AVTALEVILKÅR FOR STRAUMAVTALEN WEBSPOT
AVTALEVILKÅR FOR STRAUMAVTALEN WEBSPOT
Generelt
Avtalen er mellom deg som kunde (kunden, du) og Wattn AS (Wattn, vi), FNR 925638153 som straumleverandør. Avtalen kan berre tingast av privatpersonar.
For denne avtalen gjeld Standard kraftleveringsavtale av 01.01.2017, utarbeida av Forbrukertilsynet og bransje- organisasjonen Energi Norge. I tillegg gjeld følgjande avtale- vilkår:
Produkt
Straumavtalen Webspot privat er ein avtale der straum- prisen følgjer marknadsprisane (spotprisane) på kraft- børsen Nord Pool i det området der straumen vert levert.
Webspot privat er ein e-kundeavtale. Det betyr at:
• All kommunikasjon vert gitt digitalt, til dømes via app, e-post eller SMS
• Du mottek faktura elektronisk, gjerne i kombinasjon med XxxxxxXxxx
• Xx har ansvar for å til ei kvar tid halde oss oppdatert med rett e-postadresse og mobilnummer
• Produktvilkåra gjeld i inntil eit år etter at avtalen er tinga. Ved utløp av avtaleperioden vil du bli overført til straumavtalen vår Spotpris
• I løpet av det første året kan du når som helst velje å gå over til ei anna straumavtale i Wattn. Der- som denne avtalen har bindingstid eller avvikande vilkår, vil det vere vilkåra og bindingstida for den nye avtala som gjeld.
Bestilling
Ved bestilling gir du oss fullmakt til:
• Å sette i verk og melde inn leverandørbyte til nett- selskapet
• Å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigar for å gjennomføre leverandørbyte
• Å melde ut- og innflytting til nettselskapet ved flytting
• For profilmålte anlegg må målaren vere avlest til
netteigar i løpet av dei siste 12 månader
Kundeinformasjon og kommunikasjon
I Wattn sin kundeapp og «Mi side» på xxx.xxxxx.xx, får du tilgang til informasjon om avtalen og produktet ditt. Vi har lagt til rette for at det meste av kundekom- munikasjonen kan gjerast digitalt. Det føreset at du som kunde oppdaterer oss med til ei kvar tid gjeldan- de e-postadresse og mobiltelefonnummer. Dette gjer du i kundeapp eller på «Mi side».
Alle personopplysningar vil bli handsama konfidensielt, i
samsvar med Xxxxx sine retningslinjer for personvern.
Varsling om pris- og avtaleendringar skjer via e-post eller sms, eventuelt i informasjonsfelt på faktura. Du vil også
kunne få nyheitsbrev og anna informasjon om aktuelle nyheiter og tilbod frå Wattn og våre samarbeidspartar på digitale media, som e-post, sms og liknande.
Levering
Avtalen gjeld frå dato for avtaleinngåing. Leveranse startar opp etter at angrefristen har gått ut (14 dagar), dersom ikkje anna er avtalt. Du kan avtale tidlegare oppstart.
Leverandørbyte
Avtalen gjeld frå dato for avtaleinngåing. Leveranse startar opp etter at angrefristen har gått ut (14 dagar), dersom ikkje anna er avtalt. Har du gjort avtale om tidlegare oppstart tek det 1 – 6 dagar før leveransen tek til.
Kundebyte/anleggsovertaking – flytting til ny adresse Ved innflytting til ny adresse/anleggsovertaking startar leveransen frå den dato innflytting/overtaking skjer. Dette kan vere fram i tid, eller inntil 3 år tilbake i tid.
Dersom innflyting/anleggsovertaking gjeld tilbake i tid sender vi melding om oppstart av kraftleveranse til Elhub med dato for kundebyte maksimalt tilbake til dagen etter førre innflytting/leverandørskifte, eller maksimalt 3 år tilbake i tid.
Dersom dato er til med 30 arbeidsdagar tilbake i tid, så vil Xxxxx starte leveransen frå den dato kundebytet skjedde.
