Standard abonnentsvilkår for vatn og avlaup
Standard abonnentsvilkår for vatn og avlaup
Samnanger kommune
Administrative bestemmingar
Innhald
Innleiing 3
1. Generelt
1.1 Formål 4
1.2 Verkeområde/ heimel 4
1.3 Definisjonar 7
1.4 Plikt til å overhalda bestemmingane 10
1.5 Brot og handheving 13
1.6 Endringar 13
1.7 Dispensasjonar 15
1,7.1 Iverksetjing. Oppheving av tidlegare bestemmingar 15
2. SØKNAD OG GOKJENNING AV TILKNYTING M.M. 15
2.1 Søknad om tilknyting til offentleg vatn og avlaupsanlegg 15
2.2 Søknad om endringar 16
2.3 Tinglyste erklæringar 17
2.4 Godkjenning av søknad om tilknyting 17
2.5 Kontroll og synfaring av anlegg og installasjonar under utføring 17
2.6 Prøving 18
2.7 Krav til materiell og utføring 18
2.7.1. Separatsystem 18
3. ANDRE BESTEMMINGAR 18
3.1 Anleggs- og vedlikehaldsutgifter 18
3.2 Funksjonskrav og tekniske krav 19
3.3 Eksisterande offentleg vatn- og avlaupsanlegg 19
3.4 Bygging nær offentleg vatn- og avlaupsanlegg 19
3.5 Opphør av tilknyting 20
3.6 Stenging av offentlege leidningar 20
3.7 Synfaring og kontroll av eksisterande anlegg og installasjonar 21
3.8 Kontroll og innskrenking av vassforbruk 22
3.9 Vasskvalitet og trykk 22
3.10 Vidaredistribusjon av vatn- og avlaupstenester 22
3.11 Ekstraordinære vassuttak/ påslepp 23
3.12 Påsleppa si karakter 23
3.12.1 Generelt 23
3.12.2 Forureiningsforskrifta 24
3.12.3 Eksempel på uønska væsker, stoff, gassar eller produkt 24
3.13 Utskiljarar og reinseanlegg 25
3.14 Ansvarsforhold 25
Innleiing
Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup består av administrative og tekniske bestemmingar gjevne ut i kvart sitt hefte. Dei administrative bestemmingane tek føre seg juridiske og forvaltningsmessige forhold, medan dei tekniske bestemmingane fastlegg krav til teknisk utføring.
Vilkåra sine formål er å ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den einskilde abonnent i samband med tilknyting til offentleg vass- og avlaupsanlegg, og å sikra trygg utføring av sanitærinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg.
Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup bør verta vedteke av den einskilde kommune for at dei skal ha tilstrekkeleg gyldigheit. Vilkåra er utforma slik at dei uforandra kan verta vedtekne av kommunen. Det er også mogleg for kommunen å leggja inn eigne særbestemmingar.
Bestemmingane vert i hovudsak gjevne av kommunen som eigar av hovudanlegga og leverandør av tenestene innanfor vatn og avlaup. Ein del bestemmingar er i tillegg direkte eller indirekte heimla i lover og forskrifter, som plan- og bygningslova (pbl) og teknisk forskrift (TEK). Den følgjande teksten er meint å utdjupa og konkretisera bestemmingane i eksisterande lovverk og gje ei kortfatta og lett tilgjengeleg samanfatning av dei krava som gjeld. Det er likevel ikkje meininga å presentera informasjon som finst andre stadar om dette ikkje er naudsynt for samanhengen i desse vilkåra. Det vert vist til aktuelt lovverk der det er naturleg.
Denne revisjonen har teke omsyn til endra krav og bestemmingar og nye utfordringar som kommunane står overfor, m.a. når det gjeld klimaendringar.
Både huseigarar, profesjonelle aktørar og kommunalt tilsette skal kunna ha nytte av å bruka desse abonnementsvilkåra.
1 Generelt
1.1. Formål
Formålet med desse bestemmingane er å;
• Fastsetja kva for leveringsbestemmingar og vilkår kommunen som eigar av offentleg vass- og avlaupsanlegg og leverandør av tenestene stiller for tilknyting til og bruk av offentleg vass- og avlaupsanlegg. Dette omfattar også det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den einskilde abonnent som er eller vert knytt til offentleg vass- og avlaupsanlegg.
• Stilla krav til aktørar slik at dei private vass- og avlaupsanlegg som knytast til kommunalt nett, vert utført på ein forsvarleg måte med omsyn til funksjonssikkerheit og anleggs- og utstyrskvalitet.
1.2. Verkeområde/ heimel
Abonnementsvilkåra omfattar private vass- og avlaupsanlegg knytte til offentleg vass- og avlaupsanlegg. Dei gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, og uavhengig av om abonnenten har skrive under ein erklæring om å overhalda vilkåra eller ikkje.
For eksisterande abonnentar på vedtekingstidspunktet i den einskilde kommune gjeld dei administrative bestemmingane fullt ut, med unntak for søknadsplikta for eksisterande anlegg der det ikkje vert gjort vesentlege endringar, jfr. Pkt. 2.2, og kravet til avstandsgrense på 4 meter for eksisterande busetnad, jfr. Pkt. 3.4.
