Kva skattemessige konsekvensar medfører valet av føretaksform?Enkeltpersonføretak og aksjeselskap avKandidatnummer: 5 Namn: Jan Erik Vallestad Which taxual consequences does the choice of company type lead to?Sole proprietorships & limited companies...
Kva skattemessige konsekvensar medfører valet av føretaksform? Enkeltpersonføretak og aksjeselskap |
av Kandidatnummer: 5 Namn: Xxx Xxxx Xxxxxxxxx |
Which taxual consequences does the choice of company type lead to? Sole proprietorships & limited companies |
Økonomi og administrasjon BO6-2001 Mai 2015 |
Avtale om elektronisk publisering i Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv (Brage)
Eg gir med dette Høgskulen i Sogn og Fjordane løyve til å publisere oppgåva (Skriv inn tittel) i Brage dersom karakteren A eller B er oppnådd.
Eg garanterer at eg har opphav til oppgåva, saman med eventuelle medforfattarar. Opphavsrettsleg beskytta materiale er nytta med skriftleg løyve.
Eg garanterer at oppgåva ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett.
Ved gruppeinnlevering må alle i gruppa samtykke i avtalen.
Fyll inn kandidatnummer og namn og set kryss:
Kandidatnummer: 5 Namn: Xxx Xxxx Xxxxxxxxx
2
JA X NEI
Føreord
Denne oppgåva er skriven som ei avslutning på mi bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Oppgåva tilsvarar 15 studiepoeng, og arbeidet med den har føregått over vårsemesteret 2015.
Fordjupinga mi i studiet er rekneskap, og oppgåva måtte difor vinklast inn mot eit tema som er relevant innan dette fagområdet. Eg ynskte å skrive ei oppgåve som er aktuell i dagens samfunn, og valet fall på skatterett. Dette sidan eg tek sikte på å kunne bli autorisert rekneskapsførar i framtida. Dette grunna interesse for faget og moglegheita for å tileigne seg meir tyngde innanfor feltet, som eg trur vil kome godt med i arbeidslivet.
Prosessen med å skrive og forme oppgåva har vore lærerik, og er absolutt å sjå på som ei nyttig erfaring. Det å jobbe med ei slik oppgåve åleine, samstundes som eg har halv stilling i arbeid og har delt omsorg for barnet mitt, har bydd på sine utfordringar. Dette har gjort at eg har måtta prioritere litt annleis, og såleis fått litt mindre tid enn eg skulle ynske til å arbeide med oppgåva.
Det har vore periodar der behovet for diskusjon og lange dagar har ført til stopp i framgangen, men likevel er eg nøgd med sluttresultatet og føler at eg har utvikla meg gjennom arbeidet med oppgåva.
Til slutt ynskjer eg å takke Xxxx Xxxxxxx Xxxxx for hjelpa ho har gjeve som rettleiar. Eg vil og få takke min arbeidsgjevar Rekneskapsteneste AS, ved Xxxxxx Xxxxxx Xxxx, for bistand med rekneskapsmateriale, tilgjengelegheit for spørsmål og fleksibilitet i stillingsprosent rundt hektiske periodar med oppgåvearbeid.
Førde 14.05.2014
Xxx Xxxx Xxxxxxxxx
Innhaldsliste
Føreord 1
Innhaldsliste 2
Samandrag 4
Summary 5
1. Innleiing 6
1.1. Problemstilling 6
1.2. Bakgrunn for og utforming av problemstilling 7
1.3. Føremål 7
1.4. Xxxxxxxxxxxx 0
2. Referanseramme 10
2.1. Generelt om enkeltpersonføretak og aksjeselskap 10
2.1.1 Enkeltpersonføretak 10
2.1.2 Aksjeselskap 12
2.2. Introduksjon av dei ulike skattemodellane 13
2.2.1 Føretaksmodellen 13
2.2.2. Fritaksmodellen 16
2.2.3. Aksjonærmodellen 16
2.3. Omdanning av føretaksform 17
2.3.1. Omdanning 17
2.3.2. Skattefri omdanning 18
2.4. Ulikskapar i skattlegginga av enkeltpersonføretak og aksjeselskap 19
2.4.1. Privatuttak, løn og arbeidsgjevaravgift 19
2.4.2. Løn og utbyte i aksjeselskap 20
2.4.3. Revisjonskostnadar 22
2.4.4. Xxxxxxxxxxxx 00
3. Metode 24
3.1 Val av metode… 24
3.1.1 Gjennomføring 25
3.2 Etiske omsyn 25
3.3 Litteratursøk 26
4. Empiri 28
4.1. Utbyte, privatuttak, løn og arbeidsgjevaravgift 29
4.1.1. Enkeltpersonføretak 30
4.1.2. Aksjeselskap 32
4.1.2.1 Løn 32
4.1.2.2. Utbyte 33
4.1.2.3. Kombinasjon av løn og utbyte 35
4.2. Xxxxxxxxxxxx 00
4.2.1. Enkeltpersonføretak 37
4.2.2. Formuesverdi aksjar for aksjonærar 38
5. Konklusjon 39
5.1. Konklusjon for anonymt verksemd 39
5.2. Andre føresetnader for valet 40
5.3. Andre faktorar av betyding for val av føretaksform 40
6. Referanseliste 42
Samandrag
I denne oppgåva har eg teke for meg kva skattemessige konsekvensar ein kan vente seg ved val av føretaksform. Eg har sett på dei vanlegaste føretaksformene i Noreg, enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Eg har teke utgangspunkt i ei verkeleg verksemd, og fått bruke reelle rekneskapstal henta frå næringsoppgåva, resultatregnskapet og balansen. Dette har gjort problemstillinga meir interessant, og har sørga for eit mest mogleg realistisk grunnlag for å belyse dei ulike emna.
På bakgrunn av dette har eg formulert tre forskingsspørsmål til dette emnet: Kva skattemessige skilnader er det mellom enkeltpersonføretak og aksjeselskap, kva føretaksform eignar seg best for verksemda som eg har utgangspunkt i, og korleis bør verksemda gå fram ved ei eventuell omorganisering.
Eg har henta inn teori for å skape eit grunnlag som eg byggjer vidare på, og tek i bruk når det kjem til dei skattemessige utrekningane. Den beste løysinga for verksemda eg har sett på blei danna på ut i frå desse utrekningane, saman med det teoretiske grunnlaget som låg bak. Det er likevel viktig å påpeike at konklusjonen som kjem fram her kan endre seg ved blant anna ei endring i drifta av verksemda. Ein konkret konklusjon som vil passe ein kvar situasjon, eller andre typar verksemder, vil såleis nødvendigvis ikkje kunne treffast.
Det som i all hovudsak skil eit enkeltpersonføretak frå eit aksjeselskap, er grunnlaget for skattlegginga. Eit enkeltpersonføretak blir skattlagt etter resultatet, og blir vidare ekstraskattlagt gjennom trygdeavgift og toppskatt. Ein aksjonær i eit aksjeselskap vil derimot ikkje bli ekstraskattlagt før vedkommande tek ut anten utbyte eller løn frå selskapet. Andre emne som eg har belyst i oppgåva er formuesskatt, arbeidsgjevaravgift og omdanning av enkeltpersonføretak til aksjeselskap
Summary
In this paper I have researched which taxual consequences that comes with choosing which type of company to conduct. In this case I have taken a closer look on the two most chosen company types in Norway, sole proprietorships and limited companies. As a non-fictional business has been the base of my research, I have been able to use actual accounts in my calculations. This has made my thesis a lot more interesting and given me the opportunity to illuminate the different topics realistically.
In light of this I have formulated three research questions: What is the fiscal differences between sole proprietorships and limited companies, which type of company is best suited for the business I have gotten access to, and how should the business conduct an eventual reorganization.
I have gathered theory to create a foundation which I then have built on and used in my fiscal calculations. The best solution for the business I have gotten insight into has been base don those calculations, and the theory backing it up. It is however of importance to acknowledge the fact that a change in the operations of the business, might have an effect on this conclusion. A precise conlcusion which will fit any given situation, or any other business for that matter, will therefore not be met.
Essentially what separates a sole proprietorship from a limited company is the basis of the taxation of them. A sole proprietorship will be taxated on the basis of their profit, and then undergo extra taxation through National insurance and surtax. A shareholder however, will not undergo extra taxation until he/she receives salary or a dividend from the company. Other topics I have undertaken in this paper is wealth tax, payroll tax and incorporation.
1. Innleiing
Som økonomistudent er eg interessert i korleis verksemder bør organisere seg og kva val dei bør ta med omsyn til sine målsettingar. Eg har difor forska på eit tema som kjem innunder dette. Eg ynskte å finne ut kva føretaksform som lønner seg med omsyn til skattebehandling. Eg har då fått innsyn i rekneskapen til ei verksemd som driv innan transportnæring, som eg må halde anonym i denne oppgåva.
Dette temaet er svært dagsaktuelt, då det er viktig å vite korleis ulike verksemder bør tilpasse seg skattesystemet. Dette kan vere nyttig og interessant kunnskap å ha innsikt i når ein kjem ut i arbeidslivet, spesielt med omsyn til bedriftsrådgjeving.
1.1 Problemstilling
«Begrepet problemstilling brukes om et spørsmål som blir stilt med et bestemt formål og på en så presis måte at det lar seg belyse gjennom bruk av samfunnsvitenskapelige metoder» (Dalland, 2007. s. 102). Ei problemstilling kan formulerast på ulike måtar, hovudforskjellen mellom eit tema og ei problemstilling er at ein beskriv eit tema medan ein løyser eit problem. Problemstillinga er såleis noko ein kan svare på (Dalland, 2007. s. 102).
Problemstillinga kjem fram av at det er eit «hol» i vår kunnskap, noko vi ynskjer å finne ut meir om og sjå nærare på. Ein tek då utgangspunkt i eit tema og arbeidar seg fram til ei eller fleire problemstillingar, eller spørsmål, som ein ynskjer å belyse (Dalland, 2007. s. 102).
Ei problemstilling skal vere:
Spennande – Ei spennande problemstilling vil lettare la seg «selje» til rettleiar og andre ein treng bistand frå i løpet av oppgåveskrivinga. Samstundes vil ei interessant problemstilling stimulere den som skriv oppgåva til å sjå på arbeidet som meiningsfullt, og gjere dei meir trivielle arbeidsoppgåvene lettare å ta til med (Dalland, 2007. s. 103).
Fruktbar – Det vil seie at oppgåva først og fremst skal vere relevant for utdanninga, samstundes som den bør opne opp for å oppdage noko nytt og såleis bidra til fagleg utvikling (Dalland, 2007. s. 103.
Enkel – Ein kan ikkje gå inn for å løyse mange problem på ein gong, ein må avgrense seg og ikkje prøve å gjere alt samstundes (Dalland, 2007. s. 103).
1.2 Bakgrunn for og utforming av problemstilling
I løpet av studiane i økonomi og administrasjon har eg vore innom mange ulike og interessante fag. Faga som har omhandla finansrekneskap, rekneskap og skatterett har derimot skilt seg ut for meg. Dette i kombinasjon med at eg i starten av mitt tredje studieår tok til med halv stilling hjå eit rekneskapsbyrå gjorde at eg valte å gå inn for å vinkle oppgåva mi mot skatterett og rekneskap, og såleis kunne jobbe mot ein autorisasjon i framtida. Alt i alt vil dette gje meg ei moglegheit til å knyte teori opp imot verkelegheit, samtidig som eg tileignar meg meir kunnskap innanfor fagområdet.
Bransjen er i dag i endring og det vil stadig bli meir fokus på rådgjeving til verksemder, eg ville difor utfordre meg sjølv ved å ta tak i noko som kunne vere relevant også i jobbsamanheng. Valet fall såleis på føretaksformer, og då særskilt valet av føretaksform og dei skattemessige konsekvensane som føl med dette valet. Eg har såleis formulert følgjande tema med underspørsmål i problemstillinga mi:
Kva skattemessige konsekvensar inneber valet av føretaksform?
