Vedtekter
Vedtekter
for Øygarden
brann og redning KF
Øygarden kommune
(Vedteke av Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune 17.06.2019)
Innhald
Alminnelege bestemmelsar 3
§ 1 Namn 3
§ 2 Rettsleg status 3
§ 3 Forretningskontor 3
§ 4 Føremål og oppgåver 3
Kommunestyret 4
§ 5 Eigar sitt ansvar 4
Føretaket sitt styre og leiing 4
§ 6 Val, Samansetting og funksjonstid 4
§ 7 Styret sine møte 4
§ 8 Styret sine oppgåver og mynde 5
§ 9 Dagleg leiar 5
§ 10 Representasjon 6
Andre bestemmelsar 6
§ 11 Kommunen sin administrative leiar (rådmannen) 6
§ 12 Styringsdokument 6
§ 13 Oppløysing og oppdeling av føretaket 6
Alminnelege bestemmelsar
§ 1 Namn
Føretaket sitt namn er Øygarden brann og redning KF.
§ 2 Rettsleg status
Føretaket er oppretta med heimel i kommunelova sitt kapitel 11 og i tråd med vedtak i fellesnemnda sak 40/2018 i møte 18. juni 2018.
Desse vedtektene trer i kraft ved føretaksetablering.
Føretaket er ikkje eige rettssubjekt og er direkte underlagt Øygarden kommunestyre. Føretaket skal registrerast i føretaksregisteret.
§ 3 Forretningskontor
Føretaket skal ha sitt forretningskontor i Øygarden kommune.
§ 4 Føremål og oppgåver
Føretaket sitt føremål er å ivareta kommunen sine oppgåver og plikter etter lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker med farleg stoff og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann‐ og eksplosjonsloven) av 14.06.2002.
Føretaket skal vidare ivareta lovpålagte og ikkje‐lovpålagte oppgåver som vert ivareteke av brann‐ og redningstenesta i dag og kan etter avtale leggjast til ytterlegare oppgåver som naturleg høyrer til eit brannvesen.
Utarbeida og ajourføra branndokumentasjon for kommunen basert på standardkrav i gjeldande lovverk og på reell risikovurdering i kommunen
1. Brannførebyggjande arbeid.
• Sørgja for lovbestemt tilsyn i spesielle brannrisikoar, feiing og tilsyn av fyringsanlegg, og gje informasjon innan fagområdet.
• Gjennomføra informasjons‐ og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, brannvernstiltak og opptreden i tilfelle brann og andre ulukker.
• Gjennomføra tilsyns‐ og ulukkesførebyggjande oppgåver i samband med lagring og handtering av farleg stoff og transport av farleg gods.
2. Beredskap, alarm og utrykkingsoppgåver
• Xxxx innsatsstyrke ved brann og andre akutte ulukker.
• Yta innsats ved brann og ulukker i sjøområde
• Utføra førebyggjande og beredskapsmessige oppgåver i krigs‐ og krisesituasjonar
Kommunestyret
§ 5 Eigar sitt ansvar
Lovbestemt dokumentasjon av branntryggleik skal vedtakast av kommunestyret sjølv. Øygarden kommune heftar som eigarkommune for føretaket sine samla forpliktingar..
Føretaket sitt styre og leiing
§ 6 Val, Samansetting og funksjonstid
Føretaket vert leia av eit styre og ein dagleg leiar. Føretaket sitt styre skal bestå av 5 medlemmar og 5 varamedlemmar. Det skal vere numerisk varamedlem.
Styret vert vald av kommunestyret sjølv etter følgjande reglar:
• 4 medlemar og 4 varamedlemmer vert vald blant kommunestyret sine medlemar eller andre innbyggjarar i kommunen som kommunestyret vil føreslå
• 1 medlem med varamedlem vert vald blant dei tilsette etter forslag frå organisasjonane
Xxxxxx sin leiar og nestleiar vert vald av kommunestyret. Xxxxxx vert vald for ei funksjonstid på 4 år i samsvar med kommunal valperiode. Xxxxx vert gjennomført straks etter konstituering av nytt kommunestyre. Føretaket si funksjonstid trer i kraft første gong frå 1.januar 2020.
Med unnatak av medlemmen og varamedlemmen, som er vald blant dei tilsette, kan kommunestyret sjølv når som helst føreta nyval i styret.
§ 7 Styret sine møte
Xxxxxx sin leiar kallar inn til møte etter behov og møta vert leia av styret sin leiar. Styret skal likevel kallast saman til møte dersom minst 2 medlemmar krev det.
Innkalling til møte skal skje skriftleg og ha ein frist på minst 7 dagar og innehalda saksliste. Styret fattar vedtak med alminneleg fleirtal.
Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmar er til stades, inkludert møtande varamedlemar. Avgjerd om å behandla saker utanom saksliste må vera samrøystes og kan berre fattast i eit fulltalig styre. Vedtak i saka vert fatta med alminneleg fleirtal.
