Fornybar Norges standardvilkår for nettleige og tilknyting for forbrukarkundar
Fornybar Norges standardvilkår for nettleige og tilknyting for forbrukarkundar
Energi Norges standardvilkår for nettleige og tilknytning for Forbruker
Energimontør Xxxxx Xxxxxxxxx Fotograf: Xxxx Xxxxxxxx, VisualDays AS
Desse standardvilkåra er berekna til bruk ved tilknyting og levering av nettenester til forbrukarar (hushald/fritidsbustader) i samsvar med definisjonen av forbrukar i forbrukarkjøpslova. Standardvilkåra av 2020 avløyser den tidlegare standardavtala av 2007. Behovet for oppdaterte vilkår er først og fremst utløyst av endringar i ei rekkje forskrifter, gjevne av styresmaktene ved Olje- og energidepartementet (OED), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og Justervesenet.
Desse standardvilkåra gjeld mellom Nettselskap og Kunde frå det tidspunktet dei er kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 17 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra). Standardvilkåra består av to delar/avtaler:
Nettleigevilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og Xxxxxx.
Tilknytingsvilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som skal knytast til eller er knytt til overføringsnettet.
For forbrukarar/hushaldskundar er Anleggseigar og Kunde ofte same person, med mindre det eksisterer eit leigeforhold. Enkelte omgrep er forklarte nærare i ei eiga definisjonsliste som er lagd ved bakarst. For både nettleigevilkår og tilknytingsvilkår gjeld følgjande definisjon av aktørar:
Aktør |
Rolle |
Nettselskap
|
Selskap som har områdekonsesjon etter energilova § 3-2 og eig det elektriske nettet (overføringsnettet) som anlegget til nettkunden er knytt til.
|
Kunde |
Forbrukar som får elektrisk energi hovudsakleg til hushald/fritidsbustad via overføringsnettet til Nettselskapet (regionalt og/eller lokalt distribusjonsnett)
|
Anleggseigar |
Den juridiske eininga (selskap eller fysisk person) som eig ein eigedom med elektriske installasjonar som er knytt til overføringsnettet til Nettselskapet
|
Elklagenemnda |
Klageinstans for både nett- og tilknytingsvilkår, særleg knytt til privatrettslege reglar (f.eks. forbrukarkjøpslova)
|
Regulerings- myndigheita for energi (RME) |
Klageinstans for både nett- og tilknytingsvilkår knytt til offentlegrettslege krav som følgjer av energilova med forskrifter |
STANDARD
VILKÅR FOR NETTLEIGE
INNHALD
STANDARD VILKÅR FOR NETTLEIGE 3
1 DEI SOM VERT OMFATTA AV NETTLEIGEVILKÅRA 7
2 ETABLERING AV KUNDEFORHOLDET 7
4 VERKEOMRÅDE OG FØRESETNADER I NETTLEIGEVILKÅRA 8
4-2 Føresetnaden for nettleigevilkåra 8
4-3 Avgrensing i bruk av nettet ved ekstraordinære forhold 9
5-1 Installasjon og drift av måleutstyr 9
5-5 Meirforbruk som følgje av feil i Kunden sitt anlegg/installasjon 11
6 AVREKNING, PRIS- OG BETALINGSVILKÅR 11
6-1 Betalingsplikt og sikkerheitsstilling 11
6-2 Utrekning og betaling av nettleige 12
6-3 Endring i tariffar og betalingsvilkår 12
7 STENGING AV KUNDEN SITT ANLEGG 13
7-2 Prosedyrar for stenging 13
7-3 Gjenopning av stengt anlegg 14
7-4 Erstatningsansvar ved rettmessig stenging 14
8 TILKOPLING OG FRÅKOPLING AV INSTALLASJONEN 14
8-1 Tilkopling og fråkopling 14
8-2 Fråkopling utan nærare varsel 15
8-3 Utkopling etter nærare varsel 15
12 OPPSEIING AV KUNDEFORHOLDET 16
12-2 Avrekning ved oppseiing 17
13 KUNDEN SINE KRAV VED FORSEINKING OG MANGEL 17
13-3 Kunden sine krav ved forseinking eller mangel 17
13-4 Utbetaling til Xxxxxx ved svært langvarige avbrot 17
14-1 Nettselskapet sitt erstatningsansvar 18
14-2 Opplysingsplikt ved avbrot og spenningsvariasjonar 18
14-5 Plikt til å avgrense tapet. Lemping av ansvar 19
14-6 Kunden sitt erstatningsansvar 19
15 NYTT KUNDEFORHOLD INNAN SAME HUSSTAND 19
17 ENDRINGAR I STANDARD NETTLEIGEVILKÅR 20
1 GENERELT OM TILKNYTINGSVILKÅR 21
2 BESTILLING OG GODKJENNING AV TILKNYTING 21
2-1 Kundeforholdet og inngåing av tilknytingsvilkår 21
2-2 Bestilling av tilknyting 21
2-3 Stadfesting av bestilling 22
2-4 Føresetnader for tilknyting 22
2-5 Overdraging av elektrisk installasjon 22
2-6 Drift og vedlikehald av Xxxxxx sine installasjon(ar) 22
3 FRAMFØRING OG PLASSERING AV OVERFØRINGSNETT 23
3-1 Erverv av rettar til grunn for leidningsframføring 23
3-2 Nettrasé og plassering av nødvendig utstyr 23
3-3 Framføring av overføringsnett til installasjonseigar sitt eige bruk 24
3-4 Framføring av overføringsnett /stikkleidning til andre 24
3-5 Plassering av nettstasjonar 24
3-6 Tilgang til overføringsnett og installasjon 24
3-7 Bruk av arbeidsmaskiner nært elektriske anlegg 25
3-8 Informasjonsplikta til installasjonseigar/grunneigar/festar 25
3-9 Skade på Nettselskapet sin eigedom 25
3-10 Flytting eller fjerning av leidningar/nett 25
7 FRÅKOPLING OG TILKOPLING AV INSTALLASJONEN 28
7-1 Fråkopling og tilkopling 28
7-2 Fråkopling utan nærare varsel 28
7-3 Utkopling etter nærare varsel 29
8-1 Kunden sine krav ved mangel 29
8-2 Nettselskapet sitt erstatningsansvar 30
8-3 Installasjonseigar sin medverknad 30
9 ENDRING AV TILKNYTINGSVILKÅR 30
9-1 Endring av standard tilknytingsvilkår 30
1 DEI SOM VERT OMFATTA AV NETTLEIGEVILKÅRA
Nettleigevilkåra regulerer forholdet mellom Nettselskapet som leverandør av nettenester og Kunden som brukar av nettenester.
Nettselskapet kan overlate til tredjepart å utføre tenester i samsvar med gjeldande lovføresegner og forskrifter til energilova.
Ektefellar heftar for felles opparbeidd gjeld i samsvar med ekteskapslova § 41.
2 ETABLERING AV KUNDEFORHOLDET
Overføring av elektrisk energi frå Nettselskap til Kunde vert regulert både av privatrettslege reglar, eksempelvis forbrukarkjøpslova (LOV-2002-06-21-34) og offentlegrettslege krav/reglar, slik som energilova med forskrifter (LOV-1990-06-29-50) og nettleigevilkåra. Ved motstrid mellom nettleigevilkåra og ufråvikelege lover, skal reglane i lova gå framfor. Dette gjeld derimot berre dersom reglane i nettleigevilkåra kan seiast å stille Kunden dårlegare enn det som følgjer av slike lover og forskrifter.
Dersom anlegget først og fremst vert bruka til næringsverksemd, er det Nettselskapet sine nettleigevilkår for næringsverksemd som regulerer forholdet mellom Nettselskapet som leverandør av nettenester og Kunden som brukar av nettenester.
Standard nettleigevilkår gjelder frå bestilling eller automatisk når Kunden tek det aktuelle anlegget i bruk. Nettselskapet skal ha dei til kvar tid gjeldande nettleigevilkåra tilgjengeleg for Kunden på hensiktsmessig måte, eksempelvis på heimesida til Nettselskapet på internett. Nettleigevilkåra kan også sendast til Kunden digitalt ved førespurnad.
Dersom Kunden ikkje har valt kraftleverandør, går ein ut ifrå at brukaren har godteke og samtykt i Nettselskapet sine vilkår for levering av kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt i forskrift om måling, avrekning og fakturering m.m. (FOR-1999-03-11-301).
Ved tvil om forståinga av omgrep og uttrykk som er bruka i nettleigevilkåra skal, med mindre noko anna kjem uttrykkjeleg fram i nettleigevilkåra eller av samanhengen i nettleigevikåra, definisjonane i den vedlagde definisjonslista leggjast til grunn.
Er det behov for vilkår som ikkje følgjer nettleigevilkåra, skal det spesifiserast i eige vedlegg.
3 KUNDEOPPLYSNINGAR
Ved inngåing av kundeforholdet kan Nettselskapet krevje identifikasjon av Xxxxxx, med opplysningar om Xxxxxx sitt fulle namn, fødselsnummer/føretaksnummer, noverande og tidlegare bustads-/ næringsadresse mv. Kunden er sjølv ansvarleg for at nettselskapet til kvar tid har oppdatert kundeinformasjon.
