Contract
1. PARTANE Leverandør:
Navn: Ål Kraftverk KF, Organisasjonsnummer: 971 030 577
Adresse: Xxxxxx 0, 0000 XX
Kundeforholdet blir administrert av Fortum Strøm AS, NO 000 000 000 (MVA), Postboks 000 Xxxxxx, 0000 Xxxx
Kunde:
Forbrukaren med personnummer som inngår denne straumavtala med Leverandøren.
2. LEVERANSESTAD
Leverandøren vil levere straum etter denne avtala til avtalt leveransestad, basert på opplysningar om målepunktadresse og målepunkt-ID som er gitt av Kunden. Leveransen startar etter avtale, sjå også under i punkt 4.4 .
Avtaler fra Ål Kraftverk KF blir berre levert til målepunkt-ID innan Ål kommune sine grenser, kommunenummer 3028.
3. PRODUKT OG PRISAR
3.1 Skildring av produkt
Produktnavn: Ål Kraftverk Fleksi 1 år.
Avtaletype: Kombinasjonsavtalen er samansett av ein del fastpris og ein del der resten av forbruket blir levert til spotpris med påslag. Med denne kombinasjonsavtalen vil forbruk som svarar til inntil 80 % av forventa årsforbruk bli levert til avtalt fastpris med fast profil gjennom året. Grunnlag for fast forbruk er nettleverandøren sitt registrerte forbruk på staden (målepkt ID), førre år. Forbruk som overstig avtalt fastprisdel, rekna ut frå forbruk året før inngåing av avtale, blir levert med standard spotpris med påslag avrekna time for time, sjå nærmare om pris under punkt 3.2 under.
Med denne kombinasjonsavtalen betalar Kunden for sitt forbruk avrekna etter avtalt forhold mellom avtalt fastpris og spotprisen som gjeld for NO5 (Vestlandet) sitt prisområde i den timen straumen blir brukt. Kostnaden vil då variere med kor mykje elektrisk energi ein brukar og spotprisen time for time. Det er per i dag fem prisområder (NO 1 – 5) i Noreg, og det kan være stor skilnad i spotpris i dei ymse prisområda. Spotprisen blir påverka av mellom
anna nedbør, vind, temperatur, produksjon og forbruk i området. Med kombinasjon av fastpris og spotpris vil ein få høve til sjølv i større grad å kunne styre storleiken
på straumkostnadane, innanfor 80 % av førre års forbruk, samstundes som ein får ein del av straumen levert til spotpris. Spotpris er den avtaletypa som svingar mest i pris, ettersom prisen kan være ulik kvar time . Spotprisen kan i periodar være enten dyrare eller billegare enn den inngått fastprisen.
Avtalen er bindande frå dato for avtaleinngåing og har 1 års bindingstid frå oppstart av levering etter avtalen. Sjå nærare om pris for brot på avtalen i punkt 12.
3.2 Prisar
Delprodukt fastpris: Avtalt mengde med fastpris gjeldande for avtaleperioden
Delprodukt spot: Gjeldande områdepris i område der Ål kommune ligg ( for tida NO5) per kWh (spotpris Nord Pool) time for time pluss meirverdiavgift
Fastbeløp: 0 kroner per målepunkt-ID per månad inklusive meirverdiavgift Påslag: 0 øre per kWh inklusiv meirverdiavgift
Elsertifikat blir dekt av leverandøren for kundar som ikkje er friteken for elsertifikat.
Nettleige kjem i tillegg til straumprisen og blir fakturert av kunden sitt lokale nettselskap (Hallingdal Kraftnett) eller ved gjennomfakturering. Sjå nærmare i punkt 3.3 nedanfor.
