Seksuelle overgrepKorleis lærarar kan oppdage og handtere at elevar vert utsett for seksuelle overgrep avKandidatnummer: 101 Britt Eva Heggheim Sexual abuseHow teachers can detect and handle that pupils are being sexual abused Grunnskulelærar 1-7...
Seksuelle overgrep Xxxxxxx lærarar kan oppdage og handtere at elevar vert utsett for seksuelle overgrep |
av Kandidatnummer: 101 Xxxxx Xxx Xxxxxxxx |
Sexual abuse How teachers can detect and handle that pupils are being sexual abused |
Grunnskulelærar 1-7 PE369 Mai 2016 |
Avtale om elektronisk publisering i Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv (Brage)
Eg gir med dette Høgskulen i Sogn og Fjordane løyve til å publisere oppgåva (Skriv inn tittel) i Brage dersom karakteren A eller B er oppnådd.
Eg garanterer at eg har opphav til oppgåva, saman med eventuelle medforfattarar. Opphavsrettsleg beskytta materiale er nytta med skriftleg løyve.
Eg garanterer at oppgåva ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett.
Ved gruppeinnlevering må alle i gruppa samtykke i avtalen.
Fyll inn kandidatnummer og namn og set kryss:
Kandidatnummer 101: Xxxxx Xxx Xxxxxxxx
JA _X_ NEI
Innhald
2.2 Validitet og reliabilitet 7
2.3 Val av kjelder og framgangsmåte 7
3.1 Kva er seksuelle overgrep? 8
3.4 Kven er det som forgrip seg? 9
4.1 Somatiske (kroppslege) teikn 11
4.5 Forhold til eigen kropp 13
4.6 Angst og dårleg sjølvbilete 13
4.9 Depresjon og fattig mimikk 14
4.14 Inneslutta eller utagerande 15
6.0 Framgangsmåte ved mistanke om seksuelle overgrep 17
6.1 Kven kan eg rådføre meg med? 17
6.2 Handsaming av mistanke på skulen 18
9.1 Litteratur henta frå internett 22
I denne oppgåva skal eg ta føre meg temaet seksuelle overgrep. Gjennom utdanning har eg vore innom emnet, og i praksis har eg opplevd å stille spørsmål ved barn. Dette vekte interesse, og gjorde til at eg ønskjer å lære meir. Ved sidan av studiet arbeider eg som ekstravakt på ein barnevernsinstitusjon for ungdomar, og det var i møte med ungdomane her at eg starta å reflektere over korleis eg som lærar ville vere i stand til å møte elevar med slike opplevingar og erfaringar på min arena; skulen. Eg ønskjer forstå temaet betre slik at eg vert betre rusta til å oppdage og handtere framtidige situasjonar på ein god måte. Ein lærar er ein av dei viktigaste omsorgspersonane utanom heimen. Eg tykkjer det er viktig ha nok kunnskapar om temaet, då vi lærarar gjennom mykje samvær med barna har ei unik mogelegheit til å oppdage slike situasjonar. For å kunne oppdage barn som vert utsett for seksuelle overgrep, lyt vi ha kunnskapar som gjer oss i stand til å sjå. Eg vil starte med å definere viktige omgrep, samt noko om metoden eg nyttar. Vidare vil eg utdjupe temaet seksuelle overgrep og incest, kven som er forgrip seg og litt om tabuet som er knytt til seksuelle overgrep.
Gjennom oppgåva vil eg finne ut kva teikn ein kan sjå i barn som vert eller har vorte utsette for seksuelle overgrep. I tillegg vil eg seie noko om korleis lærarar skal handtere situasjonar der det vert oppdaga at barn vert utsett for seksuelle overgrep, kven eg kan kontakte for å bidra med kompetanse på området og kva lovverket seier om korleis eg skal handtere dette.
Oppgåva mi er todelt:
1. Kva er teikn på seksuelle overgrep hjå barn?
2. Kva skal eg som lærar gjere når eg oppdagar at elevar vert utsett for seksuelle overgrep?
I Noreg er den seksuelle lågalderen 16 år. Det er berre straffelova som definerer barn som individ under 16 år, medan anna lovverk definerer individ som born fram til dei er 18 år (Xxxxxxxxx, 2005, s. 38). Eg vel å tenkje på barn som elevar i 1. – 7. trinn når eg skriv denne oppgåva. Sidan eg vel å fokusere på barn i denne aldersgruppa, let eg ute nokre teikn og symptom. Dette gjeld hovudsakleg seinskadane ved seksuelle overgrep.
Det finnast ulike definisjonar på seksuelle overgrep som er utforma ulikt slik at dei er nyttige for dei formåla og i dei kontekstane dei nyttast i (Xxxxxxxxx, 2005, s.38). Den juridiske definisjonen av seksuelle overgrep mot barn finn vi i straffelova om seksuallovbrot. Her vert omgrepa seksuelt krenkande eller anna uanstendig åtferd og seksuell handling eller omgang nytta. (Xxxxxxxxx, 2005, s. 39, Xxxxxxxxxxxx, 2005) seier at dei fleste sosialpsykologiske definisjonane på ulike måtar forklarar at den som forgrip seg, brukar makta si til å dekkje sine eigne behov slik at det går ut over barnet sine behov. Definisjonane kan også seie noko om at overgrep er seksuelle handlingar som barnet ikkje kan forstå, at handlinga krenkjer barnet sin integritet, at den vaksne utnyttar barnet sin avhengighet eller sin eigen maktposisjon, at handlingane bryt med sosiale tabu innan familien, eller at handlingane er ulovlege. Det er dette innhaldet eg vel å legge i omgrepet vidare i teksten.
Oppgåva byggjer på ei litteraturstudie. I praksis inneber det å gå systematisk gjennom publikasjonar som finst på området, og ut frå det prøve å kome fram til gyldige konklusjonar. Befring (2007, s. 51- 52) seier at ei litteraturstudie kan bidra til relevant forsking ved å mellom anna summere opp sentrale funn, teoriar og konklusjonar. I tillegg kan den gi ei vurdering av framtidige forskingsbehov på området. Ein veikskap ved denne metoden er at val av litteratur baserar seg på subjektivt skjønn, der vurderingane til den som utfører arbeidet vert avgjerande. For å utføre eit arbeid av grunnleggjande verdi, lyt ein vere i stand til å vurdere kvaliteten, truverdet og relevansen av dei publikasjonane ein tek i bruk (Befring, 2007, s. 51-52).