Nettselskapet har også rett til å krevje og innhente opplysningar om forbruksdata, medrekna opplysningar om anlegget heilt eller delvis er tenkt bruka til bustad-, fritids- eller næringsformål.
Nettselskapet skal behandle personopplysningar i tråd med dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege reglane.
4 VERKEOMRÅDE OG FØRESETNADER I NETTLEIGEVILKÅRA
4-1 Verkeområde
Nettleigevilkåra omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av elektrisk energi i samsvar med lover og forskrifter og innmating frå plusskundar i samsvar med forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv (FOR-1999-03-11-302). Nettselskapet stiller overføringskapasitet i det elektriske nettet sitt til disposisjon for Kunden på vilkåra som følgjer av nettleigevilkåra, gjeldande tariffar og lover og forskrifter som har betyding for forholdet mellom Nettselskapet og Kunden.
Annan bruk av nettet, medrekna signaloverføring, kan berre skje etter skriftleg avtale med Nettselskapet.
4-2 Føresetnaden for nettleigevilkåra
Nettselskapet har som hovudregel ei plikt til å gje alle tilgang til nettet (tilknytingsplikt). Tilknytinga skjer i samsvar med dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krava og tilknytingsvilkåra til Nettselskapet.
Nettet skal tole vanleg bruk av godkjent utstyr hos Kunden, noko som vanlegvis omfattar bruk av ny teknologi/utstyr som er vanleg i hushalda. Dersom Kunden ynskjer å kople til utstyr som vil kunne vere forstyrrande eller til sjenanse eller skade for den tekniske drifta av nettet for Nettselskapet eller til sjenanse for andre kundar, skal bruken av slikt utstyr godkjennast av Nettselskapet før eventuell tilkopling. Forstyrrande bruk av nettet er blant anna forhold i Kunden sitt anlegg som fører til avvik frå krava til leveringskvalitet Nettselskapet i samsvar med det til kvar tid gjeldande regelverket det er forplikta til å følgje, jf. forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet (FOR-2004-11-30-1557).
Kunden pliktar å medverke lojalt til å oppfylle forpliktingar i tilknyting til kundeforholdet, blant anna ved å yte medverknad som er rimeleg og naudsynt for at Nettselskapet skal kunne oppfylle sine lov- og forskriftsmessige forpliktingar.
Kunden skal utan ugrunna opphald varsle Nettselskapet om hendingar i eigne anlegg eller eige utstyr dersom hendingane kan føre til at Nettselskapet får problem med å kunne oppfylle sine forpliktingar om leveringskvalitet, jf. forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet (FOR-2004-11-30-1557).
4-3 Avgrensing i bruk av nettet ved ekstraordinære forhold
Dersom Nettselskapet som følgje av uventa hendingar i overliggjande nett, rasjonering eller offentlege pålegg eller av andre grunnar berre kan overføre kraft i avgrensa utstrekning, bestemmer Nettselskapet i samsvar med det til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krav om korleis tilgjengeleg overføringskapasitet i slike tilfelle skal disponerast til beste for heile konsesjonsområdet, jf. forskrift om systemansvaret i kraftsystemet (FOR-2002-05-07-448) og forskrift om kraftrasjonering (FOR-2001-12-17-1421).
Avgrensingar i overføringa mv som følgje av forholda som er nemnde over, vert ikkje rekna som manglar ved ytinga til Nettselskapet.
Dersom planlagt arbeid vil føre til utkopling eller avgrensing i uttaket, skal Kunden som hovudregel varslast direkte eller på annan eigna måte, jf. 8-3.
5 MÅLING OG MÅLARAVLESING
5-1 Installasjon og drift av måleutstyr
Nettselskapet bestemmer type måleutstyr, eig måleutstyret og har ansvaret for at godkjent måleutstyr vert installert, og drift og kontroll av dette, jf. lov om måleeiningar, måling mm (LOV-2007-01-26-4). Nettselskapet kan for eiga rekning byte måleutstyret ved behov. For å oppnå automatisk avlesing kan Nettselskapet krevje kommunikasjonsutstyr (antenne) utanfor målarfeltet. Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til måle- og kommunikasjonsutstyret.
Dersom Kunden ynskjer å få installert eige måleutstyr i tillegg, må Kunden skaffe og betale det sjølv. Plasseringa av utstyret må være på Kunden sitt eige anlegg.
5-2 Målaravlesing
Målaravlesing vert gjennomført i samsvar med rutinane til Nettselskapet og i samsvar med forskrift om måling, avrekning mm (FOR-1999-03-11-301), hovudsakleg ved automatisk innhenting av måledata. Ved sjølvavlesing skal Kunden så vidt mogleg gjennomføre avlesing og varsle Nettselskapet i samsvar med fristane som er gjevne av Nettselskapet.
Dersom målaravlesing manglar, har Nettselskapet rett til å fastsetje forbruket til Kunden skjønsmessig.
Dersom Nettselskapet får målarstanden etter at fristen er gått ut, vert det teke omsyn til denne ved den neste avrekninga. For anlegg utan automatisk avlesing, og anlegg med automatisk avlesing som ikkje fungerer, skal Nettselskapet ta initiativ til avlesing slik at målepunkta kan verte avlesne minst éin gong i kalenderåret.
Nettselskapet har i samsvar med gjeldande lover og forskrifter rett til å påleggje Xxxxxx eit gebyr for manuell avlesing av målepunktet, jf. forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv (FOR-1999-03-11-302). Nettselskapet skal informere Xxxxxx om at Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er kontrollinstans ved usemje om gebyr for manuell avlesing av målepunktet.
Målaravlesing skal også gjennomførast ved leverandørskifte og ved opphøyr av leveranse.
5-3 Kontroll av måleutstyr
Begge partar kan når som helst krevje at måleutstyret til Nettselskapet skal kontrollerast. Som ein del av denne kontrollen gjer Nettselskapet også ein rutinemessig kontroll for å fastslå om påståtte feil kan kome av jordfeil, feilkoplingar m.m. Den rutinemessige kontrollen omfattar ikkje kontroll i Kunden sitt eige anlegg. Kunden er sjølv ansvarleg for kontroll, ettersyn og vedlikehald av eige anlegg.
Kjem det krav om ytterlegare kontroll av utstyret, skjer dette av eit laboratorium som er godkjent/akkreditert av Justervesenet. Laboratoria skal vere uavhengige av dei som har ansvar for å ta avgjerder basert på testresultata.
Den som krev måleutstyret kontrollert, dekkjer kostnadene ved kontrollen. Dersom kontrollen viser måleavvik større enn det som vert tillate i samsvar med forskrift om krav til elektrisitetsmålarar (FOR-2007-12-28-1753), skal Nettselskapet betale for kontrollen.
Resultatet av målarkontrollen(ane) skal gjerast fullt ut tilgjengeleg for begge partar.
5-4 Feil ved måleutstyr
Dersom måleutstyret ved kontroll viser meir eller mindre enn det reelle forbruket, eller dersom måleapparatet ikkje har fungert, kan Nettselskapet stipulere forbruket. I den grad det er mogleg, vert forbruket rekna ut på grunnlag av det tidlegare normale forbruket til anlegget eller på basis av nye kontrollmålingar av forbruket. Dette gjeld ikkje dersom Kunden kan sannsynleggjere at forbruket i den aktuelle perioden har vore lågare, eller dersom Nettselskapet kan sannsynleggjere eit større forbruk i den aktuelle perioden.
Kunden vert belasta eller godskriven for det beløpet som svarar til differansen mellom det kalkulerte forbruket og det målte forbruket for den tida målefeilen kan sannsynleggjerast.
Etterrekning/godskriving skjer frå og med siste betalingsfrist etter at feilen vart oppdaga, og som hovudregel ikkje ut over 3 år, jf. lov om forelding av fordringar (LOV-1979-05-18-18) og kapittel 6 i forskrift om måling, avrekning og fakturering mm (FOR-1999-03-11-301). I særlege tilfelle kan etterrekninga/godskrivinga utvidast med inntil 10 år (foreldingslovas § 10).
Når feilen kjem av Nettselskapet, kan Nettselskapet ikkje krevje etterbetaling dersom Xxxxxx var i aktsam god tru.
Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling kan ikkje krevjast ved ei feilvising som er mindre enn det som er tillate i samsvar med forskrift om krav til elektrisitetsmålarar (FOR-2007-12-28-1753).
5-5 Meirforbruk som følgje av feil i Kunden sitt anlegg/installasjon
Kunden svarar for feil/manglar i eige anlegg. Dersom ein feil eller mangel ved Kunden sitt eige anlegg gjer at måleutstyret har registrert eit forbruk som Kunden ikkje har kunna nytte (meirforbruk), har Kunden ikkje krav på tilbakebetaling.
Nettselskapet svarar for feil/manglar i eige anlegg. Dersom ein feil eller mangel ved Nettselskapet sitt eige anlegg gjer at måleutstyret hos Xxxxxx har registrert eit forbruk som Kunden ikkje har kunna nytte, har Kunden krav på full tilbakebetaling.
