Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Kommunestyret 29.10.2020
Innhald
1. Reglementet sitt formål og virkeområde 3
3 Forvaltning og forvaltningstypar 3
4 Formål med finans- og gjeldsforvaltning 4
6 Forvaltning av midlar med låg risiko og høg likviditet 5
7 Forvaltning av midlar med lang tidshorisont 6
7.3 Overordna investeringsrammer 6
7.6 Avkastningsrisiko og samanlikning 9
8.1 Opptak av lån og refinansiering av eksisterande lån 10
8.3 Tidspunkt for låneopptak 10
8.5 Storleik på enkeltlån – spreiing av låneopptak 10
8.6 Val av rentebinding – bruk av sikringsinstrument 11
9 Rapportering og kvalitetssikring 11
9.6 Rutinar for oppfølging av finans- og gjeldsforvaltning 12
1. Reglementet sitt formål og virkeområde
1.1 Formål
Reglementet gjev ei samla oversikt over rammer og retningslinjer for korleis forvaltninga av kommunen sin finans- og gjeldsportefølje skal skje. Tilhøyrande fullmakter, instruksar og/eller rutinar skal vere heimla i reglementet. Reglementet definerer dei avkastnings- og risikonivå som er akseptable for plassering og forvaltning av midlar som skal forvaltast med låg risiko og høg likviditet, plassering og forvaltning av midlar som skal forvaltast med lang tidshorisont og forvaltning av gjeld.
1.2 Virkeområde
Reglementet gjeld for Sunnfjord kommune. Reglementet gjeld og for verksemd i kommunale føretak etter kommunelova kap. 9, interkommunalt politisk råd etter kommunelova kap. 18 og interkommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelova kap. 19 så sant ikkje anna er avtalt eller vedtektsfesta for desse selskapa.
I den grad desse verksemdene har eige reglement for finans- og gjeldsforvaltning skal desse utøvast i samsvar med dette reglementet, eller i tilfellet med interkommunalt samarbeid, etter eit avtalt finansreglement som er godkjent av kommunestyret.
Reglementet omfattar ikkje investeringar i selskap der kommunen sitt eigarskap har eit breiare samfunnsmessig perspektiv, eller der kommunen har skilt ut verksemda i selskap.
Reglementet omfattar ikkje pensjonsmiddel, pensjonsforplikting, bundne middel knytt til skadeforsikring samt langsiktige finansieringsavtaler, inkludert finansiell leasing.
2 Heimel og gyldigheit
Dette reglementet er utarbeidd på bakgrunn av:
• Lov om kommunar og fylkeskommunar av 22. juni 2018, § 14-2 e) og § 14-13
• Forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning i kommunar og fylkeskommunar av 18. nov. 2019
Reglementet gjeld frå det er vedteke av kommunestyret.
3 Forvaltning og forvaltningstypar
I samsvar med forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltninga, skal reglementet omfatte forvaltninga av alle kommunen sine finansielle aktiva (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld). Gjennom dette reglementet er det vedteke målsettingar, strategiar og rammer for:
• Forvaltning av midlar med låg risiko og høg likviditet
• Forvaltning av midlar med lang tidshorisont
• Forvaltning av gjeld
Forvaltning av eitt eller fleire av desse områda kan setjast bort til ekstern forvaltar med konsesjon frå Finanstilsynet eller tilsvarande myndigheit i EØS – området. Forvaltninga skal skje i tråd med finansreglementet.
4 Formål med finans- og gjeldsforvaltninga
Finans- og gjeldsforvaltninga har som overordna formål å sikre ei rimeleg avkastning og stabile og låge netto finansieringskostnadar for kommunen sine aktivitetar innanfor definerte risikorammer.
Dette blir søkt oppnådd gjennom følgjande delmål:
• Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet (inkludert trekkrettar) til å dekke sine forpliktingar.
• Plassert overskotslikviditet skal over tid gje ei god og konkurransedyktig avkastning innanfor definerte krav til likviditet og risiko, der ein tek omsyn til tidsperspektivet på plasseringane.
• Lånte midlar skal over tid gje lågast mulig totalkostnad innanfor definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko. Det må takast omsyn til behov for forutsigbarheit i lånekostnadar.
• Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva skal gje ei god langsiktig avkastning til akseptabel risiko som over tid skal bidra til å gje kommunen sine innbyggarar eit best mogeleg tenestetilbod.
5 Rammer og avgrensingar
• Kommunestyret skal sjølv gjennom fastsetting av dette reglementet, ta stilling til kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentlege finansielle risiko, jf. kommunelova
§14-13.
• Reglementet er basert på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument.
• Kommunestyret skal ta stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga, mellom anna kva som blir rekna som langsiktige finansielle aktiva
• Kommunedirektøren har ei sjølvstendig plikt til å utgreie og legge fram saker for kommunestyret som er av prinsipiell art
• Kommunedirektøren skal vurdere reglementet sine forskjellige rammer og avgrensingar, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at kapitalforvaltninga vert utøvd forsvarlig i forhold til dei risikoar kommunen er eksponert for
• Det er delegert til kommunedirektøren å inngå avtalar og plassere midlar i samsvar med dette reglementet
• Det er delegert til kommunedirektøren å utarbeide nødvendige fullmakter, instruksar og/eller rutinar for dei enkelte forvaltningsformer som er i samsvar med dette reglementet
• Finansielle instrument og/eller produkt som ikkje er eksplisitt tillate brukt gjennom dette reglementet, kan ikkje nyttast i kommunen si finans- og gjeldsforvaltning.
• Det er delegert til kommunedirektøren å inngå kontrakt med ekstern forvaltar/ rådgjevar for forvaltning i samsvar med dette reglementet
6 Forvaltning av midlar med låg risiko og høg likviditet
6.1 Definisjon og formål
Forvaltning av likviditet med låg risiko og høg likviditet skal sikre at kommunen kan betale sine utgifter ved forfall og samtidig få tilfredstillande avkastning. Kommunen skal til ei kvar tid ha ein tilgjengeleg driftslikviditet som minst er like stor som forventa likviditetsbehov i dei neste 30 dagane.
Dette vert utrekna slik:
• Kommunen sine årlege budsjetterte driftsutgifter inkl. løn og sosiale utgifter dividert med 12
• + Kommunen sine årlege budsjetterte investeringsutgifter dividert med 12 +/- Likviditetseffekt frå momskompensasjon og mva-oppgjeret
• +/- Særskilt periodisert likviditetsbehov i store investeringsprosjekt eller knytt til store driftsutbetalingar
6.2 Avkastningsmål
Forvaltning av likviditet med låg risiko og høg likviditet skal minimum oppnå avkastning tilsvarande innskotsrente på hovudbankavtale.
6.3 Produktspekter
Kommunen sin driftslikviditet skal vere tilgjengelig med maksimalt to bankdagars varsel. Dette medfører plassering med minimal risiko og kort disponeringstid. Kommunen sine midlar til driftsformål utover driftslikviditeten, kan plasserast i innskot i bank eller rentefond.
Kommunen skal inngå hovudbankavtale for å ta i vare behovet for banktenester.
6.4 Innskot i bank
Bankinnskot skal vere i kommunen sin hovudbank, eventuelt supplert med innskot i andre større bankar.
For bankinnskot gjeld følgjande avgrensingar:
• Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 6 månadar
• Innskot i norske finansinstitusjonar og utanlandske finansinstitusjonar etablert i Noreg.
Finansinstitusjonen skal ha ein forvaltningskapital på minimum 1 mrd. norske kroner, rating på minimum BBB-, og kommunen sitt samla innskot i finansinstitusjonen skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital. Avgrensingane gjelder ikkje for flytande innskot hos kommunen sin hovudbank.
