VEDTEKTER
VEDTEKTER
for Lusetermorkje beitelag
§ 1 LUSETERMORKJE BEITELAG
Lusetermorkje beitelag , nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarane og grunneigarane i Lusetermorkje. Som grunneigarar er her ikkje rekna eigarar av fritidseigedom.
Beiterettshavarane disponerer utmarksbeitet i Lusetermorkja som er avgrensa i vest mot Slombbekken, i sør mot Rinda og Sjoa, i aust mot Lusa og i nord mot Vågå.
§ 2 ØKONOMISK ANSVAR
Det er berre medlemmene nemnt i § 4 pkt. 1 som har økonomisk ansvar. Ansvaret er delt med ein del på kvart medlem og avgrensa til laget sin formue.
§ 3 FORMÅL OG ARBEIDSOMRÅDE
Laget sitt føremål er å samle medemmene for i fellesskap å tilrettelegge beitebruken til det beste for landbruksnæringa. Laget er forplikta til å få NIJOS til å utarbeide ei plan for pleie/ betring av utmarksbeitet. Skogbruksansvarleg i Sel kommune skal høyrast og takast med på råd i samband med utarbeiding av plan.
Endra ved overjordskiftet ved at siste setning skal lyde slik:
Laget tar stilling til gjennomføring av planen ved fleirtalsvedtak etter § 6.2.
§ 4 MEDLEMSSKAP
Fylgjande er med i laget:
Gnr. ….
Medlemsskapet fylgjer eigedomen og kan ikkje skiljast frå denne.
Dersom ein eigedom blir delt og den frådelte parsell er landbrukseigedom med utmarksareal og/eller beiterett innafor utmarksområdet, har denne rett og plikt til å bli med i laget.
§ 5 ARBEIDSÅR OG FORPLIKTELSE
Rekneskaps- og arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Laget blir forplikta av leiaren saman med kasseraren.
§ 6 ÅRSMØTE
1. Konstituering
Årsmøtet er laget si øvste myndigheit.
Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. september kvart år.
Xxxxxxxxxx og to representantar valde av hytteeigarane har rett til å delta på årsmøtet. Det er berre medlemmene som har stemmerett.
Alle med møterett har tale- og forslagsrett.
Eit medlem kan la seg representere ved fullmektig med skriftleg fullmakt.
Leiaren kallar inn til årsmøtet. Innkallinga skal skje skriftleg. Saklista skal stå i innkallinga. Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Saker som ein vil ha behandla på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1. august.
2. Fleirtalsvedtak
Det enkelte vedtak på årsmøtet blir gjort med vanleg fleirtal (simpelt relativt fleirtal) blant medlemmene. Det kan berre reknast ei stemme pr. driftseining.
Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga har skjedd på lovleg måte.
Ved skriftleg avstemming blir blanke stemmer rekna som ikkje avgjevne stemmer. Likt stemmetal ved val blir avgjort med loddtrekning. Ved stemmelikheit elles har møteleiaren dobbeltstemme.
3. Årsmøtet skal:
• Velja møteleiar
• Velja protokollførar.
• Godkjenne innkalling, fullmakter og sakliste.
• Behandle innkomne saker.
• Velja leiar i laget. Denne blir vald for to år om gongen.
• Velja så mange styremedlemer og vararepresentant som står på val.
• Velja revisor. Denne blir vald for to år om gongen.
• Vedta arbeidsplan for beitepleie i samsvar med beiteplan utarbeidd av NIJOS
4. Vidare kan årsmøtet m.a.:
• Vedta andre tiltak i samsvar med § 2.
• Vedta endringar av bruksordningsreglane, jf. §13.
• Gjera vedtak i andre saker som vedkjem laget.
Det skal førast protokoll for årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av leiaren og to personar valde på møtet. Protokollen skal vera tilgjengeleg for medlemmene og dei to representantane for hytteeigarane.
§ 7 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemmene krev det. Frist og framgangsmåte for innkalling er den same som for vanleg årsmøte. Saklista skal stå i innkal- linga. Det kan berre bli gjort vedtak i dei saker som er nemnde i innkallinga.
Det skal førast protokoll for møtet. Protokollen skal underskrivast av leiaren og to personar valde på møtet. Protokollen skal vera tilgjengeleg for medlemmene og dei to representantane for hytteeigarane
§ 8 STYRET
1. Samansetjing
Laget blir leia av eit styre på fem medlemer, med ein vararepresentant. Styret er vedtaksfør når minst tre medlemer er til stades. Ved økonomiske avgjerder, skal kasserar vera til stades.
