INNHOLD
Personar med ruslidingar
Samarbeidsavtale mellom (…) kommune og Vestland tannhelseteneste
INNHOLD
1.0 Generelt om samarbeidsavtalar 3
2.0 Samarbeidsavtale med (…) kommune 3
2.2 Evaluering og kvalitetsindikatorar 3
3.0 Partane sitt ansvar og plikter 5
3.1 Vestland tannhelseteneste 5
4.0 Grunnlag og prinsipp for samarbeidet 7
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen – personalet 14
1.0 Generelt om samarbeidsavtalar
Samarbeidsavtalar med kommunane i Vestland, er med på å fremje tannhelsa i heile befolkninga og sørgje for nødvendig førebygging og behandling. Tannhelsetilbodet skal ha utgangspunkt i den enkelte sine behov, der målet er god tannhelse heile livet. Grunnlaget for god tannhelse skal leggjast gjennom god førebygging og behandling, med fokus på tidleg innsats. Det er viktig å sikre at alle får eit godt tilbod, etter det som til ein kvar tid er gjeldande retningsliner. Tannhelsetilbodet skal vere oppsøkjande og regelbunden og førebyggjande tiltak skal prioriterast før behandling.
2.0 Samarbeidsavtale med (…) kommune
Det overordna målet med avtalen er å fremje god helse, førebyggje tannsjukdom og gje nødvendig tannhelsehjelp til personar med ruslidingar. Samarbeidsavtalen skal sikre at målgruppa får tilpassa og gode tann- og munnhelsetenester, uavhengig av bustad, diagnose og sosial bakgrunn. Samarbeids-avtalen skal bidra til reduksjon av skilnad i helse generelt og tannhelse spesielt for målgruppa.
2.2 Evaluering og kvalitetsindikatorar
Om det er behov for endring/justering av samarbeidsavtalen, kan ein av avtalepartane ta initiativ til eit møte for gjennomgang. Avtalen vil gjelde fram til ny avtale vert utarbeidd og teken i bruk. Samarbeidspartane skal utarbeide kvalitetsindikatorar som grunnlag for evaluering av samarbeidet.
Personar med ruslidingar som
• er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
• tek i mot bestemte kommunale helse- og omsorgstenester
Rett til tannhelsehjelp for pasientar i LAR
Pasientar som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har rett til nødvendig tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta. Nødvendig tannhelsehjelp er gratis når den rusavhengige har vore, eller er meint å skulle vere i LAR i tre månader samanhengande.
Rett til tannhelsehjelp for rusavhengige som tek i mot tenester etter helse- og omsorgstenestelova
Rusavhengige som tek i mot tenester som nemnt i helse- og omsorgstenestelova
§ 3-2 første ledd nr. 6, bokstav b og § 3-6 nr. 1 og 2 har rett til nødvendig tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta. Dette gjeld følgjande tenester:
• personleg assistanse, medrekna praktisk bistand, opplæring og støttekontakt
• pårørandestøtte, i form av avlastningstiltak
Rettleiar for saksbehandling (Helsedirektoratet) inneheld meir informasjon om kva som typisk ligg i dei ulike tenestene.
Når det gjeld pårørandestøtte, vil det vere dei pårørande til den rusavhengige som tek i mot tenester, for eksempel i form av avlastning, på grunn av deira tyngande omsorgsoppgåver ovanfor den rusavhengige.
Nødvendig tannhelsehjelp er gratis når den rusavhengige har teke i mot, eller er meint å skulle ta i mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene, minst ein gong i veka i tre månader eller meir.
Særleg om nødvendig og forsvarleg tannhelsehjelp
Behandlinga som den offentlege tannhelsetenesta gir, skal sikre at pasientane oppnår akseptabel oral helse. Dette inneber at brukaren ikkje har smerte, ubehag eller alvorlege lidingar i munnhola, at brukaren har tilfredsstillande tyggefunksjon og at brukaren kan kommunisere og ha sosial omgang utan problem som skuldast tennene. Tannhelsepersonalet må alltid gjere ei individuell vurdering av kva som er nødvendig og forsvarleg tannbehandling for pasienten, og tilpasse behandlinga deretter.