1. Kvar ligg dei skattemessige ulikskapane mellom enkeltpersonføretak og aksjeselskap?
2. Kva føretaksform passar best for verksemda eg tek utgangspunkt i?
3. I tilfelle ei endring av selskapsform er å føretrekke, korleis bør dette skje?
1.3 Føremål
I all hovudsak ynskjer eg å tileigne meg meir kunnskap innanfor emnet skatterett. Føremålet med oppgåva er å klarlegge den skattemessige behandlinga av ulike føretaksformer, så vel som ulikskapar mellom dei. Samtidig vil eg danne meg eit bilete av kva føretaksform som vil svare seg å velje. Eg søker såleis å oppnå meir kompetanse innanfor eit relevant tema innanfor både studieretninga mi og bransjen eg jobbar i, slik at eg har meir tyngde i møtet med bedrifter som søker rådgiving innanfor dette emnet.
1.4 Avgrensingar
Emnet eg har valt og problemstillingane eg har kome fram til er omfattande, og eg har såleis måtta gjere nokon avgrensingar. Dette for å gjere det mogleg å gjennomføre undersøkinga på ein best mogleg måte.
Som ei avgrensing i denne oppgåva har eg valt å fokusere på dei mest brukte føretaksformene i Noreg, nemleg enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Det er også desse to føretaksformene som er mest vanleg for nystarta selskap. Eg fann det difor mest nyttig og relevant å sjå på desse formene framfor andre aktuelle føretaksformer.
For å vise dette har eg henta tal frå statistisk sentralbyrå (SSB) som viser fordelinga av selskapsform blant alle føretak i Noreg i 2014, samt nystarta føretak i 2014. I 2014 var det totalt 401.694 selskap i Noreg, blant desse var det 200.664 aksjeselskap og 173.717 enkeltpersonføretak, andre føretaksformer var til saman 27.313 føretak. Tabell 1 viser dette i form av omtrentleg prosentdel ut i frå totalen:
Fordelinga blant alle selskap i Noreg i 2013
Andre føretak 8 %
Aksjeselskap
48 %
Enkeltpersonføretak 44 %
Tabell 1:
For å demonstrere fordelinga blant nystarta føretak har eg på tilsvarande vis henta tal frå SSB. Det kjem då fram at det i 2014 var 13.657 nystarta føretak. Av desse var det 5.333 aksjeselskap, 7.779 enkeltpersonføretak og 545 andre føretak. Dette viser og i form av prosentvis del av tabell 2:
Fordeling av nyetablerte selskap i
2014
Andre føretak 4 %
Aksjeselskap 39 %
Enkeltpersonføretak 57 %
Tabell 2:
Ei vidare avgrensing er at eg har valt å sjå på dei skattemessige konsekvensane ved val av anten enkeltpersonføretak eller aksjeselskap. Det er også fleire andre moment som også er av betyding når ein skal gjere dette valet, utover dei skattemessige. Som døme kan eg nemne risiko/ansvar, kostnadar og rekneskapsmessige konsekvensar. Det å skulle identifisere og undersøke alle desse, vil dessutan vere altfor tidkrevjande for ei oppgåve som denne. Ei anna årsak til denne avgrensinga, er at eg har teke utgangspunkt i ei spesifikk verksemd. Det er dermed vanskeleg å danne eit klart bilete av kva føretaksform som vil svare seg i ein kvar situasjon eller for ei kvar type verksemd.
I tillegg så har eg latt vere å gå inn på det som har med pensjon å gjere. Dette til tross for at det er skattemessige ulikskapar rundt dette emnet også. Årsaka til denne avgrensinga er at temaet ville blitt tidkrevjande å sette seg inn i, og såleis kunne det gått ut over resten av oppgåva som heilskap. Samstundes har eg heller ikkje gått inn på den skattemessige behandlinga av privatbil i næring og firmabil, dette viste seg å vere irrelevant for verksemda som eg såg på. Dette ville då ikkje ha noko naturleg plass i mi oppgåve, sidan eg var nøydd å konsentrere meg om dei faktorane som var relevante for verksemda.
2. Referanseramme
I følgjande del av oppgåva vil eg ta for meg litteraturen eg brukar for å belyse mi problemstilling. Først går eg inn på, og greiar ut om, dei to ulike føretaksformene eg har valt å setje meg inn i. Årsaka til dette er at det i denne oppgåva er viktig å ha god innsikt i kva som skil desse to føretaksformene. Sidan det er kritisk å også ha kjennskap til skattebehandlinga i Noreg, går eg og inn på dei ulike skattemodellane og greiar ut desse.
Deretter har eg teke for meg omdanning av føretaksform for å forklare korleis ei eventuell omorganisering kan gå føre seg, samt kva lover og retningslinjer ein har å stille seg etter i slike situasjonar. Til slutt tek eg for meg ulikskapar i skattlegginga av enkeltpersonføretak og aksjeselskap, for å klarlegge korleis dei to føretaksformene må svare skatt og sjå ulikskapar mellom dei.
2.1 Generelt om enkeltpersonføretak og aksjeselskap
I denne delen vil eg presentere teorien om ulike føretaksformer, nærare bestemt enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Teorien tek hovudsakleg føre seg kva som kjenneteiknar dei to føretaksformene, men også meir generelle ting som rekneskaps- og revisorplikt, korleis ein startar opp og korleis verksemda er organisert.
2.1.1 Enkeltpersonføretak
Enkeltpersonføretak er ei føretaksform der det er ein fysisk person som står ansvarlig for ei næringsverksemd. Eigaren har fullt økonomisk ansvar for verksemda si gjeld og forpliktingar, og kan ikkje avgrense dette personlege ansvaret ved å halde delar av formua si utanfor. Som eineeigar kan vedkommande bestemme over verksemda sjølv, innanfor rammene av ufråvikelege arbeidsrettslege reglar og annan næringslovgjevnad. I og med at det økonomiske og driftsmessige ansvaret er samla på ein eigar, er det ikkje særlege behov for interne styringsreglar i eit enkeltpersonføretak (Xxxxxxxxx & Bråthen, 2007. s. 122).
Det finnast inga eiga lov om enkeltpersonføretak, enkelte av selskapsloven sine føresegner gjeld likevel for enkeltpersonføretak som har hatt eit gjennomsnittleg tal tilsette på over 30 personar dei siste tre åra (Xxxxxxxxx & Bråthen, 2007. s. 123), jf. selskapsloven § 1-1 3. ledd. Sett vekk i frå dette så stillast det visse grunnleggande krav til eigaren sin person. Som
hovudregel må eigaren vere myndig og ha rettsleg handleevne, jf. Vergemålsloven § 8 og § 9. For å ha rettsleg handleevne kan det heller ikkje føreligge sinnssjukdom av sjukeleg karakter. Eigaren kan normalt sett heller ikkje vere sett under verjemål, jf. Vergemålsloven §21 og §
22. Vidare så treng ikkje eigaren vere busett i riket, føretaket må derimot ha adresse i Noreg (Xxxxxxxxx, S.F. & Xxxxxxx, T., 2007. s.123). Det er heller ikkje krav til innskot/avsetning av kapital sidan eigaren står personleg ansvarleg (Altinn, 2014).
I enkelte høve kan mindreårige drive næringsverksemd, dersom Fylkesmannen gjev løyve for at verje kan tillate den mindreårige å drive ei bestemt næringsverksemd. Dette gjeld så lenge næringsverksemda føregår i eit enkeltpersonføretak (Altinn, 2014).
Enkeltpersonføretak er ikkje eigne skattesubjekt, eigaren og verksemda vil vere ein og same juridiske person (Stavrum, 2013. Difor vil slike føretak bli likna saman med eigaren personleg. Dette vil seie at nettooverskotet til verksemda er skattepliktig på lik linje med eigarens andre inntekter, samtidig som eit nettotap vil vere frådragsberettiga (Altinn, 2014). Alle enkeltpersonføretak kan registrerast gratis i Enhetsregisteret, og såleis få tildelt organisasjonsnummer. Samtidig har alle enkeltpersonføretak rett til å registrere seg i Foretaksregisteret, denne registreringa er gebyrbelagt. Dersom føretaket driv handel med innkjøpte varer eller har meir enn fem faste tilsette, føreligg det registreringsplikt til Foretaksregisteret (Xxxxxxxxx & Bråthen, 2007. s. 123).
Eit enkeltpersonføretak blir først rekneskapspliktig dersom det i året har hatt eigedelar med ein verdi på over 20 MNOK eller eit gjennomsnittleg tal tilsette høgare enn 20 årsverk, jf. Regnskapsloven § 1-2 første ledd (1). Rekneskapsplikta startar derimot først når nemnde grense er passert to år på rad, jf. Regnskapsloven §1-2 andre ledd. Dersom føretaket er blitt rekneskapspliktig, må ein vere under dei nemnde grensene to år på rad for at plikta opphøyrer att, jf. Regnskapsloven § 1-2 tredje ledd. Dette betyr også at enkeltpersonføretak ikkje har revisjonsplikt, jf. Revisorloven § 2-1 og Regnskapsloven § 1-2.
Det vil likevel vere bokføringsplikt for dei fleste verksemder sjølv om dei ikkje har rekneskapsplikt (Altinn, 2014), jf. Bokføringsloven § 2. Det vil seie at alle inntekter og kostnadar i verksemda skal bokførast og dokumenterast med vedlegg, jf. Bokføringsloven § 4. Enkeltpersonføretak kan verte fritekne frå bokføringsplikta dersom omsetninga i inntektsåret ikkje overstig kr. 50.000 (Stavrum, 2013). Dei vil såleis ikkje føreligge krav om å verken
levere næringsoppgåve eller omsetningsoppgåve, jf. Merverdiavgiftsloven § 2-1.
Enkeltpersonføretak har moglegheita til å omdanne skattefritt til eit aksjeselskap, det stillast derimot ein del krav for å få gjere det. Alternativt kan ein stifte eit aksjeselskap ved sidan av enkeltpersonføretaket, eventuelt legge ned enkeltpersonføretaket for å starte eit nytt aksjeselskap (Stavrum, 2013). Desse tinga vil bli meir omtala under punkt 2.3.
2.1.2 Aksjeselskap
Aksjeloven §1-2 (2) definerar eit aksjeselskap på følgjande måte: «med aksjeselskap forståes ethvert selskap der ingen av deltakerne har personlig ansvar for selskapets forpliktelser, udelt eller for deler som tilsammen utgjør selskapets samlede forpliktelser, dersom ikke annet er fastsatt ved lov».
I eit aksjeselskap har altså ingen av eigarane noko personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane i verksemda har då i utgangspunktet berre moglegheit til å tape det aksjeinnskotet som vedkommande har skutt inn i selskapet. Unntaket er ofte for nystarta aksjeselskap der du som aksjonær kan måtte stille som kausjonist for lån som blir tatt opp. På denne måten får ein eit personleg gjeldsansvar. Sidan eit aksjeselskap blir behandla som ei sjølvstendig juridisk eining kan kreditorane berre gå til selskapet med sine krav. Dette medfører at det er ein del reglar i aksjeloven som avgrensar eigarane sin tilgang til å ta ut pengar av selskapet, og at selskapet må svare skatt av eventuelle overskot (Altinn, 2014).
Når ein startar eit aksjeselskap må det skytast inn eigenkapital tilsvarande eit beløp på minimum Kr. 30.000. Denne beløpsgrensa gjeld uavhengig av om det er fleire aksjonærar, og kan bestå av både kontante innskot og formuesobjekt (Xxxxxxxxx & Bråthen, 2007. s. 133).
