Avtaler om tilknytta kreditt. Norsk implementering av forbrukarkredittdirektivet.
Avtaler om tilknytta kreditt. Norsk implementering av forbrukarkredittdirektivet.
Universitetet i Oslo Det juridiske fakultet
Kandidatnummer: 546
Leveringsfrist: 25.11.09
Til sammen 17 028 ord
24.11.09
Innhald
1 INNLEIING 1
1.1 Tema og problemstilling 1
1.2 Bakgrunnen for direktivet 5
1.3 Metode og rettskjelder 7
1.4 Avgrensing og vidare struktur 9
2 DIREKTIVETS DEFINISJON AV AVTALER OM TILKNYTTA KREDITT 11
2.1 Oversikt over definisjonen i artikkel 3 bokstav n 11
2.2 Artikkel 3 bokstav n punkt i - Kva for kjøpsavtaler og kredittavtaler blir omfatta? 11
2.2.1 Kreditten må utelukkande finansiere bestemte varer 11
2.2.2 Kan kredittavtala finansiere fleire bestemte kjøpsavtaler? 15
2.2.3 Må heile kjøpsavtala bli finansiert med kreditt? 16
2.2.4 Kan frittståande kreditt falle innanfor ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i? 17
2.2.5 Blir bruk av kredittkort omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i? 18
2.3 Artikkel 3 bokstav n punkt ii - Tilknyttinga mellom seljar og kredittytar 21
2.3.1 Er opprekninga i artikkel 3 bokstav n punkt ii uttømmande? 22
2.3.2 Korleis skal omgrepet ”forretningsmessig enhet” tolkast? 23
2.3.3 Tenestevilkåret - kredittytaren må nyttiggjere seg av seljars tenester 26
2.3.4 Eksplisittvilkåret - varene må kome eksplisitt til uttrykk i kredittavtala 30
3 GJELDANDE NORSK RETT VURDERT OPP MOT DIREKTIVETS DEFINISJON
33
3.1 Oversikt over gjeldande norsk rett 33
3.2 Kjøpsavtala og kredittavtala 34
3.3 Når føreligg det avtale mellom seljar og kredittytar? 35
3.4 Særskild om kredittkort 36
4 NASJONAL FRIDOM TIL Å IMPLEMENTERE DIREKTIVETS DEFINISJON AV AVTALER OM TILKNYTTA KREDITT 37
4.1 Bruk av kredittkort - har lovgjevar fridom til å vidareføre gjeldande norsk
rett? | 37 | |
4.1.1 | Direktivet artikkel 15 nr. 2 | 37 |
4.1.2 | Direktivet artikkel 15 nr. 3 | 39 |
4.1.3 | Konklusjon | 40 |
4.2 Bør lovgjevar vidareføre gjeldande norsk rett om bruk av kredittkort? 41
4.2.1 Rettstilstanden i Storbritannia 44
4.2.2 Konklusjon 45
5 DEBETKORT 45
5.1 Oversikt 45
5.2 Direktivet 45
5.3 Gjeldande norsk rett 46
5.4 Xxx xxxxxxxxx xxxxx gjeldande norsk etter at direktivet er implementert?
47
6 FORBRUKARENS RETT I HØVE TIL KREDITTYTAREN 47
6.1 Oversikt 47
6.2 Forbrukarens rett etter direktivet 48
6.2.1 Når kan forbrukaren rette krav mot kredittytaren? 48
6.2.2 Omfanget av kravet forbrukaren kan rett mot kredittytaren 50
6.3 Forbrukarens rett etter gjeldande norsk rett 51
6.3.1 Når kan forbrukaren rette krav mot kredittytaren? 51
6.3.2 Omfanget av kravet forbrukaren kan rett mot kredittytaren 52
6.4 Kan gjeldande norsk rett vidareførast? 53
7 FORBRUKARENS ANGRERETT I AVTALER OM TILKNYTTA KREDITT 54
7.1 Oversikt 54
7.2 Forbrukarens angrerett etter direktivet 54
7.3 Forbrukarens angrerett etter gjeldande norsk rett 56
7.4 Kan gjeldande norsk rett vidareførast? 57
8 LITTERATURLISTE 59
8.1 Lovgjeving 59
8.1.1 EU/EØS direktiv 59
8.1.2 Norsk lovgjeving 59
8.1.3 Britisk lovgjeving 59
8.2 Forarbeid 59
8.2.1 EU/EØS forarbeid 59
8.2.2 Norsk forarbeid 60
8.2.3 Dansk forarbeid 60
8.3 EF- dom 60
8.4 Bøker 61
8.4.1 Norske bøker 61
8.4.2 Utanlandske bøker 61
8.5 Artiklar 61
8.5.1 Norske artiklar 61
8.5.2 Utanlandske artiklar 62
8.6 Nettdokument 62
8.6.1 Norske nettdokument 62
8.6.2 Utanlandske nettdokument 63
8.7 Andre rettskjelder 63
1 Innleiing
1.1 Tema og problemstilling
Problemstillinga i avhandlinga er om gjeldande norsk rett må endrast i samband med implementering av reglane om avtaler om tilknytta kreditt, som fylgjer av forbrukarkredittdirektiv.
I 2002 la Europakommisjonen fram eit forslag om å harmonisere medlemsstatanes lover og administrative føresegn om forbrukarkreditt.1 Kommisjonen framsette i 2005 eit revidera direktivforslag, som vart handsama i Rådet og Europaparlamentet. Resultatet blei forbrukarkredittdirektivet 2008/48/EF 2, som erstattar det eksisterande direktiv om forbrukarkreditt 87/102/EØF.3 Noreg har si tilknyting til EU gjennom EØS-avtalen. EØS-avtalen er underteikna av EU og Noreg, Island og Liechtenstein. Stortinget vedtok 15. juni 2009 at direktivet skal implementerast i Noreg.4 Implementeringa skal skje innan 12. mai 2010.5 Direktivet regulerar mellom anna opplysningsplikt, fråråingsplikt og marknadsføring i samband med utlån av pengar.6 Denne avhandlinga handsamar temaet avtale om tilknytta kreditt. Eg har vald å skrive om avtaler om tilknytta kreditt fordi temaet reiser juridisk interessante tolkingsspørsmål knytt til definisjonen og verknaden av tilknytta kreditt, samt kva som må gjerast i norsk rett for å oppnå harmonisering.
Direktivet regulerar i all hovudsak kredittavtala mellom forbrukar og kredittytar, jf. artikkel 1. Avtale om tilknytta kreditt er derimot eit trepartsforhold, slik at
1 St.prp. nr. 63 (2008-2009)
2 Vidare i avhandlinga omtala som ”direktivet”
3 St.prp. nr. 63 (2008-2009)
4 xxxx://xxx.xxxxxxxxxx.xx/xx/Xxxxx-xx-xxxxxxxxxxxxx/Xxxxx/Xxx/?xx00000
5 xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/?xxxxxx/0000
direktivet på dette punkt regulerar meir enn berre kredittavtala. Figur 1 illustrerar trepartsforholdet som må vere til stades for at avtale om tilknytta kreditt skal føreligge, jf. definisjonen i artikkel 3 bokstav n. For det fyrste må det vere ei kjøpsavtale mellom forbrukar (kjøpar) og seljar. For det andre må det føreligge ei kredittavtale mellom forbrukar (kredittakar) og ein annan kredittytar enn seljaren. I mange tilfelle vil seljaren ikkje ha tilstrekkeleg likviditet til å yte forbrukaren kreditt, slik at ein utanforståande kredittytar (tredjepart) mogeleggjer kjøpet for forbrukaren og salet for seljaren.7 Denne ordninga er lønsam for alle tre partar, ved at forbrukaren får kjøpt vara, seljaren får seld vara og kredittytaren får ein ny kredittkunde. For det tredje må kjøpsavtala og kredittavtala til saman skape ei form for avtale eller tilknyting mellom seljar og kredittytar.
Kjøpsavtale
Seljar
Avtale/tilknytning mellom seljar og kredittytar
Forbrukar
Kredittavtale
Kredittyta
r
Kredittytar
(kredittakar og kjøpar)
Figur 1. Dei tre partane og avtaleforholda som må vere til stades for at definisjonen i artikkel 3 bokstav n om avtaler om tilknytta kreditt skal vere oppfylt.
7 NOU 1977:12 s. 65
Avtale om tilknytta kreditt set forbrukaren i ei særleg gunstig stilling, fordi seljar og kredittytar er solidarisk ansvarlege for motsegner og krav forbrukaren måtte ha, jf. artikkel 15 nr. 2. Solidaransvar vil seie at både seljar og kredittytar er ansvarleg for krav forbrukaren måtte ha, slik at forbrukaren kan velje kven han vil rette motsegner og krav mot, sjå figur 2.8. Avtalebrot frå seljars side føreligg viss vara har manglar eller vareleveringa er forseinka. Forbrukaren har på grunnlag av avtalebrotet same materielle stilling ovanfor kredittytaren som ovanfor seljaren.9
Kjøpsavtale
Seljar
Avtale/tilknytning mellom seljar og kredittytar
Kredittavtale
Forbrukar Kredittytar
(kredittakar og kjøpar)
Figur 2. Ein verknad av at det føreligg avtale om tilknytta kreditt, som er heimla i artikkel 15 nr. 2. Xxxxxx illustrerar at forbrukaren kan gjere gjeldande motsegner og krav både mot seljar og kredittytar.
Reglane om avtaler om tilknytta kreditt gjev forbrukaren såleis eit visst vern i tilfelle seljaren ikkje har betalingsevne- eller vilje til å tilbakebetale.10 Årsaka til at forbrukaren kan halde seg både til seljar og kredittytar, er at desse partane gjennom eit samarbeid tener på handelen mellom seljar og forbrukar.11 Ved at kredittytaren òg har ansvar, får kredittytaren ei oppfordring til å syte for at
8 Bergsåker (1992) s. 69
9 NOU 2009:11 s. 100
10 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 63
11 COM(2002) 443 final, s. 22
seljaren opptrer i samsvar med god forretningsskikk. Ein sideeffekt av reglane kan vere at useriøse seljarar ikkje får tilgang til kredittavtaler med tredjepart, og såleis får problem med å drive verksemda si.
Direktivet som er eit fullharmoniseringsdirektiv, inneber ei totalharmonisering av det regelverket som blir omfatta. Reglane i direktivet gjev uttrykk for ei absolutt norm i høve til kva statane kan fastsette.12 Sidan medlemsstatane ikkje kan fråvike denne norma, kan forbrukaren korkje få eit svakare eller sterkare vern enn det som fylgjer av direktivet.13 Harmoniseringsprinsippet er nedfelt i direktivets artikkel 22 nr. 1. Reglar som derimot ikkje blir omhandla i direktivet, er overlate til nasjonal lovgjevar å fastsette.14 På bakgrunn av harmoniseringsprinsippet har lovgjevar i utgangspunktet ikkje høve til å innføre eller vidareføre reglar som ikkje samsvarar med reglane i direktivet, med mindre direktivet sjølv tillet ei anna regulering.15 På område direktivet tillett ei anna regulering, har lovgjevar nasjonal fridom til å fastsette rettstilstanden. Den nasjonale fridomen lovgjevar er gjeven, modifiserar difor til ein viss grad harmoniseringsprinsippet i direktivet.
Problemstillinga i oppgåva er korleis norsk implementering av direktivets reglar om avtaler om tilknytta kreditt må gjerast. For å klarlegge korleis implementering av direktivet kan skje, må det vurderast når avtaler om tilknytta kreditt må harmoniserast med norsk rett, og når lovgjevar har nasjonal fridom til å fastsette rettstilstanden. Om reglane må harmoniserast eller er underlagt nasjonal fridom påverkar korleis direktivet kan og bør implementerast, og om nasjonal rett må endrast, supplerast eller kan vidareførast.
Direktivteksten er ikkje alltid klar, slik at det kan vere problematisk å slå fast innhaldet og omfanget av reglane om avtaler om tilknytta kreditt. Mellom anna kan uklar direktivtekst skape tolkingstvil i høve til om eit tilfelle er omfatta av
12 EØS- rett (2004) s. 279
13 EØS- rett (2004) s. 279
14 Xxxxxxxx (2009) s. 186
15 NOU 2009:11 s. 14
direktivet, eller om lovgjevar har nasjonal fridom til å regulere tilfellet.16 For å klarlegge tilhøvet er det naudsynt å tolke innhaldet og omfanget av reglane i direktivet, samt innhaldet av gjeldande rett for å kunne ta stilling til om norsk rett må endrast eller kan vidareførast i den form den har i dag.
1.2 Bakgrunnen for direktivet
Bakgrunnen for det nye forbrukarkredittdirektivet var at EU ønskte å forbetre det eksisterande minimumsdirektivet 87/192/EØF.17 I likskap med fullharmoniseringsdirektiv skal reglane i minimumsdirektiv harmoniserast.18 Minimumsdirektiv set derimot ei minstenorm i høve til krav nasjonal rett må oppfylle.19 Utover den fastsette minstenorma, står medlemslanda fritt til å fastsetje den rettslege stillinga til forbrukaren. Den omfattande nasjonale fridomen kvart enkelt land var gjeve utover minstevernet, førde til at det var stor skilnad på korleis medlemsstatane fastsette vernet.20 I høve til avtaler om tilknytta kreditt hadde nokre statar fastsett eit lite effektivt forbrukarvern, medan andre hadde innførd eit forbrukarvern som gjekk vesentleg lengre enn minimumsvernet.21 Dei nasjonale skilnadane i medlemsstatane har i dei seinare åra førd til at minimumsdirektiv har blitt erstatta av fullharmoniseringsdirektiv.22 E- handlesdirektivet 2000/31/EC og 2002/65/EC om marknadsføring og fjernsal av finansielle tenester var dei to fyrste fullharmoniseringsdirektiva.
Sidan medlemsstatane ved implementering av eit fullharmoniseringsdirektiv verken har høve til å fastsetje reglar som er gunstigare eller ugunstigare for partane enn det som fylgjer av direktivet, søkjer direktivet å jamne ut skilnadane mellom medlemsstatane.23 Det vil seie at fullharmoniseringsdirektivet, som har
16 Micklitz (2009) s. 190
17 Rott(2006) s. 63
18 EØS- rett (2004) s. 59 og 279
19 EØS- rett (2004) s. 280
20 Micklitz (2009) s. 206
21 Rott(2006) s. 63
22 Rott (2006) s. 61
23 NOU 2009:11 s. 14
kome i stand etter forhandlingar og kompromiss mellom medlemsstatane, i større grad enn minimumsdirektivet legg føringar på den nasjonale rettstilstanden, slik at rettsstillinga til partane blir harmonisera på tvers av landegrensene.
Overgangen frå minimumsdirektiv til fullharmoniseringsdirektiv på forbrukarområdet har vore kritisert av medlemsstatane.24 Noko av kritikken har vore knytt til at minimumsdirektiv og nasjonal lovgjevnad til saman kan gje eit sterkare vern for forbrukaren enn det som fylgjer av fullharmoniseringsdirektiv, samt at nasjonal lovgjevar bør få kome med innspel på korleis forbrukarvernet skal regulerast.25 På bakgrunn av kritikken har difor nasjonal lovgjevar i visse tilfelle fridom til å fastsette omfanget og vilkåra for reglane som skal harmoniserast.26
På 1960- og 70- talet var det vanleg å nytte oppsparte midlar ved kjøp, medan handelen i dagens samfunn i stor grad skjer med lånte pengar.27 Bruk av kredittkort har meir enn dobla volumet frå 2003 til 2008.28 Den auka kreditthandelen har skapt ei trong til å utforme felles kredittreglar for å tilrettelegge for ein betre indre marknad på tvers av medlemsstatane.29 Eit viktig mål for EU/EØS er handel på tvers av landegrensene og i dette tilfellet styrke kredittyting over landegrensene. Felles reglar vil mellom anna føre til at forbrukarar og næringsdrivande enklare kan forutseie si rettslege stilling ved inngåing av avtaler, noko som vil legge til rette for ein meir effektiv ressursbruk. Det er særleg viktig ved handel der partane har ulik nasjonalitet. For forbrukarane vil det kunne føre til auka tryggleik, fordi forbrukaren ofte har større vanskar med å setje seg inn i eiga rettsstilling enn næringsdrivande som kan ha eigen juridisk kompetanse eller eksterne advokatar som utgreiar den
24 Rott (2006) s. 64 og 65
25 Xxxxxxx, Xxxxxxx og Xxxxxxxxxxx, Xxxxxx (2003) s. 388
26 Rott (2006) s. 65
27 COM(2002) 443 final, s. 3
28 xxxx://xxx.xxxxxx-xxxx.xx/xxxxxx/xxxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxxxxx_0000.xxx og NOU 2009:11 s.101
29 Xx.xxx.xx. 63 (2008-2009)
rettslege stillinga i førekant av ei avtale.