For eksisterande abonnentar på vedtakingstidspunktet i den einskilde kommune gjeld dei tekniske bestemmingane knytte til oppføring av anlegg berre for fylgjande punkt:
• Krav til overhøgde mellom topp hovudleidning og lågaste innvendige avlaupsopning, jfr. Pkt. 3.5 i tekniske bestemmingar.
• Krav om sikring mot forureining for å hindra tilbakesug frå privat leidningsnett, jfr. Pkt. 2.4 i tekniske bestemmingar.
Kommentar: Dette er sjølvsagt ikkje til hinder for at kommunen handhevar andre lover og reglar om anlegg/ bygning/ installasjonar som er oppført i strid med gjeldande bestemmingar på oppføringstidspunktet. Eksempel på dette kan vera oppføring av bygningar og installasjonar som er i strid med gjeldande kommunale vedtekter, normer etc., eller i strid med servituttlovens alminnelege bestemmingar om korleis eigaren av ein eigedom med kommunen som leidningseigar/ servitutthavar pliktar å opptre.
Elles gjeld dei tekniske bestemmingane krav i tilknyting til drift og vedlikehald av anleggene fullt ut så langt dei passer.
Kommentar: Om ein vassleidning lek, vil det utgjera eit brot på dei tekniske bestemmingane som kan fylgjast opp med eit pålegg om utbetring, uavhengig av når leidningen vart lagt.
Abonnementsvilkåra for vass- og avlaupsanlegg gjeld, så langt dei passar, også for påslepp til kommunal leidning frå offentleg veg, plass m.m. Abonnementsvilkåra for vatn- og avlaup er gjevne av kommunen som eigar av hovudanlegga og leverandør av vass- og avlaupstenester. Ein del vilkår er i tillegg direkte heimla i lover og forskrifter.
Kommentar: Private vass- og avlaupsanlegg utan offentleg tilknyting omfattast ikkje av abonnentsvilkåra, med mindre pålegg om tilknyting til offentleg vass- og avlaupsanlegg er gjevne etter plan- og bygningslovas bestemmingar.
Tilvisingar til lover og forskrifter.
Vass- og avlaupsanlegg er omfatta av eit betydeleg regelverk som det er viktig å ha kjennskap til og fylgja. Plan- og bygningslova, med rettleiing til teknisk forskrift (VTEK), gjev rammevilkåra for planlegging og utforming av særinstallasjonar og vass- og avlaupsanlegg. I tillegg kjem einskilde lover med tilhøyrande forskrifter som normalt vil ha noko å seia for den einskilde kommunes vass- og avlaupsabonnentar. Det gjerast merksam på at lover og forskrifter kan endra seg over tid:
• Plan- og bygningslova med m.a. fylgjande forskrifter:
- Forskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk (teknisk forskrift-TEK). Det vert vist til kapittel 9-5 Sanitæranlegg og kapittel 11 Vassforsynings- og avlaupsanlegg.
- Forskrift om sakshandsaming og kontroll i byggesaker (SAK)
- Forskrift om godkjenning av føretak for ansvarsrett (GOF)
• Lov om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) med m.a. fylgjande forskrift:
- Forskrift om avgrensing av forureining
• Lov om matproduksjon og mattryggleik (matlova) og Lov om helseteneste i kommunane med m.a. fylgjande forskrift:
- Forskrift om vassforsyning og drikkevatn.
- Forskrift om miljøretta helsevern.
- Forskrift om badeanlegg, bassengbad, badstu m.m.
• Lov om vassdrag og grunnvatn
• Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter med m.a. fylgjande forskrifter:
- Forskrift om avgrensing av forureining, kapittel 16 om kommunale vass- og avlaupsgebyr.
- Kommunens forskrift om vass- og avlaupsgebyr.
Nettbaserte kjelder
Det finst også eit stort tal rettleiingar, normer, standardar, detaljblad, rapportar etc. som har tyding for den som arbeider innanfor vass-, avlaups- og sanitærområdet. For nærmare
oversikt over gjeldane regelverk og anna nyttig informasjon viser me m.a. til fylgjande nettbaserte kjelder:
Lovdata gjev den komplette oversikt over lover og forskrifter m.m. i Noreg.
På Norsk Vann sine heimesider finner ein informasjon om regelverk, rapportar, rettleiingar og anna fagstoff på VA- området.
xxx.xxxxxxxxx.xx/Xxxxxxxxx innan VA
På Norsk Vann sine regelverksider vert det lagt ut fortløpande info om nytt regelverk på vass- og avlaupsområdet. Norsk Vanns regelverkshjelp inneheld m.a. fylgjande databasar:
• Regelverkdatabasen: database med lover, forskrifter og rettleiingar på VA- området med lenker til nedlastbare versjonar på Lovdata og andre nettsider.
• VA-jusdatabasen: tematisk database ulike juridiske problemstillingar på VA- området som vert drøfta i lys av regelverk og rettspraksis.
