Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?
Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?
av
Xxx-Xxxxxxx Xxxxxx - 408 og
Xxxxxx Xxxxxx - 418
What factors influence young football talents from Sogn to choose Sogndal Football?
Idrett og kroppsøving ID3-323
Desember 2014
Avtale om elektronisk publisering i Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv (Brage)
Eg gjev med dette Høgskulen i Sogn og Fjordane løyve til å publisere oppgåva i Brage (Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?)dersom karakteren A eller B er oppnådd.
Eg garanterer at eg har opphav til oppgåva, saman med eventuelle medforfattarar. Opphavsrettsleg beskytta materiale er nytta med skriftleg løyve.
Eg garanterer at oppgåva ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett. Ved gruppeinnlevering må alle i gruppa samtykke i avtalen.
Fyll inn kandidatnummer og namn og set kryss:
408 Xxx-Xxxxxxx Xxxxxx kandidatnummer og namn
JA X NEI
418 Xxxxxx Xxxxxx kandidatnummer og namn JA X NEI
Forord
Denne oppgåva er ein del av bachelorgraden vår i Idrett og Kroppsøving ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi har ei djup interesse for den lokale fotballen. Vi har begge to spela på ulike lag opp gjennom åra og spelt mot noverande og tidlegare Sogndalspelarar, samt på dei fleste baner i fylket. Totalt sit vi att med 30 års fotballkarriere på aldersbestemt fotball og breiddenivå i Sogn og Fjordane. Som aktive lokale fotballspelarar såg vi opp til Sogndal Fotball som den lokale sjansen vi hadde til å kunne bli yrkesutøvande fotballspelar. I vaksen alder og som ikkje aktive spelarar har vi gjort oss refleksjonar om kva det er Sogndal Fotball gjer, slik at dei får til lokal rekruttering. Kva andre aspekt enn dei økonomiske og sportslege faktorane spelar inn i rekrutteringa, er spørsmålet som stimulerte oss til denne oppgåva. Som idrettsstudentar i Sogndal fekk vi høve til å undersøkje kva dei talenta som er i klubben no og tidlegare talent tenkte om sin start i Sogndal og vegen dit.
Vi vil takke respondentane våre for deira deltaking. Utan desse kunne ikkje vi gjennomført studien og oppgåva. Vi ynskjer desse spelerane lukke til vidare i si fotballkarriere, og set pris på deira audmjukheit og openheit til å la seg intervjue av oss.
Vidare må vi få takke Xxxx Xxxxxx for rettleiing, og som god samtalepartner. Det å kunne ha ein så ressurssterk person som rettleiar har fått oss til å reflektere ekstra der vi har stått fast.
Samandrag
Føremålet med denne studien og oppgåva er å sjå nærare på kva faktorar som påverkar lokale talent i valet av Sogndal Fotball som arbeidsgjevar, kva faktorar lokale fotballtalent sjølv meinte var viktig for deira val. Vi har intervjua fleire av desse. Gjennom analyse har vi forsøkt å trekke ut likskapstrekk i det respondentane har gitt oss.
Metoden vi brukte var kvalitativ metode i form av djupneintervju. Intervjua ville gi oss utfyllande informasjon om kva faktorar som har vore av betyding når respondentane har valt Sogndal Fotball. Vi gjennomførte seks individuelle intervju, to med komande spelarar (nærmar seg tippeligaspel med Sogndal), to noverande spelarar i tippeligatroppen og to tidlegare spelarar som no spelar i andre klubbar i inn- og utland.
I diskusjonen ser vi på faktorane som respondentane har lagt vekt på, og knytar dette mot modellar om kva som påverkar talentutvikling. Kva faktorar er viktige for dei lokale talenta? Kva utfordringar ligg i desse faktorane, og korleis kan desse nyttast til fordel for Sogndal Fotball?
INNHALDSLISTE
Forord s.III
Samandrag s.IV
1.0 INNLEIING…………………………………………………………....s.1
2.0 PRESENTASJON AV PROBLEMSTILLING..………………….....s.2 2.1 Omgrepsavklaring……………………………………………....s.3 2.1.1 Fotballtalent………………………………………….....s.3
2.1.2 Livsverda og fenomenologi……………………………..s.3
2.1.3 Økologisk perspektiv…………………………………....s.3 2.1.4 Holisme…………………………………………………s.4
2.2 Tidlegare forsking………………………………………………s.4
3.0 METODE………………………………………………………………s.5
3.1 Val av metode…………………………………………………...s.5
3.2 Utval…………………………………………………………… s.6
3.2.1 Kriteria for val av respondentar:………………..….....s.7 3.3 Intervjuguide…………………………………………………….s.7
3.4 Gjennomføring av metode ……………………………………...s.7 3.5 Transkripsjon…………………………………………………....s.8
3.6 Analyse og tolking av data……………………………………...s.8 3.7 Hermeneutikk…...……………………………………………....s.8
3.8 Fordelar og ulemper ved vår metode…………………………....s.9
3.9 Etiske problemstillingar………………………………...………s.9
4.0 TEORI.…………………………………………………………………s.10
4.1 Systemteori og utvikling av heile menneske……………………s.10
4.2 ”Athletic talent development environment” (ATDE) …………..s.11
4.3 Gode praksisfellesskap………………………………………….s.12 4.4 Kohesjon og felles tru……...……………………………………s.13 4.5 Karriereovergangar……………………………………………...s.13
5.0 RESULTAT OG DISKUSJON s.14
5.1 Sportslege faktorar……………………………………..……....s.14
5.1.1 Utviklingsarena…………………………………………..s.14
5.1.2 Treningskvardag…………………………………….……s.15
5.1.3 Treningsleiing……………………………………….……s.16
5.1.4 Praksisfelleskapet i Sogndal Fotball…….………….…....s.17 5.2 Klubbidentitet…………………………………………………s.18
5.3 Utanomsportslege faktorar…………………………………....s.19
5.3.1 Familie og geografisk nærleik………………………….. .s.19
5.3.2 Psykososiale tiltak i Sogndal Fotball……………….……s.20 5.3.2A Bustad…………………………………………………..s.20 5.3.2B Økonomi…………………………………………….…..s.21 5.3.2C Utdanning………………………………………….…....s.21 5.4 Vener……………………………………………………….….s.22
5.5 Tilbod frå andre klubbar…………………………………….…s.23
6.0 METODISK DRØFTING……………………………………….…...s.23
7.0 TALENTUTVIKLINGSMILJØET I SOGNDAL……….…………s.24 8.0 KONKLUSJON……………………………………………………….s.25
9.0 LITTERATURLISTE………………..……………………………….s.27
9.1 Referanseliste…………………………………………………..s.27
9.2 Nettsider………………………………………………………..s.29
8.3 Intervju…………………………………………………………s.29
Vedlegg…………………………………………………………………….s.30 1) Samtykkekonktrakt………………………………………….......s.30
2) Intervjuguide…………………………………………………….s.31
3) Utviklingsmodellen om karriereovergangar…………………….s.33
1.0 INNLEIING
Fotball er ei stor idrettsgrein som vert utøvd over heile verda (Lesjø, 2008). Sentralt innan idretten er å sikre seg og vidareutvikle dei største talenta. Både nasjonalt og internasjonalt er fotball ein omfattande idrett og forretning som involverer mykje pengar, administrasjon, lokalitetar og anlegg, betalte trenarar og spelarar, og internasjonal utveksling av spelarar.
Klubbar i ulike divisjonar har ulik profil på korleis klubben vert driven og korleis til dømes dei økonomiske vilkåra spelar inn. Likeins vil den historiske tradisjonen til ein klubb vere med å forme drifta i dag. Slik er det også med Sogndal Fotball.
Sogndal idrettslag var danna i 1926. Framveksten av Sogndal Fotball har nær tilknyting til den øvrige samfunnsutviklinga i Sogndal. I 1972 fekk bygda Lærarskule og i 1986 starta Høgskulen opp idrett og administrasjon som studieretning (Yttri, 2008).
I 1976 kvalifiserte Sogndal seg til Cup-finalen på Ullevaal Stadion. Spelarane var hovudsakleg frå Sogn og Fjordane og spelte til vanleg i 3.divisjon. Leiinga i Sogndal Fotball bestemte seg på 1980-talet at Sogndal skulle vere den klubben i Noreg som skulle vere best på talentutvikling (Husabø, 2013). I 1982 spela Sogndal for fyrste gong i 1.divisjon i fotball.
Framover hadde laget ein lokal profil, og i ein seriekamp i 1990 var ni av tolv spelarar frå Sogn og Fjordane. Spelarar frå ni av dei 26 kommunane var representerte i ein seriekamp mot Hødd for Sogndal (Fretland, 1991). Sogndal Fotball har fram til dei siste åra prioritert å hente lokale spelarar framfor å hente spelarar frå andre områder av Noreg eller frå andre land. Slik sett har dei unge lokale talenta hatt med seg ein identitet på å vere frå Sogn og Fjordane, og dei held ved like denne identiteten ved å spele på ”Fylkeslaget”. Utviklinga av eigne spelarar resulterte i at Sogndal på 1990-talet var den norske klubben som leverte flest spelarar til dei aldersbestemte norske landslaga (Husabø, 2013) .
Fotballen har frå 1980-talet vore ein maktfaktor i Sogndal. Identiteten som fotballbygd vaks fram, noko som samfunnsmessig viste seg ved at ein prioriterte idrettsanlegg framover skule, barnehage, samferdsel, bibliotek og samfunnshus (Goksøyr & Olstad, 2002). I følgje Xxxxxxx (2008) fekk småstadar idrettsmessige fortrinn ved å ha utdanningstilbod. Utdanningstilbod i Sogndal gjorde til at ungdomen kunne vere lengre i bygda, og bygda vart meir attraktiv for folk frå andre stadar.