Etikken er det som gir eit systematisk grunnlag for å vurdere moralske spørsmål. Gjennom etiske og moralske vurderingar gir ein uttrykk for kva som er rett og gale, akseptabelt og forkasteleg, og kva som er verdig og uverdig. Såleis vert etikken ein viktig målestokk for vurdering av forsking. Dei etiske reglane, normene, fungerer som ei rettesnor for einskildmenneske. I denne samanhengen kan ein seie at etikken fortel oss korleis vi bør handle, og korleis forskarsamfunnet bør fungere. Eit ideal som står høgt innan forsking er at forskarane sjølve og deira institusjonar er fristilte, verdifrie og verdinøytrale i sitt arbeid. Likevel tek ein i dag for gitt at verdiar av ulike slag alltid vil verke inn på det vitskapelege arbeidet, både ved forståingsmåtar, forskingsmetodar, finansiering og legitimering. Eit berande forskingsetisk prinsipp slår fast at vi verken kan eller skal samle data utan omsyn til andre
verdiar. Samstundes har vi normative kvalitetskrav til forskingsprosessen, der det essensielle er kravet til om å vere truverdig, ved å unngå både utilsikta og tilsikta feil. I mitt arbeid handlar mine etiske vurderingar handlar om å vere så nøytral til stoffet som over hovud mogeleg. For at forskinga skal vere til å lite på må ein gi innsyn i prosessen og framgangsmåtar, samt hindre at utanforliggande forhold og vurderingar tekne på førehand verkar inn på arbeidet (Befring, 2007, s. 54-65).
Grad av tillit og truverde vert uttrykt ved å referere til høg eller låg validitet, høg eller låg reliabilitet. I beste fall kan det som ligg til grunn i måleprosedyren vere av ein slik art at det er grunn til å lite på resultatet. Eigenskapar som er lett tilgjengelege for måling, er variablar som relativt lett kan definerast operasjonelt, og som igjen gjev eit godt utgangspunkt for eintydige målereglar. I denne samanhengen kan variablane vere vanskelege å måle, då det er problematisk å definere eintydige haldepunkt i det som vert undersøkt. Validiteten stiller spørsmål om vi har fått eit måleresultat for den variabelen eller fenomenet vi ønskjer å måle, eller i kor høg grad resultatet inkluderer irrelevante faktorar. Validiteten handlar såleis om i kva grad resultata er gyldige (Befring, 2007, s. 113-114).
Reliabilitet handlar om at informasjonen eg formidlar er til å stole på, at målingar vert utført korrekt og at eventuelle feilmarginar vert oppgitt (Dalland, 2012, s. 52). Ein kan prøve reliabiliteten ved å samanlikne dei resultata til to eller fleire uavhengige forskarar oppnår ved vurdering av same fenomen. Same funn i fleire kjelder vil gjere resultata meir truverdige (Befring, 2007, s. 116-117).
2.3 Val av kjelder og framgangsmåte
Det er viktig at innsamlinga av teori, handsaminga av den og analysen er mest mogeleg nøyaktig. Ved å gå fram på rett måte, vert resultatet av litteraturanalysen minst mogeleg avhengig av forskaren som individ. Ved å gjere greie for min eigen faglege ståstad og utgangspunkt, samt fortelje om framgangsmåten i arbeidet, er idealet at nokon andre skal kunne få det same resultatet ut av litteraturanalysen, som det eg gjer (Dalland, 2012, s. 117).
Eg starta å søkje i bibliotektenesta «oria». Eg har søkt med orda barn og seksuelle overgrep, og avansert søket ved å avgrense funna til nyare år. Eg har sett i biblioteket under kategorien barnevern og seksuelle overgrep, og fått tips om litteratur frå andre fagfolk. I oppgåva har eg hovudsakleg nytta bøker av Xxxxxxxx Xxxxx Xxxxxxx (2014), Xxxx Xxxxxxxxx (2005) og Xxx Xxxxxxxx (2003). Desse bøkene er valt på grunn av nyare dato, og fordi eg vurderer dei som valide kjelder til kunnskap ut i frå deira faglege bakgrunn og utdanning.
Når det gjeld digitale kjelder, har eg nytta søkjemotoren «pubmed» for å finne faglege artiklar med relevant forsking. Her nytta eg søkjeorda «sexual abuse» og «middle school». Lover og reglar er henta gjennom xxxxxxx.xx, som er ei digital samling av Noregs lover. Av andre internettkjelder har eg nytta tal og artiklar frå statistisk sentralbyrå, henta i XXX.xx. Her har eg leita meg fram for å finne innhald som støttar oppgåva mi, og fann fram til informasjon under kategorien sosiale forhold og kriminalitet, og delområdet barne- og familievern. I tillegg har eg gjort søk i regjeringa og helsedirektoratet sine sider.
3.1 Kva er seksuelle overgrep?
Det finnast mange ulike definisjonar på omgrepet, men vi kan vi skilje mellom breie og smale forklaringar. Den breie definisjonen inkluderer alle former for utuktig samhandling med born, og signaliserer at seksuell aktivitet med born ikkje er akseptert. Når ein definerer omgrepet smalt, skil ein mellom berøring av barnets kjønnsdelar frå å ikkje røre barnet. Nyttar ein denne typen forklaringar, vert ikkje blotting, tvang til nakenposering, filming og tvang til å sjå på seksuelle handlingar rekna som alvorlege seksuelle overgrep (Breidvik, 2003, s. 16-17). Det at ulike definisjonar vert knytt til ulike undersøkingar, gjer det vanskeleg å kartleggje fenomenet skikkeleg.
Xxxxxxxxx (2005, s. 38) meiner det ikkje er mogeleg å finne ein definisjon av omgrepet «seksuelle overgrep», som inneheld alle forhold som er avgjerande for å forstå fenomenet. Vi finn ulike definisjonar som er utforma for dei formål og kontekstane dei skal nyttast i; til dømes vil politijuristar som følgjer straffelova nytte andre definisjonar enn ein terapeut som skal arbeide med barnet sine symptom og skadar.
Grunnleggjande element i mange av dei definisjonane som vert nytta i sosialfag, psykologisk eller sosiologisk faglitteratur om seksuelle overgrep mot barn, har vore at det er ei seksuell handling som barnet ikkje forstår, ikkje er moden for og ikkje kan gi informert samtykkje til. Det er ei handling som krenkjer barnet sin integritet, der den vaksne utnyttar barnet sin avhengigheit eller eigen maktposisjon. Handlinga baserer seg på den vaksne si trong, og går ut over barnet sine behov.
Aktiviteten bryt med sosiale tabu innan familie eller er ulovleg (NRSB, 2002, s.7). Sidan dette er innhaldet i mange av definisjonane, er det dette innhaldet eg vel å legge i omgrepet også. Dette vert altså ei brei forståing av omgrepet.
