TOKKE KOMMUNE
TOKKE KOMMUNE
DESENTRALISERT KREFTBEHANDLING – LINDRANDE BEHANDLING OG OMSORG |
Sluttrapport - Desember 2021 |
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sykehuset Telemark Helseforetak (STHF) og kommunane Tokke og Vinje, der Tokke kommune er prosjekteigar og STHF er fagleg ansvarleg. Delavtale om personell og økonomi er inngått mellom Tokke og Vinje. Prosjektet vart avslutta 31.12.21. og overført til ordinær drift. |
Innhald
Status ved avslutta prosjektperiode 4
Overgang til drift per 31.12.21 5
Forord
Prosjektet Desentralisert kreftbehandling starta i 2019 etter initiativ frå kreftsjukepleiar i Tokke kommune. Tanken bak initiativet var å redusere reisevegen frå heimekommunen til behandlingsstaden for pasientar i ei krevjande fase av livet. I tillegg var det eit ynskje om å skape fagleg utfordrande og dermed attraktive arbeidsplassar i kommunen.
Prosjektet vart i 2020 utvida til å omfatte lindrande behandling og omsorg, med særleg fokus på kompetanseoverføring og tett dialog mellom sjukehuset og kommunane.
Prosjektperioden var planlagt ut 2021, med overgang til ordinær drift frå 2022.
Tru på prosjektet hjå leiinga og stor innsats hjå tilsette både ved STHF og i kommunane, gjer at eit spennande prosjekt har blitt til eit varig tilbod, til det beste for både pasientar og tilsette.
10.01.2022.
Xxxx Xxx Xxxxxxxx
Prosjektleiar – Desentralisert kreftbehandling, lindrande behandling og omsorg Samhandlingskoordinator STHF og kommunane i Vest-Telemark
Prosjektet Desentralisert kreftbehandling starta i 2019, med målsetjing om å kunne gje nokre typar kreftbehandling lokalt i Tokke kommune. Bakgrunnen for denne satsinga var ynskje om både å redusere reisevegen til behandlingsstaden og den belastninga lang reiseveg medfører, samt å styrke kompetansen og auke attraktiviteten på arbeidsplassar i kommunen.
Ein såg tideleg eit behov for å utvide prosjektet, til også å omfatte lindrande behandling generelt og omsorg i livets sluttfase spesielt. Denne delen av prosjektet har føregått i tett samarbeid med palliativt team ved STHF.
Gjennom møter i prosjektgruppa har det vore regelmessig dialog mellom cytostatikapoliklinikken, palliativt team og kommunane, sentrale problemstillingar og fokusområde har blitt tatt opp og lagt til grunn for arbeide i prosjektet.
Målsetjing
Resultatmål:
• Nokre definerte typar kreftbehandling vert gjeve lokalt i Tokke kommune, som eit alternativ til poliklinisk cellegiftbehandling på Sykehuset Telemark
• Kommunane Tokke og Vinje utarbeider kvalitetshandbok med prosedyrar for oppfølging av pasientar i livets sluttfase og rutinar for samhandling mellom palliativt team ved STHF og kommunane
• Attraktive arbeidsplassar i distriktet.
Effektmål:
• Pasientar slepp lang reiseveg til behandlingsstaden i ei krevjande fase i livet.
• Pasientar i palliativ fase opplever ei trygg, heilskapleg og føreseieleg omsorgsteneste
• Tilsette er trygge i møte med pasientar i livets siste fase og har oppdatert kunnskap om lindrande behandling og omsorg.
Organisering av prosjektet
Prosjektleiar: Samhandlingskoordinator
Styringsgruppe:
Klinikksjef medisinsk klinikk STHF Avdelingsleder for kreft og blodsykdommer STHF
Kommunalsjef helse og omsorg, Tokke kommune Kommunalsjef helse og omsorg, Vinje kommune
Prosjektgruppe:
Kommunalsjef helse og omsorg, Tokke kommune Kommunalsjef helse og omsorg, Vinje kommune Avdelingsleiar for helse, Tokke kommune Kreftsjukepleiarar, Tokke kommune Kreftsjukepleiarar, Vinje kommune Kommuneoverlege/ fastlege, Tokke kommune Fastlege, Vinje kommune
Palliativt team STHF
Seksjonsleder poliklinikk for kreft og blodsykdommer STHF Fagsykepleier poliklinikk for kreft og blodsykdommer STHF Samhandlingskoordinator
Arbeidsgrupper: Kommunale arbeidsgrupper internt i kommunen vart etablert ved behov
Økonomi
Prosjektet har fått støtte av Helse Sør-Øst (samhandlingsmiddlar) og frå Statsforvaltaren (kompetanse og innovasjonstilskot). Kommunane Tokke og Vinje har finansiert prosjektet med kr. 75 000 kvar per år i prosjektperioden. Tokke kommune mottar refusjon frå STHF per behandling, jf. inngått avtale.