”Me hadde ikkje råd til ein stadion til 40 millionar kroner, så me bygde ein til 1,2 milliardar i staden” (Xxxx Xxxxxxxxx x Xxxxxx, 2013:72). Det vart bygd eit stort idrettsanlegg, Fosshaugane Campus, med fleire aktørar som Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball. Resultatet av eit tett samarbeid mellom fleire aktørar gjer at Fosshaugane Campus er eit senter i regionen for topp- og breiddeidrett, utdanning og kompetanse. På denne måten kan Sogndal Fotball tilby eit ungt talent ei fullverdig utvikling frå talent til etablert vaksen og profesjonell fotballspelar.
I oppgåva vår vil vi sjå på kva faktorar i dag som påverkar lokale fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball. Vi ynskjer å sjå kva sportslege faktorar og utanomsportslege faktorar har å seie for å velje Sogndal Fotball. Dette ynskjer vi å belyse gjennom å intervjue tidlegare, noverande og komande fotballtalent om deira grunngjeving for å velje Sogndal Fotball. Vi vil nytte relevant teori for å belyse desse faktorane. Avslutningsvis vert funna drøfta ved hjelp av modellar frå teoridelen. Vi vil sjå på kva verknadar dette kan bety i talentutviklinga i Sogndal Fotball.
2.0 PRESENTASJON AV PROBLEMSTILLING
Vi ynskjer å sjå nærare på dei sportslege og utanomsportslege faktorane for å velje Sogndal Fotball. Vi har valt å sjå sportslege faktorar som praksisfellesskap, utviklingsarena, treningskvardag og treningsleiing. Med utanomsportslege faktorar meiner vi sosiale og samfunnslege faktorar. Sosiale faktorar er å ha familie og vener i nærleiken, medan samfunnslege faktorar er utdanning og det å bu i bygda Sogndal. Sogndal Fotball hentar fotballtalent frå heile Sogn og Fjordane fylke og nabofylka, men vi har valt å intervjue spelarar frå regionen Sogn (kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal). For å få svar på vår problemstilling har vi intervjua tidlegare, noverande og komande spelarar om deira synspunkt på faktorar som har vore viktige i valet av Sogndal Fotball.
Problemstillinga er: ” Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?”
2.1 Omgrepsavklaring
2.1.1 Fotballtalent
Eit talent kan definertast som ein person som naturleg kan prestere godt på eit eller fleire områder (Oxford Dictionary, 2005). Eit fotballtalent kan sjåast som ein som har spesifikke dugleikar innanfor fotballfeltet. Desse dugleikane er høgare enn dei krava som vert stilt for aldersgruppa. Xxxxxxxxx og Xxxxxxxx (2008) brukar talentomgrepet som eit skilje mellom dei utøvarane som presterer godt basert på dugleik. Dette gjev grunnlag for at talent kan sjåast på som gitt og arveleg. Identifiseringa av talent vektlegg fysiske og motoriske dugleikar.
Xxxxxxxxx og Xxxxxxxx (2008) nemner også psykologiske faktorar som evne til sjølvregulering, viljestyrke, stresstoleranse og evne til å takle eigne kjensler som viktige dugleikar hjå eit talent i tillegg til dei fysiske og motoriske dugleikane. Dugleikane er betre enn for andre i same aldersgruppe og ein skil seg ut på eige lag og i kamp mot andre lag. Det er desse spelarane som er interessante for fotballklubbar å kople til laga sine og utvikle til toppspelarar.
2.1.2 Livsverda og fenomenologi
Livsverda kan forståast som det kvar einskild individ erfarer. Desse erfaringane er subjektive. Xxxxxx Xxxxxxx var i følgje Xxxxxxxxx (1996) filosofen som tok omgrepet i bruk, i tillegg til at han blir sett på som grunnleggjaren av fenomenologi. Fenomenologi er ei filosofisk retning som tek føre seg synet på fenomen som heilskaplege og ikkje som delar av element, slik som vitskapen kan redusere heilskapar til (Xxxxxxxxx, 1996). I denne oppgåva vel vi å nytte dette omgrepet fordi vi er ute etter respondenten sine eigne subjektive erfaringar, livsverda, og om karriereovergangen til Sogndal Fotball.
2.1.3 Økologisk perspektiv
Økologisk perspektiv er oversett som sosial økologisk teori. Fleire nyttar det økologiske perspektiv som metodisk rammeverk i sosialvitskapane for å undersøke dei dynamiske relasjonane mellom individ og ulike nivå av sosiale miljø (Campbell, 2014). I vår oppgåve nyttar vi eit slikt perspektiv.
2.1.4 Holisme
Holisme er brukt i fleire av sosialvitskapane der ein vektlegg heilskapen som forklaringsprinsipp (Teigen, 2009). I eit fotballperspektiv betyr dette at ein ser på utøvaren som individ og alle dei faktorane som påverkar han eller ho som fotballspelar og som person. Dette inkluderar alt frå trenar, vener, familie og skule til prestasjonar på fotballbana.
2.2 Tidlegare forsking
Mykje forsking er gjort på på talent og talentutvikling tidlegare. I boka ”Flest mulig, lengst mulig, best mulig” (2011) frå Norges Fotballforbund (NFF) tek forbundet opp fleire tema knytt til utvikling av talent. Mellom anna forholdet mellom trenar og utøvar, meistring, treningsplanlegging og lagsamhald for å nemne nokre. Dette er ei bok som blir brukt i NFF sitt C-lisenskurs for fotballtrenarar. NFF legg vekt på dugleiksutvikling gjennom fleire verk, ”Ferdighetsutvikling i fotball” (Xxxxx mfl, 2003) og ”Fotballferdigheten” (Dreier mfl, 2009). Dette er med å lage retningslinjer for korleis talentuviklingsarbeid blir gjort på ei sportsleg side.
I nyare tid har det kome meir forsking med eit breiare perspektiv på talentutvikling, karriereutvikling, og tek føre seg utvikling av talent i ein meir holistisk tilnærming enn tidlegare. Utanomsportslege faktorar blir trekt inn i større grad.
Côte (1999) skriv om familien si påverknad i utviklinga av talent. Det visast til fleire forhold som kan påverke born si utvikling i sport. Mellom anna søskenforhold, foreldre si interesse for sporten, støtte som foreldre gir og at foreldre gir born høve til å delta i idrett.
Wylleman og Xxxxxxxx (2004) tek føre seg utviklinga av talent som nivåbasert med ulike hindringar og påverknadar på kvart nivå. Dei viser med ein deskriptiv modell som inkluderer utviklinga på psykososialt, psykologisk og akademisk nivå i tillegg til det sportslege. Dette tyder på ei større økologisk og holistisk tilnærming enn tidlegare.
Côte med fleire (2006) undersøkte om staden ein har vakse opp har betyding for sportsleg karriere og om miljøpåverknaden staden har. Resultata deira viser at småstader tilbyr tidlegare høve for sportsleg talentutvikling enn større stader. Dei relaterer dette til kvalitet og kvantitet
av treningsmengden som kan bli gjennomført med eldre utøvarar i ein tidleg alder.
Martindale med fleire (2007) la fram omgrepet ”Talent development environment”, som kan omsetjast til talentutviklingsmiljø på norsk. Omgrepet viser til kva britiske trenarar meiner er effektive i eit utviklingsmiljø for eit talent, og peiker på faktorar som langtidsplanar for utvikling av talent, klare forventningar og link til seniornivå og rollemodellar, kor viktig utdanning, integrering og meiningsfulle personar er, indre motivasjon og systematisert trening for talenta, samt gode trenar-utøvar relasjonar.
3.0 METODE
Metode er måten ein samlar inn data på. Dette blir delt i to typar, kvantitativ og kvalitativ metode. Tjora skriv: ”… kvalitative metoder fremhever innsikt mens de kvantitative fremhever oversikt, eller at kvalitativ forsking søker forståelse, mens kvantitativ søker forklaring.” (Tjora, 2010:19).
Vi vel å skilje studie og oppgåva i form av at studien viser til datainnsamling, medan oppgåva til det skriftlege resultatet. Grunnen for dette er at oppgåva er eit resultat av studien. I denne studien og oppgåva vel vi å bruke respondent i staden for informant. Xxxxxxxx (2011) skil dette som ein respondent er ein som har direkte kjennskap til fenomenet som blir undersøkt, medan ein informant er ein person som har kunnskap om fenomenet, men som ikkje fell under våre kriterier (sjå 3.2.1).
3.1 Val av metode
Vi har valt kvalitativ metode for å få innsikt og forstå korleis ulike faktorar påverkar unge talent frå Sogn sitt val om å melde overgang til Sogndal Fotball. Vi ønskjer heller å gå i djupna og få tak i informasjon om kvifor nokre sogningar har valt Sogndal Fotball, i staden for å undersøke kvantitativt talet sogningar som har spela for Sogndal. Informasjonen vart samla gjennom djupneintervju for å få tak i tankane og refleksjonane som respondentane har rundt si eiga avgjersle, og om dei påverkande faktorane om å spele for Sogndal Fotball.
Gjennom djupneintervju får vi og sjå kroppsspråk, høyre toneleie og få eit personlig inntrykk av det respondenten seier. Problemstillinga vår krev at vi går i djupna for å få tak i
informasjon. I følgje Xxxxx (2010) er målet med djupneintervju å skape ein fri samtale om eit eller fleire tema som forskaren har bestemt på førehand.
Vi er ute etter respondenten si livsverd eller forståing av denne (Kvale, 1997). Gjennom ei fenomenologisk og holistisk tilnærming kan vi sjå eit breiare perspektiv i faktorar som påverkar dei unge sogningane til å velje Sogndal. “Dybdeintervju som metode er basert på et fenomenologisk perspektiv, hvor forskeren ønsker å forstå informantens opplevelser samt hvordan informanten reflekterer over dette.” (Tjora, 2010:91).