Dette gjeld så lenge eigedelane er av behov i verksemda og kan balanseførast i rekneskapen (Altinn, 2014). Dette innskotet må bekreftast av anten revisor eller ein finansinstitusjon før selskapet kan gå vidare å registrere seg i Foretaksregisteret (Altinn, 2014).
Ein kan i stor grad styre verksemda sjølv ved å vere både dagleg leiar og einaste styremedlem. Eventuelt kan ein også vere styremedlem og ikkje ha nokon dagleg leiar (Stavrum, 2013). Det er såleis ingenting som hindrar at ein fysisk person eig alle aksjane i aksjeselskapet. Eigarane kan ta ut pengar i form av aksjeutbyte og/eller løn for arbeidsinnsats, det er derimot strikte reglar for størrelsen på eit aksjeutbyte (Altinn, 2014), jf. Aksjeloven kapittel 8.
Før drifta kan ta til må stiftarane av aksjeselskapet gjennomgå ulike prosedyrar for å sikre at det ligge ein klar avtale for økonomi, ansvar og rettigheiter mellom eigarane. Føretaket blir så stifta ved at stiftarane signerar eit stiftelsesdokument. Dette dokumentet må alle signere, samtundes må det gå fram av dokumentet om føretaket skal ha revisjonsplikt og korleis styret er samansett (Altinn, 2014). Stiftelseskostnadane kan dekkast av aksjeinnskotet, jf.
Aksjeloven § 2-5 (1).
Mindre aksjeselskap har ikkje revisorplikt, dette følgjer av ei lovendring frå 2011 (Finansdepartementet, 2011). I følgje lovendringa kan aksjeselskap med driftsinntekter under 5 MNOK, balanse tilsvarande 20 MNOK eller mindre og eit maksimalt tal tilsette tilsvarande 10 årsverk velje vekk revisorplikta, jf. Aksjeloven § 7-6 (1).
2.2 Introduksjon av dei ulike skattemodellane
I denne delen har eg gått meir i djupna på teorien kring dei ulike skattemodellane, då det er essensielt å ha kjennskap til skattemodellane dei ulike føretaksformene blir behandla etter. Dette for å fullt ut kunne forstå skilnadane mellom aksjeselskap og enkeltpersonføretak, vite kva som må svarast skatt av, kva skattereglar som gjeld og kunne gjere seg føresetnader vidare i oppgåva.
2.2.1 Føretaksmodellen
Det skal bereknast personinntekt for eigar av enkeltpersonføretak dersom føretaket driv verksemd, jf. Skatteloven § 12-10. Denne blir berekna etter føretaksmodellen, som vil seie at ein blir skattlagt etter resultatet og ikkje kor mykje ein tek ut av verksemda. Modellen legg opp til at eigarar av enkeltpersonføretak skal skatteleggast etter ein skjermingsmetode. Det vil seie at overskotet/den alminnelege inntekta blir skattlagt med nettoskatt, samtidig som det førekjem ein bruttoskatt for næringsinntekta som overstig ei risikofri avkastning på kapitalen (Fallan, 2013. s. 346).
Sidan enkeltpersonføretaket ikkje er eit eige skattesubjekt vil personinntekta bli berekna ut i frå ein såkalla kjeldemodell, føremålet til føretaksmodellen med skjermingsmetoden er at risikofri avkastning av den investerte kapitalen i verksemda berre skal skattleggast som alminneleg inntekt. Den delen av inntekta som overstiger den normale avkastninga skal vidare skattleggast som personinntekt (Fallan, 2013, s. 347).
Eigaren av eit enkeltpersonføretak blir skattlagt med 28% nettoskatt på alminneleg inntekt, den næringsinntekta som så overstig skjermingsfrådraget vil bli skattlagt med 11% trygdeavgift og maksimalt 12% toppskatt (Fallan, 2013. s. 347). Dette medfører at sjølvstendig næringsdrivande som blir skattlagt etter føretaksmodellen kan få ein maksimal marginalskattesats på 51%. Dette er meir enn for aksjonærar i selskap som maksimalt kan få 48,16%. Årsaka bak dette kan tenkjast å vere at ekstraskattlegginga etter føretaksmodellen gjev eigaren rett til sjukepengar og opparbeiding av pensjonspoeng, medan aksjonærmodellen ikkje gjev ein slik rett (Fallan, 2013. s. 347).
For å kunne nytte denne metoden må aktivitetsfaktoren oppfyllast. Det vil seie at det må ligge til grunn ei viss varigheit og eit visst omfang for at aktiviteten skal sjåast på som verksemd etter skatteloven. Her skil ikkje føretaksmodellen mellom passive og aktive eigarar, det betyr at sjølve arbeidet kan vere sett vekk til andre og verksemda kan likevel sjåast på som enkeltpersonføretak (Fallan, 2013. s. 348). Dette fordi at det ikkje skal vere eit skilje mellom avkastning av arbeid og avkastning av investert kapital. Andre vilkår er at verksemda må vere egna til å gje overskot, altså ikkje vere ei såkalla hobbyverksemd, og at aktiviteten må drivast for eigars eiga rekning og risiko (Fallan, 2013. s. 349). Når det gjeld utleikeverksemd så går ein ut i frå at det føreligg næringsverksemd dersom ein leiger ut meir enn 500m² til forretningsføremål, eller minimum fem leilegheiter til bustadføremål (Fallan, 2013, s. 348- 349).
Skjermingsfrådraget skal vere lik skjermingsgrunnlaget multiplisert med skjermingsrenta, jf. Skatteloven § 12-12. Skjermingsgrunnlaget skal verdsetjast til gjennomsnittet av inngåande og utgåande skattemessige verdiar, og skal såleis gje uttrykk for totalkapitalen slik den går fram av eigedelssida av balansen (Fallan, 2013. s. 348-349). I korte trekk omfattar den dei eigedelane som blir brukt i sjølve næringsverksemda, altså totalkapitalen med fråtrekk for finanspostar og eigedelar av privat karakter, samt frådrag for driftsmidlar nytta til velferdsformål og gjeld til finansinstitusjonar (Fallan, 2013. s. 348).
Skjermingsrenta for enkeltpersonføretak skal setjast til gjennomsnittlig tre månadars rente på statskassevekslar, som er ei tilnærma risikofri rente (Fallan, 2013. s. 251). Maksimal skjermingsrente for enkeltpersonføretak i 2014 var sett til 1,2% (Finansdepartementet, 2014).
Når ein bereknar personinntekta føl ein reguleringar i Skatteloven § 12-11, ein tek då
utgangspunkt i alminneleg inntekt. Inntektsført gevinst frå gevinst- og tapskonto skal vere med i berekningsgrunnlaget, dette grunna at dei blir rekna for å vere næringsinntekt (Fallan, 2013, s. 352). Det er derimot eit unntak for enkeltpersonføretak med gevinst frå realisasjon av tomt frå alminneleg jordbruk eller skogbruk dersom gevinsten ikkje overstiger Kr. 150.000, jf. Skatteloven § 12-11 fjerde ledd. Denne gevinsten skal trekkast i frå ved berekninga av personinntekta (Fallan, 2013. s. 352).
I tillegg må kapitalkostnadar og kapitalkrav må leggast til, då dei normalt sett er trekt frå den alminnelege inntekta, med unntak av renter på gjeld til finansinstitusjonar (Fallan, 2013. s.
352). For å unngå at skjermingsfrådraget blir negativt er det gjort ei avgrensing i frådrag for gjeldsrenter i Skatteloven § 12-11 andre ledd bokstav a, jf. Skatteloven § 12-12 andre ledd bokstav c. Dei faktiske kapitalinntektene som skal redusere alminneleg inntekt, er avkastning på aksjar, bankinnskot, obligasjonar, gjeldsbrev, uteståande fordringar mv., men ikkje inntekt av kundefordringar (Fallan, 2013. s. 352).
Når vi bereknar personinntekta, skal vi ta utgangspunkt i alminneleg inntekt før frådrag for framførbart underskot. Føretaksmodellen føreset difor at framførbart underskot blir lagt til alminneleg inntekt når vi bereknar personinntekta. Alminneleg inntekt blir også redusert med skjermingsfrådraget, når det er gjort har vi berekna meiravkastninga på investert kapital.
Denne meiravkastninga er lik berekna personinntekt for enkeltpersonføretak (Fallan, 2013. s. 353).
Ei berekna negativ personinntekt kan ikkje trekkast frå personinntekt utanfor verksemda, men kan krevjast framført mot positiv berekna personinntekt i seinare år frå den same verksemda (Xxxxxx, 2013. s. 353). Denne moglegheita til å framføre den negativt berekna personinntekta forsvinn derimot dersom skattytar ikkje framfører det første året vedkommande har anledning, jf. Skatteloven § 12-13.
Personleg næringsdrivande som ikkje blir omfatta av den fulle rekneskapsplikta etter regnskapsloven, kan føre eit reint skatterekneskap. Dette gjeld næringsdrivande som verken har verdiar over 20 MNOK eller har meir enn 20 tilsette, jf. Regnskapsloven § 1-2 nr. 12.
2.2.2 Fritaksmodellen
Fritaksmodellen går ut på at selskapsaksjonærar i aksjeselskap blir fritekne for skatt på utbyte og gevinst på aksjar, samtidig som frådragsretten for aksjetap fell vekk i samband med symmetriprinsippet (Fallan, 2013. s. 403), jf. Skatteloven § 2-38. Ein selskapsaksjonær står vi overfor når aksjen er eigd av eit føretak i staden for ein privatperson. Selskapa skal likevel framleis betale løypande skatt på overskot. Føremålet med fritaksmodellen er å hindre kjedeskattlegging av aksjeinntekter. Eventuelle gevinstar og utbyte som selskapsaksjonæren får, skal difor ikkje skattleggast før det blir utdelt som utbyte til selskapets aksjonær (Fallan, 2013, s.403).
I 2009 kom det ei innstramming i fritaksmetoden som innebar at 3% av netto skattefrie inntekter skulle inntektsførast som alminnelege inntekter (Fallan, 2013. s. 403), jf.
Skatteloven § 2-38. I 2012 blei regelendringa reivdert til å berre omfatte utbyte, og ikkje gevinstar (Fallan, 2013. s. 404).
Fritaksmodellen gjeld for alle selskap som er sjølvstendige skattesubjekt, og gjeld såleis for aksjeselskap, allmennaksjeselskap, sparebankar og sjølveigde finansieringsføretak, gjensidige forsikringsselskap, samvirkeføretak, aksjefond, offentleg eigde selskap mv. (Fallan, 2013. s. 404), jf. Skatteloven §2-38 første ledd. Føremålet er at desse selskapa, så langt det let seg gjere, skal behandlast likt ved skattlegginga (Fallan, 2013. s.404).
2.2.3 Aksjonærmodellen
Aksjonærmodellen gjeld for personlege aksjonærar som har alminneleg skatteplikt til Noreg, og den gjeld for utbyte eller liknande frå aksjeselskap, allmennaksjeselskap, sparebankar, aksjefond mv. Selskapsaksjonærar omfattast ikkje av aksjonærmodellen, då dei kjem under fritaksmodellen (Fallan, 2013. s. 395).
Modellen legg opp til at det berre er utbyte og gevinstar som overstig ei viss avkastning som skal skattleggast, og då for aksjonæren si hand. Modellen skil seg frå føretaksmodellen bl.a. ved at meiravkastinga ikkje er personinntekt, men blir rekna som alminneleg inntekt for aksjonæren (Fallan, 2013. s. 395). Dette betyr at dersom utbytet eller gevinsten overstig ei avkastning tilsvarande kostpris multiplisert med skjermingsrenta (risikofri rente), vil den overskytande delen bli skattlagt som alminneleg inntekt (Økonor, U.D).
