Reparasjon av avløpsleidning ved E39
Reparasjon av avløpsleidning ved E39
Del 2: Kontraktsgrunnlag
Samfunnsutvikling
Vatn og avløp
1 GENERELT
1.1 Arbeidets omfang
Utbetring av vegbane og avløpsleidning på E39 i Volda som beskrive i Del 1: Konkurransebeskriving.
1.2 Organisasjon og entreprisemodell
Arbeidet vil bli organisert som totalentreprise.
2 KONTRAKTSBESTEMMINGAR
2.1 Alminnelige kontraktsbestemmingar
Som alminnelige kontraktsbestemmingar for oppdraget leggast til grunn NS 8406 Forenklet norsk bygge- og anleggskontrakt.
2.2 Spesielle kontraktsbestemmingar
For denne kontrakten gjerast følgjande kontraktsbestemmingar gjeldande:
Det stillast i kontrakten krav til løns- og arbeidsvilkår etter regel i Forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar.
xxxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxx/XX/xxxxxxxxx/0000-00-00-000
På område dekka av allmenngjort tariffavtale:
Leverandøren og deira underleverandørar pliktar å gje sine tilsette løns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn dei løns- og arbeidsvilkåra som følgjer av den allmenngjorde tariffavtala.
På område utan allmenngjort tariffavtale:
Leverandøren og deira underleverandørar pliktar å gje sine tilsette løns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn dei løns- og arbeidsvilkår som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale for den aktuelle bransjen.
For begge tilfella:
Oppdragsgjevar kan krevje at leverandøren dokumenterer kva løns- og arbeidsvilkår dei tilsette har. Oppdragsgjevar har rett til innsyn i relevante dokument, og har rett til å føreta andre undersøkingar som gjer det mogleg å gjennomføre naudsynt kontroll med at kravet til løns- og arbeidsvilkår overhaldast.
Med løns- og arbeidsforhold meinast i denne samanheng bestemmingar om minste arbeidstid og løn (herunder overtidstillegg, skifttillegg, turnustillegg, ulempetillegg og dekking av utgifter til reise, kost og losji), i den grad slike bestemmingar følgjer av tariffavtala.
Leverandøren og deira underleverandørar må på førespurnad opplyse om kva landsomfattande tariffavtale dei legg til grunn ovanfor sine tilsette, samt leggje fram eit eksemplar av denne avtala ved kontroll.
Det gjeld ingen lærlingeklausul for denne kontrakta.
2.2.3 Sikkerheit og forsikring
Byggherre stiller ikkje sikkerheit. Byggherre teiknar ikkje forsikring.
3 TEKNISKE RAMMEVILKÅR
Forhold som har betyding for kontraktsgjennomføringa:
Ytre miljø:
Støy:
Entreprenør må opptre omsynsfullt mtp. støyande arbeid.
Støv:
Entreprenør må opptre omsynsfullt mtp. støvande arbeid.
Arbeidstidsavgrensingar:
Fortrinnsvis 07:00-17:00 (behov for nattarbeid avtalast nærare).
Vibrasjonar:
Det settast opp instrument for vibrasjonsmålingar ved sprenging/andre typar vibrasjonsskapande arbeid.
Forureining:
Forureina masser i grunnen skal gravast opp og leverast til godkjent mottak.
Avfallshandtering:
Entreprenør er ansvarleg for at avfall fjernast på lovleg måte.
Kulturminne:
Der er ikkje registrerte kulturminne i det aktuelle området.
Andre rammevilkår:
Naboforhold:
Anleggsområdet ligg på/ved E39 og Gamlevegen. Næraste bygg er Sanitetshuset ca 40 meter vest og bustadhus ca 60 meter nord for området. Entreprenør må opptre omsynsfullt slik at naboar ikkje blir unødig hefta eller sjenert i byggefasen.
Riggplan:
Entreprenør må sjølv sørge for all rigging på anlegget. Eksempel er naudsynte provisoriske transportvegar, føring av vatn, avløpshandtering, elektrisitet, datalinjer samt oppsetting av alle personellbrakker, WC, lagerbrakker og anna i naudsynt utstrekking. Riggplass skal godkjennast av byggherre. Alle fasilitetar skal tilfredsstille Arbeidstilsynets krav.