Sjå meir om nødvendig tannbehandling i rettleiaren God klinisk praksis i tannhelsetjenesten (Helsedirektoratet).
3.0 Partane sitt ansvar og plikter
Generelt
Den offentlege tannhelsetenesta skal etter tannhelsetenestelova §1-3 gje eit
«regelmessig og oppsøkende» tannhelsetilbod til prioriterte grupper. Denne avtalen gjeld for personar med ruslidingar. Førebyggjande tiltak skal prioriterast før behandling.
Spesielt
1. Tannhelsetenesta skal delta i faste samarbeidsmøte med relevante etatar og einingar i kommunen ein gong per år. Tannhelsetenesta er ansvarleg for møteinnkalling og referat.
2. Tannhelsetenesta har ansvar for å gje tilsette i kommunen fagleg støtte, opplæring og rettleiing etter dei til ei kvar tid gjeldande tilrådingane for god oral helse/tannhelse. I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte.
3. Tannhelsetenesta skal gje kontaktperson relevant informasjon om brukarane, for eksempel plan for vidare behandling og oppfølging av utført tannbehandling.
4. Tannhelsetenesta skal gje skriftleg tilbakemelding til aktuell kommunal teneste om det som er relevant etter kvart besøk hos tannhelsetenesta, som for eksempel kva tiltak som er nødvendige for at brukaren kan oppnå og sjølv bidra til å oppretthalde akseptabel oral helse. Tilbakemeldingane frå tannhelsetenesta skal sikre at den kommunale tenesta, i samråd med tannhelsepersonellet, kan bidra til å motivere og hjelpe brukar med eigenomsorg som kosthald og tann- og munnstell.
5. Xxxx xxxxxxxxxxx/-klinikkområde skal utnemne ein kontaktperson som har ansvar for samarbeidet med kommunen.
6. Det skal opprettast journal når brukar har takka ja til gratis tannbehandling.
7. Tannhelsetenesta har prosedyrar for korleis vi handsamar personopplysningar frå kommunen, slik at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar.
8. Tannhelsetenesta skal sikre at brukaren får nødvendig undersøking, diagnostikk og tannbehandling i tråd med «Veileder for god klinisk praksis i tannhelsetjenesten» (IS-1589, Helsedirektoratet).
9. Tannhelsetenesta skal leggje til rette for at nødvendig tannbehandling skal utførast til tider som passar brukaren, og på ein måte som gjer det enklast mogleg for både pasient/brukar og institusjon å nytte tilbodet.
Generelt
Kommunen skal, etter helse- og omsorgstenestelova, samarbeide med fylkeskommunen på ein slik måte at helse- og omsorgstenesta fungerer som ei eining. Kommunen skal samarbeide med andre tenesteytarar (her: tannhelsetenesta) om individuell plan/pleieplan for å bidra til eit heilskapleg tilbod for den einskilde.
Spesielt – rustenesta
1. Rusomsorga med relevante samarbeidspartar skal delta i faste og årlege samarbeidsmøte med tilhøyrande tannklinikk.
2. I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte slik at omsorgspersonell har nødvendig kunnskap til å ivareta den enkelte brukar si orale helse. Kommunen skal sikre at munn- og tannstell inngår i kommunen sin opplæringsplan og i brukaren sin individuelle plan/pleieplan.
3. Kvar institusjon/helseteneste/avdeling utnemner ein kontaktperson som har ansvar for samarbeidet med den lokale tannklinikken.
4. Kommunen skal sikre at alle brukarar, som etter loven har rett til gratis tannhelseteneste hos tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune, får informasjon om tilbodet.
