EIGARSTRATEGI
EIGARSTRATEGI
for
Kraftkompetanse KO
Innhald
1.1 Føremålet med eigarstrategien 3
1.2 Grunnlaget for utvida kommunesamarbeid 3
2.1 Tilhøvet til eksisterande avtaler 4
2.1.1 Avtale om disponering av konsesjonskraft 4
2.2 Tilhøvet til deltakarkommunane 4
2.3 Tilhøvet til den nye fylkeskommunen Vestfold og Telemark 5
2.3.2 Nye oppgåver krev regional kompetanse 5
2.4 Tilhøvet til fylkesmannen for Vestfold og Telemark 5
2.5 Tilhøvet til LVK og Samarbeidande Kraftfylker 6
2.6 Samarbeid med andre kommunar 7
3 NÆRARE OM FØREMÅL OG OVERORDNA MÅLSETJINGAR MED SELSKAPET 8
3.4 Styringsprinsipp for eigarane 8
4 GENERELT OM SELSKAPETS VERKSEMD 9
4.2.3 Næring og arbeidsplassar 10
4.2.4 Miljø og vassforvaltning 11
6 EVALUERING AV EIERSTRATEGI 11
1 Bakgrunn
1.1 Føremålet med eigarstrategien
Eigarstrategien skal utdjupe føremålet med samarbeidet slik det er definert i samarbeidsavtala, fastsetje overordna målsetjingar og tydleggjere eigarane sine krav og forventingar til oppgåvefelleskapet og til representantskap og styre. Eigarstrategien definerer samarbeidets handlingsrom og tydleggjer resultatmål.
Eigarstrategien uttrykker dei mål, tiltak og prioriteringar som deltakarkommunane/fylkeskommunen har fastsett for samarbeidet for å sikre at oppgåvefellesskapet ivaretek eigaranes hovudmålsetjingar.
1.2 Grunnlaget for utvida kommunesamarbeid
Det er store kraft- og naturressursar i Telemark som skal forvaltast til beste for innbyggjarane i eit kort og langt perspektiv.
Telemark er eit av Noregs største kraftfylker. Vestfold og Telemark har naturområder og naturressursar av nasjonal og internasjonal verdi.
Det er betydeleg energi- og kraftkompetanse i kommunane i dag. Regionen har όg sterke miljø og institusjonar knytt til natur- og miljøfovaltning, friluftsområder m.m.
Kommunane har likevel kompetansebehov som ikkje er dekt eller som er sårbare.
Kraftkompetanse KO er eit formalisert kommunesamarbeid som skal medverke til felles bruk av kompetanse. Det vil gje enkeltkommunane større tilgang på kompetanse og gjere dei mindre sårbare.
Mogleghetane for å maksimere dei økonomiske verdiane og å vere proaktive i prosessar knytt endringar av rammevilkår skal styrkast.
Eit sterkt kompetansemiljø skal setje regionen betre i stand til å bevare og utvikle eksisterande bedrifter og tiltrekkje seg nye verksemder/ arbeidsplassar til regionen.
Eit samarbeid som όg omfattar miljøkompetanse skal styrke ivaretakinga av nye miljøkrav og samstundes finne gode avvegingar mellom bruk og vern.
Telemark har hatt eit langt og nært samarbeid om forvaltning av kraftverdiane. Samarbeidet om konsesjonskraft går tilbake til byrjinga av 1980-talet. Eit vidare samarbeid er viktig i lys av regionreformen og skal medverke til å realisere ambisjonane for den nye regionen Vestfold og Telemark.
2 Grenseoppgang
Selskapet/oppgåvefellesskapet skal vere ei forsterkning og supplement - ikkje ein konkurrent - til kommunane, fylkeskommunane, LVK, Samarbeidande Kraftfylker og andre interesseorganisasjonar og selskap som arbeider innan same oppgåveområder. Dette krev at selskapet/oppgåvefellesskapet
leverer gode resultat, har tillit og god kommunikasjon med relevante fagetatar i offentlege og private organisasjonar.
2.1 Tilhøvet til eksisterande avtaler
2.1.1 Avtale om disponering av konsesjonskraft
«Avtale om disponering av konsesjonskraft» styrer forvaltninga av konsesjonskraft i Telemark gjennom Konsesjonskraftstyret og 8-kommunersmøtet (årsmøtet).
