Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Vedtatt av kommunestyret 22. juni 2021.
REGLEMENT FOR FINANS- OG GJELDSFORVALTNING
1. Finans- og gjeldsreglementet sitt virkeområde 3
1.1 Målsetting med reglementet 3
1.2 Kven reglementet gjeld for 3
3. Forvaltning og forvaltningstypar 3
4. Formålet med kommunen si finans- og gjeldsforvaltning 3
5. Generelle rammer og avgrensingar 4
6. Forvaltning av midlar med låg risiko og høg likviditet 5
6.2. Delar i pengemarknadsfond 5
6.3. Direkte eige av verdipapir 5
6.4. Felles plasseringsavgrensingar 6
7. Forvaltning av kommunen si gjeld og andre finansieringsavtaler 6
7.1. Vedtak om opptak av lån 6
7.3. Tidspunkt for låneopptak 7
7.5. Val av rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument 7
7.6. Størrelse på enkeltlån – spreiing av låneopptak 7
8. Forvaltning av midlar med lang tidshorisont 8
8.1 Formål og avkastningsmål 8
8.2 Overordna investeringsrammer 8
8.6 Aktivafordeling, avkastningsrisiko og benchmarks 10
9. Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko 11
9.2 Kvalitetssikring og rutinar 11
1. Finans- og gjeldsreglementet sitt virkeområde
1.1 Målsetting med reglementet
Reglementet skal gi rammer og retningslinjer for kommunen si finans- og gjeldsforvaltning. Reglementet inneheld ei samla oversikt over dei rammer og avgrensingar som gjeld, og underliggande fullmakter/instruksar/rutinar skal heimlast i reglementet.
Reglementet definerer avkastningsmål, rammer og avgrensingar for forvaltninga av midlar som skal forvaltast med høvesvis låg risiko og høg likviditet og med ein lang tidshorisont. Reglementet definerer vidare kva rammer og avgrensingar som gjeld for forvaltninga av gjeld og andre finansieringsavtalar. Dette inneberer mellom anna avklaringar av kva som er tillat risiko, krava til risikospreiing og kva finansielle instrument som er tillate.
1.2 Kven reglementet gjeld for
Reglementet gjeld for Vindafjord kommune. Reglementet gjeld og for verksemd i kommunale føretak etter kommuneloven kapittel 9 og interkommunalt samarbeid etter kommuneloven kapittel 17, så langt ikkje anna er avtalt eller vedtektsfesta for desse selskapa.
2. Xxxxxx og gyldigheit
2.1 Heimel
Dette reglementet er utarbeidd på bakgrunn av:
• Lov om fylkeskommunar og kommunar av 22. juni 2018, § 14-13 og § 14-19
• Forskrift om garantier og finans- og gjeldsforvaltning i kommuner og fylkeskommuner (FOR-2019- 11-18-1520).
2.2 Gyldigheit
• Reglementet trer i kraft frå vedtaksdato.
• Reglementet erstattar alle tidlegare regler og instruksar som kommunestyret eller anna politisk organ har vedtatt for Vindafjord kommune si finans- og gjeldsforvaltning.
3. Forvaltning og forvaltningstypar
Reglementet omfattar forvaltninga av alle finansielle aktiva/midlar (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld) som kommunen har. Gjennom dette reglementet er det vedtatt målsettingar, strategiar og rammer for kommunen sin forvaltning av:
• Midlar som skal forvaltast med låg risiko og høg likviditet
• Xxxxx og andre finansieringsavtaler
• Midlar som skal forvaltast med lang tidshorisont
Plassering og forvaltning av kommunen sin ledige likviditet, midlar til driftsformål, finansielle aktiva og gjeldsportefølje kan settast bort til forvaltarar/rådgjevarar med konsesjon/løyve frå Finanstilsynet eller anna tilsvarande mynde.
4. Formålet med kommunen si finans- og gjeldsforvaltning
Finans- og gjeldsforvaltninga har som overordna formål å sikre ei god avkastning, samt stabile og låge netto finansieringskostnader for kommunen sine aktivitetar innanfor definerte risikorammer.
Dette skal ein prøve å nå gjennom følgjande delmål:
• Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet (inkludert trekkrettar) til å dekke løypande forpliktingar.