5. Kommunen må sikre at brukaren har årleg stadfesting og samtykkeerklæring som gir rett til gratis tannbehandling.
6. Der brukaren har utfordringar med å møte på tannklinikken, bør ein samarbeide om å finne gode løysingar.
7. Der brukar med rusmiddelavhengigheit har barn, bør desse barna tilvisast tannhelsetenesta då dei kan ha høg kariesrisiko. Brukar bør også få tilbod om hjelp til å ta vare på tannhelsa til barnet. Sjå meir i Nasjonal faglig retningslinje for tannhelsetjenester til barn og unge 0-20 år (Helsedirektoratet).
4.0 Grunnlag og prinsipp for samarbeidet
• Brukaren sitt behov skal vere styrande for samarbeidet.
• Samarbeidet mellom kommunen og Vestland fylkeskommune skal sikre at brukaren får god informasjon, samtykker til behandlinga og at han/ho vert teken med på avgjerd som har noko å seie for eiga helse.
• Samarbeidet skal sikre at brukaren kan oppretthalde ei god oral helse. Dette inneber at brukaren:
o ikkje har smerte, ubehag eller alvorlege lidingar i munnhola
o har tilfredsstillande tyggefunksjon
o kan kommunisere og ha sosial omgang utan problem der dette skuldast munn- og tannhelsa.
• I møte med personar med ruslidingar, skal alle behandlast rettferdig og med respekt.
• Førebyggjande tiltak prioriterast før behandling og det er eit mål at den enkelte, i størst mogleg grad, skal vere i stand til å ta vare på si eiga tannhelse.
• Samhandlinga mellom Vestland fylkeskommune og kommunen er prega av ønskje om kontinuerleg forbetring av tannhelsetilbodet til målgruppa.
• Samarbeidet er forankra i toppleiinga i Vestland fylkeskommune og kommunen. Alle som jobbar med målgruppa for avtalen er kjend med den.
• Vestland fylkeskommune og kommunen arbeider kunnskapsbasert og har fokus på å identifisere positive og negative faktorar som verkar på tannhelsa.
• Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid sikrar at vi når alle som treng tannhelsetenester.
• Kommunen og Vestland fylkeskommune skal setje av tid til å møtast og dele erfaringar og idear. Det skal vere låg terskel for partane til å ta kontakt med kvarandre.
• Xxxxxxxxxxxxxxxx i Vestland fylkeskommune bør delta i arbeidet med individuelle planar/pleieplanar der dette er aktuelt.
Avtalen må reviderast ved endring i lovverk, organisering og anna som er avgjerande for samarbeidet. Avtalen blir automatisk forlenga med eitt år om gongen med mindre anna er skriftleg avtalt. Avtalen gjeld fram til ny avtale vert utarbeidd og teken i bruk.
(…) kommune – (gjeldande etat) | Vestland fylkeskommune – tannhelsetenesta | ||
dato | underskrift etatsdirektør | dato | underskrift områdeleiar |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
Om det er nødvendig med endringar eller tilpassingar i avtalen, skal det noterast her med dato og signatur frå begge partar:
1. Kvalitetsindikator
2. Samtykkeerklæring
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen - personalet
4. Personvern
For å kunne følgje med på om samarbeidet bidrar til betre tannhelse til målgruppa, skal følgjande indikatorar nyttast:
Indikator | 2020 | 2021 | 2022 | 0000 | 0000 | 0000 |
Dekningsgrad (tal pers. i mål- gruppa/tal pers. behandla) | ||||||
Personar innkalla som ikkje møter | ||||||
Tilbakemelding frå tannhelse- tenesta | ||||||
Talet på tenner med karies- erfaring (DMFT) |
Namn: Adresse: Fødselsdato:
Telefonnr.: Ønskjer SMS-varsling: _________
For brukar:
Du/verje har fått informasjon om at du har rett på gratis nødvendig tannbehandling hos den offentlege tannhelsetenesta.
Kryss av:
🞏 Eg takkar ja til tilbod om gratis tannbehandling.
Eg samtykkjer i at tannhelsetenesta og rustenesta kan utveksle informasjon om min helsetilstand og eventuelt medisinbruk som har innverknad på tannhelsa og tannbehandling.