3.3 Fakturering
Fakturering skjer i etterkant av månaden basert på reelt eller estimert forbruk . Nærmare gitt av Leverandørens til ei kvar tid gjeldande faktureringsrutiner, og elles i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
Nettleige kjem i tillegg til straumprisen og blir fakturert av Kundens lokale nettselskap eller ved gjennomfakturering. Viss Fortum Strøm AS har ein avtale med Kundens nettselskap om gjennomfakturering, vil Leverandøren fakturere Kunden for nettselskapet sine fakturerte nett- tenester. Kunden gir Leverandøren og Fortum Strøm AS fullmakt til å hente inn nødvendig informasjon og gjere nødvendige tiltak for å få til eventuell gjennomfakturering av nett- tenester. Ei liste med nettselskap som Fortum Strøm AS har en avtale med finns på Fortum Strøm AS sine heimesider.
3.4 Reglar for betaling
Betalingsfrist faktura: 14 dagar etter fakturadato eFaktura: Gebyrfritt
Papirfaktura: 7 kroner per papirfaktura, inklusiv meirverdiavgift Leverandøren tilrår elektronisk fakturering (eFaktura). Dersom kunden ikkje
opprettar eFaktura, blir fakturaen tilsendt per post og det kjem til eit tillegg for papirfaktura i prisen. Det er ikkje tillegg ved den fyrste fakturaen.
Dersom Kunden ikkje betalar innan betalingsfristen, skal Kunden bli varsla skriftleg per e- post og SMS, eller per brev dersom Xxxxxx har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon. Det blir gitt minst ytterlegare 14 dagars betalingsfrist frå det tidspunkt då varselet vart sendt. Dersom Kunden innan denne tilleggsfristen på 14 dagar ikkje har betalt skyldig beløp, kan Leverandøren avslutte leveringa og avtala med øyeblikkeleg verknad ved melding til Kunden. Kunden skal i varselet bli gjort uttrykkeleg merksam på at straumleveringa blir avslutta dersom betalingsfristen ikkje blir halden.
Forseinkingsrente kjem i tillegg ved betaling etter forfall, som opplyst på faktura. Reglane for forseinkingsrente er gitt av forseinkingsrentelova. Inkasso skjer i samsvar med inkassolova.
3.5 Kommunikasjon med Kunden.
Standardval for kommunikasjon mellom Leverandør og Kunden er e-post og SMS, men Kunden kan reservere seg mot elektronisk kommunikasjon ved å kontakte Leverandøren sin Kundeservice.
Kontakt med Kundeservice Telefon: 00 00 00 00
E-post: xxx.xxxxxxxxx@xxxxxx.xxx
3.6 Handsaming av personopplysningar
Leverandøren samlar inn og handsamar Kundens personopplysningar som er nødvendig for å levere tenesta etter avtala. Leverandøren si personvernerklæring inneheld informasjon om korleis Leverandøren handsamar Kundens personopplysningar. Erklæringa er til ei kvar tid tilgjengeleg på fylgjande nettsider.
4. PARTANE SINE PLIKTER OG AVKLARINGAR VED BESTILLING . TIDSPUNKT FOR OPPSTART OG XXXX
4.1 Opplysningar før avtaleinngåing
Kunden skal gje dei opplysningar om anlegget som Leverandøren treng for at avtala skal kunne bli inngått . Det gjeld opplysningar om fødselsnummer, faktura- og anleggsadresse, målepunkt-ID og e-postadresse/mobilnummer. Kunden er sjølv ansvarleg for at Leverandøren til ei kvar tid har oppdaterte kontaktopplysningar om Kunden. Leverandøren skal legge til rette for at Kunden enkelt kan oppdatere og gje nødvendige opplysningar.
4.2 Kredittvurdering
Ved vurdering av om ein skal, og i kor stor grad ein skal, gje kreditt til kunden kan Leverandøren utanom offentleg tilgjengelege opplysningar nytte eigne kundeopplysningar og kredittopplysningsbyrå. Leverandøren kan avvise ei bestilling eller krevje at Kunden stiller midlar som ekstra sikkerheit . Dette gjeld dersom Xxxxxx ikkje blir funne å vere kredittverdig i tilstrekkeleg grad etter Leverandøren sine krav.
