INNHALD:
Delavtale mellom
xx kommune og Helse Førde HF
Psykiske helsetenester og rusbehandling
INNHALD:
1. Partar | 3 |
2. Bakgrunn | 3 |
3. Føremål | 3 |
4. Samhandling | 3 |
4.1 Generelt | 3 |
4.2 Barn og unge | 4 |
4.2.2 Akutthjelp | 3 |
4.2.3 Døgnbehandling | 4 |
4.2.3 Polikliniske tenester | 4 |
4.3 Vaksne | 6 |
4.3.1 Akutthjelp | 6 |
4.3.2.Døgnbehandling | 6 |
4.3.3 Polikliniske tenester | 7 |
4.3.4 Ambulante tenester | 7 |
4.4 Rus | 8 |
5. Forholdet til rammeavtalen | 10 |
6. Handtering av usemje | 10 |
7. Misleghald | 10 |
8. Avtaletid, revisjon og oppseiing | 10 |
Avtale om psykiske helsetenester og rusbehandling
1. Partar
Avtalen er inngått mellom xx kommune og Helse Førde HF.
2. Bakgrunn
Lovgrunnlaget for avtalen er i første rekke følgjande lover med tilhøyrande rettleiarar og forskrifter:
• Lov om spesialisthelsetenesta
• Lov om pasientrettar
• Lov om psykisk helsevern
• Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
• Helse- og omsorgstenestelov
• Forskrift til sosialtenestelova (no heimla i helse- og omsorgstenestelova)
• Lov om barneverntenester
Avtalen er vidare heimla i rammeavtalen mellom xx kommune og Helse Førde, jfr pkt. 4 i rammeavtalen.
3. Føremål
Denne delavtalen har som føremål å sikre eit godt samarbeid mellom psykiske helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og kommunane, slik at brukarane får eit heilskapleg tilbod med best mogleg fagleg og brukaropplevd kvalitet. Avtalen skal bidra til at innbyggarane i Sogn og Fjordane får lik tilgang til tenestetilboda innan psykiske helsetenester og rusbehandling/-omsorg.
Avtalen skal også styrke kunnskapen om tilboda, definere ansvarsområde, avklare gråsoner og fremje rasjonell ressursbruk.
4. Samhandling
4.1 Generelt
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Tilby utgreiing, handsaming og rehabilitering på kvalifisert spesialistnivå for psykiske lidingar og ruslidingar.
▪ Barneansvarleg personell har ansvar for å fremje og koordinere oppfølging av mindreårige barn av psykisk sjuke og rusmiddelavhengige.
▪ I organisering og drift av tilboda skal brukarmedverknad vere integrert i tenesta.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Søkje å fange opp signal om psykisk sjukdom og rusmisbruk/-avhengighet tidleg og gjennomføre vurdering, behandling og oppfølging.
▪ Helse- og omsorgspersonell skal innhente informasjon om brukaren har mindreårige barn og få oversikt over omsorgssituasjonen.
▪ Kontakte spesialisthelsetenesta for råd og rettleiing.
▪ I organisering og drift av tilboda skal brukarmedverknad vere integrert i tenesta.
Kommunane og Helse Førde må arbeide for å redusere fordommar/stigmatisering og auke kunnskap om psykisk sjukdom og rusavhengighet.
Partane skal halde kvarandre orienterte om samarbeid med andre instansar, som t.d. kompetansesenter.
Partane skal samarbeide om å utvikle tiltak for informasjon og undervisning til pasientar og pårørande. Dette skal skje ved opplæring individuelt og i grupper. Ein må vere særleg merksam på oppfølging av familien/pårørande i akutte situasjonar.
Partane skal vere merksame på pliktene til å varsle barnevernet m.v. i samsvar med lovverket.
4.1.1 Rettleiing
Helse Førde sitt ansvar
▪ Planlagde og regelmessige konsultasjonsdagar lokalt, disponert av kommunen
▪ Planlagde, tverrfaglege og regelmessige samarbeidsmøte mellom BUP og tenesteområde i kommunen med fagansvar for barn og unge
▪ Helse Førde vil vidare følgje opp si rettleiingsplikt m.a. på følgjande måtar:
- Deltaking på kurs og internundervisning i regi av DPS eller psykiatrisk klinikk
- Grupperettleiing til tilsette i helse- og sosialtenesta
- Rådgjeving og rettleiing ved spesialkonsulent for rus
- Rådgjeving og rettleiing ved videokonferanser/telemedisin
- Undervisning i tema som kommunen ynskjer
- Vurdering og rådgjeving i kommunale institusjonar
- Arrangere årlege samhandlingsmøte på fagleg nivå i lokalsjukehusområda innan psykisk helsevern
Kommunen sitt ansvar
▪ Ta på seg organisering av planlagde konsultasjonsdagar
▪ Prioritere faste samarbeidsmøte
▪ Stimulere til og legge til rette for deltaking på kurs og undervisning i relevante tema
▪ Prioritere tilsette for deltaking i grupperettleiing og anna rådgjeving
▪ Bruke spesialisthelsetenesta aktivt for kompetansebygging lokalt
▪ Prioritere deltaking på årlege samhandlingsmøte for psykiske helsetenester
Begge partane skal aktivt legge til rette for erfaringsutveksling, kompetanseheving og kunnskapsdeling, m.a. gjennom gjensidig hospitering.