6.5 Rentefond
For plassering i rentefond klassifisert som pengemarknadsfond m/lav risiko, pengemarknadsfond, obligasjonsfond 0,125 og obligasjonsfond 1, jf. Verdipapirfonda sin bransjestandard for informasjon og klassifisering av rentefond innanfor følgjande beløpsavgrensingar:
Pengemarknadsfond m/lav risiko | Penge- marknadsfond | Obligasjonsfond 0,125 | Obligasjonsfond 1 | |
Volum* | 0-100 % | 0-70 % | 0-50 % | 0-30 % |
Maksimal del i fondet | maks 15 % av fondet sin forvaltningskapital (FK) | maks 10 % av fondet sin FK | maks 10 % av fondet sin FK | maks 10 % av fondet sin FK |
*Volum av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsføremål, utover kva som trengs til dekning av kommunen sin løpande forpliktingar, trekt frå estimerte innbetalingar, de nærmaste 3 månadane.
7 Forvaltning av midlar med lang tidshorisont
7.1 Definisjon og formål
Alle midlar ut over det som er berekna for driftslikviditet dei neste 48 månadar vert å rekne som midlar med lang tidshorisont. Forvaltning av kommunen sine midlar med lang tidshorisont har som formål å sikre ein langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggarane i Sunnfjord kommune eit godt tenestetilbod. Det vert lagt til grunn ein rullerande investeringshorisont på meir enn fem år, samtidig som ein vil oppnå ei rimeleg årleg avkastning.
7.2 Avkastningsmål
Forvaltning av midlar med lang tidshorisont skal søke å oppnå avkastning tilsvarande referanseindeks eller betre for dei ulike plasseringsinstrument.
7.3 Overordna investeringsrammer
Kommunen skal i si forvaltning av midlar med lang tidshorisont ha ein låg til moderat risikoprofil.
Midlar skal forvaltast etter kriteria:
• tryggleik
• risikospreiing
• likviditet
• avkastning
Risikospreiing reduserer den finansielle risikoen. Risikospreiing får ein ved å fordele midlane på ulike produkt og verdipapir innanfor fleire aktivaklassar og risikoklassar.
Forvaltninga skal vere i børsnoterte verdipapirfond hos anerkjende forvaltarar som tilfredsstiller Finanstilsynets regelverk.
7.4 Produktspekter
Kommunen sine midlar med lang tidshorisont kan plasserast i bankinnskot, rentefond (sertifikat, pengemarknadsfond og obligasjonsfond – norsk/utland), aksjefond – norsk/utland og eigenkapitalbehov i norske sparebankar.
7.5 Risikorammer
7.5.1 Likviditetsrisiko
Likviditetsrisiko er faren for at plasseringar ikkje kan gjerast disponible for kommunen på kort tid, utan at det oppstår vesentlege verdifall på plasseringane i samband med realisasjon.
Likviditetsrisikoen vert styrt mellom anna gjennom storleiken på statspair i porteføljen. Statssertifikat og statsobligasjonar er dei verdipapira som er mest likvide i den norske markanden og kor det til ei kvar tid vert kvotert kursar i markanden med lågast differanse mellom kjøps- og salskurs.
7.5.2 Kredittrisiko
Kredittrisiko er definert ved faren for at ein motpart i ei kontrakt ikkje innfrir sine forpliktingar. Eksempelvis at ein seljar av ein obligasjon ikkje betalar tilbake heile eller delar av lånet ved forfall (inkludert renter).
Kredittrisikoen vert styrt gjennom å klassifisere kredittrisikoen i risikoklassar og ved å etablere avgrensingar for plassering i risikoklasse og debitor med utgangspunkt i det krav som er sett til kredittrisiko.
Risikoklasse 1 Obligasjonar/sertifikat utstedt av stat eller føretak med statsgaranti innan OECD, samt statsobligasjonsfond.
Risikoklasse 2 Obligasjonar med fortrinnsrett, obligasjonar/sertifikat utstedt av statsføretak, fylkeskommunar og kommunar, kraftverk med garanti frå kommune/ fylkeskommune, bankar, forsikringsselskap og kredittføretak, innskot i bankar.
Pengemarknads- og obligasjonsfond vert normalt plassert i denne risikoklassen, med unntak av fond som inneheld industrilån og ansvarlege lån. Disse sistnemnte vert plassert i risikoklasse 3.
Risikoklasse 3 Obligasjonar/sertifikat utstedt av industriføretak eller fond med tilsvarande risiko.