Ved berekning av skattepliktig utbyte eller gevinst nyttast, akkurat som i føretaksmodellen, føljande reknestykke: skjermingsfrådrag er lik skjermingsgrunnlag multiplisert med skjermingsrenta, jf. Skatteloven § 10-12 andre ledd. Føremålet med aksjonærmodellen er å redusere ulikskapen i skattlegging av kapital og arbeid, ved å skattlegge utbytet som alminneleg inntekt (Fallan, 2013. s. 394-395).
Skjermingsgrunnlaget setjast til aksjens anskaffingsverdi, jf. Skatteloven § 10-32 andre ledd, tillagt aksjens unytta skjermingsfrådrag frå tidlegare år, jf. Skatteloven § 10-12 andre ledd. Grunnlaget bereknast per aksje og er som hovudregel lik aksjens anskaffingsverdi inklusive utgifter som har direkte samanheng med ervervet. Skjermingsrenta for personlege aksjonærar blir fastsett årleg av departementet (Fallan, 2013. s. 396). Skjermingsrenta var for 2014 tilsvarande 0,9% (Finansdepartementet, 2014).
Dersom utbytet er mindre enn skjermingsgrunnlaget det enkelte år, betyr det at utbytet ikkje blir skattlagt som alminneleg inntekt for aksjonæren. Eventuelt unytta skjermingsfrådrag kan framførast til frådrag på aktuell aksje i seinare år. Skjermingsfrådrag mellom ulike aksjar kan derimot ikkje samordnast (Fallan, 2013. s. 398). Unytta godtgjersle kan framførast i inntil ti år etter at godtgjersla var opptent. Skjermingsfrådraget kan derimot ikkje nyttast til å redusere eit eventuelt tap (Fallan, 2013. s.398).
2.3 Omdanning av føretaksform
Her vil eg ta for meg teorien rundt det å omorganisere ei verksemd. Dersom undersøkinga viser at ei omorganisering vil vere føremålstenleg, så vil det vere nødvendig å ha innsikt i korleis ein kan gå fram, og kva lover ein har å rette seg etter. På denne måten har ein eit betre utgangspunkt til å kunne finne den beste løysinga, og vidare kunne rådgje verksemda.
2.3.1 Omdanning
Ei endring av føretaksform medfører ei omorganisering/føretaksrettsleg omdanning av verksemda, og ei av dei vanlegaste formene for omdanning er omdanning frå enkeltpersonføretak til aksjeselskap. Ved ei slik omorganisering skjer det ei delvis eller heil overføring av eigedelar og gjeld til eit nystarta selskap mot vederlag til eigarane. Dette vederlaget kan anten vere i form av ei kontant utbetaling eller eit byte av eigardel i det gamle føretaket til eigardel i det nye selskapet (LigningsABC, 2014/2015).
Dersom ein skattytar driv fleire separate verksemder i eit enkeltpersonføretak, kan vedkommande velje å omdanne berre ei eller fleire av verksemdene, eventuelt å omdanne alle til eitt felles eller fleire selskap. Ei verksemd kan derimot ikkje splittast opp og omdannast til fleire selskap (LigningsABC, 2014/2015).
Hovudregelen er at all omdanning frå ei eigarform til ei anna medfører ein realisasjon av eigedelar, og dermed medfører det skattlegging (LigningsABC, 2014/2015). Ein kan likevel søke Finansdepartementet om skattefritak ved realisasjon av eigedelar mv. som overførast til det omdanna selskapet, så lenge realisasjonen er eit ledd i omorganisering av verksemd med sikte på å gjere den meir rasjonell og effektiv, jf. Skatteloven § 11-22.
2.3.2 Skattefri omdanning
Enkeltpersonføretak kan omdannast til aksjeselskap utan at det utløyser skattlegging, jf. Skatteloven § 11-20 første ledd, bokstav a. Overgang til selskapslikning blir føreteke med verknad frå 1. januar i inntektsåret, Jf. FSFIN § 11-20-4, det er derimot krav om at aksjeselskapet må vere stifta og innmeldt til Foretaksregisteret innan 1. juli i det aktuelle inntektsåret. Dersom det skjer etter den datoen, vil ikkje selskapslikning kunne starte før 1 januar i inntektsåret etter (Regnskapshjelp, 2014).
For å kunne omdanne skattefritt må visse krav innfriast, deriblant at selskapet må vere lovleg stifta i samsvar med reglane i aksjeloven eller selskapsloven (LigningsABC, 2014/2015).
Selskapet må dessutan vere nystarta, jf. FSFIN § 11-20-1 første ledd, § 11-20-2 og § 11-20-3. For at aksjeselskapet skal sjåast på som nystarta må det ikkje ha vore drive aktivitet i selskapet før omdanninga gjennomførast, sett vekk i frå å motta renter av innskoten kapital.
Sjølve omdanninga gjennomførast ved at verksemda som skal omdannast, saman med eigedelar og eventuell gjeld, overførast til heil eller delvis dekning av aksjekapitalen i det nystarta selskapet, eller til eit aksjeselskap som er nystarta med kontantinnskot (LigningsABC, 2014/2015).
Hovudregelen ved omdanning av enkeltpersonføretak at aktivitet, driftsmidlar og forpliktingar i hovudsak skal flyttast over til det nye selskapet, jf. FSFIN § 11-20-5 første ledd. Dette gjeld både omløpsmidlar og anleggsmidlar, materielle og immaterielle driftsmidlar (LigningsABC, 2014/2015). Det er derimot i forskrifta til skatteloven (FSFIN) kapittel 11, omtala fleire reglar for kva eigedelar som kan/ikkje kan overførast skattefritt og kva eigedelar som må overførast
og ikkje, deriblant:
Eigedelar som verken er skaffa som eit ledd av verksemda eller er brukt i den (LigningsABC, 2014/2015).
Fast eigedom som er eigedel i den overførte verksemda krevjast ikkje overført ved omdanninga, jf. FSFIN § 11-20-5 fjerde ledd bokstav a. Finansielle eigedelar eigd i eller utanfor verksemd kan eigar fritt velje å overføre til det nye selskapet, jf. FSFIN § 11-20-5 fjerde ledd bokstav b, dette gjeld likevel ikkje kundefordringar tilknytt den omdanna verksemda som uansett må overførast til det nye selskapet (LigningsABC, 2014/2015).
Selskapet som overtek må vidareføre dei skattemessige verdiane og ervervstidspunkta for alle eigedelane som overførast. Overdragande føretaks skatteposisjonar elles blir overtekne på same måte, jf. FSFIN § 11-20-6 første ledd. I nemnde paragraf, andre ledd, går det også fram at gevinst- og tapskonto skal overførast.
Tidlegare års underskot skal overførast til framføring hos aksjeselskapet, men berre i den utstrekning underskotet har oppstått i den omdanna verksemda, jf. FSFIN § 11-20-6 tredje ledd andre punktum. Når omdanning medfører at eit selskap overtek alle eigedelar, rettigheiter og forpliktingar, skal det overdragande selskap så langt som mogleg oppløysast og avviklast etter omdanninga, jf. FSFIN § 11-20-10.
2.4 Ulikskapar i skattlegginga av enkeltpersonføretak og aksjeselskap
I denne delen vil eg sjå vidare på korleis enkeltpersonføretak og aksjeselskap blir skattlagt på løn og uttak, dette er teori som ligg til grunn for berekningane som er gjort i empirien. Her vil eg også kome inn på faktorar som arbeidsgjevaravgift, trygdeavgift, skjermingsgrunnlag og toppskatt. Vidare tek eg for meg revisjonsplikta og formueskattlegginga.
Alt dette er faktorar som er med på å avgjere kva føretaksform som er mest økonomisk, med omsyn til skattebehandling.
2.4.1 Privatuttak, løn og arbeidsgjevaravgift
Når ein eigar av eit enkeltpersonføretak tek midlar ut av føretaket blir det rekna for å vere privatuttak, det vil seie at det ikkje blir rekna som løn. Privatuttak er sett på som ei næringsinntekt og er såleis ikkje arbeidaravgiftspliktig, jf. Folketrygdloven § 23-2 første ledd.
Det skal derimot svarast trygdeavgift med høg sats av næringsinntekt, jf. Folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 3. Dei ulike satsane blir vedtekne av Stortinget for kvart inntektsår, og er å finne i Stortingsvedtak om fastsetjing av avgifter mv.
Arbeidsgjevaravgift er ei avgift til finansiering av folketrygd, dette er ein frådragsberettiga kostnad for arbeidsgjevarar som driv næringsverksemd (Fallan, 2013. s. 303), jf. Skatteloven
§ 6-1 første ledd. Avgifta blir fastsett i prosent av det beløpet arbeidsgjevaren pliktar å innmelde som løn og anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag i/utanfor tenesteopphald, jf. Folketrygdloven § 23-2.
Det skal også bereknast avgift av styregodtgjersler mv. og forskuddstrekkpliktige naturalytelsar, jf. Folketrygdloven § 23-2 tredje ledd. Desse naturalytelsane omfattar hovudsakleg godtgjersler for arbeid, som for eksempel fri kost og losji, fordel av privat bruk av firmabil mv. (Fallan, 2013, s. 303).
Arbeidsgjevaravgifta er i realiteten ein skatt på disponering av arbeidskraft, og er inndelt regionalt i fem soner. Sidan 2007 er det verksemda si lokalisering som avgjer kva sone ein høyrer til og kva sats ein får, før dette var det lønstakars bustadadresse som avgjorde.
Avgiftssatsane for dei ulike sonene blir fastsett av Stortinget årleg, og kan finnast på skatteetaten sine heimesider (Fallan, 2013. s. 304-305).
2.4.2 Løn og utbyte i aksjeselskap
Aksjonærane i eit aksjeselskap kan ta pengar ut av selskapet, då i form av eit aksjeutbyte eller i form av løn for arbeidsinnsats i verksemda (Altinn, 2014), det er viktig å påpeike at eventuelle lønskostnadar er frådragsberettiga for selskapet (Beskatning av aktive eiere – lønn eller utbytte, U.D). Når eit aksjeselskap gjer vederlagsfrie overføringar av føretakets verdiar til aksjonærane er det altså å dele ut utbyte. Utbytereglane er regulert i aksjeloven, og sjølve utbytet må vedtakast av generalforsamlinga i føretaket. Eit tredje alternativ er å kombinere både løn og utbyte (Regnskapshjelp, 2014).
Utbyte reknast for å vere skattepliktig inntekt, og inngår såleis i alminneleg inntekt, jf. Skatteloven § 10-11. Skattlegginga av selskap og eigar er utforma slik at selskapet skattleggast for alminneleg inntekt, etter normal skattesats på 27 %. Dersom aksjonær ikkje tek ut løn eller utbyte, vil skattlegginga av aksjeselskapets inntekt vere avgrensa til 27 %.
Dersom aksjonær tek ut løn må det også svarast eventuell toppskatt og arbeidsgjevaravgift av denne. På same måte vil eit utbyte som overstig skjermingsfrådraget vere skattepliktig med 27
% for mottakar også (Beskatning av aktive eiere – lønn eller utbytte, U.D).
Elles vil det vere fornuftig å ikkje ta ut heile overskotet, dersom overskotet er større enn kva ein har bruk for eller ønsker til personleg forbruk. Ein kan då la det stå att i føretaket der det kan nyttast til investeringar i eiga eller anna verksemd, og det vil i praksis fungere som ein sparemetode (NARF, 2005).
Med omsyn til satsar frå 2014 (Finansdepartementet, 2014), kan ein setje opp følgjande berekningar over kva som vil gje lågast skatt for aksjeselskap og aksjonær samla, resultatet blir vist i tabell 3:
Dersom det av eit tenkt resultat på 100 blir teke ut 100 i løn vil det medføre at skatten på aksjeselskapet blir 0. Om det i staden blir teke som utbyte vil det medføre 27% skatt for selskapet, sidan utbytet ikkje er frådragsberettiga for aksjeselskapet (Beskatning av aktive eiere – Lønn eller utbytte, U.D).