3.2 Utval
I denne studien blei det tidleg vektlagt at ein ynskja spelarar knytt til regionen Sogn. Vi kunne valt spelarar frå heile fylket, men grunnen for dette utvalet er at Sogndal er regionsenter for Sogn, samt at Sogn er einaste regionen i Sogn og Fjordane som har Tippeligaklubb per dags dato.
Å bestemme seg for kor mange respondentar ein skal ha er vanskeleg på førehand, fordi det er avhengig av den informasjonen dei ulike kan gje forskaren. Når forskaren har nok informasjon er det avgjerande for kor mange intervju som skal gjennomførast.
Studentoppgåver har ei viss tid til rådvelde, og det er avgjerande for kor mange ein kan intervjue (Xxxxxxxxxxx mfl 2004).
Når det kjem til kor mange respondentar ein skal ha, spelar tida ein har til rådvelde ei viktig rolle. I ei bacheloroppgåve er det anbefalt å ikkje ha for mange, men samstundes må ein ikkje ha for få. Xxxxxxxxxxx mfl (2004) opererer med eit tal mellom fem-ti intervju. Derav enda denne oppgåva opp med seks respondentar. Vi valte to tidlegare, to noverande og to komande Sogndalspelarar.
For å kunne skilje spelarane har vi gjeve dei objektnamn, Spelar A, Spelar B, Spelar C, Spelar D, Spelar E og Spelar F. Dette er gjort for å anonymisere spelarane. I studien og oppgåva vår har vi konsentrert oss om personar mellom 15-25 år. Vi vel å ikkje oppgi eksakt alder grunna det vil true anonymiteten.
3.2.1 Kriteria for val av respondentar
- Spelt eller skal spele for Sogndal i perioden 2009-2019
- Vaks opp i Sogn
- Likt tal mellom tidlegare, noverande og komande spelarar
3.3 Intervjuguide
Vi utarbeidde ein intervjuguiden inndelt i tema (vedlegg 2). Denne er utforma i tråd med Xxxxx (2010) sine retningsliner for djupneintervju. Intervjuguiden skal vise dei tema som blir teke opp, og spørsmål under dei valte tema. Likevel prøvde vi å lausrive oss frå guiden for å nærme oss ein friare samtale og kome nærare spelaren sine refleksjonar rundt eiga livsverd. Xxxxx (2010) fortel at gjennom den frie samtalen blir det ei betre atmosfære mellom respondent og intervjuer. Det gjer det enklare for respondenten å opne seg, og det er det vi vil oppnå.
3.4 Gjennomføring av metode
Vi har brukt djupneintervju for å få tak i kva refleksjonar respondentane gjorde seg då dei valte å spele for Sogndal Fotball. Desse intervjua vart gjennomførte med berre oss tre til stades. Vi lot respondentane sjølv velje kvar dei ville intervjuast for å skape ein større tryggleik for dei, slik at samtalen kunne gå friare og kanskje gi betre refleksjonar om eiga livsverd (Tjora, 2010). Vi var og opptekne av å gjenta svara til objekta for å vere sikre på at vi hadde forstått og skjøna svaret deira. Mistolking av svar kan vere ei årsak til feilkjelder.
Sjølve intervjuet vart teke opp på diktafon fordi det er vanskelig å notere ned alt som blir sagt i løpet av eit intervju. Vi kan også høyre over intervjuet fleire gonger, og nytte sitat. I ei oppgåve er direkte sitat med på å gi meir tyngde. Ved å høyre intervjuet fleire gonger blir også pålitelegheita styrka. Når intervjuet vart teke opp kunne vi som intervjuarar også oppnå tettare relasjon med respondenten sidan vi kunne halde ein dialog (Xxxxxxxx, 2011). To av intervjua blei gjort med bruk av video på grunn av at objektet ikkje lenger er busett Sogndal.
Vi noterte stikkord undervegs. Xxxxxxxx (2011) fortel at gjennom notering undervegs vil vi som intervjuarar virke meir interesserte. Dette gjer det enklare for respondenten å svare fritt fordi han opplever at det han seier er interessant for oss. Under intervjua prioritere vi å notere
ned kroppsspråk, toneleie og våre personlige inntrykk. Kroppsspråk, toneleie og personlege gestikuleringar kan forsterke eller redusere betydinga av det som blir sagt (Xxxxx, 2010). Slike observasjonar ville det gjere det enklare for oss å få innblikk i kva respondenten meinte var viktig og kva han meinte var mindre viktig.
3.5 Transkripsjon
Intervjua resulterte i fire lydopptak og to videoopptak. Data vart omsett frå lyd og video til skriftleg form, altså transkribert frå tale og video til skrift (Kvale, 1997). Data blir enklare å behandle og meir oversiktelege. I transkripsjonen er det naudsynt at ein noterer alt, både eventuelle tenkepausar, omformuleringar og liknande. Typisk for dette er ting som ”eh…”. Dette er ein tidkrevjande prosess som blir enklare med godt førearbeid.
3.6 Analyse og tolking av data
Når ein skal tolke og analysere kvalitative data er det viktig å sjå etter samanhengar. For å trekke slutningar er det viktig å sjå på resultata og analysere kva som skil seg ut. Viss noko er likt kan det vere ein faktor som er påverkande, sidan svaret då gjentek seg hjå fleire respondentar. Ved å finne samanhengar er det med på å fjerne kompleksiteten og klargjere dei faktorane som faktisk er påverkande (Xxxxxxxx, 2011).
Vi har brukt innhaldsanalyse, som er å analysere data inn i relevante kategoriar. Intervjuguiden var delt inn i kategoriar, vi brukte desse som utgangspunkt for vår eiga kategorisering. Dersom kategoriar ikkje var relevante, såg vi vekk frå dei. Var det kategoriar som hadde fleire relevante tema tilpassa vi dette med nye kategoriar (Xxxxxxxx, 2011).
3.7 Hermeneutikk
Hermeneutikk består av tre forskjellige delar: Uttrykk, tolking og oversetjing (Xxxxxxx, 2012). I ein intervjusituasjon blir det stilt fleire spørsmål, og det vil bli gitt fleire ulike svar. Ein sit att med svar som ein skal prøve å forstå ut i frå ei teoretisk ramme og ut i frå problemstillinga. Det kan vere uklare og indirekte svar som krev at ein prøver å tolke dei og forstå kva intervjuobjektet eigentleg svarar. Den mest vanlege kritikken av kvalitative studiar er at intervjupersonen sin informasjon kan oppfattast og tolkast ulikt. Her er den hermeneutiske tolkinga viktig for å unngå dette (Kvale, 1997).
3.8 Fordelar og ulemper ved vår metode
Sentrale omgrep i forsking er reliabilitet og validitet. Dei kan vere to avgjerande feilkjelder ved eit studie. Reliabilitet er kor pålitelig resultata er, om andre ville fått tilsvarande same resultat ved same studie. Validitet derimot seier meir om gyldigheita ved resultata, om resultatet svarar på studien, og har ein overføringsverdi som kan generaliserast (Wenstøp, 2006).
Når ein driv med intervju i forsking er det eit krav til forskaren sin reliabilitet. Reliabiliteten ved intervju omhandlar at intervjuaren er påliteleg, og om intervjuaren hadde sagt det same i fleire intervju. Som intervjuar er det viktig i ein forskingssituasjon å ikkje stille leiande spørsmål. Eit svar kan variere utifrå måten spørsmålet blir stilt på, som forskar bør ein ha eit fokus på nettopp det (Kvale, 1997). For å oppretthalde reliabiliteten i studien nytta vi intervjuguiden utan leiande spørsmål. Fokuset låg på å få tak i dei djupe refleksjonane og tankane til respondentane.
Kvale (1997) viser til tre punkt for validering ein bør gjere som forskar for kvalitative studiar. Fyrste punktet er kontrollering. Det betyr å kontrollere resultata dine, vere kritisk til om dei er riktige og om tolkingane dine er riktige. I vår studie noterte vi kroppsspråk undervegs og samanlikna desse etterpå, i tillegg til at vi kunne høyre over fire av intervjua på lydband og sjå to intervju om att på video. Dette gjorde at vi hadde høve for å kontrollere dei svare vi fekk.
Dette skal sikre reliabiliteten i studien. Punkt nummer to er utspørjing, ein må heile tida ha eit fokus på ”kva” og ”kvifor” spørsmål. Dette er opne spørsmål som sikrar at respondenten kjem med eigne refleksjonar, og som sikrar validiteten meir enn om ein stiller leiande spørsmål.
Teoretisering omhandlar at informasjonen ein får, kan knytast opp mot teori, og ein har eit klart fokus på det som blir sagt blir kopla til teori. Å teoritisere svara og knyte det mot relevant teori er det som blir forsøkt i denne oppgåva (Kvale, 1997).
3.9 Etiske problemstillingar
Vi gjorde oss kjende med Norsk Samfunnsvitenskapelige Datatjeneste (NSD), sine krav til personopplysingar og respondentane blei informerte om dette. Ved levert oppgåve vil all data bli sletta, lydopptak blir sletta og transkripsjonar makulert. Alle spelarane er anonyme og i
resultata vil det ikkje vere mogleg å spore desse tilbake til einskilde respondentar.
I Noreg er det i dag tre grunnleggjande krav knytt til forholdet mellom forskar og den det forskast på. Desse tre er: a) informert samtykke, b) krav på privatliv og c) krav på å bli korrekt gjengjeve (Wenstøp, 2006). I vår studie vart respondentane gjort kjende med dette gjennom samtykkekontrakt, og dei kunne velje å ikkje svare på spørsmål som dei tykte var upassande. Alle respondentane samtykka i at intervjuet blei nytta i samband med denne studien og denne bacheloroppgåva.
