Retningslinjer i Helse Bergen for løn til leiarar på nivå 1 og 2 - utkast
Retningslinjer i Helse Bergen for løn til leiarar på nivå 1 og 2 - utkast
Generelt
• Til grunn for Helse Bergen sine retningslinjer for leiarløn på nivå 1 og 2 ligg Statens retningslinjer for lederlønn i selskaper med statlig eierandel (fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet 30. april 2021). Det følgjer av underliggjande helseføretak sine vedtekter at dei skal følge allmennaksjelova §§ 6-16a og 6-16b.
• Godtgjering til leiarar skal fremme at føretaket oppnår sine mål og bærekraftig verdiskaping for spesialisthelsetenesta, medrekna bidra til føretaket sin strategi, langsiktige interesser og økonomiske bæreevne.
• Godtgjeringa skal ikkje vere lønsleiande, men konkurransedyktig, slik at føretaket får rekruttert og behaldt gode leiarar. Omsynet til moderasjon skal ivaretakast.
• Hovudelementet i godtgjeringa skal vere fastløn.
Retningslinjene skal bidra til føretaket sin strategi, langsiktige interesser og økonomiske bæreevne
• Konkurransedyktig, men ikkje lønsleiande godtgjering til leiarar, skal balansere behovet for å rekruttere og behalde dyktige leiarar, og ei lønsutvikling under kontroll. Rekruttering og stabilisering av dyktige leiarar er viktig for verksemda.
• Retningslinjene skal sørge for moderasjon. Føretaket er finansiert av offentlege midlar som skal nyttast til beste for pasientbehandlinga, samstundes som føretaket sine mål skal bli nådd.
Løn og tilsettingsvilkår for helseføretaket sine tilsette er teke omsyn til ved utforming av retningslinjene
• Lønsutviklinga i Helse Bergen generelt skal vere ein del av vurderinga ved leiarlønsoppgjer, for å sikre at leiarane som hovudregel har ein lønsutvikling i samsvar med andre tilsette.
• Konkurransedyktig, men ikkje leiande løn, skal bidra til at føretaket er ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette.
• Leiarar på nivå 1 og 2 i Helse Bergen har fastlønsordning og same pensjonsordning.
Etablering, revisjon og gjennomføring av retningslinjene
• Retningslinjer, medrekna framtidige endringar, skal drøftast med tillitsvalde og bli behandla av styret. Retningslinjene skal behandlast og godkjennast av styret ved vesentleg endring og minst kvart fjerde år.
Fastsetting av leiarløn
• Ved fastsetting av leiarløn skal følgjande kriterier bli lagt til grunn:
o Lønsnivå i føretaksleiinga i Helse Bergen generelt
o Lønsnivå i samanliknbare stillingar i føretaket
o Resultatvurderingar i høve til dei mål og krav styret har sett.
o Resultatavhengig godtgjering skal vere basert på relevante, transparente og målbare kriterier.
• Det er ikkje etablert variable element i føretaket si godtgjering til leiande tilsette.
Årlege justeringar av leiarløn skal ikkje skje før dei årlege tariffoppgjera i spesialisthelsetenesta er avslutta.
Pensjonsordning
• Leiande tilsette skal vere omfatta av offentleg tenestepensjon på lik linje med andre tilsette i helseføretaket sine vilkår. Det vil seie gjennom ordinær løysing i KLP. Det er ikkje høve til å inngå avtale om pensjon utover ordinære vilkår gjennom KLP.
Naturalytingar
• Xxxxxxxx blir vurdert i høve til kva leiar treng for å utøve stillinga, men avgrensa til å gjelde:
o Mobiltelefonordning og dekning av internett i samsvar med føretaket sine føresegner
o Heimekontor i samsvar med føretaket sine føresegner
o Alminnelege forsikringsordningar i høve til lov og avtaler
o Eventuelt avisabonnement
Pendlarar
• Reisekostnadar til leiande tilsette som pendlar kan dekkast. Normalt blir det ikkje ytt diett for slike reiser.
Sluttvederlag for administrerande direktør
• Dersom føretaket inngår avtale om sluttvederlag for administrerande direktør, skal avtalt sluttvederlag og løn i oppseiingstida ikkje overstige 12 månadsløner i sum.
• Sluttvederlaget skal reduserast krone for krone dersom administrerande direktør i sluttvederlagsperioden tiltrer ny stilling, får nye lønna verv eller mottek inntekt frå næringsverksemd der vedkomande er aktiv eigar.
• Dersom administrerande direktør sjølv tek initiativ til å avslutte arbeidsforholdet, blir det ikkje ytt sluttvederlag.
Xxxx
• Personar i leiinga skal ikkje ha særskilt godtgjering for styreverv i andre føretak i føretaksgruppa eller i felleseigde helseføretak.