• VA –norm
Norsk Rørsenter AS er eit kurs og kompetansesenter innan vass- og avlaupsteknikk og har prosjektleiinga for NKF og Norsk Vanns VA/ Miljø-blad og for Norsk Vanns VA-norm.
( xxx.xx-xxxx.xx)
Xxxxxxxxxx.xx er eit tilbod om bransjevise oversikter over regelverket. Bak nettstedet står Statens forurensingstilsyn, Mattilsynet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap.
Databasen til Statens byggtekniske etat over lover, forskrifter, rettleiingar, blankettar m.m.
Standard Norges heimesider, der ein m.a. kan finna oversikt over standardar på VVS- og VA- området.
1.3.Definisjonar
Kommentar: Standard abonnementsvilkår omhandlar forholdet mellom abonnent og kommunen som leverandør av tenestene, og for betre presisering er det difor valt å avvika noko frå den terminologien innan vatn og avlaup som vert nytta i lov og forskrift.
Avlaupsanlegg:
• Med avlaupsanlegg meinast leidningar og andre anlegg både for sanitært avlaupsvatn (spillvatn), industrielt avlaupsvatn og overvatn. ( Avlaupsanlegg omfattar ikkje drensleidningar).
Offentleg vass-og avlaupsanlegg:
• Hovudanlegg for vatn og/ eller avlaup som kommunen eller anna offentleg rettsleg organ har bygd eller overteke ansvaret for.
Stikkleidning for vatn og avlaup frå offentleg bygg vert i desse vilkåra rekna som privat vass- og avlaupsleidning.
Privat vass- og avlaupsanlegg:
• Private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor husets yttervegg som er knytt til offentleg vass- og/ eller avlaupsanlegg. Som privat anlegg reknas eitkvart anlegg som kommunen eller anna offentlegrettsleg organ sjølv ikkje har bygt, ikkje har overteke ansvar for etter plan- og bygningslova sine reglar eller ikkje på annan måte har påteke seg ansvar for gjennom skriftleg erklæring eller ved sin handlemåte/ åtferd. Om ikkje anna er angitt eller avtalt, er grensa mellom det private og det offentlege vass- og avlaupsanlegget i tilkoplingspunktet på offentleg leidning.
Sanitær- Installasjonar:
• Røyr, installasjonar og utstyr innanfor husets yttervegg som er knytt til vass-og/eller avlaupsanlegg.
Abonnent:
• Eigar av eigedom med vass- og/eller avlaupsinstallasjonar som enten er knytte til offentleg vass- og avlaupsanlegg, eller som har fått pålegg om tilknyting etter plan- og bygningslova.
Godkjent føretak:
• Godkjent føretak er i desse vilkåra føretak som er godkjent i samsvar med forskrift om godkjenning av føretak for ansvarsrett innanfor relevant fagområde. Føretaket skal i tillegg dokumentera at personellet som utførar det har fylgjande minimumskvalifikasjonar for det relevante arbeidsområdet, svennebrev som røyrleggjar, samt S-ADK1- eller ADK1- sertifikat, eller fagbrev innan veg- og anleggsfaget, eller anleggsmaskinførarfaget, samt ADK1- sertifikat.
1.4 Plikt til å overhalda bestemmingane
Abonnenten er ansvarleg for at sin private vass- og avlaupsanlegg til einkvar tid er i samsvar med forskriftene, og at dei til einkvar tid gjeldande bestemmingar om bruk av anlegget vert følgt, jfr.pkt. 1.2,1.5, 2.5 og 3.7 i desse bestemmingane. Abonnenten
er også ansvarleg for at husstanden sin, leigebuarar og andre som nyttar han sitt anlegget, overheld abonnementsvilkåra.
Godkjent føretak er ansvarleg for at dei private vass- og avlaupsanlegga vert planlagt utført i samsvar med gjeldane lov- og regelverk. Alle arbeid på private vass- og avlaupsanlegg og sanitærinstallasjonar skal utførast av godkjent føretak i samsvar med pkt. 1.3 med mindre kommunen, som eigar av hovudanlegga, i det einskilde tilfelle har godkjent ein annan utførande.
1.5 Brot og handheving
Abonnementsvilkåra for vatn og avlaup skal handhevast av kommunen eller den kommunestyret gir delegert mynde til, med mindre noko anna går fram av desse bestemmingane.
Kommunen kan krevja anlegg reparert, utbetra, omlagd eller fjerna dersom dei er i strid med dei administrative eller tekniske bestemmingane i desse abonnementsvilkåra, eller med plan- og bygningslova med tilhøyrande teknisk forskrift (TEK). Dette gjeld uavhengig av den mynde som kommunen er tillagt etter forureiningsloven og plan- og bygningsloven når det gjeld krav om reparasjon av anlegg.
Kommunen kan etter varsel på førehand få arbeidet utført for abonnenten si rekning dersom slikt pålegg ikkje vert etterkome. Arbeid som ikkje kan utsetjast, kan kommunen få utført utan å gje varsel på førehand.
