Val av rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument Eksempelklausuler

Val av rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument. Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode i forhold til oppfatningar om framtidig renteutvikling og innanfor eit akseptabelt risikonivå, for å oppnå lågast mogeleg renteutgift. I dette ligg det også best mogeleg kunnskap om framtidige lånekostnadar i den til ei kvar tid eksisterande låneportefølje. Forvaltninga skal leggjast opp i tråd med følgjande: • Refinansieringsrisikoen (risikoen for at ein ikkje får teke opp nytt lån når eit lån forfell) skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall. Denne risikoen er normalt låg for ei kommune • Rentevilkåra skal kontinuerleg følgjast opp for å vurdere binding til fastrente • Lån med fast rente kan liggje mellom 0 –75% av den renteberande låneporteføljen • Ved fastrenteavtalar skal renterisikoen reduserast ved å spreie tidspunkta for renteregulering For å oppnå den rentebindinga ein ynskjer, er det høve til å ta i bruk framtidige renteavtaler (FRA) og rentebytteavtaler (SWAP). Rentesikringsinstrumenta kan nyttast for å endre renteeksponeringa for kommunen si lånegjeld. Føresetnadar for å gå inn i slike kontraktar skal vere ut frå ei totalvurdering av renteforventningar og risikoprofil på eit gitt tidspunkt. Det er ikkje lov å lausrive denne derivathandelen frå den andre finansforvaltninga. Intensjonen bak kvar derivatkontrakt skal dokumenterast, og kontraktane skal knytast til underliggjande lån eller låneportefølje.