Finansreglement Surnadal kommune
Finansreglement Surnadal kommune
Utarbeida av administrasjonen 15.06.2021 Vedteke i Kommunestyre 16.09.2021
Innhald
1 Reglement for finansforvaltning 2
4.2 Plassering av midlar til langsiktig forvaltning Feil! Bokmerke er ikke definert.
4.4 Plassering av ledig likviditet som er til disposisjon innanfor årsbudsjettperioden. 6
4.6 Rapportering og kontroll 7
1 Reglement for finansforvaltning
Etter kommunelova §14-2 har kommunar og fylkeskommunar plikt til å vedta reglar for finansforvaltninga (finansreglement).
Kommunelova § 14-13 angir bestemmelsar om finans – og gjeldsforvaltninga, rapportering og dokumentasjonskrav overfor avtaleparten.
At kommunane skal forvalte finansielle midlar og gjeld på ein måte som ikkje inneber vesentleg finansiell risiko, blant anna slik at påløpte forpliktelsar kan betalast ved forfall, er teke inn i kommunelovas § 14-1, 3. ledd.
Utover dette er det viktig at et reglementet er tilpassa den kompetanse og den ressursbruk som ein anser det naturleg for ein kommune å bruke på finans- og gjeldsforvaltninga.
Forskrift 18.11.19 nr. 1520 om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning i kommunar og fylkeskommunar kapittel 2 sett krav:
• til innhaldet i finansreglementet
• om kvalitetssikring av finansreglementet og rutiner for finans- og gjeldsforvaltninga
• til innhaldet i kommunedirektørens rapportar til kommunestyret og fylkestinget.
Kva reglementet skal innehalde er nærare omskrive i § 14-13:
Finansreglementet skal inneholde bestemmelser som hindrer kommunen eller fylkeskommunen i å ta en vesentlig finansiell risiko i finans- og gjeldsforvaltningen, og som sikrer at løpende betalingsforpliktelser kan innfris ved forfall. Finansreglementet skal også inneholde bestemmelser om hvilke avkastningsmål som skal ligge til grunn for finansforvaltningen.
Hvis det avdekkes avvik fra finansreglementet, skal det iverksettes nødvendige tiltak. Hvis det er nødvendig for å unngå vesentlig finansiell risiko, blant annet for å sikre at løpende betalingsforpliktelser kan innfris, skal kommunestyret eller fylkestinget selv endre finansreglementet.
Kommunedirektøren skal minst to ganger i året rapportere til kommunestyret eller fylkestinget om forvaltningen av finansielle midler og gjeld. I tillegg skal kommunedirektøren etter årets utgang legge fram en rapport som viser utviklingen gjennom året og status ved utgangen av året.
Før kommuner og fylkeskommuner inngår avtaler, skal de dokumentere overfor avtaleparten at avtalen ikke innebærer vesentlig finansiell risiko i strid med § 14-1 tredje ledd.
En avtale som innebærer vesentlig finansiell risiko, er ikke gyldig hvis kommunens eller fylkeskommunens avtalepart forsto eller burde ha forstått dette.
Departementet kan gi forskrift om finansreglementets innhold og innholdet i rapporteringen, og krav om kvalitetssikring av finansreglementet og rutinene for finans- og gjeldsforvaltningen.
Finansreglementet skal ivareta grunnprinsippet i målsettingane i kommunelova om å leggje til rette for ei forvaltning som gjev til tillit gjennom høg etisk standard og rasjonell og effektiv forvaltning av dei kommunale fellesinteressene.
Gjennom plikta til å utarbeide et finansreglement er ansvaret for forvaltninga lagt til kommunestyret. I dette ligg at kommunestyret må ta stilling til kva som vil være tilfredsstillande avkastning utan vesentleg risiko, samt ansvaret for å følge opp forvaltninga av finansielle midlar og gjeld.
Dei generelle krava er viktig for å bevisstgjere kommunane i høve risiko og eigarskap til forvaltninga av finansområdet. Det er lagt til grunn at det må gjerast lokale vurderingar av risiko og forsvarleg handsaming innan finansområdet, på same vis som for økonomiområdet.
Reglene for kva finansreglementet skal omfatte, er avgrensa til å gjelde forvaltning av langsiktige og kortsiktige finansielle midlar, samt likviditet og gjeld.
