Styringsdokument for
Styringsdokument for
beredskap 2023
Vedteke av kommunestyret 14.02.23
1 Innhold
Vedteke av kommunestyret 14.02.23 0
3 Beredskapsplanverk 3
3.1 Beredskapsplanverk og avtalar 3
4.1 Opplæring for politisk leiing 6
4.2 Opplæring for administrasjonen 6
7 Årshjul for beredskapsarbeidet 7
8 Funn heilskapleg ROS-analyse 8
8.1 Langsiktige mål for å redusere risiko 8
8.2 Strategiar for å nå måla med beredskapsarbeidet 8
Dette dokumentet gir ein oversikt over det planverket Surnadal kommune har for å fylle lovkrava om kommunal beredskapsplikt. Dokumentet skal ha ei koordinerande rolle for det heilskaplege beredskapsarbeidet kommunen har plikt til å planlegg for og å gjennomføre. Dokumentet skal forankrast i kommunestyret.
Surnadal kommune skal med grunnlag i forskrift om kommunal beredskapsplikt ivareta i innbyggarane sin sikkerheit og tryggleik. Med grunnlag i heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse skal kommunen utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleik og beredskapsarbeid.
• Lova om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven). Trådde i kraft 1. januar 2010
• Forskrift om kommunal beredskapsplikt, gjort gjeldande frå 7. oktober 2011, heretter kalla «forskrifta».
3 Beredskapsplanverk
Det er eit krav i forskrifta sin §4 1. ledd at kommunen sin overordna beredskapsplan (les=planverket) skal samordne og integrere alle beredskapsplanar i kommunen. (Då styringsdokumentet er ein integrert del av beredskapsplanverket kan denne oversikten med fordel flyttast hit).
3.1Beredskapsplanverk og avtalar
Oversikt over kommunen sitt gjeldande beredskapsplanverk:
Nr. | Dokument | Sist revidert | Saksnr. public | Ansvarleg |
1 | Styringsdokument | 2023 | 20/01049 | Beredskapskoordinator |
2 | Plan for risiko og sårbarheitsanalyse | 2023 | 23/00160 | Beredskapskoordinator |
3 | Overordna beredskapsplan | 2023 | 20/01049 | Beredskapskoordinator |
4 | Varslingsliste | 2023 | 23/00188 | Beredskapskoordinator |
5 | Plan for helse- og sosialmessig beredskap | 21/01094 | Kommunalsjef helse- og omsorg | |
6 | Smittevernplan | 2022 | 20/00456 | Kommuneoverlegen |
7 | Plan for sikkerheit og beredskap i vassforsyninga | Einingsleiar teknisk drift | ||
8 | Beredskapsplan mot akutt forureining | Brannsjefen | ||
9 | Beredskapsplan for skogbrannvernet | 19/00727 | Brannsjefen | |
10 | Beredskapsplan for oppvekst | 2020 | 20/00847 | Kommunalsjef oppvekst |
11 | Brannberedskap Bøfjorden | 2021 | 21/00874 | Brannsjefen |
Samarbeid- og beredskapsavtalar
Nr. | Dokument | Ansvarleg | ||
1 | Retningsliner for psykososialt kriseteam | Psykiatrisk sjukepleiar | ||
2 | Samarbeidsavtale med Surnadal Røde Kors | Beredskapskoordinator | ||
3 | Samarbeidsavtale om beredskap mellom Surnadal kommune og sanitetsforeningane i Todalen og Surnadal | 22/00787 | Beredskapskoordinator | |
4 | Beredskapsavtale med Thon Hotel Vårsøg | 20/00874 | Beredskapskoordinator | |
5 | Gjensidig bistandsavtale mellom brann- og redningsvesen i Heim, Rindal og Surnadal | 19/00815 | Brannsjefen | |
6 | Avtale om beredskap for Trollheim kraftverk – Surnadal og Rindal brannvesen | 20/00874 | Brannsjefen |
Andre offentlege eller private kriseplanar
Beredskapsdokument | Saksbehandlar |
Styringsdokument | Statens vegvesen |
Samarbeid om beredskap mot akutt forureining på Nordmøre, vedtekter og operativ delplan | Nordmøre IAU (NIUA) |
Det er forskjellige lovkrav til oppdatering av beredskapsplanverket, og desse er heimla i fleire lover. For at kommune skal kunne sjekke ut at ein stettar lovkrava er det viktig å ha ein skjematisk oversikt kva som gjeld, og korleis dette påverkar heilskapen. Dette er viktig då det ikkje er vilkårleg kva rekkefølgje dei forskjellige planane vert revidert/oppdatert. T.d. skal beredskapsplanverket oppdaterast kvart år, med heilskapleg ROS-analyse skal oppdaterast kvart 4. år. Det siste gjeld også for kommunal planstrategi, medan det for kommuneplanen sin samfunnsdel ikkje er sikt krav. Det er likevel slik at for at kommunen skal kunne stette krava i forskrifta sin § 3, om å utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet, må/bør ROS-analysen stå først i køen for revisjon etter kommunevalet. Utan ein prioritert handlingsplan utarbeidd på bakgrunn av funna i ROS-analysen vil det vere vanskelegare for kommunen å stette forskriftskravet i §3. Det er ikkje eit lovkrav at dette skal gå fram i kommuneplanen sin samfunnsdel, men det er naturleg då alle andre mål og strategiar for drifta også er beskrive der. Sjå elles pkt. 8 lenger ned.
Kriseleiinga i Surnadal kommune er kommunen sitt operative styringsorgan for å handtere samfunnsmessige alvorlege og uforutsette hendingar som større ulykker, skred, sterk vind, flaum m.m.