Kommentar: Handheving av desse abonnementsvilkåra regulerast av privatrettslege reglar og vert i utgangspunktet ikkje rekna som utøving av offentleg mynde. I den grad eit vilkår er stilt med heimel i kommunens private rådvelde som eigar over eige vass- og avlaupsanlegg, ligg det difor ikkje føre formell rett til å klaga til nokon overordna instans. Dette gjeld om kommunen har funne det sikrast å nytta eigarrådvelde som heimelsgrunnlag, sjølv om det også skulle vera ein mogleg alternativ heimel for pålegget i lovverket. Eit eksempel på dette kan vera ved krav om utbetring av utette vassleidningar, kor det kan vera uklart i kva grad ein også kan heimla vedtaket i plan- og bygningslova §31-3. Om kommunen nyttar gjeldande lovverk som heimel for pålegg, gjeld forvaltningsloven sine bestemmingar.
Viss ein minneleg ordning med den aktuelle abonnenten ikkje kjem i stand, skjer handhevinga ved at søksmål vert reist for dei ordinære domstolane med krav om dom for at abonnenten pliktar å etterkoma eit nærmare gjeve pålegg eller må unnlata å foreta ein nærmare bestemt handling. Kommunen kan eventuelt krevja å få dekka utgiftene til slikt arbeid i samband med pkt. 1.5 andre og tredje ledd. På same
vis kan abonnenten reisa sivilt søksmål for domstolane om han ikkje godtek abonnementsvilkåra.
I den grad bestemmingane i abonnementsvilkåra også har heimel i sentrale lover eller forskrifter og handhevast i tråd med desse, jfr. Pkt. 1.2, kan sanksjonsbestemmingane i dette lovverket nyttast.
Kommunen kan også ved vesentleg misleghald av abonnementsvilkåra stengja vasstilførselen til eigedomen og halda den stengt til forholda er retta. Kommunen skal utvisa skjønn i slike saker, særleg når det gjeld vasstilførsel til private bustader. Ein eventuell stenging må ikkje truga liv og helse eller kunne medføra brannfare.
Kommunen kan nekta godkjent føretak som ikkje overheld dei til einkvar tid gjeldande abonnementsvilkår å utføra arbeid på slike anlegg om forholda ikkje vert ordna innan rimeleg tid. Det same gjeld om krav til utføring etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter ikkje vert overhalde.
1.6 Endringar
Kommunestyret kan vedta endringar i dei administrative bestemmingane. Kommunestyret, eller den kommunestyret gjev delegert mynde, kan vedta endringar i dei tekniske bestemmingane.
1.7 Dispensasjon
Når særskilte grunner taler for det, kan kommunestyret eller det organ som kommunestyret har delegert mynde til gje dispensasjon frå desse abonnentsvilkåra.
1.7.1 Iverksetjing. Oppheving av tidlegare bestemmingar
Abonnementsvilkåra for vatn og avlaup trer i kraft frå den dato kommunestyret bestemmer. Frå same tidspunkt opphevast tidlegare vedtekne sanitærreglement eller tilsvarande bestemmingar om private vass- og avlaupsanlegg knytte til kommunalt nett.
2 Søknad og godkjenning av tilknyting m.m.
2.1 Søknad om tilknyting til offentleg vass- og avlaupsanlegg
I tillegg til naudsynte søknader i samband med plan- og bygningslova skal kommunen som eigar av vass- og avlaupsanlegga ha søknad om tilknyting til offentleg vass- avlaupsanlegg. Søknadsskjema får ein hos kommunen.
Søknad om tilknyting skal underskrivast av abonnenten og godkjent føretak. Søknad skal vera godkjent før arbeidet startar, med mindre kommunen tillet noko anna.
Kommunen kan også krevja at andre enn abonnenten, som leigetakarar, festarar o.a., underskriv ein slik søknad.
Vert eit arbeid overdrege til eit anna godkjent føretak under utføringa, skal det sendast ny søknad. For eit arbeid som ikkje er påbegynt innan 3 år etter at tillatinga vart gjeve, fell godkjenninga bort.
Godkjent føretak skal syta for at det ligg føre situasjonsplan som viser privat vass- og avlaupsanlegg så snart anlegget er ferdig. Situasjonsplan skal sendast kommunen for oppbevaring.
Kommentarar: Xxxxx søknader
Tiltak som oppføring, endring eller reparasjon av vass- og avlaupsanlegg er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Mindre tiltak som ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadane eller allmenne interesser, til dømes lokal drenering og reparasjon ved røyr- og leidningsbrot, kan verta unntatt frå søknadsplikta. Uavhengig av om eit tiltak er søknadspliktig, skal bestemmingar i plan- og bygningslova og teknisk forskrift ivaretakast av tiltakshavar.
Når det gjeld søknad om utslepp av avlaupsvatn som inneheld olje, vert det vist til forureiningsforskrifta kap. 15, jfr. Pkt. 3.12.2. Kommunen kan også krevja søknad om påslepp av feitthaldig avlaupsvatn.