Eit utbyte ut over skjermingsfrådraget vil samtidig vere skattepliktig for aksjonæren, etter normal skattesats, 27%. Den samla skattlegginga på aksjonær og selskap vil, i dette eksempelet, bli 46,71 %. Dette kjem fram av følgjande reknestykke: 100 * 0,027 = 27 i skatt på selskapet + (100 – 27) * 0,027 = 19,71 i skatt på aksjonæren (Beskatning av aktive eiere – Lønn eller utbytte, U.D).
Dersom selskapet betalar ut løn må ein og ta omsyn til arbeidsgjevaravgifta. Ved eit uttak av 100 til løn vil ein måtte svare arbeidsgjevaravgift tilsvarande 12,36 (14,1 % av 87,64), løna vil då utgjere 87,64. Inntil toppskattegrensa vil skatt på mottakar vere normal skattesats og trygdeavgift, som ein kan vise slik: 87,64 * (27+8,2) % = 30,85. Det vil seie at samla skatt og avgift for selskap og mottakar etter dette eksempelet vil bli 12,36 + 30.85 = 43,21% (Beskatning av aktive eiere – Lønn eller utbytte, U.D).
For inntekt som overstig toppskattetrinn 1 vil skatt på mottakar etter dette eksempelet bli 87,64 * (27 + 8,2 + 9) % = 38,74. Samla skatt og avgift for selskap og aksjonær vil då bli 12,36 + 38,74 = 51,1%. På same måten kan ein då rekne ut samla skatt og avgift for aksjonær
og selskap for inntekt som går over toppskattetrinn 2 ved å inkludere denne satsen i reknestykket (Beskatning av aktive eiere – Lønn eller utbytte, U.D).
Tabell 3:
1 | Løn inntil toppskattenivå 1 | 43,21 % |
2 | Utbyte | 46,71 % |
3 | Løn mellom toppskattenivå 1 og 2 | 51,10 % |
4 | Løn ut over toppskattenivå 2 | 53,73 % |
Det som kjem fram av desse opplysningane er at det vil medføre lågast skatt å ta ut løn inntil toppskattenivå 1. Men den beste løysinga kan likevel vere å kombinere løn og utbyte, då det ved høgare lønsnivå vil bli høgare skatt enn for uttak (Beskatning av aktive eiere – lønn eller utbytte, U.D).
Til slutt er det verdt å nemne at det i dei sonene med lågast sats for arbeidsgjevaravgift vil vere lågare skatt ved løn enn utbytealternativet, inntil ein når toppskattenivå 2. Samstundes vil lønsinntekter gje grunnlag for ein del rettigheiter som t.d. rett til sjukeløn, pensjonspoeng mv. (Beskatning av aktive eiere – lønn eller utbytte, U.D).
2.4.3 Revisjonskostnadar
Som nemnt tidlegare så har ikkje enkeltpersonføretak revisjonsplikt før føretaket sine eigedelar overstig 20 MNOK, eller dei har meir enn 20 tilsette. Aksjeselskap derimot er revisjonspliktige, jf. Revisorloven § 2-1 første ledd (1). Dersom aksjeselskapet har driftsinntekter lågare enn 5 MNOK, lågare balansesum enn 20 MNOK og mindre enn ti tilsette, kan dei likevel velje å ikkje revidere årsrekneskapen sin, jf. Aksjeloven § 7-6.
Det vil med andre ord generelt sett medføre ein auka kostnad ved å drive aksjeselskap når det kjem til revidering av årsrekneskap, men denne kostnaden er også frådragsberettiga, jf.
Skatteloven § 6-1.
2.4.4 Formuesskatt
Formuesskatten er ein skatt som utliknast på grunnlag av den skattepliktige si nettoformue, det vil seie bruttoformue med fråtrekk for gjeld som vedkommande heftar for på tidspunktet
for skattlegginga. Etter gjeldande lovgjevnad kan det utskrivast formuesskatt til staten og til kommunane, for enkelte subjekt kan det derimot vere reglar som gjeld (Aarbakke, 1998. s. 13). Personlege skattytarar svarar i inntektsåret 2014 formuesskatt til staten av den delen av den samla formua som overstig Kr. 1.000.000, til ein sats på 0,3%, jf. SSV §2-1.
Aksjar er skattepliktige formueobjekt (Aarbakke, 1998. s 100), dette av di at det er ein eigedel med økonomisk verdi som skal inngå ved fastsetjing av skattepliktig formue, jf. Skatteloven § 4-1. Aksjeselskap i seg sjølv er fritekne for formuesskatt, jf. Skatteloven § 2-36 første ledd bokstav a. Formua vil derimot vere skattbar for aksjonærar som er formueskattepliktige etter skatteloven kapittel 2.
3. Metode
Sosiologen Xxxxxxx Xxxxxx har definert metode som «En fremgangsmåte, et middel til å løse problemer og komme frem til ny kunnskap. Et hvilket som helst middel som tjener dette formålet, hører med i arsenalet av metoder». Metoden fortel noko om korleis vi bør gå til verks for å innhente kunnskap (Dalland, 2007. s. 81). I denne delen av oppgåva vil eg gjere greie for dei metodiske vala og vurderingane som ligg til grunn for oppgåva.
3.1 Val av metode
Å velje metode inneber å velje framgangsmåte, og kor vidt det er kvalitative eller kvantitative tilnærmingar som er best i arbeidet med undersøkinga si problemstilling. Årsaka til at problemstillinga er sentral, er at det er problemstillinga som seier kva som skal undersøkast. Ein må difor velje metoden som er best eigna til å gje gode data og belyse dei på ein fagleg interessant måte (Dalland, 2007. Kap. 5).
Både kvalitative og kvantitative metodar har som føremål å betre forståinga vår, utover det er ulikskapane definerande. I første omgang går det ut på måten ein samlar inn informasjonen sin på. Kvalitative metodar nyttast for å gå i djupna og fokusere på nokre få respondentar, der ein verkeleg får utbyte i form av informasjon frå kvar enkelt. I kvantitative metodar søker ein heller etter å skaffe seg ei avgrensa mengd informasjon, frå mange respondentar (Dalland, 2007. s. 82-83).
Metoden eg vil nytte meg av kan vere vanskeleg å definere som anten kvalitativ eller kvantitativ. Det er viktig å hugse på at kvalitative undersøkingar og kan innehalde element av kvantifisering, og visa versa (Dalland, 2007. s. 83). Alle data er kvalitative i den forstand at dei er registreringar av ei form for eigenskap eller kvalitet. Moglegheita for å manipulere nokre former for data talmessig, og komprimere ei mengd informasjon for å gje den eit statistisk uttrykk, er det som har ført til skiljet mellom dei to typane data (Martinussen, 1991. s. 392).
Utgangspunktet for mi oppgåve vil vere eit enkeltpersonføretak, dette er min einaste såkalla respondent. Vidare vil eg basere meg på innsamling og tilverknad av rekneskapsinformasjon og litteratur, for så å kunne vurdere informasjonen eg hentar ut frå verksemda opp mot
teorien. Resultatet av dette vil eg til slutt bruke for å finne svar på problemstillinga mi, samt svare/trekke konklusjonar rundt spørsmåla eg har sett opp på førehand. Meir om gjennomføringa kjem under punkt 3.1.1.
Framstillinga mi tek sikte på å formidle forståing innanfor dette emnet, dette vil skje utan noko form for manipulasjon av informasjonen som eg hentar inn. Det som vil skje er ei analyse for å avdekke det som er spesielt/avvikande mellom føretaksformene som eg ser på, samstundes som at litteraturen vil bli tolka for å kunne knyte det saman med rekneskapsinformasjonen.
Til tross for avgrensingar går eg i djupna på rekneskapsinformasjonen og litteraturen eg hentar inn. Det faktum at eg baserar meg på ein einaste respondent, saman med faktorane eg har nemnt ovanfor, gjer at eg vil seie at oppgåva mi er forma som ei kvalitativ undersøking.
3.1.1 Gjennomføring
Eg tek, som sagt, utgangspunkt i ei verkeleg bedrift registrert som eit enkeltpersonføretak. Eg får tilgang til rekneskapen til føretaket frå inntektsåret 2013, og skal såleis rekne ut inntekt og formuesskatt for eit inntektsår med satsar frå 2013. Vidare skal eg føresette at det same selskapet blir registrert som eit aksjeselskap, for deretter å rekne ut og samanlikne opplysningane som kjem fram. På denne måten kan eg få danna meg eit bilete av kva skattemessige konsekvensar som kjem av denne endringa.
Eg får innsyn i aktuelt rekneskapsmateriale gjennom min arbeidsgjevar, så framt det blir behandla anonymt i oppgåva. På denne måten vil eg kunne få eit meir realistisk og verkeleg innblikk i ulikskapane, kontra å bruke ei tenkt verksemd der eg diktar opp tal. Eg kan på den måten få sett om eit verkeleg føretak vil kunne ha noko å hente på å endre selskapsform, og samstundes kunne belyse dei aspekta ved emnet som eg ynskjer. Det faktum at føretaket vil bli heldt anonymt gjer og at eg kan få innsyn i alle relevante data som eg treng for å belyse problemstillinga mi.
3.2 Etiske omsyn
Etikken dreiar seg om normene for rett og god livsførsel. Når ein står ovanfor tøffe avgjersler i livet, skal etikken gje oss rettleiing og grunnlag for vurderingar før vi handlar. Til tross for at ein gjerne talar om ulike typar etikk, som for eksempel forskingsetikk mv., er det i all
hovudsak ikkje noko grunnlag til å skilje mellom spesifikk fagetikk og forskingsetikk (Dalland, 2007. s. 232-233).
I mitt tilfelle handlar det mest om informasjonen som eg har behov for til erfaringsmaterialet mitt. Det er ikkje gitt at ein får utlevert denne typen informasjon heilt utan vidare, og det blir gjerne sett opp visse føresetnader. For at eg skulle ha tilgang til rekneskapsmaterialet var det, som nemnt, ein føresetnad at eg anonymiserte innhaldet. Det eg blir nøydd å ta i betraktning er korleis eg best kan innfri dette ynsket.
For å anonymisere kjelda til rekneskapsmaterialet er det viktig å ta bort all informasjon som kan knytast opp mot føretaket eller eigar av føretaket. Dette medfører med andre ord å avidentifisere opplysningane som går fram av næringsoppgåva, resultatet og balansen. Når dette er gjort, og informasjonen på ingen måte kan sporast tilbake til kjelda, er opplysningane blitt anonymiserte (Dalland, 2007. s.240-241).
Eg kan difor ikkje bruke namnet til verksemda eller legge ved rekneskapsinformasjonen som eg har fått utlevert, denne informasjonen vil difor vere ført inn som tabellar. På denne måten vil identiteten til verksemda og eigaren vere skjerma.
3.3 Litteratursøk
Oppgåveskriving krev meir enn berre pensumlitteratur, det er difor heilt naudsynt å gjere seg kjend med biblioteket og skaffe seg ei oversikt over litteraturen som er der (Dalland, 2007. s. 60). I tillegg er det og naudsynt å ta i bruk databasen til biblioteket, BIBSYS, som ein har tilgjengeleg på nett. Andre viktige kjelder kan vere både tidsskrifter, artiklar, oppslagsverk mv.
Hovudtanken min rundt val av kjelder og litteratur baserar seg litt på nettopp det som er nemnt ovanfor. Det å gjere seg kjend med ulike informasjonskjelder i første omgang. Det var då naturleg å starte med pensumlitteratur, artiklar mv. som er utlevert i samband med studiet, for å danne eit grunnlag og vidare leite etter ny litteratur for å supplere/gå meir i djupna av emnet.
