). Forslag til endringar kan fremmast av begge partar, men motsatt part står fritt til å godkjenne desse. Motparten skal informerast skriftleg om forslag til endringar, eller oppseiing av avtalen, innan 1. februar same år. Ny samjaktavtale, med reviderte prisar, skal signerast kvart år.
3. Samjakta gjeld frå jaktstart til jaktslutt på HA280. HA300 forpliktar seg til å ha same jaktstart som HA280. Om HA280 avsluttar jakta før jakttida, står HA300 fritt til å fortsette jakta på eige vald.
4. HA300 forpliktar seg til å følgje same nattefredning som HA280.
5. Fellingsløyver for villrein merka HA300 kan brukast vederlagsfritt på heile Røldal Statsallmenning av dei jegerane som er tildela fellingsløyve på HA280 (Røldal Statsallmenning)
6. Jegerar, med fellingsløyver merka HA300, som ikkje vert dekka av punkt 5, får overgongsavtale med HA280 mot ei avgift per fellingsløyve. Avgifta følgjer kortnummeret. Det er Fjellstyret uvedkomande kven som nyttar løyvet.
Avgifta skal vera omlag 35% av kostnaden for tilsvarande løyve kjøpt direkte av Røldal Fjellstyre. For 2020 vert dette (Desse beløpa vil endre seg i tråd med prisane til Røldal Fjellstyre):
- Fritt dyr: kr 600
- Bukk: kr 450
- Simle/Ungdyr: kr 350
- Kalv: kr 150
7. Søknad om overgongsavtale (med oversikt over dei aktuelle kortnummera) skal utformast og underskrivast av fjellstyret/sekretær. Det vert utarbeidd eige standard skjema for dette som MÅ nyttast. Ferdig utfylt skjema må sendast Fjellstyret innan 1. august. Innkomne søknadar etter dette, vert behandla etter høve.
8. Grunneigerane i HA300 gjev med denne avtalen grunneigar sin tillatelse til at jegerar med jaktkort merka HA280, HA290, HA300 kan nytte landingsløyve for uttransportering av kjøtt på deira eigedom. Jegerane må sjølv søkje om løyve med hjemmel i lov og forskrift av kommunen utanfor Hardangervidda Nasjonalpark og av Tilsynsutvalet for Hardangervidda Nasjonalpark. Grunneigerar som ynskjer å reservere seg mot dette, må ha informert valdansvarlig for HA300 innan 1. august.
Røldal Fjellstyre –5760 Røldal
Leiar: tlf 481 03 170- epost: xxxxx.xxxxxx@xxxxxxxxxxxx.xx Sekretær: tlf 902 13 685- epost: xxxxxx@xxxxxxxxxxxx.xx
xxx.xxxxxxxxxxxxxx-xxxxxxxxxx.xx
I år med få fellingsløyver
9. Xxxxxx Xxxxxxxx (HA300) forplikar seg med denne avtalen å tilby Røldal Fjellstyre inntil 50% av fellingsløvyene tildelt HA300 i år der Røldal Fjellstyret ikkje kan tilby fellingsløyver på reinsdyr til alle sine innanbygdssøkjerar.
10. Røldal Fjellstyre skal ikkje ta imot fleire fellingsløyver frå HA300 enn at dei kan tilby alle sine innanbygdssøkjerar kort innan jaktstart.
11. Fellingsløyver som vert tilbydd Røldal Fjellstyre, vert tildelt innanbygdsjegerar i henhald til trekningslista til Fjellstyret det aktuelle året.
12. Røldal Fjellstyre skal betale fellingsavgifta for dei fellingsløyva merka HA300, som vart tilbydd og nytta av Røldal Fjellstyre.
13. Røldal Fjellstyre returnere fellingsløyver merka HA300 til valdansvarleg for HA300 etter jaktslutt.
14. Om andre vald/jegerar inngår tilsvarande samjaktavtalar/overgongsavtalar med HA280 (Røldal Fjellstyre), så skal Røldal Fjellstyre ta imot fellingsløyver frå alle involverte partar i henhald til dei aktuelle avtalane, inntil vilkåret i punkt 10 er oppfylt. Røldal Fjellstyre avgjer denne fordelinga, men skal sørgje for at kvart av dei aktuelle valda gjev frå seg ein tilnærma like stor prosentandel av fellingsløyvene.
15. I år med for få fellingsløyver, skal innanbygsjegerar som får tildelt fellingsløyver frå Røldal Storvald (fellingsløyver merka HA300), seie frå seg plassen på trekningslista, inntil alle innanbygdssøkjerar er tilbydd kort.
Gentlemen's agreement
I botn av avtalen ligg følgjande, ikkje forpliktande, forståing frå begge partar.
16. Jegerar som ynskjer å jakte på heile Røldal Statsallmenning (HA280), bør som hovudregel søkje, og kjøpe, fellingsløyve av Røldal Fjellstyre.
17. Grunneigerar på HA300 skal ikkje utnytte samjaktavtalen med HA280 for å vidareselje sine fellingsløyver.
18. Xxxxxx Xxxxxxxx (HA300) skal byrje arbeidet med å organisere seg, slik at Røldal Fjellstyre får ein oversikt over kven dei inngår samjaktavtalen med. Organiseringa inneber, men er ikkje avgrensa til, at Røldal Storvald skal:
o Innan utgongen av 2020:
▪ Velja ein valdansvarleg/kontaktperson (novarande valdansvarleg kan signere for 2020)
▪ Kome med uttale til punkt 8 («landingsløyve») i samjaktavtalen
o Innan utgongen av 2021:
▪ Få signerte vedtekter/reglar som gjev valdansvarleg myndigheit til å inngå samjaktavtalar o.l.. Vedtektene skal innehalde vilkår som medfører ein forutsigbarhet mtp kva areal som inngår i eventuelle samjaktavtalar med HA280.
▪ Skaffe ein fullstendig oversikt over alle grunneigerar med tilhøyrande eigedomar
▪ Skaffe eit detaljer oversiktkart over valdet
Xxx Xxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx Xxxxx Xxx Xxxx
Styreleiar Valdansvarleg
Røldal Fjellstyre (HA280) Røldal Storvald (HA300)