I følgje Xxxxxxxxx (2005, s. 50) er dei fleste som forgrip seg seksuelt, i nær relasjon med offeret. Incest er seksuelle overgrep mellom nære familiemedlem. Det kan vere besteforeldre eller foreldre som forgrip seg på barnebarn eller barn, eller det kan vere overgrep mot søsken. Definisjonen har etter kvart blitt utvida til også å gjelde overgrep som er utført av andre nære omsorgspersonar. Det kan vere ein vaksen som har ei foreldrerolle for eit barn, slik som ste-foreldre og fosterforeldre (Xxxxxxx, 2014, s. 34. Breidvik, 2003, s. 18). «Å være utsatt for incest er å være fredløs i sitt eget hjem» (Breidvik, 2003, s. 18).
Resultat frå den første store norske omfangsundersøkinga vart beskrive i ei bok frå 1985-1986, skriven av Xxxxxxxx Xxxxx, Xxxxxxx Xxxxxx og Xxxxx Xxxxxx. I denne undersøkinga som dei fleste norske fagfolk innan feltet nyttar, kom det fram at 19% jenter og 9% gutar vert utsett for seksuelle overgrep før dei fyller 18 år. Totalt er det 14% av alle under 18 år. Desse tala gjeld altså ikkje per årskull. Av nyare forsking, Xxxxx Xxxxxxxx si undersøking frå 2009, fann han at 59% av dei som vart utsett for seksuelle overgrep, vart utsett første gong før dei var 6 år (Xxxxxxx, 2014, s. 50-51). I følgje tal henta frå statistisk sentralbyrå (Statistisk Sentralbyrå, 2016), vart det i 2014 registrert 3700 personar som offer for seksuallovbrot. Heile 740 av desse var barn. Av alle dei registrerte ofra for seksuallovbrot i 2014, var så mykje som 87 prosent, nesten 9 av 10 tilfelle, av desse ofra kvinner.
Dette er tal over registrerte tilfelle, dei inkluderer altså ikkje tilfelle som ikkje vert oppdaga eller ikkje vert melde. Ein kan såleis rekne med store mørketal.
I nyare tid har det kome fleire former for seksuelle overgrep, som følgje av den teknologiske utviklinga. Ei seksuell åtferd som ikkje inneber fysisk kontakt kan vere å filme barnet eller å vise det pornografi, digitale samtaler, eller å ta imot meldingar eller bilete av seksuell karakter (Xxxxxxx, 2014, s.33, 39-40). Sidan seksuelle overgrep også omfamnar dette, kan det vere ein faktor som spelar inn på mengda av førekomstar.
3.4 Kven er det som forgrip seg?
Dersom vårt bilete av ein som forgrip seg er for snevert, vil vi kanskje ikkje lytte til barn som kjem med teikn eller utbrot, kanskje vil vi avfeie det som fantasi eller tenkje at dei lyg. Mangel på kunnskapar om kven som forgrip seg på barn, kan dette hindre oss i å fange opp, tru og agere på borna sine signal, dersom den mistenkte ikkje passar inn i våre førestillingar (Xxxxxxxxx, 2005, s. 49).
Xxxxxxx (2014, s. 55) viser til nyare forsking, der Xxxxx Xxxxxxxx undersøkte 499 personar som hadde vore utsett for seksuelle overgrep eller incest i barndomen. I denne undersøkinga kom det fram at 88% av overgrepa vart gjort av ein som barnet kjenner, heile 84,6% var anten foreldre, biologiske søsken eller ein annan slektning. I nokre høver kan den som forgrip seg vere ein ven eller nabo av familien, eller ein tillitsperson i barnet sitt sosiale nettverk. Sjeldan er den som forgrip seg ein framand for barnet. Forsking viser at heile 90-95% av sakene av seksuelle overgrep som vert oppdaga, vert utført av menn og gutar i alle aldrar.
Også kvinner kan forgripe seg på barn. Xxxxxxxxx (2005, s. 50-51) seier at rundt 5-10% av alle som er kjende overgrepspersonar er kvinner, og at dei utfører overgrep både mot jenter og gutar. På grunn av samfunnsmessige tabu, vegring mot å sjå og fortelje om mødrer si seksuelle åtferd mot barn, reknar ein med at talet på overgrep utført av kvinner er underrapportert og såleis skulle vert høgre (Xxxxxxx, 2014, s.56).
Barn kan utføre overgrep, både på yngre og eldre barn. Det kan vere søsken eller vener, og i nokre høver kan barn verte overtalt eller forklart av andre vaksne kva seksuelle handlingar dei skal gjere med andre born (Xxxxxxx, 2014, s. 60).
Tabuisering betyr at det er eit sosialt forbod mot å synleggjere eller å fortelje. Ei av verknadane av tabu er at det som har skjedd, traumet, vert skjult og usynleg. I tillegg mistar fenomenet gyldigheit ved at det ikkje vert snakka om, det vert gløymt eller vekke frå medvitet (Breidvik, 2003, s. 74). Tabu kring seksuelle overgrep kan anten verke førebyggjande, ved at det hindrar vaksne mot å utføre seksuelle handlingar mot barn, medan det på den andre sida kan gjere overgrep ugyldige, ved at det hindrar dei involverte i å snakke om overgrepet (Xxxxxxxxx, 2005, s. 25). Xxxxxxxxx (2005, s.28) meiner at tabu framleis er eit problem i vår tid. Ho erfarer at det pregar arbeidet med å forstå symptom og åtferd, samt vilja til å fremje konkrete mistankar om overgrep i skulen og andre instansar. Tabu vert helde ved like ved fleire forhold, til dømes mangel på eller vegring mot kunnskap, bagatellisering eller bortforklaring av signal, og manglande vilje til å gå inn i kompliserte saker med kjenslemessige utfordringar.
Vidare i oppgåva vil eg fokusere på dei teikna ein kan sjå i born som går på barne- og mellomtrinnet, dei teikna vi som lærarar har mogelegheit til å fange opp. Barn har ulike måtar å uttrykkje seg på, og signala dei gir kan vere veldig vage. Gjennom verbale ytringar og kroppsspråk kan barna ha prøvd å gi beskjed om kva dei vert utsett for, utan at vaksne forstår eller fanga opp signala. Barnet trur kanskje at dei vaksne ser korleis dei har det og kva dei opplever. Gjennom samtaler Xxxxxxx (2014, s. 72-73) har hatt med 25 vaksne personar som vart utsett for overgrep før dei vart 18 år gamle, var alle desse overtydde om at nokon av dei vaksne dei kjende, til dømes ein forelder eller ein lærar, må ha visst om det som skjedde. Dette viser kor viktig det er at vi som lærarar er merksame på barn si kommunikasjonsform, og at vi veit kva signal vi kan sjå etter. I tillegg til fysiske teikn, vil ein også kunne få signal av barn gjennom kommunikasjon. Barna kan kommunisere redsle ved å ikkje ville besøkje mor eller far, eller dei kan uttrykkje tidlegare hendingar både gjennom teikning, leik og verbal kommunikasjon (Xxxxxxx, 2014, s. 65-73).