Lånte midlar skal over tid gi lågast mogleg totalkostnad innafor definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko, medrekna behovet for føreseielege lånekostnader. Forbodet mot å inngå avtalar som fører med seg vesentleg finansiell risiko gjeld og for låneavtaler.
Sjølv om alminnelige låneavtalar i seg sjølv normalt ikkje vil utgjere vesentleg finansiell risiko, kan slik risiko oppstå dersom det i heile låneportefølja er store forfall innan ein kort periode.
Etter kommunelova skal økonomiforvaltninga være innretta slik at kommunen til ei kvar til kan betale gjelda si ved forfall.
Kvar kommune bør gjere sine eigne vurderingar i høve finansiell og økonomisk risiko i utlåna sine og korleis forpliktelsar ved forfall dekkjast inn. I ei slik vurdering bør ein ta omsyn til likviditet, behaldninga av fond og generell økonomisk berekraft.
Før kommunen inngår avtaler, skal dei dokumentere overfor avtaleparten at avtalen ikkje inneber vesentleg finansiell risiko.
Kommunen skal forvalte midlane sine slik at tilfredsstillande avkastning kan oppnåast, utan at det inneber vesentleg finansiell risiko, og under omsyn til at kommunen skal ha midlar til å dekkje sine betalingsplikter ved forfall.
Målet med reglementet er å gi rammer og retningsliner for korleis forvaltninga av finansporteføljen til kommunen skal skje, gjennom å definere det risikonivået som er akseptabelt for plasseringar og låneopptak.
Målsetjinga for finansforvaltninga er å ivareta grunnprinsippet til formålsparagrafen i kommunelova om å utnytte kommunen sine tilgjengelege ressursar optimalt
- med sikte på å kunne gi eit best mogleg tenestetilbod.
- sikre at ein på førehand i stor grad kjenner kommunen si finansielle stilling
- skal bidra til stabilitet og langsiktig tenking.
Kommunen skal ha ein låg til moderat risikoprofil med fokus på å redusere i kva grad endringar i finansmarknadene vil verke inn på den finansielle stillinga til kommunen. Forklaringar på dei ulike risikoelementa innan finansforvaltninga:
1. Kredittrisiko. Risiko for tap som følgje av at låntakar eller motparten i ein kontrakt held opp å innfri forpliktinga si.
2. Likviditetsrisiko. Risiko for at eigedelar ikkje kan omsetjast nær marknadsverdi i løpet av ein avgrensa tidsperiode.
3. Finansieringsrisiko. Risiko for ikkje å kunne finansiere lånebehova sine.
4. Renterisiko. Risiko for endring av verdien på eigedelar, gjeld, eigenkapital som følgje av endringar i renta.
5. Valutarisiko. Risiko for endring av verdien på eigedelar, gjeld, eigenkapital som følgje av endringar i valutakursar.
6. Administrativ/operasjonell risiko. Risiko for at kommunen internt (eller motpart i transaksjonar) ikkje har tilstrekkeleg kompetanse/bemanning, system, rutinar, eller ressursar generelt til å gjennomføre kommunen si vedtekne finansforvaltning.
7. Risiko i aksjemarknaden. Risiko for at aksjemarknaden eller det aktuelle investeringsobjektet vil stige eller falle - både på kort eller lang sikt.
Kommunen si finansforvaltning skal drivast slik at kommunen ikkje blir påført vesentleg risiko. I valet mellom auka avkastning og redusert risiko skal ein velje redusert risiko.
Kommunestyret fattar vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret, normalt som ein del av budsjettvedtaket. Med utgangspunkt i kommunestyrets vedtak skal det gjennomførast låneopptak, godkjenning av lånevilkår, og forvaltning av kommunens innlån etter de retningsliner som framgår av dette reglementet, og i tråd med Kommunelova § 14-14, § 14-15, § 14-16 og § 14-17 om låneopptak. Det kan og takast opp lån til å refinansiere eksisterande gjeld.
Det kan berre takast opp lån i norske kroner. Låna kan vere direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar, samt i livselskaper. Kommunen skal fortrinnsvis prioritere finansinstitusjonar som er tydelege på berekraft.
Det kan òg leggjast ut lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden. Lån kan takast opp som rammelån og utan avdrag. Der investeringsprosjekta innfrir til det skal det søkjast om grøne lån.
Styringa av låneporteføljen skal primært gjennomførast med tanke på å oppnå den ønskte utviklinga for netto renteutgifter til kommunen. Det skal ved opptak av lån alltid hentast inn tilbod frå minst to finansieringsinstitusjonar.
