Delavtale mellom
Delavtale mellom
XX kommune og Helse Førde HF
Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling
Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling
1. Partar
Avtalen er inngått mellom XX kommune og Helse Førde HF.
2. Bakgrunn
Avtalen er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 6-1 og § 6-2, pkt 6:
(Avtalen skal som eit minimum omfatte): «retningslinjer for gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling og for faglige nettverk og hospitering.»
og spesialisthelsetenestelova § 2-1e, 2. ledd 1.setn:
«De regionale helseforetakene skal sørge for at det inngås samarbeidsavtaler som nevnt i helse- og omsorgstjenesteloven § 6-1»
Avtalen er vidare heimla i rammeavtalen mellom XX kommune og Helse Førde, jfr pkt. 4 i rammeavtalen.
Etter spesialisthelsetenestelova § 6.3 har spesialisthelsetenesta ei rettleiingsplikt overfor den kommunale helse- og omsorgstenesta.
3. Føremål
Denne delavtalen har som føremål å bidra til god samhandling om tenester, utvikling av tenestene og koordinerte pasientforløp gjennom felles retningsliner for gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling og god dialog mellom partane.
4. Felles arenaer og ordningar for kompetanseheving, kunnskaps- overføring og informasjonsutveksling
Partane skal nytte følgjande fora og arenaer, som er regulert i rammeavtalen, for kompetanseheving, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling:
- Dialogmøtet mellom styret i Helse Førde HF og politisk leiing i kommunane
- Koordineringsrådet
- Fagrådet
Gjennom forum for helse, omsorg og folkehelse bør partane saman med KS, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og evt. representantar frå frivillig sektor og brukarorganisasjonar, søke å avklare behov for kompetanseheving og kunnskapsoverføring og korleis kompetanse- utviklingstilbodet skal innrettast. Det er og ønskjeleg å involvere Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane.
Helse Førde HF skal vidareføre gjeldande praksiskonsulentordning. Partane har felles ansvar for at fagforum for legar i lokalsjukehusområda vert ein velfungerande arena.
Det er ønskjeleg at ulike fagnettverk vert vidareutvikla og evt. vidareført. Eitt døme er
«Nettverk for ressurssjukepleiarar innan kreftomsorga». Det er ønskje om utvikling av felles plan for område der partane skal samarbeide om å etablere tilsvarande nettverk.
Gjennom eit eige, felles prosjekt skal det utviklast ei gjensidig hospiteringsordning.
Ambulerande team skal nyttast til m.a. kompetanseheving og kunnskapsoverføring på område der det er mogeleg og tenleg.
Partane har eit felles ansvar for å bidra til at Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester fungerer etter føresetnadene.
«Samhandlingsbarometeret» bør nyttast som verktøy og kanal for deling av informasjon.
5. Informasjon og dialog om vesentlege endringar i organisering av tenestetilbod og planar for partane si framtidige verksemd
Partane skal nytte følgjande fora og arenaer som er regulert i rammeavtalen for informasjon og dialog om vesentlege endringar i tenestetilbod og nye planar for partane si framtidige verksemd:
- Dialogmøtet mellom styret i Helse Førde HF og politisk leiing i kommunane
- Koordineringsrådet
- Fagrådet
Dette er ikkje til hinder for at andre arenaer/fora vert nytta der dette ut frå sak er naturleg.
6. Informasjonsutveksling og kunnskapsoverføring knytt til innleggingar, utskrivingar, dagbehandling og polikliniske konsultasjonar i spesialist- helsetenesta
Xxxxxxx skal ha eigen avtale om gjensidig forpliktande rutinar i samband med tilvising av pasientar til spesialisthelsetenesta og ved innleggjing, dagbehandling og polikliniske konsultasjonar. Denne avtalen skal omfatte naudsynte rutinar for informasjons- utveksling
Partane skal vidare ha eigen avtale om gjensidig forpliktande rutinar for varsling og annan informasjonsutveksling i samband med utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta.
Partane skal i fellesskap utvikle «samhandlingsbarometeret» som ein portal og løysing for effektiv tilgang til styringsinformasjon som fremmer samhandling og kunnskaps- basert utvikling av helse- og omsorgstenestene. Samhandlingsbarometeret skal m.a. bidra til å sikre betre kunnskap om kva tenesteyting og behandling som vert ytt av dei ulike partane.
xx kommune og Helse Førde HF skal prioritere eit aktivt arbeid med bruk av IKT i samband med kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling.
Eit sentralt tiltak vil vere utvikling av elektronisk meldingsutveksling mellom legekontor og helseføretak, mellom legekontor og kommunale pleie- og omsorgstenester og mellom pleie- og omsorgstenester i kommunen og helseføretaket. Når felles arbeid med organisatorisk og teknisk tilrettelegging er gjennomført, skal all slik meldingsutveksling vere elektronisk. Xxxxxxx skal syte for at dette blir følgt opp i den verksemda partane har ansvar for.
Vidare skal det vere prioritert å tilrettelegge for bruk av telemedisinske løysingar for å tilretteleggje for kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling i samband med diagnostisering, behandling og kompetanseheving.
Det skal utarbeidast ein felles plan for felles e-læringstiltak.
7. Evaluering og kvalitetsutvikling
Partane skal i samsvar med rammeavtalen ha ei ordning for melding av avvik og uønska hendingar i høve til samhandling. Avtalt system for oppfølgjing av avvika og dei uønska hendingane i fagrådet og koordineringsrådet skal sikre evaluering og læring med tanke på systemforbetring og kvalitetsutvikling av tenestene og samhandlinga mellom partane.
Eit viktig suksesskriterium vil vere korleis dette understøttar gode informasjonsrutinar og sikrer kontinuitet i den samla tenesteflyten slik tenestemottakarane opplever det.
Partane forpliktar seg til å implementere naudsynte rutinar i eigen organisasjon for å følgje opp arbeidet.
8. Forholdet til rammeavtalen
Føresegner i rammeavtalen gjeld tilsvarande for denne avtalen. Gjennom dette vert ivaretaking av brukarmedverknad også definert for denne avtalen. Ved motstrid mellom denne avtalen og rammeavtalen, går rammeavtalen føre.
9. Handtering av usemje
Ved usemje skal partane følgje reglane i rammeavtalen.
10. Misleghald
Dersom ein av partane misligheld sin del av avtalen med vedlegg, og dette påfører den andre parten dokumenterte tap, kan tapet bli kravd dekka av den som mislegheld avtalen.
11. Innsending av avtalen til Helsedirektoratet
Etter at avtalen er signert av begge partar, skal Helse Vest RHF sende kopi av avtalen, iht. helse- og omsorgstenestelova § 6-1 til Helsedirektoratet. Dette skal skje innan ein månad etter at avtalen er inngått, og seinast ein månad etter utgangen av frist fastsett med heimel i § 6-3.
12. Avtaletid, revisjon og oppseiing
Avtalen trer i kraft frå 01.07.12, og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eitt års oppseiingsfrist, jf. helse- og omsorgstenestelova § 6-5 andre ledd.
Partane er samde om å gjennomgå avtalen innan desember kvart år og syte for jamnleg rapportering og evaluering.
Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen blir endra.
Dato
xx kommune Helse Førde HF