I nokre høver ønskjer ikkje barnet at nokon skal få vite kva som skjer med det. Barn i skulealder, frå rundt 7-8 år, kan oppdage tabu som er knytt til seksuelle overgrep, og kan difor prøve å halde det hemmeleg. Mange barn kjenner på skam og skuld knytt til overgrepa (Xxxxxxx, 2014, s. 66). Det kan òg vere at barnet vert truga til å halde stilt om det som skjer, og barnet kan uroe seg for kva konsekvensar det får dersom nokon finn ut av det (Xxxxxxx, 2014, s. 71).
Det som er felles for mange av teikna for seksuelle overgrep, er at dei også kan vere signal eller symptom på noko anna enn seksuelle overgrep. Sjølv om ein oppdagar eit teikn, er det ikkje sikkert at det er eit teikn på seksuelle overgrep, men det kan vere det. Det er når ein ser fleire teikn at ein må sjå desse i samanheng, og vurdere livssituasjonen til barnet for å finne ut om seksuelle overgrep kan vere ei årsak (Xxxxxxx, 2014, s. 72, 75).
4.1 Somatiske (kroppslege) teikn
Somatiske teikn kan kome til uttrykk, då kroppen hugsar det barnet vil gløyme. Fordi dei manglar eit psykologisk språk, formidlar dei sitt ubehag gjennom smertespråk og gjennom kroppslege symptom (Killén, 2015, s. 168). Vi kan observere teikn, eller oppdage dei gjennom samtale med barn. Elevar kan klage over hovudverk, stramme og spente musklar, og vondt i magen eller i tissen. Dei kan ha hyppig urinvegsinfeksjonar og dei kan starte å tisse eller bæsje på seg igjen etter å ha slutta med bleie, eller dei kan ha ete-forstyrringar. Dersom ein observerer blå merker, til dømes merker etter fingrar på overarmar, lår, hofter, ansikt og liknande kan dette vere merker som er kome av valdsbruk
i forbindelse med overgrep. Kjønnssjukdomar, graviditet og abortar kan oppstå hjå veldig unge barn. (Xxxxxxx, 2014, s. 80-81. Kvam, 2001, s. 99).
Dårlege tenner og uvanleg tannråte kan kome av at ein kastar opp etter oralsex eller har brekningar, då magesyra tærer på tenna og øydelegg emaljen. Sjølv om barnet ikkje er utsett for overgrep i munnen, kan han eller ho likevel vere plaga med kvalme, få brekningar og kaste opp. I tillegg til ytre skadar på tennene, kan sjølve tannlegebesøket kjennast svært vanskeleg for barn som har vore utsett for orale seksuelle overgrep. Tannlegesituasjonen kan minne om overgrepssituasjonen, ved at dei har fått penis, vagina eller andre gjenstandar pressa mot munnen sin (Xxxxxxx, 2014, s. 81-82).
Barn kan skade seg på ulike måtar. Små barn kan slå og dunke hovudet mot vegg, golv eller liknande. Litt større barn kan skjære seg opp på armar, bein, bryst eller kjønnsorgan ved å bruke barberblad og glasskår. Dei kan brenne seg med sigarettar, lugge seg og rive av seg hår (Xxxxxxx, 2014, s. 91.
Breidvik, 2003, s. 108-109). Xxxxxxx (2014, s. 91) viser til barn sine eigne opplevingar med sjølvskading. Ei jente på 16 år fortel at då ho første gong kutta seg på armen med xxxxxxxxxx, følte ho ikkje noko før femte kuttet. Men då kjendes det godt. Ho fortel at den psykiske smerta ho bar på vart gløymd ei lita stund, og at den fysiske smerta var enklare å handtere enn det psykiske kaoset ho hadde inni seg.
Om lag 30% av personar som lir av ete-vegring, har vorte utsette for seksuelle overgrep. For nokre kan det handle om å ta kontroll over eigen kropp gjennom inntak av mat og drikke (Xxxxxxx, 2014, s. 90). Dersom barn nektar å ete nokre typar mat, som til dømes pølse, banan, gulrot og marsipanpølser kan dette vere fordi det minner om fasongen til ein penis. Barnet kan bli kvalm av å sjå kvit saus, mjølk, rømme, smelta is og liknande, då dette liknar sæd. Særleg utsett for å utvikle vanskar knytt til eting, er barn som har blitt tvungen til munnsex (Kvam, 2001, s. 96-97. Breidvik, 2003, s. 108 ).
Nokre barn vegrar seg for leik som inneber tett fysisk kontakt. Somme vil kle av seg og kle seg nakne, medan andre i motsett fall vil vere redde for å kle av seg, eller føle ubehag i situasjonar som krev byting av kle. Barna som vegrar seg for å kle av seg, trur at andre kan sjå kva dei vert utsett for. Nokre barn kan klenge seg innåt og gni kropp og kjønnsorgan mot andre sine, både vaksne og andre barn, medan enkelte barn kan verte avvisande og vise redsle og ubehag ved fysisk kontakt (Xxxxxxx, 2014, s. 77-78).
4.6 Angst og dårleg sjølvbilete
Angst er eit vanleg kjenneteikn hjå barn som er utsett for seksuelle overgrep. Det kan vere angst for å vere einsam med ein vaksen, for mørket, for å kle seg naken hos legen eller redsle for å bli teken på. At barnet lett skvett vert ofte observert i utsette barn, kanskje som ei følgje av angsten (Kvam, 2001,
s. 93-94). Xxxxxxxx (2003, s. 92-94) meiner at det spesielle ved seksuelle overgrep, er at det rører ved sjølve kjernen av personlegdomen. Eit barn som er utsett for seksuelt overgrep kan oppleve at det berre har verdi når det er eit objekt som kan tilfredsstille behovet til den som forgrip seg. Det at barnet vert behandla som eit objekt, kan gjere til at han eller ho får problem med å skape ei klar identitetskjensle. Barnet kan oppleve å ikkje ha noko eigeverd. I skulesamanheng vil ein elev som har utvikla eit lågt sjølvbilete ofte prestere svakare enn det evnene tilseier. På den andre sida kan det dårlege sjølvbiletet gjere til at barnet må gjere alt rett, og eleven taklar dårleg all form for rettleiing eller påpeiking av feil (Breidvik, 2003, s. 92-94).