Vi har ingen nærare relasjonar til spelarane enn at vi kunne avtale eit intervju med desse. Dette kan sjåast igjen i fleire samanhengar då det er god kontakt mellom idrettsstudentar i Sogndal og Sogndal Fotball. Vi har vore opptekne av å respektere respondentane sine meiningar sjølv om vi kunne vere ueinige. Alle respondentane blei informert under heile prosessen og skreiv under samtykkekontrakt (vedlegg 1).
4.0 TEORI
Teoridelen vil handle om systemteori som grunnlag til å sjå på talentutvikling som ein holistisk prosess. Det er lagt til grunn ein modell frå doktorgradsarbeidet til Xxxxxxxxx (2010) som fortel om faktorar og dynamikken mellom desse i talentutvikling. Vi presenterer Ronglan (2008) sitt arbeid om praksisfellesskap. Til slutt i teoridelen vil vi sjå på Wylleman og Xxxxxxxx (2004) sin utviklingsmodell om ”Life-span” for idrettsutøvarar. Life-span modellen seier noko om kva prosessar som påverkar individet på ulike alderstrinn eller utviklingsfasar i livet.
4.1 Systemteori og utvikling av heile menneske
Systemteori baserer seg på fleire vitskapar, og viser til heilskapen i eit fenomen som er meir enn summen av delane i fenomenet. Eit individ består av fleire system og alle desse systema påverkar kvarandre gjensidig i ein utviklingsprosess. Desse systema er sjølvregulerande og eksisterer i naturen, i psykologien, i biologien, i filosofien og fleire emnefelt. Eit system kan ikkje utvikle seg utan at dei andre systema utviklar seg proporsjonalt eller parallelt. Utviklinga av eit idrettstalent må sjåast i samanheng med utviklinga av dei andre sidene ved mennesket. Då blir både det som skjer på treningsfeltet og det som skjer
utanfor like viktig for utviklinga til eit talent. I økologisk perspektiv fokuserer ein på individet sine adaptasjonar til eit utviklingsfunksjonelt miljø, og individ og miljø er like store bidragsytarar i utviklingsprosessen (Xxxxxxxxx, 2010).
4.2 ”Athletic talent development environment” (ATDE)
ATDE-modellen er utarbeida av Xxxxxxxxx (2010). Modellen er deskriptiv og er meint å forklare bestemte miljø og andre faktorar som påverkar talentutvikling. ”An ATDE is a system of an athlete`s interactions inside and outside sport on the micro-level and how these interactions are influenced by the macro-level.” (Xxxxxxxxx, 2010:30). Denne definisjonen viser til eit holistisk perspektiv på sportslege og utanomsportslege sider av talentutvikling på mikro- og makronivå. Henriksen baserer denne modellen på systemteori og brukar Schein (1992, i Xxxxxxxxx, 2010:36) sin modell for organisasjonell kultur, samt viser til Bronfenbrenner (1977;1979;2005, i Xxxxxxxxx, 2010:33) sin økologiske definisjon av mikro- og xxxxxxxxx (Xxxxxxxxx, 2010).
Athletic talent development environment, Xxxxxxxxx (2010)
Modellen er delt i to nivå (mikro- og makronivå) og i to domene (sportsleg- og ikkje- sportsleg). Utgangspunktet i midten er talentet. Klubbmiljøet omringar talentet og skal hjelpe talentet til å bli eliteutøvar. Dette er alt frå støtteapparat, trenarar, andre juniorspelarar, eliteutøvarar i same klubb, ekspertar og manager. Mikrosystemet består av dei nære relasjonar og dei kontekstane ein nyttar mest tid, som i skule eller i fritidsaktivitet.
Makronivået viser til større kulturelle faktorar i eit samfunn, og er delt i nasjonalkultur, sportskultur, sportsgreinkultur og ungdomskultur. På dette nivået finn ein verdiar, vanar og normer som til ei kvar tid er gjeldande i eit samfunn. Her kan ein trekkje inn Norges Fotballforbund (NFF) sine retningslinjer, skuleverk og media som påverknadsfaktorar.
Rollemodellar tilhøyrer makronivået og kan påverke talentet. Utanomsportslege faktorar er alle dei sidene som ikkje er direkte knytt til sporten som talentet utøver, medan sportslege faktorar er dei som er direkte knytta sporten som talentet utøver (Xxxxxxxxx, 2010).
Nokre faktorar går over kvarandre i både nivå og domene. Eit døme på dette er korleis familien både er støttande i og utanfor sporten. Dette viser at prosessar er dynamiske.
4.3 Gode praksisfellesskap
Ronglan skildrar laget som sosialt fellesskap i ”Lagspill, læring og ledelse” (2008). Eit lag er eit fellesskap både på og utanfor bana. Kameratskap, rollefordeling og relasjonelle band til kvarandre vert utvikla i kamp og på trening. Slik er det og i fotballen.
Ronglan (2008:61) skil mellom spelarar og lagkameratar gjennom; 1) Lagspel utgjer alltid ein sportsleg- og ein sosial kontekst. Det er minst to kontekstar som gjer at ein kan ha relasjonar i fleire former. 2) Skiljet forklarar kvifor det ikkje treng å vere berre ei gruppe, 3) Det som skjer på bana kan ha ein betyding utanfor og omvendt, og viser til at det ein kontakt mellom sfæra. Gode praksisfellesskap kan forståast som godt samhald, med felles retningstru og målsetnad.
Omgrepet trenaren som reflekterande praktikar er også noko Ronglan (2008) tek opp og viser til kompleksiteten rundt trenarrolla. Ein god trenar bør vere ein reflekterande praktikar (Ronglan, 2008) og trenaren sine personlege erfaringar, overført kunnskap og verdiar er grunnsteinar i trenaren sitt verke og metode. Arbeidet skal omhandle den individuelle
spelaren, men og heile laget sin funksjon. Trenaren må kunne nå og utvikle spelarane sine ulike ressursar, gjennom ulike pedagogiske verkemidlar. Britiske trenarar understrekar at gode relasjonar mellom utøver og trenar er vesentleg for godt talentutvilklingsmiljø (Martindale, 2007). Føresetnaden er at trenaren ser kva spelarane treng, kan møte dette på ein fleksibel måte og få spelarane til å utfylle kvarandre i eit god fellesskap. Gjennom eit slikt arbeid vil gode praksisfellesskap kunne byggast, samstundes som den individuelle spelaren får hjelp til å finne løysingar for seg og si utvikling.
4.4 Kohesjon og felles tru
Ein har to typar kohesjon (Ronglan, 2008:65); 1) Oppgåvekohesjon er det samhaldet fotballspelarar viser når dei går ut i det fotballtekniske i kampar. 2) Sosial kohesjon er kor attraktiv gruppa er for medlemmane utanfor trening og kamp. Med låg sosial kohesjon blir ei gruppe meir resultatorientert. Kohesjonen er med å skape ei vi-kjensle. Denne typen identitetsskaping for spelarane kan påverke både på og utanfor bana. I eit holistisk perspektiv er kohesjon både i forhold til oppgåva og sosialt med å skaper ein identitet og mål som er naudsynt for eit lag. Denne retninga skapar ei felles tru for fleire medlem. Ein kan sjå dette i samband med Bandura (1997) sin teori om ”collective efficacy”, at laget sitt samhald og dugleik er nok til å løyse oppgåva. Laget sin sjølvtillit er forma av spelarane si tru, og samhaldet innad i gruppa og er difor viktig for å prestere idrettsleg samstundes som å framstå som ei eining utad. Kommunikasjon, samhandling og felles rutiner og rituale er difor viktige for lag for å skape eit fellesskap. Spesielt innanfor dette kan ein sjå ”garderobekulturen” som sjølve symbolet for samhaldet i eit lag.
4.5 Karriereovergangar
Utviklingsmodellen til Wylleman og Xxxxxxxx (2004) består av fire nivå der det øvste er sportsleg utvikling. Andre nivået viser til den psykologiske utviklinga som skjer når ein utøvar blir eldre (barndom, ungdomstid, vaksen). På tredje nivå finn vi den psykososiale utviklinga som finn stad og påverknadsfaktorane frå meningsfulle andre (nære vener, kjæraste). Til slutt finn vi det akademiske nivået som skil seg frå det sportslege og tek føre seg utdanning og skulegang til utøvaren. Modellen har ei alderslinje som går på tvers og viser når dei einskilde faktorane påverkar utøvaren. Denne studien og oppgåva sitt fokus vil ligge på dei overgangane som skjer tidleg i karrieren og er i alderen 15-25 år. I denne perioden er
det kjent at ein tek fleire utviklingssteg frå aldersbestemt fotball til seniorfotball. I desse åra går ein frå talent til å etablere seg i sporten. Samstundes skjer det utvikling i form av modning psykisk. Meiningsfulle andre, familie og trenarar påverkar den psykososiale utviklinga og betyr mykje for ein utøvar. I Noreg er dette alderen ein fullfører grunnskule, byrjar og fullfører vidaregåande skule og kanskje byrjar på høgare utdanning ved høgskule eller universitet. Modellen syner at det er ein holistisk utvikling som skjer for utøvarar i denne aldersgruppa.
5.0 RESULTAT OG DISKUSJON
Vår problemstilling handla om kvifor unge talent frå Sogn vel Sogndal Fotball. Det var fleire likskapstrekk mellom dei vi intervjua, og det er desse likskapstrekka vi har hatt størst fokus på.
5.1 Sportslege faktorar
Den viktigaste sportslige faktoren for valet av Sogndal Fotball var Sogndal sin plass i det norske seriesystemet. Alle respondentane var klare på at det sportslege tilbodet var det fyrste dei tenkte på når Sogndal Fotball tok kontakt. Ein av respondentane signerte for eit Sogndal i 1.divisjon, medan dei fem andre signerte då Sogndal var i Tippeligaen. Samtlege av respondentane uttrykte at Sogndal Fotball var fleire nivå høgare enn klubben dei spelte i frå før. Det å kunne delta i ein treningskvardag på høgste eller nest høgste nivået i Noreg var viktig for dei. Respondentane såg på Sogndal Fotball som rett steg vidare i karriera.