4.2 Barn og unge
4.2.1 Akutthjelp
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Ungdomsposten for psykisk helsevern (UPH) i Førde har plikt til å ta i mot pasientar under 18 år tilvist til akuttvurdering frå allmennlege.
▪ Endeleg avgjerd om innlegging vert teke av Helse Førde sin ansvarlege lege.
▪ Born under 12 år får som hovudregel tilbod om poliklinisk eller ambulant behandling.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Tilby akutthjelp hos lege (fastlege i kontortida, legevakt på andre tidspunkt), og andre helse- og omsorgstenester
▪ Skal ta tidleg kontakt ved trong for innlegging.
4.2.2 Døgnbehandling
Helse Førde sitt ansvar:
▪ UPH skal gje tilbod om døgnbehandling for ungdom mellom 12 og 18 år med alvorlege psykiske lidingar. Planlagd innlegging bør alltid skje via lokal poliklinikk
▪ UPH skal aktivt samarbeide med lokal poliklinikk og relevante faginstansar i kommunane under opphaldet og ved utskriving.UPH skal varsle fastlege og kommunale tenester om utskriving så tidleg det let seg gjere.
▪ UPH skal tilby oppfølging etter utskriving når det er naudsynt
▪ Ved trong for langvarig og/eller koordinerte tenester skal UPH ta initiativ til og/eller bidra til utarbeiding av individuell plan.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Delta i eit større samarbeid medan barnet/ungdommen er innlagt for å sikre at kommunen tek medansvar for eit godt pasientforløp, og for å førebu naudsynt hjelp etter utskrivinga.
4.2.3 Polikliniske tenester
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Ha god oversikt over behandlingsbehova i opptaksområdet.
▪ Ha tilbod om øyeblikkeleg hjelp-vurderingar på dagtid.
▪ Syte for at utgreiing og behandling er tilpassa pasientar og føresette sine behov for tenester.
▪ Sikre at barn og unge som ikkje kan møte opp ved poliklinikken får nødvendig utgreiing. Poliklinikken skal, når det er tenleg og mogleg, utgreie barn og unge der dei bur. Dette gjeld også der innlegging i sjukehus har vist seg vanskeleg å få til.
▪ Dersom poliklinikken vert kjent med at barnet/den unge treng oppfølging av dei kommunale hjelpetenestene, må dei hjelpe foreldre/fastlege/barnehage/skule slik at barnet vert tilvist rett instans.
▪ Tilby rettleiing til kommunale hjelpetenester vedkomande barn/unge som er i behandling ved poliklinikken. Innhald og omfang av rettleiinga må avklarast gjennom drøfting.
▪ Ved trong for langvarig og/eller koordinerte tenester skal poliklinikken ta initiativ til og/eller bidra til utarbeiding av individuell plan.
▪ Bidra til at oppfølginga av barnet/den unge i størst mogleg grad kan gjerast lokalt.
▪ Gje tilvisar/fastlege tilbakemelding så fort vurdering /diagnose er klar. Tilbakemeldinga skal og innehalde plan for vidare behandling.
▪ Ved lengre forløp skal tilvisande instans vere orientert om status for behandlinga minimum kvar 6. månad. Tilbakemelding kan mellom anna skje gjennom felles samarbeidsmøte.
▪ Om fleire instansar i spesialisthelsetenesta er involverte, må kommunikasjonslina ut til dei kommunale tenestene vere klar.
▪ Yte tenester også i bustadkommunen når det er naudsynt.
▪ Vere pådrivarar for eit godt samarbeid med fastlegar, kommunale tenester for barn og unge samt Bufetat.
▪ Xxxxxx tilvisar om at pasientar ikkje møter til avtalar ut frå ei individuell vurdering.
▪ Bruk av ambulante tenester kan vere aktuelt i høve der barn og unge ikkje klarar å nyttiggjere ordinær poliklinisk kontakt.
▪ Prioritere deltaking på ansvarsgruppemøte når det er behov for spesialistar i barn og ungdomspsykiatri.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Leggje til rette for at barn og unge som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar vert identifiserte så tidleg som mogleg.
▪ Sikre god kunnskap om tidleg symptom på psykiske vanskar både i barnehage og skule.