Dersom det registrerte meirforbruket kjem av feil/manglar både i Kunden sitt eige anlegg og feil/manglar i anlegget til Nettselskapet, svarar Nettselskapet og Kunden som hovudregel kvar for halvparten av det registrerte meirforbruket.
I denne samanhengen vert ein feil eller mangel definert som avvik frå anlegg i forskriftsmessig stand, jf. forskrift om elektriske lågspenningsanlegg (FOR-1998-11-06-1060) og forskrift om elektriske forsyningsanlegg (FOR-2005-12-20-1626), eksempelvis om brytarutstyr for jordfeil er montert i samsvar med gjeldande forskrifter og regelverk.
Hovudregelen i første og andre ledd kan fråvikast dersom den eine av partane har medverka til meirforbruket ved eiga skuld, for så vidt det er rimeleg når ein tek omsyn til i kva grad åtferda har medverka til at meirforbruket vart registrert. I denne vurderinga skal det leggjast vekt på om partane har overhalde varslingsplikta si etter pkt. 5-6.
Meirforbruket vert rekna ut på grunnlag av Kunden sitt tidlegare normale forbruk i tilsvarande periode, med mindre ein av partane kan sannsynleggjere eit anna forbruk i den perioden feila/manglane har vore til stades, jf. reglane om stipulering ved feil i måleutstyr i samsvar med pkt. 5-4.
5-6 Varslingsplikt
Dersom ein av partane oppdagar feil ved målinga, medrekna meir- eller mindreforbruk, pliktar han utan ugrunna opphald å varsle den andre parten.
6 AVREKNING, PRIS- OG BETALINGSVILKÅR
6-1 Betalingsplikt og sikkerheitsstilling
Kunden har betalingsplikt for dei tenestene som Nettselskapet yter. Nettselskapet kan krevje at Kunden stiller sikkerheit for betalingsplikta for inntil 4 månaders nettleige, dersom det kan sannsynleggjerast fare for betalingsmisleghald eller dersom Kunden tidlegare har misleghalde betalingsplikta si i vesentleg grad. Dette kravet kan på same vilkår setjast fram også etter at avtala er inngått.
6-2 Utrekning og betaling av nettleige
Dei måleverdiane som vert avlesne av Nettselskapet sitt måleutstyr, er grunnlaget for utrekninga av nettleiga. Nettleiga skal betalast i samsvar med gjeldande tariffar med tillegg av offentlege avgifter. Nettselskapet skal gjere dei til kvar tid gjeldande tariffane for nettleige tilgjengeleg på heimesida til Nettselskapet. Informasjon om gjeldande tariffar skal gjevast skriftleg ved førespurnad.
Nettselskapet pliktar ved førespurnad og innan rimeleg tid å gje kundar informasjon om utrekningsgrunnlaget for tariffane til Nettselskapet og utrekninga av tariffane for dei ulike kundegruppene, jf. forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv (FOR-1999-03-11-302).
Ved usemje mellom Nettselskap og Kunde om tariffar og andre overføringsvilkår pliktar Nettselskapet å informere Kunden om at det kan sendast inn klage til Reguleringsmyndigheita for energi (RME) eller Elklagenemnda.
Fakturaen forfell til betaling i samsvar med faktureringsrutinane til Nettselskapet, og skal tilfredsstille krav til fakturering fastsett i forskrift om måling og avrekning mm (FOR-1999-03-11-301).
Forseinkingsrente kjem i tillegg i samsvar med forseinkingsrentelova (LOV-1976-12-17-100).
6-3 Endring i tariffar og betalingsvilkår
Nettselskapet skal i rimeleg tid før endring av tariffar og/ eller andre betalingsvilkår trer i kraft, informere Kunden om endringane. Endringar vert kunngjorde ved direkte melding til Kunden eller på heimesida til Nettselskapet, og skal innehalde ein grunngjevnad for eventuelle tariffendringar.
6-4 Avrekningsfeil
Nettselskapet skal godskrive Kunden, eller kan krevje etterbetaling for avrekningsfeil og feilaktig betaling. Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling ved slike feil kan krevjast for den tida ein kan sannsynleggjere feilen.
Etterrekning/godskriving skjer frå og med siste betalingsfrist etter at feilen vart oppdaga og som hovudregel ikkje ut over 3 år, jf. lov om forelding av fordringar (LOV-1979-05-18-18) og kapittel 6 i forskrift om måling, avrekning og fakturering mm (FOR-1999-03-11-301).
Eit slikt oppgjer skal normalt gjerast i samband med førstkomande fakturering etter at feilen var klarlagd. I særlege tilfelle kan etterrekninga/godskrivinga utvidast med inntil 10 år (foreldingslova § 10).
Når feilen kjem av Nettselskapet, kan Nettselskapet ikkje krevje etterbetaling dersom Xxxxxx var i aktsam god tru.
Nettselskapet skal utan ugrunna opphald etter at det er oppdaga avrekningsfeil eller andre feil knytt til måledata, sørgje for at dette vert korrigert.
7 STENGING AV KUNDEN SITT ANLEGG
7-1 Vilkår for stenging
Nettselskapet kan stengje Kunden sitt anlegg ifølgje forbrukarkjøpslovas § 48a (LOV-2002-06-21-34) dersom det ligg føre vesentleg brot på vilkåra frå Kunden si side, eksempelvis vesentleg misleghald av plikta til å betale skuldig nettleige, manglande medverknad til Nettselskapet si oppfylling av lov- og forskriftsfastsette plikter og vesentleg brot på kravet til medverknad i samband med installasjon, vedlikehald, målaravlesing eller kontroll av måleutstyr.
Dersom Nettselskapet også leverer kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt, vil vesentleg misleghald som gjeld kraftleveransen også kunne føre til stenging.
Stenging av eit anlegg fritek ikkje Kunden for betaling av nettariffen sine faste kostnader mv. i den tida anlegget er stengt.
Stenging kan ikkje skje dersom Xxxxxx har innvendingar mot grunnlaget for stenginga, som ikkje er openbert grunnlause, eller det er fare for liv, helse eller vesentleg tingskade. Xxxxxx har sjølv eit ansvar for å opplyse Nettselskapet om slike forhold, og å dokumentere eller sannsynleggjere forhold som vert gjorde gjeldande.
7-2 Prosedyrar for stenging
Før stenging kan skje, skal Nettselskapet ha forsøkt å kontakte Kunden personleg, f.eks. ved oppmøte på anleggsadressa, via telefon, SMS eller oppgjeven e-postadresse. Vidare skal Kunden få eit skriftleg stengjevarsel som vert sendt til Kunden si faktureringsadresse.
Av stengjevarselet skal det gå fram:
at Kunden kan unngå stenging ved betaling innan fire veker frå datoen varselet vart sendt, eventuelt ved å rette opp i anna misleghald av vilkåra innan ein nærare fastsett frist
ei oppfordring til Xxxxxx om snarleg å kontakte Nettselskapet dersom stenging kan føre til fare for liv, helse eller vesentleg tingskade
ei oppfordring til Xxxxxx om snarleg å kontakte Nettselskapet dersom Xxxxxx har innvendingar mot grunnlaget for stenginga eller dersom Kunden har betalingsproblem o.l.
at Kunden kan verte pålagd å dekkje nødvendige kostnader i samband med ei stenging og eventuell gjenopning av anlegget til Kunden
at Kunden kan ta kontakt med NAV/sosialtenesta der han bur, for å avklare om han har rett til økonomisk stønad for å avhjelpe situasjonen
Dersom sosialtenesta innan fire veker etter at stengjevarselet er sendt, har meldt skriftleg at dei tek på seg ansvaret for å oppfylle pliktene til Kunden, skal anlegget ikkje stengjast.
Stengjevarsel kan sendast i same brevet som inkasso/purrevarsel dersom det går klart fram at det også er eit stengjevarsel.
Nettselskapet kan krevje at Kunden dekkjer nødvendige kostnader i samband med ei stenging og eventuell gjenopning av anlegget til Kunden. Nødvendige kostnader knytt til utarbeiding og sending av varsel kan krevjast dekt sjølv om stenging ikkje finn stad. Nettselskapet kan ikkje krevje å få dekt kostnadene sine etter første og andre punktum dersom Nettselskapet har handla i strid med reglane 7-1 eller 7-2.
7-3 Gjenopning av stengt anlegg
Dersom Nettselskapet har stengt eit anlegg, kan ingen andre enn Nettselskapet eller representanten deira opne anlegget igjen med mindre det skjer etter avtale med Nettselskapet.
Eit anlegg som er stengt på grunn av manglande betaling, skal ikkje gjenopnast før all gjeld til Nettselskapet og kostnadene i samband med stenging og gjenopning er betalte. Gjenopning kan likevel skje dersom Nettselskapet og Xxxxxx vert einige om ei avtale om nedbetaling av gjeld og, eventuelt, NAV/sosialtenesta eller andre i tillegg stiller garanti for løpande utgifter eller det er fare for liv og helse eller vesentleg tingskade.
Eit anlegg som er stengt på grunn av andre brot på vilkåra frå Kunden si side, medrekna plikta til å medverke i samband med installasjon, målaravlesing eller kontroll av måleutstyr, vil ikkje verte gjenopna før misleghaldet tek slutt. Gjenopning kan likevel skje dersom Nettselskapet og Kunden vert einige om ei avtale om føresetnadene for dette.