I tillegg vil direktivet betre konkurransevilkåra mellom næringsdrivande, fordi det ikkje vil føreligge gunstigare reglar i nokre land som kan føre til konkurransevriding mellom næringsdrivande. Betra konkurransevilkår tilrettelegg for at fleire næringsdrivande kan etablere seg, som kan føre til at forbrukarane får betre tilbod i form av lågare prisar.
Det fyrste forslaget til direktiv i 2002 blei i stor grad kritisert både av forbrukarorganisasjonar og næringsdrivande.30 Forbrukarane hevda at direktivet i for litan grad opna for nasjonal fridom, medan dei næringsdrivande kritiserte det omfattande ansvaret dei meinte dei hadde fått i høve til forbrukaren. Den endelege direktivteksten ber difor preg av ei avveging mellom forbrukaren på den eine sida og dei næringsdrivande på den andre. Balansen mellom partane, kjem mellom anna til uttrykk ved at kredittytaren i avtaler om tilknytta kreditt er nærare til å bere risikoen for at seljaren ikkje oppfyller kontraktsmessig enn det forbrukaren er.31 Denne fordelinga av risiko er naturleg fordi forbrukarens kontakt med seljaren oftast vil vere sporadisk, medan kontakten mellom seljar og kredittytar vanlegvis er langvarig, ved at seljaren til dømes har ein fast kredittytar som finansierar kundens kjøp.32
1.3 Metode og rettskjelder
I dette kapittelet gjer eg greie for kva for rettskjelder som er relevante for implementering av tilknytta kreditt og korleis eg har brukt desse. Avhandlinga handsamar eit direktiv som enno ikkje har blitt implementert i medlemsstatane. Det reiser rettskjeldemssige utfordringar. Riktignok var avtaler om tilknytta kreditt til dels regulera i det gamle direktivet, artikkel 11, men definisjonen av tilknytta kreditt var svært snever slik at forbrukarvernet var svakt, samt at
30 Micklitz (2009) s. 185
31 Xxxxxx, Xxxx (2000) s. 427
32 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 61
kredittytar og seljar ikkje var solidarisk ansvarlege.33 Sidan definisjonen av tilknytta kreditt i det nye direktivet i vesentleg grad er utvida, samt at kredittytar og seljar er solidarisk ansvarlege, vil difor det gamle direktivet ha avgrensa rettleiing ved tolking av det nye direktivet.34
Det føreligg ikkje rettspraksis knytt til avtaler om tilknytta kreditt, då direktivet enno ikkje er implementera i noko land i EU/EØS. I tillegg har ikkje temaet i særleg grad blitt omhandla i juridisk teori. Det ligg føre noko internasjonal litteratur om temaet, samt litteratur knytt til generelt forbrukarvern i EU/EØS. Sidan det er få rettskjelder å støtte seg på ved tolking av direktivet, er avhandlinga hovudsak basert på ordlyden, samanhaldt med omsyna attom avtaler om tilknytta kreditt.
Tolkingslæra mellom norsk rett og EF- retten ulik.35 I norsk rett har til dømes forarbeid normalt stor vekt dersom lovteksten er uklar.36 I kongeleg resolusjon av 18. april 2008 blei det oppretta eit lovutval37 som har foreslått naudsynte regelverksendringa for å gjennomføre direktivet, NOU 2009:11.38 Utvalet har foreslått å samordne kredittkjøpslova og finansavtalelova, slik at reglane i kredittkjøpslova enten blir innarbeidd i finansavtalelova eller xxxx lovgjeving for å motverke tilfeldige og utilsikta skilnadar.39 Dersom noko er uklart i finansavtalelova kan ein søkje tolkingsstøtte i NOUen. I EF- retten har forarbeid derimot mindre vekt ved tolkingstvil.40 Det er dels fordi EF- retten byggjer på ein anna tolkingstradisjon enn norsk rett og dels fordi EF- retten oppstår etter forhandlingar og kompromiss mellom mange land, og difor i større grad blir endra enn kva som er tilfelle for norske lover som blir fremja av den sittande
33 Micklitz (2009) s. 206
34 Micklitz (2009) s. 206
35 Tolknings- och tillämpningsproblem i mötet mellan nordisk och internationell juridisk metod. Sektionsmöte (2005) s. 74
36 Rettskildelære (2001) s. 77 37 Vidare omtala som ”utvalet”. 38 NOU 2009: 11 s. 9
39 NOU 2009:11 s. 14
40 EØS- rett (2004) s. 54
regjeringa.41 Sidan det er få andre rettskjelder å støtte seg på ved tolking av direktivet, vil likevel forarbeid ha ei viss vekt ved tolkingstvil.
Fortala i direktivet kan gje vegleiing i høve til korleis direktivteksten skal tolkast.42 Fortale er eit tolkingsinstrument som ikkje eksisterar i norsk rett, men kan samanliknast med norske forarbeid.43 Det som er uttrykt i fortala er derimot i utgangspunktet ikkje bindande, slik at det ved tolkingstvil må vurderast konkret kor stor vekt fortala skal ha ved tolking av direktivet.44
1.4 Avgrensing og vidare struktur
Avtaler om tilknytta kreditt omfattar òg kreditt ytt av seljaren, såkalla intern kreditt. Ved intern kreditt er det mindre problematisk at forbrukaren kan rette motsegner og krav mot seljaren, som opptrer både som kredittytar og seljar. Det interessante i høve til avtaler om tilknytta kreditt er derimot trepartsforholdet, såleis at eg i avhandlinga drøftar denne partsrelasjonen.
I avhandlinga held eg meg til kjøp av varer, enda tilknytta avtaler òg kan gjelde tenester, samt andre typer avtaler som til dømes leigeavtaler
Sidan direktivet regulerar forbrukarkreditt, fell det utanfor oppgåva å drøfte kredittavtaler og kjøpsavtaler der høvesvis kredittakaren og kjøparen er næringsdrivande, eller der kjøpsavtala blir finansiert ved eigenkapital.
I kapittel 2 gjer eg greie for direktivets definisjon av avtaler om tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n. Det er òg aktuelt å knytte definisjonen opp mot artikkel 15 nr. 2, for til dømes å illustrere omsyna attom reglane. Kapittel 2 er det mest
41 EØS- rett (2004) s. 54
42 Rosas (2005) s. 336
43 EØS- rett (2004) s. 52 og 55
44 EØS- rett (2004) s. 54
omfattande kapittelet, sidan det her blir lagt grunnlaget for den vidare drøftinga av nasjonal rett og den nasjonale fridom. I kapittel 3 vurderar eg tilhøvet mellom direktivets definisjon av avtaler om tilknytta kreditt og gjeldande rett, jf. kredittkjøpslova §3 og § 8. Dette punktet vil i all hovudsak dreie seg om avtaleforholdet mellom seljar og kredittytar. I kapittel 4, som tek utgangspunkt i konklusjonane i kapittel 2 og 3, drøftar eg om norske styresmakter må gjere lovendringar for at norsk rett skal samsvare med direktivet og om det eventuelt er føremålstenleg å vidareføre gjeldande rett.
I kapittel 5 drøftar eg om lovgjevar har fridom til å utvide forbrukarvernet til òg å omfatte bruk av debetkort. Problemstilling er knytt til fullharmoniseringas rekkevidde i høve til avtaler om tilknytta kreditt. Eg drøftar ikkje om lovgjevar bør utvide forbrukarvernet, berre om lovgjevar faktisk har fridom til å utvide vernet.
Vurderingstemaet i kapittel 6 er om forbrukaren i fyrste omgang må rette sine motesegner og krav mot seljaren, eller om han kan gå rett på kredittytaren.
Artikkel 15 omhandlar i tillegg til partanes solidaransvar, artikkel 15 nr. 2, verknaden knytt til avtaler avtaler om tilknytta kreditt der kjøparen utøvar angrerett av kjøpsavtala, artikkel 15 nr. 3.45 I kapittel 7 vurderar eg angreretten forbrukaren har etter artikkel 15. nr. 3 og gjeldande norsk rett, samt om implementering vil føre til at norsk rett må endrast.
45 Micklitz (2009) s. 206
2 Direktivets definisjon av avtaler om tilknytta kreditt
2.1 Oversikt over definisjonen i artikkel 3 bokstav n
Dersom avtale om tilknytta kreditt skal føreligge, må dei kumulative vilkåra i artikkel 3 bokstav n vere oppfylt. For det fyrste må kredittavtala utelukkande bli nytt til å finansiere kjøpsavtala, jf. artikkel 3 bokstav n punkt i. For det andre må kredittavtala og kjøpsavtala til saman utgjere ein forretningsmessig eining, jf. artikkel 3 bokstav n punkt ii. Vilkåret om forretningsmessig eining nødvendiggjer ei tilknyting mellom seljar og kredittytar. Tilknytinga mellom partane er bakgrunnen for at forbrukaren kan gjere gjeldande artikkel 15 nr. 2.
Vilkåra i punkt i og punkt ii kan synast å overlappe.46 Ei finansiering av bestemte varer etter punkt i treng derimot ikkje å utgjere ein forretningsmessig eining etter punkt ii, og omvendt. Kva som nærare ligg i vilkåra, gjer eg greie for nedanfor. Fyrst handsamar eg artikkel 3 bokstav n punkt i som stiller vilkår til kjøpsavtala og kredittavtala. Deretter gjer eg greie for punkt ii som omhandlar tilknytinga mellom seljar og kredittytar.
2.2 Artikkel 3 bokstav n punkt i - Kva for kjøpsavtaler og kredittavtaler blir omfatta?
2.2.1 Kreditten må utelukkande finansiere bestemte varer
I avtale om tilknytta kredittt tener kreditten ”utelukkende” til å finansiere ”bestemte” varer, jf. art 3 bokstav n punkt i. Ordet utelukkande tilseier at kreditten berre må nyttast til å finansiere den bestemte vara. Det vil seie at kreditten, som har sitt utspring i ei kredittavtale mellom forbrukaren og kredittytaren, ikkje kan bli spalta opp ved at til dømes kr 20 000 av kreditten blir
46 NOU 2009:11 s. 92
nytta til å finansiere vara medan den resterande kreditten på kr 10 000 blir nytta til sparing eller anna bruk.
Det kan reisast spørsmål om kredittytar kan kome seg unna eit ansvar etter artikkel 15 nr. 2 ved å gje kreditt til å finansiere vara, samt til dømes kr 100 i tillegg. Ei tolking av ordlyden utelukkande inneber at ein slik liten tilleggskreditt gjer at avtala fell utanom reglane om tilknytta kreditt, slik at kredittytaren etter ei streng ordlydstolking enkelt kan kome seg unna eit ansvar.
Tross ordlyden, kan det hevdast at det i ein slik situasjon må takast omsyn til realiteten i kreditten. I realitetsvurderinga vil relevante moment mellom anna vere om tilleggskreditten berre hadde til føremål å unngå ansvar for kredittytaren, forbrukarens behov for ein ekstra kreditt og storleiken på tilleggskreditten samanlikna med den totale kreditten. Dersom tilleggskredittens einast føremål var å unngå ansvar for kredittytaren, og forbrukaren ikkje hadde behov for tilleggskreditt, er det nærliggande at kredittytaren likevel er solidarisk ansvarleg. Det av di realiteten av kreditten utelukkande var å finansiere kjøpet.
Ein rigid lovtekst kan føre til at partar som blir pålagt eit ansvar, vil freiste å unngå eit ansvaret, der det er mogeleg. I utgangspunktet har ikkje ein part gjort noko lovstridig viss han har haldt seg innanfor lovas reglar. For å unngå at ein slik tilleggskreditt skapar vanskar, kan det vere tenleg at lovgjevar i staden utformar ein ordlyd som tek utgangspunkt i ei skjønnsmessig heilskapsvurdering av det enkelte tilfellet. Ei skjønnsvurdering vil gjere det vanskelegare for kredittytaren å kome seg unna eit ansvar i høve til forbrukaren.
Sidan omsynet til forbrukarvernet står sterkt i direktivet, er det truleg det skal noko til for å fråvike forbrukarens gunstige materielle stilling i artikkel 15 nr. 2. Det kan tale for at så lenge kreditten i all hovudsak er gjeve i samband med kjøp av vara, bør kredittytaren ha eit ansvar.
Ordet ”bestemte” peiker mot at kreditten må finansiere ei særskild eller spesifikk vare. Kreditten må altså vere inngått for å finansiere den aktuelle kjøpsavtala.47 Tilfelle som klart fell utanfor ordlyden, er der forbrukaren på kredittidspunktet ikkje har avgjort kva han vil nytte kreditten til, fordi kreditten ikkje er inngått for å finansiere den særskilde kjøpsavtala. Derimot vil tilfelle klart omfattast av ordlyden der forbrukaren skal nytte kreditten til å finansiere ein bestemt bil. I andre situasjonar vil det kunne oppstå i høve til om ordlyden er oppfylt eller ikkje.
Dersom forbrukaren til dømes skal kjøpe møblar, er det etter ei streng ordlydstolking av bestemt ikkje tilstrekkeleg at arten, møblar, er individualisera. Omgrepet bestemt kan tilseie at møblane må individualiserast slik at kvar enkelt vare skal kunne identifiserast. Etter den strenge ordlydstolkinga må det ved inngåinga av møbelkjøpet vere klart om kreditten til dømes skal finansiere sofa, bord eller stol.
I mange kredittsituasjonar har forbrukaren ikkje avgjort kva for eksakte møblar kreditten skal finansiere. Det kan vere naturleg at forbrukaren fyrst undersøker om han kan få kreditt og eventuelt storleiken på kreditten. Dersom forbrukaren skal finansiere eit kjøp hos Møbelringen, kan forbrukaren forhøyre seg med GE Money Bank om kredittvilkåra, før han vel å nyttiggjere seg av samarbeidsavtala mellom GE MoneyBank og Møbelringen.48 Etter at kredittavtala er inngått, har forbrukaren eit betre utgangspunkt for vurdere kva for spesifikke møblar kreditten kan finansiere. I det tilfellet vil ikkje vilkåret bestemt vere oppfylt. Ei streng ordlydstolking vil såleis innsnevre verkeområdet for kva som kan vere avtaler om tilknytta kreditt og vil verke til ugunst for forbrukaren. Problemstillinga er om andre tolkingsmoment tilseier at ordlyden ikkje bør tolkast på denne måten.
For det fyrste er det naturleg å tolke ordlyden i samsvar med resten av artikkel 3 bokstav n punkt i. Det essensielle i artikkel 3 bokstav n punk i er at
47 NOU 2009:11 s. 91
48 xxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx-xxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/xxx-xxx-xxxxxx/xx
kredittavtala skal finansiere ei særskild kjøpsavtale, slik at det ikkje skal vere tvil om kva kreditten blir nytt til. Ved kjøp av møblar er det klart at kreditten skal finansiere møbelkjøp, altså sjølv om det ikkje gjeld bestemte møblar, slik at det ikkje er tvil om kva kreditten skal finansiere. Det taler for at det vil vere tilstrekkeleg at arten av vara på kredittidspunktet er bestemt.
For det andre fører avtaler om tilknytta kreditt til at forbrukaren kjem i ei særleg gunstig stilling sidan han kan rette krav mot kredittytaren etter artikkel 15 nr. 2. Forbrukaren har denne stillinga mellom anna fordi kredittytaren har eit føremon når det blir inngått kredittavtale på bakgrunn av kjøpsavtala, og det føreligg ei tilnyting mellom seljar og kredittytar. Desse omsyna vil vere tilstades òg der forbrukaran ikkje på kredittidspunktet ikkje har individualisera møblane han skal kjøpe. Omsyna taler for at det avgjerande bør vere at kreditten ikkje finansierar ei ubestemt kjøpsavtale.
På bakgrunn av den samanhengande tolking av artikkel 3 bokstav n punkt i og reelle omsyn, legg eg til grunn at den strenge ordlydstolkinga ikkje kan leggjast til grunn. Det er difor tilstrekkeleg at arten, til dømes møblar, av vara er bestemt ved finansieringa. Forbrukarens finansiering av kjøpet hos Møbelringen med kreditt frå GE MoneyBank, blir såleis omfatta av ordlyden.
Vurderingstemaet er om føremålet med kreditten må vere kjent for kredittytaren. Utifrå ordlyden er det ikkje eit krav at kredittytaren må ha kunnskap om kva forbrukaren skal nytte kreditten til. I fylgje ordlyden er det vesentlege om kreditten, som har sitt utspring i ei kredittavtale, blir nytta til å finansiere ei særskild kjøpsavtale, og ikkje om kredittytaren kjenner føremålet med kreditten. I praksis vil det vel oftast vere slik at kredittytaren har kjennskap til føremålet, av di føremålet med kreditten har innverknad på kredittvilkåra som forbrukaren får.