Pengemarknads- og obligasjonsfond etter same kriteria som over. Obligasjonar, sertifikat og innskot som inngår i Risikoklasse 2 og Risikoklasse 3 (enten enkeltvis eller gjennom verdipapirfond) er minimum ratet investmentgrade, dvs. BBB- eller betre.
Risikoklasse 4 Eigedom, konvertible obligasjonar, ansvarlege lån, fondsobligasjonar og anna hybridkapital, kombinasjonsfond, hedge fond, fond i fond og high yield fond (fond som inneheld industripapir med dårlegare rating enn BBB-).
Strukturerte produkt (kapitalsikra obligasjonar) vert klassifisert normalt i denne risikoklassen på grunn av normalt lågare likviditet enn i ordinære obligasjonar.
Risikoklasse 5 Aksjefond og allokeringsfond (fond med mandat til å investere i fleire aktivaklassar)
Risikoklasse 6 Enkeltaksjar, eigenkapitalbevis og private equity (investeringar i bedrifter som ikkje er på børs)
7.5.3 Rammer for plasseringar
For å styre kredittrisiko må det setjast rammer for plassringane. Kommunen skal normalt ha ei fordeling av langsiktige finansielle aktiva basert på ein nøytral posisjon og med minimums- og maksimumsrammer for taktisk aktiva allokering:
Aktiva | Minimum | Normal | Maksimum | Risiko- klasse |
Bankinnskot | 0 % | 0 % | 100 % | 0-1 |
Rentefond | 45 % | 65 % | 100 % | 1-4 |
Sertifikat og pengemarknadsfond | 0 % | 0 % | 20 % | 1-4 |
Obligasjonsfond - nordiske | 0 % | 55 % | 70 % | 1-4 |
Obligasjonsfond - utland | 0 % | 10 % | 25 % | 1-4 |
Aksjefond | 0 % | 35 % | 45 % | 5 |
Aksjefond - norsk | 0 % | 10 % | 20 % | 5 |
Aksjefond - utland | 0 % | 25 % | 35 % | 5 |
Eigenkapitalbevis i norske sparebankar | 0 % | 0 % | 10 % | 6 |
Avgrensingar i tillegg til tabellen ovanfor:
• Det er ikkje anledning å plassere meir enn 35 % av porteføljen sin totale forvaltningskapital i eitt enkelt aksjefond
• Kommunen kan ikkje eige meir enn 10 % av fondsdelar i eitt enkelt verdipapirfond.
• Kommunen sin eksponering i ein enkelt bank kan ikkje utgjere meir enn 2 % av banken sin forvaltningskapital.
7.5.4 Renterisiko
Følgjande rammer gjeld for gjennomsnittleg renteløpetid (kredittdurasjon og rentedurasjon) for dei ulike aktivaklassar:
Aktiva | Minimum | Normal | Maksimum |
Pengemarknadsfond | 0 år | 0,5 år | 1 år |
Obligasjonar - norsk | 0,5 år | 3 år | 6 år |
Obligasjonar - utland | 2 år | 3 år | 6 år |
7.5.5 Valutarisiko
• Investeringar i utanlandske obligasjonar skal vere valutasikra i NOK
• Investeringar i utanlandske aksjefond skal ikkje vere valutasikra i NOK
7.6 Avkastningsrisiko og samanlikning
Avkastningsrisiko er definert som risiko for verdiendring på eigedelar som følgje av endringar i marknadsforhold – slik som endring i aksjekursar, rentenivå og endring i volatiliteten (svingingar over tid) i desse marknadane.
Samtidig som den absolutte risiko (risikoen for ikkje å oppnå avkastningsmål) har kommunen har ein relativ risiko som er risikoen for å ikkje oppnå avkastninga til ein samanlikningsportefølje (benchmarkportefølje).
Benchmark (referanseindeks) for langsiktige finansielle aktiva: | |
Renteberande papir: | Statsobligasjonsindeks, fast durasjon på 3.00 år (ST4X) |
Norske aksjar / eigenkapitalbevis: | Oslo Børs Fondsindeks (OSEFX) |
Utanlandske aksjar: | MSCI world |
7.7 Etiske retningslinjer
Finansielle investeringar skal vurderast i høve sosiale, miljømessige- og etiske kriterier. Statens Pensjonsfond Utland sine etiske retningslinjer skal vere retningsgjevande for Sunnfjord kommune sin etiske handtering av finansforvaltninga.