Kommunane og fylkeskommune er samde om ei felles forvaltning av konsesjonskraft for å sikre konsesjonsverdiane. Desse verdiane skal nyttast i heile det geografiske område som utgjer Telemark. Dette skjer gjennom Telemark utviklingsfond (TUF) og kommunale næringsfond. Verdiane vil svinge med kraftprisar. I eit langsiktig perspektiv vil desse verdiane vere betydelege om kommunane og fylkeskommunane maktar å forsvare interessene sine. Dette vil vere av stor verdi for Telemark si utvikling.
I mandatet til konsesjonskraftstyret står det at konsesjonskraftstyret όg skal handsame andre energisaker som høyrer inn under årsmøtet dvs. andre energisaker som er av felles interesse for partane.
Det skal vere eit nært samarbeid mellom sekretariatet for konsesjonskraftstyret/Telemark utviklingsfond og Kraftkompetanse KO.
2.2 Tilhøvet til deltakarkommunane
Kraftkompetansen i dei største kraftkommunane i Telemark er kartlagt. Den viser at det finst betydeleg kraftkompetanse i desse kommuneorganisasjonane, men den er spreidd og sårbar dersom nøkkelpersonar sluttar. Eit nærare kommunesamarbeid gjer at kompetanse kan delast, utviklast i fellesskap og gjere enkeltkommunane mindre sårbare.
All eksisterande kompetanse skal ikkje trekkjast ut av kommuneorganisasjonane.
Det er den enkelte kommune som sit med ansvaret for å forvalte og vedlikeholde rettighetane på kort og lang sikt – dette ansvaret kan ikkje leggast til eksterne. Difor skal eit utvida samarbeid vere eit kompetansesenter/nettverksbyggar mellom kommunane og fylkeskommunen i tillegg til samarbeid om løpande forvaltningsoppgåver.
Kraftsamarbeidet skal ikkje vere konkurrent til lokale/regionale kompetanseselskap som har si verksemd knytt til forvaltning av naturressursar. Kraftsamarbeidet skal ha som mål å styrke desse kompetanseverksemdene ved å tilføre dei nye arbeidsoppgåver og aktivitet.
Oppgåvefelleskapet kan leige inn kompetanse frå deltakarkommunane innanfor budsjett eller formidle kompetanse/tilsette direkte mellom deltakarane i kraftsamarbeidet.
2.3 Tilhøvet til den nye fylkeskommunen Vestfold og Telemark
Regionreformen skal legge til rette for positiv samfunnsutvikling i alle deler av landet, basert på regionale fortrinn, føresetnadar og prioriteringar.
Fylkeskommunane si samfunnsutviklingsrolle skal styrkast. Det er forventa at ny fylkeskommune utviklar Telemarks fortrinn. Det finst betydeleg og verdfull kompetanse utanom
«regionhovudstadane» som den nye regionen må nytte og kommunane treng kompetansearbeidsplassar for å få utvikling.
2.3.2 Nye oppgåver krev regional kompetanse
Fordeling av oppgåver frå staten til fylkeskommunane i lys av regionreformen vart vedteke i Stortinget 18. desember 2018.
Dei mest relevante oppgåvene for eit kraft- og kompetansesamarbeid er innan klima, miljø og naturressursar. Ressursforvaltning handlar m.a om mogleghetane for å utnytte naturressursar til næringsutvikling. Fylkeskommunane og kommunane vil få større
ansvar og utvida oppgåver. Overføring av oppgåver frå statleg til regionalt nivå vil kreve oppretting av regionale kompetansemiljø i alle fylker.
Telemark har naturområder og naturressursar av nasjonal og internasjonal verdi. Telemark har όg sterke fagmiljø og institusjonar knytt til natur- og miljøfovaltning, friluftsområder m.m.
Denne kompetansen må nyttast ved desentralisering av statlege oppgåver og utvikling av Kraftkompetanse KO skal vere eit verkemiddel for å nytte og utvikle kompetanse innanfor aktuelle fagområder.
Kraftkompetanse KO skal vidareføre og styrke det regionale samarbeidet mellom kommunar og fylkeskommune om kraftsaker herunder konsesjonskraft for å ivareta regionens kraftverdiar.
2.4 Tilhøvet til fylkesmannen for Vestfold og Telemark.
Fylkesmannen er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Storting og regjering. Fylkesmannen har ansvaret som regional samordningsmyndigheit for staten. Fylkesmannen skal med utgangspunkt i rolla som regjeringas representant verke til gagn og beste for fylket og ta dei initiativ som er påkravd. Fylkesmannen skal halde sentrale styresmakter orientert om viktige spørsmål i fylket, og formidle informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ om tilhøve som ein trur vil påverke verksemda deiras.