🞏 Eg takkar nei til tilbod om gratis tannbehandling.
Om du ikkje ønskjer tilbod om tannbehandling no, men vil ta i mot tilbodet ved eit seinare høve, vil du ikkje miste retten til tannbehandling. Du må då skrive under på ny samtykkeerklæring. Om du ønskjer å trekke samtykke til tilbod om tannbehandling, må gjeldande kommune informerast.
Dato: Underskrift:
Vestland fylkeskommune behandlar personopplysningane dine etter personopplysningsloven § 1-3 og personvernforordninga sin artikkel 6 nr. 1, bokstav e og artikkel 9 nr. 2, bokstav h. Vi behandlar personopplysningane dine som er nødvendig for å utføre våre lovpålagte oppgåver. På våre internettsider finn du informasjon om vår behandling av personopplysningane (Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune sin personvernerklæring).
Dersom brukaren takkar ja, ber vi om at personalet fyller ut og stadfestar:
Tenesteområde/avdeling: ________________________
Kontaktperson: __________________________________
Telefonnr. til tenesteområde: _______________________
Kva gruppe har brukaren rettar etter (hak av i korrekt boks):
🞏 Personar som på grunn av rusmiddelavhengigheit tek i mot tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6, bokstav b:
o Personleg assistanse, medrekna praktisk bistand og opplæring og støttekontakt
🞏 Personar som på grunn av rusmiddelavhengigheit tek i mot tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr.1 og 2:
o Pårørandestøtte, i form av avlastningstiltak
🞏 Personar som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Oppdatert medisinliste ligg vedlagt ved innsending av samtykkeerklæring:
🞏 Ja
🞏 Nei, fordi
Tenestene har vart i meir enn tre månadar:
🞏 Ja
🞏 Nei, men tenestene er forventa å vare i meir enn tre månadar
Brukar får gratis naudsynt tannbehandling på offentleg tannklinikk når samtykkeerklæring av året er levert til tannklinikken. Dersom brukar ikkje møter til avtalt time hos tannhelsetenesta sender tannhelsetenesta tilbakemelding om dette til rustenesta. Tannhelsetenesta sender først ny time til brukar når nytt samtykkeerklæringsskjema er tatt i mot.
(elektronisk utgåve: xxx.xxxx.xx/xxxxxxxxx)
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen
– personalet
Kompetanseoverføring: Det er eit aukande behov for kompetanse på tannhelsefeltet.
Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggande arbeid innan tannhelse, og skal difor ha fokus på rettleiing og undervisning om tannhelse til pleie- og omsorgspersonell og til andre som yter tenester til personar med ulike behov.
Tannhelsetenesta har ansvar for å gje tilsette i kommunen fagleg støtte, opplæring og rettleiing etter dei til ei kvar tid gjeldande tilrådingane for god oral helse/tannhelse.
I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte slik at omsorgspersonell har nødvendig kunnskap til å ivareta den enkelte brukar si orale helse. Kommunen skal sikre at munn- og tannstell inngår i kommunen sin opplæringsplan og i brukaren sin individuelle plan/pleieplan.
Ønskjer de undervisning i år: JA NEI
Dersom JA:
Korleis ønskjer de at undervisninga skal gjennomførast (samla/avdelingsvis osv.) og kven er ansvarleg?
Ønska tidspunkt for undervisning:
Dersom NEI:
Kvifor:
Dato:
Underskrift:
Dette er eit ledd i kvalitetssikring og dokumentasjon, jf. samarbeidsavtalen sitt punkt
3.0 – Partane sitt ansvar og plikter.
Vestland fylkeskommune samlar inn personopplysningar som er nødvendige for å utføre våre lovpålagte tenester. Dei innsamla data om deg er trygge hos oss. Har du spørsmål om vår behandling av dine personopplysningar, kan du kontakte oss på xxx.xxxx.xx eller på tlf.: 05557.
xxxxxxxxxxxxx.xx