7-4 Erstatningsansvar ved rettmessig stenging
Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skadar eller tap som kan oppstå hos ein Kunde ved rettmessig stenging.
8 TILKOPLING OG FRÅKOPLING AV INSTALLASJONEN
8-1 Tilkopling og fråkopling
Tilkopling og fråkopling av installasjonen kan berre utførast av Nettselskapet eller representanten deira. Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skade eller tap ved til- eller fråkoplingar som er heimla i pkt. 8, med mindre noko anna følgjer av pkt. 14-2.
Dersom Nettselskapet har kopla frå ein installasjon, kan ingen andre enn Nettselskapet eller representanten deira kople til installasjonen igjen, jf. også pkt. 7-3.
8-2 Fråkopling utan nærare varsel
Nettselskapet eller det lokale eltilsynet (DLE) kan etter forskrift om elektriske lågspenningsanlegg eller forskrift om elektriske forsyningsanlegg (FOR-1998-11-06-1060/FOR-2005-12-20-1626) kople frå eit forskriftsstridig anlegg dersom pålegg om utbetring av manglar ved installasjonen ikkje er utført til avtalt tid, eller dersom det ikkje er bruka godkjende apparat.
Fråkopling kan skje utan nærare varsel dersom:
Kunden sitt nett, anlegg og/eller anna utstyr eller andre installasjonar er farlege
Kunden sitt nett, anlegg og/eller anna utstyr eller andre installasjonar må koplast frå eller utbetrast straks.
Bruk kan medføre ikkje ubetydeleg skade eller ulempe for Kunden, Nettselskapet eller andre.
Behov for seksjonering pga. feilsøking i overføringsnettet eller Kunden sitt nett.
Sjølv om Nettselskapet under slike forhold har høve til å gjennomføre fråkopling utan varsel, skal Nettselskapet likevel prøve å varsle der dette er praktisk mogleg. Vidare skal Nettselskapet ikkje oppretthalde fråkoplinga lenger enn det som er nødvendig av omsyn til formålet med kvar enkelt fråkopling slik som er skildra over. Nettselskapet skal også i tilfelle av fråkopling i rimeleg utstrekning halde Kunden oppdatert inntil tilkopling igjen kan finne stad.
8-3 Utkopling etter nærare varsel
Nettselskapet kan kople ut anlegget til Kunden ved behov, f.eks. for å gjennomføre vedlikehald, fornying, ombygging, feilsøking, feilretting eller utviding av installasjonane til Nettselskapet eller andre nettkundar, jf. blant xxxx xxxxxxxxx om leveringskvalitet i kraftsystemet (FOR-2004-11-30-1557).
Nettselskapet skal ved planlagde arbeid som fører til avbrot eller redusert leveringskapasitet til sluttbrukarar, som hovudregel varsle dei råka kundane om tidspunkt og varigheit i rimeleg tid før arbeida byrjar. Xxxxxxxx skal skje på ein hensiktsmessig måte.
Nettselskapet skal under driftsproblem, så langt som råd og på ein hensiktsmessig måte, ha tilgjengeleg informasjon for råka kundar om årsak til driftsproblemet og forventa tidspunkt for gjenoppretta forsyning. Sjå elles pkt. 14-2.
I den utstrekning det er hensiktsmessig, skal utkoplinga skje på tider som er til minst ulempe for Kunden. Varsel om utkopling medfører inga plikt for Nettselskapet til å kople ut anlegget i heile eller delar av det varsla tidsrommet.
9 TILGANGSRETT
Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til måleutstyr i samband med blant anna installasjon, byting av målar, målaravlesing, kontroll, stenging, gjenopning, fråkopling og tilkopling slik som er nemnd i kapittel 5, 7 og 8 for å kunne oppfylle pliktene sine i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, jf. forskrift om måling og avrekning mm (FOR-1999-03-11-301) og forskrift om krav til elektrisitetsmålarar (FOR-12-28-1753). Tilgangsretten til Nettselskapa gjeld uavhengig av plasseringa av måleutstyret, medrekna inne i bustad, fritidsbustad eller bygg knytt til husstanden eller fritidsbustaden.
Kunden kan ikkje motsetje seg eller hindre tilgangsretten til Nettselskapet i samband med Nettselskapet si oppfylling av nettleigevilkåra. I situasjonar med fare for liv, helse eller betydeleg tingskade for Kunden og /eller andre skal Nettselskapet alltid ha umiddelbar tilgangsrett. I andre situasjonar har Nettselskapet rett til tilgang innan rimeleg tid og vanlegvis etter skriftleg førehandsvarsel til Kunden anten via post, SMS eller oppgjeven e-postadresse.
10 INKASSO
Inkasso skal gjennomførast i samsvar med inkassolova med forskrifter (LOV-1998-05-13-26).
11 KONKURS
Er Kunden konkurs, og ein panthavar eller konkursbuet tilbyr seg å etablere eit nytt kundeforhold, kan Nettselskapet vanlegvis ikkje avslå eit slikt tilbod dersom vilkåra etter det til kvar tid gjeldande regelverket er oppfylt. Så vel ein panthavar som konkursbuet har krav på nytt kundeforhold med Nettselskapet, og kan på lik linje med andre nye kundar motsetje seg eit krav frå Nettselskapet om dekning av gjelda til den tidlegare Kunden som vilkår for inngåing av nytt kundeforhold. Tilsvarande gjeld også i den grad Nettselskapet også leverer kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt.
Det kan krevjast sikkerheit for rettidig betaling.
12 OPPSEIING AV KUNDEFORHOLDET
12-1 Oppseiing
Dersom Kunden flyttar, tek kundeforholdet slutt frå det tidspunktet som kraftleverandøren opplyser om. Dersom Nettselskapet ikkje mottek ei slik melding, er Kunden ansvarleg for nettilknytinga og kostnadene som kjem i tillegg etter flyttinga inntil ny kunde tek over. Er Kunden vorten avskoren frå å bruke nettet, kan kundeforholdet seiast opp med 14 dagars varsel.
Dersom Nettselskapet også leverer kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt, gjeld tilsvarande for kraftsalet.
12-2 Avrekning ved oppseiing
Kunden vert avrekna fram til utløpet av oppseiingsfristen, eller til målaravlesing ligg føre.
Kunden pliktar å informere Nettselskapet, om nødvendig, om tilkomstmoglegheiter for avlesing av målar og for eventuell fråkopling av anlegget.
13 KUNDEN SINE KRAV VED FORSEINKING OG MANGEL
13-1 Forseinking
Nettselskapet si yting er forseinka dersom det oppstår eit avbrot i leveringa.
13-2 Mangel
Nettselskapet si yting har ein mangel dersom ho ikkje er i samsvar med forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet (FOR-2004-11-30-1557) eller avtale med Kunden.
13-3 Kunden sine krav ved forseinking eller mangel
Dersom det ligg føre ei forseinking eller ein mangel, og dette ikkje har si årsak i Kunden eller forhold på Kunden si side, kan Kunden halde tilbake betalinga for å dekkje pådrege økonomisk tap som følgje av forseinkinga eller mangelen, og som Nettselskapet er erstatningspliktig for etter punkt 14, i den utstrekning dette er nødvendig for å dekkje Kunden sitt tap.
Dersom det ligg føre ein mangel som ikkje har si årsak i Kunden eller forhold på Kunden si side, kan Kunden i tillegg krevje prisavslag.
Kunden kan gjere sitt mangelskrav mot Nettselskapet gjeldande mot overliggjande nett i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova § 35 (LOV-2002-06-21-34).
13-4 Utbetaling til Xxxxxx ved svært langvarige avbrot
Kunden vil få direkte utbetalt eit beløp frå Nettselskapet ved svært langvarige avbrot i samsvar med dei til kvar tid gjeldande reglar fastsett i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar (FOR-1999-03-11-302).
13-5 Avhjelp
Nettselskapet har rett og plikt til å avhjelpe forseinking og mangel, utan kostnad for Kunden, utan ugrunna opphald etter at Xxxxxx har gjeve beskjed om dette, dersom dette kan skje utan vesentleg ulempe for Kunden.
13-6 Reklamasjon
Kunden taper retten sin til å gjere ei forseinking eller mangel gjeldande dersom han ikkje innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga denne, gjev Nettselskapet beskjed om forseinkinga eller mangelen, eksempelvis feil ved spenninga. Denne fristen skal ikkje i noko tilfelle vere kortare enn to månader frå det tidspunktet Kunden oppdaga mangelen.
Reklamasjon må i alle tilfelle seinast skje to år etter det tidspunktet forseinkinga fann stad, eller mangelen oppstod.
14 ERSTATNING
14-1 Nettselskapet sitt erstatningsansvar
Nettselskapet er ansvarleg for tap Kunden lir som følgje av forseinkingar eller manglar ved ytinga. Dette gjeld likevel ikkje så langt Nettselskapet godtgjer at forseinkinga eller mangelen kjem av forhold utanfor selskapet sin kontroll, som det ikkje var rimeleg å vente at Nettselskapet skulle ha vurdert på avtaletida eller å unngå eller overvinne følgjene av.