I tillegg til pensumbøker/artiklar, lovverk og bøker frå biblioteket, som alle har god kvalitet og seriøse forfattarar, har eg grunna familie- og arbeidssituasjon også hatt behov for
fleksibilitet i arbeidet med oppgåva. Det har ofte medført jobbing utan særleg tilgang til skulens bibliotek. Såleis har internett vore ei viktig kjelde for å innhente relevant litteratur og informasjon.
Oppgåva si truverdigheit og faglegheit er avhengig av at kjeldegrunnlaget er godt beskrive og godt grunnlagt. Den som les oppgåva har krav på å vite kva kriteriar som er brukt ved valet av litteratur. For å kunne bruke internett på ein forsvarleg måte er det difor viktig å ha kjennskap til korleis det fungerar, kva som kan vere truverdige aktørar, samt å kjenne til føresetnadane og hensikta desse har i forhold til den informasjonen som blir gjeve ut på nettet (Dalland, 2007. s. 61).
Å bruke internett som verktøy kan difor vere krevjande, sidan ein alltid må vere svært kjeldekritisk og i stand til å vurdere kva som eignar seg til bruk i oppgåveskrivinga.
Samstundes er det eit veldig nyttig reiskap sidan informasjonsmengda og tilgjengelegheita er enorm, og i stadig auke.
4. Empiri
I denne delen av oppgåva vil eg presentere den delen av rekneskapsinformasjonen som eg har henta inn, eg vel då å trekke ut det som var relevant i forhold til behovet eg hadde. Denne informasjonen vil eg så behandle og nytte til å finne nøkkeltal. Desse nøkkeltala vil vidare bli brukt for å belyse dei emna som eg har valt å gå i djupna på.
Som nemnt så har eg fått innsyn i rekneskapstal for 2013 frå ei verksemd gjennom jobbsamanheng, og eit kriterie for dette var anonymitet. Det eg kan sei noko om er at det er eit enkeltpersonføretak som driv transportnæring, og ikkje har andre tilsette enn eigaren av føretaket. Sidan rekneskapen er frå 2013, vil eg også bruke satsar for tilhøyrande inntektsår.
Alle satsar er henta frå Finansdepartementet.
Eit tenkt case blir såleis, som definert under tema og underspørsmål i problemstillinga mi; Kva føretaksform som egnar seg best for føretaket basert på skattemessige ulikskapar, og i tilfelle ei omdanning er å føretrekke, kva måte dette bør skje på.
Det er lagt fram følgjande rekneskapstal for 2013:
Resultatrekneskap:
Salsinntekter | 4 677 737 |
Andre driftsinntekter | 59 508 |
Sum driftsinntekter | 4 737 245 |
Varekostnadar | 2 509 537 |
Avskrivingar | 106 247 |
Andre driftskostnadar | 1 305 398 |
Sum driftskostnadar | 3 921 182 |
Driftsresultat | 816 063 |
Renteinntekter | 7 256 |
Rentekostnadar | 82 064 |
Netto finanspostar | 74 808 |
Årsresultat | 741 255 |
Balanse:
Eigedelar | 01.01. | 31.12. | Eigenkapital og gjeld | 01.01. | 31.12. |
Varige driftsmidlar | 1 633 452 | 1 533 758 | Eigenkapital 1) | 1 147 121 | 661 045 |
Finansielle driftsmidlar | 102 095 | 31 540 | Udisponert resultat | 97 222 | 77 778 |
Fordringar | 000 000 | 000 000 | Langsiktig gjeld | 1 534 220 | 1 094 554 |
Bankinnskot | 1 207 112 | 85 439 | Kortsiktig gjeld | 760 218 | 347 236 |
Sum eigedelar | 3 538 781 | 2 180 613 | Sum eigenkapital og gjeld | 3 538 781 | 2 180 613 |
1) | |
Eigenkapital 1.1. | 1 147 121 |
Årsresultat | 741 255 |
Privat kostnad telefon | 6 000 |
Privatuttak | 774 231 |
Skattar | 447 100 |
Eigenkapital 31.12. | 661 045 |
4.1. Utbyte, privatuttak, løn og arbeidsgjevaravgift
I denne delen vil eg rekne ut inntektsskatten for verksemda som enkeltpersonføretak og som aksjeselskap. Her kjem eg innom berekning av fleire ulike nøkkeltal, som alminneleg inntekt for verksemd/selskap og aksjonær, personinntekt, skjermingsgrunnlag, bruttoskatt for aksjonær, skatt på utbyte og samla skatt for selskap og aksjonær.
Dette materialet vil til slutt utgjere grunnlaget for mine slutningar og konklusjonar.
4.1.1. Enkeltpersonføretak
Enkeltpersonføretaket eg har teke utgangspunkt i har ikkje lønskostnadar, då det ikkje er andre tilsette enn eigar sjølv. Vedkommande har derimot eit privatuttak tilsvarande Kr. 741.255.
Berekning av alminneleg inntekt:
Driftsinntekter sktl. § 5-30 | 4 737 245 | |
+ | Renteinntekter sktl. §5-20 | 7 256 |
= | Bruttoinntekt | 4 744 501 |
- | Varekostnad sktl. § 6-1 | 2 509 537 |
- | Avskrivingar sktl. § 6-1 | 106 247 |
- | Andre driftskostnadar sktl. § 6-1 | 1 305 398 |
- | Rentekostnadar sktl. § 6-40 | 82 064 |
= | Alminneleg inntekt | 741 255 |
Berekning av skjermingsgrunnlag og personinntekt:
01.01. | 31.1. | ||
Anleggsmidlar | 1 633 452 | 1 533 758 | |
+ | Fordringar | 500 186 | 491 464 |
- | Leverandørgjeld | -676 247 | -123 809 |
= | Skjermingsgrunnlag før gjeld til finansinstitusjonar | 1 457 391 | 1 901 414 |
- | Gjeld til finansinstitusjonar | -1 534 220 | -1 094 554 |
= | Sum skjermingsgrunnlag Sktl. §12-12 (0) | -00 000 | 000 000 |
Gjennomsnitt 1/1 og 31/12 | 365 015 | ||
Skjermingsfrådrag 1) | 1,5 % | 5 475 |
Alminneleg inntekt sktl. § 12-11 (1) | 741 255 | |
- | Renteinntekter Sktl. § 12-11 (3) a og b | 7 256 |
- | Skjermingsfrådrag Sktl. § 12-11 (3) c | 5 475 |
= | Sum personinntekt | 728 524 |
1) Maksimal skjermingsrente for 2013 var 1,5%.
Berekning av skatt på alminneleg inntekt:
Alminneleg inntekt | 741 255 | ||
- | Personfrådrag 1) | 47 150 | |
= | Skattbar alminneleg inntekt | 694 105 | |
Skatt klasse 1 2) | 28 % | 194 350 | |
Toppskatt klasse 2 3) | 9 % | 65 567 | |
= | Samla skatt | 259 917 | |
+ | Trygdeavgift 4) | 11 % | 80 138 |
= | Totale skattar | 340 054 |
1) Eigar av enkeltpersonføretaket blir likna i skatteklasse 1, personfrådraget i 2013 var Kr. 47.150.
2) Inntektsskatten for 2013 var 28%.
3) Toppskattesats inntil skatteklasse 2 var i 2013 9%, medan den utover denne klassen var 12%.
4) Satsen for trygdeavgift for xxxx næringsinntekt var i 2013 11%.
4.1.2. Aksjeselskap
Eg føreset no at føretaket er registrert som eit aksjeselskap med same rekneskapstal som eg har tatt utgangspunkt i til no. Vidare føreset eg også at løn/utbyte tilsvarar det skattemessige årsresultatet som kjem fram av resultatrekneskapet.
4.1.2.1 Løn i aksjeselskap
Eg føreset her at det kun blir teke ut løn for aksjonæren i aksjeselskapet.
Berekning av alminneleg inntekt for aksjeselskapet:
Driftsinntekter Sktl. § 5-30 | 4 737 245 | |
+ | Renteinntekter Sktl. § 5-20 | 7 256 |
= | Bruttoinntekt | 4 744 501 |
- | Varekostnad Sktl. § 6-1 | 2 509 537 |
- | Løn aksjonær Sktl. § 6-1 | 741 255 |
- | Feriepengar aksjonær Sktl. § 6-1 1) | 75 608 |
- | Arbeidsgjevaravgift aksjonær Sktl. § 6-1 2) | 104 517 |
- | Avskrivingar Sktl. § 6-1 | 116 520 |
- | Andre driftskostnadar Sktl. § 6-1 | 1 305 398 |
- | Revisorkostnadar Sktl. § 6-1 3) | - |
- | Rentekostnadar Sktl. § 6-40 | 82 064 |
= | Alminneleg inntekt | -190 398 |
1) Satsen for feriepengar var i 2013 10,2%.
2) Satsen for arbeidsgjevaravgift var i 2013 14,1% for sone 1a.
3) Selskapet har under 10 tilsette, balanse under 20 MNOK og driftsinntekter under 5 MNOK og har såleis ikkje revisorplikt.
Sidan aksjonær får eit såpass stort beløp i løn, og selskapet går med underskot som følgje av dette, vil det ikkje måtte svare selskapsskatt.
Berekning av alminneleg inntekt for aksjonær:
Løn | 741 255 | |
- | Minstefrådrag 1) | 81 300 (Maks) |
= | Alminneleg inntekt | 659 955 |
- | Personfrådrag 2) | 47 150 |
= | Skattepliktig alminneleg inntekt aksjonær | 612 805 |
Skatt alminneleg inntekt | 28 % | 171 585 |
1) Satsen for minstefrådrag var i 2013 40%, øvre grense var då Kr. 81.300 ( 741.255*0,4 = 296.502).
2) Sidan aksjonær blir likna i skatteklasse 1 er personfrådraget for 2013 Kr. 47.150.
Berekning av bruttoskatt for aksjonær:
Trygdeavgift 1) | 7,8 % | 57 818 | |
+ | Toppskatt | 9 % | 20 849 |
= | Bruttoskatt | 78 667 | |
+ | Skatt alminneleg inntekt | 171 585 | |
= | Total inntektsskatt på aksjonær | 250 252 |
1) Trygdeavgifta for lønsinntekt i 2013 var 7,8% ( 741.255*0,078 = 57.818).
Samla skatt og avgift på selskap og aksjonær:
Totalskatt selskap | 0 | |
+ | Arbeidsgjevaravgift løn aksjonær | 104 517 |
+ | Totalskatt aksjonær | 250 252 |
= | Totalskatt selskap og aksjonær | 354 769 |
+ | Revisjonskostnadar | 0 |
= | Totalskatt inkl. revisjonskostnadar | 354 769 |
Konklusjonen i dette tilfellet blir at føretaket er best tent med å vere enkeltpersonføretak, eigar (her som aksjonær) vil måtte svare høgare skatt av inntekta dersom verksemda er registrert som aksjeselskap. I tillegg vil då aksjeselskapet gå med underskot som følgje av lønskostnadane.
4.1.2.2 Utbyte i aksjeselskap
Her føreset eg at aksjonæren i staden for å ta ut løn, tek ut tilsvarande beløp (Kr. 741.255) som utbyte. Dette gjer eg for å sjå om det kan vere ei betre løysing med omsyn til skatt. Her har eg ikkje noko reelt skjermingsgrunnlag, så eg føreset vidare kostprisen for aksjen/aksjane er Kr. 450.000 som vil bety at dette også er skjermingsgrunnlaget, jf. Skatteloven § 10-12 (2).