Spørsmål er om den bestemte kjøpsavtala må vere knytt til ein bestemt seljar. Til dømes om kreditten må nyttast i ei særskild Møbelring- forretning eller om kreditten kan nyttast i alle møbelbutikkane over heile landet. I båe tilfella vil arten, møblane, av vara vere bestemt, men seljarane vil vere ulike. Ordlyden
bestemte viser til varer og ikkje til seljar. Det peiker i retning av at seljaren ikkje må vere bestemt. Samstundes tilseier tilknytinga som må ligge føre mellom seljar og kredittytar, at seljaren må vere bestemt, slik at kredittytaren har kjennskap til kva for seljar han eventuelt seinare må forholde seg til.
Tilknytingskravet, forretningsmessig eining, blir det derimot stilt krav til i artikkel 3 bokstav punkt ii, slik at ein i mindre grad treng taka høgde for dette kravet i artikkel 3 bokstav n punkt i. I praksis vil det vel vere vanleg at dei bestemte varene knyttar seg til ein bestemt seljar. På bakgrunn av ordlydstolkinga legg eg til grunn at seljaren ikkje må vere bestemt.
2.2.2 Kan kredittavtala finansiere fleire bestemte kjøpsavtaler?
Det kan tenkast at kreditten skal finansiere fleire bestemte kjøpsavtaler som til dømes kjøp hos Møbelringen og Byggmakker. Problemstillinga er om det etter ordlyden er eit vilkår at kreditten berre kan finansiere ei kjøpsavtale, slik at finansiering av to kjøpsavtaler på bakgrunn av ei og same kredittavtale ikkje kan vere avtale om tilknytta kreditt etter artikkel 3 bokstav n punkt i.
I dette dømet vil arten av varene, møblar og byggmateriale, i kjøpsavtala vere bestemt samt at kreditten utelukkande skal finansiere desse bestemte varene. Etter drøftinga av kapittel 2.2.1 er det klart at kjøpsavtalene ikkje kan vere ubestemte, slik at arten av vara må vere bestemt. Det taler for at ei kredittavtale som skal finansiere to bestemte kjøpsavtaler blir omfatta av ordlyden.
På den eine sida står det i ordlyden at kreditten skal finansiere ”en avtale”. Ordlyden tilseier at ei kredittavtale berre kan finansiere ei kjøpsavtale og ikkje to eller fleire kjøpsavtaler. Det peiker i retning av at tilfellet ikkje blir omfatta av ordlyden. På den andre sida kan det hevdast at ordlyden òg vil vere oppfylt der det føreligg fleire avtaler, fordi det i alle tilfelle føreligg ei avtale. Etter denne tolkinga er det ikkje av nokon tyding om kreditten skal finansiere ei eller fleire avtaler, då det avgjerande er om det føreligg eit avtalegrunnlag for kjøpet.
I den endelege vurderinga legg eg til grunn at det avgjerande er om kreditten skal gå til å finansiere bestemte kjøpsavtaler. Både der kreditten skal finansiere ei og fleire bestemte kjøpsavtaler kan ei kredittavtale finansiere meir enn ei kjøpsavtale.
2.2.3 Må heile kjøpsavtala bli finansiert med kreditt?
Spørsmålet er om det er eit vilkår i avtale om tilknytta kreditt at heile kjøpsavtala må bli finansiera med kreditt, eller om forbrukaren har høve til å finansiere kjøpsavtala både med kreditt og eigenkapital. På bakgrunn av drøftinga ovanfor er det klart at heile kreditten må nyttast til å finansiere kjøpsavtala.
I artikkel 3 bokstav n punkt i er det eit krav at kreditten utelukkande ”tjener” til å finansiere ”en avtale om levering av bestemte varer”. På den eine sida indikerar ordlyden tjener at det må føreligge ein årsakssamanheng mellom inngåing av kjøpsavtala og inngåinga av kredittavtala. Det kan hevdast at så lenge delar av kjøpsavtala blir finansiera med kreditt vil det vere ein årsakssamanheng mellom kjøpsavtala og kredittavtala, slik at ordlyden tener vil vere oppfylt. Tilsvarande kan ordlyden tener tale for at kreditten berre treng å medverke til at kjøpsavtala blir finansiera, altså at kjøpsavtala ikkje må fullfinansierast med bruk av kreditt. På den andre sida tilseier ei ordlydstolking av ”en avtale” at kreditten må finansiere heile kjøpsavtala. Elles vil ikkje kreditten tene til å finansiere ei avtale, berre delar av ei avtale. Etter denne tolkinga kan forbrukaren ikkje finansiere delar av kreditten med eigenkapital. Sidan det etter ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i ikkje er klart om kjøpsavtala kan finansierast både med kreditt og eigenkapital, vil eg vurdere om fortala gjev rettleiing.
I fortala punkt 10 sjette punktum står det at avtale om tilknytta kreditt òg vil vere tilstades der kreditten ”delvis” tener til å finansiere ei kjøpsavtale. Ordlyden delvis tilseier at kreditten ikkje må fullfinansiere kjøpsavtala, slik at det er tilstrekkeleg at kreditten er med på å finansiere kjøpsavtala. Det taler for at forbrukaren kan velje om han vil finansiere kjøpsavtala både med kreditt og
eigenkapital. Xxxxx Xxxx har òg lagt til grunn kjøpsavtala ikkje treng å fullfinansierast med kreditt.49
På bakgrunn av ordlyden, fortala og juridisk teori legg eg til grunn at avtale om tilknytta kreditt etter artikkel 3 bokstav n punkt i, vil kunne føreligge der forbrukaren finansiere kjøpsavtala både med kreditt og oppsparte midlar.
2.2.4 Kan frittståande kreditt falle innanfor ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i?
Forbrukaren kan vere tent med å ta opp kreditt hos ein kredittytar som ikkje er knytt opp til seljaren, såkalla frittståande kreditt.50 Ved finansiering av varer hos Møbelringen, kan det tenkast at forbrukaren til dømes kan få gunstigare kredittvilkår hos ein annan kredittytar enn GE MoneyBank. Spørsmålet er om ein slik frittståande kreditt kan falle innanfor ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i.
Dersom kreditten som forbrukaren mottek utelukkande skal finansiere eit kjøp hos Møbelringen, vil tilfellet falle inn under ordlyden fordi kreditten finansierar bestemte varer, møblar. Ved yting av frittståande kreditt kan det derimot tenkast at forbrukaren få ein større kreditt enn det som er naudsynt for å dekke kjøpet hos Møbelringen. Forbrukaren kan til dømes ynskje ein kreditt som både dekker kjøpet hos Møbelringen samt kreditt som skal dekke kvardagsleg forbruk.
Denne kreditten vil ikkje utelukkande gå til å finansiere ei bestemt vare, og tilfellet vil ikkje bli omfatta av ordlyden.
Den avgjerande vurdering i høve til om frittståande kreditt kan falle innanfor artikkel 3 bokstav n punkt i, er difor om kreditten heilt ut blir nytt til å finansiere kjøpsavtala eller om kreditten òg skal finansiere andre føremål. Etter artikkel 3 bokstav n punkt ii må det føreligge ei tilknyting mellom seljar og kredittytar, slik
49 Micklitz (2009) s. 207
50 NOU 1977:12 s. 79 og 49
at dette punktet i større grad regulerar om frittståande kreditt kan vere avtale om tilknytta kreditt.
2.2.5 Blir bruk av kredittkort omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i?
Kreditt blir ofte ytt ved at forbrukaren mottek eitt kredittkort frå kredittytaren. Kredittkort kan bli utferda for å finansiere varer i ei særskild forretning. Ikano Bank gjev eksempelvis kredittkort til kundar som vil handle hos Lindex og Ikea.51 Til dømes kan Lindex kundar få eit Lindex Club kort, kredittkort, som kan nyttast i norske og utanlandske Lindex forretningar.52 Ved bruk av Lindex Club kort vil kreditten utelukkande bli nytta til å finansiere bestemte varer, klede.
Kredittkort som Lindex Club kort, vil falle innanfor ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i. Ikea har tilsvarande kredittordning for sine kundar.53 Skilnaden mellom Lindex og Ikea, er derimot at vareutvalet på Ikea er eit heilt anna enn hos Lindex. Ikea kredittkortet kan bli nytta til å kjøpe alt frå serviettar til kjøkken. Det store vareutvalet kan tilseie at kreditten ikkje finansierar bestemte varer og slik at tilfellet ikkje bli omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i.
Kredittkortet knytt til ei forretning vil vanlegvis òg kunne nyttast i andre forretningar. Smart Club har til dømes eit kredittkort som gjev kundane medlemsfordelar ved kjøp hos Smart Club, men kredittkortet kan òg nyttast i andre forretningar.54 I likskap med Ikea har Smart Club eit stor vareutval, alt frå sko til byggevarer. Sidan desse kredittkorta ikkje utelukkande vil finansiere bestemte varer, kan det hevdast tilfella ikkje bli omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i. Det kan derimot reisast spørsmål om kjøpet hos Ikea og Smart Club kan vere bestemte varer, fordi vareutvalet på ein måte kan seiast å vere avgrensa og såleis at varene er bestemte. Til dømes er det klart at ein ikkje kan kjøpe bil eller dyr i forretningane. I alle tilfelle er tvillaust at handel utover kjedens eigne butikkar ikkje vil vere avtale om tilknytta kreditt.
51 xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxx-xxxxxxxxxxx.xxxx
52 xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxx-xxxx-xxx.xxxx
53 xxxx://xxx.xxxx.xxx/xx/xx_XX/xxxxxxxxx/xxxxx.xxxx
54 xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx
Utferding av kredittkort til forbrukaren blir derimot normalt gjort utan tanke på kva kreditten skal nyttast til og i kva forretning kreditten skal nyttast i. Kredittkort tener vanlegvis som ein reserve eller buffer i tilfelle forbrukaren ikkje har disponible midlar. I tillegg kan kredittkort vere del av ei totalpakke som kredittytaren tilbyr. Til dømes må DnB NOR sine kundar akseptere Mastercard, dersom dei ynskjer totalkundepakka.55 På bakgrunn av ordlydstolkinga vil korkje kredittkort som skal tene som ein reserve for forbrukaren eller som inngår i ei totalpakke, bli omfatta av ordlyden, fordi det på kredittidspunktet ikkje er klart kva kreditten skal finansiere. I desse tilfella føreligg det heller ingen årsakssamanheng mellom inngåinga av kjøpsavtala og inngåinga av kredittavtala, då kredittavtala blir inngått uavhengig av den særskilde kjøpsavtala. Det peiker i retning at bruk av kredittkort oftast fell utanfor kva som kan vere avtaler om tilknytta kreditt.56 Utvalet har lagt denne vurderinga til grunn, då dei konkluderar med at typiske kredittkort ikkje blir omfatta av ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt i.57
Problemstillinga vidare er om kvart kjøp er ein separat kreditt som blir gjeven på bakgrunn av avtala mellom kortselskapet og brukarstaden, slik at bruk av kredittkort likevel blir omfatta av ordlyden. Kortselskapet og brukarstaden inngår i same kortsystem.58 Brukarstaden må ha ein lisens for at forbrukaren skal kunne finansiere vara med kredittkort. Når forbrukaren nyttar kredittkortet, blir det sendt ein autorisasjonsførespurnad frå brukarstaden til kortutskrivar, i visse tilfelle via innløysaren.(Ein innløysar er knytt til same betalingssystem som brukarstaden og kortutskrivar. Innløysaren leverar tenester til brukarstaden og garanterar oppgjer til kortutskrivaren).59 Dersom transaksjonen blir godkjend, er brukarstaden garantera oppgjer.60 Det vil seie at kvar korttransaksjon er knytt opp til finansiering av ei bestemt vare. Sidan kreditten finansierar ei bestemt
55 xxxxx://xxx.xxxxxx.xx/xxxxxx/xxxxxxxxxxxxxx/xxxxxx/xxxxxxxxx/xxxxx.xxxx
56 NOU 2009:11 s. 91
57 NOU 2009:11 s. 91
58 NOU 2009:11 s. 96
59 NOU 2009:11 s. 96
60 NOU 2009:11 s. 96
kjøpsavtale, kan det difor hevdast at artikkel 3 bokstav n punkt i er oppfylt, slik at kredittkort blir omfatta av avtaler om tilknytta kreditt.
Tilsvarande har kredittkort ei kredittramme, slik at forbrukaren ikkje har uavgrensa tilgong til kreditt. Ei typisk kredittkortramme for ein forbrukar er kr 10 000. Dersom forbrukaren ikkje nyttiggjer seg av kredittkortet, har heller ikkje kredittytaren ytt forbrukaren kreditt. På den eine sida kan det hevdast at sidan ”utbetalinga” av kreditt er avhengig av at forbrukaren faktisk inngår eit
kredittkjøp, vil den aktuelle kreditten utelukkande tene til å finansiere ei bestemt kjøpsavtale, slik at vilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt i er oppfylt. Det kan seiast at kredittkortet er utferda på bakgrunn av ei kredittrammeavtale mellom forbrukar og kredittytar, der iverksettinga av kredittavtala er avhengig av at forbrukaren nyttiggjer seg av den disponible kreditten. Det taler for at kvar gong forbrukaren nyttiggjer seg av kredittkortet, blir det inngått ei ny kredittavtale, som har sitt utspring i kredittrammeavtala mellom partane. Ved finansiering av ei bestemt kjøpsavtale vil difor kredittavtala berre finansiere det enkelte kredittkjøpet.
På den andre sida er det ikkje naturleg å sjå det slik at ei kredittrammeavtale utgjer fleire kredittavtaler. Dersom det er tilfelle, kan det i høve til ei rammeavtale til dømes føreligg ti separate kredittavtaler, viss kvar kredittkjøp var på kr 1 000 og kredittramma var kr 10 000. Rammeavtala og kredittavtala må sjåast i samanheng. Inngåing av ei rammeavtale vil seie at det mellom kredittytar og seljar òg oppstår ei kredittavtale. På bakgrunn av samanhengen mellom rammeavtala og kredittavtala, vil difor ikkje kredittavtala utelukkande finansiere eit bestemt kjøp. Kredittavtala vil i staden finansiere mange ulike kjøpsavtaler. Det peiker i retning av at bruk av kredittkort ikkje blir omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i.
Samstundes kan forbrukaren vanlegvis velje å ta ut ekstra kontantar, i tillegg til å betale for vara på kreditt. Det kan i mange tilfelle vere praktisk samstundes som det kan vere økonomisk gunstigare for forbrukaren, fordi det normalt er lågare gebyr å ta ut pengar hos seljar framfor å nytte minibank. I desse tilfella
vil ikkje kreditten finansiere ei bestemt vare, av di kreditten i tillegg vil finansiere andre varekjøp. Tilsvarande vil heller ikkje kreditten utelukkande tene til å finansiere kjøpsavtala. Det peiker i retning av at kredittkort ikkje blir omfatta av definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt.
Etter ordlyden er det òg eit krav at det er kredittavtala som skal finansiere den bestemte kjøpsavtala. Til tross for at ein særskild kredittransaksjon kan finansiere ei bestemt kjøpsavtale, vil kredittavtala ikkje vere inngått for å finansiere det særskilde kjøpet. Kredittavtala kan til dømes vere inngått mange år før kredittransaksjonen. Den enkelte kredittransaksjonen er berre ein del av den større kredittavtala som har blitt inngått mellom forbrukar og kredittytar.
Utvalet kjem òg til dette resultatet, der dei vektlegg ordlyden.61 På bakgrunn av ordlydstolkinga, forarbeid og reelle omsyn legg eg til grunn at kredittkortkjøp ikkje blir omfatta av artikkel 3 bokstav n punkt i og kan såleis ikkje vere avtaler om tilknytta kreditt, då vilkåra i artikkel 3 bokstav n er kumulative.
2.3 Artikkel 3 bokstav n punkt ii - Tilknyttinga mellom seljar og kredittytar
I tillegg til at kreditten utelukkande må finansiere bestemte varer, er det er eit vilkår i definisjonane av avtale om tilknytta kreditt at kjøpsavtala og kredittavtala utgjer ein ”forretningsmessig enhet”, jf. artikkel 3 bokstav n punkt ii. Kva som kan vere ein forretningsmessig eining, er opprekna i form av tre typetilfelle i artikkel 3 bokstav n punkt ii. Det fyrste typetilfellet er intern kreditt, og har ingen tyding i høve til tolkinga av artikkel 15 nr. 2.62 Det interessante er difor trepartsforholdet, slik at eg ikkje handsamar intern kreditt. I dei to neste typetilfella er spørsmålet om kredittytaren nyttiggjer seg av seljarens tenester ved inngåinga av kredittavtala, eller om dei særskilde varene kjem eksplisitt til uttrykk i kredittavtala, høvesvis teneste- og eksplisittvilkåret.