▪ Sikre tilstrekkeleg kapasitet ved helsestasjon, skulehelsetenesta, PPT og barnevern for å følgje opp barn og unge i risiko.
▪ Sikre at helsestasjon, barnevern og PPT prioriterer faste samarbeidsmøte med BUP.
▪ Sikre at tilvisingane frå dei kommunale tenestene er samordna og har med informasjon om barnet og familien.
▪ Bidra til at kommunal koordinator vert oppnemnt ved behov. Den kommunale koordinatoren har ansvar for å oppretthalda kontakt mellom barnet/den unge/familien/venner og nettverk og hjelpetenestene i ventetida og under behandlinga i spesialisthelsetenesta.
▪ Syte for at Helse Førde er kjend med kva som er mogeleg av tiltak og strategiar i aktuell sak innan det kommunale tenestetilbodet.
▪ Utarbeide individuell plan når barnet/den unge har behov for omfattande langvarige og
/eller samansette tenester. Som hovudregel skal det vera kommunen som har ansvaret for koordinering av arbeidet med individuell plan.
▪ Informere psykisk helsevern om kven som er koordinator i dei kommunale tenestene.
▪ Sikre tilgjengeleg informasjon om dei kommunale tenestene ved oppdaterte heimesider på internett.
4.3Vaksne
4.3.1 Akutthjelp
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Akuttposten ved Psykiatrisk klinikk, Førde sentralsjukehus har plikt til å yte øyeblikkeleg hjelp for heile føretaksområdet.
▪ DPS har døgnåpne akuttenester innan 01.01.16.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Tilby akutthjelp hos lege (fastlege i kontortida, legevakt på andre tidspunkt). Med akutthjelp forstår partane diagnostisering, kartlegging av funksjonsnivå og vurdering av behov for tenester og rett omsorgsnivå.
▪ Fatte vedtak om tildeling av tenester.
▪ Gå via DPS når dei treng hjelp frå spesialisthelsetenesta
▪ Ved spørsmål om akuttinnleggingar bør det vurderast om innlegging kan unngåast gjennom dialog med lokalt DPS
▪ Personell som kan fatte vedtak om tvungen legeundersøking etter § 3-1.
▪ Involvere pårørende bør så langt råd er.
4.3.2 Døgnbehandling
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Gi døgnbehandling ved lukka akuttpost ved Førde sentralsjukehus og ved døgnpostar ved DPS som ml.a. har kriseplassar, brukarstyrte plassar og dekker trongen for elektive opphald.
▪ Jobbe for at opphalda i psykisk helsevern vert kortast mogleg.
▪ Varsle kommunane om pasientar som er innlagde og som kjem til å trenge kommunale tenester etter utskriving.
▪ Varsle om utskrivingsklare pasientar snøggast råd og byrje arbeidet med individuell plan når det er nødvendig.
▪ Tilby kriseplan for personar med fare for brå og alvorlege tilbakefall.
▪ Oppnemne koordinator i spesialisthelsetenesta, som mellom anna er ansvarleg for kommunikasjonen med dei kommunale tenestene, for personar med trong for koordinerte tenester .
▪ Ved behov for sjukmelding der pasient er ukjent for fastlege skal Helse Førde skrive sjukmelding i inntil 2 veker etter utskriving. Ved behov for vidareføring av sjukmelding etter to veker, bør pasienten oppmodast om å bestille time hos fastlegen eller få hjelp til dette.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Ha ei koordinerande eining som formidlar vidare kontakt i det kommunale hjelpeapparatet.
▪ Legge til rette for grunnleggjande velferdsgode som eigna husvære og høveleg sysselsetjing.
▪ Tilby naudsynt støtte til utskrivne pasientar, mellom anna buoppfølging.
▪ Delta i samarbeidsmøte om pasientar, både ved innlegging og før utskriving ved behov.
▪ Ta i mot utskrivingsklare pasientar så snart som råd etter varsling frå spesialist- helsetenesta.
▪ Peike ut koordinator for personar som ønskjer individuell plan. Koordinator har ansvar for å halde kontakt med institusjonen under opphaldet.
4.3.3 Polikliniske tenester
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Halde god oversikt over behandlingsbehov i opptaksområdet, og tilby spesialiserte behandlingstilbod og -tilnærmingar tilpassa pasientane sine behov for tenester.
▪ Gje raskt tilbod om første vurdering og ha som mål at ingen skal vente meir enn fire veker frå tilvising er motteke til tilbod om vurderingssamtale.
▪ Ha tilbod om øyeblikkelig hjelp-vurderingar
▪ Gje tilvisar/fastlege tilbakemelding så fort vurdering /diagnose er klar. Tilbakemeldinga skal og innehalde plan for vidare behandling.
▪ Ved lengre forløp skal tilvisande instans vere orientert om status for behandlinga minimum kvar 6. månad. Tilbakemelding kan mellom anna skje gjennom felles samarbeidsmøte.
