VEDTEKTER FOR
VEDTEKTER FOR
Beitelaget Hømrobekken – Tøsobekken
§ 1. BEITELAGET HØMROBEKKEN- TØSOBEKKEN
Beitelaget Hømrobekken- Tøsobekken , nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarar under gnr. 13, 15, 17 og 19 i Vang kommune. Laget disponerer beitet i utmarksområdet som er avgrensa i vest mot Hømrobekken, mot aust til Tøsobekken, mot sør mot innmarka og fylkesveg 293 og mot nord så langt dyra kan beite.
§ 2. ANSVAR
Laget er eit eigarlag og har delt ansvar i samsvar med andelsforholdet i laget, jf. § 5 (proratarisk ansvar), jf. jskl. § 34 b.
§ 3. FORMÅL OG ARBEIDSOMRÅDE
Laget sitt føremål er å samle beiterettshavarane/grunneigarane i området for i fellesskap å nytte beite som ein del av landbruksnæringa. Laget har rett til oppføring og ansvaret for vedlikehald av nødvendig gjerde ( utmarksgjerde), men ikkje gjerde mot innmark. Gjeldande gjerdehaldsfordeling mot innmark skal framleis gjelde.
Manglande/ for dårleg gjerde mot innmark, kan laget utbetre for gjerdepliktshavaren si rekning. Gjerdepliktshavaren skal i tilfelle fyrst ha fått varsel og hatt rimeleg høve til å setja gjerde i stand.
Medlem kan krevje at laget sørgjer for nødvendig le/grind i utmarksgjerdet for uttak av ved o.l.
§ 4. MEDLEMSSKAP
Fylgjande eigedomar er medlem i laget: ……
Medlemsskapet i laget er pliktig. Det er berre medlemmer og event. leigetakarar, som har rett til å sleppe dyr på beite i området. Medlemsskapet fylgjer eigedomen og kan ikkje skiljast frå denne anna enn ved bortleige, jf. § 6.
Ved eventuell deling av eigedom, kan den frådelte eigedom - dersom denne er landbrukseigedom
– bli medlem i laget dersom areal innanfor området fylgjer med den frådelte eigedom eller får beiterett i det området som bruksordninga omfattar.
§ 5 ANDELSFORHOLDET I LAGET
Medlemmet teiknar seg for så mange andelar det har behov for. Andelane skal reknast ut slik:
1-20 vinterfora sau 1 andel
21-40 vinterfora sau 2 andelar osv
1-3 storfe 1 andel
4-6 storfe 2 andelar osv.
Medlem som ikkje skal ha dyr på beite, skal ikkje teikne seg for andelar.
§ 6 BORTLEIGE AV BEITERETTEN
Dersom det er tilstrekkeleg beite i området, har medlem rett til å leige bort beiteretten. Andelsavgift, jf. § 5, skal betalast til laget av medlem. Det er ikkje høve til delvis bortleige av beiteretten.
Usemje om vilkåret for bortleige av beiterett er til stades, blir avgjort i samsvar med § 16.
§ 7 INNGJERDING INNANFOR UTMARKSOMRÅDET
Grunneigar har rett til inngjerding av sin teig dersom bruken av teigen gjer slik inngjerding nødvendig. Inngjerding må skje slik at beiteområdet elles ikkje blir sperra for beitande dyr. Grunneigar må sjølv koste slik inngjerding. Dersom den alt vesentlege delen av beitearealet på teigen blir inngjerda, fell retten til medlemsskap i laget bort.
Melding om inngjerding skal skje skriftleg til styret innan 1. mars det året gjerdet skal oppførast. Usemje om vilkåret for nødvendig inngjerding er til stades, blir avgjort i samsvar med § 16.
§ 8. ARBEIDSÅR
Rekneskaps- og arbeidsåret fylgjer kalenderåret.
§ 9. ÅRSMØTE
1. Konstitusjon
Årsmøtet er laget si øvste myndigheit.
Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. april kvart år. Berre medlemene har rett til å delta på årsmøtet.
Eit medlem kan la seg representere ved fullmektig med skriftleg fullmakt.
Årsmøtet blir kalla inn av leiaren med minst to vekers varsel. Leiaren vel innkallingsmåte.
2. Fleirtalsvedtak
Det enkelte vedtak på årsmøte blir gjort med vanleg fleirtal(simpelt relativt fleirtal) blant dei frammøtte.