2.2 Søknad om endringar
Seinare reparasjonar og utbetringar av sanitærinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg som fører til vesentlege endringar i vassforbruk eller utsleppsmengder, krev tillating frå kommunen.
Det krevjast alltid tillating ved installasjon av sprinkelanlegg mot brann, snøkanonar eller liknande. Det same gjeld ved omlegging, rehabilitering eller opphør/ stenging av private vass- og avlaupsanlegg. Søknad om endringar skal underskrivast av abonnenten og godkjent føretak som skal utføra arbeidet. Kommunen kan også krevja at andre enn abonnenten, som leigetakarar, festarar etc., underskriv slik søknad. Elles gjeld dei same krava til søknaden som under pkt. 2.1, og det skal nyttast same søknadsskjema (vedlegg –standard skjema – Sanitærabonnent).
2.3 Tinglyste erklæringar
Ved søknad om tilknyting kan det krevjast vedlagt tinglyst erklæring for fylgjande forhold:
• At det er innhenta tillating til å leggja, drifta/ vedlikehalda og skifta ut privat vass- og avlaupsanlegg på andres eigedom.
• At fleire eigarar er solidarisk ansvarleg for at gjeldande vilkår i samband med felles privat vass- og avlaupsanlegg vert følgt.
• At seinare utvida bruk av etablert felles privat vass- og avlaupsanlegg vert godkjent av alle brukarar/ eigarar.
Også elles kan det krevjast framlagt tinglyste erklæringar når det er naudsynt for sikra nokon sin rett. Dei tinglyste erklæringane skal i naudsynt utstrekking vera påført at dei ikkje kan avlysast utan kommunen sitt samtykke.
2.4 Godkjenning av søknad om tilknyting
Vilkåra som skal gjelda for godkjenning av søknad om tilknyting, vert fastsett av kommunen i kvart einskild tilfelle, også ved eventuell påsleppsavtale i samband med forureiningsforskrifta. Godkjent søknad inneber at eit arbeid må utførast i samsvar med gjeldande abonnementsvilkår, lover og forskrifter, med mindre skriftleg dispensasjon er gjeve. Godkjent søknad om tilknyting skal sendast ansvarleg, godkjent føretak og abonnenten.
2.5 Kontroll og synfaring av anlegg og installasjonar under utføring
Kommunen har når som helst, utan varsel på førehand, rett til å kontrollera/ undersøkja særinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg under utføring i den grad desse kan ha noko å seia for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avlaupsanlegg. Kontrolløren skal utan oppfordring legitimera seg. Kommunen overtar med sin kontroll ikkje noko ansvar overfor abonnent, utførande godkjent føretak eller tredjemann. Kommunen kan gje pålegg om reparasjon, utbetring og ev. omlegging av private vass- og avlaupsanlegg under utføring om arbeida ikkje er i samsvar med abonnentsvilkåra sine administrative og tekniske bestemmingar.
2.6 Prøving
I samband med kontroll etter pkt. 2.5 kan kommunen krevja dokumentasjon av trykk og tettleiks- og funksjonsprøving av sanitærinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg.
2.7 Krav til materiell og utføring
Det vert vist til abonnentvilkåra sine tekniske bestemmingar når det gjeld krav til materiell og utføring av arbeidet. Det vert også vist til plan- og bygningslova med tilhøyrande teknisk forskrift. Det skal utarbeidast drifts- og vedlikehaldsinstruks for installasjonar og materiell, og denne skal oppbevarast av abonnenten.
2.7.1 Separatsystem
Kommunen kan krevja at stikkleidningane vert lagd som separatsystem i område kor kommunen sine leidningar er som kombinertsystem.
3 Andre bestemmingar
3.1 Anleggs- og vedlikehaldsutgifter
Alle omkostingar i samband med etablering og drift av private vass- og avlaupsanlegg betalast av abonnenten. Kummar, stengeventilar m.m. som med kommunens tillating monterast på offentleg vass- og avlaupsanlegg som del av det private anlegget, skal belastast i sin heilskap av abonnenten. Utstyr og vedlikehaldsansvar kan etter søknad overtakast av kommunen.
3.2 Funksjonskrav og tekniske krav
Abonnenten er ansvarleg for at funksjonskrava og dei tekniske krava i tekniske bestemmingar, og i plan- og bygningslova med tilhøyrande teknisk forskrift, vert overhaldne i heile levetida til anlegget. Dette gjeld også krav om at det private vass- og avlaupsanlegget til einkvar tid skal vera tett, og at dei til einkvar tid gjeldande krav til overhøgde mellom innvendig topp hovudleidning i forgreiningspunktet og lågaste avlaupsopning i bygnad ( t.d. sluk i kjellar) vert oppfylte. Om avlaupsvatnet pumpast, gjeld tilsvarande høgdekrav målt til det høgaste punktet (gravitasjonspunktet) på pumpeleidningen.
I den grad ein bygning på eit tidlegare tidspunkt er sett opp med lågare overhøgde enn dagens krav, skal det setjast i verk tiltak for å kompensera for dette, t.d. ved installasjon av tilbakeslagsventil eller pumpestasjon etter dispensasjon frå kommunen for å motverka tilbakeslag. Abonnenten pliktar å vedlikehalda slike installasjonar regelmessig.