Fylkas eigenart varierer med omsyn til kommunestruktur, næringsstruktur, geografi og økonomi. Ei samanslåing av Telemark og Vestfold til eitt fylke vil forsterke desse variasjonane. Telemark og Vestfold har ulik geografi og busetnad. Telemark har hatt ei dårlegare samfunnsutvikling enn Vestfold og har όg ein del andre utfordringar.
Utøving av fylkesmannens initiativrolle må likevel skje med god forståing og i dialog med
kommunane og fylkeskommunen. Som lokale og regionale folkevalde organ er det kommunane og fylkeskommunen som har det lokale og regionale utviklingsansvaret. Det set rammer for kva
typer initiativ Fylkesmannen kan og bør ta.
Kraftkompetanse KO med sitt kompetansemiljø skal gje fylkesmannen viktig informasjon innan sitt ansvarsområde. Vidare skal Kraftkompetanse KO fange opp og formidle styringssignal frå statleg hald gjennom god dialog med fylkesmannen.
2.5 Tilhøvet til LVK og Samarbeidande Kraftfylker
Kraftkompetanse KO skal ha eit anna arbeidsområde enn LVK/Samarbeidande Kraftfylke. Målsetjinga er at eit styrka LVK /Samarbeidande Kraftfylke og eit styrka regionalt kraftsamarbeid i Telemark samla vil vere betre i stand til å ivareta kommunanes interesser i kraftsaker.
Eit slikt samarbeid vil όg styrke grunnlaget for ein nærare kontakt mellom den viktige kraftregionen i Øvre-Telemark og LVK som kommunanes nasjonale talerør.
Kraftkompetanse KO ser føre seg eit nært samarbeid med desse medlemsorganisasjonane i saker som gjeld kommunale interesser og vil invitere til eit formalisert samarbeid med utveksling av erfaring og tiltaksplaner.
Dei kommunane som er inviterte med i samarbeidet, er alle medlemskommunar i LVK. Fylkeskommunen er medlem av Samarbeidande Kraftfylker. Desse organisasjonene gjer eit verdifullt arbeid for medlemmene sine i utforminga og vedlikeholdet av det nasjonale vasskraftregimet.
Det utvida kommunesamarbeidet i kraftsaker skal ha som målsetting å løyse oppgåver av lokal og regional karakter, og slik at det vert etablert eit fruktbart samspel med LVK og Kraftfylka. Det utvida samarbeidet skal ikkje ta på seg oppgåver som ligg innanfor LVK og Kraftfylkas naturlege arbeidsområder.
Gjennom kommunanes deltaking i LVK vert dei overordna interessene knytt til konsesjons- og kraftskatteregimet, revisjonsinstituttet og EUs vassdirektiv ivaretekne, i kontakt med
sentrale styresmakter, departement, regjering , storting og EU- institusjonar.
Gjennom det utvida kraftsamarbeidet må kommunene forvalte desse rettane til beste for seg i Telemark m.a ved aktiv deltaking i:
- nye utbyggjingsprosessar
- saker om modernisering av eldre konsesjonsvilkår, revisjonar
- kontroll av konsesjonskraft- og -avgiftsgrunnlag
- kontroll av kraftføretakas skattemeldingar, takstar mv
- vedlikehald av løpande kraftavtaler
- uttak og omsetning av konsesjonskraft
Som medlemar av LVK må kommunane bidra til at LVK har dei ressursane som er nødvendige til ei kvar tid. Et utvida kraftsamarbeid i Telemark skal ikkje svekke LVK som kommunanes fremste interesseorganisasjon. I tillegg er det nødvendig med ei opprusting av den lokale og regionale kompetansen i kraftsaker.
2.6 Samarbeid med andre kommunar
Samarbeidet skal ivareta interessene til kommunane i Telemark og Vestfold, og det er opent for andre kommunar enn dei som deltek ved stiftinga å knyte seg til samarbeidet.
På samme måte kan όg andre kommunar kjøpe tenester av selskapet om dei ønskjer det.
3 Nærare om føremål og overordna målsetjingar med selskapet
3.1 Hovudmål
Oppgåvefellesskapet skal ivareta kraftinteressene og interesser knytt til naturressursar for kommunane i Telemark og Vestfold.