Barn som vert utsett for seksuelle overgrep, kan gå tilbake i utvikling. Dei kan starte å snakke babyspråk etter å ha lært seg å snakke reint, eller dei kan tisse og bæsje på seg att. Sjølv om dette er teikn på at barnet vert utsett for seksuelle overgrep, er det viktig å merke seg at regresjon kan førekomme i samband med andre sterke opplevingar eller vonde traumar, og når barnet har det dårleg av andre årsaker (Xxxxxxx, 2014, s. 74).
Barn kan få søvnvanskar og vonde mareritt, som resultat av seksuelle overgrep. Dei kan drøyme om den som utfører overgrep eller om overgreps-situasjonar, noko som kan føre til verbale utbrot og gråt (Xxxxxxx, 2014, s. 74). Sjølv om dette ikkje er eit teikn lærar har mogelegheit til å fange opp
direkte vil den dårlege søvnen kanskje verke inn på skulekvardagen, og såleis vere eit aktuelt tema for samtale.
4.9 Depresjon og fattig mimikk
I skulekvardagen kan vi oppdage at eit barn ofte er tung og trist. Barnet ler ikkje ofte, det har ikkje den glade latteren som medelevane har, og eleven smiler sjeldan. Likevel kan barn som er utsette for seksuelle overgrep også vere glade somme tider. Barn er flinke til å leve i notida, og overgrepa skjer ikkje heile tida. Sidan barn er ulike, vil dei reagere ulikt, og ha ulikt lynne (Xxxxxxx, 2014, s. 75).
Nokre barn som vert utsett for ulike alvorlege traumar, kan ha ein fattig mimikk og verke uttrykkslause. Ein kan ikkje sjå forskjell på glede og sorg i andletet deira. Nokre barn verkar om lag apatiske, avhengig av den grada av traume dei har vert utsett for (Xxxxxxx, 2014, s. 79).
Dei fleste overgrep skjer i barnet sitt nettverk, av nokon barnet stoler på. Når barnet i ein tidleg alder erfarer at omsorgspersonane har ei åtferd dei ikkje kan sjå på førehand, skapar dette ein grunnleggjande utryggleik i barnet si forståing av relasjonar mellom menneske. Barnet vil også få ei forstyrra oppfatning av omverda. Vi seier at barnet har blitt relasjonsskadd. Følgjene av relasjonsskadar er at barnet ofte kan ha vanskar med å stole på andre vaksne dei kjenner eller møter seinare, dei mistar si naturlege oppfatning av kven dei kan lite på. For desse barna kan det ta lang til å byggje opp eit tillitsforhold til andre. Mange som har vore utsett seier at dei ofte skiftar vener, og at dei berre har overflatiske venskapsforhold. Dei lit ikkje på andre, og lever i sosial isolasjon. (Xxxxxxx, 2014, s. 86. Breidvik, 2003, s. 81-82).
Ei endring i åtferda til eleven vil seie at barnet får ein ny måte å opptre på. Barnet kan til dømes vise aggresjon, passivitet, konsentrasjonsvanskar eller vantrivsel som det ikkje har vist tidlegare (Xxxxxxx, 2014, s. 75). Endring i åtferd kan vere knytt til stadar eller situasjonar, til dømes på besøk med andre, eller når barnet skal gjere visse oppgåver. Andre gongar kan endringa i åtferd verte meir permanent. I starten kan denne endringa skje så gradvis at det kan vere vanskeleg for omsorgspersonar å knyte det til særskilte tidspunkt og periodar (Kvam, 2001, s. 93).
Ei seksualisert åtferd handlar om at barnet viser avansert seksuell kunnskap som ikkje er normalt for alderen. Det kan vere eit seksualisert språk, der dei viser kunnskap og nyttar omgrep som ikkje er vanlege i aldersgruppa. Det seksualiserte språket kan likevel vere noko dei har lært av andre barn, altså ikkje eit teikn på at dei sjølv er utsett for noko. Teikningar som er seksuelt fikserte, til dømes av menn med erigert penis, kan tyde på at dei har sett eller opplevd noko som har sjokkert dei. Andre seksualiserte teikn kan vere å setje seg på fange til ein vaksen, prøve å opne buksesmekken, og snakke om kva dei kan gjere med kjønnsorganet. Nokre barn kan sleike ein vaksen i fjeset og prøve å tungekysse. Det kan vere åtferd som går ut på at barnet tek den vaksne og seg sjølv på tissen medan han eller ho lagar stønne/puste-lydar som vaksne knyt til det å ha sex med seg sjølv eller saman med andre.
Samstundes er det viktig å hugse at noko seksuell åtferd er vanleg hjå barn, at ikkje alle teikn er teikn på overgrep. Born er nyfikne og interessert i kroppen sin, dei vil naturleg utforske både sin eigen og andre born sin. (Xxxxxxx, 2014, s. 76. Kvam, 2001, s. 97-98).
Eit teikn vi kan sjå i skulen, er at barn har problem med å konsentrere seg om oppgåvene og det som føregår i timen. Dette kan kome av at dei stadig vekk tenkjer på, eller forsøkjer å gløyme det som skjer med kroppen. Nokre barn skapar mykje uro ved at dei alltid er i bevegelse, medan andre barn kan bli fjerne og stille, og klarer ikkje å følgje med på det som skjer rundt dei. Nokre elevar byrjar å skulke, då dei ikkje orkar å gå på skulen på grunn av smertene dei ber på. På den andre sida er der òg nokre barn som reagerer stikk motsett. For desse elevane vil skulen og skulearbeidet vere det som gjer at dei greier å distansere seg og skyve vekk tankane om seksuelle overgrep som dei vert utsett for (Xxxxxxx, 2014, s. 78).
