AVTALE
AVTALE
MELLOM
STIFTELSEN HARMONIEN (SH)(BFO) OG
FØRDE KOMMUNE, KULTURETATEN (FøK) OG
SOGNDAL KOMMUNE (SK) OG
GLOPPEN KOMMUNE (GK) OG
FLORA KOMMUNE (FlK) OG
SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE, KULTURAVDELINGA (SFK)
August 2014 – juli 2017(2019)
1. Avtaleperiode
Avtalen er basert på ein revisjon og vidareføring av eksisterande samarbeidsavtale med BFO. Avtalen gjeld for treårsperioden (femårsperioden) august 2014 – juli 2017, med mulighet for forlenging for ytterligere to år fram til juli 2019. Konsertserien på Vestlandet – utanom Bergen – har som fortsatt overordna mål at den skal utviklast vidare. BFO sitt positive engasjement og målsetting om ein tydelig distriktsprofil vert vidareført og blir føreseieleg gjennom ein ny 3-årig avtale med Førde kommune, Sogndal Kommune, Gloppen Kommune, Flora kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Andre kommunar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle for enkeltkonsertar ved spesielle høve.
Avtalen er i utgangspunktet basert på inntil 4 konsertar pr sesong som i dag, men kan bli utvida til 6 dersom auke i statstilskotet gjer det mogleg. Vidare utvikling av Vestlandsserien i Sogn og Fjordane og framtidig konsertavtale, må skje i tett samarbeid med SFK, FøK, SK, GK, FlK og andre kommunar, jfr. pkt 3 i avtalen.
2. Samarbeidsparter
Partane som er nemnde over samarbeider om konsertar med BFO i Førde/Sogndal/Sandane
/Florø og SFFK i konsertsesongen 2014/15, 2015/16 og 2016/17. Avtaleperioden gjeld for 3 sesongar med utgangspunkt i 4 konsertar pr sesong. Partane er innforstått med at det i enkelte sesongar kan bli ein reduksjon i tal konsertar ved spesielle tilhøve, t.d. ved stor utanlandsturnering for orkesteret. Dei mest aktuelle periodane for turnekonsertar er normalt januar, mai og/eller august månad. Partane er innforstått med at kalenderen for 2015 og 2016 gir særskilte utfordringar for BFO når det gjeld innpassing av nyttårskonserter. BFOs jubileumsår 2015 gir også særskilte utfordringar på grunn av utanlandsturnering.
3. Utvikling av samarbeidet
Vidare utvikling og justeringar må skje i samarbeid med fylkeskommunen. Det kan gjelde f.eks. i samarbeid med den kulturelle skulesekken, og andre konsertarrangement i fylket. BFO bidreg til utvikling av musikklivet i fylket, t.d. gjennom kontakt med kulturskular, vidaregåande skular, relevante festivalar og fagmiljø i samband med konsertane.
4. Fastlegging av konsertstader/-tidspunkt
Partane ser for seg slikt hovudmønster i samarbeidet:
• Ein konsert i Førde (nyttårskonsert)
• Ein konsert i Sogndal (nyttårskonsert)
• Ein konsert på Sandane (vår-/haustkonsert, gjerne også nyttårskonsert dersom det er mogleg)
• Ein konsert i Florø, eller annan kommune (vår-/haustkonsert, gjerne også nyttårskonsert dersom mogleg)
Partane er også samde om at datoar for nyttårskonserter kan leggast innanfor heile januar månad.
For avtaleperioden gjeld følgjande datoar:
8. og 9. januar 2015 (Førde og Sogndal)
8. og 9. januar 2016 (Førde og Sogndal)
Hausten 2014 vert konsert lagt til august (Gloppen 28.8. og Førde 29.8.).
Hausten 2015 kan det vere aktuelt med konsertar 30.10., 31.10. og 1.11. som del av Harmonien sitt 250-årsjubileum. Konsertstadane vert avtalt nærare.
For 2017 kan det vere aktuelt med 3-4 nyttårskonsertar i Sogn og Fjordane; jf elles pkt 5, siste ledd.
Førde kan vere interessert i ein særskilt turnekonsert i løpet av BFOs ordinære sesong. Dette vert avtalt direkte mellom Førde kommune og BFO, og går utanom denne avtalen.
5. Planlegging av konsertsesongane.
Planlegging av konsertsesongane blir nærmare avtalt mellom BFO, SFFK, FøK, SK, GK og Flk gjennom minst 2 møter pr år, 1 overordna og 1 programmøte. Det overordna møtet vert lagt i samband med den årlege Nyttårskonserten. SFFK er ansvarleg for innkalling til dette møtet. Tema for møta er datoar, repertoarval, evaluering og forbetringar.
Programmøta vert lagt til Bergen eller vert gjennomført som telefon/skypemøter. Der møter ein felles representant frå kommunane og fylkeskommunen og ein representant frå BFO. Partane er einige om at desse personane inntil vidare er: Xxxxxx Xxxxx og Xxxxxxx Xxxxxx
Partane er vidare samde om at jamleg dialog er viktig, og at turnedatoar og program for den kommande sesong skal vere avklara innan 31.12. året før.
6. BFO er ansvarleg for:
• Alt det praktiske og alle kostnader med orkester, solistar og dirigent
• Transport/reise, bestilling av bærehjelp, utstyr (inkludert evt ekstra innleigd teknisk utstyr), diett og opphald/overnatting for orkester og solistar/dirigent/stab. Naudsynt forsikring av personell og utstyr. Noteleige og TONO.