▪ Tilby polikliniske tenester der det, etter faglege vurderingar eller praktiske årsaker, er mest føremålstenleg for pasienten.
▪ Xxxxxx tilvisar om at pasientar ikkje møter til avtalar.
▪ Ved behov for sjukmelding der pasient er ukjent for fastlege skal Helse Førde skrive sjukmelding i inntil 2 veker etter utskriving. Ved behov for vidareføring av sjukmelding etter to veker, bør pasienten oppmodast om å bestille time hos fastlegen eller få hjelp til dette.
Kommunen sitt ansvar:
▪ Ha ei koordinerande eining som formidlar vidare kontakt i det kommunale hjelpeapparatet.
▪ Fastlege/ legevakt gjør ei god kartlegging av symptom og funksjonsnivå, og ut frå det vurdere rett omsorgsnivå, behov og nytte av poliklinisk behandling.
▪ Delta på samarbeidsmøte for brukarar som har behov for det.
▪ Peike ut koordinator for brukar som ynskjer individuell plan.
▪ Legge til rette for grunnleggjande velferdsgode som eigna husvære og høveleg sysselsetjing.
▪ Fastlegen har ansvar for undersøkingar før tilvising og evt. vidare undersøkingar og oppfølging når brukar er i behandling.
▪ Sjukemeldingar er primært fastlegen sitt ansvar.
▪ Helse- og omsorgspersonell skal innhente informasjon om korvidt brukaren har mindreårige barn og få oversikt over omsorgssituasjonen
4.3.4 Ambulante tenester
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Føresegnene i avtalen om polikliniske tenester gjeld og ambulante tenester.
▪ Vere eit alternativ til innlegging eller gjere naudsynte innleggingar så korte som råd.
▪ Vere eit tilbod ved trong for snarleg hjelp.
▪ Vere eit tilbod til personar som treng langvarig og koordinert behandling
4.4. Rusbehandling
4.4.1 Akutt behandling av rusmiddelmisbruk
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Medisinsk avdeling i Helse Førde har plikt til å ta imot pasientar med behov for akutt medisinsk avrusing (intensiv behandling).
▪ Syte for vidare oppfølging innan Psykisk helsevern og TSB når det er behov for det.
4.4.2 Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Helse Førde sitt ansvar:
▪ Tilby tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) innan dei fire avdelingane i Klinikk Psykisk helsevern
▪ Ha TSB vurderingseiningar ved Indre Sogn psykiatrisenter, Nordfjord psykiatrisenter og ved Psykiatrisk klinikk. TSB vurderingseining vurderer rett og frist for ulike typar rusbehandling
▪ I tillegg til lukka akuttpost i Førde og sengepostane ved DPS vert det gjeve tilbod om døgnbehandling ved eigne ruspostar på Kyrkjebø og Eid.
▪ Henvise til TSB-døgnbehandling ved institusjonar Helse Vest har avtale med eller institusjonar innen fritt sjukehusval.
▪ Ambulant og poliklinisk behandling for pasientar med ruslidingar blir gjeve ved poliklinikkane ved DPS og BUP.
▪ Tilby LAR (Legemiddelassistert rehabilitering) oppfølging/ behandling
Kommunen sitt ansvar
▪ Tilvise til TSB vurderingseining når pasient har trong for TSB (Tverrfagleg spesialisert rusbehandling)
▪ Fastlege og NAV skal delta i trepartsamarbeidet knytt til LAR (Legemiddelassistert rehabilitering)
Samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane når det gjeld rus vert utover punkt 4.4 regulert etter punkta 4.1, 4.2 og 4.3 i avtalen.
5. Forholdet til rammeavtalen
Føresegner i rammeavtalen gjeld tilsvarande for denne avtalen. Gjennom dette vert ivaretaking av brukarmedverknad også definert for denne avtalen. Ved motstrid mellom denne avtalen og rammeavtalen, går rammeavtalen føre.
6. Handtering av usemje
Ved usemje skal partane følgje reglane i rammeavtalen.
7. Misleghald
Dersom ein av partane misligheld sin del av avtalen med vedlegg, og dette påfører den andre parten dokumenterte tap, kan tapet blir kravd dekka av den som mislegheld avtalen.
8. Avtaletid, revisjon og oppseiing
Avtalen trer i kraft frå 01.11.15 , og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eitt års oppseiingsfrist, jf. helse- og omsorgstenestelova § 6-5 andre ledd.
Partane er samde om å gjennomgå avtalen innan desember kvart år og syte for jamnleg rapportering og evaluering.
Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen blir endra.
---------------------- 02.07.15
Dato
Xxxxx Xxxxxx (e.f.)
-------------------------------------- samhandlingssjef
xx kommune Helse Førde HF