4.14 Inneslutta eller utagerande
Eleven kan ha ein aggressiv eller inneslutta veremåte, det kan ofte vere i konflikt med andre barn eller vaksne, det kan vere uroleg, utagerande eller sint. Enkelte barn krev merksemd frå det augneblikket dei kjem inn klasserommet, medan andre er svært pliktoppfyllande, og har om lag gjort det dei skal før dei har fått beskjed om det. Barnet kan vere vanskeleg å forstå, anten han eller ho uttrykkjer seg ved å vere svært aktiv eller aggressiv, eller ved å vere trist eller svært blid. Eleven kan isolere seg eller vere plagsamt kontaktsøkjande. Når barn forsøkjer å uttrykkje noko utan å nytte ord,
kjem det gjerne i form av oppførsel. Som lærar kan dette barnet opplevast vanskeleg å forstå seg på, som om det er noko ein ikkje heilt får tak på. Eleven kan skape ei kjensle av uro eller dårleg magekjensle i den vaksne (Xxxxxxx, 2014, s. 79).
Barn som er utsett for traumatiske opplevingar som seksuelle overgrep, kan gå inn i ein tilstand kalla dissosiasjon. Det er ein mestringsstrategi som kroppen umedvite set i gong for å forsvare seg mot å bli overvelda eller øydelagd av ekstremt smertefulle psykiske og fysiske opplevingar. Ved dissosiative lidingar vert ikkje eit traumatisk minne lagra i si heilheit med syns- og høyrsleinntrykk, lukt, kroppssansingar, tanke, kjensle, handling, meining, men dei vert splitta opp i fragment som vert lagra skilt frå kvarandre. Kjenslene barnet opplever knytt til den traumatiske hendinga vert spalta frå den faktiske hendinga. Tilstanden kan vise seg både under overgrepet og som ein seinverknad, anten kronisk eller løyst ut ved ein stressor. Barn som vert utsett for gjentekne overgrep kan lære seg å gå inn i ein dissosiert medvitstilstand for å kunne halde ut overgrepa. Seinare i livet kan opplevingar som er «kopla ifrå» kome tilbake i draumar, mareritt, «flash backs» og sanseopplevingar og kjensler som er knytt til overgrepa (Breidvik, 2003, s. 68. Sosial- og helsedirektoratet, 2003, s. 13).
For å hjelpe eleven med å uttrykkje seg, er det viktig at vi snakkar med dei og lyttar på kva dei har å seie. Vi kan stille konkrete spørsmål, som til dømes om blåmerker, bakrunn for skulking, kvifor barnet ikkje vil dusje eller ha gym og liknande. I følgje Xxxxxxx (2014, s. 67) er det fint å stille konkrete spørsmål som kva, kvar og kven. Ho meiner også at å spegle barnet kan vere nyttig, som til dømes ved å seie: -eg ser at du er lei deg i dag, kan du fortelje meg kva eller kven som gjer at du føler deg slik? Ho oppmodar vidare til å ikkje stille spørsmål som kan svarast med ja eller nei, og dersom ein ikkje vert fornøgd med utfallet av ei samtale kan ein følgje den opp att ein annan dag. Det er viktig å ta seg god tid, og lytte til det barnet har å fortelje. Samstundes bør ein ikkje presse for mykje, eller stille leiande spørsmål for å spore dei inn på det ein har mistanke om. Ein slik framgangsmåte vil kunne føre til at barnet svarar slik det trur den vaksne vil høyre (Xxxxxxx, 2014, s. 68). Xxxxxxx (2014,
s. 68) kjem med ytterlegare råd til korleis ein kan handtere ei samtale om eit vanskeleg tema, for å få eit fruktbart utkom. Ein kan repetere det barnet har sagt, ordrett. Ein bør ikkje avbryte barnet eller flytte merksemda over på noko anna, sjølv om ein vegrar seg for fortsetjinga av samtala. Ein må tole pausar, vente på det som kjem og vere merksam. Til slutt må ein vere til stades, vere der barnet er – i det barnet delar.
6.0 Framgangsmåte ved mistanke om seksuelle overgrep
Mangel på kunnskap om seksuelle overgrep kan vere ei årsak til at barn ikkje får hjelp. I mange tilfelle ventar ein for å sjå korleis ting utviklar seg, og lang tid kan gå utan at noko vert gjort. Ofte vil vi skyve mistanken vekk så lenge vi kan, unnskylde og finne andre forklaringar. Dei svenske forskarane Kraft, Xxxx og Xxxxxxxx (2016) seier i ein rapport at helsesøster ofte unngår å snakke om seksuelle overgrep. I ei studie der målet var å finne ut kva evner helsesøster har til å oppdage og hjelpe seksuelt misbrukte barn, fann dei at temaet vart unngått på grunn av dei sterke kjenslene, ambivalens og den innfløkte prosessen rundt å avdekke tilfelle. Dei konkluderer med at merksemd rundt seksuelle overgrep som ei mogeleg forklaring på fysiske og mentale helseplager er naudsynt for å kunne oppdage og hjelpe ofra.
6.1 Kven kan eg rådføre meg med?
I Noreg finnast det over 20 ulike støttesenter mot incest og seksuelle overgrep. På desse sentera arbeider det personar med ulik fagleg bakgrunn som til dømes sosial-, helse- og barnefag. I tillegg til desse er der kanskje også nokon med personlege erfaringar innan incest og seksuelle overgrep, anten det er pårørande eller offer. Med desse personane kan ein diskutere ei bekymring anonymt, og på denne måten få avkrefta eller styrka uroa. Helsedirektoratet tipsar om to kunnskaps- og kompetansesenter på sine heimesider under temaet vald og overgrep. Dette er Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), og dei er sentrale i arbeidet med å førebygge vald og overgrep mot barn og ungdom (Helsedirektoratet). Nokre kommunar og bydelar har eigne kompetansegrupper eller tverrfaglege grupper som kan ha særskild kunnskap om seksuelle overgrep. Det kan vere lurt å sjekke ut om ein har tilgang på slikt i sitt nærområde, sjølv om ein ikkje har mistanke om noko.
Ein kan rådføre seg med sakkyndige på kommunalt nivå, anten innan barnevern, politi, pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT), eller barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar/institusjonar. På skulen har ein god tilgang til kompetanse gjennom PP-tenesta, skulehelsetenesta og andre som har tilknyting til skulen.
Per april 2016 er det oppretta 10 Statens barnehus i Noreg, fordelt i store byar over heile landet. Xxxxxxxxx arbeider for å formidle kunnskap innan seksuelle overgrep, og her kan både dei som har vore utsett og dei som har mistanke om at nokon vert utsett for seksuelle overgrep ringe for å få
hjelp eller råd. Statens barnehus har særskild kompetanse innan faget, og tilbyr tilrettelegging av avhør med spesialutdanna politi, medisinsk undersøking, behandling og oppfølging. Barnehusa kan bidra med råd og konsultasjon til både privatpersonar og offentlege aktørar (Statens Barnehus, 2009. Xxxxxxx, 2014, s. 116-123).
