KONTRAKT REINHALDSTENESTER
KONTRAKT REINHALDSTENESTER
Avtalereferanse: [Sett inn korrekt kontraktsnr./-referanse]
Avtaleområde: [Kort beskrivelse av kontraktsområde]
Kontrakt reinhaldstenester
Avtale mellom:
[Navn på Oppdragsgiveren] |
(frå no av omtalt som Oppdragsgivar)
og
[Navn på Leverandøren] |
(frå no av omtalt som Leverandør)
Oppdragsgivar handlar for denne avtalen etter fullmakt også på vegner av følgande samarbeidspartnarar, som også opptrer som Oppdragsgivarar etter denne avtalen:
For Oppdragsgivar: For Leverandør:
[Sted/dato]
______________________________
[Navn på signatursetter] [Tittel] |
|
[Sted/dato]
______________________________
[Navn på signatursetter] [Tittel]
|
Oppdragsgivar sin signatursetjar stadfestar med signaturen sin på dette dokument at han har dei fullmaktene som er nødvendige for å binde avtaleparten sin under denne rammeavtalen.
Fullmakt i samsvar med stilling
Skriftleg fullmakt lagd ved
Leverandøren sin signatursetjar stadfestar med signaturen sin på dette dokument at han har dei fullmaktene som er nødvendige for å binde avtaleparten sin under denne avtalen.
Fullmakt i samsvar med stilling
Skriftleg fullmakt lagd ved
Denne avtalen er utferda i [antall] eksemplar, der [antall] vert behaldne av Oppdragsgivar og [antall] behaldne av Leverandør.
Partane
Oppdragsgivar
Namn: |
|
Organisasjonsnr.: |
|
Adresse: |
|
Postnummer: |
|
Poststad: |
|
Telefon: |
|
Mobiltelefon: |
|
Telefaks: |
|
E-postadresse: |
|
Leverandør
Namn: |
|
Organisasjonsnr.: |
|
Adresse: |
|
Postnummer: |
|
Poststad: |
|
Telefon: |
|
Mobiltelefon: |
|
Telefaks: |
|
E-postadresse: |
|
Adresse(r) til reinhaldsstaden:
Skriv inn adresse
Omfanget av avtalen
Avtalen gjeld levering av reinhaldstenester.
Oppdragsgivar har framstilt krava sine i vedlegg 1.
Leverandøren har spesifisert gjennomføringa si av tenesta i vedlegg 2.
NS 8431
For denne avtalen gjeld NS 8431 – Alminnelege kontraktsreglar om levering av fast reinhald med dei endringar/tillegg som følger av dette dokumentet.
Ved motstrid mellom dette dokumentet og NS 8431 går dette dokumentet framfor.
Vedleggsoversikt
Regelen her erstattar NS 8431 punkt 3.
Desse dokumenta inngår som vedlegg til kontrakten
Alle rubrikkar skal vere kryssa av (ja eller nei) |
Ja |
Nei |
|||
Vedlegg 1: Oppdragsgivar sin kravspesifikasjon med eventuelle vedlegg |
|
|
|||
Vedlegg 2: Løysingsskildring frå leverandøren |
|
|
|||
Bilag 3: Prisbilag |
|
|
|||
Vedlegg 4: Kontraktsvilkår NS 8431 |
|
|
|||
Vedlegg 5: Rom-frekvensliste |
|
|
|||
Vedlegg 6: Referat frå synfaring |
|
|
|||
Vedlegg 7: Eigenrapportering lønns- og arbeidsvilkår |
|
|
|||
Vedlegg 7: Xxxx |
|
|
|||
|
|
|
|
|
|
Kontraktsperiode (NS 8431 punkt 2)
Reglane i dette punktet utfyller NS 8431 pkt. 2.
Xxxxxxx har avtalt følgande når det gjeld kontraktsperiode og oppseiingstid:
Varigheit
Avtalen gjeld frå [dato] og i [antall] år, med opsjon for Oppdragsgivar til å forlenge avtalen i inntil ytterlegare [antall] år. Ev. forlenging skal skje med minimum 1 månads skriftleg varsel før utløp av inneverande avtaleperiode.
Pris
Pris for gjennomføring av oppdraget kjem fram av vedlegg 3.
Fakturering og betalingsfrist (NS 8431 punkt 9)
Reglane i dette kapittelet utfyller NS 8431 pkt. 9:
Fakturaformat og faktureringsadresse
Leverandøren skal sende faktura elektronisk. Elektronisk faktura skal vere av formatet Elektronisk handelsformat (EHF). EHF-formatet er eit offentleg standardformat (XML) som dekkjer krava i rekneskapslova.
Faktura skal merkast med (referanse) og sendast til:X
Den elektroniske fakturaadressa til verksemda er organisasjonsnummeret til mottakande verksemd, sjå gjerne xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxx.xx/x-xxxxxx/xxxxxxxx/xxxxxxxxx-x-xxxx
Likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår
For avtalar som er omfatta av forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar gjeld dette:
Krav til leverandør og eventuelle underleverandørar
På område som er dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale, skal leverandøren sørgje for at xxxxxxxx0 hos leverandøren og eventuelle underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylle denne kontrakten, har lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande forskrifter2.
På område som ikkje er dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale, skal leverandøren sørgje for at dei same tilsette har lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande landsomfattande tariffavtale3 for den aktuelle bransjen. Med lønns- og arbeidsvilkår meiner ein reglar om minste arbeidstid, lønn, medrekna overtidstillegg, skift- og turnustillegg og ulempetillegg, og dekning av utgifter til reise, kost og losji, i den grad slike reglar følgjer av tariffavtalen.
