Delavtale smittevern
Delavtale smittevern
1. Partar
Avtalen er inngått mellom xxxxxxxx kommune og Helse Førde HF.
2. Bakgrunn
Avtalen er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §6-1 og 6-2, i Spesialisthelsetenestelova
§2-1e, 2.ledd og i overordna samarbeidsavtale mellom kommunane i Helse Førde HF sitt føretaksområde og Helse Førde HF.
3. Føremål og verkeområde
Delavtalen har som føremål å avklare og konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom kommunen og helseføretaket. Avtalen skal bidra til eit heilskapleg tenestetilbod og gode rutinar for samarbeid og samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta rundt den einskilde pasient eller pasientgruppe. Partnarane skal planlegge sine tenester saman for å sikre medverknad og overgangane mellom spesialist- og kommunehelsetenesta for pasientane. Verkeområdet for delavtalen vil vere område der lova pålegg partane å inngå samarbeidsavtale og område der ansvaret til partane overlappar kvarandre.
4. Nærare om tenestene
4.1 Dei vederlagsfrie tenestene
Tenestene følgjer av spesialisthelsetenesta si generelle plikt til rettleiing jf. Spesialisthelsetenestelova.
4.1.1 Mikrobiologi
Helseføretaket:
Mikrobiologisk avdeling yter bistand som omfattar diagnostikk og rådgjeving ved infeksjonssjukdommar, bruk av antibiotika og undervisning. Det same gjeld epidemiologisk oversikt over antibiotikaresistente mikrobar.
4.1.2 Tuberkulosekontroll
Helseføretaket:
Tuberkulosekoordinator i Helse Førde HF koordinerer tuberkulosearbeidet i kommunane i Sogn og Fjordane og ser til at nasjonale føringar blir følgt og etterlevd.
Kommunen:
Kommunen skal ha eit tuberkulosekontrollprogram som ein del av den kommunale smittevernplanen.
4.2 Betalingspliktige tenester
4.2.1 Helseføretaket
Helse Førde HF vil bistå kommunen i høve til å oppfylle krava som er nedfelt i Forskrift om smittevern i helse- og omsorgstenesta, herunder kravet til infeksjonskontrollprogram (IKP). Seksjon for smittevern v/leiar har ansvaret for smittevernbistand til kommunane.
Hygienesjukepleiar følgjer opp og er kontaktperson for kommunane, og trekker inn øvrig fagpersonell som til dømes smittevernlege ved behov.
Føremålet med bistanden er å førebygge helsetenesteassosierte infeksjonar hos bebuarar og tilsette ved helseinstitusjonane så langt dette er mogleg ut frå kunnskapsbasert praksis og dei ressursane kommunen rår over. Når det er føremålstenleg vil bistanden frå Helse Førde bli gitt ved videokommunikasjon.
Den ansvarlege utpeikt av kommunen skal ha melding om avvik som hygienesjukepleiar avdekker ved internrevisjon. Dette gjeld og årsrapportar og faktura.
Mikrobiologisk overvaking/resistensovervaking: Sjukeheimslegen kan be mikrobiologisk avdeling ved Førde Sentralsjukehus om oversyn over isolerte mikroorganismar i definert prøvemateriale frå bebuarar ved helseinstitusjon/avdeling. Førespurnaden kan omfatte oversyn over resistensforhold for vanleg isolerte mikroorganismar i ulike definerte prøvemateriale.
4.2.2 Kommunen
Kommunen er ansvarleg for utforming, gjennomføring og vedlikehald av infeksjonskontrollprogrammet.
Infeksjonskontrollprogrammet skal være en del av kommunen sin internkontroll og inngå i kommunen sin verksemdsplan.
Kommunen må halde Helse Førde orientert om kven som er kontaktperson/ansvarleg i kommunen.
Kommunen skal arbeide kunnskapsbasert. Dette er en del av kommunen sitt kvalitetsarbeid og ansvar.
Kommunen skal ha smittevernlege og har ansvar for å opprette hygiene-
/smittevernkontaktar i eit omfang som er tilpassa dei einskilde tenestene sin storleik.
4.2.3 Felles
Det skal etablerast ein smittevernkomité der føremålet er:
- å drive førebyggande smittevernarbeid
- å arbeide med overordna satsingsområde for kommunane
- å følgje opp denne avtalen
Smittevernkomitéen skal bestå av følgjande medlemar: Smittevernlegar, hygiene-
/smittevernkontaktar i utvalde kommunar og hygienesjukepleiar i Helse Førde. Det skal være årlege møter, og partane ber eigne kostnader.
Sekretariatsansvaret ligg til Helse Førde.
Kommunen sin ansvarlege og hygiene-/smittevernkontakt saman med hygienesjukepleiar frå Helse Førde lagar årlege planar for gjennomføring av smittevernarbeid i gjeldande eining.
5. Innhald i betalte tenester
5.1 Fagleg innhald
- Kartleggje helseinstitusjonen/avdelinga sitt behov for smittevern og utarbeide ein rapport. Rapporten er meint å være ein byggestein for eit tilpassa infeksjonskontrollprogram.
- Bistå med utarbeiding, etablering og revisjon av eit infeksjonskontrollprogram tilpassa kvar helseinstitusjon/avdeling som leiinga og ansvarleg lege ved gjeldande eining skal godkjenne.