4.3 Leverandørbytte
Dersom inngåing av denne avtala fører til bytte av straumleverandør, skal Leverandøren på vegne av Kunden utføre eit leverandørskifte og Kunden si eksisterande straumavtale blir avslutta, med mindre anna er uttrykkeleg avtala. Kunden er sjølv ansvarleg for oppfylling av avtale med tidlegare straumleverandør før eventuelle konsekvensar av at tidlegare avtale blir sagt opp, for eksempel dersom oppseiinga utløyser brotgebyr etter den tidlegare avtala.
4.4 Startdato og for tidleg oppstart
I dei tilfella der Kunden har 14 dagar angrerett, dvs. når avtala er inngått ved fjernsal eller utanom faste forretningslokale (sjå punkt 9), kan ikkje startdato for levering av straum under avtala være før angrefristen har gått ut, med mindre Kunden uttrykkeleg, og på eit varig medium, ber om at leveringa skal starte opp før angrefristen har gått ut. Viss Xxxxxx ber om å starte opp før vanleg oppstart, eller Xxxxxx bestiller opp til og med 30 virkedager attende i tid, vil Xxxxxx være ansvarleg for rimelege kostnader fram til Kunden nyttar angreretten,
sjå punkt 9.3 tredje avsnitt.
5. MÅLE- OG AVREKNINGSFEIL. ETTEROPPGJER.
5.1 Avvik ved handtering av måledata eller avvik ved fakturering
Leverandøren avreknar forbruket etter forbruksdata mottatt frå Elhub. Ved avvik ved handtering av måledata, eller avvik ved fakturering som gjer at det er betalt for lite eller for mykje, kan Leverandøren eller Kunden krevje enten tilleggsbetaling eller tilbakebetaling i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
Etteroppgjer i form av tilleggsbetaling eller tilbakebetaling kan skje med verknad inntil tre år attende i tid, frå feilen vart oppdaga.
5.2 Feil på målar, feil måledata. Forholdet til nettselskapet
Kunden må rette krav om retting av feil ved måledata direkte til nettselskapet, som er ansvarleg for målinga. Kunden må sjølv be nettselskapet om ein eventuell kontroll av målar.
6. FLYTTING
Denne avtala gjeld berre for den spesifikke målepunktadressa og målepunkt-ID som vart avtala som leveransestad etter punkt 2 lenger oppe i avtala. Dersom Kunden flyttar, må Kunden inngå ein ny straumavtale for den nye leveransestaden (nytt målepunkt-ID). Kundar som ikkje ynsker å vidareføre avtalen på opprinneleg leveransestad må sei opp avtalen i tråd med avtale sine vilkår for oppseiing.
7. AVSLUTNING AV AVTALA
Denne avtalen kan seiast opp av Kunden utan grunngjeving med 14 dagers skriftleg varsel, og av Leverandøren med minst 30 dagars grunngitt, skriftleg varsel per e-post eller SMS. Dersom Kunden har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon, skal brev nyttast.
Avtalen sluttar automatisk frå det tidspunktet ein annan straumleverandør startar levering til Kunden, slik at Kunden ved eit slikt leverandørbytte ikkje treng å sei opp avtalen etter avsnittet over.
Partane kan heve avtalen med øyeblikkeleg verknad, dersom den andre parten vesentleg misligheld sine plikter etter avtala. Dette gjeld for Leverandøren berre dersom det er gitt skriftleg varsel til Kunden, gjort som vist i punkt 3.4.
For avtaler med avtaletid må det gis kompensasjon til Leverandøren som omtala i punkt 12 dersom avtala blir avslutta før avtala når slutt-tidspunkt.
Ved fullført avtaletid på avtala blir Kunden overført til produktet Ål Kraftverk Spotpris hvis Leverandøren ikkje har motteke melding om leverandørbytte til annan leverandør slutt- tidspunkt på avtalen.