61 NOU 2009:11 s. 91
62 NOU 2009:11 s. 92
2.3.1 Er opprekninga i artikkel 3 bokstav n punkt ii uttømmande?
Spørsmålet er om opprekninga av typetilfella i artikkel 3 bokstav n punkt ii er uttømande, eller døme på kva som kan vere ein ”forretningsmessig enhet”. I artikkel 3 bokstav n punkt ii heiter det at forretningsmessig eining ”skal anses for å foreligge når” dei tre opprekna tilfella er til stades. Den naturleg språklege forståinga av anses er at ein kan rekne med eller legge til grunn at dersom dei opprekna tilfella føreligg, utgjer kjøpsavtala og kredittavtala ein forretningsmessig eining. Utifrå ordlyden er det ikkje klart om dei tre tilfella er uttømmande og alternative, eller om tilfella berre er døme på kva som kan vere ein forretningsmessig eining. Heller ikkje den engelske ordlyden ”a commercial unit shall be deemed to exist where” gjev ein klarare indikasjon i høve til korleis opprekninga av typetilfella skal tolkast.
Utifrå ordlyden i artikkel 3 bokstav n punkt ii går det eksempelvis ikkje fram at opprekninga skal vere døme på kva som kan vere ein forretningsmessig eining, det taler for at opprekninga gjev uttrykk for ei uttømmande liste. I tillegg står det ”eller” mellom kvart alternativ. Ordet ”eller” kan tilseie at typetilfella er uttømmande vilkår i høve til kva som kan vere ein forretningsmessig eining.
Samstundes kan ”eller” tale for at det er tilstrekkeleg at eitt av tilfella er tilstades, men ikkje naudsynt, såleis at opprekninga berre er døme på kva som kan vere ein forretningsmessig eining. Sidan ordlyden ikkje løyser spørsmålet, vurderar eg om andre rettskjelder kan klargjer tolkingsspørsmålet.
I fortala punkt 37 fyrste punktum heiter det at avtale om tilknytta kreditt ligg føre dersom kredittavtala og kjøpsavtala er i eit gjensidig avhengigheitsforhold, og avtalene blei inngått for ”dette formål”. At avtalene skal vere gjensidig avhengige, indikerar i alle høve at det må føreligge ei tilknyting mellom kredittavtala og kjøpsavtala. Uttrykket ”dette formål” tilseier at det avgjerande ikkje er om eitt av typetilfella i artikkel 3 punkt ii er oppfylt, men om det føreligg ei tilknyting mellom kjøpsavtala og kredittavtala. Punktet taler i retning av at dei opprekna tilfella berre er døme på kva som kan vere ein forretningsmessig eining.
Ei uttømmande opprekning føre til at verkeområdet for avtaler om tilknytta kreditt blir tydelegare, fordi det oftast er enklare å avgjere om ein situasjon blir omfatta av eitt av typetilfella, enn om situasjonen har likskapstrekk med typetilfella. Ei klar regulering av verkeområdet, vil gjere det lettare for kredittytaren å forutsjå talet på krav han kan få retta mot seg, og kredittytaren vil truleg vere mindre tilbakehalden med gje kreditt til forbrukaren. Det taler for at ei uttømmande opprekning tek i vare balansen mellom forbrukar og kredittytar.
Samstundes vil forbrukarvernet vere svakare der opprekninga er uttømmande, fordi det skal meir til for at det føreligg avtale om tilknytta kreditt og høgare terskel for å gjere gjeldande artikkel 15 nr. 2. Sidan direktivet skal auke forbrukarvernet, kan det tilseie at opprekninga er døme på kva som kan vere ein forretningsmessig heilskap.
Xxxxx Xxxx gjev uttrykk for at definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt ”specifies the term ”commercial unit” in an exhaustive way”.63 Utvalet legg òg til grunn at typetilfella er uttømmande.64 I den endelege vurderinga legg eg avgjerande vekt på eg synest det er mest naturleg å tolke ordlyden som eit uttrykk for ei uttømmande opprekning, samt at forarbeida og juridisk litteratur legg denne tolkinga til grunn. Vidare i oppgåva vil eg omtale typetilfella som høvesvis tenestevilkåret og eksplisittvilkåret.
2.3.2 Korleis skal omgrepet ”forretningsmessig enhet” tolkast?
Verknaden av at kjøpsavtala og kredittavtala utgjer ein forretningsmessig eining, er at det føreligg tilknyting mellom seljar og kredittytar. I definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n er det omgrepet forretningsmessig eining som gjenspeglar tilknytingskravet. I det fylgjande vurderar eg om fortala punkt 37 fyrste punktum tilseier eit anna tilknytingskravet enn det som fylgjer av forretningsmessig eining i artikkel 3 bokstav n punkt ii.
63 Rott (2006) s. 64
64 NOU 2009:11 s. 92
Samanhengen mellom omgrepet forretningsmessig eining og teneste- og eksplisittvilkåret vurderar eg fortløpande når eg drøftar desse.
2.3.2.1 Skal omgrepet ”forretningsmessig enhet” tolkast i samsvar med ordlyden i fortala punkt 37 fyrste punktum?
I fortala punkt 37 fyrste punktum går det fram at kredittavtala og kjøpsavtala skal vere i eit ”gjensidig avhengighetsforhold”. Ordlyden kan tilseie at inngåing av den eine avtala er naudsynt for inngåing av den andre avtala, og omvendt.65 Etter ordlyden vil det til dømes ikkje føreligge ei avtale om tilknytta kreditt viss forbrukaren kan velje DnB NOR framfor GE MoneyBank til å finansiere kjøpet hos Møbelringen. Sidan det i fylgje omgrepet forretningsmessig eining berre må ligge føre ei tilknyting mellom seljar og kredittytar og ikkje eit gjensidig avhengigheitsforhold, vil ei ordrett tolking av fortala punkt 37 fyrste punktum føre til ei innsnevring av omgrepet forretningsmessig eining. Spørsmålet er kor stor vekt fortala skal ha ved tolkinga av direktivteksten.
Det vesentlege omsynet attom det styrka forbrukarvernet i avtaler om tilknytta kreditt er tilknytinga mellom seljar og kredittytar. Det kan hevdast at tilknytinga mellom partane er sterkare i eit gjensidig avhengigheitsforhold etter fortala punkt 37 fyrste punktum, då kredittytaren vil vere avhengig av at seljaren får i stand kjøpsavtala, samstundes som seljaren er avhengig av at kredittytaren inngår kredittavtala. Graden av tilknyting mellom partane er derimot av mindre interesse, fordi så lenge det føreligg ei tilknyting, er omsynet attom forbrukaren gunstige rettsstilling i artikkel 15 nr. 2 oppfylt. Det er difor truleg at fortala punkt 37 fyrste punktum ikkje skal tolkast ordrett. Det avgjerande vil såleis vere om kredittilbodet som seljaren tilbyr, er ein del av det totale tilbodet ovanfor forbrukaren, slik at det oppstår tilknyting mellom partane.66 Etter denne tolkinga vil det ligge føre ei avtale om tilknytta kreditt, til tross for at forbrukaren kunne vald DnB Nor framfor GE MoenyBank til å finansiere kjøpet hos Møbelringen.67
65 NOU 2009:11 s. 92
66 NOU 2009:11 s. 92
67 NOU 2009:11 s. 92
På den eine sida kan fortala under visse omstende ha stor tyding ved tolkingstvil.68 Ordlyden i fortala er klar i høve til at det mellom kjøpsavtala og kredittavtala må føreligge eit gjensidig avhengigheitsforhold. For å oppnå harmonisering er det viktig at det ikkje oppstår tolkingstvil ved implementering. Dersom den klare tolkinga blir lagt til grunn, kan medlemsstatane enklare ta stilling til kva som skal implementerast og det kan gje meir likeins reglar i medlemsstatane. Det taler for at ordlyden i fortala bør bli lagt til grunn. På den andre sida er det direktivet som skal implementerast. Fortala er berre ei grunngjeving av reglane i direktivet, som skal gje rettleiing i høve til korleis direktivet kan eller skal tolkast.69 Det tilseier at ein i større grad må vektlegge direktivteksten framfor fortala.70
Vilkåret om at kredittavtala og kjøpsavtala skal vere i eit gjensidig avhengigheitsforhold, kunne enkelt vore tatt inn i direktivteksten. Det kan difor tenkast at ordlyden i fortala ikkje var tenkt å innsnevre ordlyden i direktivet, men at fortala i staden skulle presisere og støtte opp under vilkåret forretningsmessig eining. Det taler for at fortala ikkje skal tolkast annleis enn direktivet.
Kor relevant fortala er som tolkingsfaktor ved tolkingstvil, kjem òg an på om fortala samsvarar med målsettingane i direktivet.71 Ei av målsettingane i direktivet er å styrke den indre marknaden gjennom å auke forbrukarens tryggleik, og såleis styrke forbrukarvernet. Dersom forretningsmessig eining må tolkast samsvar med fortala punkt 37 fyrste punktum, skal det meir til for at avtale om tilknytta kreditt er tilstades, og meir til for at forbrukaren oppnår ei gunstig stilling. Samstundes skal direktivet òg hindre konkurransevridingar mellom næringsdrivande. Det vil seie at omsynet til forbrukarvernet ikkje kan vere avgjerande i høve til korleis direktivteksten skal tolkast.
68 EØS- rett (2004) s. 51
69 EØS- rett (2004) s. 51
70 EØS- rett (2004) s. 55
71 EØS- rett (2004) s. 209
2.3.2.2 Konklusjon
På bakgrunn av drøftinga konkluderar eg med at fortala punkt 37 fyrste punktum ikkje skal tolkast ordrett. Sidan omgrepet forretningsmessig eining tek opp i seg tilknytinga mellom seljar og kredittytar, vil tilknytingskravet i tilstrekkeleg grad vere ivaretatt.
2.3.3 Tenestevilkåret - kredittytaren må nyttiggjere seg av seljars tenester
Det andre opprekna typetilfellet som utgjer ein forretningsmessig eining, er tenestevilkåret, jf. artikkel 3 bokstav n punkt ii. Etter dette typetilfellet vil forretningsmessig eining føreligge der kredittytar ved inngåinga eller utarbeidinga av kredittavtala nyttiggjer seg av ”tjenestene” til seljaren. Teneste inneber at seljaren tilbyr å gjere noko for avtalepartane sine, enten for eit ekstra vederlag eller vederlagsfritt. Vurderingstemaet er i kva for tilfelle kredittytaren nyttiggjer seg av seljars tenester, slik at avtale om tilknytta kreditt kan føreligge.
I ordlyden går det ikkje fram kva som er ei teneste, slik at det er naturleg at tilfelle der seljar utførar ei form for arbeid er ei teneste. Ordlyden spesifiserar heller ikkje kven tenesta må vere retta mot. Det kan tilseie at tenesta både kan vere retta mot forbrukaren og kredittytaren, så lenge kredittytaren nyttiggjer seg av seljars tenester ved inngåing av kredittavtala. Vurdering av om tenestevilkåret er oppfylt, kjem difor an på ei konkret skjønnsmessig heilskapsvurdering av det konkrete tilfellet.
Det viktigaste for seljaren er at han får seld varene sine. Det kan difor vere føremålstenleg for seljaren å tilby tenester for å få auka omsetnad. Ei samarbeidsavtale mellom seljar og kredittytar gjer det enkelt for forbrukaren å få tilgang til kreditt, dersom forbrukaren ikkje har eit disponibelt beløp til å finansiere vara. Der forbrukaren til dømes tek opp kreditt hos GE MoneyBank på bakgrunn av samarbeidsavtala mellom Møbelringen og GE MoneyBank, er det seljaren som formidlar ein kontakt mellom forbrukar og kredittytar. GE MoneyBank nyttiggjer seg såleis av seljarens, Møbelringen, tenester ved
inngåinga av kredittavtala, og tenestevilkåret er oppfylt. Tilsvarande fører formidlinga mellom forbrukar og kredittytar til ei tilknyting mellom seljar og kredittytar, slik at omgrepet forretningsmessig eining er tilstades, jf. artikkel 3 bokstav n punkt ii.
Dersom forbrukaren vel å finansiere kjøpet hos Møbelringen med kreditt frå til dømes DnB NOR framfor GE MoneyBank, vil DnB NOR ha gjeve ein frittståande kreditt, og seljaren har ikkje formidla ei teneste mellom forbrukar og kredittytar. I situasjonen er ikkje tenevilkåret oppfylt, og det er heller ikkje etablera ei tilknyting mellom seljaren og DnB NOR. Ved frittståande kreditt er såleis ikkje tenestevilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt ii oppfylt.
2.3.3.1 Samanhengen mellom ”forretningsmessig enhet” og tenestevilkåret
I tilfelle tenestevilkåret er oppfylt, vil det òg ligge føre forretningsmessig eining.72 Tenestevilkåret er såleis samanfallande med forretningsmessig eining. Det kan derimot oppstå situasjonar der tenestevilkåret ikkje er oppfylt, men kredittavtala og kjøpsavtala utgjer ein forretningsmessig eining. Dersom DnB NOR gjev kreditt for å finansiere møbelkjøpet, kan det tenkast at banken tek kontakt med Møbelringen for å forhøyre seg om kva kjøpet skal finansiere.
Kontakten mellom seljar og kredittytar, kan utvikle seg til ei form for samarbeid, som kan etablere ei tilknyting mellom Møbelringen og DnB NOR. DnB NOR har i denne situasjonen ikkje nyttiggjort seg av Møbelringens tenester, fordi det var forbrukaren på eige initiativ som tok kontakt, og ikkje Møbelringen som formidla kontakt mellom forbrukar og kredittytar. Derimot har det oppstått ei tilknyting mellom Møbelringen og DnB NOR, slik at avtalene kan kallast ei forretningsmessig eining.
72 NOU 2009:11 s. 92
Problemstillinga er om det er i avtaler om tilknytta kreditt er tilstrekkeleg at forretningsmessig føreligg, til tross for at tenestevilkåret ikkje er oppfylt. Dersom det er tilstrekkeleg at forretningsmessig eining er tilstades, vil forbrukarvernet bli utvida, fordi verkeområdet for avtaler om tilknytta kreditt etter artikkel 3 bokstav n punkt ii blir meir omfattande.
Viss det er tilstrekkeleg at forretningsmessig eining føreligg, har ikkje tenestevilkåret, som er eit uttømmande vilkår, ei sjølvstendig tyding. Det taler for at det ikkje er tilstrekkeleg at forretningsmessig eining er tilstades, men at tenestevilkåret òg må vere oppfylt.
Tenestevilkåret tek opp i seg tilknytingskravet, som er det avgjerande for forbrukarens gunstige stilling. Der tenestevilkåret er oppfylt, kan det hevdast at balansen mellom seljar og kredittytar blir ivaretatt, fordi forbrukarvernet ikkje blir for omfattande. Det taler for at tenestevilkåret må føreligge. Samstundes kan seiast at så lenge tilknytingskravet er tilstades, vil forbrukaren ha ei rettsstilling som tilseier at han kan rette motsegner og krav mot kredittytaren. Det peiker i retning av at tenestevilkåret ikkje må vere oppfylt.
I den endelege vurderinga legg eg avgjerande vekt på at tenestevilkåret tek opp i seg tilknytingskravet. Det er difor ikkje grunnlag til å utvide verkeområdet for avtaler om tilknytta kreditt, når lovgjevar har utforma typetilfelle som skal utgjere ein forretnigsmessig eining. Tilknytinga mellom DnB NOR og Møbelringen i dømet, vil såleis ikkje vere tilstrekkeleg til å konstatere avtale om tilknytta kreditt. Det kan derimot tenkast at situasjonen likevel kan bli omfatta av avtale om tilknytta kreditt, dersom DnB NOR i kredittavtala eksplisitt gjev uttrykk for kva kreditten skal finansiere, slik at eksplisittvilkåret etter artikkel 3 bokstav n punkt ii er tilstades.
2.3.3.2 Blir bruk av kredittkort omfatta av tenestevilkåret?
I punkt 2.2 konkludera eg med at bruk av kredittkort ikkje utelukkande tener til å finansiere bestemte varer etter artikkel 3 bokstav n punkt i. Sidan vilkåra i
artikkel 3 bokstav n punkt i og ii er kumulative, drøftar eg dette punktet under føresetnad at bruk av kredittkort likevel kan seiast å finansiere bestemte varer etter artikkel 3 bokstav n punkt i. Denne drøftinga er difor subsidiær.