Har forseinkinga eller mangelen si årsak i ein tredjeperson som Nettselskapet har gjeve i oppdrag heilt eller delvis å oppfylle nettleigevilkåra, er Nettselskapet fri for ansvar berre dersom også tredjepersonen ville ha vore friteken etter regelen i første ledd. Det same gjeld om forseinkinga eller mangelen har si årsak i ein leverandør som Nettselskapet har bruka, eit anna nettselskap i overliggjande eller sideordna nett.
Ansvarsfridomen gjeld så lenge hindringa er til stades. Fell hindringa bort, kan ansvar gjerast gjeldande dersom Nettselskapet då pliktar å oppfylle, men ikkje gjer dette.
14-2 Opplysingsplikt ved avbrot og spenningsvariasjonar
Nettselskapet skal ved ikkje-planlagde avbrot og spenningsvariasjonar så langt som råd informere dei råka kundane om årsaka til avbrotet eller spenningsvariasjonen og forventa tidspunkt for gjenoppretta forsyning. Informasjonen skal gjevast på ein hensiktsmessig måte, eksempelvis via heimesida til Nettselskapet på internett.
Dersom ei slik melding ikkje vert gjeven innan rimeleg tid etter at Nettselskapet fekk eller burde ha fått kjennskap til årsaka til avbrotet eller spenningsvariasjonen, kan Kunden krevje erstatta tap som kunne ha vore unngått om han hadde fått meldinga i tide. Sjå elles pkt. 8.
14-3 Produktskade
Erstatning for produktskade kan krevjast innanfor ramma av forbrukarkjøpslova § 34 (LOV-2002-06-21-34).
14-4 Erstatningsomfang
Erstatninga for forseinka eller mangelfull yting skal svare til det økonomiske tapet Kunden er påført ved brotet på vilkåra. Dette gjeld likevel berre tap som det var rimeleg at Nettselskapet kunne ha føresett som ei mogleg følgje av brotet.
Erstatninga omfattar ikkje:
tap som følgje av personskade, eller
tap i Kunden si næringsverksemd, direkte eller indirekte, medrekna, men ikkje avgrensa til tapt eller redusert omsetning eller produksjon.
14-5 Plikt til å avgrense tapet. Lemping av ansvar
Kunden har innanfor gjeldande erstatningsrettslege prinsipp plikt til å avgrense sitt eige økonomiske tap. I motsett tilfelle må Xxxxxx sjølv bere den delen av tapet som på den måten kunne ha vore unngått.
Erstatninga kan heilt eller delvis setjast ned innanfor ramma av skadeerstatningslova (LOV-1969-06-13-26) § 5-1 (medverknad) eller § 5-2 (lemping) eller dersom ho vil verke urimeleg for Nettselskapet ut frå tapet sin storleik i forhold til tap som vanlegvis oppstår i liknande tilfelle, og forholdet elles.
.
14-6 Kunden sitt erstatningsansvar
Nettselskapet kan krevje erstatning for tap det lir som følgje av brot på vilkåra frå Kunden si side. Dette gjeld likevel ikkje så langt Kunden godtgjer at brotet har årsak i hindring utanfor Kunden sin kontroll som det ikkje var rimeleg å vente at han skulle ha vurdert eller å unngå eller overvinne følgjene av.
15 NYTT KUNDEFORHOLD INNAN SAME HUSSTAND
Kunden kan overdra kundeforholdet med tilhøyrande rettar og plikter etter føregåande samtykke frå Nettselskapet til andre innan same husstand. I den utstrekning gjelda er opparbeidd saman, kan ikkje annan medlem av same husstand, også sambuar eller annan brukar av same anlegg, teikne nytt kundeforhold med mindre all gjeld til Nettselskapet er betalt eller gjeldsplikta vert overteken, jf. ekteskapslova § 41 (LOV-1991-07-04-47).
16 TEIEPLIKT
Nettselskapet skal ikkje utlevere personopplysningar som gjeld Kunden eller andre i same husstand, til utanforståande1, unnateke når utlevering av slike opplysningar skjer:
med samtykke frå den opplysninga gjeld
med heimel i lov, eller i forskrift gjeven med heimel i lov eller
som ledd i betalingsinnkrevjing mv. der det ligg føre saklege grunnar.
Teieplikta er likevel ikkje til hinder for at Nettselskapet i tilfelle der det er tungtvegande saklege grunnar, f.eks. kan informere tredjepart, også installasjonseigar, om at eit anlegg er eller vil verte utan straum og at dette kan medføre skade, økonomisk tap eller ulempe for tredjepart.
17 ENDRINGAR I STANDARD NETTLEIGEVILKÅR
Endringar av innhaldet i disse standard nettleigevilkår trer i kraft med 30 dagars varsel som direkte melding til Kunden eller på annan eigna måte, eksempelvis gjennom heimesida til Nettselskapet på internett.
18 TVISTAR
Ved usemje rundt vilkår for tilknyting og bruk av nettet gjevne av energilova med forskrifter, kan både Kunde og Nettselskapet leggje fram aktuelle spørsmål for Reguleringsmyndigheita for energi (RME), som då kan fatte vedtak i saka.
Tvistar i samband med standard nettleigevilkår kan elles leggjast fram for Elklagenemnda, eller fremjast for dei alminnelege domstolane. Så lenge ein tvist er til behandling i Elklagenemnda, kan han ikkje samtidig fremjast for domstolane. Ein tvist er rekna for å vere til behandling frå det tidspunktet kravet om klagebehandling er kome inn for Elklagenemnda. Ei sak som Elklagenemnda har realitetsbehandla eller avvist, kan fremjast direkte for tingretten.
1 GENERELT OM TILKNYTINGSVILKÅR
Nettselskapet har tilknytings- og leveringsplikt i samsvar med energilova kapittel 3 (LOV-1990-06-29-50) og tilhøyrande forskrifter. Standard tilknytingsvilkår regulerer forholdet mellom Nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjon som er eller vert knytt til overføringsnettet. Dei til ein kvar tid gjeldande tilknytingsvilkår skal væra tilgjengeleg, til dømes på Nettselskapets heimeside.
Tilknyting av ein elektrisk installasjon kan også påverke forholdet til ein grunneigar eller andre som disponerer rettar over ein eigedom utan at desse er identiske med, eller kan identifiserast med, installasjonseigar. Forholdet mellom Nettselskapet og desse er regulert av tilknytingsvilkåra og eksempelvis av servituttlova, jf. lov um særlege råderettar over framand eigedom (LOV-1968-11-29) i tillegg til eventuelt særskild inngått avtale eller grunnerverv gjennomført på annan måte.
Ansvarsforholdet mellom Nettselskapet og Kunden er omtalt i standard nettleigevilkår. Dei same prinsippa gjeld så langt dei passar også for forhold som vert regulerte i standard tilknytingsvilkår. Nokre hovudprinsipp er gjevne i pkt. 8. For å få ei fyldigare forståing av ansvarsforholdet vert det vist til standard nettleigevilkår.
Ved tvil om forståinga av omgrep og uttrykk som er bruka i standard tilknytingsvilkår skal, med mindre noko anna kjem uttrykkjeleg fram eller kjem fram av samanhengen, definisjonane i standardvilkårenes definisjonsliste leggjast til grunn.
2 BESTILLING OG GODKJENNING AV TILKNYTING
2-1 Kundeforholdet og inngåing av tilknytingsvilkår
Kundeforholdet omfattar desse standard tilknytingsvilkåra og dei føresetnadene som er lagde til grunn for tilknytinga og dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krava. Dersom føresetnadene for tilknyting av ein installasjon vert vesentleg endra, kan Nettselskapet krevje å få dekt dei kostnadene knytt til drift og vedlikehald som ikkje vert dekte av nettleiga.
Dersom anlegget hovudsakleg skal brukast til næringsverksemd, gjeld tilknytingsvilkåra for næringskundar.
2-2 Bestilling av tilknyting
Bestilling av tilknyting bør fortrinnsvis skje så tidleg som råd i planleggingsfasen. Bestilling og utføring av tilknyting til overføringsnettet skal skje i samsvar med Nettselskapet sine til kvar tid gjeldande retningslinjer, reglar og rutinar og de til kvar tid gjeldande normer for tilknyting, for tida NEK 399: "Tilknytingspunkt for elanlegg og ekomnett".
Den som bestiller tilknyting av ein elektrisk installasjon, må gje blant anna følgjande informasjon:
om bestillinga gjeld permanent eller mellombels tilknyting
om bestillinga gjeld ny installasjon eller endra installasjon som medfører behov for endring i tilknytingspunktet
installasjonseigar sitt fullstendige namn
installasjonseigar sitt føretaksnummer/fødselsnummer/bustadadresse/næringsadresse
installasjons-/anleggsadresse
forslag til energi- og effektbudsjett
bruksformålet til installasjonen
lokalt produksjonsanlegg (plusskunde) og/eller ladeanlegg
forslag til plassering av målepunkt/overbelastingsvern
2-3 Stadfesting av bestilling
Nettselskapet melder skriftleg til installasjonseigar eller representanten hans om bestillinga er godkjend med utgangspunkt i dei innmelde dataa eller om ein treng ytterlegare informasjon. Eventuell nekting skal vere innanfor det til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krav og grunngjevast skriftleg. Ved usemje kan installasjonseigar melde saka inn for Reguleringsmyndigheita for energi (RME) for avgjerd.
