Tenesteavtale 8
Tenesteavtale 8
Mellom … kommune og Helse Fonna HF
Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for gravide og fødande
Innhald
4 Organisering, oppgåve- og funksjonsfordeling 4
4.2.2 Helseføretaket sitt ansvar 5
5 Handtering av avvik, evaluering, kvalitetsutvikling, usemje, tvist, misleghald, iverksetjing, revisjon og oppseiing 6
Denne avtalen er inngått mellom … kommune og Helse Fonna HF, heretter føretaket.
Tenesteavtalen skal sikre at gravide og barselkvinner i kommunane får samanhengande tenester som er forsvarlege og av god kvalitet i alle ledd. Avtalen har som formål å avklare kva for helse- og omsorgsoppgåver partane har ansvar for, og kva for tiltak partane til ei kvar tid skal utføre. Tenesta skal kjenneteiknast av god koordinering mellom dei ulike nivåa.
Denne avtalen omhandlar i hovudsak samarbeid om svangerskaps- og barselomsorga. For dei kommunane der det er krav til følgjeteneste for gravide, skal det inngåast eigen særavtale som omhandlar dette.
Det er ei målsetjing at partane i lag skal utvikle ei desentralisert og differensiert svangerskaps- og barselomsorg. Områdeplanen for Helse Fonna beskriv korleis partane skal nå måla.
• Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (LOV-2011-06-24-30)
• Lov om spesialisthelsetenester (LOV-1999-07-02-61)
• Overordna samarbeidsavtale mellom Helse Fonna og kommunane med tenesteavtalar
• Nasjonal rettleiar: Samhandlingsreforma – Lovpålagde samarbeidsavtalar mellom kommunar og regionale helseføretak / helseføretak (HOD)
• Stortingsmelding nr. 12 (2008–2009) ”En gledelig begivenhet”
• Helsedirektoratet, rettleiar ”Kvalitetskrav til fødselsomsorga” (2010)
• Utviklingsstrategi for jordmortjenesten (2010)
• Områdeplan for svangerskaps-, fødsel- og barselomsorg i Helse Fonna
• Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen, helsedirektoratet, 2014
• Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon
• Nasjonale faglige retningslinjer for undersøkelse av syn, hørsel og språk hos barn, IS-1235
• Oppfølging av for tidlig fødde barn, IS-1419 Opplistinga er ikkje uttømmande.
4 Organisering, oppgåve- og funksjonsfordeling
Felles jordmortenester og eventuelt kjøp av jordmortenester blir regulert i eigne avtalar.
• å følgje opp gravide i samsvar med nasjonale føringar
• å definere friske gravide og gravide med risiko for komplikasjonar
• å tilvise risikogravide til spesialisthelsetenesta
• å sikre at den gravide får munnleg og skriftleg informasjon om tenestetilbodet på den første kontrollen i svangerskapet
• å sørgje for at føretaket har oppdaterte adresselister lister over tilsette jordmødrer, helsesøstrer og helsestasjonar i kommunen
• å legge til rette for at alle jordmødrer i kommunen kan hospitere to dagar annakvart år på sjukehus. Dette inngår som ein del av kommunejordmortenesta.
• Å legge til rette for at dei jordmødrene som tek del i følgjetenesta for gravide, får ei utvida hospiteringsordning (sjå særavtale om følgjetenesta). Jordmor i kommunen avtalar med fødeeininga eit eigna tidspunkt for hospitering, og ein tek sikte på individuell tilpassing når det gjeld hospiteringsstad (poliklinikk, fødeeining eller barseleining), jf. «Kvalitetskrav til fødselsomsorga».
• å følgje opp risikogravide
• å utarbeide seleksjonskriterium for oppfølging på spesialistnivå, og kontinuerleg kommunisere rutineendringar til kommunehelsetenesta
• å arrangere årlege fagdagar (emnekurs) for legar, jordmødrer, barnepleiarar og helsesøstrer, der undervisningsjordmor i føretaket i samarbeid med andre faggrupper har ansvar for eit slikt initiativ
• leggje til rette for at informasjon om fagdagar går direkte frå føretaket til leiar av helsestasjon og jordmortenesta i kommunen
• å sørge for å oppretthalde godkjenning som mor- og barnvennleg sjukehus
• å leggje til rette for hospiteringsordningane
• å arrangere eit årleg perinatalmøte for jordmødrer, helsesøstrer, fødselslegar, fastlegar og barnelegar i samarbeid med perinatalkomiteen i Helse Vest-området
Oppfølging av gravide med risikofaktorar skal skje gjennom eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
• Det skal leggjast til rette for møte mellom fødeeining og helsestasjonane to gonger i året. Her bør helsesøster, jordmor og fastlege vere representert.
• Kommunen og føretaket pliktar å ta i bruk elektronisk meldingssystem for melding om fødsel når det ligg føre.
• Informasjon om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga skal vere kjent for den gravide. Dette skal sikrast både gjennom helseføretaket sine nettsider og tilsvarande i den kommunale nettsida samt ved skriftleg informasjon.
• Føretaket og kommunen har i fellesskap ansvar for kompetanseheving. Dette skal organiserast ved dialogmøte, emnekurs, hospiteringsordning og perinatalkomitédag.
• leggje til rette for at jordmor, helsesøster og fastlege kan ta ansvar for oppfølging i barseltida.
• å sørgje for jordmortenester til barselkvinner ved tidleg utreise frå sjukehus
• å sørgje for at jordmor i kommunen har kompetanse i å ta nyfødtscreening og høyrselstest av barnet, kompetanse i oppfølging av gulsott og til å kunne gje tilbod om tidleg heimebesøk
• leggje til rette for tidleg kontroll av jordmor som kan observere barselkvinna både fysisk og psykisk
• BCG-vaksinering av nyfødde, der éin eller begge foreldra kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
• leggje plan for at alle helsestasjonar vert ammekyndige helsestasjonar
4.2.2 Helseføretaket sitt ansvar
• gi god barselomsorg og oppfølging så lenge mor og barn er på sjukehuset, og når det er behov for spesialisthelseteneste i barseltida
• gi opplæring til jordmor i kommunen i screening av nyfødde og testing av høyrsel på førespurnad
• gi tidleg varsel til helsestasjon ved utskriving med oppdatert kontaktinformasjon for å hindre tidsspille i kontakt med familien.
• kontakte helsestasjonen når det er familiar som har behov for auka merksemd
Kommune og føretak har felles ansvar for ein trygg overgang frå sjukehus til heim. Partane skal leggje til rette for god kommunikasjon mellom føde-/barselavdeling og helsestasjon slik at dei kan utveksle informasjon om gravide og familiar som trenger ekstra oppfølging.
Desse tilhøva blir regulert i overordna samarbeidsavtale.
Avtalen gjeld frå signeringsdato og erstattar alle tidlegare utgåver av tenesteavtale 8.
Avtalen skal signerast av begge partar.
Stad og dato: | Stad og dato: |
For kommunen: | For Helse Fonna HF |