Betaling med kredittkort skjedde tidlegare ved at det blei laga eit avtrykk av kortet som blei underskreve av forbrukaren, medan i dag nyttar forbrukaren oftast ein personleg kode som ”signatur” for å gjennomføre transaksjonen.73
Det er betalingsterminalen som formidlar kontakt mellom forbrukar og kredittytar ved det aktuelle kjøpet. Spørsmål er om betalingsterminalen er ei teneste som seljaren tilbyr, slik at det er seljaren som står for formidlinga mellom forbrukar og kredittytar, og vilkåret om at kredittytarens nyttiggjering av seljars tenester er oppfylt, jf. artikkel 3 bokstav n punkt i.
Seljaren kan velje å ikkje ha betalingsterminal, slik at forbrukaren berre kan handle mot kontant oppgjer. Dersom ein seljar vil tilby betalingsterminal og han får lisens, gjer seljaren det mogeleg for kredittytaren å inngå kredittavtale med forbrukaren, samt at forbrukaren får høve til å inngå eit kredittkjøp. Det vil seie at kredittytaren nyttiggjer seg av seljars tenester, betalingsterminalen, ved inngåinga av kredittavtala, slik at tenestevilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt ii er oppfylt.
I punkt 2.3.3.1 la eg til grunn at der tenestevilkåret er oppfylt vil det òg ligge føre ein forretningsmessig heilskap. Spørsmålet er om tenestevilkåret ved bruk av kredittkort òg fører til ei tilknyting mellom seljar og kredittytar.
Mellom brukarstaden, seljar, og kortselskapet, kredittytar, er det ingen direkte avtale.74 Det er innløysaren som er seljarens og kredittytarens direkte avtalepart.75 Innløysaren inngår avtale med seljaren om bruk av kredittkort som
73 Torvund (1986) s. 343
74 NOU 2009:11 s. 100
75 NOU 2009:11 s. 96
betalingsmiddel, etter lisens frå kortselskapet.76 Det er såleis innløysaren som fører kontroll med seljaren på vegne av kredittytaren. Seljar og kredittytar er derimot partar i same avtalekjede. Det kan difor hevdast at tilknytinga mellom seljar og kredittytar er svakare, enn ved ”klassiske kredittkjøp”.77
Svakare tilknyting kan mellom anna føre til at kredittytar har dårlegare føresetnad for å føre tilsyn eller kontroll med seljaren. Til dømes kan det tenkast at kredittytaren ikkje har kjennskap til seljarens økonomiske stilling, såleis at kredittytaren vanskeleg kan vurdere om seljaren vil oppfylle kontraktsmessig i høve til forbrukaren. Manglande kontroll med seljaren kan leie til at kredittytaren ikkje har føresetnad for å kalkulere talet på krav forbrukaren kan gjere gjeldande etter artikkel 15 nr. 2. Til tross for at tilknytinga mellom seljar og kredittytar er svakare i kredittkorttilfella enn kva som normalt fylgjer av tenestevilkåret, er det òg i kredittkorttilfella samanfall mellom forretningsmessig eining og tenestevilkåret.
2.3.4 Eksplisittvilkåret - varene må kome eksplisitt til uttrykk i kredittavtala
Eksplisittvilkåret er det tredje opprekna typetilfellet som kan utgjere ein forretningsmessig eining, jf. artikkel 3 bokstav n punkt ii. Det føreligg ein forretningsmessig eining dersom varene ”eksplisitt” kjem til uttrykk i kredittavtala. Ordlyden inneber at det i kredittavtala må kome uttrykkeleg fram kva varer kreditten skal finansiere. Det vil til dømes vere tilfelle der GE MoneyBank i kredittavtala eksplisitt gjev uttrykk for at forbrukarkreditten skal finansiere varer hos Møbelringen.
76 NOU 2009:11 s. 96
77 NOU 2009:11 s. 100
2.3.4.1 Samanhengen mellom ”forretningsmessig enhet” og eksplisittvilkåret
Eksplisittvilkåret vil i visse situasjonar vere oppfylt utan at kjøpsavtala og kredittavtala utgjer ein forretningsmessig eining. Til dømes kan ein frittståande kredittytar eksplisitt skrive i kredittavtala at kreditten skal finansiere ein Audi A6. I desse tilfella føreligg det ingen tilknyting mellom seljar og kredittytar, fordi den frittståande kreditten ikkje etablerar ei tilknyting mellom banken og bilforhandlaren. Eksplisittvilkåret vil derimot vere oppfylt.78
Vurderingstemaet er om det må stilast eit vilkår i tillegg til vilkåret om at vara skal vere eksplisitt nemnd i kredittavtala. Dersom eksplisittvilkåret skal tolkast i samanheng med forretningsmessig eining, vil forbrukarens vern bli innskrenka. Mellom anna vil bilkjøparen ikkje kunne gjere artikkel 15 nr. 2 gjeldande mot banken, i tilfelle bilforhandlaren går konkurs og ikkje kan levere bilen.
Fråverande tilknyting vil for det fyrste gjere det vanskelegare for kredittytaren å på førehand kalkulere talet på krav han kan få retta mot seg.79 Dette av di seljaren ikkje har føresetnad for å vurdere seljarens vilje og evne til å betale.
For det andre vil manglande tilkyting mellom seljar og kredittytar føre til at kredittytaren i liten grad kan utøve presse ovanfor seljaren om å oppfylle kjøpsavtala, slik at kredittytaren kan bli meir tilbakehalden i høve til å yte forbrukaren eksempelvise eit billån .80 For det tredje kan det hevdast at kredittytarens kontakt med seljaren blir like sporadisk som forbrukarens kontakt med seljaren. Forbrukaren kan difor vere nærare til å bere risikoen for at seljaren ikkje oppfyller, enn kredittytaren. Desse momenta tilseier at omgrepet forretningsmessig eining må innfortolkast i dei tilfella eksplisittvilkåret ikkje tek opp i seg ei tilknyting mellom seljar og kredittytar.
78 NOU 2009:11 s. 92
79 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 63
80 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 63
I ein dom frå EF- domstolen, 81 var eitt av spørsmåla om artikkel 11 og artikkel 14 i direktivet 87/102/EØF var til hinder for at forbrukaren kunne ta rettslege skritt der vara ikkje hadde kome eksplisitt til uttrykk i kredittilbodet. Domstolen konkludera med at eit eksplisittvilkår ikkje kunne innfortolkast, dels fordi eit slikt vilkår ikkje framgjekk av ordlyden, og dels fordi vilkåret vil svekke forbrukarvernet. Det kan tenkast at domen var ein forløpar til eksplisittvilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt ii. Sidan eksplisittvilkåret no er uttrykt i artikkel 3 bokstav n punkt ii, kan det tilseie at forretningsmessig eining ikkje treng å vere tilstades der eksplisittvilkåret er oppfylt. Samstundes er domen baser på ei tolkinga av eit minimumsdirektiv, medan artikkel 3 bokstav n punkt ii er gjeve i eit fullharmoniseringsdirektiv. I eit fullharmoniseringsdirektiv vil det vere viktigare å oppnå ei balanse mellom partane, enn i eit minimumsdirektiv der statane står fritt til å gje reglar utover minstevernet. Domen gjev såleis ikkje ei klar rettleiing i høve til om forretningsmessig eining òg må vere oppfylt i eksplisittvilkåret.
Typetilfella er uttømmande, slik at det i utgangspunktet er tilstrekkeleg at eitt av typetilfella er tilstades for at det skal føreligge forretningsmessig eining. Dersom forretningsmessig eining må innfortolkast i eksplisittvilkåret, vil ikkje vilkåret få ei sjølvstendig tyding. Det taler for at avtale om tilknytta kreditt òg kan føreligge der avtalene ikkje utgjer ein forretningsmessig eining.
Til tross for at ei ordlydstolking tilseier at det er tilstrekkeleg at eksplisittvilkåret er oppfylt, legg eg til grunn at uttrykket forretningsmessig heilskap òg må vere tilstades, sidan tilknytingskravet er årsaka til forbrukarens gunstige materielle stilling i artikkel 15 nr. 2. Det vil seie at når det ikkje er samanfall mellom eksplisittvilkåret og forretningsmessig eining, er forretningsmessig eining eit tilleggsvilkår. På bakgrunn av denne tolkinga kan bilkjøparen ikkje gjere artikkel 15 nr. 2 gjeldande mot banken, i tilfelle bilseljaren ikkje oppfyller sin avtaleforpliktingar. Utvalet har òg konkludera med at det er ”høyst tvilsomt” om
81 Case C-429/05 Xxx Xxxxxxx and Xxxxx-Xxxxxx Xxxxxxx, xxx Xxxxxx v Franfinance SA and K par K SAS
eksplisittvilkåret kan omfatte tilfelle som ikkje har eit element av tilknyting mellom partane.82
2.3.4.2 Blir bruk av kredittkort omfatta av eksplisittvilkåret?
I likskap med drøftinga om bruk av kredittkort blir omfatta av tenestevilkåret i punkt 2.3.3.2, vil òg denne drøftinga vere subsidiær, fordi bruk av kredittkort ikkje fell inn under artikkel 3 bokstav n punkt i.
Ved bruk av kredittkort vil det vanlegvis ikkje vere klart kva forbrukaren skal nytte kreditten til, såleis at varene ikkje vil kome eksplisitt til uttrykk i kredittavtala etter artikkel 3 bokstav n punkt ii. Det vil derimot kunne stille seg annleis dersom kredittkortet berre kan nyttast i ei forretning med likt vareutval. Lindex kredittkort er eit døme på at det i kredittavtala kan kome eksplisitt til uttrykk at kreditten berre skal nyttast til å handle klede. Men slike kredittkort er i mindretal, slik at eksplisittvilkåret som hovudregel ikkje vil vere oppfylt ved bruk av kredittkort.
3 Gjeldande norsk rett vurdert opp mot direktivets definisjon
3.1 Oversikt over gjeldande norsk rett
Kredittkjøplova § 8 fyrste ledd heimlar ein rett for forbrukaren til å gjere gjeldande motsegner og krav der kredittytaren er ein ”annen kredittyter enn selgeren”. Det er eit vilkår for forbrukarens gunstige stilling i høve til kredittytaren, at det føreligg eit ”forbrukerkredittkjøp”, jf. kredittkjøplova § 8 fyrste ledd. Forbrukarkredittkjøp er eit ”kredittkjøp” der kjøparen er forbrukar og kredittytaren er næringsdrivande, jf. § 3 nr. 3. Kva som er eit kredittkjøp er gjev i
ein tredledda definisjon i § 3 nr. 1 bokstav a-c, der kvart ledd utgjer eit kredittkjøp.83
Kredittkjøp i § 3 nr. 1 bokstav a og bokstav c er kredittytaren ikkje ein annan enn seljaren, slik at desse kredittkjøpa ikkje er aktuelt i høve til trepartsforholdet i § 8. I § 3 nr. 1 bokstav b kan derimot kreditten vere ytt av ein annan enn seljaren, og det kan oppstå eit trepartsforhold. Sidan det i § 3 nr. 1 bokstav b er at krav om at kreditten må ha blitt ytt på bakgrunn ei avtale mellom seljar og kredittytar, vil det i desse kredittkjøpa bli etablert ei tilknyting mellom seljar og kredittytar. Kredittkjøpet kan såleis samanliknast med tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n. I det fylgjande vurderar eg såleis berre forbrukarkredittkjøp etter § 3 nr. 1 bokstav b.
Fyrst vurderar eg gjeldande norsk rett i høve til kjøpsavtala og kredittavtala, deretter avtaleforholdet mellom seljar og kredittytar og til slutt bruk av kredittkort. Eg har vald å handsame bruk av kredittkort under eit eige punkt, fordi tilknytinga mellom partane er svakare enn ved vanlege kredittkjøp.84
3.2 Kjøpsavtala og kredittavtala
I forbrukarkredittkjøp skal kjøpsavtala ”helt eller delvis” bli dekt av kredittavtala, jf. § 3 nr. 1 bokstav b og nr. 3. Ordlyden inneber at forbrukaren står fritt til enten å fullfinansiere kjøpet ved hjelp av kreditt, eller å dekke delar av kjøpesummen med eigenkapital. Forbrukaren kan til dømes velje å betale halvparten av møblane hos Møbelringen kontant, medan den andre delen blir finansiert med kreditt frå GE MoneyBank. Eller forbrukaren kan finansiere heile kjøpet hos Møbelringen med kreditt ytt av GE MoneyBank. I båe tilfella vil det ligge føre eit forbrukarkredittkjøp, og forbrukaren har høve til å gjere § 8 fyrste ledd gjeldande.
83 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 16
I punkt 2.2.3 konkludera eg med at forbrukaren òg etter artikkel 3 bokstav n punkt i har høve til å betale både med kreditt og eigenkapital. Det vil seie at gjeldande norsk rett og direktivet samsvarar, slik at gjeldande rett kan vidareførast utan endringar.
3.3 Når føreligg det avtale mellom seljar og kredittytar?
I forbrukarkredittkjøp må kredittavtala mellom forbrukar og kredittytar, vere gjeve på bakgrunn av ei ”avtale” mellom seljar og kredittytar, jf. § 3 nr. 1 bokstav b. Ei avtale stiftar rettar og pliktar for avtalepartane, som her er seljar og kredittytar. Dersom avtale skal oppstå, må det mellom avtalepartane vere ei form for munnleg eller skriftleg semje om det tilhøvet avtala skal regulere.
Ordlyden regulerar ikkje nærare kva som skal til for at ei avtale mellom seljar og kredittytar føreligg. Det vil seie at partane fritt kan velje korleis avtala skal kome i stand.
Spørsmålet er om gjeldande norsk rett stiller eit strengare krav til graden av tilknyting mellom seljar og kredittytar sidan det må føreligge ei avtale, medan det etter direktivet er tilstrekkeleg med ei tilknyting mellom partane.85 Dersom gjeldande norsk rett stiller eit strengare krav til forholdet mellom seljar og kredittytar, vil artikkel 15 nr. 2 rekke lenger enn § 8, og forbrukaren vil ei gunstigare stilling etter direktivet enn etter gjeldande rett.
I møbeldømet er det klart at det føreligg avtale mellom Møbelringen og GE MoneyBank. I dette dømet vil både avtalekravet etter § 3 nr. 1 bokstav b og teneste- og eksplisittvilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt ii vere oppfylt. Ved frittståande kreditt, vil det derimot ikkje føreligge ei avtale mellom til dømes bilforhandlaren og banken. Frittståande kreditt er difor ikkje eit kredittkjøp etter
§ 3 nr. 1 bokstav b.86 Tenestevilkåret i artikkel 3 bokstav n punkt ii, vil heller ikkje vere oppfylt ved frittståande kreditt. I kapittel 2.3 kom eg under tvil til at eksplisittvilkåret ikkje er tilstades ved frittståande kreditt. Det vil seie at artikkel
15 nr. 2 ikkje rekk lenger enn kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd, og forbrukarens gunstige materielle stilling i høve til kredittytaren er likeins etter direktivet og gjeldande norsk rett. Ei implementering av direktivet på dette punkt, nødvendiggjer difor ikkje endring i gjeldande norsk rett.
3.4 Særskild om kredittkort
Forbrukarens gunstige rettsstilling i høve til kredittytaren er som nemnd avhengig av at det føreligg ei ”avtale” mellom seljar og kredittytar, jf. kredittkjøpslova § 3 nr. 1 og nr. 3. Vurderingstemaet er om kredittytar (kortutstadar) gjev forbrukaren (korthaldar) kreditt på grunnlag av avtale mellom seljar og kredittytar, slik at forbrukaren kan gjere kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd gjeldande.87 Der kortutstadar gjev korthaldar kreditt for å finansiere kjøp i ein særskild forretning, vil det føreligge avtale mellom seljar og kredittytar. Dette vil dømes vere tilfelle der forbrukaren mottek eit Lindex kredittkort for å finansiere handel av Lindex klede.
Derimot kan det problematiserast om det føreligg ei avtale mellom seljar og kredittytar der utferding av kredittkortet er gjort uavhengig av det enkelte kjøp.88 Spørsmålet har ikkje vore prøvd for Høgsterett, men underrettspraksis og Bankklagenemnda har i dei seinare åra har gått i retning av at kredittkort blir omfatta av kredittkjøpslova § 8.89 I vurderinga har det mellom anna blitt vektlagt at seljar og kredittytar er del av felles betalingssystem, til dømes VISA betalingssystem. I tillegg utgjer kortterminalen eit potensiale for betaling med kredittkort, der det er den konkrete bruken av kortet hos seljaren som er avgjerande.90 Rettsoppfatninga i gjeldande rett er såleis at bruk av kredittkort skal ha same forbrukarvern som kreditt opptatt for det enkelte kjøp, til tross for at tilknytinga mellom seljar og kredittytar er svakare enn ved dei vanlege kredittkjøp.91
87 Lovavdelingas uttale 02.12.91
88 NOU 2009: 11 s. 97
89 NOU 2009: 11 s. 98
Sidan bruk av kredittkort ikkje blir omfatta av definisjonen i artikkel 3 bokstav n punk i, er det ikkje samsvar mellom gjeldande norsk rett og direktivet.