2-4 Føresetnader for tilknyting
Ein elektrisk installasjon vert knytt til nettselskapet sitt overføringsnett med føresetnadene som vert gjevne i nettselskapet si tilbakemelding til installasjonseigar og med dei rettane og pliktene som følger av standard tilknytingsvilkår, og dei til kvar tid gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
For dimensjonering av tilknytinga legg ein til grunn eit avtalt energi- og effektbudsjett. Føresetnadene for tilknytinga skal dokumenterast i eit eige vedlegg til tilknytingsvilkåra eller på annan eigna måte og kan tinglysast på grunnboksbladet til eigedomen for Nettselskapet si rekning. Vedlegget kan innehalde følgjande informasjon:
utforminga av tilknytingspunktet
energi og effektbudsjett
bruksformålet til installasjonen
plassering av målepunkt/overbelastingsvern
2-5 Overdraging av elektrisk installasjon
Dersom ein elektrisk installasjon skiftar eigar etter tilknyting, tek ny eigar ved overtaking over dei same rettane og pliktene som den opphavlege eigaren. Melding om ny installasjonseigar skal sendast Nettselskapet utan ugrunna opphald.
Ved overdraging av eigarskap til ein elektrisk installasjon som er knytt til overføringsnettet til Nettselskapet, skal eigar informere ny eigar om rettane og pliktene som er avtalte mellom partane.
2-6 Drift og vedlikehald av Xxxxxx sine installasjon(ar)
Installasjonseigar er ansvarleg for å byggje, drive og vedlikehalde installasjonen sin i samsvar med dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krava, og andre normer og retningslinjer. Oppstår det feil på installasjonen, skal installasjonseigaren straks informere autorisert elentreprenør/Nettselskap og sørgje for at nødvendig utbetring/feilretting vert gjort.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)/det lokale eltilsynet (DLE) har i samsvar med gjeldande lover og forskrifter rett til utvida tilgang til alle installasjonane til anleggseigar/brukar.
2-7 Kundeopplysningar
Ved inngåing av standard tilknytingsvilkår kan Nettselskapet krevje identifikasjon av Xxxxxx, med opplysningar om Kunden sitt fulle namn, fødselsnummer/føretaksnummer, noverande og tidlegare bustads-/ næringsadresse mv.
Nettselskapet har også rett til å krevje opplysningar om forbruksdata, medrekna opplysningar om anlegget heilt eller delvis er tenkt bruka til bustad-, fritids- eller næringsformål.
Nettselskapet skal behandle personopplysningar i tråd med dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krav, jf. lov om behandling av personopplysningar (LOV-2018-06-15-38), og skal ikkje utlevere personopplysningar om Anleggseigar eller nokon i husstanden hans til utanforståande2, unnateke når utlevering av opplysningar skjer med:
samtykke frå den opplysninga gjeld
med heimel i lov, eller i forskrift gjeven med heimel i lov eller
som ledd i betalingsinnkrevjing mv. der det er saklege grunnar
Nettselskapet og Anleggseigar, og deira tilsette og medhjelparar, har likeins teieplikt overfor uvedkomande om det dei får vite om drifts- og forretningsforholda til kvarandre mv.
3 FRAMFØRING OG PLASSERING AV OVERFØRINGSNETT
3-1 Erverv av rettar til grunn for leidningsframføring
Nettselskapet ervervar ved tilknyting av anlegg rettar til framføring av og tilgang til overføringsnettet over grunn som ein installasjonseigar eig eller festar. Det vert ikkje betalt vederlag for slike rettar, unnateke eventuelt rett til plassering av nettstasjon.
3-2 Nettrasé og plassering av nødvendig utstyr
Ved framføring av overføringsnett skal grunneigar/festar på førehand få høve til å uttale seg om traséval og plassering av anna nødvendig utstyr. Nettselskapet skal sjå til at plassering og utføring av nettet medfører minst mogleg ulempe for grunneigar/festar. Viser elles til Lov om rettstilhøve mellom grannar (LOV-1961-12-22-4) og Plan og bygningslova (LOV-2008-06-27-71). Når Nettselskapet brukar nett/trasé til anna enn energioverføring, skal dette skje utan unødvendig ulempe for grunneigar/festar og installasjonseigar.
3-3 Framføring av overføringsnett til installasjonseigar sitt eige bruk
Nettselskapet avgjer korleis stikkleidningen skal førast fram, plasseringa og kva art og dimensjon han skal ha. Til kvar installasjon fører nettselskapet som regel berre fram ein stikkleidning.
Grunneigar/festar skal utan vederlag eller erstatning gje tilgang til framføring av nødvendig overføringsnett og/eller stikkleidning for tilknyting av eigen installasjon. Framføringa skal skje til minst mogleg ulempe for grunneigar/festar. På førehand påviser Nettselskapet, så langt det er mogleg, leidningstrasé, plassering av stolpar og anna utstyr for grunneigar/festar. Grunneigaren har ikkje krav på erstatning for skadar og ulemper som stikkleidningen kan medføre, unnateke ved aktløyse frå Nettselskapet si side. Nettselskapet har rett til å føre fram og vedlikehalde overføringsnettet. Det same gjeld andre som har rett til å nytte leidnings-traséen. Framføring og vedlikehald skal skje til minst mogleg ulempe for grunneigar/fester.
3-4 Framføring av overføringsnett /stikkleidning til andre
Nettselskapet har rett til å leggje luftleidning eller jordkabel som overføringsnett eller stikkleidning over grunn som ein installasjonseigar eig eller festar, fram til andre installasjonseigarar/nettkundar. Framføring skjer som regel utan vederlag i tråd med grunnleggjande ekspropriasjonsrettslege prinsipp, men installasjonseigar skal på førehand få høve til å uttale seg om leidningstrasé og plassering av stolpar og anna utstyr. Arbeid med framføring av overføringsnettet skal medføre minst mogleg ulempe for grunneigar eller fester.
3-5 Plassering av nettstasjonar
Ved tilknyting av større installasjonar har Nettselskapet rett til å krevje avstått rom i bygning eller tomt til nettstasjon(ar). Plass som vert stilt til rådvelde, skal på førehand vere godkjend av Nettselskapet. Vederlag vert fastsett som eit eingongsbeløp, og storleiken på beløpet vert avtalt mellom partane eller etter rettsleg skjønn. Nettselskapet kan utan ytterlegare godtgjersle føre leidningar ut frå nettstasjonen til tilknyting av andre elektriske installasjonar/nettkundar. Dette skal skje med minst mogleg ulempe for grunneigar/festar.
3-6 Tilgang til overføringsnett og installasjon
Installasjonseigar skal gje Nettselskapet, og andre som nyttar leidningsnettet, uhindra tilgang til eigedomen for vedlikehald og drift av nettet og tilknytingspunktet. Nettselskapet kan etter førehandsvarsel til grunneigar gjere nødvendig kvisting og rydding av tre av tryggingsmessige omsyn og for å hindre skade på leidningane. Inngrep skal skje med minst mogleg ulempe for grunneigar/festar. Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til nettstasjonar, også når desse er plasserte i bygget til installasjonseigaren.
3-7 Bruk av arbeidsmaskiner nært elektriske anlegg
Anleggseigar/grunneigar skal varsle Nettselskapet så tidleg som mogleg om arbeid på eigedomen som kan få negativ innverknad på luftleidningsanlegg, slik som, men ikkje avgrensa til sprenging, graving, endring av terrenghøgde, bygging og liknande. Det same gjeld arbeid med anleggsmaskiner eller reiskapar med stor rekkjevidde nærare luftleidningsanlegget enn 30 meter, og som kan medføre fare.
Nettselskapet vil deretter vurdere nødvendige tryggingstiltak, medrekna, men ikkje avgrensa til, overvaking av arbeid nær luftleidningsanlegget. Nettselskapet dekkjer eigne kostnader ved å anvise tryggingstiltak. Arbeidet skal ikkje setjast i gang før Nettselskapet har gjeve skriftleg aksept.
Tilsvarande skal anleggseigar/grunneigar varsle Nettselskapet om arbeid på eigedomen som kan få negativ innverknad på kabelanlegget eller andre elektriske anlegg, slik som, men ikkje avgrensa til sprenging, graving, endring av terrenghøgde, bygging og liknande.
Nettselskapet vil deretter vurdere nødvendige tryggingstiltak, slik som kabelpåvising og overvaking av arbeid nær kabelanlegget. Nettselskapet dekkjer eigne kostnader ved å anvise tryggingstiltak. Arbeidet skal ikkje setjast i gang før Nettselskapet har gjeve skriftleg aksept.