3.3 Eksisterande offentlege vass- og avlaupsanlegg
Abonnenten godtek ved tilknyting til kommunen sitt nett at eventuelle eksisterande offentlege vass- og avlaupsanlegg på abonnenten sin grunn har rett til å verta liggjande uavhengig av om denne retten er tinglyst eller ikkje, og uavhengig av abonnenten si kunnskap om leidningen på tidspunktet eigedomen vert overteke.
3.4 Bygging nær offentleg vass- og avlaupsanlegg
Offentlege vass- og avlaupsanlegg skal ikkje overbyggjast. Ny utbygging, inklusiv garasjar og støttemurar, skal ikkje plasserast slik at den er til hinder/ ulempe for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avlaupsanlegg.
Slik utbygging skal ha ein avstand til offentleg vass- og/ eller avlaupsanlegg på minst 4 meter. Det kan gjevast dispensasjon frå denne bestemminga etter søknad viss utbyggar sikrar drift og vedlikehald av offentlege leidningar med anlegg av varerør, kulvert eller tilsvarande, eller om tiltakshavar/ abonnent står for omlegging av hovudleidningane etter servituttlovas reglar.
Eigar av offentlege vass- og avlaupsanlegg skal sjå til at dei nemnde krava vert ivaretekne i samband med, og så langt som mogleg parallelt med, den ordinære byggesakshandsaminga av tiltaket etter plan- og bygningslova. Handheving av denne bestemminga skjer i tråd med pkt. 1.5 i desse bestemmingane.
3.5 Opphøyr av tilknyting
Når privat vass- og/eller avlaupsanlegg skal setjast ut av drift, skal abonnenten syta for at leidningen vert stengd ved tilknyting på hovudleidning eller der kommunen anviser. Kommunen kan i samband med dette også krevja at private installasjonar på hovudleidningen vert fjerna. Kommunen kan foreta oppgraving og stenging for eigars rekning om dette ikkje vert utført av eigar av privat vass- og avlaupsanlegg.
3.6 Stenging av offentlege leidningar
Alle planlagde stopp i vassforsyninga eller avlaupshandteringa som skuldast arbeider på kommunale leidningar, skal gjerast kjent i rimeleg tid på førehand for dei abonnentane det gjeld. Ved direkte stenging av vassforsyning grunna akutt arbeid på kommunens vassleidningar, varslar kommunen abonnentane det gjeld så snart som mogleg om når vassforsyninga vil verta gjenoppretta.
Stenging av offentleg vassleidning grunna tilknyting, opphør eller omlegging av privat stikkleidning, kan berre utførast av kommunen etter bestilling frå ansvarleg utførande. Tidspunkt for stenging av kommunale vassleidningar avtalast med kommunen. Ansvarleg utførande plikter å varsla abonnentar som vert råka av stenginga.
3.7 Synfaring og kontroll av eksisterande anlegg og installasjonar
Kommunen har når som helst, og utan føregåande varsel, rett til å synfara/ kontrollera særinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg i den grad desse kan ha noko å seia for drift og vedlikehald av offentleg vass- og avlaupsanlegg. Dette gjeld også kontroll av vassforbruket hos abonnentar som har vassmålar. Vedkommande kontrollør skal utan oppfordring legitimera seg. Det er berre kommunens eigne mannskap, ansvarleg utførande eller andre med løyve frå kommunen som kan utføra synfaring og kontroll av offentleg vass- og avlaupsanlegg.
Kommunen kan gje pålegg om reparasjon, utbetring og omlegging av sanitærinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg som ikkje er i samsvar med abonnementsvilkåra sine administrative og tekniske bestemmingar, eller gjera andre kompenserande tiltak. Dette gjeld i den grad forholdet kan ha noko å seia for drift og vedlikehald av offentleg vass- og avlaupsanlegg.
Kommentar:
• Lekkasjar
• Ulovleg påslepp på offentleg avlaupsanlegg, herunder feitt og miljøskadelege stoff.
• Manglande overhøgde mellom topp hovudleidning og lågaste vasslås i bygning
• Manglande tilbakestrømmingsbeskyttelse i abonnenten sitt vassleidningsnett, jfr. Pkt. 2.4 i abonnentsvilkåra sine tekniske bestemmingar.
3.8 Kontroll og innskrenking av vassforbruk
Abonnenten pliktar å ikkje sløsa med vatn. Under vassmangel eller når andre forhold krev det, kan kommunen innføra restriksjonar på vassforbruk til særskilde føremål,
x.x. xxxxxxxxxxx. Kommunen kan i slike situasjonar også innføra andre restriksjonar. Eventuelle restriksjonar som kommunen finn det naudsynt å gjennomføra under vassmangel eller når andre forhold tilseier det, gjev ikkje rett til å krevja erstatning eller prisavslag.