• Plasserte midlar (aktiva) skal over tid gje ei god og konkurransedyktig avkastning innanfor definerte krav til likviditet og risiko, der ein tek omsyn til tidsperspektiv på plasseringane.
• Lånte midlar skal over tid gi lågast mogeleg totalkostnad innanfor definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko, der ein også tek omsyn til behovet for føreseielege lånekostnadar.
• Midlar som skal forvaltast med lang tidshorisont skal gje ei god langsiktig avkastning til akseptabel risiko som over tid skal bidra til å gje innbyggjarane eit best mogeleg tenestetilbod.
• Bidra til berekraftig utvikling ved å investere midlar på ein ansvarleg og etisk forsvarleg måte.
5. Generelle rammer og avgrensingar
Kommunestyret skal sjølv gjennom fastsetting av dette finans- og gjeldsreglement, ta stilling til kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentleg finansiell risiko, jf. kommuneloven § 14-1, tredje ledd og «Forskrift om garantier og finans- og gjeldsforvaltning i kommuner og fylkeskommuner».
Følgjande retningslinjer vert lagt til grunn for praktisering av reglementet:
• Reglementet skal baserast på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument.
• Kommunestyret skal ta stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga. Dette omfattar også vurdering av kva som skal reknast som midlar med lang tidshorisont. Kommunedirektøren har ei sjølvstendig plikt til å utgreie og legge fram saker for kommunestyret som sjåast som prinsipielle.
• Kommunedirektøren skal fortløpande vurdere om reglementet sine ulike rammer og avgrensingar er eigna, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at kapitalforvaltninga vert utøvd forsvarleg i høve til dei risikoar kommunen er utsett for.
• Kommunedirektøren får mynde til å inngå avtaler i samsvar med dette reglementet.
• Kommunedirektøren skal med heimel i dette finansreglementet utarbeide nødvendige fullmakter/instruksar/rutinar for dei einskilde forvaltningsformer som er i samsvar med kommunen sine overordna økonomiavgjerder.
• Finansielle instrument og/eller produkt som ikkje er eksplisitt tillate brukt gjennom dette reglementet, kan ikkje nyttast i kommunen si finans- og gjeldsforvaltning.
Kommunen kan i si finansforvalting nytte seg av andre finansielle instrument, såkalla avleidde instrument/derivat. Slike instrument skal vera konkret angitt under dei einskilde forvaltningsformer og må nyttast innanfor risikorammene for underliggande aktiva eller gjeld, og skal inngå ved berekning av finansiell risiko.
Plassering av Vindafjord kommune sine midlar i verdipapir skal skje i samsvar med etiske kriterier. Kriteria finn ein under «Forvaltning av midlar med lang tidshorisont», pkt. 8.7. Så langt det er praktisk mogeleg skal desse etiske kriteria også gjelde for plasseringar i verdipapirfond.
Konkrete rammer for forvaltning av kommunen sine midlar med låg risiko og høg likviditet, gjeld og andre finansieringsavtalar og midlar med lang tidshorisont, vert omtalt nedanfor i dokumentet kvar for seg.
6. Forvaltning av midlar med låg risiko og høg likviditet
Kommunen sine midlar som skal forvaltast med låg risiko og høg likviditet (under her ledig likviditet) kan plasserast i bankinnskott, pengemarknadsfond og renteberande verdipapir med kort løpetid.
Alle plasseringar skal gjerast i norske kroner (NOK).
Kommunen kan inngå rammeavtale for å ivareta det løypande behov for banktenester. Ved val av hovudbankforbindelse bør det stillast krav om minimum kredittrating BBB – eller tilsvarande kredittvurdering.
Kommunen sin driftslikviditet skal plasserast i kommunen sin hovudbank, eventuelt supplert med innskott i andre spare- og/eller forretningsbankar med forvaltningskapital over NOK 20 mrd.
Avkastningsmålet er sett lik kommunen sine vilkår i hovudbankavtalen.
Ledig likviditet utover det som trengs til dekning av kommunen sine løypande forpliktingar dei næraste 3 månader, kan plasserast etter følgjande retningsliner:
6.1. Innskott i bank
For bankinnskott gjeld følgjande avgrensingar:
a) Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 12 månader.
b) Eit enkelt innskott med tidsbinding kan ikkje vera større enn NOK 20 mill.