6.2 Handsaming av mistanke på skulen
I Noreg er det ingen fast framgangsmåte på korleis ein skal handtere mistanke om seksuelle overgrep, men i 1994 gav Sosialdepartementet ut ein handlingsplan, «Saksgang ved mistanke om omsorgssvikt, mishandling og seksuelle overgrep mot barn og unge», som dei ønskte skulle vere synleg på alle landets lærarrom. Sjølv om planen er noko gammal, har den eit godt innhald. Den seier noko om den rolla lærarar har som tillitsperson for mange barn, og kva teikn og symptom vi bør vere merksame på. Vidare seier planen noko om kven vi kan kontakte ved mistanke, for å søkje råd og støtte (Xxxxxxx, 2014, s. 122, 129, 148-149). I 2003 gav Sosial- og helsedirektoratet ut eit hefte om seksuelle overgrep som kan vere til god hjelp i skulen .
Som lærar er ein pliktige å kontakte sin overordna, altså rektor. Ein skal ikkje etterforske saka aleine.,
s. Dersom ein er uroleg for eit barn, kan lærar i samarbeid med rektor avtale møte med barnevernet der ein får høve til å drøfte saka og rådføre seg med nokon som har god kompetanse på området. Ein treng ikkje å gi opp namn på eleven når ein vil få underbygd eller avkrefta ein mistanke. Kontakt med sakkunnige vil likevel ikkje frita verken lærar eller rektor frå ansvar i saka.
Xxxxxxx (2014, s. 123) rådar lærarar som er uroa for ein elev om å informere avdelinga eller teamet om saka slik at dei kan observere fram til neste møte, om ei til to veker. Ein bør høyre om dei også har observert noko urovekkjande, og samstundes minne om teieplikta (Forvaltningsloven, 1967). I opplæringslova (1998) finn vi at kvar einskild tilsett ved skulen er pliktige å melde i frå på eige initiativ, og kan verte straffa om dei ikkje melder ifrå om ei bekymring. I tillegg er ein også pliktige å gi opplysning om barn på førespurnad frå barnevernstenesta. Læraren har ei sjølvstendig plikt for å melde i frå, utan å gå om rektor, men ein vil ha eit betre utgangspunkt for samarbeid med foreldre og elev i ettertid dersom meldinga kjem frå rektor. For å underbyggje mistanke er det lurt å føre logg der ein skriv ned relevante hendingar, med dato, klokkeslett og situasjon. Logg skal ikkje innehalde namn på eleven, då notatane kan kome på avvege. Når ein sjølv tenkjer at ein har gjort nok observasjonar, at ein har nok dokumentasjon på saka, og uroa framleis er sterk, skal ein melde saka til barnevernet i ei bekymringsmelding. Meldinga skal innehalde personleg informasjon om barnet, og viktig informasjon som ein har merka seg frå ein starta å verte uroa. Denne meldinga er ei
bekymring om barnet, ikkje ei melding av ein vaksen. Tilsette ved skulen må gi opp fullt namn, og kan berre i spesielle høve vere anonyme. Etter at saka er meld, skal ein halde fram med å rapportere barnevernet dersom det oppstår nye situasjonar eller om barnet seier noko som kan vere av interesse.
Dersom ei sak vert meld, er det politiet sin jobb å undersøkje kven som kan vere skuldig i overgrep. Sjølv om læraren ikkje skal vere nøydd å ta stilling til dette, er det likevel viktig at foreldra ikkje vert kontakta ved mistanke om seksuelle overgrep. Det å informere foreldra bør drøftast av skule og barnevern i fellesskap. Dersom den som forgrip seg får informasjon om mistanke, kan han eller ho øydelegge bevis, eller true barnet til stillheit. I slike saker kan ein difor sende inn ei bekymringsmelding utan at foreldra vert informerte.
Eit avhør med dommar skal takast seinast 14 dagar etter at ei sak vert meldt. I nokre saker tek det lang tid frå ein melder inn ei bekymring, til saka vert teken opp eller henlagt. Sjølv om ein som lærar ikkje skal etterforske saka sjølv, er det viktig å prate med barnet, lytte til kva det har å seie. Ein skal ikkje stille leiande spørsmål, men hugse at barnet treng pausar og gjerne ikkje vil bli minna på den vonde hendinga heile tida. Kvar sak er individuell og kan ikkje handsamast på lik måte, men skule og andre institusjonar vil vere tent med å ha ein framdrifts-/handlingsplan å sjå på når slike saker kjem opp (Xxxxxxx, 2014, s. 122-126, 148-149).
Det er fleire utfordringar knytt til denne oppgåva, mellom anna tal på offer. Samstundes vil innhaldet i omgrepet variere noko alt etter kven som nyttar det, noko som fører til at ein vil få ulike resultat frå ulike kartleggingar. I nokre statistikkar inkluderer omgrepet all form for seksuell tilnærming mot eit barn, medan andre tal seier noko om grove seksuelle overgrep. Når ein ser på tal og informasjon knytt til omfanget av seksuelle overgrep kan det vere lurt å vere litt nøktern. På den eine sida må ein kome i hug at tala mogelegvis seier noko om alt omfang, alt frå fysiske overgrep av seksuell art, til blotting og kikking. Vi lever i ei teknologisk verd, der seksuelle overgrep òg kan utførast gjennom digitale kanalar. Barn vert såleis meir utsett for overgrep utan fysisk kontakt. På den andre sida ser ein at mange barn ikkje fortel om overgrepa før dei vert eldre, noko som gjer at ein kan rekne med at ikkje alle tilfelle vert registrert.
Noko av det som gjere arbeidet med å bekrefte eller avkrefte mistanke om seksuelle overgrep vanskeleg, er kompleksiteten rundt signala ein får. På den eine sida er det svært mange symptom og signal som kan vere teikn på overgrep. Men på den andre sida kan dei same teikna kan kome av
andre, kanskje traumatiske, hendingar. Kunnskap kring temaet er avgjerande. For det første må ein vite noko om kva teikn barna kan gi, både gjennom helse, verbale og non-verbale ytringar. For det andre må ein vite noko om kven som ofte viser seg å forgripe seg på barn, slik at ein vert meir opne for å sjå mogelegheitene innan nettverket til barnet.
Det er eit stort ansvar å hjelpe born som vert utsett for seksuelle overgrep, men sidan det er svært alvorlege skuldingar ein kjem med er det viktig å ikkje forhaste seg. Ein må bruke tid til å undersøkje saka, sjå dei ulike årsakene teikna kan ha før ein går vidare med saka. Sjølv om det kan kjennast som eit stort ansvar å handsame situasjonar der ein har mistanke om seksuelle overgrep, er det viktig å hugse at ein ikkje er aleine om dette. Ein bør rådføre seg med andre, både internt på skulen, men også eksternt ved å nytte seg av ulike tenester med god kompetanse på området.