Offentleglova (Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd) gjeld for ØBR si verksemd og dei styrande organa. Dette medfører at møteplan og saksdokument til selskapet sine styrande organ skal gjerast offentleg tilgjengeleg, t.d. via selskapet si elektroniske nettside.
Det følgjer av unntaksreglar i offentleglova kva saker som skal unnatakast offentleg innsyn
Dei tilsette sin representant skal ikkje delta når styret handsamar saker der føretaket er i motparttilhøve til dei tilsette. Eller når det vert fatta einskildvedtak etter forvaltningslova sin
§ 2. Det skal førast protokoll frå møtet, underskrive av alle styremedlemmar som er til stades.
§ 8 Styret sine oppgåver og mynde
Styret tilset dagleg leiar.
Xxxxxx har mynde til å treffa avgjerd i alle saker som gjeld føretaket og verksemda i føretaket.
Styret skal sjå til at verksemda vert drive i samsvar med føretaket sitt føremål, vedtekter, driftsavtale, kommunen sin økonomiplan, årsbudsjett og andre vedtak eller retningsliner fastsett av kommunestyret. Vidare skal styret sjå til at rekneskapen vert revidert i samsvar med kommunen sine rekneskapsføreskrifter.
Styret skal sjå til at drifta er i samsvar med gjeldande branndokumentasjon. Styret presenterer verksemdsplan for kommunestyret. Styret legg fram årsmelding innan 31.03 til kommunestyret
Styret skal føra tilsyn med føretaket og har ansvar for at pålagte oppgåver vert utført iht lov, føreskrifter og eventuelle pålegg.
Styret skal setja i verk vedtak som kommunestyret ber føretaket om.
Styret skal føra tilsyn med drifta av føretaket og har ansvar for føretaket si organisatoriske tilrettelegging.
Styret tilset personalet og har mynde til å oppretta og leggja ned stillingar og å treffa avgjerd i personalsaker innanfor rammene av Øygarden kommune sitt personalreglement. Styret kan delegera tilsettingsmynde til dagleg leiar.
§ 9 Dagleg leiar
Brann‐ og redningssjefen i Øygarden er dagleg leiar for føretaket.
Dagleg leiar er styret sin sekretær og sakshandsamar, og har talerett i styremøta.
Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av føretaket og har sjølvstendig mynde i samsvar med reglane i brann‐ og eksplosjonslova. I andre saker er han direkte underordna styret og skal følgja dei retningsliner, pålegg og den delegasjon som styret gjev. Dagleg leiar kan ikkje treffa vedtak i saker av uvanleg art eller som vil ha ein stor innverknad for føretaket.
§ 10 Representasjon
Styret inngår avtalar på vegne av Øygarden kommune innanfor føretaket sitt myndeområde. Føretaket vert forplikta ved underskrift av styret sin leiar eller dagleg leiar i saker som fell innanfor dagleg leiar sitt mynde og ansvar.
Ut mot offentlegheita og på utsida av organisasjonen vert føretaket representert av styret sin leiar eller av dagleg leiar innanfor dagleg leiar sitt myndeområde.
Andre bestemmelsar
§ 11 Kommunen sin administrative leiar (rådmannen)
Saker som skal handsamast av kommunestyret, skal leggjast fram for rådmannen før styret handsamar saka slik at rådmannen får høve til å leggja ved sin uttale til saka.
Rådmannen kan bestemma at iverksetjing av ei sak som er vedteke av føretaket sitt styre, blir utsett til kommunestyret har handsama saka.
§ 12 Styringsdokument
Føretaket skal utarbeida nødvendige strategidokument for forvaltning, styring og drift av føretaket.
Føretaket skal utforma ein verksemdsplan jf. § 8, som skal rullerast årleg, og som skal vere føretaket sitt strategiske og praktiske styringsdokument.
Justering og endring av verksemdsplanen, skal leggjast fram for kommunestyret. Kommunestyret kan leggja inn eigne tingingar av tenester og vedta føringar for føretaket.
Føretaket sitt rekneskap og årsmelding skal innehalda ei resultatvurdering i høve til verksemdsplanen og branndokumentasjonen. Øygarden kommune og Øygarden brann og redning KF skal inngå ein driftsavtale. Driftsavtalen skal omtala føretaket sine rammevilkår og driftsføresetnader og skal avklara tilhøvet til den kommunale organisasjonen.
Dersom ein av partane gjer krav om det, skal det førast tingingar om endring av driftsavtalen. Forslag til endring vert lagt fram for Øygarden kommunestyre til vedtak.
§ 13 Oppløysing og oppdeling av føretaket
Eigar (Øygarden kommune) kan om ein ønskjer det, når som helst vedta oppløysing av føretaket eller velja å dela opp føretaket.