6.2. Delar i pengemarknadsfond
For plassering i pengemarknadsfond gjeld følgjande:
a) Midlar kan berre plasserast i fond som er forvalta av fondsforvaltningsselskap med konsesjon/løyve frå Finanstilsynet.
b) Det skal berre plasserast i fond med vekta gjennomsnittleg rentefølsemd på maksimum 12 månader.
c) Ingen av fondet sine einskildpapir skal ha lågare kredittrating enn tilsvarande BBB- eller det skal vere vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet .
d) Porteføljen i aktuelle pengemarknadsfond skal bestå av verdipapir med låg kredittrisiko, under her:
- Renteberande verdipapir utferda eller garantert av den norske stat
- Obligasjonar med førerett (særskilt sikra obligasjonar)1
- Renteberande papir utferda eller garantert (sjølvskuldnargaranti) av norske kommunar eller fylkeskommunar
- Renteberande papir, i form av «senior» sertifikatlån, obligasjonslån og ansvarlege lån, utferda eller garantert av norske banker eller kredittinstitusjonar (OMF-føretak)
e) Det kan ikkje plasserast midlar i pengemarknadsfond som inneheld fondsobligasjonar.
f) Det skal ikkje være avgrensingar på uttaksretten i fonda som nyttast, og midlane skal alltid være tilgjengelege på få dagar.
g) Samla vekta løpetid for kreditten (kredittløpetid) i eit enkelt pengemarknadsfond skal ikkje overstige 3 år. Løpetida for enkeltplasseringar i fondet skal ikkje overstige 5 år.
6.3. Direkte eige av verdipapir
For direkte plassering i renteberande papir gjeld følgjande:
1 Obligasjonar utferda av kredittføretak med førerett i ein tryggleiksmasse beståande av offentlege lån, utlån med pant i bustad eller annan fast eigedom.
a) Det skal berre plasserast i renteberande verdipapir med kortare rentesensitivitet (durasjon) enn 12 månader.
b) Samla vekta løpetid for kreditten (kredittløpetid) skal ikkje overstige 2 år. Løpetida for enkeltplasseringar skal ikkje overstige 4 år.
c) Ingen verdipapir skal ha lågare kredittrating/kredittvurdering enn tilsvarande BBB- på investeringstidspunktet, eller vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet.
d) Papira skal bestå av verdipapir med låg kredittrisiko, og kan bestå av:
- Renteberande papir utferda eller garantert av den norske stat
- Renteberande papir utferda eller garantert (sjølvskuldnargaranti) av norske kommunar eller fylkeskommunar
- Renteberande papir, i form av senior sertifikatlån, obligasjonslån og ansvarlege lån, utferda eller garantert av norske bankar eller kredittinstitusjonar
e) Det kan ikkje plasserast midlar direkte i fondsobligasjonar.
f) Direkte eige av verdipapir og fond kan setjast bort til forvaltar med konsesjon/løyve frå Finanstilsynet. Forvaltar skal vere underlagt tilsvarande rammer som punkt 6.3. Midlar definert som midlar med lang tidshorisont kan også setjast bort til forvaltar med konsesjon/løyve frå Finanstilsynet.
g) Ingen enkeltplassering i renteberande papir kan utgjere meir enn NOK 25 mill. Unntatt frå denne avgrensinga er plasseringar i statspapir.
6.4. Felles plasseringsavgrensingar
• Kommunen sine samla innskott i bank/kredittinstitusjon (inkl. direkte eige av verdipapir utferda eller garantert av institusjonen) skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital, , med unnatak for banken der kommunen har hovudbankavtale med.
• Kommunen sin eigardel i eit pengemarknadsfond skal ikkje overstige 5 % av fondet sin forvaltningskapital.
• Fondsplasseringar vert avgrensa til fond der det er minimum 10 innskytarar, og der enkeltinnskytarar ikkje har meir enn 25% av fondet sitt totale innskot.
7. Forvaltning av kommunen si gjeld og andre finansieringsavtaler
7.1. Vedtak om opptak av lån
Kommunestyret fattar vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret. Slikt vedtak skal som minimum omfatte:
• Lånebeløp
• Nedbetalingstid
Med utgangspunkt i kommunestyret sitt vedtak skal det gjennomførast låneopptak. Under her gjeld godkjenning av lånevilkår og anna forvaltning av kommunen sine innlån etter retningslinjer som går fram av dette reglementet, og i tråd med reglane i Kommuneloven § 14-13 til 14-18 om låneopptak. Det kan også takast opp lån til refinansiering av eksisterande gjeld.