Entreprenør må opptre omsynsfullt slik at øvrige konstruksjonar ikkje påførast skader. Eventuelle skader må entreprenør utbetre umiddelbart utan kostnadar for byggherre. Alle kostnadar reknast inn i kapittel for rigg og drift.
Tilkomst:
Anlegg har tilkomst frå offentleg veg.
Trafikkavvikling:
Avgrensing og avstenging av veg skal skje i samsvar med vegeigar.
Grunnforhold:
Grunnforholda på staden er varierande og usikre. Rundt kum er det i hovudsak matjord, men leidninga mot sentrum kan sjå ut til å gå gjennom betong der den kryssar elva.
Vegkropp er estimert å bestå i hovudsak av grus og knust stein.
Eksisterande VA-anlegg:
Det er ikkje informasjon om anna VA-anlegg i området enn spillvassleidninga som skal utbetrast. All frå- eller tilkopling til VA-anlegga skal skje i samarbeid med Volda kommune.
Eksisterande kabelanlegg:
Det står lyktestolpe plassert nokre meter vest for anleggsområdet, men denne har leidningar i luftspenn og kjem truleg ikkje i konflikt med arbeidet. Entreprenør må sjølv syte for naudsynt kabelpåvising.
4 TEKNISKE KRAV
4.1 Teknisk beskriving
VA-anlegg skal byggjast etter gjeldande VA-norm for Volda kommune, med mindre anna er avtala med byggherre.
Veg skal byggjast etter Statens vegvesen sine handbøker N100 og N200, med mindre anna er avtala med byggherre.
4.2 Teikningar og modellar
Relevante teikningar og kart er vedlagt. Sjå vedlegg 1.
5 KRAV TIL BYGGEPROSESSEN
5.1 Administrative rutinar
Byggemøte og andre møter
Då arbeidet er venta ferdigstilt på kort tid leggast det ikkje opp til faste byggemøter i arbeidsperioden. Møte vert halde etter behov.
Faktureringsrutinar
I samsvar med NS 8406.
Rapporteringsrutinar
Arbeidet er venta å ferdigstillast innan ei veke frå oppstart, så der er ingen særskilte krav til rapportering.
5.2 Kvalitetssikring
Krav til kvalitetssikring
Kvalitetskontroll skal vere i samsvar med føretakets kvalitetssikringssystem. Dokumentasjon på utførd kvalitetssikring, sjekklister og liknande skal framleggjast ved førespurnad.
Krav til kvalitetsplan
Entreprenør skal ha eit godt og velfungerande kvalitetssikringssystem. Det skal før oppstart utarbeidast ein kvalitetsplan som minst inneheld:
• Organisasjonsplan med ansvar og oppgåvefordeling
• Framdrifts- og bemanningsplanar
• Kontroll på sjekklister
• Avvikshandtering
5.3 Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA)
Entreprenør skal før arbeidet startar fylle ut risikoanalyse for sitt arbeid, og slik bidra til oppdatering av planen. Entreprenør sine kostnader for ivaretaking av SHA/HMS skal inngå i postar for rigg og drift.
6 FRISTAR OG DAGMULKTER
6.1 Fristar
Det leggast opp til følgjande framdrift:
Oppstart kontraktsarbeid: Snarast etter kontraktsinngåing Ferdigstilling/overlevering: Xxxxx ei veke etter oppstart
6.2 Dagmulkter
I samsvar med NS 8406
6.3 Framdriftsplanlegging
Krav til entreprenør si framdriftsplanlegging:
Entreprenør skal utarbeide detaljert framdriftsplan for sine arbeid i samband med kontraheringa.
7 VEDERLAGET
7.1 Prissamanstilling
I samsvar med Del 1: Konkurransebeskrivinga skal det leverast utfylt prisskjema.
Det presiserast at prisar for time-/rekningsarbeid brukast ved evaluering av tilbodet, men inngår ikkje i kontraktssum.
7.2 Prisregulering
Prisane i kontrakten er faste. Kontrakten er ikkje gjenstand for prisregulering.