Kriseleiinga er samansett av:
• Ordførar
• Varaordførar
• Kommunedirektør
• Assisterande kommunedirektør
• Kommunalsjef oppvekst
• Kommunalsjef næring
• Kommuneoverlege
• Beredskapskoordinator
• Informasjons- og CIM ansvarleg
• Stasjonssjefen på Surnadal politistasjon
Kriseleiinga kan nytte inntil kr. 1 000.000,- utan særskild løyving i budsjettet til rednings- og skadereduserande tiltak i ein akuttsituasjon. Denne fullmakta er gitt ved kommunestyrevedtak den 24.06.1999 med heimel i kommunelova § 13.
• Personalsjef
• Konsulent/ ekspedisjon
• Digitaliseringsansvarleg
• It-konsulent
Kommunen skal gjennomføre opplæring for personar/funksjonar som har ei rolle i kommunen sin kriseorganisasjon.
4.1Opplæring for politisk leiing
Kommunen skal snarast råd etter starten av ny kommunestyreperiode legge til rette for relevant opplæring av folkevalde som har ei rolle i kriseorganisasjonen. Dette kan vere kurs arrangert av NUSB, KLP eller andre aktørar.
4.2Opplæring for administrasjonen
Ved nytilsetjingar eller med endring i roller og ansvar skal kommunen utan opphald tilby relevant opplæring for personar som har oppgåver knytt til kommunen sin kriseorganisasjon.
Øving av kommunen sin kriseorganisasjon skal gjennomførast minimum kvart 2. år, jf. forskrifta sin §7, og skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for raskt å etablere operativ kriseleiing når situasjonen krev det, her under:
• Identifisere og vurdere utfordringar knytt til leiarskap og prioritering
• Identifisere og vurdere utfordringar knytt til informasjonsberedskap
• Teste og vurdere betydinga av god eigenberedskap
• Teste og vurdere merksemd og kunnskap rundt involverte aktørar sitt ansvar og roller i ekstraordinære situasjonar.
Øving kan gjennomførast med deltaking i Statsforvaltaren sine årlege Fårikåløvingar, saman med andre eksterne og interne aktørar. Tidsplan for øvingar skal førast inn i årshjulet, jfr. pkt 7 nedanfor. Der det er naturleg skal ein heile eller delar av kriseorganisasjonen ta del i brannvesenet sine øvingar.
Med heimel i forskrifta sin §8 skal kommunen etter øvingar og uønskte hendingar evaluere krisehandteringa. Der evalueringa gir grunnlag for det skal det gjerast naudsynte endringar i heilskapleg ROS-analyse. Evalueringa skal vere skriftleg og gjerast snarast muleg etter at hending er over, og loggførast på hendinga i krisestøtteverktøyet CIM. Ved øvingar kan evalueringa gjennomførast som ein avsluttande del av øvinga. Mal for evaluering er tilgjengeleg i CIM.
Kommunedirektøren er ansvarleg for å legge praktisk til rette for forsvarleg gjennomføring av evaluering, og leiaren i kriseleiinga skal sjå til at den blir gjennomført.
7 Årshjul for beredskapsarbeidet
Årshjulet for beredskapsarbeidet skal vere til hjelp for kommunen å arbeide inn planlagde aktivitetar inn anna overordna handlingsplanar, på ein systematisk måte. Riktig bruk av årshjulet vil kunne gjere det meir oversiktleg og lettare å planlegge aktivitetane, og vil vere eit fint verktøy for å sette kommunen i stand til å stette krava til kommunal bereskapsplikt.
(Dette er eit døme, og såleis ikkje uttømmande for kvar den bør omfatte)
Tiltak | Tidspunkt | Ansvar |
Oppdatering heilheitleg ROS | Beredskapskoordinator | |
Gjennomgang og revisjon av beredskapsplanverk | Januar | Beredskapskoordinator |
Rullering/revisjon heilheitleg ROS | Innan 3 månader etter kommuneval | Beredskapskoordinator |
Langsiktige mål, strategiar , prioriteringar basert på funn i H-ROS | Rullering samfunnsdelen og økonomiplan | Beredskapskoordinator |
Opplæring ved nytilsettingar | Heile året ved nytilsettingar/ valg | Beredskapskoordinator |
Test av satelittelefonar | Mars | Brannsjefen |
Møte i beredskapsrådet | Mars/ april | Beredskapskoordinator |
Fagsamling om beredskap | Mai/juni | |
Øving Fårikål | Oktober/november | Statsforvaltaren |
Kommunestyret skal kvart 4. år få ein gjennomgang av beredskapsplanverket som ein del av politikaropplæringa.
Varslingslister og øvrig kontaktinformasjon skal haldast løpande a jour.
8 Funn heilskapleg ROS-analyse
Gjennomgang av ROS-analysen viser at vår kommune har størst risiko innan desse områda:
• Storulykke med fleire skadde
• Utfall i mobilnettet
• Digitalt angrep mot e-kom-infrastruktur
• Flom i elver og bekker
• Ekstremvær - skred
• Storbrann
• Atomhending
• Pandemi
• Skogbrann som trugar bygningar og anlegg
• Pågåande livstruande vald (PLIVO)
8.1Langsiktige mål for å redusere risiko
For å møte utfordringane med avdekt risiko skal vi estimere kostnadar ved naudsynte tiltak for å redusere, eller eliminere, risiko vi ikkje kan akseptere. Prioritering av tiltaka vil bli gjort i handlingsdelen i økonomiplanen.
8.2Strategiar for å nå måla med beredskapsarbeidet
Vår strategi for å nå våre mål for bereskapsarbeidet er at vi sett desse måla årleg i arbeidet med budsjett og økonomiplan.
Våre langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap, slik det kjem fram i dette dokumentet, skal arbeidast inn økonomiplanen.