7.2. Val av låneinstrument
Det kan berre takast opp lån i norske kroner (NOK).
• Lån kan takast opp som direkte gjeldsbrev- eller pantelån i offentlege og private finansinstitusjonar, og i livselskap.
• Lån kan takast opp som opne seriar (rammelån) og utan avdrag (bulletlån).
• Det er høve til å legge ut lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden.
• Obligasjonslån utferda av kommunen kan børsnoterast.
• Finansiering kan også skje gjennom finansiell leasing.
7.3. Tidspunkt for låneopptak
Låneopptaka skal vurderast opp mot likviditetsbehov, vedtatt investeringsbudsjett, forventningar om framtidig renteutvikling og generelle marknadstilhøve.
7.4. Konkurrerande tilbod
Låneopptak skal kommunen prøva å få gjennomført til marknaden sine gunstigaste vilkår. Det skal normalt innhentast minst 2 konkurrerande tilbod frå aktuelle långivarar. Det kan gjerast unntak frå denne regelen for situasjonar der kommune vel å legge ut sertifikat- eller obligasjonslån gjennom å gi tilretteleggjar eit eksklusivt mandat. Prinsippet kan også fråvikast ved låneopptak i statsbank (t.d. startlån i Husbanken).
7.5. Val av rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument
Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode i høve til oppfatningar om framtidig renteutvikling, og innanfor eit akseptabelt risikonivå vurdert ut frå eit overordna ønske om føreseielege og stabile lånekostnader.
Forvaltninga skal leggast opp i samsvar med følgjande:
a) Refinansieringsrisikoen skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall
b) Gjennomsnittleg attverande rentebinding (durasjon – vekta rentebindingstid) på samla renteberande gjeld skal til ei kvar tid vere mellom 0,5 og 5 år
c) Den delen av gjeldsporteføljen som har fast rente, bør fordelast i 1 til 5 års segmentet på ein slik måte at kommunen får lågast mogeleg refinansieringsrisko
For å oppnå ønskt rentebinding, vert det gitt høve til å ta i bruk framtidige renteavtaler (FRA) og rentebytteavtaler (SWAP). Rentesikringsinstrumenta kan brukast i det siktemål å endre renteeksponeringa for kommunen si lånegjeld. Føresetnader for å gå inn i slike kontraktar skal vera at ei totalvurdering av at renteforventningar og risikoprofil på eit gitt tidspunkt tilseier at slik endring er ønskjeleg.
Det er ikkje tillate å lausrive derivathandelen frå finansforvaltninga elles, og rapportering og utrekningar av nøkkeltall skal inkludere FRA- og SWAP-kontraktar. Føremålet bak kvar derivatkontrakt skal dokumenterast, og kontraktane skal knytast til underliggande lån eller låneportefølje. Det skal berre nyttast større bankar med brei dokumentert erfaring innan område, som motpart ved slike kontraktar.
7.6. Størrelse på enkeltlån – spreiing av låneopptak
Forvaltninga skal leggast opp i samsvar med følgjande:
a) Låneporteføljen skal bestå av færrast mogleg lån, likevel slik at refinansieringsrisikoen ved ordinære låneforfall vert avgrensa.
b) Eit enkeltlån kan ikkje utgjere meir enn 30 % av kommunen si samla gjeldsportefølje.
c) Under elles like forhold vil det vere formålstenleg at kommunen fordeler låneopptaka på fleire långjevarar.
d) Gjennomsnittleg vekta løpetid på låna (tid til forfall) bør vere over 1 år for å redusere refinansieringsrisikoen, og for å regulere kor stor del av lånegjelda som kjem til forfall.
e) Refinansieringsrisikoen skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall. Lån som har forfall, og som ikkje skal innløysast, innan ein periode på 12 mnd. skal ikkje overstige meir enn 70 % av total gjeldsportefølje.