Då signala og teikna barn gir både kan vere vage og på same tid vere signal på noko heilt anna, vil det sjølvsagt kome høver der mistanken vert avkrefta. I samtale med barn, kan vi ikkje vere redde for å høyre noko ufjelgt. Barn kan sleppe ut litt informasjon eller eit lite hint for å sjå korleis den vaksne reagerer. Dersom den vaksne overser signalet eller snakkar det vekk, er det ikkje sikkert at barnet vil dele meir. Barnet vil forsøkje å skåne den vaksne dersom det trur han eller ho ikkje maktar å høyre det barnet har på hjartet (Asland, 2014, s. 43). For å kunne hjelpe dei barna som faktisk vert utsett for seksuelle overgrep, er vi nøydde til å ta dei seriøst, vi lyt tole å ta feil av og til. Det er trass i alt eit godt resultat når ein tek feil av ein slik mistanke, sjølv om prosessen med å avkrefte kan vere vanskeleg. Ein og anna gong vil vi derimot få bekrefta mistanken, og i desse høvene kan læraren ha spelt ei viktig rolle i arbeidet med å hjelpe eleven ut av situasjonen. For læraren kan ha mykje å seie for eleven si framtid. Anten ved at ein ser eit barn som lir og hjelper det ut av ein forferdeleg situasjon, eller ved at ein bortforklarar og ser vekk slik at handlingane får halde fram. Å hjelpe barna er ikkje eit val vi tek, men ei plikt vi har.
Motivasjonen for å skrive denne oppgåva, var for å få ei betre forståing for temaet seksuelle overgrep. Eg ønskte å finne ut kva teikn som tyder på at barn vert utsett for seksuelle overgrep, og lære meir om prosessen vidare når ein mistenkjer at ein elev vert utsett for dette. Gjennom arbeidet har eg fått kunnskap om innhaldet i omgrepet, omfanget, og kven som forgrip seg. Eg har lært om ulike teikn ein kan sjå i barn som vert utsett, samt noko om korleis ein kan handtere mistanke. Dei lærarane som har kunnskap om temaet, er betre rusta både til å oppdage elevane som vert utsett, og samstundes meir budde på den prosessen som kjem i etterkant. Eg trur at vi som lærarar kan ha stor
innverknad for desse barna, anten ved at vi ser kva dei vert utsett for og set i gong prosessen med å hjelpe dei, eller ved at vi ikkje oppdagar det og dei traumatiske opplevingane får fortsette. Eg er overtydd om at vår rolle i barnet sitt liv er viktig, og eg trur at den haldninga har mykje å seie.
Dersom vi ikkje ser kva vi kan bidra med, er redde for å ta tak i desse situasjonane eller ikkje tek ansvaret vårt på alvor, er mi meining at dette kan få fatale følgjer for barna vi omgås.
Val av metode har gjorde at eg fekk høve til å presentere mykje kunnskapar, men lite personlege opplevingar. Fordi det er eit kjensleg område er det vanskeleg å undersøkje gjennom intervju, mellom anna fordi ein har svært mange etiske omsyn å ta. Det er likevel fleire sider ein kunne undersøkt, der ein kunne nytta dei andre metodane på ein tenleg måte. Eit anna interessant og viktig aspekt er korleis ein som pedagog kan handtere elevar som vert utsett for seksuelle overgrep. Dette ville vore interessant å lære meir om dersom eg skulle arbeide vidare med temaet.
Xxxxxxx, X. (2014). "-si det til noen-" : En bok om seksuelle overgrep mot barn og unge (3. utg. ed.).
Oslo: Cappelen Damm akademisk.
Xxxxxxx, X. (2007). Forskingsmetode med etikk og statistikk (2. utg. ed., Samlagets bøker for høgare utdanning). Oslo: Samlaget.
Xxxxxxxx, X. (2003). Misbrukte barn. Reaksjoner som kan vise seg i skole og barnehage. Sigma forlag. Xxxxxxx, X. (2012). Metode og oppgaveskriving for studenter (5. utg. ed.). Oslo: Gyldendal akademisk. Xxxxxx, X. (2015). Sveket (5. rev. utg. [i.e. 2. utg. av 2-bindsutg.]. ed.). Oslo: Kommuneforl.
Xxxx, X. (2001). Seksuelle overgrep mot barn. Oslo: Universitetsforlaget
Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn. (2002). Seksuelle overgrep mot barn : Utvalgte temaer. Oslo: Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn.
Xxxxxxxxx, S. (2005). Seksuelle overgrep. Fra privat avmakt til tverretatlig handlekraft.
Universitetsforlaget.
9.1 Litteratur henta frå internett
Forvaltningsloven. (1967). Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Henta 17.02.16 frå xxxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxx/XX/xxx/0000-00-00/XXXXXXXX_0#XXXXXXXX_0
Straffeloven. (2005). Lov om straff. Henta 14.03.16 frå xxxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxx/XX/xxx/0000- 00-00-00/KAPITTEL_2-11#KAPITTEL_2-11
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Henta 17.02.16 frå xxxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxx/XX/xxx/0000-00-00-00#XXXXXXXX_00
Statistisk Sentralbyrå. (2015). Ofre for anmeldte lovbrudd, 2014. Henta 11.04.16 frå xxxx://xxx.xxx.xx/xxxxxxx-xxxxxxx-xx-xxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxx
Statistisk Sentralbyrå. (2015). Ofre for anmeldte lovbrudd, 2014. Henta 11.04.16 frå xxxx://xxx.xxx.xx/xxxxxxx-xxxxxxx-xx-xxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxx/xxx/0000-00- 13?fane=tabell&sort=nummer&tabell=240217
Xxxx, X.X., Xxxx, X. & Xxxxxxxx UB. (2016). School nurses avoid addressing child sexual abuse. The journal of school nursing. Henta 14.04.16 frå XxxXxx.xxx: xxxxx://xxx.xxxx.xxx.xxx.xxx/xxxxxx/00000000
Sosial- og helsedirektoratet. (2003). Seksuelle overgrep mot barn. En veileder for hjelpeapparatet, henta 11.04.16 frå: xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxx/xxxxx/xxx/xxx/0000/0000/xxx/xxxx/000000- seksuelle_overgrep_mot_barn.pdf
Statens Barnehus. (2009). Henta 07.04.16 frå: xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxx.xx/