(Endeleg prosjektrekneskap vil bli ferdigstilt i samband med Tokke kommune sitt årsrekneskap 2021.)
Status ved avslutta prosjektperiode
Poliklinikken på Dalen har per desember 2021 gjennomført 34 kreftbehandlingar og 2 blodoverføringar, fordelt på til saman 16 pasientar. Pasientane er heimehøyrande i Fyresdal, Tokke, Vinje og Kviteseid.
Det er ikkje registrert avvik relatert til behandling i løpet av prosjektperioden.
Fylgjande tiltak er gjennomført i løpet av prosjektperioden:
Avtaler som er utarbeidd og signert:
• Avtale for drift av desentralisert kreftbehandling i Tokke mellom STHF og Tokke kommune. Avtala omfattar ansvar for økonomi, personell og fag (inkl. medikament og behandlingslokale)
• Delavtale mellom Tokke og Vinje som sikrar samarbeid om drift både under og etter prosjektperioden
• Signert avtale mellom STHF og Tokke kommune om blodoverføring i kommunane.
Kompetansehevande tiltak som er gjennomført i prosjektperioden:
• Hospitering ved STHF for tilsette ved poliklinikken på Dalen og fastlegar i kommunane Tokke og Vinje
• Kursdagar for tilsette i Tokke og Vinje i regi av palliativt team STHF, med tema den døyande pasienten, observasjon og behandlingsavklaring
• Implementering av Livets siste dager – plan for lindring i livets sluttfase godkjent av Kompetansesenteret for lindrande behandling Helse Vest
• Kompetanseheving på fagarbeidernivå – Digital opplæring med veiledning frå Utviklingssentret for sykehjem og hjemmetjenester (USHT)
• Samarbeidsmøte mellom overlege palliativt team og fastlegane i Tokke og Vinje med temaet kommunikasjon mellom STHF og kommunane sine fastlegar/ behandlingsavklaring i livets siste fase.
Prosedyrar og retningsliner:
• Kreftsjukepleiarane ved poliklinikken på Dalen har utarbeide prosedyrebok for lindrande behandling og omsorg. Prosedyrane er koordinert med STHF og er ein del av kommunane sine kvalitetssystem, samt inngår i rutinar for opplæring av ny-tilsette i kommunane.
Andre tiltak og aktivitetar:
• Styringsgruppa har hatt møte 1 – 2 gonger per halvår for å bli oppdatert på framdrift og ta avgjerder på overordna nivå
• Prosjektgruppa har hatt møte ein gong i månaden med gjensidig informasjon og avklaringar relatert til prosjektet
• Kommunale arbeidsgrupper har hatt møte ved behov
• Informasjonsbrosjyre er utarbeid til distribusjon i kommunane og på STHF
• Prosjektet har fått medieomtale både i fylkes –og lokalavisa og på NRK – Distriktssending radio og TV og på Norge i dag
• Prosjektet er presentert i Tidsskriftet for kreftsykepleie.
Overgang til drift per 31.12.21.
Samarbeidet mellom STHF og kommunane, både formelt og uformelt, fungerer bra og sikrar tryggleik og god kvalitet på tenestene. Det er låg terskel for å ta kontakt og formelle avtaler sikrar føreseielege rammer for arbeidet. Det bør framover setjast opp eitt samarbeidsmøte per halvår for å sikre at inngåtte avtaler vert fylgd og at det gode samarbeid held fram, også etter prosjektperioden.
Desentralisert kreftbehandling blir tatt godt i mot av dei som brukar tilbodet og pasientane er kanskje dei viktigaste ambassadørar for tilbodet, samstundes er det viktig at både STHF og kommunane profilerer tilbodet der det er høve til det. At tilbodet er fyrstevalet for pasientar frå distriktet, medverkar til naudsynt mengdetrening for dei tilsette på kreftpoliklinikken. Sjølv om krav til oppdatert kompetanse er ivaretatt i avtala mellom STHF og Tokke kommune, vil flest mogeleg behandlingar medverke til auka erfaringskompetanse i møte med pasientane, noko som er viktig også i tida framover.
STHF og kommunane kan vera stolte over det dei har fått til og bør ha som målsetjing å presentere prosjektet på Landskonferansen for kreftsjukepleiarar i 2023.