Leverandøren skal ha same forpliktingar avtalefesta i alle avtalar som omfattar tilsette hos underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylle denne kontrakten.
Administrative reglar og sanksjonar
Leverandøren skal innan éin månad gjere greie for korleis verksemda varetar krava i 1 a) – c) i samsvar med malen for eigenrapportering4. Eigenrapporteringa skal sendast til oppdragsgivar innan éin månad etter kontrakten har starta, med mindre anna er avtalt. Eigenrapportering kan krevjast fleire gonger i løpet av kontraktsperioden.
Leverandøren skal på førespurnad og innan tidsfristen sett av oppdragsgivar, kunne dokumentere5 at krava til lønns- og arbeidsvilkår blir haldne i eige verksemd og hos eventuelle underleverandørar. Dokumentasjonen6 blir kontrollert av oppdragsgivar eller ekstern kontrollør engasjert av oppdragsgivar. Dokumentasjonen kan inkludere, men er ikkje avgrensa til, komplett liste med namn på eigne og eventuelle underleverandørar sine tilsette som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten, oversikt over allmenngjorde og/eller landsomfattande tariffavtalar som blir lagde til grunn for dei same tilsette, innsyn i leverandøren sine avtalte lønns- og arbeidsvilkår med eventuelle underleverandørar, timelister, arbeidsavtalar, lønnsslippar og avtalar om kost og losji.
Oppdragsgivar, og eksterne kontrollørar engasjert av oppdragsgivar, har rett til å utføre annonserte og uannonserte stadlege kontrollar hos leverandøren, eventuelle underleverandørar og ved lokasjonen der tenesta blir utført. Ein stadleg kontroll vil kunne inkludere innsyn i lønns- og personalsystem.
Oppdragsgivar og eventuell ekstern kontrollør som får opplysningane, har teieplikt om opplysningane7.
Dersom leverandør eller underleverandør får pålegg frå Arbeidstilsynet som gjeld lønns- og/eller arbeidsvilkår, skal leverandøren utan opphald informere oppdragsgivar ved kopi av pålegget. Dersom leverandøren eller underleverandøren ikkje utbetrar forholda i pålegget innan Arbeidstilsynet sine fristar, vil dette bli rekna som misleghald av kontrakten, som vil medføre plikt til å betale dagbøter8 inntil forholdet er retta. Dagbota kjem på automatisk.
Dersom brot på punkt 1 a)-c) blir oppdaga av oppdragsgivar eller av tredjepart engasjert av oppdragsgivar, skal leverandøren rette forholdet innan den fristen oppdragsgivar fastset. Der leverandøren sjølv oppdagar slikt brot gjennom internkontroll eller eiga oppfølging av underleverandørar, skal leverandøren utan opphald opplyse oppdragsgivar om forholda og utbetre forholda innan frist fastsett av oppdragsgivar. Oppdragsgivar kan krevje at leverandøren skal utarbeide ein plan for forbetringar som skal godkjennast av oppdragsgivar. Dersom forholda ikkje blir utbetra innan fastsett frist, vil dette bli rekna som misleghald av kontrakten som vil medføre plikt til å betale dagbøter inntil forholdet er retta. Dagbota kjem på automatisk. Ved alvorlege brot som medfører fare for liv og helse for tilsette, ved gjentatte brot eller ved avtalt maksimal periode med dagbøter, vert det rekna som vesentleg misleghald som gir oppdragsgivar rett til å heve kontrakten.
1Her inkluderer omgrepet tilsette også innleigde og utsende arbeidstakarar.
2Per november 2013 er det allmenngjorde tariffavtalar innanfor desse områda:
Byggjeplassar
Skips- og verftsindustrien
Jordbruks- og gartnarinæringane
Reinhald
For meir informasjon, sjå Arbeidstilsynet sine sider: xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxxx?xxxx00000
3 Tariffavtalar inngått mellom hovudsamanslutningane, fagforbunda og arbeidsgivarforeiningane i norsk arbeidsliv, og som ikkje er geografisk avgrensa eller avgrensa til enkeltverksemder, vil i utgangspunktet vere landsomfattande.
4Difi har utvikla ein mal for eigenrapportering, sjå xxxx://xxxxxxxxxxxx.xx/xxxxxx-xxxxxxx/xxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxxxxxx-xx-xxxxx-xx-xxxxxxxxxxxxxx.
5Leverandøren skal på førespurnad sende dokumentasjonen vederlagsfritt til oppdragsgivar, anten per post eller elektronisk, på ein måte og med ei sikkerheit som er eigna for dei sensitive personopplysningane han inneheld. Det er leverandøren som har ansvaret for at opplysningane blir handterte forsvarleg ved sendinga.
6 Dokumentasjonen må vere i ei slik form og på eit slikt språk som gjer han eigna til at oppdragsgivar kan forsikre seg om at krava til lønns- og arbeidsvilkår er oppfylte. Det er leverandøren som har ansvaret for at ei eventuell omsetjing er korrekt.
7Teieplikta gjeld ikkje overfor Arbeidstilsynet eller Petroleumstilsynet, heller ikkje overfor tilsette eller interne eller eksterne rådgivarar som er nødvendige for å få språkleg, økonomisk, juridisk eller annan fagleg bistand. Teieplikta gjeld også for rådgivarane.
8 Dersom ikkje xxxx er avtalt, skal dagbota tilsvare avtalt maksimal dagbot. Dersom ikkje slik dagbot følgjer av kontrakten, må dette avtalast.