8. Forvaltning av midlar med lang tidshorisont
8.1 Formål og avkastningsmål
Forvaltninga av kommunen sine midlar med lang tidshorisont har som formål å sikre ei langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggarane i Vindafjord kommune eit godt tenestetilbod. Forvaltninga vert styrt etter ein rullerande investeringshorisont på 2 år, samtidig som ein prøver å få ei rimeleg bokført avkastning årleg. Langsiktig likviditet er midlar som ikkje kjem til utbetaling dei neste 2 åra.
Avkastningsmålet for porteføljen er sett lik eller over referanseindeksane for dei ulike plasseringane per risikoklasse.
8.2 Overordna investeringsrammer
For å kunne oppfylle formålet for forvaltninga av midlar med lang tidshorisont skal midlane til alle tider forvaltast etter kriteria:
• tryggleik for midlane
• risikospreiing
• likviditet
• avkastning
Risikospreiing reduserer den finansielle risikoen. Risikospreiing får ein ved å fordele midlane på ulike produkt og verdipapir innanfor fleire aktivaklasser og risikoklasser.
8.3 Produktspekter
Følgjande instrument er tilgjengelege i Vindafjord kommune si forvaltningsportefølje:
• bankinnskott
• sertifikat
• pengemarknadsfond
• obligasjonar
• obligasjonsfond
• ansvarlege lån
• aksjefond
• aksjar
• eigenkapitalbevis
8.4 Risikorammer
8.4.1 Likviditetsrisiko
Likviditetsrisikoen vert styrt mellom anna gjennom del av statspapir i porteføljen. Statssertifikat og statsobligasjonar er dei verdipapira som er mest likvide i den norske marknaden og der det til ei kvar tid vert kvotert kursar i marknaden med lågast differanse mellom kjøps- og salskurs.
8.4.2 Kredittrisiko
Kredittrisikoen vert styrt gjennom å klassifisera kredittrisikoen i risikoklassar og ved å etablere plasseringsavgrensingar for risikoklasse og debitor med utgangspunkt i det krav som er sett til kredittrisiko.
8.4.3 Risikoklasser
Kredittrisiko skal klassifiserast i følgjande risikoklasser:
Risikoklasse 1 Obligasjonar/sertifikat utferda av den norske stat eller føretak med statsgaranti, og statsobligasjonsfond.
Risikoklasse 2 Obligasjonar med fortrinnsrett (OMF), obligasjonar/sertifikat utferda av statsføretak, kommunar og fylkeskommunar, bankar, innskott i bankar og pengemarknads- og obligasjonsfond med tilsvarande risiko.
Obligasjonar, sertifikat og innskott som inngår i Risikoklasse 2 (enten ved direkte eige eller gjennom verdipapirfond) skal minimum ha rating tilsvarande BBB- eller betre, og/eller vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet.
Risikoklasse 3 Obligasjonar/sertifikat utferda av industriføretak (corporate) eller fond med tilsvarande risiko.
Obligasjonar, sertifikat og innskott som inngår i Risikoklasse 3 (enten ved direkte eige eller gjennom verdipapirfond) skal minimum ha rating tilsvarande BBB- eller betre, og/eller vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet.
Risikoklasse 4 Ansvarlege lån.
Risikoklasse 5 Aksjefond, både i Noreg og internasjonalt.
Aktivt forvalta aksje- og/eller eigenkapitalportefølje med direkteeigde verdipapir notert på Oslo Børs.
8.4.4 Plasseringsavgrensingar – risikoklasse
For å styre kredittrisiko skal følgjande avgrensingar gjelde for plasseringane:
Kredittrisiko | Total porteføljefordeling |
Risikoklasse 1 | Maksimum 100 % av total forvaltningskapital |
Risikoklasse 2 | Maksimum 100 % av total forvaltningskapital |
Risikoklasse 3 | Maksimum 35 % av total forvaltningskapital |
Risikoklasse 4 | Maksimum 10 % av total forvaltningskapital |
Risikoklasse 5 | Maksimum 35 % av total forvaltningskapital |
I den grad ein høgare risikoklasse ikkje er nytta fullt ut, skal tilsvarande ledig del kunne auke rammer for klassar med lågare risiko, med dei avgrensingar som er gitt.
8.4.5 Plasseringsavgrensingar – debitor
Vindafjord kommune sine rammer for maksimal plassering pr. debitor vert rekna ut frå kommunen sin samla forvalta kapital (ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsformål og midlar med lang tidshorisont).