Generelt skal følgjande gjelde:
1. Eitt enkelt lån skal ikkje utgjere meir enn 20 % av den samla låneporteføljen.
2. Lån med forfall inntil 1 år fram i tid skal maksimalt utgjere 50 % av den samla låneporteføljen.
3. Inntil 75 % av lån med forfall inntil 3 år fram i tid kan takast opp i sertifikat eller obligasjonar.
4. Lån kan takast opp som opne serielån med eller utan avdrag før forfall.
Renteutviklinga skal følgjast kontinuerleg for å vurdere binding av lån. For å redusere renterisikoen bør minst 20% av kommunen sitt innlån vere til fast rente.
Med midlar til langsiktig forvaltning meiner ein kapital som ikkje inngår i likviditetsreserven eller er disponert til bruk i årsbudsjettet. Ved plassering av midlar til langsiktig finansiell forvaltning skal den finansielle risikoen vere låg.
Langsiktig finansiell kapital kan, forutan i bankinnskot, plasserast i pengemarknads-, obligasjons- eller aksjefond inkl. garanterte plasseringar/indeksobligasjonar.
Samla maksimum plassering i pengemarknads- og obligasjonsfond er 50% av aktuell kapital.
Maksimum plassering i aksjefond er 40% av kapitalen. Midlar plasserte i aksjefond skal ha ein tidshorisont på minst 5 år.
Aksjefond skal spreiast på norske, nordiske og/eller fond med minst 60% europisk plassering. Ingen fondstype skal ha meir enn 50% av plasseringa.
Ved kursoppgang på minst 10% netto i eit aksjefond kan gevinsten takast ut og plasserast på eit "gevinstfond" i bank. Gevinstfondet skal ikkje disponerast før det utgjer minst 10% av den samla plasseringa i aksjefond.
Målsettinga med plassering av overskotslikviditet er å oppnå ei høgare avkastning enn normal bankrente i hovudbankavtalen, samt over tid ei høgare avkastning enn norske statsobligasjonar (ST1X).
Som berekraftskommune skal ein gå føre og vise retning med investeringsporteføljen. Kommunen skal fortrinnsvis investere midlar i fornybar energi samt sirkulærøkonomi, og støtte framtidsretta næringar som sikrar menneskerettighetar og gode arbeidsvilkår.
4.3 Plassering av ledig likviditet som er til disposisjon innanfor årsbudsjettperioden.
Likviditetsreserven består av innlånte pengar som ikkje skal til utbetaling straks, ubrukte lånemidlar frå tidlegare år og anna kortsiktig overskotslikviditet.
Den likviditetsreserven som trengst for dagleg drift de neste 30 dagar skal alltid plasserast i bank. Ubrukte lånemidlar kan plasserast i aksje og obligasjonsmarknaden ( sjå punkt 1-6)
Bankinnskot kan gjerast i norske finansinstitusjonar og utanlandske finansinstitusjonar som er etablert i Norge. Dersom samla bankinnskot overstig 50 millionar kroner, skal kommunen spreie innskota sine på minst to finansinstitusjonar slik at innskot i ein bank aldri overstig 50 mill. kroner.
Ved plassering av pengar i andre porteføljar skal den finansielle risikoen vere låg. Kommunen kan i tillegg til bank plassere sin ledige likviditet i:
1. Sertifikat og obligasjonar utstedt av Den norske stat eller garanterte av Den norske stat inkludert statsføretak.
2. Sertifikat og obligasjonar utstedt av norske kommunar og fylkeskommunar, eller sertifikat og obligasjonar garanterte av kommunar eller fylkeskommunar.
3. Sertifikat og obligasjonar utstedt av norske finansinstitusjonar og sertifikat og obligasjonar garanterte av norske finansinstitusjonar.
4. Ved tilbakekjøpsavtalar (repo-forretning) i verdipapir nemnde i 1 - 3, under føresetnad av at forretninga blir gjord med ein motpart som har ei kredittrating tilsvarande Standard & Poors2 BBB- eller betre.
5. Sertifikat og obligasjonar utstedt av norske føretak med ei kredittrating tilsvarande Standard & Poors BBB- eller betre.
