AVTALE OM UTPLASSERING AV ELEV I BEDRIFT
AVTALE OM UTPLASSERING AV ELEV I BEDRIFT
Namn | Telefon/Mobil | E-post | |
Bedrift | |||
Organisasjonsnummer til bedrifta | |||
Dagleg leiar | |||
Kontaktperson bedrift | |||
Rektor | |||
Kontaktperson skule | |||
Elev | |||
Føresett | |||
Tidsrom - dag/dagar | |||
Status forsikring jf. punkt 5 under |
1. I utplasseringsperioden har eleven framleis status som elev ved vidaregåande skule, og er underlagd gjeldande skulereglement.
2. Eleven må ikkje bruke maskiner underlagt sertifisert tryggleiksopplæring (truck, anleggsmaskiner, kran) utan at det er teikna fadderavtale mellom bedrifta og skulen. (Forskrift om utførelse av arbeid § 10-3).
3. Eleven skal ha med seg dokumentasjon på tryggleiksopplæring for arbeidsutstyr som krev særleg forsiktigheit ved bruk, Forskrift om utførelse av arbeid; § 10-1, §10-
2. Bedrifta skal syte for utstyrsspesifikk opplæring etter § 10-4. Eleven skal ikkje bruke arbeidsutstyr som krev dokumentert tryggleiksopplæring eventuelt utstyrsspesifikk opplæring utan at opplæring er gitt.
4. Eleven skal ikkje ha utbetalt løn/godtgjersle frå bedrifta for utført arbeid under utplasseringa. Det blir ikkje utbetalt godtgjersle til bedrifta under utplasseringa.
5. Vi gjer merksam på at praksisstaden etter Lov om yrkesskadeforsikring, er ansvarleg for yrkesskadeforsikring. Dersom bedrifta har tilsette vil normalt praksisstaden si yrkesskadeforsikring også dekkje elevar i praksisopplæring. Dei aller fleste bedrifter
har forsikringar som omfattar alle arbeidstakarar i verksemda utan å melde inn arbeidstakar sitt namn. Det vil difor ikkje vere nødvendig for bedrifta å teikne eiga forsikring for desse. Sjekk ut at bedrifta har tilstrekkeleg tal arbeidstakarar på sin yrkesskadeforsikring.
I dei tilfella der praksisstadene ikkje har tilsette, har dei ikkje yrkesskadeforsikring. I desse tilfella må eleven forsikrast på eiga ordning gjennom Vestland fylkeskommune. Innmeldingsskjema skal fyllast ut samla frå skulen og sendast gjennom e-dialog innan 1. juni. Merk innsendinga med «Xxxxxxx Xxxx Xxxxx»
6. Avdelingsdirektør opplæring og kompetanse informerte alle dei vidaregåande skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram i brev 24.02.21 at dei frå hausten 2021 skulle implementere og ta i bruk verktøya for formidling til lære, lokal formidlingsplan og læreplassrekneskap. I læreplassrekneskapet registrerer lærar inn kontaktinformasjon om bedrifta og om bedrifta har tilsette.
7. Ved fråvær i utplasseringsperioden skal eleven snarast gi melding til bedrifta og skulen, samt opplyse om årsak.
8. Eleven skal føre arbeidslogg etter kvar økt der bedrifta attesterer.
er ansvarleg for å føre fråvær.
9. Eleven skal ha karakter i faget yrkesfagleg fordjuping. Vurderinga skal gjennomførast av kontaktperson i bedrift og faglærar på skulen. Faglærar på skulen set karakter i faget.
10. Eventuelle usemje under utplasseringa må straks meldast til skulen, helst til kontaktperson som er bindeleddet mellom bedrifta og skulen.
Stad, dato:
Underskrift for skulen:
Stad, dato:
Underskrift for bedrifta