SSA-B bilag 2024
SSA-B bilag 2024
Bilag til SSA-B
Bilag til Bistandsavtalen
Statens standardavtale om konsulentbistand
Innhald:
Bilag 1: Kunden si beskriving av bistanden 4
Punkt 1.1 i Avtalen Omfanget av Avtalen 4
Punkt 5.1.1 i Avtalen Ansvaret og kompetansen til Konsulenten 4
Bilag 2: Konsulenten sin spesifikasjon av bistanden 5
Bilag 3: Prosjekt- og framdriftsplan 6
Punkt 4.1 i Avtalen Varigheit 6
Framdriftsplanen til Konsulenten 6
Bilag 4: Administrative føresegner 7
Punkt 2.1 i Xxxxxxx Xxxxxxx xxxx xxxxxxxxxxxxxx 0
Representant som har fått fullmakt (person eller rolle) 7
Punkt 2.4 i Avtalen, Skriftlegheit 7
Punkt 5.2 i Avtalen Nøkkelpersonell 7
Punkt 5.3 i Xxxxxxx Xxxxxxxxx 0
Punkt 5.4 i Avtalen Lønns- og arbeidsvilkår 8
Bilag 5: Pris og prisføresegner 9
Punkt 6.1 i Xxxxxxx Xxxxxxxx 0
B. Konsulenten sine Timeprisar og andre prismodellar 9
C. Utlegg og reisekostnader mv. 10
D. Overskridingar og varsling 10
Punkt 6.2 i Xxxxxxx Xxxxxxxxxxx 00
Punkt 6.5 i Xxxxxxx Xxxxxxxxxxx 00
Punkt 4.2 i Avtalen Avbestilling 10
Merknad til den som skal bruke bilagsmalane i dette dokumentet
Bilagsmalane er ikkje meinte å vere uttømmande. Dei gir først og fremst ei oversikt over kva punkt i den generelle avtaleteksten som har vidare regulering i bilaga som føresetnad, eller som opnar for dette. Bilaga må alltid tilpassast kvart enkelt innkjøp og kvar bruk.
For rettleiing om val av avtale, utfylling av bilag med meir, sjå xxxxxxxxxxxx.xx
Melding om eventuell feil, uklare punkt eller andre innspel til rettleiinga ber vi om at blir retta til: xxx-xxxx@xxx.xx med «SSA-B» som innleiing i emnefeltet.
Bilag 1: Kunden si beskriving av bistanden
Bilaget skal fyllast ut av Kunden.
Punkt 1.1 i Avtalen Omfanget av Avtalen
Kunden si beskriving av bistanden skal gå fram her. Beskrivinga skal omfatte Kunden sine behov og krav.
Punkt 5.1.1 i Avtalen Ansvaret og kompetansen til Konsulenten
Har Kunden standardar/metodar eller liknande som Konsulenten skal nytte ved utføringa av bistanden, skal dette beskrivast i dette bilaget.
Bilag 2: Konsulenten sin spesifikasjon av bistanden
Bilaget skal fyllast ut av Konsulenten.
Konsulenten må sjå til at alle krav og behov i bilag 1 er tilfredsstillande svarte på i bilag 2. Konsulenten sitt tilbod med svar og CV-ar skal gå fram her.
Bilag 3: Prosjekt- og framdriftsplan
Skal fyllast ut av Konsulenten basert på dei overordna føringane Kunden har gitt.
Punkt 4.1 i Avtalen Varigheit
Kunden skal spesifisere oppstart og tidsramma for bistanden. Nedanfor går fleire alternativ for oppstart og tidsramma fram.
Oppstart
Vel alternativ:
☐ Bistanden skal påbyrjast dd.mm.åååå.
☐ Bistanden skal påbyrjast snarast mogleg, seinast dd.mm.åååå.
☐ Eigendefinert av Kunden. Bruker ein dette alternativet, skal Kunden fylle inn tekst.
Tidsramme for Bistanden
Vel alternativ:
☐ Bistanden går inntil dd.mm.åååå.
☐ Bistanden skal ytast i XX veker rekna frå oppstart
☐ Bistanden skal ytast løpande inntil Kunden sitt prosjekt er avsluttet
☐ Bistanden skal ytast løpande inntil øvre økonomiske ramme for Avtalen eller totalt timetal er nådd
☐ Eigendefinert av Kunden. Bruker ein dette alternativet, skal Kunden fylle inn tekst.
Framdriftsplanen til Konsulenten
Skal takast med dersom det blir avtalt at Konsulenten skal utarbeide ein framdriftsplan for ytingane sine.
Framdriftsplanen til Kunden
Beskriving av prosjekt- og framdriftsplanen til Kunden, dersom Kunden sine aktivitetar er organiserte som prosjekt.
Bilag 4: Administrative føresegner
Administrative føresegner og andre opplysningar som er relevante for forholdet mellom Partane. Skal fyllast ut av Konsulenten basert på dei overordna føringane Kunden har gitt i bilaget.
Punkt 2.1 i Avtalen Partane sine representantar
Representant som har fått fullmakt (person eller rolle)
Representant som har fått fullmakt, må opplysast, og dette punktet bør ikkje slettast utan å erstattast av annan tilsvarande tekst.