5.1.1 Utviklingsarena
Alle respondentane meiner Sogndal er det laget i Tippeligaen der det til no har vore størst satsing på lokale talent. Dei såg på Sogndal som laget der det var størst moglegheit for karriere. Samtlege av våre respondentar har hatt Sogndal si satsing på lokale talent i bakhovudet når dei har valt Sogndal Fotball. Spelar C: ”Det var kjekt å få tilbod frå Sogndal, men det viktigaste for meg var å bli satsa på, og det signaliserte Sogndal at dei var interesserte i”.
Det å spele opp i divisjonane, samt å få kamperfaring spelar inn på respondentane si avgjersle om å velje Sogndal Fotball. Spelar D fortalde det slik: ”Hadde Sogndal 2 spela i 5.divisjon,
og Vålerenga 2 spela i 2.divisjon hadde eg sjølvsagt valt Vålerenga. Kamparenaen er like viktig som treningskvardagen”. Felles for alle respondentane er at dei tidlegare spela i grasrotklubbar i 3.divisjon eller 4.divisjon. I Sogndal Fotball vil spelarar som ikkje startar kampar i Tippeligaen, spele for Sogndal 2. Dette aukar høvet til meir trening og kamperfaring, enn det respondentane fortel at dei hadde i grasrotklubbane.
Funna understrekar fleire forhold som britiske trenarar meiner er effektive i eit talentutviklingsmiljø (Martindale mfl, 2007). Det at Sogndal Fotball har vist interesse for og ynskje om å satse på talentet, kan forståast som å stimulere ein indre motivasjonsfaktor hos repsondenten. Vidare er systematisk trening av talenta eit viktig punkt (Martindale mfl, 2007).
Samansetjinga av spelargruppa med nokre eldre og rutinerte spelarar saman med fleire unge talent skal gi ein god balanse i troppen. Talent kan lære av dei eldre spelarane og nytte desse som rollemodellar for deira innsats og verke på treningsfeltet og i kamp. Xxxxxxxxx (2010) viser til at talent som trenar med erfarne eliteutøvarar ofte lærer av å observere, og høve for meisterlæring er til stades. Samstundes vil dei eldre utøvarane setje standarden for treninga ettersom at dei skal ha meir erfaring og eit høgare nivå. I Sogndal kan ein tolke dette som at dei eldre spelarane blir meiningsfulle for dei unge talenta som både rollemodellar og som inspirasjonskjelde til utvikling og innsats.
5.1.2 Treningskvardag
Alle respondentane presiserte at det viktigaste for deira utvikling var ein god treningskvardag. Samtlege av talenta kom frå ein treningskvardag med berre tre organiserte økter i veka. Spelar F seier det slik: ”Før var eg van med at fotballtrening var noko kjekt nokre kveldar i veka som avlastning frå lekser og jobb. I Sogndal får eg tid og moglegheit til å trene for å bli betre.”.
Det å kome til Sogndal og få trene regelmessig, og opptil fleire treningsøkter for dagen var viktig for talenta. Ein av respondentane har trena berre på fyrstelaget, tre har gått gradene frå andrelag til fyrstelag, medan to har trena med begge i starten. Dei unge fekk no sjansen til å trene med Sogndal sitt fyrstelag. Dette har vore med på å lage ein god treningskvardag for dei, og var med å påverke valet av Sogndal Fotball.
Dette funnet kan forståast som at fotballen har fått ein annan dimensjon i livet til respondentane, og illustrerer det Xxxxxxxx og Xxxxxxxx (2004) nemner som karriereovergang. Den individuelle utviklinga som fotballspelar, med fokus på utvikling av ferdigheiter og prestasjonar vert gitt meir plass, enn når fotballen i grasrotklubben fungerte som leik og avkopling.
I Sogndal Fotball har filosofien vore at talentutvikling består 50% av treningskvardag og 50% av kamputvikling (Husabø, 2013). For respondentane har dette betydd treningstid og kamperfaring raskt etter signering i klubben. For eit ungt talent, som har draumar, ambisjonar og von om ei fotballfagleg karriere, vil denne måten å bli møtt på, kunne vere sterkt identitetsbyggande. Dette kan forståast i lys av Xxxxxxxxx (2010) om korleis talent kan påverke eiga utvikling som individ. Samstundes vil det å både trene med meir erfarne fotballspelarar og møte andre også i kamp vere ein viktig del av eit totalt læringsmiljø, både personleg og når det gjeld fotballdugleik (Martindale mfl, 2007).
5.1.3 Treningsleiing
Spelar B, Spelar E og Spelar C legg vekt på eigenskapar ved trenaren som årsak til at dei spelte seg inn i tippeligatroppen. Ein motiverande faktor for spelarane var at trenaren gav ekstra av seg sjølv og var villig til å trene dugleikar også utanfor oppsette treningstider. Eit døme på det er Spelar E som fortel: ”Han kunne ringe meg og nokre andre ein kveld, og spør om vi skulle ta oss ei økt før skulen dagen etter. Det var slik han var, ivrig etter å trene oss”. Nettopp denne fleksibiliteten i høve til treningsopplegg, initiativrikdommen og støttande haldninga er faktorar som spelarane i Sogndal i dag ønskjer. Spelar A uttrykker det slik: ”Trenarane er dyktige dei, men eg kunne tenkt meg ein som kunne drive organisert dugleikstrening, i alle fall for dei som var interessert i det”.
Funnet kan forståast som at respondentane kjenner seg ulikt fagleg ivaretatt av ulike trenarar og trenarstilen deira. Trenarane sin ulike personlegdom og personleg stil vil oftast resultere i at ein legg opp trening ulikt. Trenaren kan likevel vere ein reflekterande praktikar om han klarer å vurdere og evaluere eigen metode og coaching etter spelaren eller spelarane sitt ynskje. Ein annan måte å forstå funnet vårt på, er at trenaren eller spelarutviklaren har ei meir
sentral rolle for utøvaren i karriereovergangar, særleg når utøvaren er ung og meningsfulle andre har ei meir konkret påverknad enn seinare i livet (Wylleman & Lavallee, 2004).
5.1.4 Praksisfellesskapet i Sogndal Fotball
Spelar B og Spelar F fortel at i fleire kampar dei har spelt for Sogndal fotball, har tida i garderoben vore prega av lite samhald og mykje grupperingar blant spelarane. Spelar C seier; ”Eg har spelt med eit par av spelarane på krets- og sonelag tidlegare og det er kjekt at vi er i same klubb no. Vi er gode kompisar, men eg ser dei ikkje mykje utanfor kamp og trening.”.
Spelargruppa består av nokre eldre rutinerte spelarar, nokre importspelarar, nokre unge talent og nokre spelarar midt i fotballkarriera. Fire av seks respondentar gir uttrykk for at det er slik grupperingane ser ut i garderoben, med nokre unntak. Vidare gir dei uttrykk for at spelarane har lite kontakt på tvers av grupperingane utanfor trening og kamp.
Tre av seks respondentar fortel at dei saknar eit betre praksisfellesskap med sterkare relasjonelle band slik ein er med å spele kvarandre gode i kamp, i staden for å tenke at det er ein jobb. Samtlege av respondentane gir uttrykk for at dei kjende til fleire av spelarane som var i klubben då dei kom dit. Dei kjende likevel ikkje til praksisfellesskapet. Dette er ein faktor som spelarane ikkje erfarte før etter ei viss tid i klubben. Under hospiteringsperioden sin opplevde tre av fire av respondentar eit tilsynelatande profesjonelt fellesskap, men fekk ikkje innblikk i praksisfellesskapet over tid. To av respondentane har ikkje hatt hospiteringsperiode.
Slik vi forstår funna kan det tyde på at kohesjonen i spelargruppa er retta mot oppgåva, mot jobben deira. Manglande sosialt fellesskap ser ut til å vere for spelarane utanfor trening og kamp, trass i at nokre av dei har langvarige relasjonelle band til kvarandre. Ei forklaring på dette kan vere at spelarane er på ulike stadier i livet, nokre eldre med familie, medan dei unge er framleis vidaregåandeelevar, jf. Xxxxxxxx og Xxxxxxxx sin ”Life-span”-modell (2004:11). Ein kan sjå fleire av dei ulike grupperingane saman på fritida, juniorspelarar er med kvarandre og veteranane er saman. Dette kan forståast som ein enkel gruppedynamikk der jamaldrande og felles interesse utanfor bana er med å skape desse grupperingane. Dette stemmer overeins med det Ronglan (2008) skriv om at det er samband mellom sportsleg og utanomsportsleg sfære. Det er ikkje naudsynt at dei som spelar best saman har dei same sterke relasjonane
utanfor bana. Utanomsportslege faktorar som familieliv påverkar sportslege faktorar. Dette skil seg frå Xxxxxxxxx (2010) sine funn, der unge utøvarar hadde tette relasjonar med eliteutøvarar og lærte både på sportslege- og utanomsportslege side.
Sogndal har ifølgje Spelar A og Spelar D sett opp ei utviklingsgruppe som trenar og går på skule saman.
Wylleman og Xxxxxxxx (2004) hevdar at grupperingar skjer ut frå kven som har påverknadskraft på utøvaren. I ungdomsåra er ei allmenn forståing at vener, ved sida av familien, er ein sterk påverkningsagent. Sogndal Fotball har truleg tatt omsyn til desse faktorane i og med at dei har gruppert Spelar A og Spelar D saman i ei gruppe som trenar og går på skule saman. Dette kan skape både fellesskap og relasjonsbyggjing til kvarandre, men skapar ikkje på ein sjølvsagt måte ein smitteeffekt av fellesskap til heile gruppa. Dette kan forståast som at ein kan skape gode praksisfellesskap i delar av spelargruppa og innad i grupperingane. Ronglan (2008) legg vekt på eit godt praksisfellesskap og kohesjon i eit lag. For å oppnå eit godt praksisfelleskap er det og viktig å trene og spele med spelarar ein kjenner (Ronglan, 2008). Rollefordelingar og betyding for laget blir tydlegare over tid.