• Utarbeider og trykker program for konsertane etter avtale med FøK/SK/GK/Flk (samarbeidspartane), likeeins pressemateriale (fotos og tekst) og plakatar. BFO utarbeider og kostar annonsemateriell i samsvar med eigen grafisk profil etter avtale med FøK/SK/GK/Flk, men innrykk i avis vert ivareteken og xxxxx xx XxX/SK/GK/Flk. At
samarbeidspartane vert synleggjort på alt materiell (annonse, program, pressemateriale og plakatar) med logo/namn.
• Marknadsføring og billettsal i samarbeid med FøK/SK/GK/Flk (samarbeidspartane). I dette ligg anbefalt billettpris i samsvar med tilsvarande konsertar, og spesielle rabattordningar. Annonsemateriell og plakatar skal vere ferdigstilt/levert arrangørkommunen etter avtale, men minst to månader før kvar konsert, med anbefalt annonseplan ved ønskje om dette frå FøK/SK/GK/Flk.
• Inngå sesongavtale om pris på opphald/overnatting for orkester og solistar, dirigent og stab.
7. FøK/SK/GK/Flk er ansvarlege for:
• Den praktiske tilrettelegging og avvikling av konsertane i Førdehuset/Sogndal Kulturhus/Trivselshagen/Flora samfunnshus. Dette inkluderer leige av naudsynt lys/lydutstyr, ekstra folk etc. og blomster til dirigent og solist.
• Naudsynte lokale til prøvar, førebuing og konsertar (konsertsal/idrettshall/garderober etc.)
• Naudsynt bære- og riggemannskap etter bestilling frå BFO
• Billettsal
• Praktisk arbeid med marknadsføring, annonsering og informasjon saman med BFO. Nærare avtale blir gjort mellom BFO og FøK/SK/GK/Flk. (Sjå punkt 6).
• Etterarrangement og trivselstiltak for BFO og inviterte gjester i samarbeid med BFO og SFFK.
8. Xxxxxxx
• XxX/SK/GK/Flk betalar honorar til BFO stort kr 90 000 pr konsert. BFO fakturerer arrangørkommunen. Ved særskilte enkeltkonserter, jfr pkt 4, vert det gjort avtale om honorar i det enkelte høvet.
• SFFK betalar økonomisk støtte til BFO stor kr 55 000 pr konsert, avgrensa til kr 220 000 ved fire konsertar pr sesong/år. BFO fakturerer fylkeskommunen. Ved særskilte enkeltkonserter, jfr pkt 4, vert det gjort avtale om honorar i det enkelte høvet.
• Billettinntektene går i sin heilskap til arrangørkommunen.
• Lokal arrangør fastset billettpris for konserten.
• FøK/SK/GK/Flk fakturerer BFO for kostnader med bærehjelp og evt andre ekstraordinære kostnader.
• BFO sin innsats er eige orkester med stab innan eigen arbeidsavtale. FøK/SK/GK/Flk sin innsats er Førdehuset/Sogndal kulturhus/Trivselshagen/Flora samfunnshus med stab innan eigen arbeidsavtale.
• Leige av konsertlokale vert dekka av FøK/SK/GK/Flk.
• Lokal annonsering, plakatdistribusjon og salstiltak vert dekka av FøK/SK/GK/Flk (lokal arrangørkommune).
9. Felles utfordringar
• Styrke dialogen om programarbeidet for å auke interessa for symfonisk musikk i Sogn og Fjordane, og utvikle program for det lokale publikum, jf også pkt 5.
• Langsiktig planlegging for å få til samarbeid med lokale miljø eller solistar og samarbeidspartar med lokal tilknyting, der dette synest tenleg i forhold til det aktuelle konsertprogram.
• Større fokus på aktiv marknadsføring for å auke besøket på konsertane
• Kostnadsreduserande tiltak – reduserte kostnader til overnatting, reise, annonsering osv.
• Xxxxxxx samarbeid for å auke besøket og inntektene på konsertane.
• Auka støtte frå Kulturdepartementet.
10. Kontaktpersonar:
• Førde: Xxxxx Xxxxxxxxx (tenesteleiar kultur), tlf 000 00 000
• Gloppen: Xxx Xxxxxx Xxxxxx (kultursjef), tlf 000 00 000
• Sogndal: Xxx Xxxx Xxxxx (kommunalsjef), tlf 00 00 00 00
• Flora: Xxxxx Xxxxxxxx (kultursjef) tlf 000 00 000
• Fylkeskommunen: Xxxxxxxxx Xxxxxxxx (avtale), tlf 000 00 000, Xxxxxx Xxxxx (program), tlf 000 00 000
• BFO: Xxxxxxx Xxxxxx (program og tidsplan), Xxxx Xxxx Xxxxxx (turneplanlegging og – gjennomføring), Xxx Xxxx Xxxxx (marknad og sal), Xxxxxxx Xxxxxxx (presse/pr), Xxxxx Xxxxx (kontrakt)
Bergen den Førde den
………………………………… …………………………………………….. BFO Sogn og Fjordane fylkeskommune
Førde den | Sandane den | Sogndal den |
…………………………. | ………………………………. | …………………………. |
Førde kommune | Gloppen kommune | Sogndal kommune |
Florø den |
……………………………. Flora kommune