3-8 Informasjonsplikta til installasjonseigar/grunneigar/festar
Installasjonseigar/grunneigar/festar har plikt til å underrette Nettselskapet på førehand når det skal gjennomførast graving, oppfylling eller anna endring av terrenget, sprenging, vegbygging, felling av tre eller anna arbeid som kan skade eller på annan måte ha innverknad på dei elektriske anlegga til Nettselskapet. Underretning skal skje så tidleg at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Dersom tiltaka medfører urimelege meirkostnader for Nettselskapet, kan Nettselskapet krevje å få dei dekt av den som står for arbeidet.
3-9 Skade på Nettselskapet sin eigedom
Nettselskapet kan innanfor gjeldande erstatningsrettslege prinsipp krevje erstatning for skade ein installasjonseigar/grunneigar/festar/brukar av installasjonen forårsakar på Nettselskapet sin eigedom. Unnlaten varsling til Nettselskapet i tilfelle som nemnt i pkt. 3-7 og pkt. 3-8, eller varsling så seint at Nettselskapet ikkje kan overhalde rettleiingsplikta, vil normalt verte sett på som aktløyse.
3-10 Flytting eller fjerning av leidningar/nett
Dersom det som følgje av offentlege påbod, eller etter grunneigar sitt behov er nødvendig, kan det krevjast flytting, forandring eller fjerning av stikkleidning eller lågspenningsnett. Tilsvarande kan berre unntaksvis krevjast for høgspennings fordelingsnett. Nettselskapet utfører arbeidet med flytting, forandring eller fjerning av stikkleidning eller overføringsnett for rekvirenten si rekning såframt arbeidet har bakgrunn i grunneigaren sitt behov.
Nettselskapet kan fjerne stikkleidningen og den delen av overføringsnettet som tener til forsyning av ein installasjon/anlegg som er utan kunde. Før ei slik fjerning finn stad, skal Nettselskapet skriftleg varsle installasjonseigar. Dersom Nettselskapet ikkje mottek stadfesting på vidareføring av tilknytinga i henhald til gjeldande standardvilkår innan ein månad etter at varselet er sendt frå Nettselskapet, kan dei aktuelle nettdelane fjernast. Ved eventuell ny tilknyting på eit seinare tidspunkt skal det betalast anleggsbidrag innanfor gjeldande lover og forskrifter.
4 TILKNYTING
4-1 Tilknytingspunktet
Tilknytingspunktet markerer overgangen mellom Nettselskapet sitt overføringsnett og den elektriske installasjonen og angjev eigargrensesnittet mellom Nettselskapet og installasjonseigaren, og ansvaret for drift og vedlikehald, jf. forskrift om elektriske lågspenningsanlegg (FOR-1998-11-06-1060).
Tilknytingspunktet kan vere definert som:
det punktet i overføringsnettet der stikkleidningen er tilknytt, eller
tilkoplingsklemme på husvegg eller grunnmur for kabel eller luftnett i samsvar med NEK 399 "Tilknytingspunkt for elanlegg og ekomnett"
I det siste tilfellet er stikkleidningen ein del av overføringsnettet til Nettselskapet. Tilknytinga vert utført i samsvar med Nettselskapet sine standard rutinar og retningslinjer. Installasjonen vert knytt til overføringsnettet på avtalt spenningsnivå. Tilknytingspunktet vert oppgjeve på skjemaet "Melding om installasjonsarbeid” eller på anna vis.
Dersom stikkleidningen er ein del av overføringsnettet til Nettselskapet, avgjer Nettselskapet korleis stikkleidningen skal førast fram, plasserast og kva art og dimensjon han skal ha. Det kan ikkje krevjast erstatning for ulemper som stikkleidningen seinare kan medføre, med mindre det kjem av aktløyse frå Nettselskapet si side.
4-2 Fysisk tilknyting
Tilknytinga skal skje så snart som praktisk råd etter at installasjonen er meld ferdig, eller etter nærare avtale. Ingen andre enn Nettselskapet, eller ein representant derifrå, har høve til å knyte ein installasjon til overføringsnettet. Urettmessig tilknyting av ein installasjon kan medføre erstatnings- og straffeansvar.
4-3 Xxxx utføring
Dersom installasjonseigar ynskjer tilknytinga utført på ein annan måte enn Nettselskapet sine standard rutinar og retningslinjer, skal dette avtalast skriftleg med Nettselskapet, som ev. kan utføre arbeidet etter bestilling og krevje eventuelle meirkostnader dekt av installasjonseigar. Etter avtale mellom installasjonseigar og Nettselskapet kan arbeidet i tilknytingspunktet utførast av ein tredjepart som må godkjennast av Nettselskapet.
4-4 Mellombels tilknyting
Mellombels tilknyting av ein installasjon til Nettselskapet sitt overføringsnett vert utført etter bestilling frå installasjonseigaren. Bestilling skjer på same måte som for permanent tilknyting. Framføring, montering, demontering og eventuelt vedlikehald av mellombelse låg/høgspennings overføringsnett skal betalast av tingaren før arbeidet byrjar. Ved mellombels tilknyting kan Nettselskapet og installasjonseigar inngå avtale om at arbeidet i tilknytingspunktet vert utført av en tredjepart som må godkjennast av Nettselskapet. Før spenninga vert sett på, skal Nettselskapet synfare og godkjenne arbeidet.
4-5 Endra systemspenning
Nettselskapet har rett til å endre systemspenninga. I så fall skal Nettselskapet bere kostnaden med nødvendig omlegging av aktuelle installasjonar. Ved eventuell ytterlegare oppgradering av installasjonar ber installasjonseigaren kostnaden.
4-6 Plusskundar
Ein plusskunde er ein sluttbrukar med både forbruk og kraftproduksjon på sluttbrukar si side av tilknytingspunktet. Ein plusskunde kan ikkje ha anlegg som er konsesjonspliktig bak eige tilknytingspunkt eller omsetning bak tilknytingspunktet som krev omsetningskonsesjon, jf. forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv. (FOR-1999-03-11-302).
Tilknyting skjer i samsvar med dei til kvar tid gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og normer, og plusskunden pliktar å drifte og vedlikehalde produksjonsutstyret og overhalde alle krav til spenningskvalitet og effektflyt i samsvar med dei til kvar tid gjeldande krav frå styresmaktene og Nettselskapet sine eventuelle særvilkår for tilknyting av produksjonseiningar til nettet. Eventuelle særvilkår vert tekne inn i eige vedlegg eller vert regulerte på xxxx xxx. Eventuelle skadar som vert påførte nettet eller andre kundar som følgje av feil i produksjonsutstyret til plusskunden, skal dekkjast av plusskunden utan omsyn til skuld. Viser elles til vilkåra både i tilknytingsvilkåra og nettleigevilkåra og eventuelle vedlegg og særvilkår.
5 ANLEGGSBIDRAG
Nettselskapet har innanfor rammene av energilova § 3-3 tilknytings- og leveringsplikt til nettkundar som tek ut elektrisk kraft innanfor konsesjonsområdet til nettselskapet. Nettselskapet har plikt til å krevje inn anleggsbidrag for dekning av kostnadene ved nye nettilknytingar eller ved forsterking av nettet til eksisterande nettilknytingar i samsvar med dei til kvar tid gjeldande offentlegrettslege krav, medrekna kapittel 16 i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv. (FOR-1999- 03-11-302). Nettselskapet pliktar også å krevje eventuelle andre kostnader dekt etter kapittel 17 i same forskrift.
Anleggsbidraget kan krevjast innbetalt før arbeidet startar.
Permanent nett/stikkleidning som er bygd eller forsterka fram til tilknytingspunktet til installasjonen, er normalt Nettselskapet sin eigedom, og Nettselskapet har drifts- og vedlikehaldsplikt. Dette gjeld også dersom nett/stikkleidning er heilt eller delvis finansiert ved anleggsbidrag.
Misleghald av plikta til å betale anleggsbidrag gjev Nettselskapet rett til å nekte tilkopling eller fråkople eit tilknytt anlegg for uttak av elektrisk kraft inntil betaling har funne stad.
6 MÅLEPUNKT
Plassering av målepunkt skal avtalast i samband med bestilling av tilknyting. Normalt skal ein installasjon ha eitt (1) målepunkt som vert plassert så nært tilknytingspunktet som råd. Plasseringa av målepunktet skal vere godkjend av Nettselskapet, og Nettselskapet kan krevje at måleutstyret vert plassert på yttervegg i låst skåp og/eller vere avlesbart utanfrå. For å få automatisk avlesing kan Nettselskapet krevje kommunikasjonsutstyr (antenne) utanfor målarfeltet. Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til måle- og kommunikasjonsutstyret.
Ved tilknyting monterer vanlegvis installasjonseigars el-installatør Nettselskapet sitt måleutstyr for avrekning av nettleige og kraftleveranse. Nettselskapet fastset storleik og type måleutstyr og eventuelle kontrollapparat, eig desse og utfører nødvendig vedlikehald.
Installasjonseigar kan ikkje ta i bruk ein installasjon før måleutstyret er montert, eller det er gjort anna avtale med Nettselskapet. Dersom det er utført arbeid i målepunktet av representanten til installasjonseigaren og arbeidet ikkje er i samsvar med nettselskapet sine krav, kan tilknyting utsetjast til forholdet er ordna.