7.8 Gjennomføring
Val av enkeltpapir kan delegerast til eksterne kapitalforvaltarar. Forvaltar si inntening skal ikkje vere avhengig av kva investeringsprodukt som blir valt. Godtgjeringa skal gå klart fram av avtalen.
Krav til ekstern forvaltar:
• Forvaltar skal inneha nødvendige konsesjonar frå Finanstilsynet og forvaltningskompetanse i verdipapir marknaden. Dette inneber god forvaltning i høve til råmeføresetnadar pålagt av myndigheitene og interne råmeføresetnadar i høve til oppdragsgjevar.
• Det skal utførast løpande risikokontroll og avkastningsvurderingar som speglar den risikoprofilen som er nedfelt i kommunen sin investeringsstrategi.
• Forvaltar skal ha eit analysemiljø med god kompetanse.
Forvaltningssystemet skal kunne tilpassast den til ei kvar tid gjeldande forvaltningsprofil/investeringsstrategi i høve til:
• Fleksibel rapportering
• Regnskapstransaksjoner/kontoavstemming
• Løpande måling av tidsvekta og pengevekta avkastning, standardavvik og durasjon.
8 Forvaltning av gjeld
8.1 Opptak av lån og refinansiering av eksisterande lån
Kommunestyret gjer vedtak om opptak av ny lån. Vedtaket skal som minimum vise storleiken på lånet.
Med utgangspunkt i kommunestyret sine vedtak gjer kommunedirektøren låneopptak, godkjenner lånevilkår, signerer gjeldsbrev og anna forvaltning av kommunen sine innlån etter dei retningslinjene som går fram av dette reglementet, og i tråd med Kommunelova §§ 14-14
– 14-17.
Kommunedirektøren har innanfor rammene i dette reglementet fullmakt til å ta opp lån til refinansiering av eksisterande lån og signere gjeldsbrev for disse, og til å godkjenne nye rentebetingelsar på forfalne renteavtaler på eksisterande lån.
8.2 Val av låneinstrument
• Det kan berre takast opp lån i norske kroner.
• Lån kan takast opp som direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar og livselskap.
• Det er òg adgang til å leggje lån ut i sertifikat- og obligasjonsmarknaden.
• Lån kan takast opp som serielån og utan avdrag (bulletlån).
• Finansiering av investeringar kan også skje gjennom finansiell leasing.
8.3 Tidspunkt for låneopptak
Låneopptaka skal vurderast opp mot likviditetsbehov og vedteke investeringsbudsjett.
8.4 Konkurrerande tilbod
Låneopptak skal gjerast til gunstigaste vilkår i marknaden. Det skal normalt innhentast minst to konkurrerande tilbod frå aktuelle långjevarar. Prinsippet kan fråvikast ved låneopptak i statsbank (til dømes startlån i Husbanken).
8.5 Storleik på enkeltlån – spreiing av låneopptak
• Eit einskild lån skal ikkje utgjere meir enn 20 % av kommunen si samla låneportefølgje
• Låneporteføljen skal bestå av færrast mogeleg lån, likevel slik at refinansieringsrisikoen ved ordinære låneforfall blir avgrensa.
• Refinansieringsrisikoen (risiko for at ein ikkje får teke opp nytt lån når eit lån forfell) skal reduserast ved å spreie tidspunkt for forfall.
• Lån som forfell og som ikkje skal innløysast innan ein periode på 12 mnd skal ikkje overstige meir enn 20 % av total gjeldsportefølje
8.6 Val av rentebinding – bruk av sikringsinstrument
Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode innanfor eit akseptabelt risikonivå, og med formål om å oppnå føreseieleg og lågast muleg renteutgift.