3.9 Vasskvalitet og trykk
For vasskvalitet gjeld drikkevassforskrifta sine bestemmingar i § 12(jfr §5) som minimumskrav. Kommunen kan, med Mattilsynet si godkjenning, avvika frå drikkevassforskrifta sine krav til vasskvalitet for ein avgrensa periode, dersom krava ikkje kan oppfyllast før utbygging av nytt vasshandsamingsanlegg eller liknande er gjennomført. Kommunen skal informera abonnentane om slike avvik frå drikkevassforskrifta sine krav til vasskvalitet.
Næringsabonnentar med særskilde behov kan inngå avtale med kommunen om kva kvalitetsavvik dei vil verta varsla om. Vasstrykket skal vera minimum 2bar ved tilknytingspunktet på den kommunale vassleidningen. Dersom vasstrykket inne i bygningen ikkje er tilfredsstillande, og dette ikkje skuldast manglande trykk på kommunens leidning, må abonnenten dekkja kostnaden og installera trykkforsterkingsanlegg. Kommunen kan krevja installering av reduksjonsventil på vassinnlegget dersom vasstrykket inne i bygning overstiger 6 bar. Kommunen pliktar å varsla abonnentane ved vesentlege endringar i vasstrykk eller vasskvalitet.
Kommentar: I den grad vasskvalitet og/ eller trykk utgjer ein mangel etter forbrukskjøpslova §16, kan abonnenten etter nærare regler krevja prisavslag og/ eller erstatning, jfr. Forbrukerkjøpslova § 26.
3.10 Vidaredistribusjon av vass- og avlaupstenester
Utan kommunen sitt samtykke må det ikkje takast, leiast bort eller seljast vatn frå ein eigedom som er knytt til offentleg vassanlegg på ein slik måte at uttaket i mengde overstiger eit normalt hushaldningsabonnement eller vassforbruket den aktuelle
typen verksemd normalt har. Det same gjeld for tilførte avlaupsmengder frå den einskilde abonnenten til offentleg avlaupsanlegg.
3.11 Ekstraordinære vassuttak/ påslepp
Ved unormalt store eller støytvise vassuttak eller unormalt store eller støytvise påslepp av avlaupsvatn, t.d. ved bruk til klimakjøling, sprinkelanlegg, jordvatning eller ved tømming av basseng og oppfylling av tankar som overstiger det som er godkjent etter pkt. 2.1, 2.2 og 2.4 må særskilt fullmakt hentast inn frå kommunen. Kommunen kan som vilkår for slik fullmakt stilla krav om installering av vassmålar.
3.12 Påsleppa sin karakter
3.12.1 Generelt
Til offentleg avlaupsanlegg må det ikkje førast væsker, stoff, gassar eller produkt som kan xxxx xxxxx- eller eksplosjonsfarlege, miljø- eller helsefarlege eller skadelege for offentleg avlaupsanlegg. Dette betyr at abonnentar som er knytte til offentleg avlaupsanlegg, må visa aktsemd ved bruk av sine sanitærinstallasjonar for å unngå at slike væsker, stoff, gassar eller produkt førast ut med avlaupsvatnet via vaskar, sluk eller toalett. T.d. skal farleg avfall leverast til godkjent mottak, legemiddelrestar skal leverast til apotek og hygieneprodukt gjennom avfallsinnsamlinga. Kommunen må straks varslast om farlege eller skadelege væsker, stoff, gassar eller produkt ved uhell vert ført til offentleg avlaupsanlegg.
Kommunen kan stilla krav til påslepp av overvatn til offentleg avlaupsanlegg, m.a. innhald, mengd, sandfang, fordrøyingsbasseng m.m.
3.12.2 Forureiningsforskrifta
Forskrift om avgrensing av forureining har ei rekke bestemmingar som regulerer påslepp av avlaupsvatn frå verksemder og hushald til offentleg avlaupsanlegg. Dei viktigaste i denne samanheng er:
• Utslepp av oljehaldig avlaupsvatn, herunder påslepp til offentleg avlaupsanlegg, er regulert i forureiningsforskrifta kap. 15. Det skal m.a. sendast søknad til kommunen ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp av oljehaldig avlaupsvatn.
• Påslepp av oppmalt matavfall til offentleg avlaupsanlegg frå verksemder og hushald er regulert i forureiningsforskrifta kap. 15A. Slike påslepp er forbode med mindre kommunen i forskrift gjev unntak frå forbodet.
• Ingen kan setja i verk eller auka utslepp av fotokjemikaliehaldig eller amalgamhaldig avlaupsvatn utan at utslepp, herunder påslepp til offentleg avlaupsanlegg , etablerast og drivast i samsvar med krava i forureiningsforskrifta si §15A -5 til 15A-7.
• Kommunen kan i einskilde vedtak eller i forskrift fastsetja krav til verksemders påslepp av avlaupsvatn til offentleg avlaupsanlegg, jfr. Forureingingforskrifta §
15A-4. Krava kan fastsetjast ut frå omsynet til det offentlege avlaupsanlegget sitt utsleppskrav, for å unngå skade på offentleg avlaupsanlegg, for å sikra at drifta av avlaupsanlegget og slamhandsaminga ikkje vanskeleggjerast, for å sikra kvaliteten på avlaupsslammet eller sikra helsa til personell som arbeider med offentleg avlaupsanlegg. Krava vil koma i tillegg til eventuelle krav som statleg forureiningsmynde har stilt i verksemda si utsleppsløyve.