Ved skriftleg avstemming blir blanke stemmer rekna som ikkje avgjevne stemmer. Likt stemmetal ved val blir avgjort med loddtrekning. Ved stemmelikheit elles har møteleiaren dobbeltstemme.
Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga har skjedd på lovleg måte.
Fleirtalsvedtak må ikkje påføre noko medlem større kostnader og ulemper enn nytte. Vedtaket må heller ikkje føre med seg usakleg skilnad på rettane til fleirtalet og mindretalet. Vedtaket må ivareta fellesskapets vel og ikkje gje urimelege fordelar til fleirtalet til skade for mindretalet.
3. Årsmøtet skal:
• Velja møteleiar
• Velja protokollførar.
• Godkjenne innkalling, fullmakter og sakliste.
• Behandle innkomne saker.
• Velja leiar i laget. Denne blir vald for to år om gongen.
• Velja så mange styremedlemer med vararepresentantar som står på val.
• Vedta pris pr. andel, jf. § 5.
4. Vidare kan årsmøtet m.a.:
• Vedta reglar for beitetider.
• Vedta endringar av bruksordningsreglane, jf. § 17.
• Gjera vedtak i andre saker som vedkjem laget.
§ 10.EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst 1/3 av medlemmane krev det. Frist og framgangsmåte for innkalling er den same som for vanleg årsmøte.
§ 11. STYRET
1. Samansetjing
Laget blir leia av eit styre på tre medlemer. Dersom det er minst to medlemmer som har dyr på beite i området, så skal minst to av desse vera med i styret. Styremedlemene blir valde for to år om gongen, men likevel slik at eit medlem (etter loddtrekning) står på val etter 1. året.
2. Etter retningsliner frå årsmøtet skal styret:
• Xxxxxxxxx årsmøte,
• Føre rekneskap for laget
• Sørgje for oppføring/vedlikehald av det gjerdet laget har ansvaret for
• Utføre det arbeid som er nødvendig knytt til bruken av området som beite
3. Protokoll
Det skal førast møteprotokoll for styremøta. Protokollen skal vera tilgjengeleg for samtlege medlemer.
§ 12. UTGIFTER
Utgifter som laget ikkje har økonomisk dekning for, skal utliknast på medlemmene i forhold til andelsforholdet i laget.
§ 13. INVESTERINGAR/VEDLIKEHALD OG DRIFT AV LAGET - FINANSIERING
Medlemmene er pliktige til å betale inn til laget nødvendig beløp til dekning av gjennomførte investeringar medrekna kostnader med jordskiftesaka, vedtekne investeringar, vedlikehald og til drift av laget. Beløpet skal utliknast i forhold til andelsforholdet i laget.
§ 14. REDUSERING AV ANDEL
Redusering av andel skal skje skriftleg til styret. Redusering av andel skal skje med minst to månaders varsel. Den som reduserer sin andel i laget, har ikkje krav på å få att for innbetalt kapital.
§ 15 REGULERING AV ANDEL/ TALET PÅ BEITEDYR
Årsmøtet kan regulere talet på beitedyr dersom det blir for stort beitepress. Reguleringa skal i så fall vera i forhold til areal innafor laget sitt området.
Usemje om vilkåret for regulering er til stades, blir avgjort i samsvar med § 16.
§ 16. TVISTAR
Oppstår det tvistar mellom laget og medlemmene eller mellom medlemane innbyrdes om forståinga og gjennomføringa av desse vedtektene, skal ein freiste å få tvisten avgjort med bindande virkning for alle partar av ei sakkunnig nemnd på tre medlemmer ( voldgiftsrett). Vang kommune oppnemner desse. Kjem voldgiftsavtale ikkje i stand, må tvisten avgjerast av dei vanlege domstolar.
§ 17. VEDTEKTSENDRINGAR
For å endre desse vedtektene krevst minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Vedtektsendring kan ikkje skje før 3 år etter at denne saka er rettskraftig med mindre det blir vedteke einstemmig.
§ 18. OPPLØYSING
Årsmøtet kan vedta oppløysing av laget dersom det blir gjort framlegg om dette på årsmøtet året før. For slikt vedtak krevst at alle medlemmene stemmer for.
Ved oppløysing av laget skal laget sin formue delast etter dåverande andelsfordeling. Det gjerde som laget har ansvaret for, skal fjernast av laget dersom ikkje grunneigar ynskjer at gjerdet skal stå. I tilfellet grunneigar ikkje ynskjer gjerdet fjerna, overtek grunneigar gjerdet og ansvaret for dette.