5.2 Klubbidentitet
Samtlege respondentar legg vekt på lokal tilhøyre i val av klubb. Dei har alle vore tilhengjarar av Sogndal Fotball i barndommen. Dei har alltid hatt eit spesielt band knytt til Fosshaugane sidan dei har vore der på kamp då dei var små. Fire av seks respondentar opplevde det som veldig spesielt å spele på Fosshaugane som seniorspelar i Sogndal Fotball.
Alle respondentane våre kjem frå Sogn. Dette betyr at dei er alle kjende med området, dialekta og dei har fleire kjenningar i ulike delar av regionen. Dette var og ein viktige faktor i å velje Sogndal Fotball. Alle respondentane har trena med Sogndal før, anten gjennom hospitering eller gjennom turneringar i regi av Sogndal. Spelar B fortel det slik: ”Etter å ha trena med Sogndal 2, kjennes det heilt naturlig å signere for Sogndal”.
Funna illustrer det Côte mfl (2006) hevdar at småstader tilbyr tidlegare høve for sportsleg talentutvikling enn større stader. Tidlegare erfaring frå Fosshaugane og hospiteringsordning
var med på å gjere overgangen til Sogndal Fotball enklare sidan dei hadde kjennskap til andre spelerar og klubben. Ifølgje Ronglan (2008) er det dokumentert at eit godt samhald føre til sterkare lagprestasjonar. Via hospitering fekk fire av talenta kjennskap til spelarane og byrja å utvikle samhald, før talenta signerte for Sogndal Fotball. Dette gjer det mogleg å raskare kunne bli heilt integrert i spelargruppa.
Lokal tilhøyre kan og vere med på å gi ein ekstra innsats i både trening og kamp fordi ein er villig å ofre noko for klubben (Côte mfl,2006). Ein høg arbeidsinnsats og det å tore gi alt, kan og vere med å påverke praksisfelleskapet positivt (Ronglan, 2008), noko som kan ha ein smitteeffekt til medspelarar.
Bygda Sogndal har stolte tradisjonar innan fotballen, både gjennom plassering i seriesystemet og som ”talentfabrikk”. Dette historiske grunnlaget er byggjesteinane for dagens drift av Sogndal Fotball (Husabø, 2013). Sogndal Fotball er no ei merkevare for bygda, og er eit symbol for ein kulturell identitet i bygda på lik linje med Lerum AS. Spelarane vert sett på som ambassadørar, ikkje berre for laget, men også for bygda. Dei fire eldste respondentane seier at dei opplever merksemd frå lokalbefolkinga i det daglege.
5.3 Utanomsportslege faktorar
5.3.1 Familie og geografisk nærleik
Då alle respondentane er frå Sogn, er reiselengda heim til familie relativt kort. Dette har vist seg å vere avgjerande for samtlege av respondentane våre. ”Eg bur heime no, ideelt sett flyttar eg snart ut, men i starten har det vore greit for då har eg kunna fokusert 100% på fotballen” sa Spelar F.
Alle respondentane gir klart uttrykk for at det er godt å ha familie i nærleiken. Døme på dette er Spelar A som reiser heim til familie når høvet er der. Spelar B fortel at kort avstand til heimen gjer det lettare å bli oppteken av andre ting i livet enn fotball, særleg i situasjonar som kan opplevast som strevsame. Familien fungerer som ein base for tryggleik og avkopling (Xxxxxxxx & Xxxxxxxx, 2004).
Alle respondentane viser til at familiemedlemmer har vore støttande gjennom både
aldersbestemte nivå og no som seniorspelar. Spelar E fortel; ”Xxxxxx familien ikkje hadde vore der hadde eg ikkje nådd så langt. Dei køyrde meg på kampar og treningar som ung, i tillegg til at far min var trenar.”. Familien bidreg både på det utanomsportslege og er tydelege på det sportslege. Xxxxxxxx respondentar fortel at fotballinteressa har kome frå familien.
Foreldre si fotballinteresse og fotballforståing kan hjelpe til ei modning og utvikling innan fotball. Spelar B seier ”Far min har alltid vore trenaren min. Hadde ikkje han lært meg spelet i tidleg alder, hadde eg kanskje ikkje vore det talentet eg har vore.”.
Funnet understrekar at foreldre er ein viktig relasjon i tidleg vaksenliv. Både Xxxxxxxxx (2010) og Xxxxxxxx og Xxxxxxxx (2004) hevdar at foreldre si rolle overfor ungdommen vert endra frå dei er tidleg i tenåra til i 20-åra, og at foreldra etterkvart vert mindre delaktige i ungdommen sin kvardag. Då spelarane i tidspunkt for signering er i tenåra er familie ein viktig aktør i det psykososiale miljøet til spelaren (Wylleman & Xxxxxxxx, 2004). Familien vil på fleire område kunne påverke talentet si utvikling (Côte, 1999).
Den geografiske nærleiken til familien gjer at forholdet er dynamisk. Forholdet blir to-vegs, spelarane kan reise heim når dei kjenner behovet. Samstundes kan familie kome til Sogndal og bli kjend med trenarar, medspelarar, lokalitetar og kvardagen til spelaren. Dette kan vere med å skape ein tryggleik og motivasjon hjå talentet. Familien og spelaren får ein vinn-vinn situasjon i deira nære relasjon. Om klubben tillet det, vil familie med sportsleg interesse og som er støttande ovanfor talentet kunne vere ein positiv faktor i eit utviklingsmiljø (Martindale mfl, 2007).
5.3.2 Psykososiale tiltak i Sogndal Fotball
5.3.2.A Bustad
Sogndal Fotball disponerer fleire bustadar i Sogndal som dei leiger ut til spelarane sine. Dette kan vere til dei med familie eller til dei yngre spelarane. Spelar A seier det slik: ”Sogndal har skaffa meg bustad, og hjelpt meg med tilrettelegging for skulegang slik at eg skulle sleppe tenke på det sjølv.”. Dette hjalp vår respondent på den måten at han kunne konsentrere seg om fotballen, og skulegangen. I nokre av desse bustadane bur fleire talent saman. Spelar C legg det fram slik; ”Å kunne bu med lagkameratar aukar treningsmotivasjonen min, samstundes så er det enklare å vere meir profesjonell når ein delar bustad og kvardag.”.
Xxxxxx og skulegang/studier er ved sidan av fotballen, viktige rammer i kvardagslivet til talentet. Det gir høve til å ha sosialt fellesskap utover det klubbmessige, og kan gi utvikling på andre område enn det fotball bidreg til. Ved tilrettelegging av psykososiale tiltak kan klubben sikre ei meir holistisk utvikling av heile individet (Wylleman & Xxxxxxxx, 2004).
Ved ei slik tilrettelegging kan fleire med same kvardag bu saman. Dette gjev dei høve til å knyte sterkare relasjonar saman og utvikle venskap, samt at det er positivt for praksisfellesskapet (Ronglan, 2008). I likskap med andre unge som flyttar ut frå familien sin får ein større ansvar for seg sjølv, og i aukande grad bli sjølvstendige. Dei byggjer ny sosial kompetanse og vil i større grad bli påverka av andre i den sosiale konteksten dei til ei kvar tid er i (jfr. Xxxxxxxx & Xxxxxxxx, 2004).
5.3.2B Økonomi
Alle respondentane er under kontrakt med løn. Fire av seks respondentar fortel at dei har ulike bonusar for studiepoeng og skulegang. Utanfor desse kan dei få signeringsbonusar dersom dei får tilbod om nye kontraktar. Dei får og dekka utgifter knytt til medisinsk behandling dersom det trengs, grunna yrket og skadeforsikring. Respondentane er løna arbeidstakarar. Med løn så blir spelarane meir uavhengige av familie, men blir samstundes også svært ulike frå jamnaldrande. Spelar B seier; ”Før eg fekk kontrakt måtte eg bruke mykje av mine eigne pengar på fotballen. Då eg signerte profesjonell kontrakt med Sogndal fekk eg mykje av dette i godtgjersle.”. Samanlikna med xxxxxxxxxxx som kanskje er studentar eller vidaregåande elevar kan ein sjå at fotballspelarar ikkje har den same økonomiske kvardagen.
5.3.2C Utdanning
Spelar A fortalde at Sogndal Fotball hjalp han å legge til rette kvardagen slik at han kunne ta utdanning ved sidan av. Utdanning viste seg å vere viktig for respondentane våre. Dei ville ha skulegang ved sidan av, og alle var svært opptekne av å fullføre vidaregåande skule. Sogndal Fotball vil og at spelarane skal fullføre vidaregåande skule, og dei får fri frå trening viss det er viktige prøver, eksamenar eller tentamenar dagen etter. Både Xxxxxx A og Spelar D fortel at dei får fri frå trening viss det er noko viktig på skulen dagen etter. Spelar D seier ”Eg er ikkje i posisjon til å kunne spele regelmessig og difor er det betryggande å ha skulegang ved sidan
av. For då veit eg at dersom eg ikkje lukkast så har eg noko å falle tilbake på.”. Fem av seks respondentar er einige i ei slik formulering.
Sogndal Fotball har utdanningsbonus i enkelte kontrakter. Det fører til at fleire av spelarane tar utdanning, både respondentar og andre spelarar. Spelar B og Spelar F har begge studert på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og Spelar F har allereie fullført ein bachelor. Bonusordningar er meint å stimulere til skulegang og studiar ved sidan av fotballen. Dette kan forståast som ei holistisk tilnærming til unge talent i Sogndal Fotball, og at satsinga på dei unge talenta ikkje berre omfattar sportslege faktorar.
