Avgrensing av plasseringar – aktivafordeling Eksempelklausuler

Avgrensing av plasseringar – aktivafordeling. Ei fordeling av investeringane over fleire ulike aktivaklassar reduserer porteføljen sin totale risiko. Ein fordeling mellom norske og internasjonale finansmarknader vil også redusere porteføljen sin finansielle risiko. Kommunen skal normalt ha ei fordeling av langsiktige finansielle aktiva basert på ein nøytral posisjon og med minimum- og maksimumsrammer for taktisk aktiva allokering. Investeringane skal målast mot relevante referanseindeksar. Likviditetsfond (kl. 1) 25 % 10 % 85 % NOGOVD3M Obligasjonsfond (kl. 2-3) 30 % 10 % 85 % NORM12D3 Andre rentefond (kl. 4) 5 % 0 % 20 % NORM12D3 + 2%- poeng Norske aksjefond (kl. 5) 10 % 3 % 15 % OSEFX Internasjonale aksjefond (kl. 5) 20 % 5 % 30 % MSCI All Countries Samla andel risikoklasse 4 og 5 skal ikkje utgjere over 40%. Porteføljens rentedurasjon skal være mellom 0 og 4 år og ingen enkeltinvesteringar skal ha en rentedurasjon > 6 år. Det skal anvendast veldiversifiserte fond med god og lang historikk frå anerkjente fondsforvaltarar med konsesjon til å utøve fondsforvaltning i Norge. Det skal ikkje vere avgrensingar på uttak i fonda og likviditeten skal være god. Kommunen kan ikkje eige meir enn 10% av eit fonds forvaltningskapital på investeringstidspunktet.