Rundskriv
Rundskriv
Departementa Statsministerens kontor
Nr. | Vår referanse | Dato |
2/2005 | 200501308 | 16 juni 2005 |
Løns- og arbeidsvilkår for arbeidarar som utførar tenestekontraktar og byggje- og anleggskontraktar for staten
1. INNLEIING
Bakgrunnen for rundskrivet er ILO-konvensjon nr. 94, om arbeidarklausular i offentlege arbeidskontraktar, som skal sikre like arbeidsvilkår uavhengig av nasjonalitet. Konvensjonen gjeld løn og arbeidsvilkår for arbeidstakarar som utførar oppdrag for statlege styresmakter og har som formål å sikre like arbeidsvilkår uavhengig av nasjonalitet. Noreg har ratifisert konvensjonen og har såleis ei folkerettsleg plikt til å syte for at innhaldet i konvensjonen blir etterlevd. I samband med utvidinga av EØS til 28 land, vart særleg skilnader i lønsforhold aktualisert. Regjeringa avgjorde difor å påleggje statlege etatar å følgje føresegnene i konvensjonen gjennom eit rundskriv.
2. VERKEOMRÅDE
Dette rundskrivet gjeld for statlege styresmakter når dei inngår kontraktar om tenester og bygg- og anleggsarbeid som nemnt i lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 og forskrift om offentlige anskaffelser av 15. juni 2001 (innkjøpsforskrifta).
Med statlege styresmakter er det denne samanhengen meint dei statlege styresmaktene som regjeringa har instruksjonsmakt over.
Rundskrivet gjeld for kontraktar om alle tenester og bygg- og anleggsarbeid som overstig EØS-terskelverdiane, for tida 1 150 000 kroner for tenester og 38 550 000 kroner for byggje- og anleggskontraktar, jf. innkjøpsforskrifta § 2-2.
Postboks 8004 Dep, 0030 Oslo
Telefon 00 00 00 00 Telefaks 22 24 27 23
Bakgrunnen for å bruke same beløpsgrense som for kravet til kunngjering i EØS, er at graden av samhandel er størst for kontraktar over terskelverdiane. Plikta til å regulere løns- og arbeidsforhold i kontraktar gjeld difor der behovet er størst. Det er likevel viktig å merke seg at klausulane må gjerast gjeldande så vel for nasjonale som for utanlandske leverandørar.
3. HOVUDINNHALDET I ILO-KONVENSJONEN
3.1 Innleiing
Når statlege styresmakter sett bort arbeid, krev konvensjonen at kontraktane inneheld klausular som sikrar arbeidstakarane løns- og arbeidsvilkår, som ikkje er dårlegare enn dei som gjeld for same type arbeid innanfor same distrikt. I og med at kontraktklausulane skal gjerast gjeldande for underleverandørar og underentreprenar, må klausulane gjennomførast også i slike avtalar.
Kravet om gjengs løn er kjerna i konvensjonen. Nedanfor er det gjort nærare greie for lønsvilkår og supplerande krav til oppdragsgjevarar og leverandørar etter konvensjonen.
3.2 Lønsforhold
ILO-konvensjonen opererer med omgrepa distrikt og fag- eller næringsgrein som grunnlag for å fastsette løn og arbeidsvilkår til arbeidarar som utførar oppdrag for statlege styresmakter. Løns- og arbeidsvilkår skal etter konvensjonens krav ikkje være dårlegare enn kva som følgjar av gjeldande tariffavtale, regulativ eller kva som er normalt for vedkommande sted og yrke.
Konvensjonen gjeld også arbeid som skal utførast i utlandet, og då vil det være dei løns- og arbeidsvilkår som er vanlege i det distrikt i det landet der arbeidet blir utført som må etterlevast.
3.3 Tilsyn og oppfølging
Oppdragsgjevarane skal i kontrakten stille krav om at leverandøren skal kunne dokumentere arbeidstid og lønsutbetalingar til arbeidstakarane som utfører oppdraget. Konvensjonen stiller dessutan krav om at det skal førast tilsyn for å sikre at kontrakten blir effektivt overhalden.
Det er ei tilfredsstillande form for tilsyn at det blir lagt fram dokumentasjonen på dei lønns- og arbeidsvilkåra som blir nytta hjå entreprenøren, eventuelt leverandøren, for å få stadfesta om klausulen er overhalde. Kontraktklausulane bør derfor også ha med ein regel som gjev entreprenøren (leverandøren) ei plikt til, dersom det vert bede om det, å leggja fram opplysningar om lønns- og arbeidsvilkåra. Eit slikt tilsyn kan gjerne skje ved bruk av stikkprøver.
Dersom leverandøren ikkje betaler arbeidarane det dei har krav på, skal oppdragsgjevarane kunne halde att vederlaget eller på annan måte sikre at arbeidstakarane får løna si.
3.4 Informasjon
Oppdragsgjevarane skal ta inn informasjon om kontraktklausulane i konkurransegrunnlaget, eventuelt også i kunngjeringa.
4. FRAMLEGG TIL KONTRAKTKLAUSUL
Nedanfor følgjer eit framlegg til kontraktklausul. Oppdragsgjevarane kan også bruke eigne formuleringar så lenge dei oppfyller pliktene som nemnt under nr. 3.
”Leverandøren skal syte for at tilsette i eigen organisasjon og tilsette hos eventuelle underleverandørar ikkje har dårlegare løns- og arbeidsforhold enn det som følgjer av tariffavtaler, regulativ eller det som er normalt for vedkommande stad og yrke. Dette gjeld berre for tilsette som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten. Leiaren av verksemda er ansvarleg for at denne regelen vert etterlevd.
Alle avtaler leverandøren inngår som inneber utføring av arbeid under denne kontrakten skal innehalde tilsvarande føresegner.
Dersom leverandøren ikkje etterlever klausulen, har oppdragsgjevaren rett til å halde tilbake delar av kontraktssummen til det er dokumentert at forholdet er i orden. Summen som blir tilbakehalden skal svare til ca. 2 gonger innsparinga for arbeidsgjevaren.”
Leverandøren skal på oppmoding leggje fram dokumentasjon om dei løns- og arbeidsvilkåra som vert nytta. Dokumentasjonsplikta omfattar også underentreprenørar (underleverandørar).”
Med helsing
Xxxxxxx Xxxxx
fungerende ekspedisjonssjef (e.f.)
Xxx Xxxxxxxxx avdelingsdirektør