3.12.3 Eksempel på uønska væsker, stoff, gassar eller produkt
Me nemner her nokre eksempel på kva som vert å sjå som væsker, stoff, gassar eller produkt som kan xxxx xxxxx- eller eksplosjonsfarlege, miljø- eller helsefarlege eller skadelege for offentleg avlaupsanlegg, jfr. Pkt. 3.12.1.
Det gjeld m.a. bensin, reinsevæsker, løysingsmiddel, måling, lakk, sprøytemiddel, legemiddel, tjære, feitt, olje, sement, kalk, mørtel, sot, asfalt, karbid, presskaker, cyanidforbindelsar, sulfater, sulfider, kadmium, kvikksølv, amalgam, bly, koppar, nikkel, sink, krom, ammonium og magnesiumsulfater. Andre eksempel er vaskefiller og hygieneprodukt som bind, bleier, tamponger og Q-tips.
Denne opplistinga er ikkje uttømande.
3.13 Utskiljarar og reinseanlegg
Ettersyn, tøming og vedlikehald av private ojle- og feittutskiljarar, slamavskiljarar/ septiktankar og andre reineanordningar knytte til offentleg avlaupsanlegg må utførast i samsvar med gjeldane forskrifter, utsleppstillatingar og eventuelle andre vilkår som er satt.
Om slike anlegg ikkje drivas tilfredsstillande, kan kommunen gje pålegg om utbetring eller stenging, eller overta drifta midlertidig for abonnenten og/ eller leigetakar si rekning. Eigaransvaret for dei aktuelle anlegga ligg til abonnenten/ leigetakar.
Eigar er pliktig til å setja utskiljar og reinseanlegg ut av drift og føra avlaupet direkte til offentleg avlaupsanlegg når kommunen krev det, jfr. Forureiningslova §26.
3.14 Ansvarsforhold
Kommunen har ansvaret for bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale leidningar for vatn og avlaup. Abonnenten har tilsvarande ansvar for bygningen sine sanitærinstallasjonar og private leidningar for vatn og avlaup. Kommunen er utan ansvar for ulemper eller skader hos abonnenten (som leigetakar, fester og liknande) eller på private vass- og avlaupsanlegg eller sanitærinstallasjonar som skuldast svikt i vasstilførsel eller i avlaupssystemet, som tilbakeslag frå offentleg avlaupsanlegg, med mindre svikten skuldast forsetteleg eller aktlaust forhold frå kommunen si side.
Kommunen er utan ansvar om private vass- og avlaupsanlegg eller sanitærinstallasjonar, grunna arbeider på det offentlege hovudnettet, forureinast eller tilstoppast av rust, slam eller andre stoff, eller får skader. Det same gjeld ved manglande vatn til brannsløkking/ sprinkling og for skader som skuldast forhold som er forklart i pkt. 3.9 g 3.10.
Kommentar: Det visast til teknisk forskrift, forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn §5-4 og NKF og Norsk Vanns VA/ Miljø- blad nr. 82.
Så lenge kommunen si aktløyse ikkje kan sjåast som grov, gjeld den same ansvarsavgrensinga for svikt i form av tilbakeslag/ overfløyming frå offentleg avlaupsanlegg som skuldast nedbør/ flaum som er større enn det avlaupsanlegget er dimensjonert for, eller om det private avlaupsanlegget eller sanitærinstallasjonane ikkje er i samsvar med abonnentsvilkåra si administrative eller tekniske bestemmingar.
Kommunen er heller ikkje ansvarleg for skader etter overfløyming i kjellar/ lagerlokale, andre næringslokale eller bustadareal som skuldast leidningsbrot, kloakkutslepp eller kapasitetsproblem når skadetilfella omfattar:
• Bygnadsmessig innreiing, innbu og lausøre i rom som nyttas til varig opphald (Bustadformål) og /eller næringsverksemd, og som manglar naudsynt godkjenning av bygningsmyndigheitene til slik bruk.
• Gjenstandar som grunna si verdi eller andre forhold er uvanleg eller aktlaust å oppbevare på slike stader.
• Varer som er lagra under lagringshøgd 100 med mer over golv.
• Skader som skuldast manglande vedlikehald og tilsyn av tilbakeslagsordning.
Abonnenten er ansvarleg for skade eller ulempe han ved forsett eller aktløyse påfører offentleg vass- og avlaupsanlegg. Abonnenten svarer også for skade eller ulempe som personar som nyttar hans sanitærinstallasjonar påfører offentleg vass- og avlaupsanlegg.
Har fleire eigedomar felles leidningar, er alle eigarar solidarisk ansvarleg for pliktene desse bestemmingane legg på abonnenten. Det vert elles vist til pkt. 1.2 og 2.3 i desse bestemmingane.