Styret skal vera slik samansett:
Frå beiterettshavarane: Tre
Frå grunneigarane utan beiterett: Eigaren av gnr. 181/134 og ein til.
Ein av dei to hytteeigarrepresentantane som kan møte på årsmøtet, jf. § 6 pkt. 1, skal varslast om styremøte. Denne representanten har møte- og talerett og rett til å koma med forslag.
Styremøte skal haldast så ofte leiaren finn det nødvendig eller når minst to av styremedlemene krev det.
Xxxxxx vel sjølv blant sine medlemmer kasserar og sekretær.
Styremedlemene blir valde for to år om gongen, men likevel slik at eit medlem (etter loddtrekning) står på val etter 1. året.
2. Etter retningsliner frå årsmøtet skal styret:
• Xxxxxxxxx årsmøte,
• Sørgje for ordna føring av rekneskapen og at rekneskapen er revidert av revisor.
• Sørgje for å få utført det arbeid som beiteplan bestemmer og/ eller årsmøtet har vedteke.
• Utføre det arbeid som er nødvendig knytt til bruken av området som beite
• Tillegg ved overjordskiftet: Halde oppsyn med oppsette gjerder.
• Gjennomføre andre saker som årsmøtet pålegg styret.
3. Protokoll
Det skal førast møteprotokoll for styremøta. Protokollen skal vera tilgjengeleg for samtlege medlemmer og for dei to representantane for hytteeigarane, jf. § 6 pkt. 1.
§ 9 BEITEPLEIE
1. Plikt til beitepleie Tillegg ved overjordskiftet: – 1. setning endra slik ved overjsk.:
Når beiteplan er vedtatt på årsmøte er grunneigar pliktig til å rydde areal for trevegetasjon i samsvar med beiteplan og arbeidsplan fastsett av årsmøtet. Dersom ikkje grunneigar sjølv ynskjer å utføre arbeidet eller ikkje får utført arbeidet innan fastsett frist, er det styret som sørgjer for å få arbeidet utført.
Tilsvarande regel gjeld for anna arbeid som beiteplan måtte bestemme.
2. Godtgjersle
For arbeid grunneigar utfører i samsvar med beiteplan, har han rett til arbeidsgodtgjersle etter vanlege satsar.
3. Trevirke
Alt trevirke som blir hogge i samsvar med beiteplan og betalt av laget, skal leggjast i reis. Halvparten av trevirket høyrer vederlagsfritt til grunneigar.
§ 10 DRIFTSMIDLAR
Laget disponerer dei midlar som er betalte inn for avløysing for beiterett fastsett av jordskifteretten. Laget kan og skaffe seg driftsmidlar ved tilskott mm.
§ 11 TVISTAR
Oppstår det tvistar mellom laget og medlemmene eller mellom medlemmene innbyrdes om forståinga og gjennomføringa av desse vedtektene, skal ein freiste å få tvisten avgjort med bindande virkning for alle partar av ei sakkunnig nemnd (voldgiftsrett) på tre medlemmer. Lensmannen kan oppnemne desse. Kjem voldgiftsavtale ikkje i stand, må tvisten avgjerast av dei vanlege domstolar.
§ 12 UTMELDING
Det er ikkje høve til å melde seg ut av laget.
§ 13 ENDRINGAR
For endre desse bruksordningsreglane krevst 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene. Vedtektsendring kan ikkje skje før 3 år etter at denne saka er rettskraftig med mindre det blir vedteke einstemmig.
§ 14 VARIGHEIT/OPPLØYSING
– 1. setning endra slik ved overjordskiftet:
Blir beiteplan vedtatt på årsmøte, kan ikkje laget oppløysast før 10 år etter planvedtaket med mindre alle beiterettshavarane er samde om det. Skulle beiteplan ikkje bli vedtatt, kan laget løysast opp ved fleirtalsvedtak på første årsmøte etter planbehandling. Etter utløpet av desse ti åra, vil laget kunne bli oppløyst dersom 3/4 av beiterettshavarane stemmer for dette. Laget sin formue skal i tilfelle utbetalast til beiterettshavarane i samsvar med andelen i den felles beiteretten.