- Ved større endringar i helseinstitusjonen/avdelinga gjennomføre ny kartlegging og revidere infeksjonskontrollprogrammet
- Yte bistand til institusjonane i høve til infeksjonsregistrering, slik at krav i lov og forskrift vert ivaretekne. Ut frå resultata vil det bli gitt tilbod om bistand med ulike tiltak for å redusere førekomsten av infeksjonar.
- Etter avtale å gjennomføre internrevisjon og utarbeide rapport.
- Undervisning i institusjonane etter ein målretta plan for alle tilsette, og etter individuelle behov for den enkelte helseinstitusjon/avdeling.
- Hygienekontaktane får tilbod om undervisning og opplæring innan smittevern som omfattar minst to årlege kurs innan smittevern. Det er ein føresetnad at hygiene- kontaktane skal føre vidare sin kunnskap innan deira eining.
- Hygiene-/smittevernkontaktane og anna personell ved helseinstitusjonane/avdelingane har innanfor vanleg arbeidstid uavgrensa høve til telefonkontakt med hygienesjukepleiar.
- Yte bistand ved utbrot av infeksjonar og andre uventa forhold innan smittevernet ved helseinstitusjonane/avdelingane.
- Smittevernansvarleg lege/sjukeheimslege i kommunen kan søkje faglege råd hos smittevernlege i Helse Førde i saker som vedkjem dei aktuelle institusjonane.
5.2 Omfang
Helseinstitusjonar med krav om IKP skal som eit minimum ha tilgang til følgjande tenester kvart år:
Vedlikehald/revisjon av IKP/undervisning: 20 timar To fagdagar for tilsette og hygiene-/smittevernkontaktar: 12 timar Infeksjonsregistrering: 3 timar
Tal timar blir dimensjonert ut frå storleiken på institusjonen. Øvrige tenester vert utført etter behov i den enkelte kommunen, m.a. ved smitteutbrot.
Direkte tenesteyting til kommunane er samla vurdert til 1 200 timar pr. år for dei 17 kommunane i Helse Førde HF sitt opptaksområde, i tillegg til Volda og Gulen. Pr 1.1 2023 yter Helse Førde bistand til 37 sjukeheimar og ein rehabiliteringsinstitusjon.
Avsette ressursar (1 årsverk, 1 750 timar) er utover dette samla stipulert å skulle dekke reisetid (200 timar), for- og etterarbeid (300 timar) og utvikling av faget i kommunane (50 timar).
Det skal årleg utarbeidast eit oversyn over tidsbruk samla og relatert til den enkelte kommunen. Dette skal inngå i grunnlaget for evaluering av avtalen.
6. Økonomi
Med referanse til forskrift om smittevern i helse- og omsorgstenesta skal den enkelte helseinstitusjonen dekke utgifter til smittevern over eige budsjett.
Helse Førde HF tilbyr denne tenesta etter ei ordning med refusjon frå avtalekommunane til sjølvkost, som omfattar:
- Løn og sosiale utgifter for 100 % stilling som hygienesjukepleiar
- Opphalds- og reiseutgifter for hygienesjukepleiar
- Smittevernarbeid etter avtalen
- Undervisningsmateriell og porto for utsending av materiell
- Telefonutgifter
- Legeinnsats
Refusjonen omfattar ikkje reiseutgifter og eventuelle opphaldsutgifter for kommunalt tilsette kursdeltakarar. Det same gjeld utgifter til materiell inkl. datastøtte for lokal implementering av infeksjonskontrollprogram i kommunane.
Refusjonen bygger på dei samla kostnadane for tenestene, jfr 2. avsnitt. Refusjonsbeløpet skal justerast årleg ut frå dokumenterte faktiske utgifter inkl. regulering av løn føregåande år, med varslingsfrist frå Helse Førde HF til kommunane innan 01.11. året før.
Kostnadene vert fordelt på kommunane med 25 % likt og 75 % etter innbyggjartal.
Telefon- og e-postkontakt er kostnadsfritt. Helse Førde sitt arbeid med føredrag og undervisning overfor andre, kjøp og gjennomgang av faglitteratur, kurs/oppdatering av hygienesjukepleiar m.v. og interne planleggings- og samordningsmøte er ikkje inkludert i kostnadane som skal refunderast av kommunane.
7. Beredskap i høve til pandemisituasjonar
Partane skal samarbeide om å førebygge og hindre smitte i pandemisituasjonar, og skal ha ein eigen avtale om pandemiberedskap.
8. Handtering av usemje/avvik, tvisteløysing, herunder misleghald
Ved usemje skal partnarane følgje overordna samarbeidsavtale. Dersom ein av partnarane mislegheld sin del av avtalen med vedlegg, og dette påfører den andre parten dokumenterte tap, kan tapet blir kravd dekka av den som mislegheld avtalen. I tilfelle motstrid mellom delavtalen og særavtalar eller samarbeidsavtalar etter denne delavtalen, har delavtalen førerett.
9. Iverksetjing, varigheit, revisjon, oppseiing
Partnarane pliktar å gjere avtalen kjend for eigne tilsette, og sikre implementering i eigen organisasjon.
Avtalen trer i kraft frå 01.01.2024 og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eitt års oppseiingsfrist. Dersom ein av partnarane seier opp avtalen skal Helse Førde HF varsle Helse Vest RHF. Det regionale helseføretaket skal varsle Helsedirektoratet jf. Helse- og omsorgstenestelova § 6-5 2. ledd.
Partane er samde om å gjennomgå avtalen årleg innan desember månad.
Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen blir endra.