8. OVERDRAGING AV AVTALE
Leverandøren kan overdra denne avtalen til ein annan straumleverandør gitt at den andre leverandøren sine vilkår vert vidareført. Kunden skal varslast minst 30 dagar før overdraging kan skje. Kunden kan uansett sei opp avtala med 14 dagars varsel gitt av punkt 7
fyrste avsnitt.
Kunden kan ikkje overdra avtala utan Leverandøren sitt samtykke.
9. ANGRERETT
9.1 Kundens rett til å gå frå (angre) avtala.
Dersom avtala er inngått ved fjernsal eller sal utanom faste forretningslokale, typisk ved sal over internett, på stand eller ved telefon- eller dørsal, har Kunden etter reglane i angrerettlova rett til å gå frå avtala innan 14 dagar utan å grunngje dette. Verknadene av at angrerett blir gjort gjeldande er regulert i angrerettlova. Angrefristen går ut 14 dagar rekna frå dagen etter avtala er inngått eller frå det tidspunkt Kunden har motteke informasjon om angrerett. I fristen blir alle kalenderdagar rekna med. Dersom fristen endar på ein laurdag, sundag eller heilagdag blir fristen forlenga til næraste verkedag.
9.2 Utøving av angrerett. Angreskjema
Dersom angrerett blir gjort gjeldande, må Kunden på ein eintydig måte, opplyse Leverandøren om at Kunden vel å gå frå avtala. Angreretten kan gjerast gjeldande ved å bruke standardisert angreskjema, men melding kan også bli gitt på annan måte, eksempelvis per e- post eller brev. Leverandøren sitt angreskjema kan lastast ned her, og er også lagt ved, ved avtaleinngåing eller ved stadfesting av ordre på varig medium.
Angring innan fristen blir vurdert som gyldig dersom Kunden har sendt melding før utløpet av angrefristen. Kunden har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande i tide, og meldinga bør difor sendast skriftleg.
9.3 Konsekvensar ved bruk av angrerett
Ved bruk av angreretten sluttar Kunden si plikt til å betale for framtidig straumlevering og Leverandøren si plikt til å levere straum.
Nyttar Kunden angreretten før leveringa har starta, blir bestillinga annullert.
I tilfelle der leveringa har starta og Kunden avsluttar avtala ved å vise til angrerett, vil Leverandøren avslutte leveringa etter Elhub sine marknadsprosessar, dvs. i løpet av tre verkedagar frå melding er motteken hjå Leverandør. Viss Kunden ikkje sørgjer for å inngå ny straumavtale med ein annan straumleverandør, vil nettselskapet levere straum til leveringsplikt. Det same gjeld der Kunden har bede om oppstartstidspunkt før bestillingstidspunktet, eksempelvis i samband med flytting, og nyttar seg av angrerett innanfor angrefristen utan å ha inngått ny straumavtale med annan leverandør. Viss Kunden uttrykkeleg og på eit varig medium har bede om oppstart av straumleveringa før angrefristen på 14 dagar har gått ut, og deretter har nytta angreretten, skal Kunden betale ein sum som står i forhold til det som er utført eller levert fram til leveransen vert avslutta.
10. ENDRINGER I PRIS OG VILKÅR
10.1 Prisjustering
Leverandøren kan justere prisen på produktet (påslag og/eller fastbeløp og/eller fakturagebyr) som fylgje av marknadsmessige forhold, auka kostnader eller endringar som fylgjer av lov eller forskrift.
10.2 Endringar i andre vilkår
Leverandøren kan gjere endringar i vilkåra dersom endringar er til einsidig gunst for Kunden, eller dersom endringar er nødvendig som fylgje av krav i lov eller forskrift. Leverandøren kan òg endre vilkåra i avtala til ugunst for Kunden. I slike tilfelle har Xxxxxx rett til å gå frå avtala med skriftleg varsel seinast tre verkedagar før tidspunktet endringane trer i kraft , sjå punkt 10.3 nedanfor.
