Elevforsikring
Elevforsikring
Møre og Romsdal fylkeskommune har teikna ulykkesforsikring for elevar i vidaregåande skole.
Kven er omfatta av forsikringsavtalen?
Avtalen omfattar elevar i fylkeskommunale vidaregåande skolar. Lærlingar og lærekandidatar er også omfatta av forsikringa.
Når gjeld forsikringsavtalen?
Utdrag av forsikringsvilkåra:
a) innenfor skolens område og naturlige nærområde under ordinær skoletid
b) under deltakelse i undervisning, leker, idrettsutøving, ekskursjoner, stevner, reiser m.m som foregår under skolens ledelse, herunder Operasjon Dagsverk.
c) under xxxxxx/arrangementer for øvrig som har karakter av klassetur o.l og hvor lærer deltar.
d) på direkte vei til og fra skolen/barnehagen og hjemmet
e) under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som en del av undervisningen. Forsikringen gjelder da skader som inntreffer i ordinær arbeidstid og dessuten på direkte vei mellom hjemmet og arbeidsstedet.
Forsikringa gjeld ikkje i fritida.
Kva er omfatta av forsikringsavtalen?
Erstatning ved død (1G)
Erstatning ved livsvarig medisinsk invaliditet (inntil 5G)
Behandlingsutgifter (blir betalt i inntil 3 år etter skadedagen, avgrensa til inntil 1G) G=folketrygdas grunnbeløp.
Forsikringa omfattar ikkje utgifter til behandling ved private sjukehus e.l.
Eigenandel
For behandlingsutgifter blir det trekt eigenandel på 0,010 av G
Reiseforsikring
Møre og Romsdal fylkeskommune har nå tegnet en reiseforsikring som gjeld for for elevar som skal på reise i regi av skolen.
Yrkeskadeforsikring Folketrygdlova
Elevar i vidaregåande skole er automatisk yrkesskadeforsikra etter folketrygdlova.
Lov om yrkesskadeforsikring
Lova pålegg arbeidsgivar å teikne forsikring til dekning av yrkesskade og yrkessjukdom som arbeidstakar blir påført.
Lærlingar og lærekandidatar er arbeidstakarar etter denne lova. Lærebedrifta skal difor ha yrkesskadeforsikring. Det same gjeld elevar som har praksis i bedrift . Arbeid i samband med Operasjon Dagsverk fell utanfor.
Når skolen inngår avtale om praksisplass for elevar, skal skolen kontrollere at bedrifta har yrkesskadeforsikring som dekker eleven.
Elevar har ofte praksisplass i små bedrifter/enkeltmannsforetak som ikkje har yrkesskadeforsikring eller som må utvide si forsikringsavtale for å kunne ta imot eleven.
I tilfelle der eit enkeltmannsforetak ikkje sjølv ønskjer å teikne forsikring, er det mogleg å teikne forsikring i KLP. Skolen betaler forsikringspremien. Dersom ei bedrift må utvide si forsikring for å kunne ta imot eleven, kan skolen betale ekstrapremien ved utvidinga. Bruk skjema for yrkesskadeforsikring i høgremenyen.
Yrkesskadeforsikringa gjeld i tillegg til ulykkesforsikringa.
Arbeidspraksis i utlandet
Elevar som har yrkespraksis i utlandet eller lærlingar som har ein del av læretida utanlands, vil vere omfatta av fylkeskommunens ulykkesforsikring, men vil ikkje vere dekt av yrkesskadeforsikringslova da denne lova gjeld arbeidsgivarar på norsk territorium.
Møre og Romsdal fylkeskommune har en avtale med KLP med høge forsikringssummar som dekker skader som skjer på arbeidsplassen. KLP ønsker at når det er aktuelt med slike utplasseringer at vi tar kontakt med KLP. Dette gjøres via forsikringsansvarlig i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Rutinar for å melde skade
Skade etter elevulykke skal meldast til NAV på fastsett skjema.
Ved hode- -eller nakkeskade eller anna skade som medfører sjukemelding, skal skaden også meldast til KLP på fastsett skjema.
Skolen skal arkivere ein kopi av skademeldinga.
Kontaktinformasjon Lokalt:
Ta kontakt med skolen. Det er ein forsikringskontakt på kvar skole, sjå kontaktinformasjon til skolane under Utdanning, Vidaregåande skolar.
Sentraladministrasjonen:
Xxxxxxxx Xxxxx Xxxxxxx, tlf 00 00 00 00, e-post: xxxxx.xxxxxxx@xxxxxxx.xx
Forsikringsansvarlig:
Xxxxxxxx Xxxxx Xxxxxx,tlf 00 00 00 00, epost: xxxxx.xxxxxx@xxxxxxx.xx