Innan skulegang endrar ein utdanningsinstitusjon fleire gongar i alderen 15-25 år. Gjennom skulegang med xxxxxxxxxxx får ein utvikla seg saman med dei på eigen alder. Ein har gjennom dette tilhøyre til ei sosial gruppe utanfor fotballaget. Respondentane fortel at dei får fleire vener gjennom skulen enn gjennom fotballen og dette er gode vener som ein kan kople av med utanfor fotballen. Dette kan tolkast i lys av Wylleman og Xxxxxxxx (2004) som seier at ein må utvikle seg psykososialt samstundes som idrettsmessige for å kunne prestere i idretten. Tilrettelegging i form av skule- eller studietilbod kan og forståast som at Sogndal Fotball let talentet påverke eiga utvikling og sørgjer for autonomi i utviklinga. Dette samsvarar med funna til Xxxxxxxxx (2010). Samarbeid mellom Sogndal Fotball og aktuelle skule eller utdanningsinstitusjon er naudsynt for å gi eit tilrettelagt tilbod. Høve til å ta seg utdanning gir alternativ til å leve av å spele fotball. I seg sjølv gir det å gå på skule eller studere ei avkopling frå fotballen, og skapar grunnlag for personleg vekst på fleire områder (Wylleman & Xxxxxxxx, 2004; Xxxxxxxxx, 2010).
Xxxxxxxxx (2010) viser til viktigheita av å utvikle dugleikar som er overførbare mellom idretten og kvardagslivet. Ein kan forstå dette som tilrettelegging av utanomsportslege faktorar er viktige då dei kan påverke dei sportslege.
5.4 Vener
Samtlege respondentar legg vekt på at dei har vener utanfor fotballen, som støttar opp under fotballinteressa. Spelar F fortel at han har fleire vener som ikkje er interessert i fotball, men som likevel har kjøpt sesongkort for å sjå kampar og støtte han som ein ven. Desse venene er
han med utanfor fotballen og gir han høve til å utvikle seg med xxxxxxxxxxx (Xxxxxxxx & Xxxxxxxx, 2004; Xxxxxxxxx, 2010).
5.5 Tilbod frå andre klubbar
To av respondentane våre spelar no i andre klubbar i inn- og utland. Desse to har gitt uttrykk for at det er større sportsleg kompetanse og profesjonalitet i andre klubbar enn Sogndal.
Likevel påpeikar dei betydinga av dei utanomsportslege faktorane i Sogndal som viktige for utvikling deira.
Halvparten av respondentane fekk tilbod om å signere for andre klubbar då dei var i samtale med Sogndal fyrste gong. Dei gav alle uttrykk for at Sogndal gav eit godt sportsleg tilbod og gode forhold for utanomsportslege faktorar som skule, nærleik til heimstad og familie. Ein av respondentane fortel at han valte å signere for Sogndal Fotball fordi klubben var betre på å skape ei godkjensle og var meir tydeleg i å tilby ein god treningskvardag med fyrstelaget.
Spelar E: ”Eg fekk eit betre tilbod i Brann enn det eg gjorde i Sogndal, men eg fekk ikkje godkjensla i møte med Xxxxx. Det fekk eg i Sogndal som var meir imøtekomande.”
Dei to yngste respondentane gir uttrykk for at overgangen frå aldersbestemt fotball i Sogn til seniorfotball i Sogndal er stor. Dei to respondentane som no spelar i andre klubb har opplevd ein større overgang profesjonelt frå Sogndal til andre klubbar, enn frå grasrotklubb til Sogndal. Dei tre mest rutinerte respondentane har opplevd at Sogndal som leiing og klubb ikkje ligg på same nivå administrativt som andre klubbar i Noreg. Sogndal er ein liten klubb, alt som skjer kjem tydeleg fram både i media, lokalsamfunnet og i garderoben. Både positive og negative hendingar med spelarar eller andre situasjonar i klubben vil lett kunne bli kjent på bygda. Tre respondentar seier at dette kan vere med å lage frustrasjonar i klubbmiljøet. Slik vi forstår Ronglan (2008) kan slike situasjonar påverke dugleiksutviklinga og praksisfellesskapet negativt.
6.0 METODISK DRØFTING
Bacheloroppgåva har vore ei fordjupningsstudie om unge fotballtalent frå Sogn og faktorane som påverkar dei i å velje Sogndal Fotball. Metoden vi valde var kvalitativ metode. Studien fremjer forståing av faktorane og er såleis både valid og reliabel. Resultatet er reliabelt fordi
respondentane sine personlege svar ville vore tilsvarande like ved ein liknande studie. Studien er også valid fordi respodentane svarar til problemstillinga. Det er imidlertid vanskeleg å kunne generalisere funna, då utvalet er ei lita gruppe lokale talent knytt til ein fotballklubb.
For å få ei ytterlegare forståing av kva faktorar som påverkar unge talent i å velje seg andre klubbar, er det naudsynt med meir forsking på området.
7.0 TALENTUTVIKLINGSMILJØET I SOGNDAL
Studien vår viser at det er fleire faktorar er sentrale i val av Sogndal Fotball, både sportslege og utanomsportslege. Å få tilbod om å spele i, og kjenne seg ynskt i klubben som spelar var sjølvsagt og avgjerande for å bli spelar i Sogndal Fotball. Vidare vart familie, geografisk nærleik til familie og treningsleiing framheva som andre og særleg viktige faktorar av respondentane. Det å samstundes kunne skaffe seg utdanning var av stor betyding, då respondentane også ynskjer å ha høve til utvikling og karriere på andre områder enn fotball. Vener og skulemiljø bidreg til psykososial og psykologisk utvikling hos respondentane, men har ikkje vore avgjerande for val av Sogndal Fotball. Funna kan illustrerast slik ved hjelp av Xxxxxxxxx (2010) sin modell om ATDE. Dette er vår tolking av Xxxxxxxxx sin ATDE-modell (2010)
MAKRO
MIKRO
Trenings leiing
Vener
Trenar og lag
Media
Skule
Utøvar
Familie
Utanomsportsleg
Bygd
Sportsleg
Klubbleiing
Athletic Talent Development Environment – Sogndal
Tradisjonar
I modellen er forholdet mellom mikro- og makronivå dynamisk og gjensidig påverkbare faktorar. Element frå dei ulike aktørane bidreg i dei ulike nivåa, og er illustrert med stripla lina. Dei stripla linene viser til dynamiske forhold, og dei heiltrukne tjukke pilene (familie- utøvar og treningsleiing-utøvar) viser til kva respondentane sjølv rapporterte å ha størst påverknad på val av Sogndal Fotball. Dei heiltrukne tynne linene er meint å illustrere dei samfunnsmessige samanhengane som klubb og utøvar lever i.
8.0 KONKLUSJON
Denne oppgåva har vist at relasjonen til familie og treningsleiing er viktige faktorar for å velje Sogndal Fotball. Men for respondentane er det ingen tvil om at den viktigaste faktoren for deira val av Sogndal Fotball var at dei kunne satse på fotballen på heiltid. Relasjonen og nærleiken til familien, og det at talenta kjende seg ynskt i klubben, i tillegg til betre
treningsleiing var avgjerande for at valet enda på Sogndal Fotball. Desse faktorane, samt høve for utdanning i Sogndal har påverka våre respondentar, og kan påverke fleire talent i å velje Sogndal Fotball framfor andre klubbar. Studien viser og eit forbetringspotensial i Sogndal Fotball, at praksisfellesskapet kan betrast.
Å nærme seg talenta med ein holistisk tilnærming der Sogndal Fotball kan skreddersy ein pakke for utvikling både sportsleg og utanomsportsleg kan gi gode resultat for talentutviklingsmiljøet i klubben. Funna i studien vår er tendensar, og kan ikkje generaliserast til andre unge fotballtalent som søkjer seg til andre klubbar enn Sogndal fotball. Dei undersøkte faktorane kan vere rettleiiande for vidare forsking innan denne tematikken. Vi har ikkje undersøkt om Sogndal Fotball aktiv nyttar nemnde relasjonar og faktorar for å vere attraktive for lokale talent.
9.0 Litteraturliste:
9.1 Referanseliste:
Xxxxxxx, Xxxxxx (1997) “Self-efficacy: The exercise of control”. New York. W.H. Xxxxxxx
Xxxxx, Xxxxx, Xxxxxxxx, Xxx Xxxxx, Xxxxxx, Xxxxxx, Xxxxxxxx, Xxxxxxx.(2003) “Ferdighetsutvikling i fotball – handlingsvalg og handling”. Oslo. Akilles
Xxxx, Xxxx, (1999). ”The influence of the family in the development of talent in sport.” The Sport Psychologist, Vol 13(4), 395-417.
Xxxxxx, Xxxxxx, Xxxxxxxx, Xxxxxxx, Xxxxxxxxxx, Xxxxx (2009) “Fotballferdigheten”. Oslo. Akilles
Xxxxxxxx, Xxxxx (1991) ”Fotball- Mellom høge fjell og lange fjordar”. Hovudfagsoppgåve Oslo. Norges Idrettshøgskule.
Xxxxxxx, Xxxxx, (2008): “Historien om norsk idrett”. Oslo. Abstrakt forlag,
Xxxxxxx, Xxxxx og Xxxxxx, Xxxx (2002) ”Fotball! Norges Fotballforbund 100 år”. Oslo. Norges Fotballforbund,
Xxxxxxxxx, Xxxxxxxxxx (2010) ”The Ecology of talent development in sport”. (Doktorgradsavhandling, Syddansk Universitet), Institute of Sports Science and Clinical Biomechanics, Syddansk Universitet
Xxxxxx, Xxxxxx (2013) ”Supporterserien 2013: Sogndal”. Falck Forlag
Xxxxxxxx, X.X. (2011) ”Hvordan gjennomføre undersøkelser? : Innføring i samfunnsvitenskapelig metode”. 2.utgave. Kristiansand. Xxxxxxxxxxxxxxxx
Xxxxxxxxxxx, X., Xxxxx, P.A., Xxxxxxxxxxxxx, L. (2004) ”Introduksjon til samfunnsvitenskaplig metode”. Oslo. Abstrakt Forlag.