10.3 Varsel om endringar i vilkår og pris
Endring i pris eller avtalevilkår kan tidlegast tre i kraft 30 dagar etter at skriftleg varsel er sendt direkte til Kunden. Varselet skal innehalde opplysningar om at Kunden, for ikkje å bli bunden av nye vilkår, må sei opp avtala seinast tre verkedagar før tidspunktet der endringane trer i kraft. Varselet skal òg innehalde ei påminning om at Kunden uansett kan sei opp avtala med 14 dagars skriftleg varsel etter varselets dato, også etter at endringane er gjort gjeldande.
11. TVISTAR
11.1 Klage til Elklagenemnda. Domstolshandsaming.
Viss det oppstår ein tvist mellom Kunden og Leverandøren, kan Kunden bringe tvisten kostnadsfritt inn for Elklagenemnda, eller domstolane. Elklagenemndas avgjersle er rådgivande, og ikkje rettsleg bindande for partane. Ved avgjersle som gir Kunden heilt eller delvis medhald, skal Leverandøren gje grunngjeve melding til Kunden og nemnda innan 30 dagar dersom praksis ikkje vil bli endra slik som avgjersla seier.
11.2 Konsekvensar/saksgang ved klage til Elklagenemnda
Så lenge ei sak er til handsaming i Elklagenemnda, kan ikkje ein part bringe saka inn for dei alminnelege domstolane. Dette gjeld likevel ikkje dersom det har gått meir enn seks månader frå klaga er motteken og nemndas sekretariat endå ikkje har lagt frem saka for handsaming i nemnd. Ei sak blir sett for å være til handsaming frå det tidspunktet nemnda tok i mot klaga. Ei sak som har vore handsama i nemnda, kan sendast inn til tingretten utan fyrst å bli handsama i forliksrådet.
11.3 Lovval
Vilkåra i denne avtalen er underlagt og skal tolkast i samsvar med norsk rett.
12. FLYTTING, FRIKJØP FRÅ AVTALE MED FASTPRIS OG/ELLER TIDSMESSIG LENGDE . (VARIGHEIT)
Avtale med fastpris og/eller gitt lengde (varigheit) skal gjelde for det tidsrom som er fastslått i avtala. Dersom Kunden flyttar før avtaleperioden er gått ut, har Kunden rett til å vidareføre avtalen på si nye adresse, så sant denne er innanfor Ål kommune sine kommunegrenser.
Kunden må gje Leverandøren beskjed om at avtalen skal vidareførast, og informere om ny adresse og målepunkt-ID. Ved fastprisavtaler har kunde berre rett til å vidareføre avtalen dersom ny adresse er innanfor Ål kommune. Fastprisavtalen kan vidareførast til andre målepunkt kunden måtte ha innanfor Ål kommune, gitt at opprinnelege kontraktsvilkår blir oppretthaldne.
Dersom Kunden ikkje ynskjer å fullføre avtaleperioden, skal Kunden gis høve til frikjøp. Frikjøp frå avtaleforplikting føreset at det blir ytt kompensasjon til Leverandøren for at avtalen blir avslutta før avtalen går ut.
Frikjøpssummen (termineringskostnaden) blir fastsett einsidig av Leverandøren på slik måte:
Som differansen mellom restverdien av fastprisen og marknadsverdien av det attverande fastprisvolumet på tidspunktet avtalen kjem til opphøyr. Marknadsverdien av resterande fastprisvolum blir sett basert på Bid priser for tilgjengelege futureskontrakter frå straumbørsen Nasdaq for den aktuelle tidsperioden. I tilfelle der marknadsverdien av resterande fastprisvolum overstig restverdien av fastprisen, vil kunde ha krav på å bli godskrive differansen. I tillegg blir det fakturert administrasjonskostnad med NOK 3750,- pr målepunkt.
13. MOTSTRID
Ved ei eventuell motstrid mellom lover og forskrifter og vilkåra i denne avtala, skal lover og forskrifter ha forrang.