Berekning av alminneleg inntekt for aksjeselskapet:
Driftsinntekter Sktl. § 5-30 | 4 737 245 | ||
+ | Kapitalinntekter Sktl. § 5-20 | 7 256 | |
= | Bruttoinntekt | 4 744 501 | |
- | Varekostnad Sktl. § 6-1 | 2 509 537 | |
- | Avskrivingar Sktl. § 6-1 | 106 247 | |
- | Andre driftskostnadar Sktl. § 6-1 | 1 305 398 | |
- | Revisorkostnadar Sktl. § 6-1 | - | |
- | Kapitalkostnadar Sktl. § 6-40 | 82 064 | |
= | Alminneleg inntekt | 741 255 | |
Skatt alminneleg inntekt føretak | 28,00 % | 207 552 |
Berekning av skatt på utbyte:
Utbyte | 741 255 | ||
- | Skjermingsfrådrag 1) | 1,1 % | 4 950 |
= | Skattepliktig utbyte | 736 305 | |
Skatt utbyte | 28 % | 206 165 |
1) Skjermingsrente for personlege aksjonærar i 2013 var 1,1% ( 450.000*0,011 = 4950).
Samla skatt og avgift på føretak og aksjonær:
Totalskatt selskap | 207 552 | |
+ | Totalskatt aksjonær | 206 165 |
= | Sum totalskatt | 413 717 |
+ | Revisorkostnader | 0 |
= | Total skatt inkl. revisorkostnader. | 413 717 |
Verksemda kjem også her best ut ved å vere enkeltpersonføretak, med ein totalskatt på Kr.
340.054 som enkeltpersonføretak, mot Kr. 413.717 som aksjeselskap. Dette kan forklarast ved at minstefrådraget, personfrådraget og frådrag for lønskostnadar går vekk. Revisorkostnadane spelar inga rolle i og med at verksemda kan velje vekk revisorplikta grunna størrelsen på selskapet.
Sidan det ikkje er nokon lønsutbetalingar for selskapet slepp dei å svare trygdeavgift, samstundes som ein oppnår skjermingsfrådrag på utbytet. Men dette er av såpass lita betyding at det ikkje på nokon måte kan «vege opp» for dei frådraga som fell bort.
4.1.2.3 Kombinasjon av løn og utbyte i aksjeselskap
Her føreset eg at ytingane blir fordelt med 65% som løn og 35% som utbyte, løna blir då Kr. 481.816 som er under grensa for toppskatt, medan utbytet blir Kr. 259.439. På grunn av denne fordelinga får ein no minstefrådrag, personfrådrag mv. Eg føreset vidare at skjermingsgrunnlaget også her er Kr. 450.000.
Berekning av alminneleg inntekt for aksjeselskapet:
Driftsinntekter Sktl. § 5-30 | 4 737 245 | ||
+ | Kapitalinntekter Sktl. § 5-20 | 7 256 | |
= | Bruttoinntekt | 4 744 501 | |
- | Varekostnad Sktl. § 6-1 | 2 509 537 | |
- | Løn aksjonær Sktl. § 6-1 | 481 816 | |
- | Feriepengar aksjonær Sktl. § 6-1 1) | 49 145 | |
- | Arbeidsgjevaravgift aksjonær Sktl. § 6-1 1) | 67 936 | |
- | Avskrivingar Sktl. § 6-1 | 106 247 | |
- | Andre driftskostnadar Sktl. § 6-1 | 1 305 398 | |
- | Revisorkostnadar Sktl. § 6-1 | - | |
- | Kapitalkostnadar Sktl. § 6-40 | 82 064 | |
= | Alminneleg inntekt | 142 358 | |
Skatt alminneleg inntekt selskap | 28 % | 39 860 |
1) Kr. (481.816 * 0,102) = Kr. 49.145.
2) Kr. (481.816*0,141) = Kr. 67.936.
Berekning av skatt på utbyte:
Utbyte | 259 439 | ||
- | Skjermingsfrådrag 1) | 1,1 % | 2 854 |
= | Skattepliktig utbyte | 256 585 |
1) Kr. (259.439 * 0,011) = Kr. 2.854
Berekning av alminneleg inntekt for aksjonær:
Løn | 481 816 | ||
- | Minstefrådrag 1) | 81 300 (Maks) | |
+ | Skattepliktig utbyte | 256 585 | |
= | Alminnelig inntekt | 657 101 | |
- | Personfrådrag | 47 150 | |
= | Skattepliktig alminnelig inntekt | 609 951 | |
Skatt alminneleg inntekt aksjonær | 28 % | 170 786 |
1) Kr. (481.816 * 0,4) = Kr. 192.726. Difor sett til maks grensa for minstefrådrag: Kr. 81.300.
Berekning av bruttoskatt for aksjonær:
Trygdeavgift 1) | 7,8 % | 37 582 | |
+ | Toppskatt | - | |
= | Bruttoskatt | 37 582 | |
+ | Skatt alminneleg inntekt aksjonær | 170 786 | |
= | Total inntektsskatt | 208 368 |
1) Kr. (481.816 * 0,078) = Kr. 37.582.
Samla skatt og avgift på selskap og aksjonær:
Totalskatt selskap | 39 860 | |
+ | Arbeidsgjevaravgift for aksjonær | 67 936 |
+ | Totalskatt aksjonær | 208 368 |
= | Sum total skatt | 316 164 |
+ | Revisjonskostnadar | 0 |
= | Totalskatt inkl. revisjonskostnadar | 316 164 |
I dette tilfellet viser det seg at verksemda kjem best ut som aksjeselskap, med ein totalskatt på Kr. 340.054 som enkeltpersonføretak mot Kr. 316.164 som aksjeselskap. Skilnaden kan forklarast ved at aksjonær her får personfrådrag og minstefrådrag på lønsinntekta og skjermingsfrådrag på utbytet, samstundes unngår vedkommande toppskatt. Selskapet får også frådrag for lønskostnadane til aksjonæren, men må også svare trygdeavgift sidan det no er lønskostnadar. Men trygdeavgifta er likevel ein god del lågare no enn ved
enkeltpersonføretak, som gjer det meir gunstig å vere aksjeselskap.
4.2. Formuesskatt
For å avdekke eventuelle skilnader ved formuesskatten ved valet av føretaksform vil eg også rekne ut denne, med utgangspunkt i følgjande skattemessige balanse per 31.12:
Eigedelar | Eigenkapital og gjeld | |||
Varige driftsmidlar | 1 134 983 | Eigenkapital | 661 045 | |
Maskiner og anlegg | 200 429 | Udisponert resultat | 77 778 | |
Driftslausøyre | 198 346 | Gjeld | 1 441 790 | |
Finansielle driftsmidlar | 31 540 | |||
Kundefordringar | 529 875 | |||
Bankinnskot | 85 439 | |||
Sum | 2 180 613 | Sum | 2 180 613 |
4.2.1 Enkeltpersonføretak
For å kunne berekne eventuell formuesskatt for eit enkeltpersonføretak må ein finne netto formue. Dette får ein ved å trekke gjeld frå eigedelar.
Eigedelar | 2 180 613 | |
- | Gjeld 1) | -1 438 080 |
= | Netto formue | 742 533 |
1) Har trekt frå Kr. 3.710 frå gjeld då dette er påkomne rentekostnadar som ikkje er frådragsberettiga.
Eigaren av føretaket blir likna i skatteklasse 1, og i 2013 var det skattefrie beløpet Kr. 870.000 for denne skatteklassen (Finansdepartementet, 2012). Dette medfører altså at det ikkje føreligg noko formuesskatt for verksemda som enkeltpersonføretak.
4.2.2 Formuesverdi aksjar for aksjonær
For å finne formuesskatten for ein aksjonær må vi finne formueverdien for aksjane, i dette tilfelle føreset eg at det er berre ein aksje.
Berekning av formuesverdi:
+ | Varige driftsmidlar - Jf. Sktl. § 4-1 | 1 134 983 |
+ | Maskiner og anlegg - Jf. Sktl. § 4-1 | 200 429 |
+ | Driftsløsøre - jf. sktl §4-1 jf. taks 2-1-1 | 198 346 |
+ | Finansielle driftsmidlar - Jf. Sktl. § 4-1 | 31 540 |
+ | Kundefordringar - Jf. Sktl. § 4-15 | 529 875 |
+ | Bankinnskot - Jf. Sktl. § 4-1 | 85 439 |
= | Mellomregning | 2 180 613 |
- | Banklån - Jf. Sktl. § 4-1 | 1 094 554 |
- | Oppgjerskonto meirverdiavgift - Jf. Sktl. § 4-1 | 27 626 |
- | Påløpne andre kostnadar - Jf. Sktl. § 4-1 | 192 091 |
- | Leverandørgjeld - Jf. Sktl. § 4-1 | 123 809 |
= | Formuesverdi | 742 533 |
Også her er det trekt i frå påkomne rentekostnadar som ikkje er frådragsberettiga, tilsvarande Kr. 3.710. Som vi ser av nettoformue og formueverdien så er ikkje det nokon ulikskapar her, som betyr at det ikkje førekjem noko formuesskatt for verksemda som aksjeselskap heller.
5. Konklusjon
I denne avsluttande delen av oppgåva vil eg gjere mi analyse av både teorien og den behandla rekneskapsinformasjonen eg har samla inn. Eg vil med dette søke å trekke konklusjonar på problemstillinga mi, ved å sette resultata mine opp i mot teorigrunnlaget. Målet er som nemnt å belyse dei spørsmåla eg har formulert i forkant, og kunne trekke slutningar om kva som vil eigne seg best for verksemda i framtida ut i frå dei faktorane eg har undersøkt.
5.1. Konklusjon for anonym verksemd
Ser ein på det totale bildet og gjer ei heilskapleg vurdering av dei emna som eg har belyst, så går det fram at verksemda i dei fleste tilfella kjem best ut som enkeltpersonføretak. Det som tydeleg går igjen er betydinga av dei ekstra frådraga som eigaren fekk ved å vere enkeltpersonføretak, som til tross for toppskatt og trygdeavgift gjorde at den skattbare inntekta i dei fleste tilfella var lågast.
Normalt sett ville løns- og revisjonskostnadar auka driftsutgiftene til aksjeselskapet, men sidan føretaket ikkje har nokon tilsette og er ei forholdsvis lita verksemd, som gjer at det kan velje vekk revisorplikta, blir desse to faktorane ubetydelege. Dette talar til aksjeselskapets fordel.
I tilfellet der aksjonæren tok alt ut som utbyte vart skatten høgast. Dette kjem av at aksjeselskapet her ikkje får frådrag for nokon lønskostnadar. Skjermingsfrådraget er rett og slett for lite til å vege opp mot effekten som minstefrådraget og personfrådraget har for den skattbare inntekta. Heller ikkje det faktum at selskapet slapp å svare trygdeavgift hadde særleg effekt på utfalet i dette eksempelet.
Ved å sjå på formueskattlegginga av dei to føretaksformene, så går det klart fram at dei er likestilte. Det var ingen ulikskapar, og dermed ingenting som tala for verken det eine eller det andre.
Sjølv om enkeltpersonføretaket kom best ut i dei fleste tilfella, så ser ein at aksjeselskapet kjem best ut i eksempelet der aksjonæren tek ut ein kombinasjon av løn og utbyte. Det var her ein drastisk nedgang i skattekostnaden kontra ved å ta ut berre utbyte eller løn. Dette kjem av at aksjonæren i dette tilfellet fekk personfrådrag og minstefrådrag på lønsinntekta, og samstundes slapp å svare toppskatt. I tillegg fekk aksjeselskapet frådrag for desse
lønskostnadane. Så sjølv om selskapet også måtte svare trygdeavgift, så vart den totale skatten for selskap og aksjonær lågare enn for enkeltpersonføretaket.