Kredittrisiko | Maksimal plassering pr. debitor i % av samla forvalta kapital |
Risikoklasse 1 | Uavgrensa |
Risikoklasse 2 | Statsføretak/obligasjonar med fortrinnsrett: 35 % Kommune/fylkeskommune: 35 % Bank: 15 % |
Risikoklasse 3 | Obligasjonar/sertifikat: 10 % |
Risikoklasse 4 | Ansvarlege lån: 10 % |
Risikoklasse 5 | Maksimalt 10 % |
• Kvar delportefølje skal søkje god spreiing på einskildaksjar i tråd med normer for god diversifisering. Marknadseksponeringa skal hovudsakleg bestå av verdipapir notert på vedtekne referanseindeksar.
• Kommunen kan ikkje eige meir enn 10 % av fondsdelane i eit enkelt verdipapirfond.
• Kommunen si eksponering (innskott og direkteeigde obligasjonar/sertifikat) i ein einskild bank skal ikkje vera meir enn 2 % av banken sin forvaltningskapital, med unnatak for banken der kommunen har hovudbankavtale med.
8.5 Valutarisiko
Vindafjord kommune skal som hovudregel unngå å ha/ta valutarisiko i si finans- og gjeldsforvaltning. Globale / internasjonale fond treng likevel ikkje å vere valutasikra.
8.6 Aktivafordeling, avkastningsrisiko og benchmarks
Forvaltninga skal normalt ha ei fordeling av midlar med lang horisont basert på ein nøytral posisjon, med fylgjande rammar for minimum og maksimum fordeling av midlane per risikoklasse:
Klasse | Minimum | Nøytral | Maksimum |
Risikoklasse 1 | 0 % | 0 % | 100 % |
Risikoklasse 2 | 0 % | 70 % | 100 % |
Risikoklasse 3 | 0 % | 10 % | 35 % |
Risikoklasse 4 | 0 % | 10 % | 10 % |
Risikoklasse 5 | 0 % | 25 % | 35 % |
Avkastningsrisiko er definert som risiko for verdiendring på eigedelar som følgje av endringar i marknadstilhøve,- dette omfattar endring i aksjekursar, rentenivå samt endring i volatiliteten i desse marknadene.
Ved sida av den absolutte risiko (risikoen for å ikkje nå oppsett avkastningsmål) har kommunen også ein relativ risiko som er risikoen for å ikkje oppnå avkastninga til ei samanlikningsportefølje (benchmark-portefølje).
Benchmark (referanseindeks):
• Bank/likviditet Gjennomsnittleg 3 mnd NIBOR / bankavtale
• Renteberande portefølje Gjennomsnittleg 3 mnd NIBOR / bankavtale
• Eigenkapitalbevis Oslo Børs Eigenkapitalbevisindeks (OSEEX)
• Aksjar Oslo Børs hovudaksjeindeks (OSEBX)
• Aksjefond Noreg Oslo Børs Mutal Fund TR
• Aksjefond globale MSCI World Index
Ved benchmark-samanlikningar skal den faktiske porteføljen og avkastning frå denne, målast mot
«normalporteføljen» og avkastning frå denne i samanlikningsperioden.
Renteporteføljen skal ha ei varigheit (durasjon) på inntil 3 år, avhengig av renteforventning.
8.7 Etiske retningslinjer
Vindafjord kommune har som mål å bidra til berekraftig utvikling ved å investere sine finansielle midlar på ein ansvarleg og etisk forsvarleg måte. Det betyr at Vindafjord kommune direkte eller via eksterne forvaltarar skal søke å unngå å investere midlar i selskap med verksemd som medverkar til krenking av menneskerettar, arbeidstakarrettar, korrupsjon, miljøskadar eller andre uetiske handlingar. Dei etiske retningslinjene som til ei kvar tid er gjeldande for Statens Pensjonsfond Utland, skal vere retningsgivande for Vindafjord kommune si etiske handtering av kapitalforvaltninga.