Forvaltninga skal leggjast opp i tråd med følgjande;
• Renterisikoen skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering
• Gjennomsnittleg attverande rentebinding (vekta rentebindingstid) på samla renteberande gjeld skal til ei kvar tid vere mellom 1 og 5 år
9 Rapportering og kvalitetssikring
9.1 Rapportering
Føremålet med rapporteringa er å informere om finans- og gjeldsforvaltninga sine faktiske resultat og risikoeksponering i høve til fastsette rammer og retningslinjer.
Kommunedirektøren skal rapportere til kommunestyret om status for kommunen si finans- og gjeldsforvaltning pr. tertial (30. april og 31. august). Tredje tertialrapport (31.12) vert lagt fram som årsrapport som viser utviklinga gjennom året, og status ved utgangen av året.
Rapportane skal i samsvar med forskrifta § 8:
a) Opptak av nye lån så langt i året
b) Refinansiering av lån så langt i år
c) Vise korleis dei finansielle midlane er sett saman og marknadsverdi av dei, både samla og for kvar gruppe av midlar
d) Vise korleis dei finansielle forpliktingane er sett saman og verdien av dei, både samla og for kvar gruppe av forpliktingar
e) opplyse om dei finansielle forpliktingane si løpetid, og om verdien av lån som forfell og må refinansierast innan 12 månader
f) opplyse om aktuelle marknadsrenter og kommunen sine eigne rentevilkår
g) opplyse om forhold som kommunestyret har stilt krav om at det skal opplysast om
Dersom kommunedirektøren meiner det er grunn til å endre reglementet for finans- og gjeldsforvaltning, skal dette gå fram av rapporteringa.
Ein står likevel fritt til å legge inn meir rapportering enn minimumskrava. Det viktige er å ikkje får avvik i forhold til reglementet.
I tillegg skal kommunedirektøren etter årets utgang rapportere utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året.
9.2 Risikovurderingar
Det skal til kvar rapportering til kommunestyret gjerast følgjande uavhengige risikovurderingar:
Renterisikoen for plasseringar av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsformål og gjeldsporteføljen sett i samanheng
• Ei ”netto” gjeldsbetraktning som viser kommunens renterisiko i norske kroner ved ein 1% andel generell endring i rentekurven.
Den absolutte risikoen i forvaltninga av langsiktige finansielle aktiva
• Berekne rullerande standardavvik over 36 månader til porteføljens strategi (benchmark).
Den relative risikoen i forvaltninga av langsiktige finansielle aktiva
• Berekne rullerande relativ volatilitet (standardavviket til differansen mellom faktisk avkastning og strategisk avkastning) over 36 månader.
Årleg skal det i tillegg rapporterast om porteføljen sin samla tapsrisiko, målt ved ein stresstest som tar omsyn til samvariasjon (Kredittilsynet el.l.), basert på faktisk utnytting av risikoråmer.
9.3 Ekstraordinære forhold
Ved vesentlege endringar i finansmarknaden, som gjer det nødvendig å foreta store tilpassingar i finans- og gjeldsportefølga, skal kommunedirektøren straks orientere formannskapet.
9.4 Avvik
Ved avvik mellom faktisk forvaltning og finansreglementet sine rammer, skal slikt avvik umiddelbart lukkast. Avviket slik det har framstått, og eventuell økonomisk konsekvens av avviket skal rapporterast til kommunestyret ved framlegging av neste rapport for finans- og gjeldsforvaltninga.
9.5 Kvalitetssikring
Forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning pålegg kommunestyret å la uavhengig kompetanse vurdere om dette reglementet legg rammer for ei finansforvaltning som er i tråd med kommunelova sine reglar og reglane i garanti- og finansforskrifta. I tillegg skal uavhengig kompetanse vurdere rutinane for vurdering og handtering av finansiell risiko, og rutinar for å avdekke avvik frå dette reglementet.
Kommunedirektøren får ansvar for at slike vurderingar blir innhenta, eksternt eller gjennom kommunerevisjonen. Det skal rapporterast på utført kvalitetssikring av rutinane som del av den årlege rapporteringa.
9.6 Rutinar for oppfølging av finans- og gjeldsforvaltning
Det skal etablerast administrative rutinar som syter for at finans- og gjeldsforvaltning er gjenstand for trygg kontroll og at utøvinga skjer i tråd med reglement og gjeldande lover og forskrifter.