Difor vil det i mitt tilfelle, med utgangspunkt i verksemda som eg har tatt for meg, vere føremålstenleg å anbefale at selskapet omdannar seg til eit aksjeselskap. Dette bør i så fall skje skattefritt, ved at eigar omdannar enkeltpersonføretaket skattefritt etter gjeldande lover og reglar, dette kan skje ved å bruke tingsinnskot som aksjekapital.
5.2. Andre føresetnader for valet
Som nemnt innleiingsvis, så vil ikkje konklusjonen som eg har treft her nødvendigvis gje eit klart og fullstendig bilete på kva som vil eigne seg i ein kvar situasjon. Dette avheng av korleis ein styrer verksemda si, og endringar i omfang av både drift og størrelse vil kunne påverke faktorane til å gje ein annan konklusjon.
Som døme på slike faktorar kan eg trekke fram blant anna tal tilsette, driftsmidlar, løn kontra utbyte. Ein auke i tal tilsette vil kunne gje auka lønsfrådrag og såleis ei lågare personinntekt, og fleire driftsmidlar vil kunne auke skjermingsfrådraget, som igjen minskar personinntekta.
Med den rette fordelinga mellom løn og utbyte, som skissert i eksempelet mitt, vil eit aksjeselskap kunne dra full nytte av frådraga. Ved å følje mitt eksempel med å ta ut løn opptil toppskatt og vidare ta ut utbyte fram til at skjermingsfrådraget er nytta, vil ein kunne få den optimale kombinasjonen. Ein kan då også følgeleg la eit eventuelt overskytande overskot bli i verksemda med omsyn til t.d. investeringar, med andre ord nytte selskapet til ei form for
«sparing».
5.3. Andre faktorar av betyding for val av føretaksform
Å forsøke å gå i djupna på kvar faktor som vil ha påverknad på valet av føretaksform ville tatt for mykje tid, og som eg også nemnte innleiingsvis er det nødvendig å foreta avgrensingar for å sikre at problemstillinga er interessant, fruktbar og ikkje minst enkel.
Ein fordel ved å velje aksjeselskap er at det vil beskytte dine personlige aktiva ved å separere dei frå selskapet sine aktiva. Dersom ein driv enkeltpersonføretak vil ein til ei kvar tid vere fullt ut ansvarlig for alle selskapets heftingar ved aksjeselskap vil ikkje ein kreditor kunne røre dine personlege midlar. Difor vil det vere føremålstenleg å opprette eit aksjeselskap
dersom ein tek store økonomiske risikoar, planlegg store investeringar eller ynskjer å ha fleire tilsette.
Andre faktorar som spelar inn kan til dømes vere opparbeiding av pensjonspoeng og trygderettigheiter. Dette er grunnar til at ein gjerne vel enkeltpersonføretak framfor aksjeselskap. Dette grunna at det berre blir berekna pensjonspoeng og trygderettigheiter av det som blir teke ut i løn av aksjeselskapet, medan det blir berekna av heile personinntekta for enkeltpersonføretaket. Dette kjem av at ekstraskatten etter føretaksmodellen gjev eigaren rettigheiter til opparbeiding, medan aksjonærmodellen ikkje gjev slike rettar.
Ein annan faktor kan og vere kravet om innskot av aksjekapital, men i dette tilfellet vil det, som nemnt, vere mogleg å oppfylle gjennom tingsinnskot så det går eg ikkje vidare inn på.
Referanseliste:
Xxxxxxxx, X. (1998). Skatt på formue. 3. utg. Oslo, Universitetsforlaget. Aksjeloven. (1997). Lov om aksjeselskaper av 13. juni 1997 nr. 44.
Altinn. (25. November 2014). Aksjeselskap (AS) [Internett], Altinn. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxxxxx.xx/xx/Xxxxxx-xx-xxxxx-xxxxxxx/Xxxxxxxxx/Xxxxx- organisasjonsform/Aksjeselskap-AS/> [Lest: 25. Februar 2015].
Altinn. (25. November 2014). Enkeltpersonforetak [Internett], Altinn. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxxxxx.xx/xx/Xxxxxx-xx-xxxxx-xxxxxxx/Xxxxxxxxx/Xxxxx- organisasjonsform/Enkeltpersonforetak/> [Lest: 14. Februar 2015].
Altinn. (21. November 2014). Hvem er regnskapspliktig? [Internett], Altinn. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxxxxx.xx/xx/Xxxxxx-xx-xxxxx-xxxxxxx/Xxxxx/Xxxxxxxx-xx-xxxxxxxx/Xxxx-xx- regnskapspliktig/> [Lest 24. April 2015].
Beskatning av aktive eiere – lønn eller utbytte. (U.D). Sticos Oppslag [Internett]. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxxxxxx.xxxxxx.xx/#/Xxxx/XxxXxxx/0000 > [Lest: 26. Februar 2015].
Bokføringsloven. (2004). Lov om bokføring av 19. november 2004 nr. 73.
Xxxxxxx, X. (1997). Metode for oppgaveskriving for studenter. 4. utg. Oslo, Gyldendal akademisk.
Xxxxxx, X. (2013). Innføring i skatterett 2013-2014. 31. utg. Oslo, Gyldendal akademisk.
Finansdepartementet. (2004). Skattefritak for aksjeinntekter i selskaper. St.meld. nr 24 (2004). Oslo, Finansdepartementet. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx/xxxxxxx/xxxxxxxxxxxx_xxx_xxxxxxxxxxxxxx/xx000000/> [Lest 13. mars 2015].
Finansdepartementet. (2011). Unntak for revisjonsplikt fra mai i år. St.meld. nr. 17 (2011).
Oslo, Finansdepartementet. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx/xxxxxxx/xxxxxx- for-revisjonsplikt-fra-mai-i-ar/id641006/> [Lest: 05. Mai 2015].
Finansdepartementet. (13. Februar 2014). Skattesatser 2014 [Internett], Regjeringen. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx/xxxx/xxxxxxx-xx-xxxxxxxx/xxxxxxx-xx- avgifter/skattesatser-2014/id748052/> [Lest: 28. Februar 2015].
Finansdepartementet. (20. Desember 2012). Skattesatser 2013 [Internett], Regjeringen. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx/xxxx/xxxxxxx-xx-xxxxxxxx/xxxxxxx-xx- avgifter/skattesatser-2013/id704216/> [Lest: 28. Februar 2015].
Folketrygdloven. (1997). Lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19.
Forskrift til skatteloven. (1999). Forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av
26. mars 1999 nr. 14. Fastsatt ved kgl. res. 19. november 1999 med hjemmel i lov av 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt.
Xxxxxxxxx, S.F. & Xxxxxxx, T. (2013). Lov og rett for næringslivet. 20. utg. Oslo, Universitetsforlaget.
LigningsABC. (2015). Skatteetaten [Internett]. Tilgjengeleg frå:
<xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxx.xx/xx/Xxxxxxxx/Xxxxxxxxxxxx/Xxxxxxxxx/Xxxxxxxx-XXX/> [Lest: 13.
Mars 2015].
Xxxxxxxxxxx, X. (1991). Sosiologisk analyse: en innføring. 3. Utg. Oslo, Universitetsforlaget.
NARF (09. Juni 2006). Fra Regnskap og Økonomi nr.2-2006 – Valg av foretaksform: AS eller enkeltpersonforetak [Internett], NARF. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxx.xxxx.xx/Xxxxxxxx/XX- regelverket/RF/Fra-Regnskap--Okonomi-nr-2-2006---Valg-av-foretaksform---AS-eller- enkeltpersonforetak/> [Lest: 13. Mars 2015].
Regnskapshjelp (10. Mars 2014). Lønn til arbeidende aksjonærer [Internett], Regnskapshjelp. Tilgjengelig frå: <xxxx://xxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxx/xxxx-xxx-xxxxxxxxxx-xxxxxxxxxxx/> [Lest: 15. Mars 2015].
Regnskapshjelp (10. Mars 2014). Omdanning til aksjeselskap [Internett], Regnskapshjelp. Tilgjengeleg frå: <xxxx://xxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxx/xxxxxxxxx-xxx-xxxxxxxxxxxx/> [Lest: 15. Mars 2015].
Regnskapsloven. (1998). Lov om årsregnskap mv. av 17. juli 1998 nr. 56.
Revisorloven. (1999). Lov om revisjon og revisorer av 15. januar 1999 nr. 2.
Selskapsloven. (1985). Lov om ansvarlige selskaper og kommandittselskaper av 21. juni 1985 nr. 83.
Skattefri omdanning fra EPF, DLS og NUF til AS (U.D). Sticos Oppslag [Internett]. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxx.xxxx.xx/Xxxxxxxx/Xxxxx/Xxxxx/Xxxxxxx-xxxxxxxxxxxx-xxx-xxxxxx- skatt/> [Lest: 26. Februar 2015].
Skatteloven. (1999). Lov om skatt av formue og inntekt av 26. mars 1999 nr. 14.
Statistisk sentralbyrå. (U.D). Føretak – Lag egne tabeller og figurer: alle foretak 2014
[Internett], Statistisk sentralbyrå. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxx.xx/xxxxxxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxx.xxx?XxxxxxxXxxxx00&XxxxxxxXxx0 1&MainTable=ForeAnsNy&contents=Foretak&PLanguage=0&Qid=0&nvl=True&mt=1&pm
=&SessID=4563982&FokusertBoks=1&gruppe1=Hele&gruppe2=Hele&gruppe3=Hele&grup pe4=Hele&gruppe5=Hele&VS1=Landet&VS2=AntAnsattGrp3&VS3=NACEtosiffer&VS4= OrgFormer&VS5=&CMSSubjectArea=virksomheter-foretak-og- regnskap&KortNavnWeb=foretak&StatVariant=&Tabstrip=SELECT&aggresetnr=1&checke d=true> [Lest: 25. Februar 2015].
Statistisk sentralbyrå. (U.D). Føretak – Lag egne tabeller og figurer: nye foretak 2014
[Internett], Statistisk sentralbyrå. Tilgjengeleg frå:
<xxxxx://xxx.xxx.xx/xxxxxxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/Xxxxxx.xxx?xxxxxxxxxxxx&XxxxxxxXxx&X ainTable=NyeNyeForetak&nvl=&PLanguage=0&nyTmpVar=true&CMSSubjectArea=virkso mheter-foretak-og-regnskap&KortNavnWeb=foretak&StatVariant=&checked=true> [Lest:
25. Februar 2015].
Stavrum, P. (01. Oktober 2013). Skatt i enkeltpersonforetak og aksjeselskap [Internett], Mamutone. Tilgjengeleg frå: <xxxx://xxx.xxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxxx/xxxxx-xxxxxxxxxxxx/xxxxx- enkeltpersonforetak-og-aksjeselskap> [Lest: 05. Mai 2015].
Stavrum, P. (06. Mai 2015). Slik starter du et aksjeselskap [Internett], Miniforetak. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxx/xxxx-xxxxxxx-xx-xx-xxxxxxxxxxxx/> [Lest: 10. Mai 2015].
Stavrum, P. (19. Mars 2015). Kutt i næringsoppgaven ved lav næringsinntekt [Internett], Miniforetak. Tilgjengeleg frå: <xxxxx://xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxx/xxxx-xxxxxxxxxxxxxxxx-xxx- lav-naringsinntekt/> [Lest: 23. April 2015].
Stortingets skattevedtak. (2014). Stortingsvedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2015 av 15. desember 2014 nr. 1718.
Vedtak om avgifter til folketrygden for 2015. (2014). Stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2015 av 15. desember 2014 nr. 1720.
Vergemålsloven. (2010). Lov om vergemål av 26. mars 2010 nr. 9.
Økonor (U.D). Aksjonærmodellen [Internett], Økonor. Tilgjengeleg frå:
<xxxx://xxx.xxxxxx.xx/xxxxxxxxx/Xxxx.xxxx?xxx0000&xxxxxxxxxxxxXX> [Lest 12. Mars 2015].