Vindafjord kommune skal sjå til at samarbeidande forvaltarar er informert om både forvaltningsrammer og etiske retningsliner i dette reglementet. Dersom kommunen vert gjort merksam på at det hos ein forvaltar er plasseringar i selskap med ein uakseptabel etisk profil, skal dette takast opp til diskusjon med forvaltaren med sikte på at plasseringane vert avslutta, eller at kommunen trekkjer seg ut av det aktuelle produkt hos forvaltaren.
8.8 Bufferfond
Det skal vere tilstrekkelege fondsmidlar avsett i balanserekneskapen, slik at marknadssvingingane ikkje påverkar kommunen sin tenesteproduksjon. Kommunen skal ha eit bufferfond som minimum har ein verdi tilsvarande stresstesten for kommunen sine plasseringar med lang tidshorisont, jf. punkt 10.2.
På slutten av året vert kursgevinstar sett av til eit bufferfond dersom fondet er mindre enn det potensielle tapet som stresstesten viser. Punktet gjeld med mindre rekneskapsforskrifta sine strykingsføresegner forhindrar slik avsetning.
9. Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko
9.1 Risikovurderingar
Det skal til kvar rapportering til kommunestyret gjerast følgjande skilde risikovurderingar:
a) Renterisikoen for plasseringar av ledig likviditet og andre midlar tiltenkt driftsformål og gjeldsportefølje sett i samanheng,
▪ Ei «netto» gjeldsbetraktning som viser kommunen sin renterisiko vist i NOK ved ein 1 % del generell endring i den norske rentekurven.
b) Den absolutte risikoen i forvaltninga av midlar med lang tidshorisont
▪ Rekne ut rullerande standardavvik over 36 månader til porteføljen sin strategi (benchmark).
c) Den relative risikoen i forvaltninga av midlar med lang tidshorisont
▪ Rekne ut rullerande relativ volatilitet (standardavviket til differansen mellom faktisk avkastning og strategi-avkastning) over 36 månader.
9.2 Kvalitetssikring og rutinar
Finans- og gjeldsforskrifta pålegg kommunestyret å la uavhengig kompetanse vurdere om finans- og gjeldsreglementet legg rammer for ei finans- og gjeldsforvaltning som er i tråd med reglane i kommunelova og finans- og gjeldsforskrifta. I tillegg skal uavhengig kompetanse vurdere rutinane for vurdering og handtering av finansiell risiko, og rutinar for å avdekke avvik frå finans- og gjeldsreglementet.
Kommunedirektøren har ansvar for at slike eksterne vurderingar vert innhenta, og at det vert etablert rutinar for å følgje opp dette reglementet.
Kvalitetssikring av finans- og gjeldsreglementet skal finne stad ved kvar endring av reglementet, og før kommunestyret gjere vedtak. I denne samanheng skal det også rapporterast på utført kvalitetssikring av rutinane.
10. Rapportering
Kommunedirektøren skal rapportere til kommunestyret om status frå finans- og gjeldsforvaltninga i samband med 1. og 2. tertialrapport. I tillegg skal kommunedirektøren etter årets utgang legge frem ein rapport (kommunen sin årsrapport/årsmelding) for kommunestyret som viser utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året.
10.1 Rapporteringskrav
Rapporten skal innehalde ein omtale og vurdering kommunen sin finansielle risiko og avkastning sett opp mot måla og krava i reglementet. Rapporten skal vidare innehalde ein omtale og vurdering av eventuelle vesentlege endringar i marknaden, og opplyse om eventuelle avvik mellom krava i reglementet og den faktiske forvaltninga, og korleis avvika er handtert.
Rapporten skal vidare:
a. Vise korleis dei finansielle midlane er samansett og vise marknadsverdien av dei, både samla og kvar for gruppe av midlar
b. Vise korleis dei korleis kommunen si gjeld og forpliktingar er samansett og vise verdien av den, både samla og kvar gruppe av forpliktingar
c. Opplyse om dei finansielle forpliktinga si løpetid, og verdien av lån som forfell og må refinansierast innan 12 månadar.
d. Opplyse om aktuelle marknadsrenter og kommunen sine eigne rentevilkår.
10.2 Stresstest
I tillegg skal plasseringa av kommunen sine midlar med lang tidshorisont ved kvar rapportering stresstestast med følgjande parameter:
• +2 % parallelt skift i rentekurven
• -25 % verdiendring på utanlandske aksjar, norske aksjar og eigenkapitalbevis