7 FRÅKOPLING OG TILKOPLING AV INSTALLASJONEN
7-1 Fråkopling og tilkopling
Fråkopling og tilkopling av installasjonen kan berre utførast av Nettselskapet eller representanten deira. Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skade eller tap ved frå- eller tilkoplingar som er heimla i standard tilknytningsvilkår.
Dersom Nettselskapet har kopla frå ein installasjon, kan ingen andre enn Nettselskapet eller representanten deira kople installasjonen til igjen, jf. også pkt. 7-3.
7-2 Fråkopling utan nærare varsel
Nettselskapet eller det lokale eltilsynet (DLE) kan etter forskrift om elektriske lågspenningsanlegg eller forskrift om elektriske forsyningsanlegg (FOR-1998-11-06-1060/FOR-2005-12-20-1626) kople frå eit forskriftsstridig anlegg dersom pålegg om utbetring av manglar ved installasjonen ikkje er etterfølgt til avtalt tid, eller dersom det ikkje vert bruka godkjende apparat. Fråkopling kan skje utan nærare varsel dersom:
Kunden sitt nett, anlegg og/eller anna utstyr eller andre installasjonar er farlege
Kunden sitt nett, anlegg og/eller anna utstyr eller andre installasjonar har behov for fråkopling/utbetring straks.
Bruk kan medføre ikkje ubetydeleg skade eller ulempe for Kunden, Nettselskapet eller andre.
Behov for seksjonering grunna feilsøking i overføringsnettet eller Kunden sitt nett.
Sjølv om Nettselskapet under slike forhold har høve til å gjennomføre fråkopling utan varsel, skal Nettselskapet likevel prøve å varsle der dette er praktisk mogleg. Vidare skal Nettselskapet ikkje oppretthalde fråkoplinga lenger enn det som er nødvendig av omsyn til formålet med kvar enkelt fråkopling slik som er skildra over. Nettselskapet skal også i tilfelle av fråkopling i rimeleg utstrekning halde Kunden løpande oppdatert inntil tilkopling igjen kan finne stad.
7-3 Utkopling etter nærare varsel
Nettselskapet kan kople ut anlegget til Kunden ved behov, f.eks. for å gjennomføre vedlikehald, fornying, ombygging, feilsøking, feilretting eller utviding av installasjonane til Nettselskapet eller andre nettkundar
Nettselskapet skal ved planlagde arbeid som fører til avbrot eller redusert leveringskapasitet til sluttbrukarar, som hovudregel varsle dei råka Kundane om tidspunkt og varigheit i rimeleg tid før arbeida byrjar. Xxxxxxxx skal skje på ein hensiktsmessig måte.
Nettselskapet skal under driftsproblem, så langt som råd og på ein hensiktsmessig måte, ha tilgjengeleg informasjon for råka kundar om årsak til driftsproblemet og forventa tidspunkt for gjenoppretting av strømforsyninga.
I den utstrekning det er hensiktsmessig, skal utkoplinga skje på tider som er til minst ulempe for Kunden. Varsel om utkopling medfører inga plikt for Nettselskapet til å kople ut anlegget i heile eller delar av det varsla tidsrommet.
8 ANSVARSFORHOLD
8-1 Kunden sine krav ved mangel
Dersom det ligg føre ein mangel, og dette ikkje har si årsak i Installasjonseigar eller forhold på Installasjonseigar si side, kan Installasjonseigar:
halde tilbake betalinga for å dekkje krav som følgje av mangelen, men ikkje openbert meir enn det som vil gje tilstrekkeleg sikkerheit for kravet.
krevje erstatning for tap som følgje av mangelen.
krevje prisavslag.
Viser elles til føresegnene i nettleigevilkåra pkt. 14, jf. også forbrukarkjøpslova (LOV-2002-06-21-34).
8-2 Nettselskapet sitt erstatningsansvar
Nettselskapet er ansvarleg for tap Installasjonseigar lir som følgje av manglar ved ytinga. Dette gjeld likevel ikkje så langt Nettselskapet godtgjer at mangelen kjem av årsaker utanfor selskapet sin kontroll, som det ikkje var rimeleg å vente at Nettselskapet skulle ha vurdert på avtaletida eller å unngå eller overvinne følgjene av.
Har mangelen si årsak i ein tredjeperson som Nettselskapet har gjeve i oppdrag heilt eller delvis å oppfylle tilknytingsvilkåra, er Nettselskapet fri for ansvar berre dersom også tredjepersonen ville ha vore friteken etter regelen i første ledd. Det same gjeld om mangelen har si årsak i ein leverandør som Nettselskapet har bruka, eller andre i tidlegare salsledd/overordna nett.
Ansvarsfridomen gjeld så lenge hindringa er til stades. Fell hindringa bort, kan ansvar gjerast gjeldande dersom Nettselskapet då pliktar å oppfylle, men ikkje gjer dette.
Viser elles til føresegnene i nettleigevilkåra pkt. 14.
8-3 Installasjonseigar sin medverknad
Dersom installasjonseigar eller representanten hans har medverka til skaden eller tapet ved eiga skuld, kan Nettselskapet sitt ansvar setjast ned eller falle bort, jf. skadeserstatningslova § 5-1 (LOV-1969-06-13-26).
8-4 Personskade
Ansvar for personskade er ikkje regulert av tilknytingsvilkåra. Det vert vist til dei alminnelege erstatningsrettslege reglane.
9 ENDRING AV TILKNYTINGSVILKÅR
9-1 Endring av standard tilknytingsvilkår
Endringar av innhaldet i standard tilknytingsvilkår trer i kraft med 30 dagars varsel som direkte melding til Kunden eller på annan eigna måte, eksempelvis gjennom heimesida til Nettselskapet på internett.
9-2 Endring av særskilt avtalte tilknytingsvilkår
Særskilt avtalte tilknytingsvilkår står partane fritt til å endre etter avtale.
10 TVISTAR
Usemje om vilkår for tilknyting og bruk av nettet kan leggjast fram for Reguleringsmyndigheita for energi (RME), som då vil fatte vedtak i saka.
Tvistar i samband med standard tilknytingsvilkår kan elles leggjast fram for Elklagenemnda, eller fremjast for domstolane. Så lenge ein tvist er til behandling i nemnda, kan ikkje ein part fremje han for dei alminnelege domstolane. Ein tvist er rekna for å vere til behandling frå det tidspunktet kravet om klagebehandling er kome inn for nemnda. Ei sak som nemnda har realitetsbehandla, kan fremjast direkte for tingretten.
DEFINISJONAR
Omgrepa nedanfor er nytta i standard tilknytingsvilkår og/eller i standard nettleigevilkår.
Anleggsadresse
Adressa til staden der anlegg med målepunkt er.
Anleggsbidrag
Berekna investeringstilskot ved tilknyting av ein ny nettkunde eller ved forsterking av nettet til ein eksisterande nettkunde.
Anleggseigar/installasjonseigar
Den juridiske eininga (selskap eller fysisk person) som eig ein eigedom med elektriske installasjonar som er knytt til nettselskapet sitt overføringsnett.
Overføringsnett
Overføringsnett med nominell spenning opp til og med 22kV, med mindre anna er bestemt, vert etablert med grunnlag i områdekonsesjonen til nettselskapet.
Eigedom
Eigedom med elektriske installasjonar som er knytt til eller skal knytast til nettselskapet sitt overføringsnett. Ein eigedom er også eksempelvis ei bustadblokk eller eit rekkjehus. Den juridiske organiseringa av eigedomen er utan betyding og ei bustadblokk kan eksempelvis sjåast på som ein eigedom uavhengig av talet på leilegheiter i denne samanhengen.
Fråkopling
Fråkopling omfattar fråkopling av installasjon ved hjelp av fysisk inngrep, bruk av verktøy og liknande og/eller utkopling av ein installasjon ved hjelp av brytar, sikring eller anna betjeningsorgan.
Installasjonseigar
Sjå Anleggseigar.
Kunde
Forbruker som mottar og bruker elektrisk energi hovedsakelig til husholdning/ fritidsbolig via Nettselskapets overføringsnett (regionalt og/eller lokalt distribusjonsnett)
Kraftleverandør
Verksemd som sel elektrisk energi til kunde og som har omsetningskonsesjon. Ein kunde er ein kjøpar av elektrisk energi som ikkje sel denne vidare.
Nettleige
Alle prisar og anna økonomisk godtgjersle (tariffar) som nettselskapet fastset for tilknyting til og bruk av elektriske nettanlegg.
Nettselskap
Selskap som eig overføringsnett og som har område- og/eller anleggskonsesjon etter energilova.
Stenging
Eit fysisk tiltak som vert utført av nettselskapet, og som tek sikte på å hindre uttak av elektrisk energi før stengegrunnen er fjerna.
Stikkleidning
Ein leidning, luftleidning eller kabel, frå Nettselskapet sitt overføringsnett til anleggseigar/brukar sitt anlegg. Stikkleidningar er ein del av distribusjons- nettet.
Tariffar
Sjå Nettleige
Tilkopling
Tilkopling av ein installasjon representerer motstykket til fråkopling og omfattar også innkopling som motstykke til utkopling – sjå Fråkopling.
1 Sjå elles Energi Norges bransjestandard for personvern
2 Sjå også Energi Norges bransjestandard for personvern