FOTO: TINGH
FOTO: TINGH
Frå elev til lærekandidat
Kva er ein opplæringskontrakt?
Kva er ein lærekandidat?
• Ein lærekandidat inngår opplæringskontrakt med ei bedrift for å ta ei prøve som er mindre omfattande enn fag/ sveineprøve. Ordninga følger normalt same modell som for lærlingar med 2 år i skole og 2 år i bedrift.
• Forskjellen på ein lærling og ein lærekandidat er at
lærlingen skal nå alle måla i læreplanen for faget, medan lærekandidaten får opplæring i delar av planen.
• Som lærekandidat kan du ha rett til spesialundervisning.
• Som lærekandidat treng du ikkje å ha gjennomført all teori eller ha karakter i alle fag.
• Det er grunnskolen og vg1 og vg2 som skal førebu
opplæringskontrakter. Skolane har ansvar for å knytte kontakt med aktuelle lærebedrifter.
• Du må ha kontakt med ei aktuell lærebedrift før du søker opplæringskontrakt.
• Dersom du søker
opplæringskontrakt utan å ha lærebedrifta klar, kan vi ikkje garantere at ein opplæringskontrakt kjem i
orden. Da vil opplæring i skole vere eit alternativ.
Som lærekandidat får du:
• ein god overgang frå skole til bedrift.
• opplæring etter evner og anlegg ved hjelp av ein individuell lærekandidatplan.
• meistring i opplæringssituasjonen.
• bli kvalifisert for arbeidslivet.
Kva er ein opplæringskontrakt?
• Ein skriftleg kontrakt mellom lærekandidat og bedrift som blir godkjent av Møre og Romsdal fylkeskommune.
• Eit dokument som sikrar at kandidaten får opplæring etter læreplanane.
• Gir same rettar og plikter i opplæringsløpet som for lærlingar.
• Kan gjerast om til lærekontrakt undervegs i læreløpet. Blir opplæringskontrakta omgjort til lærekontrakt, gjeld same krav til teori som for lærlingar.
Med opplæringskontrakt får du:
• eit opplæringsløp med individuell og tilpassa opplæring.
• rettleiing.
• undervegsvurdering.
• moglegheit til å ta avsluttande kompetanseprøve, som er ei mindre omfattande prøve enn ordinær fag/sveineprøve.
• kompetansebevis som dokumentasjon på opplæringa.
Vidare moglegheiter
• Du kan få fag-/sveinebrev ved å følgje praksiskandidatordninga.
• Xx xxxx meir informajon om praksiskandidatordninga på xxxxxxx.xx/praksiskandidat
Xxxxxxx søker du om opplæringskontrakt?
• Det er skolen sitt ansvar å sørge for at du blir utplassert i bedrift i skoletida. Dette kan føre fram til læreplass.
• Skolen skaffar lærebedrift.
• Fylkeskommunen og skolen samarbeidar tett om å få til ein avtale.
• Eigeninnsats er av stor betydning. Ver aktiv, bruk nettverket ditt for å finne læreplass.
• Du søker om opplæringskontrakt elektronisk på xxxx.xx. Vi anbefaler at du lastar ned Vigo-appen fra App Store eller GooglePlay
• Meir informasjon om vidaregåande opplæring finn du på xxxxxx.xx
• Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for å gi søkarar til
opplæringskontrakt eit tilbod.
Søknadsfrist: 1. februar