Problemstillinga vidare er om lovgjevar har nasjonal fridom til å vidareføre gjeldande norsk rett, eller om reglane om avtaler om tilknytta kreditt må harmoniserast i samsvar med definisjonen. Dersom gjeldande rett kan vidareførast blir den neste vurderinga om ei vidareføring av gjeldande norsk rett er føremålstenleg.
4 Nasjonal fridom til å implementere direktivets definisjon av avtaler om tilknytta kreditt
4.1 Bruk av kredittkort - har lovgjevar fridom til å vidareføre gjeldande norsk rett?
4.1.1 Direktivet artikkel 15 nr. 2
Spørsmålet er om lovgjevar har fridom til å vidareføre gjeldande norsk rett, slik at forbrukaren nyter same vern ved bruk av kredittkort som ved dei klassiske kredittkjøpa. Dersom direktivet opnar for at lovgjevar kan utvide definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n, kan gjeldande norsk rett vidareførast.92
Artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum heimlar ein plikt for medlemsstatane til å innføre eller vidareføre eit forbrukarvern.93 Vurderingstemaet er om artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum er til hinder for at nasjonal lovgjevar kan utvide forbrukarvernet.
Det kan hevdast at forbrukarvernet etter artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum rekk ”så langt men ikke lenger”. 94 Bakgrunnen for ei slik forståing, er at direktivet
mellom anna har kome i stand etter innspel frå forbrukarorganisasjonar og næringsdrivande, slik at reglane i direktivet skal tilretteleggje for ei balanse mellom partane. For kredittytaren vil det vere viktig at forbrukarvernet etter artikkel 15 nr. 2 ikkje blir for omfattande. Dette synspunktet taler mot at lovgjevar har fridom til å utvide forbrukarvernet, der direktivets definisjon av avtaler om tilknytta kreditt ikkje er oppfylt.
Samstundes fylgjer det av medlemsstatanes nasjonale autonomi at lovgjevar har fridom til å gje reglar som ikkje blir regulert i direktivet.95 Den nasjonale autonomien blir gjenspegla i fortala punkt 10 fyrste og andre punktum, der det går fram at berre definisjonane i direktivet skal harmoniserast.96 Det vil seie at lovgjevar har fridom til å regulere tilfelle som fell utanfor definisjonen i artikkel 3 bokstav n. Sidan bruk av kredittkort ikkje er regulert i artikkel 3 bokstav n, tilseier det at lovgjevar har fridom til å utvide forbrukarvernet til å omfatte bruk av kredittkort.
I fortala punkt 10 femte punktum blir det presisert at medlemsstatanes fridom til å nytte reglane om tilknytta kreditt òg gjeld der definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n ikkje er oppfylt. Punktet peiker i retning av at lovgjevar har full fridom til å fastsette definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt, og såleis kompetanse til å utvide forbrukarvernet til å omfatte bruk av kredittkort. Spørsmålet vidare er om fortala punkt 10 sjette punktum avgrensar den nasjonale fridomen som fylgjer av punkt 10 femte punktum.
På bakgrunn av den omfattande fridomen i fortala punkt 10 femte punktum, kan tilknytta kreditt ”derfor” nyttast i høve til kreditt som berre delvis finansierar kjøpsavtala, jf. fortala punkt 10 sjette punktum. Tilsvarande er ”Thus” brukt i den engelske versjonen. I kapittel 2.2.3 la eg til grunn at fortala punkt 10 sjette punktum inneber at kjøpsavtala òg kan finansierast med eigenkapital, jf. artikkel 3 bokstav n punkt i. Problemstillinga er om fortala punkt 10 sjette punktum berre
94 NOU 2009: 11 s. 93
95 NOU 2009: 11 s. 93
96 Micklitz (2009) s. 207
opnar for at lovgjevar kan fråvike artikkel 3 bokstav n punkt i, eller om uttala må tolkast slik at lovgjevar òg har fridom til å fråvike artikkel 3 bokstav n punkt ii.97
På den eine sida taler den norske og engelske ordlyden for at fortala punkt 10 sjette punktum berre er ei eksemplifisering av kva som kan bli konsekvensen dersom definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt blir utvida. Ei eksemplifisering av ein verknad taler for at lovgjevar òg har fridom til å utvide definisjonen på andre område, derunder utvide definisjonen i artikkel 3 bokstav n punkt ii. På den andre sida tek artikkel 3 bokstav n punkt ii opp i seg tilknytingskravet som er omsynet attom artikkel 15 nr. 2. Det tilseier at lovgjevar ikkje har fridom til å utvide definisjonen i artikkel 3 bokstav n punkt ii. Utvalet har under tvil kome fram til at fortala punkt 10 berre er ei eksemplifisering, fordi fortala på dette punkt er uklar samt at fortala ikkje i seg sjølv normerande.98
Drøftinga viser ar artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum ikkje gjev eit klart svar på om lovgjevar har fridom til å utvide forbrukarvernet.99
4.1.2 Direktivet artikkel 15 nr. 3
Problemstillinga er om artikkel 15 nr. 3 klargjer fullharmoniseringas rekkevidde etter artikkel 15 nr. 2.
Artikkel 15 ”berører ikke”, eller etter den engelske ordlyden ”shall be without prejudice to”, nasjonale reglar om solidaransvar, jf. artikkel 15 nr. 3. Det vil seie at lovgjevar står fritt til å avgjere kredittytarens ansvar ovanfor forbrukaren.
Arikkel 15 nr. 3 opnar såleis for at lovgjevar kan utvide forbrukarvernet til òg å omfatte bruk av kredittkort.
Punkt 38 i fortala utdjupar ordlyden i artikkel 15 nr. 3.100 I fortala punkt 38 tredje punktum står det at direktivet ”bør ikke frata forbrukere deres rett” som fylgjer
97 NOU 2009:11 s. 94
98 NOU 2009:11 s. 94
99 NOU 2009: 11 s. 93
av nasjonale reglar. Ordlyden tilseier at dersom nasjonale reglar gjev forbrukaren ei meir gunstig stilling enn det som fylgjer av direktivets reglar, kan nasjonale reglar vidareførast.101 Isolert sett tilseier både artikkel 15 nr. 3 og fortala punkt 38 at forbrukarvernet etter kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd kan vidareførast.
I fortala punkt 9 femte punktum står medlemsstatane fritt til å ”beholde eller innføre” nasjonale reglar i høve til solidarisk ansvar. Sidan kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd heimlar eit solidaransvar for seljar og kredittytar òg ved bruk av kredittkort, kan lovgjevar velje å vidareføre reglane.
I arbeidet med å harmonisere gjeldande rett og direktivet har det ikkje vore på tale å fjerne tilknytingskravet mellom seljar og kredittytar, som fylgjer av høvesvis kredittkjøpslova § 3 nr. 3, jf. § 3 nr. 1 bokstav b og artikkel 3 bokstav n punkt ii. Sidan direktivet og gjeldande rett på dette punkt samsvarar og tilknytingskravet ivaretek balansen mellom forbrukaren og kredittytaren, er det ingen grunn til å endre rettstilstanden. Eg vil difor ikkje drøfte om lovgjevar bør fjerne tilknytingskravet.
4.1.3 Konklusjon
Direktivet artikkel 15 nr. 3 opnar for at nasjonal lovgjevar kan utvide solidaransvaret i artikkel 15 nr. 2.102 Det vil seie at gjeldande rett med omsyn til bruk av kredittkort kan vidareførast. Utvalet har òg konkludert med at dagens reglar i høve til kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd kan vidareførast.103 Det kan hevdast at utviding av forbrukarvernet tek omsyn til den kritikken som har blitt retta mot overgangen frå fullharmoniseringsdirektiv til minimumsdirektiv, då nasjonal lovgjevar i større grad får fridom til å fastsetje forbrukarvernet.
100 NOU 2009: 11 s. 94
101 Micklitz (2009) s. 208
102 Rott (2006) s. 67
103 NOU 2009:11 s. 94
4.2 Bør lovgjevar vidareføre gjeldande norsk rett om bruk av kredittkort?
Problemstillinga er om det er føremålstenleg å vidareføre dagens reglar, slik direktivet opnar for, jf. drøftinga i kapittel 4.1. Bør forbrukaren ha same vern ved bruk av kredittkort som ved finansiering av eit klassisk kredittkjøp? Avgjerande for vurderinga er kor stor vekt det skal leggast på tilknytinga mellom kortutstadar og seljar.104
Det kan hevdast at kredittkjøpslova § 8 er ein velfungerande og viktig regel når forbrukaren finansierar kjøpet med kredittkort.105 Dersom regelen ikkje blir vidareførd, vil det kunne føre til ei monaleg svekking av forbrukarvernet. Til dømes då flyselskapet Sterling gjekk konkurs, fekk dei fleste som hadde kjøpt flybillett tilbakebetalt kjøpesummen av kredittutstadaren, forutsett at forbrukaren hadde betalt flybilletten med kredittkort.106 Mest truleg hadde forbrukarane ikkje fått dekt kjøpesummen av Sterlings konkursbu, då uprioritera krav normalt ikkje blir dekt.107 Sidan forbrukarvernet generelt står sterkt i norsk rett, bør det føreligge gode argument for å endre dagens rettstilstand.
Bruk av kredittkort er særleg praktisk ved inngåing av kjøp over internett og ved forskotsbetaling.108 For forbrukaren kan det i visse tilfelle vere vanskeleg å vurdere kor seriøs seljaren er, fordi det eksisterar mange useriøse aktørar mellom anna på internett. Dersom forbrukaren har inngått avtale med ein useriøs aktør, kan det vere vanskeleg å stille seljaren til ansvar for kontraktsmisleghaldet. Det vitnar om at gjeldande regel både er praktisk og god for forbrukaren, slik at den bør vidareførast.
104 NOU 2009:11 s. 101
105 NOU 2009:11 s. 101
106 xxxx://xxx.xx.xx/xxxxxxxxxxxxx/xxxxxxx0000000.xxx
107 xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxx?xxx00000000
108 NOU 2009:11 s. 101
Dei seinare åra har det blitt populært at forbrukarar som har handla med ein seljar, deler eigne erfaringar knytt til seljaren.109 Ein observant forbrukar kan såleis danne seg eit inntrykk av kva han kan vente seg av seljaren. Ved tining av hotell over internett er det til dømes mogeleg å lese korleis erfaringane til tidlegare gjester har vore.110 Dersom ein seljar har fått dårleg kritikk, kan forbrukaren oftast velje å handle med ein annan seljar, då det på dei fleste område vil vere konkurrerande seljarar som kan vere betre eigna for forbrukaren. Slik brukarkritikk vil kunne føre til at useriøse aktørar, som er eit stort problem på nettet, ikkje får seld sine varer, og verknaden kan bli at færre useriøse aktørar vil etablere seg. Forbrukaranes moglegheit til å velje mellom seljarar peiker i retning av det ikkje er ein trong til å vidareføre § 8.
Samstundes vil det vere enkelt for ein seljer som har fått dårleg brukarkritikk å til dømes skifte namn på forretninga eller heimesida. På den måten kan seljaren lett unngå at nye forbrukarar får tips om at han er ein useriøs aktør, og seljaren kan halde fram med den useriøse verksemda. Det taler for at gjeldande norsk bør vidareførast.
Ved kjøp i ei forretning vil det òg kunne vere problematisk å få kjennskap til om seljaren er useriøs. Særleg kan det vere vanskeleg å orientere seg kring seljarens seriøsitet ved handel i utlandet, då forbrukaren generelt vil ha mindre kjennskap til seljarane. Ofte vil useriøse aktørar framstå som seriøse for å hindre at forbrukaren blir mistenksam, og vel å ikkje handle i butikken likevel.
Det tilseier at forbrukaren bør ha eit styrka vern i slike tilfelle, og kredittkjøpslova § 8 bør vidareførast.
Etter dagens reglar kan det hevdast at kostnadane til å dekke forbrukarens tap blir velta over på andre forbrukarar, ved at prisane knytt til bruk av kredittkort kan bli høgare.111 Det har blitt omtala som ein form for tvungen forsikring.112
109 Døme på nettside som deler gode og dårlege erfaringar knytt til ulike forretningar xxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxx/xxxxx.xxx/x00000.xxxx
110 Nettside der tidlegare overnattingsgjerster deler sine erfaringar xxxx://xxx.xxxxxx.xxx/
111 NOU 2009:11 s. 103
Kortytaren kan riktignok fremje eit regresskrav mot seljaren, men i tilfelle seljaren er konkurs, vil det vere lite sannsynleg at buet har midlar til å dekke kravet.113 Dette er òg tilfellet med tilknytta kredittavtaler etter artikkel 15 nr. 2, men sidan det ved bruk av kredittkort er fjernar tilknyting mellom seljar og kredittytar, kan det hevdast at forbrukaren sjølv bør bere tapet.114 Tvungen forsikring kan tale for at dagens reglar ikkje bør vidareførast.115
Bruk av kredittkort er ein praktisk oppgjersform for forbrukaren, fordi han kjapt og enkelt kan inngå kjøpsavtaler på tvers av landegrensene.116 Sidan tilknytinga mellom seljar og kredittytar er meir fjern enn ved dei klassisk kredittkjøpa, kan forbrukaren vere nærare til å bere risikoen for at seljaren ikkje oppfyller sine avtaleforpliktingar, slik at gjeldande rett ikkje bør vidareførast
På den eine sida vil kredittytaren ha vanskelegare for å føre tilsyn med seljaren, sidan seljarane er spredt over heile verda.117 Det for mot at forbrukaren er nærast til å bere risikoen, slik at gjeldande norsk rett ikkje bør vidareførast.
På den andre sida må seljaren ha lisens for at forbrukaren skal få betale med kredittkort. Kredittytar, gjennom innløysaren, kan ha moglegheit til å velje at seljaren ikkje skal få ein slik lisens. I dei fleste tilfelle vil kredittytaren og innløysaren ha betre føresetnad enn ein forbrukar til å vurdere om ein seljar er seriøs eller ikkje, av di han jamt over har meir ressursar til råde. Ei vidareføring av dagens reglar kan difor føre til at useriøse eller kriminelle aktørar ikkje får lisens, slik at det blir mindre attraktivt å etablere seg som ein slik aktør.118 Det vil seie at dagens reglar både vil vere eit føremon for forbrukarane, dei kan føle seg trygge, samt eit føremon for dei næringsdrivande fordi handelen vil auke.
113 NOU 2009:11 s. 102
114 NOU 2009:11 s. 104
115 NOU 2009:11 s. 104
116 NOU 2009:11 s. 103
117 NOU 2009:11 s. 103
118 NOU 2009:11 s. 102
Direktivet skal freiste å tilrettelegge for auka handel på tvers av landegrensene, for å stryke den indre marknaden. Etter gjeldande norsk rett treng forbrukaren i mindre grad å frykte at han kjem tapande ut. Det kan føre til auke handelen på internett og auka handel på tvers av landegrenser, sidan handling på internett ofte skjer på tvers av landegrensene. I tillegg kan forbrukaranes tryggleik og tillit ved kjøp over internett slå positivt ut i høve til dei næringsdrivande.119 Auka internetthandel på tvers av landegrensene vil òg føre til auka omsetnad for dei næringsdrivande. Dagens reglar er såleis eitt føremon både for forbrukarar og næringsdrivande.
Det er kortselskapa som tener mest på brukaravtaler med aktørane, seriøse som useriøse. Dersom forbrukaren må ta støyten når seljaren ikkje oppfyller kontraktsmessig, kan det for det fyrste føre til at kortselskap i mindre grad vil vere interessert i å luke ut dei mindre seriøse aktørane. For det andre vil kortselskap ha betre føresetnad for å bere eit økonomisk tap enn forbrukaren, fordi dei kan spre tapet utover heile si verksemd. For det tredje har kortselskapa mange transaksjonar med seljaren, i motsetnad til forbrukaren som kanskje berre handlar med seljaren den eine gongen. Kredittytaren vil difor ha betre føresetnad enn forbrukaren til å få fyrst greie på om seljaren er useriøs.120 Det taler for at gjeldande forbrukarvern bør vidareførast.