6. Pengemarknads-/obligasjonsfond forvalta av forvaltningsselskap som er etablerte i Norge.
Maksimalt 10 % av samla overskotslikviditet kan plasserast som nemnt i punkt 5 og må vere fordelt på minst to tilbydarar og vere innanfor maksimalt 10% av emisjonsbeløpet. Lån til investeringar i budsjettåret kan berre plasserast i pengemarknads- eller obligasjonsfond med kort durasjon inntil dei skal disponerast.
Innanfor dei generelle retningslinene som følgjer av dette dokumentet, blir Kommunedirektøren gitt slike fullmakter:
1. Gjennomføre opptak av lån etter lovleg vedtak fatta av kommunestyret.
2. Gjennomføre refinansiering av eksisterande lån når som helst ut frå ei aktiv strategisk finansforvaltning.
3. Godkjenne nye rentevilkår på forfalne lån.
4. Stå føre den daglege forvaltninga av kommunen sine likvide midlar, under dette:
- bestemme samansetjinga av aktuell portefølje.
- inngå avtale om kjøp og sal av verdipapir.
- inngå avtalar om kjøp og sal av delar i verdipapirfond.
- gjere plasseringar på særvilkår.
5. Inngå avtale om ekstern bistand til styrking av kommunen sin finanskompetanse, under dette:
- avtalar om generell finansiell rådgjeving
- avtalar om forvaltning av delar av kommunen sine likvide midlar og kommunen sin gjeldsportefølje (aktiv forvaltning).
Kommunedirektøren er ansvarleg for at alle finansdokument med tilhøyrande dokumentasjon blir arkiverte og oppbevarte på ein forsvarleg måte.
Finansforskriftas §8 inneheld krav til kommunedirektørens si rapportering til kommunestyre. Rapportane skal:
• Vise hvordan de finansielle midlene er sammensatt og markedsverdien av dem, både samlet og for hver gruppe av midler
• Vise hvordan de finansielle forpliktelsene er sammensatt og verdien av dem, både samlet og for hver gruppe av forpliktelser
• Opplyse om de finansielle forpliktelsenes løpetid, og om verdien av lån som forfaller og må refinansieres innen 12 måneder
• Opplyse om aktuelle markedsrenter og kommunens egne rentebetingelser
• Opplyse om forhold som kommunestyret har stilt krav om at det skal opplyses om
Formål med rapportering er å informere om dei faktiske resultata til finansforvaltninga, og om finansforvaltninga si eksponering i forhold til dei rammer og retningslinjer som er fastsette.
Den ordinære årsmeldinga skal innehalde ein eigen omtale av korleis kommunen sin finansportefølje har blitt forvalta i det aktuelle rekneskapsåret.
Her skal også vesentlege endringar i samansetjinga og risikoprofilen til finansporteføljen presenterast særskilt. Omtalen skal innehalde ei evaluering av porteføljen si avkastning i forhold til relevant samanlikningsindeks. Utover dette skal kommunestyret i kvartalsrapporteringa informerast om finansporteføljen si utvikling og risikoeksponering. Rapporten skal innehalde:
• Oversikt over fordeling av gjelda på lånetype, løpetid, renteutvikling og låneinstitusjon.
• Oversikt over plassering av ledig likviditet med fordeling på aktivaklasse og vilkår.
• Oversikt over plassering av langsiktig finansielle aktiva med fordeling på aktivaklasse og vilkår.
• Ein omtale av forventa utvikling i marknaden fram til neste rapporteringstidspunkt og kva konsekvensar Kommunedirektøren trekkjer av dette.
Ved vesentlege endringar i finansmarknadene som gjer at det er nødvendig med store tilpassingar av finansporteføljen, skal formannskapet ha orientering straks.
Kommunestyret er pålagt gjennom garanti – og finansforskrifta å innhente ei ekstern vurdering av om finansreglementet er i tråd med gjeldande kommunelov og tilhøyrande forskrifter. Det skal og innhentast ekstern vurdering av rutinane for vurdering og handtering av finansiell risiko, samt rutinar for avdekking av avvik frå reglementet.
Ansvaret for at ekstern vurdering innhentast ligg til kommunedirektøren.
Det er kommunedirektørens ansvar å utarbeide rutinar for finansforvaltninga, og følgje opp disse. Finn ein avvik mellom den faktiske finans – og gjeldsforvaltninga og rammene i finansreglementet skal avvika lukkast snarast.
Slike avvik skal kommenterast særskilt i finansrapporteringa. Kommentaren skal innehalde opplysningar om konsekvens og naudsynte tiltak for å unngå liknande avvik i framtida.