NOTAT : FINANSIERING_SKIANLEGG SOGN SKISENTER
NOTAT : FINANSIERING_SKIANLEGG SOGN SKISENTER
DATO: 11.12.2023
Byggherre - Prosjektansvarleg: Avtale mellom Hafslo idrettslag og Sogn skisenter AS Byggherre: Fører rekneskap og står for utbetaling av faktura for skianlegget.
• Sogn Skisenter er byggherre for heilårs hoppbakke K5 og friskianlegg
• Hafslo idrettslag byggherre for heilårs hoppbakke K10 og K20
Prosjektansvarleg: Hafslo idrettslag (for alle 4 delanlegga):
Står for realisering (bygging) av skianlegget, dvs ansvarleg for finansiering og all prosjektgjennomføring med prosjektadministrasjon, prosjektering, søknadar osv
For hoppanlegget utgjer ein svært liten kostnad og med heilårsanlegg ser ein mindre (og lite behov) for «Vatn og snøproduksjonsanlegg» til hoppanlegget. I alle fall kan snøproduksjon ha låg prioritet til hoppanlegget (i høve det komersielle alpinanlegget) fram til det er tilgjengeleg vatn og ledig kapasitet til snøpruksjon. Såleis er finansiering av snøproduksjonsanlegg i hoppanlegget eit bidrag til å skaffe meir vatn til snøproduksjon for resten av skisenteret. Prinsipielt er det Sogn skisenter som skal både bygge og finansiera snøproduksjonsanlegg (som fasilitet) for alle skianlegga (dvs. tilsvarande for alpin-
/friskianlegg, og langrennsløyper).
Sogn skisenter AS er MVA-registrert og får MVA-refusjon for alle nye skianlegg inklusiv og snøproduksjonsanlegget (som fasilitet) på linje med resten av kommersielle drifta av skianlegget ved skisenteret, jamfør stadfesting frå kommunen (kultursjefen) 13.01.2022. Dette er vesentleg for finansieringa, fordi skisenteret får refundert MVA løpande andre kvar månad tilbake til anleggskontoen. Idrettslag må finansiera MVA med eigenkapital eller lån i byggetida og kan søkja om refusjon når det føreligg revidert (godkjent) anleggsrekneskap for ferdig anlegg. Idrettslaget har ikkje garanti for å få refundert 100 % MVA, fordi det er årleg budsjett som bestemmer refusjonsprosenten. Nokre har refusjon vore på om lag 80 % av total MVA.
Friskianlegget er spelt inn til ny kommunedelplan for idrett- og friluftsplan, men er ikkje prioritert i handlingsplan 2024-2027 ute til høyring. Notat om spelemiddelsøknad og finansiering av denne utarbeidast når ein veit når dette er aktuelt.
Kalkylegrunnlag for spelemiddelgodkjenning og finansiering
Utgangspunkt for kalkyle er innhenta frå:
• For heilårsanlegget K5-K10-K20 har anleggsrådgivar i skiforbundet utarbeid kalkyle basert på mange anlegg bygt siste åra.
• For resten av skianlegga er dette henta frå entreprenørprisar i samband med bygging av «vinterbakke K10-K19» og «Sprint- og rulleskiløypa».
Med unntak av vinterbakken K10-K19 under bygging (nesten ferdig i 2023) så vert det for resten av anleggsutbygginga lagt inn 8 % tillegg for «Annan uforutsett kostnad» i kalkyle for nye søknadar.
For spelemiddelsøknad skal kalkylen inkludere mva (og i finansieringsplanen).
Kalkyle pr. 1.12.2023:
1. Hoppbakke K5-heilårsanlegg: | 600.000 |
2. Hoppbakke K10-heilårsanlegg: | 1.602.000 |
3. Hoppbakke K20-heilårsanlegg med lys: | 2.670.000 |
Sum ekslusiv snøproduksjon: | 4.872.000 |
Snøproduksjon: (Hoppbakke K20 med snøpr. 5.670.000) | 3.000.000 |
4. SUM HOPPANLEGG (med snø): | 7.872.000 |
Finansiering:
K5-bakken kan finansierast som nærmiljøanlegg med 50 % tilskot frå fylkeskommunen (FK). Dei andre anlegga må finansierast som «ordinært anlegg» med 33,33 % spelemiddeltilskot.
Kommunen sin del er 1/3-tilskot uavhengig av type anlegg.
Lånetilsagn (Mellomfinansiering *) =
Låneutgifter inntil utbetaling tilskot, sponsorstøtte mm.
Eigenkapital K10-19 (**):
Vinterbakken var i 2021 «finansiert» med eigenkapital frå idrettslaget (Hafslo + Bjørn), i tillegg fekk vinterbakken sponsorstøtte frå banken på 230.000 kr. Utbygginga så langt har medført mindre innkjøp og meir dugnad enn kalkulert, spesielt for K19-bakken. Difor er dugnadsprosenten auka i ny kalkyle i høve til kalkyle i 2018.
1. Heilårs hoppbakke K5 (nærmiljøanlegg)
• Spelemiddel: 300.000
• Luster kommune: .000
• Dugnad: 80.000
• Eigenkapital (idrettslag *): 40.000
• Lånetilsagn (Mellomfinansiering *): 180.000 (130.000 +50.000* )
• SUM K5-HOPPANLEGG: 600.000
2. Heilårs hoppbakke K10 (ordinært anlegg):
• Spelemiddel: 534.000
• Luster kommune: 534.000
• Dugnad: 203.875
• Eigenkapital: 200.000
• Lånetilsagn (Mellomfinansiering*): 130.125
• SUM K10-HOPPANLEGG: 1.602.000
3. Heilårs hoppbakke K20 (ordinært anlegg), inklusiv lys og snøproduksjon:
• Spelemiddel: 1.890.000
• Luster kommune: 1.890.000
• Dugnad 1: 269.750
• Dugnad 2: 194.000
(Sum dugnad HIL: 463.750)
• Eigenkapital (hopp): 320.000 *
• Eigenkapital (Snø): 105.000 *
• Lånetilsagn (Mellomfinansiering(*): 101.250 (375.000 +580.000)*
• Manglande finansiering: SNØ 900.000
• SUM K20-HOPPANLEGG: 5.670.000
3. Oppsummering hoppanlegg og snøproduksjonsanlegg :
• Spelemiddel: 2.724.000
• Luster kommune: 2.424.000
• Dugnad (idrettslaget): 727.625 (inklusiv snøproduksjon)
• Eigenkapital 560.000
• Lånetilsagn (Mellomfinansiering*): 431.375 (hoppanlegget)
• Eigenkapital (SNØ)* 105.000 (snøproduksjon)
• Manglande finansiering: 900.000 (snøproduksjon)
• SUM ANLEGG: 7.872.000
• Hafslo idrettslag har på anleggskonto for K45 (+ andre kontoar) til disposisjon for mellombels finansiering til hoppanlegget K5-K10-K20-anlegget.
Hafslo, 11.12.2023
Xxx Xxx Xxxxxxx
-prosjekt- og byggeleiar for idrettslaget- -
Vedlegg:
• Kostnadsoverslag anlegg 81677 (K5)
• Kostnadsoverslag anlegg 17419 (K10)
• Kostnadsoverslag anlegg 17420 (K20) med lysanlegg og snøproduksjon
• Finansieringsplan (exel-ark), datert 01.12.2023