4.2.1 Rettstilstanden i Storbritannia
Storbritannia har reglar som tilsvarar kredittkjøpslova § 8.121 I Storbritannia fylgjer denne regelen av Consumer Credit Act 1974. I paragraf 9 fyrste punktum og paragraf 10 nr. 1 bokstav a er bruk av kredittkort likestilt med dei klassiske kredittkjøp.122 Vidare fylgjer det av paragraf 75 nr. 1 at kredittytaren og seljaren er solidarisk ansvarlege dersom seljaren ikkje oppfyller kjøpsavtala kontraktsmessig ovanfor kredittakaren. Denne regelen tilsvarar kredittkjøpslova
§ 8. Korleis gjeldande rett er i andre land, kan dels tene som
119 xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxx?xxx00000000
120 Howells (1997) s. 209
121 COM(95) 117 final, s. 67 og 73 og Rott(2006) s. 62
122 xxx.xxxx.xxx.xx/xxxx/xxxx0000/xx/xxxxxxx_00000000_xx_0
illustrasjonsmateriale og dels vere eit argument for korleis spørsmålet bør bli løyst her.123 Sidan andre land løyser kredittkorttilfella på same måte i som i norsk rett, er det eit moment for å vidareføre gjeldande rett.
4.2.2 Konklusjon
Etter mi vurdering bør gjeldande norsk rett vidareførast. I avtaler om tilknytta kreditt er forbrukaren den svake part og reglane bør difor gjenspegle dette styrkeforholdet mellom partane. I tillegg bør det vere gode argument for å endre ein god eksisterande regel. Etter mitt syn finst det ikkje tilstrekkeleg tunge argument som taler for at gjeldande norsk rett ikkje bør vidareførast.
5 Debetkort
5.1 Oversikt
I Noreg skjer 9 av 10 korttransaksjonar ved bruk av debetkort.124 I ein debetkorttransaksjon nyttiggjer korthaldaren seg av inneståande på kontoen som kortet er knytt til.125 Debetkort skil seg difor frå kredittkort, ved at finansiering av vara skjer ved korthavarens eigne og ikkje lånte midlar.
Debetkort er såleis ein betalingsformidling, medan kredittkorta er eit finansieringsinstrument.126
5.2 Direktivet
Tittelen på direktivet, forbrukarkredittavtaler, tilseier at direktivet berre tek sikte på å regulere kredittsituasjonar. Betaling av vare ved kontantar eller debetkort, vil såleis ikkje vere ein del av direktivets verkeområde. I tillegg er det klart at
123 Rettskildelære (2001) s. 284
124 xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xx/XxxxXxxxx-xxxx/
125 Torvund (1986) s. 348
126 Torvund (1986) s. 339
bruk av debetkort ikkje fell innanfor definisjonen av avtaler om tilknytta kreditt i artikkel 3 bokstav n, fordi ein debettransaksjon ikkje har utspring i ei kredittavtale, samt at vara ikkje blir finansiert ved eit kredittkjøp. Forbrukaren kan på bakgrunn av ein debettransaksjon difor ikkje nyttiggjere seg av forbrukarvernet i artikkel 15 nr. 2. Sidan forbrukaren ved bruk av debetkort ikkje kan nyte same vern som i kredittkorttilfella, vil forbrukarvernet får mindre praktisk tyding, då hovudvekta av korttransaksjonar skjer ved debetkort.
Det interessante spørsmålet er om lovgjevar òg etter implementering av direktivet har kompetanse til å avgjere forbrukarens rettstilstand ved bruk av debetkort eller om debettransaksjonane er underlagt harmonisering.
5.3 Gjeldande norsk rett
Forbrukarens materielle stilling etter kredittkjøpslova § 8 er avhengig av at det føreligg eit ”forbrukerkredittkjøp”. Debetkort er ikkje eit kredittkjøp, då kjøpet ikkje har eit kredittelement. Juridisk teori 127 og bankklagenemnda128 har òg lagt til grunn at § 8 ikkje er aktuell i debettransaksjonar. Kva som fylgjer av gjeldande rett, er av underordna tyding. Uavhengig av gjeldande rettstilstand har lovgjevar kompetanse til å endre § 8 slik at debetkort passar med ordlyden. Det vil gå utanfor temaet i avhandlinga å vurdere om lovgjevar bør endre § 8 til òg å omfatte debetkort, då eg handsamar avtaler om tilknytta kreditt. I tillegg vil ei slik vurdering krevje grundig utreiing, fordi ansvaret og risikoen for kredittkortselskapa i stor grad vil bli utvida ved at desse må bere eit større tap der seljaren ikkje oppfyller kontraktsmessig .129
127 Torvund (1986) s. 346 og Xxxxxxxx (1999) s. 591
128 NOU 2009:11 s. 98
129 NOU 2009:11 s. 102
5.4 Xxx xxxxxxxxx xxxxx gjeldande norsk etter at direktivet er implementert?
Det er reglane i direktivet som medlemsstatane skal harmonisere, jf. harmoniseringsprinsippet i artikkel 22 nr. 1 og fortala 10 fyrste og andre punktum. 130 Sidan direktivet berre skal regulere forbrukarkreditt, har nasjonal lovgjevar høve til å endre norsk rett òg etter implementering av direktivet. I tillegg fylgjer det av medlemsstatane sin autonomi at dei har nasjonal fridom til å regulere forbrukarvernet, der direktivet ikkje krev harmonisering.
Utvalet har ikkje tatt stilling til om forbrukarvernet òg bør omfatte bruk av debetkort, då det fell utanfor mandatet å vurdere.131 Gjeldande norsk rett blir såleis vidareførd, slik at kredittkjøpslova § 8 ikkje vernar forbrukaren i debetkorttransaksjonar.132
6 Forbrukarens rett i høve til kredittytaren
6.1 Oversikt
Seljar og kredittytar er både etter direktivet og gjeldande norsk rett solidarisk ansvarlege for forbrukarens krav. Tidspunktet for når forbrukaren kan rette eit krav mot kredittytaren, kjem an på omfanget av aktiviteten forbrukaren må utøve overfor seljar. Kravet til aktivitet i høve til seljaren kan variere. Dersom kredittytarens ansvar er subsidiært, må forbrukaren fyrst gjere sitt krav gjeldande mot seljaren. Subsidiært ansvar kan føreligge i ulike gradar. Til dømes kan kredittytarens ansvar vere subsidiært i høve til reklamasjonsreglane, det vil seie å gjere seljar merksam på at det føreligg eit kontraktsbrot, men ikkje i høve til det materielle kravet, prisavslag, heving eller erstatning. Der seljaren ikkje tek forbrukarens krav til fylgje eller det er klart at
130 Micklitz (2009) s. 207
131 NOU 2009:11 s. 102
132 NOU 2009:11 s. 164
seljaren ikkje vil oppfylle, kan forbrukaren rette kravet mot kredittytaren. Forbrukarvernet er svakast når omfanget av kravet til aktivitet overfor seljar er omfattande, sidan det då skal meir til før forbrukaren kan rette krav mot kredittytar.
Omfanget av kravet forbrukaren kan rette mot kredittytaren kan vere samanfallande med omfanget av seljarens ansvar. Eit samanfallande ansvar for partane, vil føre til at kredittytaren til dømes må levere ei forseinka vare eller rette mangelen ved vara. Det er òg slik at kredittytarens ansvar kan vere mindre omfattande enn seljarens ansvar, mellom anna ved at kredittytaren berre er ansvarleg for ein pengesum.
6.2 Forbrukarens rett etter direktivet
6.2.1 Når kan forbrukaren rette krav mot kredittytaren?
Før forbrukaren kan ta rettslege skritt mot kredittytaren, må forbrukaren fyrst ha ”tatt rettslige skritt mot leverandøren” utan å ha oppnådd det han var rettkomen til etter lov eller avtale, jf. artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum. I den engelske versjonen heiter det:”if the consumer has pursued his remedies against the supplier”. Både den norske og den engelske ordlyden tilseier at kredittytarens ansvar er subsidiært, sidan forbrukaren fyrst må gjere sine krav gjeldande mot seljaren, før han kan vende seg mot kredittytaren. Xxx Xxxxxx legg òg til grunn, i ein kommentar til direktivet, at kredittytarens ansvar er subsidiært etter ordlyden.133 Sidan omfanget av aktivitet overfor seljar er omfattande, er forbrukarvernet svakare, då det skal noko til før forbrukaren kan rette krav mot kredittytaren. Det er likevel slik at eit subsidiært ansvar for kredittytaren i mange tilfelle vil vere føremålsteneleg, då seljaren oftast har best føresetnad for å ordne kontraktsbrotet.134
133 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 61
134 NOU 1977:12 s. 66 og ot.prp.nr.34 (1980-1981) s. 60
Problemstillinga er på kva måte og kva slags krav forbrukaren må gjere gjelande mot seljaren, før han kan rette krav mot kredittytaren. Kva som ligg i rettsleg skritt er uklart. Ei tolking kan vere at forbrukaren må ta ut forliksklage/stemnemål mot seljaren og få avgjort saka endeleg, før han eventuelt kan gå på kredittytaren. Ei anna tolking kan vere at rettslege skritt er oppfylt dersom forbrukaren til dømes i ein e-post gjer seljaren merksam på at vara har ein mangel og at forbrukaren vil gjere gjeldande eit prisavslag. Sidan ordlyden løyser ikkje spørsmålet om når forbrukaren kan gjere krav gjeldande mot kredittytaren, vil eg vurdere om fortala samanhaldt med artikkel 15 nr. 2 gjev rettleiing.
I artikkel 15 nr. 2 andre punktum er det opna for at medlemsstatane kan fastsette omfanget og vilkåra for ”slike rettslige skritt”. Dersom lovgjevar har nasjonal fridom til å fastsette rettslege skritt både overfor seljar og kredittytar, kan lovgjevar fråvike utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum om at forbrukaren fyrst må ta rettslege skritt mot seljaren. Fortala punkt 38 andre punktum utdjupar artikkel 15 nr. 2 andre punktum. I fortala punkt 38 andre punktum har lovgjevar fridom til å fastsette i kva for utstrekning og under kva for forhold forbrukaren kan ta rettsleg skritt mot seljaren. Det tilseier at nasjonal lovgjevar, på bakgrunn av artikkel 15 nr. 2 andre punktum samanhaldt med fortala punkt 38 andre punktum, har fridom til å fråvike utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum. Det vil seie at ei ordlydstolking av uttrykket rettslege skritt er av mindre interesse, sidan lovgjevar har fridom til å fastsette innhaldet av uttrykket.
Det kan reisast spørsmål om kor stor mangelen på aktivitet frå seljars side må vere før forbrukaren kan ta rettslege skritt mot kredittytaren. Etter artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum er det klart at seljaren må ha mislukkast i å gje forbrukaren det han var ”berettiget til”, ”failed to obtain the satisfaction”. Ei ordlydstolking av ”berettiget” inneber at forbrukaren skal få det han har rett eller krav på frå seljaren. Kva forbrukaren i det enkelte tilfelle vil ha krav på, kjem an på kontraktbrotets art på seljars side. Xxxxxxxx berettiget tilseier i alle høve at
forbrukaren ikkje kan få dobbel dekning for sine krav.135 Ordlyden klargjer derimot ikkje kva for aktivitet som kan krevjast av seljaren, før forbrukaren har rett til å ta rettslege skritt mot kredittytaren.
På bakgrunn av den snaue ordlyden, må ei vurdering av aktiviteten frå seljars side kome an på ei konkret vurdering av det enkelte tilfellet. I den konkrete vurderinga kan relevante moment vere kor lang tid seljaren har på seg til å ordne kontraktsbrotet og omfanget av kravet.
Dersom seljaren har hatt ein dag til å rette mangelen, kan det ikkje hevdast at seljaren har mislukkast i å ordne kontraktsbrotet, sjølv om omfanget av kravet er lite. Seljaren må få tid områ seg på, slik at han kan ta stilling til korleis han best kan ordne kontraktsbrotet. Der seljaren er konkurs eller har uttrykt at han ikkje kjem til å ordne kontraktsbrotet, har derimot seljaren mislukkast i ordne kontraktsbrotet, og forbrukaren kan rette krav mot kredittytaren. Det kan oppstå tvil om aktiviteten frå seljar har vore tilstrekkeleg der forbrukaren til dømes har reklamert og retta eit hevingskrav, men seljaren ikkje har latt høyre frå seg på to månadar. Dersom kontraktsbrotet er omfattande, kan det tenkast at to månadar ikkje er tilstrekkeleg tid, slik at forbrukaren ikkje kan rette krav mot kredittytaren. I den skjønnsmessige vurderinga vil det vere vesentleg at balansen mellom forbrukaren og dei næringsdrivande blir teke omsyn til.
6.2.2 Omfanget av kravet forbrukaren kan rett mot kredittytaren
Forbrukaren kan ta ”rettslige skritt” mot kredittytaren, jf. artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum. Uttrykket rettslege skritt vagt og vidt som i liten grad legg føringar på kva for krav forbrukaren kan rette mot kredittytaren.
Vanlegvis vil eit irregulært kontraktsforhold byrje med at forbrukaren varslar seljaren om kontraktsbrotet, reklamasjon. Ei irregulær utvikling kan føre til at forbrukaren ved mangel kan gjere gjeldande avhjelp, prisavslag, heving og/eller
135 NOU 2009:11 s. 93
erstatning, medan ved forseinking kan forbrukaren krevje oppfylling, heving og/eller erstatning. Sidan uttrykket ”rettslige skritt” ikkje regulerar kva for tiltak forbrukaren kan rette mot seljaren og kredittytaren, er det naturleg å legge til grunn at forbrukaren kan gjere alle dei nemnde krava gjeldande mot kredittytaren. Det vil seie at forbrukaren kan rette same krav både seljaren og kredittytaren. Lovgjevar har derimot fridom til å regulere omfanget av uttrykket rettslege skritt, jf. fortala punkt 38 andre punktum, sjå punkt 6.2.1.
6.3 Forbrukarens rett etter gjeldande norsk rett
6.3.1 Når kan forbrukaren rette krav mot kredittytaren?
Forbrukaren må fyrst reklamere overfor seljaren, før han kan vende seg til kredittytaren, jf. kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd andre punktum. Det kan hevdast at kredittytarens ansvar i høve til forbrukaren i ein viss grad er gjort subsidiær, fordi forbrukaren i fyrste omgang må reklamere til seljaren.136 Det vil seie at gjeldande norsk rett ikkje fult ut samsvar med artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum, om at forbrukaren fyrst må ta rettslege skritt mot kredittytaren.
Dersom kontraktsbrotet ikkje blir ordna av seljaren, må forbrukaren underrette kredittytaren ”så snart det er rimelig høve til det”, jf. kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd andre punktum. Ordlyden tilseier at forbrukaren ikkje kan vente lenge før han reklamerar overfor kredittytaren. Seljar og kredittytar har såleis høve til å avklare seg i mellom kven som bør ordne kontraktsbrotet.137 Kredittytaren kan legge eit press på seljaren til å innfri sine forpliktingar, eller kredittytaren kan sjølv ordne kravet, slik at forbrukaren får kontraktsmessig vare.138 Det vil seie at så lenge forbrukaren har reklamert i høve til seljaren, kan forbrukaren velje om han vil rette motsegner og krav mot seljar eller kredittytar.139
136 Xxxxxxxx (1986) s. 242
137 Xxxxxxxx (1986) s. 242
138 NOU 1977:12 s. 66
139 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 64
Reglane i kredittkjøpslova § 8 gjev såleis forbrukaren eit sterkare vern enn artikkel 15 nr. 2. For det fyrste kan forbrukaren reklamere på same tidspunkt både til seljar og kredittytar. Tidspunktet for når forbrukaren kan rette krav mot seljar og kredittytar, er difor samanfallande. For det andre kan forbrukaren gjere gjeldande ein nøytral reklamasjon, det vil seie at forbrukaren ikkje må nemne kva krav han gjere vil gjere gjeldande, medan forbrukaren etter direktivet må rette ein spesifisert reklamasjon. Etter norsk rett skal det difor mindre til før forbrukaren kan rette krav mot kredittytar. Det kan derimot tenkast at kravet til reklamasjon overfor kredittytaren er strengare etter norsk rett enn etter direktivet.
6.3.2 Omfanget av kravet forbrukaren kan rett mot kredittytaren
Utgangspunktet er at forbrukaren kan gjere gjeldande ”de samme innsigelser og pengekrav” mot seljar som mot kredittytar, jf. kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd fyrste punktum. I kredittkjøpslova § 8 andre ledd er kredittytarens ansvar derimot modifisera til berre å omfatte pengekrav. Det vil seie at forbrukaren til dømes ikkje kan krevje avhjelp. Forbrukaren kan fremje krav om erstatning, heving eller prisavslag mot kredittytaren, fordi kredittytaren i desse tilfella berre er ansvarleg for det pengebeløpet forbrukaren har mottatt.140 Dersom kredittytarens ansvar ikkje hadde blitt avgrensa til pengekrav, måtte kredittytaren ha bygd opp ei ekspertise for handsaming av manglar eller andre naturalprestasjonar.141 Eit slikt avgrensa ansvar, er naudsynt for å unngå at kredittytaren blir påførd eit for vidtgåande ansvar, noko som kan svekke omsetningslivets interesse.142
Sidan uttrykket ”rettslige skritt” eller ”remedies” i høvesvis den norske og engelske versjonen i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum er vidt, kan kredittytaren bli påførd eit vidtgåande ansvar ovanfor forbrukaren. Til dømes kan ein bank bli ansvarleg for å rette manglar ved ein bil som forbrukaren har kjøpt i tilfelle
140 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 65
141 Xxxxxxxx (1986) s. 242
142 Xx.xxx.xx. 34 (1980-1981) s. 63
bilseljaren går konkurs. Utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum samsvarar såleis ikkje med det modifisera ansvaret kredittytaren har etter kredittkjøpslova § 8 andre ledd. Lovgjevar har derimot fridom til å regulere omfanget av uttrykket rettslege skritt, jf. fortala punkt 38 andre punktum, sjå punkt 6.2.1.