Xxxxx, Xxxxxxx (1997) ”Det kvalitative forskingsintervju”. Oslo. Gyldendal Norsk Forlag AS.
Xxxxx, Xxx X. (2008): ”Idrettsosiologi – Sportens ekspansjon i det moderne samfunnet” Oslo. Abstrakt forlag
Xxxxxxx, Xxxx (2012) ”Analyse i kvalitative studier: Den skrivende forskeren”. Oslo. Universitetsforlaget
Norges Fotball Forbund (NFF) (2011) ”Flest mulig, lengst mulig, best mulig”. Oslo. Akilles.
Xxxxxxxxx, Xxxxxx og Xxxxxxxx, Xxxx. (2008) “Talentutvikling i idrett”. Fotballtreneren nr. 2, 2008. (Tidsskrift)
Oxford Advanced Learner's Dictionary (2005) Oxford University Press, Oxford, England. Xxxxxxx, Xxxx Xxxx (2008) ”Lagspill, læring og ledelse”. Oslo. Akilles.
Xxxxxxxxx, Xx (1996) ”Vitenskap og rasjonalitet”. ”Kapittel 4: Livsverden, taus kunnskap og paradigmer”. Oslo. Ad Notan Gyldendal.
Xxxxx, Xxxxx (2010) ”Kvalitative forskningsmetoder i praksis”. Oslo. Gyldendal Norsk Forlag AS.
Xxxxxxx, Xxxx (2006) ” Statistikk og dataanalyse”. Oslo. Universitetsforlaget
Xxxxx, Xxxxxx (2008) ”Frå skuletun til campus: Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane”. Leikanger. Skald Forlag
9.2 Nettsider
Xxxxxxxx, Xxxxxx (2014) ” What Is the Ecological Perspective?” xxxx://xxx.xxxx.xxx/xxxxx_0000000_xxxxxxxxxx-xxxxxxxxxxx_.xxxx (Tilgjengeleg frå 24.08.14, lese 26.11.14)
Xxxx, Xxxx. Xxxxxxxxx, Xxxx X. Xxxxx. Xxxxxx og Xxxxxxxxx, Xxxxx (2006) “When “where” is more important than “when”: Birthplace and birthdate effects on the achievement of sporting expertise”, Journal of Sports Sciences, 24:10, 1065-1073, DOI: 10.1080/02640410500432490
Xxxxxxxxxx, Xxxxxxx X. X., Xxxxxxx, Xxxx og Xxxxxxx, Xxxx (2007) “Effective Talent Development: The Elite Coach Perspective in UK Sport”, Journal of Applied Sport Psychology, 19:2, 187-206, DOI: 10.1080/10413200701188944
Xxxxxx, Xxxx Xxxxxx. ”Holisme”. xxxxx://xxx.xx/xxxxxxx (Tilgjengeleg frå 14.02.2009, lese 26.11.14)
Xxxxxxxx, X., Xxxxxxxxx, X., Xxxxxxxx, D. (2004) ”Career transitions in sports: European perspective”. Psychology of Sport and Exercise 5 (2004), s.7-20. DOI:10.1016/S1469- 0292(02)00049-3
9.3 Intervju
• Spelar A: Intervju med Spelar A 28.10.2014
• Spelar B: Intervju med Spelar B 21.10.2014
• Spelar C: Intervju med Spelar C 30.10.2014
• Spelar D: Intervju med Spelar D 20.10.2014
• Spelar E: Intervju med Spelar E 29.10.2014
• Spelar F: Intervju med Spelar F 24.10.2014
Vedlegg:
VEDLEGG 1
Samtykkekontrakt
Vi er to bachelorstudenter ved Høgskolen i Sogn og Fjordane som ynskjer å finne ut kva faktorar som påverkar unge lokale talent i velje Sogndal Fotball som fyrste profesjonelle arbeidsgjevar.
Oppgåva vår har problemstillinga:
” Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?”
Vi nyttar djupneintervju. Intervjua blir teke opp med båndopptaker og blir mellombels lagra. Når transkriberinga er ferdig vil desse opptaka bli sletta. Transkriberinga vil også bli sletta etter levert oppgåve. Dersom det er ynskjeleg frå respondenten si side kan dei få tilsendt ein kopi av denne.
Er det spørsmål som respondenten ikkje ynskjer å svare på skal dei sleppe dette. Respondentane kan trekkje seg dersom dei ikkje ynskjer å delta.
Vi vil halde anonymiteten til respondentane og difor hindre at det skal kome fram gjenkjennbar informasjon frå intervjua slik at respondentane kan identifiserast.
Eg har lese og godkjent informasjonen ovanfor.
.................................... .....................
Stad Dato
..............................................................................
Underskrift intervjuobjekt
..............................................................................
Underskrift intervjuleiar
VEDLEGG 2
Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?
Intervjuguide
Påverkande faktorar:
Kva faktorar påverka ditt val i å signere for Sogndal Fotball?
-Kva sportslege faktorar påverka ditt val av Sogndal Fotball?
- Korleis påverka utanomsportslege faktorar ditt val av Sogndal Fotball?
- Kva tykte familie/vener då du melde overgang?
- Korleis spegla nærleik til heimstaden din inn på ditt val?
- Korleis stemmer spel for Sogndal med gutedraumen?
Lokal tilhøyrigheit:
Som sogning, tykkjer du at ein bør spele for Sogndal i løpet av karriera?
- Korleis var ditt forhold til Sogndal Fotball og Fosshaugane som ung?
- Korleis kjennast det som sogning å kalla seg Sogndal-spelar?
- Kvifor er det naturleg for sogningar å vende mot Sogndal når det gjeld fotball trur du?
- Bør Sogndal i fyrste grad sjå på sogningar når dei skal setje istand Tippeligastallen?
Korleis er det å vere nær heimstaden?
- Kva tenkjer du om det?
- Korleis er det å ha familien i nærleiken?
- Kva tykte dei om overgangen din til Sogndal?
- Var dei med å påverka valet ditt i nokon grad?
- Var dette viktig for deg då du signerte for Sogndal? Eller kunne det like gjerne vore Tromsø?
Utdanning:
Du går/har gått på skule her?
- Kva type? VGS/høgskule/FHS?
- Korleis var tilrettelegginga frå skulen?
- Kva tilrettelegging sto Sogndal Fotball for?
- Korleis var det å vere Sogndalspelar og ta utdanning samstundes? Eventuelt kvifor ikkje?
- Er dette noko du kan tenkje deg? / var dette noko du vurderte? / Tar du noko no?
Trivsel:
Kva gjer at du trivast/ ikkje trivast i Sogndal?
- Kva har Sogndal Fotball gjort for at du skal trivast?
- Har andre aktørar gjort noko? Sponsorar, utdanningsinstitusjonar, eventuelt familie/vener?
Personlig forhold
Kva betyr Sogndal Fotball for deg?
- Korleis har dette utvikla seg?
- Kva tenkjer du om dette for deg sjølv når du ein dag må ”legge skoa på hylla”?
- Kva er dine tankar kring det å avslutte karriera di i Sogndal?
- Korleis er det å vere Sogndalspelar? /Korleis trur du det blir? / Xxxxxxx var det å vere Sogndalspelar?
- Korleis ser du på Sogndal Fotball?
- Talentfabrikk eller fylkeslag? Begge deler?
- Kva tankar gjer du deg når Sogndal Fotball stiller med åtte utanlandsspelarar og tre frå Hordaland mot Ålesund?
- Meiner du at det er viktig at Sogndal er ein tippeligaklubb? Kvifor?
Xxxxxxx var forholdet til Sogndal då du var i aldersbestemte klassar?
- Kva status hadde Sogndal då du vaks opp? Favorittklubb?
- Kva status hadde Sogndal i nærmiljøet og i klubben heime?
- Korleis var det å spele mot Sogndal i aldersbestemte klassar?
- Korleis påverka desse tankane ditt val i å melde overgang til Sogndal?
- Trur du at gjennom ditt spel mot aldersbestemte sogndalslag at du kan ha blitt ”oppdaga”? Eventuelt kvifor?
Kva visste du om Sogndal Fotball før du melde overgang?
- Har kjende/bekjende spelararar nokon personleg betyding for deg og ditt val om å spele for Sogndal?
- Kva betyr tidlegare spelarar for ein profesjonell sogndalspelar?
- Kva kjennskap hadde du til trenarapparatet i Sogndal Fotball?
- Kompetente?
- Spela speletid inn på di avgjering? Eventuelt spel for Sogndal 2?
Overgang:
Xxxxxxx enda du opp i Sogndal?
- Kven tok kontakt?
- Korleis var prosessen i overgangen?
- Xxxxxxx blir/blei du eit talent i Sogn?
- Var det faktorar i denne prossesen som gjorde det utfordrande i nokon grad?
Påverknad utanfrå:
Kva tykte tidlegare lagkameratar og trenarar om Sogndal Fotball?
- Kva påverknad hadde meiningane frå tidlegare lag på deg og ditt val?
- Korleis opptredde dei då du bytte klubb?
- Kva rolle spela kretslagstrenar/spelarutviklar i overgangen?
- eventuelt i forspelet før overgangen?
Eventuelt ymse:
Er det noko du ynskjer å tilføye?
Vi har stilt vårt siste spørsmål og ynskjer deg lukke til vidare i årets sesong og karriera vidare. Takk for ditt bidrag.