Dersom det er lengre enn 30 arbeidsdagar tilbake i tid vil sluttbrukar bli lagt på leveringsplikt frå oppstartsdato. I slike tilfelle vil vi gjere eit leverandørbyte på venleg måte som forklart over.
Ved å be om oppstart av kraftleveranse tilbake i tid for så å seinare nytte seg av angreretten, aksepterer kunden å betale for leveranse av kraft frå oppstart og fram til avtalen vert avslutta.
Betaling
Avtalen omfattar kunden sitt forbruk av elektrisk straum. Kunden betalar spotpris med eit avtalt påslag per kWh og eit fastbeløp per månad. Påslaget inkluderer kostnader for lovpålagte Elsertifikat.
For timemålte anlegg vert forbruket avrekna time for time mot spotprisen henta frå Nord Pool i det prisområdet anlegget tilhøyrer. For standmålte anlegg vert forbruket timefordelt og avrekna i tråd med verdiar frå Elhub. Wattn fakturerer etterskotsvis månadleg. Standard betal- ingsfrist er 10 dagar.
For kundar som ikkje opprettar avtale om elektronisk faktura, vil det bli lagt til eit gebyr for produksjon og ut- sending av papirfaktura. Oppdaterte prisarfinn du på xxx.xxxxx.xx.
Alle prisar frå Xxxxx vert gitt inklusiv meirverdiavgift.
Prisendring
Xxxxx kan gjere endringar i påslag og fastledd med 30 dagars varsel som følgje av endringar i marknadstilhøva eller endringar i konsumprisindeksen. Det omfattar også prisjusteringar grunna auka kostnader knytt til oppdekking av el sertifikat, jf. xxx.xxx.xx/xxxxxxxxxxxx. Prisendringar blir varsla direkte til deg på e-post, sms eller annan eigna måte.
Gjennomfakturering
I nettområde der Wattn har avtale med det lokale nett- selskapet (netteigaren) om gjennomfakturering, vil Wattn fakturere - og eventuelt kreditere - nettleige på vegne av netteigaren. Ved bestilling av denne straumavtalen gir kunden Xxxxx fullmakt til å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigaren for å gjennomfakturere net- tleige. Avtale om gjennomfakturering påverkar elles ikkje kunden sin tilknytingsavtale med netteigaren (Nett- leigeavtalen). Usemje eller spørsmål knytt til nettleiga må derfor takast opp direkte med det lokale nettselskapet.
Gjennomfakturering kan føre til endra intervall og forfalls- dato på faktura. Om gjennomfakturering av ulike årsaker ikkje kan gjennomførast, vil nettleiga bli fakturert direkte frå det lokale nettselskapet.
Ved oppseiing av denne straumavtalen, vert også gjennomfakturering av nettleige avslutta.
Angrerett
Privatkundar har angrerett i 14 dagar frå inngåing av avtalen, jf. § 1-4 i Standard kraftleveringsavtale og Angrerettlova. For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen før angrefristen går ut. Bruk av angreretten vil til vanleg medføre at leveransen blir kansellert frå dato for oppstart. Ved bruk av angreretten i samband med leveran- dørbytte blir melding om kansellering sendt til tidlegare lev- erandør via Elhub. Xxxxx er ikkje ansvarleg for behandling av kanselleringa hos tidlegare leverandør. Leveransen av straum kan ta til før angrefristen er ute dersom du uttrykke- leg har bedt oss om det. Dersom leveransen ikkje kan kansellerast frå oppstartsdato må du betale for straum som er levert av Xxxxx fram til leveransen tidlegast kan bli avslutta.
Oppseiing
Avtalen har ikkje bindingstid. Ved leverandørbyte frå kunden si side, følger oppseiinga vanlege tidsfristar i kraft- marknaden. Ved oppseiing frå Xxxxx si side, vil straum- avtalen bli ført attende til netteigar på leveringsplikt. Ved flytting kan avtalen følge deg til ny adresse.
Endring av avtalevilkår
Desse avtalevilkåra er sist oppdatert 29.06.2023. Avtale- vilkåra kan endrast med 30 dagars varsel.
Varsling om endring vert gitt på e-post, sms eller annan eigna måte.