6.4 Kan gjeldande norsk rett vidareførast?
Spørsmålet er om lovgjevar har fridom til å fastsette at forbrukaren berre treng å reklamere til seljar før han kan rette krav mot kredittytar, og at kredittytarens krav kan vere avgrensa til pengekrav, tross utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum.
Artikkel 15 endrar ikkje nasjonale reglar om solidaransvar mellom seljar og kredittytar, jf. artikkel 15 nr. 3 .143 Artikkel 15 nr. 3 gjer det såleis klart at medlemsstatane kan vidareføre eksisterande reglar om solidaransvar mellom seljar og kredittytar. Det vil seie at artikkel 15 nr. 3 i litan grad gjev uttrykk for harmoniserande reglar.144 Både det norske og danske utvalet har òg konkludert med at medlemsstatane fritt kan regulere om kredittytarens ansvar skal vere subsidiært eller ikkje.145
Tross medlemsstatane nasjonale fridom, kan det stilast spørsmål om lovgjevar i ein viss grad bør gjere kredittytarens ansvar subsidiært, sidan dette er utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 fyrste punktum. Eit moment er at balansen mellom seljar og kredittytar kanskje blir betre ivaretatt dersom kredittytarens ansvar i ein viss grad blir gjort subsidiært, då seljaren oftast har best føresetnad for å rette kontraktsbrotet. Verken utgangspunktet i artikkel 15 nr. 2 eller omsynet til partane, vil truleg vere tilstrekkleg til å hevde at lovgjevar bør innsnevre fridom etter artikkel 15 nr. 3.
143 Xxxxxx, Xxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)note 61
144 Mickliz (2009) s. 208
145 NOU 2009:11 s. 93 og 99 og betænkning nr 1509 s. 86
Artikkel 15 nr. 3 og fortala punkt 38 gjev såleis lovgjevar fridom til å fastsette at forbrukaren fyrst må reklamere ovanfor seljaren, samt at kredittytarens ansvar er avgrensa til den pengesummen forbrukaren har mottatt, jf. kredittkjøpslova § 8 fyrste ledd andre punktum og andre ledd. Gjeldande norsk rett i kredittkjøpslova § 8 fyrste og andre ledd kan difor vidareførast.
7 Forbrukarens angrerett i avtaler om tilknytta kreditt
7.1 Oversikt
Angrerett vil seie at forbrukaren har rett til å gå frå ei avtale utan grunngjeving i eit kort tidsrom etter at avtale blei inngått. Verknaden knytt til avtaler om tilknytta kreditt når forbrukaren utøvar angrerett av kjøpsavtala, er regulera i artikkel 15 nr. 1. Angrerett i høve til kredittavtala er regulert i artikkel 15, slik at eg ikkje handsamar angrerett av kredittavtale.146
7.2 Forbrukarens angrerett etter direktivet
I tilfelle forbrukaren har utøvd ein angrerett for levering av varer eller tenester, skal forbrukaren ”ikke lenger være bundet” av ei avtale om tilknytta kreditt, jf. artikkel 15 nr. 1. Det må vere klart at forbrukaren fritt kan gå frå kredittavtala med kredittytaren, dersom det låg føre ei tilknyting mellom seljar og kredittytar ved inngåinga av kredittavtala, altså avtale om tilknytta kreditt. Dersom kjøpsavtala har blitt finansiert med frittståande kreditt, vil det ikkje føreligge ei avtale om tilknytta kreditt etter definisjonen i artikkel 3 bokstav n, slik at forbrukaren ikkje automatisk er ubunden av kredittavtala.
Uttrykket ikkje lenger vere bunden av inneber at forbrukarens rettar og pliktar etter avtala om tilknytta kreditt opphøyrar. Ordlyden er noko uklar, slik at det
ikkje er heilt klart kva som er dei fulle konsekvensane av ordlyden.147 Heller ikkje den engelske ordlyden ”shall no longer be bound” gjev ein klarare indikasjon på kva som er verknaden i høve til avtale om tilknytta kreditt.
I dei fleste tilfelle vil forbrukaren ønske å tilbakebetale kreditten når han utøvar angrerett, fordi forbrukaren ikkje treng kreditten til å finansiere kjøpet. Det kan reisast spørsmål om forbrukaren kan velje å oppretthalde kredittavtala, dersom kredittvilkåra var gunstige.148 Uttrykket ikkje lenger være bunde, tilseier at forbrukaren ikkje automatisk skal fråtre frå kredittavtala, men heller at forbrukaren kan velje om han vil fortsette avtaleforholdet med kredittytaren eller ikkje. Det kan derimot tenkast at kreditten er gjeve under føresetnad av den skal finansiere den særskilde kjøpsavtala, slik at utøving av angrerett fører til at kredittavtala fell bort. Dette vil måtte avgjerast etter ei konkret avtaletolking.
Det er berre angrerett utøvd på bakgrunn av fellesskapsretten som fører til at forbrukaren ikkje er bunden av avtale om tilknytta kreditt, jf. artikkel 15 nr. 1. Dei nærare vilkåra for gjennomføring angreretten er heimla i fellesskapsretten.
Fellesskapsretten er implementert i norsk lovgjeving. Den norske angrerettlova har til dømes implementert fjernsalsdirektivet 97/7/EF og dørsalsdirektivet 85/577/EEC. Det vil seie at norsk rett samsvarar med fellesskapsretten. I medlemsstatane kan det førekome nasjonale skilnadar, fordi direktiva som har blitt implementert, i all hovudsak er minimumsdirektiv. Det kan reisast spørsmål om artikkel 15 nr. 1 gjeld, dersom forbrukaren angrar kjøpet på grunnlag av ein slik utvida angrerett.
Utifrå ordlyden i artikkel 15 nr. 1 er det tilstrekkeleg at angreretten er ”basert på”, ”based on”, fellsskapsretten. Ordlyden kan trekke i retning av at så lenge angreretten har sitt utgangspunkt i fellesskapsretten, vil forbrukaren kunne gjere gjeldande artikkel 15 nr. 1, fordi reglane utover minstevernet er gjeve på bakgrunn av fellesskapsretten.
147 Micklitz (2009) s. 207
Samstundes vil reglar utover minstevernet gje nasjonale skilnadar. Dei nasjonale skilnadane kan føre til at kredittytaren vanskelegare kan sikre seg mot at forbrukaren kan fråtre kredittavtala ved utøving av angreretten, som igjen kan forrykke balansen mellom forbrukar og kredittytar. Det taler for at forbrukaren ikkje kan gjere artikkel 15 nr. 1 gjeldande der forbrukaren angrar på bakgrunn av reglar gjeve utover minstevernet. Spørsmålet har ikkje blitt satt på spissen, slik at det er uklart kva utfallet hadde blitt dersom det hadde kome opp i EF-domstolen.149
7.3 Forbrukarens angrerett etter gjeldande norsk rett
Der forbrukaren utøvar angrerett i høve til kjøpsavtala, ”skal” kredittavtala som blei gjeve for å finansiere vara, opphevast vederlagsfritt, jf. angrerettlova § 17 fyrste og andre ledd og § 11. I § 17 andre ledd er det forutsett at kredittavtala kom i stand etter avtale mellom seljar og kredittytar. Dette trepartsforholdet tilsvarar såleis avtaler om tilknytta kreditt etter direktivet.
Ordlyden i § 17 fyrste ledd fyrste punktum er klarare enn artikkel 15 nr. 1. Kredittavtala etter norsk rett må opphevast. Det vil seie at angreretten automatisk har verknad for kredittavtala og forbrukaren kan ikkje velje om han vil halde fram med kredittavtala.150 Som nemnd, vil forbrukaren i dei fleste tilfelle ønske å tilbakebetale kreditten. Sidan eg i punkt 7.1 la til grunn at forbrukaren på bakgrunn av artikkel 15 nr. 1 har høve til å halde ved lag kredittavtala til tross for at han går frå kjøpsavtala, kan det hevdast at det ikkje er fult samsvar mellom norsk rett og direktivet.
I angrerettlova § 17 fyrste og andre ledd er det lovfesta at oppheving av kredittavtala skal skje vederlagsfritt for forbrukaren. I artikkel 15 nr. 1 er det ikkje nærare reglar om kven av partane som skal bere eventuelle kostnadar ved at kredittavtala blir oppheva. Det er difor mogeleg forbrukaren har betre vern
149 Lilleholt (2009) Samtale 19.11.09.
150 Ot.prp.nr.36 (1999-2000)
etter gjeldande norske reglar. Det kan difor stilast spørsmål om gjeldande norsk rett på dette punktet kan vidareførast.
7.4 Kan gjeldande norsk rett vidareførast?
Vurderingstemaet er om lovgjevar har fridom til å vidareføre gjeldande rett, slik at kredittavtala automatisk skal opphevast samt at kredittavtala skal opphevast vederlagsfritt ved utøving av angrerett i høve til kjøpsavtala. I artikkel 15 nr. 1 er det ikkje nærare fastlagt verknaden utover at forbrukaren ikkje skal vere bunden av avtale om tilknytta kreditt. Det fylgjer både av harmoniseringsprinsippet i artikkel 22 nr. 1 og fortala punkt 9 fjerde punktum, at nasjonal lovgjevar har fridom til å fastsette reglar når tilfellet ikkje er regulera i direktivet. Det tilseier at det nasjonal lovgjevar har fridom til å fastsette dei nærare verknadane ved utøving av angreretten og gjeldande norsk rett kan vidareførast. Dei danske forarbeida151 og Rott 152 legg òg til grunn at lovgjevar har full fridom til å avgjere nasjonal lovgjeving i høve til angrerett.
151 Betænkning nr. 1509 s. 86
152 Micklitz (2009) s. 207
8 Litteraturliste
8.1 Lovgjeving
8.1.1 EU/EØS direktiv
2008/48/EF Europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/48/EF av 23. April 2008 om kredittavtaler for forbrukere og om oppheving av rådsdirektiv 87/102/EØF
87/102/EØF Rådsdirektiv av 22. desember 1986 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om forbrukerkreditt
8.1.2 Norsk lovgjeving
1985 Lov om kredittkjøp av 21. juni 1985 nr 82.
2000 Lov om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven) av 21. desember 2000 nr. 105
8.1.3 Britisk lovgjeving
Consumer Credit Act 1974
8.2 Forarbeid
8.2.1 EU/EØS forarbeid
COM(2002) 443 final. Proposal for a DIRECTIVE OF THE EUROPEAN PARLIAMANENT AND OF THE COUNCIL on the harmonisation of the laws, regulations and administrative provisions of the Member States concerning credit for counsumers.
COM(95) 117 final. Direcitve 87/102/EEC for the approximation of the laws, regulations and administrative provisions of the Member States concerning consumer credit.
8.2.2 Norsk forarbeid
NOU 2009:11 Kredittavtaler. Gjennomføring i norsk rett av forbrukerkredittdirektivet (2008/48/EF) m.m
Xx.xxx.xx. 63(2008-2009) Om samtykke til godkjennelse av EØS- komiteens beslutning nr.16/2009 av 5.februar 2009 om innlemmesle i EØS-avtalen av direktiv 2008/48/EF om forbrukerkredittavtaler m.v.
NOU 1977:12 Kredittkjøp m.v.
Xx.xxx.xx. 34 (1980-1981) Om lov om kredittkjøp m m
Xx.xxx.xx. 36 (1999-2000) Opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven)
8.2.3 Dansk forarbeid
Betænkning nr 1509 Gennemførelse af forbrugerkreditdirektivet
8.3 EF- dom
Case C-429/05 Xxx Xxxxxxx and Xxxxx-Xxxxxx Xxxxxxx, xxx Xxxxxx v Franfinance SA and K par K SAS xxxx://xxx- xxx.xxxxxx.xx/XxxXxxXxxx/XxxXxxXxxx.xx?xxxxXXXXX:00000X0000:XX:XXXX [sitera 22.11.09]
8.4 Bøker
8.4.1 Norske bøker
Xxxxxxxxx, Xxxxxx. Pengekravsrett Del 2. Oslo. 1992. Xxxxxxx, Xxxxxxxx. Rettskildelære. 5.utg. Oslo.2001.
EØS- rett. Xxxxxxx Xxxxxxxxx…[et al] 2.utg. Oslo, 2004. Xxxxxx, Xxx. Norsk kjøpsrett. 4.utg. Bergen,1999.
8.4.2 Utanlandske bøker
Xxxxxx, Xxxx. Sale of Goods and Consumer Credit. 6. utg. London.2000. Xxxxxxx, Xxxxxxx, Xxxxxxxxxxx, Xxxxxx. EC Consumer Law. Dartmouth. 1997
Xxxxxxxx, Xxxx- X., Xxxxx,Xxxxxxx, og Xxxx, Xxxxx. Understanding EU Consumer Law.
Antwerp-Oxford-Portland. 2009.
8.5 Artiklar
8.5.1 Norske artiklar
Xxxxxxxx, Xxxxx. Den nye lov om kredittkjøp. Jussens Venner. 1986. S. 229- 250
Xxxxxxx, Xxxx. Betalingskort (”kredittkort”9 – beatlingsintrument på uryddig grunn. Lov og Rett. 1986. S. 336-352
8.5.2 Utanlandske artiklar
Xxxxxxx, Xxxxxxx og Xxxxxxxxxxx, Xxxxxx, “EC consumer law: has it come of age?” European Law Review. Volume 28(2003) S. 370-388
Xxxxx, Xxxxx, “Tolknings- och tillämpningsproblem i mötet mellan nordisk och internationell juridisk metod”. De nordiske
Juristmøder.2005.S.319-345
Xxxx, Xxxxx, ”Maximum Harmonisation and Mutual Recognition versus Consumer Protection: The Example of Linked Credit Agreements in EC Consumer Credit Law”. The European Legal Forum. Årg. 2/3(2006) S. 61-68
8.6 Nettdokument
8.6.1 Norske nettdokument
xxxx://xxx.xxxxxxxxxx.xx/xx/Xxxxx- ogpublikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2008-2009/inns-200809- 311/ [sitera 09.09.09]
xxxxx://xxx.xxxxxx.xx/xxxxxx/xxxxxxxxxxxxxx/xxxxxx/xxxxxxxxx/xxxxx.xxxx [sitera 17.09.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx-xxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/xxx-xxx-xxxxxx/xx [sitera 17.09.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/?xxxxxx/0000 [sitera 25.09.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxx?xxx00000000 [sitera 09.10.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxx?xxx00000000 [sitera 09.10.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xx/XxxxXxxxx-xxxx/ [sitera 20.10.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxx-xxxx-xxx.xxxx [sitera 31.10.09]
xxxx://xxx.xxxx.xxx/xx/xx_XX/xxxxxxxxx/xxxxx.xxxx [sitera 31.10.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx [sitera 31.10.09]
xxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxx/xxxxx.xxx/x00000.xxxx [sitera 06.11.09]
xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxx-xxxxxxxxxxx.xxxx [sitera 11.11.09]
xxxx://xxx.xx.xx/xxxxxxxxxxxxx/xxxxxxx0000000.xxx [sitera 19.11.09]
8.6.2 Utanlandske nettdokument
xxxx://xxx.xxxx.xxx.xx/xxxx/xxxx0000/xx/xxxxxxx_00000000_xx_0 [sitera 24.10.09]
xxxx://xxx.xxxxxx.xxx/ [sitera 06.11.09]
8.7 Andre rettskjelder
Xxx Xxxxxx. Kommentar til kredittkjøpsloven. Norsk lovkommentar.(online)
Lovavdelingas uttaling 03.12.91. Uttaks- og betalingskort- kredittkjøpsloven § 8 [Avtale- og obligasjonsrett]
Tolknings- och tillämpningsproblem i mötet mellan nordisk och internationell juridisk metod. Sektionsmöte. 18.august 2005. De nordisk Juristmøder. S. 67- 81
Xxxxxxxxx, Xxxx. Samtale 19.11.09.