3.2 Selskapstype
Samarbeidet er organisert som kommunalt oppgåvefellesskap jf. Kommunelova § 19.
3.3 Samarbeidsavtale
Samarbeidsavtale om mellom kommunane Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord og Telemark fylkeskommune er det formelle grunnlaget for stiftinga av Kraftkompetanse KO .
Oppgåvefellesskapet skal styrast av ei samarbeidsavtale, eit representantskap, eit styre og dagleg leiar.
3.4 Styringsprinsipp for eigarane
- Eigarane skal gjennom representansskapet fastsetje resultatmål for selskapet. Xxxxxx har ansvaret for å realisere resultatmåla.
- Eigarane skal likebehandlast.
- Selskapet skal være medviten om samfunnsansvaret sitt.
- Det skal vedtakast etiske retningsliner for selskapet bygt på dei etiske standardane som gjeld for deltakarkommunane.
- Styrets samansetjing skal kjenneteiknast av kompetanse, kapasitet og mangfold ut frå selskapets eigenart.
- Styrets arbeid skal være strukturert, kompetent og evaluerast årleg.
- Det skal være openheit knytt til kommunanes eigarskap i selskapet.
- Selskapet skal praktisere prinsippet om meiroffentlighet.
- Utøving av eigarstyring skjer i representantskapet i samsvar med kommunelovens reglar.
3.5 Styre
Det skal vere eit styre på 5 medlemmer valt av representanskapet. Representanskapet skal sikre at:
• Vestfold og Telemark fylkeskommune, Tinn, Vinje og Tokke kommunar har eitt styremedlem kvar.
• Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord kommunar har eitt felles styremedlem
• styresamansetjing oppfyller reglane om kjønnsrepresentasjon, kompetansebehov, kontinuitet.
Representanstskapet skal sikre ei optimal fordeling av styrerepresentantar mellom deltakarane i samsvar med prinsippvedtaka og leie prosessen med å finne den felles styrerepresentanten som skal kome frå Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord.
Styret er ansvarleg for oppgåvefellesskapet si samla drift og oppgåveløysing.
3.6 Styrets arbeid
- Styret skal fastsetje ein årleg plan for arbeidet sitt med vekt på vedtekne mål, strategiar, oppfølgjing og gjennomføring.
- Styret skal fastsetje instruks for styret og dagleg leiar med særleg vekt på intern ansvars- og oppgåvefordeling.
- Styret skal ivareta ein uavhengig kontrollfunksjon overfor selskapets administrative leiing.
- Styret skal gjennomføre årleg eigenevaluering.
- Styrets protokollar skal førast slik at gjennomføring av representanskapet sine vedtak vert synleggjort.
3.7 Sosialt ansvar
Selskapet skal arbeide i samsvar med FN sine berekraftsmål.
Selskapet skal utarbeide eigne retningsliner tilpassa si verksemd knytt til nemnde prinsipp.
Selskapet skal ha etiske reglar bygt på dei etiske standardane som gjeld for deltakarkommunane. Strenge krav til openheit og offentligheit er eit effektivt virkemiddel mot korrupsjon.
Selskapet skal aktivt arbeide for å forhindre misleghetar og korrupsjon. Xxxxx forventar at styret set i verk internkontrollarbeid med tiltak, rutiner og system som sikrar ei forsvarleg økonomistyring og oppfølgjing av internkontrollen i selskapet.
4 Generelt om selskapets verksemd
4.1 Oppgåver
Oppgåvefellesskapet sine hovudoppgåver er:
- Regionalt kompetansesenter for kraftsaker for kommunar og fylkeskommune.
- Forvaltning av konsesjonskraft
- Regionalt kompetansesenter for forvaltning av naturressursar
Det er opent for andre kommunar enn dei som deltek ved stiftinga å knyte seg til oppgåvefellesskapet. Dette skjer etter søknad godkjent i det respektive kommunestyra.
Representantskapet skal godkjenne utviding av oppgåvefellesskapet og fastsetje ny eigar/ansvarsfordeling etter ei utviding.
Oppgåveselskapet kan selje tenester til andre kommunar.
Det er føresett eit «non-profit» - samarbeid. Eigar forventar at drifta av selskapet er effektiv og at den skjer i samsvar med bedriftsøkonomiske prinsipp. Eigar forventar at alt talmateriale kan dokumenterast og verifiserast via standardmetodikk.