Xxx Xxxxxx: [Set inn namn/rolle og kontaktopplysningar for representant som har fått fullmakt]
Hos Konsulenten: [Set inn namn/rolle og kontaktopplysningar for representant som har fått fullmakt]
Punkt 2.2 i Avtalen, Møte
Annan frist for innkalling til møte:
Andre rutinar for gjennomføring av møte:
Punkt 2.4 i Avtalen, Skriftlegheit
Dersom det er avtalt at varsel, krav eller andre meldingar knytte til denne Avtalen skal givast på ein annan måte enn skriftleg til den postadressa eller elektroniske adressa som er opplyst i tilknyting til person eller rolle ovanfor som har fått fullmakt, t.d. ved bruk av elektronisk samhandlingsverktøy, skal det vere spesifisert her.
Punkt 5.2 i Avtalen Nøkkelpersonell
Nøkkelpersonellet til Konsulenten i samband med oppfylling av denne Avtalen skal opplysast her.
Konsulenten sitt nøkkelpersonell:
Namn |
Kategori |
Kompetanseområde |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Punkt 5.3 i Avtalen Teieplikt
Dersom teieplikta skal ha ei anna varigheit enn det som følgjer av punkt 5.3 i Avtalen, skal det gå fram her.
Punkt 5.4 i Avtalen Lønns- og arbeidsvilkår
Dersom Kunden har etterspurt dokumentasjon knytt til lønns- og arbeidsvilkår, skal dokumentasjon takast inn her.
Dersom det er avtalt høgare dagbot for brot på dokumentasjonsplikta enn det som følgjer av punkt 5.4.2 i Avtalen, skal det gå fram her.
Bilag 5: Pris og prisføresegner
Oversikt over alle priselement knytte til gjennomføringa av denne Avtalen. Skal fyllast ut av Konsulenten basert på dei overordna føringane Kunden har gitt i bilaget.
Punkt 6.1 i Avtalen Vederlag
A. Oversikt
Alle prisar og nærare vilkår for det vederlaget Kunden skal betale i samband for ytingane frå Konsulenten, skal gå fram av dette bilaget. Dei samla prisane og samla sluttvederlag skal kome fram her. Som ein del av grunnlaget for totalprisen skal eventuelle spesielle betalingsordningar, rabattar, forskot, delbetaling og avvikande betalingstidspunkt også gå fram.
Dersom Partane avtaler anna enn det som følgjer av Avtalen når det gjeld vederlag, skal det spesifiserast i dette bilaget.
B. Konsulenten sine Timeprisar og andre prismodellar
Vederlag for Bistanden er avtalt som følgjer: (vel det aktuelle alternativet)
☐ Fastpris
|
Valuta |
Beløp |
|
Pris for Bistanden |
|
|
ekskl. mva |
Mva …% |
|
|
|
Kontraktssum |
|
|
Inkl. mva |
☐ Timepris
|
Valuta |
Beløp |
|
Pris per time |
|
|
ekskl. mva |
Mva …% |
|
|
|
Pris per time |
|
|
Inkl. mva |
☐ Totalramme for Bistanden
Det er avtalt følgjande øvre ramme for oppdraget:
|
Valuta |
Beløp |
|
Totalpris |
|
|
ekskl. mva |
Mva …% |
|
|
|
Totalpris |
|
|
inkl. mva |
C. Utlegg og reisekostnader mv.
Dersom utlegg, medrekna reise- og diettkostnader, skal dekkjast, skal dette opplysast om her. Dersom satsane skal vike frå Statens gjeldande satsar, må dette kome fram her.
Dersom reisetid skal fakturerast, må dette kome fram her. Satsane for dette må like eins opplysast.
D. Overskridingar og varsling
Reglar for varsling om overskriding av avtalte timar spesifiserer ein her. Eventuell prisreduksjon ved slik overskriding skal også gå fram her.
Punkt 6.2 i Avtalen Fakturering
Andre føresegner knytte til betalingsplan og betalingsvilkår skal gå fram her.
Eventuelle tilleggsvilkår for bruk av Elektronisk handelsformat (EHF) skal kome fram her.]
EHF-adressa til Kunden er: [Same som organisasjonsnummeret]
EHF-referansen til Kunden er: [Set inn EHF-referanse]
Punkt 6.5 i Avtalen Prisendring
Dersom Kunden har ytterlegare eller andre krav enn det som går fram av punkt 6.5, skal det gå fram her. Det kan til dømes vere andre føresegner om prisendringar eller indeksar.
Punkt 4.2 i Avtalen Avbestilling
Dersom det skal gjelde eit anna avbestillingsgebyr enn det som går fram av punkt 4.2 i Avtalen, skal det gå fram her.
Bilag 6: Endringar i den generelle avtaleteksten
Punkt |
Skal erstattast med |
|
|
|
|
|
|
Bilag 7: Endringar i Avtalen etter avtaleinngåinga
Endringar som blir gjorde etter Avtalen er inngått, skal førast inn her, jf. punkt 3 i Avtalen.
Døme på endringskatalog:
Endringsnr. |
Beskriving |
Ikraftsetjingsdato |
Arkivreferanse |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|