Oppgåvefellesskapet har ikkje myndigheit til å treffe enkeltvedtak utover vedtak om interne forhold.
Etablering av Kraftkompetanse KO har ikkje til hensikt å overføre saker av politisk karakter frå folkevalde organ til selskapet. Dersom det er uklårt om ei sak er av politisk karakter eller ikkje eller involverer politiske vurderingar, skal dette avklårast med eigarane.
I forretningsplanen vert det gjort ei nærare utdjuping av oppgåvene til Kraftkompetanse KO.
4.2 Resultatmål
Eigars krav til resultatmål for selskapet er at det må vere føremuner eller gevinstar ved å etablere oppgåvefellesskap for å styrke kraftsamarbeidet i Telemark. Desse gevinstane må vere større enn ressursane som går med til dette.
Eit kraftsamarbeid skal vere eit middel for å organisere og utnytte kompetanse som allereie finst i kommunane, i fylkeskommunen og andre verksemder/kompetansemiljø i regionen.
Kraftsamarbeidet skal gje betre utnytting av eksisterande spisskompetanse og kapasitet. Vidare skal eit samarbeid om kompetanse gje synergiar og hindre sårbarheit.
Det skal effektivisere bruk av eksisterande kompetanse og ved ei kritisk vurdering redusere behovet for bruk av kostbar, ekstern kompetanse.
Det skal vidare gje tidsmessige gevinstar (saker kan handsamast raskare) og betre sluttresultat til lågare kostnadar.
Kompetanse som vert opparbeidd ved bruk av kommunanes/fylkeskommunes eigne ressursar skal bli verande internt og ikkje forsvinne ut av regionen med eksterne konsulentar.
Eit fungerande internt kompetansemiljø skal styrke mogleghetane for å behalde og rekruttere nøkkelkompetanse i kommunane/fylkeskommunen.
Årlege kraftinntekter til kommunane og fylkeskommunen i Telemark var på mellom 500-600 mill. i 2016. Desse verdiane vil variere, m.a med kraftprisar. I enkelte år er inntektene betydleg høgare (t.d 2010 -2014), men ὸg lågare ( t.d. 2017-2018). Det er betydlege kraftverdiar som skal ivaretakst på kort og lang sikt.
Eit kraftsamarbeid skal setje deltarane betre i stand til å maksimere dei verdiane dei har krav på og forsvare desse verdiane.
Ei styrking av kraftkompetansen skal όg setje regionen betre i stand til å vere proaktiv i prosessar knytt endringar av rammevilkår, og gje regionens folkevalde godt innsyn og gode faglege argument i høve til slike prosessar.
4.2.3 Næring og arbeidsplassar
Eit sterkt kompetansemiljø skal setje regionen betre i stand til å bevare og utvikle eksisterande bedrifter og tiltrekkje seg nye verksemder/ arbeidsplassar til regionen m.m.
Dette gjeld offentlege så vel som private arbeidsplassar.
4.2.4 Miljø og vassforvaltning
Miljøverdiane vert stadig viktigare både når det gjeld forvaltning av vassdrag og andre naturressursar. Ressursforvaltning handlar om moglegheten for å utnytte naturressursar til næringsutvikling, men όg om forvaltning av fornybare naturverdier i eit berekraftig perspektiv.
Kommunane står ikkje berre overfor lokale miljøomsyn knytt til kraftutbygging og vassdragsreguleringar, men όg miljøkrav som følgje av internasjonale klimaavtaler. Slike krav påverkar så vel vassdragsforvaltninga som økonomiske tilhøve. Dette krev at kommunane/fylkeskommunane har trong for styrka miljøkompetanse.
Eit samarbeid som όg omfattar miljøkompetanse skal styrke ivaretakinga av nye miljøkrav og samstundes finne gode avvegingar mellom bruk og vern.
5 Rapportering
Selskapets rapportering til eigar skal skje slik:
- Styret skal utarbeide ei årleg eigarmelding.
- Det skal rapporterast om korleis selskapet ivaretek sitt sosiale ansvar.
- Resultat frå styrets eigenevaluering skal leggast fram for representantskapet.
- Representantskapet godkjenner rapporteringa frå styret og sender den til deltakarkommunane/fylkeskommunen til orientering.
6 Evaluering av eierstrategi
Eierstrategien skal evaluerast kvart 4. år ved oppstarten av kvar valperiode.