Avtale mellom tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune og privatpraktiserande tannbehandlarteam TOO
Avtale mellom tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune og privatpraktiserande tannbehandlarteam TOO
Versjon 1. juli 2024
Pasientar som fell inn i målgruppa for tilskotsordninga tverrfagleg psykolog- og tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi (TOO) får tilbod hos fylkeskommunen om angstbehandling, eit tilrettelagt og gratis tannhelsetilbod fram til tannsettet til pasienten er rehabilitert og vedkommande meistrar behandling innanfor ordinær tannhelseteneste.
TOO-tilbodet er for personar over 18 år som har tannbehandlingsangst. Målgruppa er personar som
• har vore utsett for tortur
• har vore utsett for overgrep av seksuell karakter eller vald i nære relasjonar.
• har odontofobi (sterk tannbehandlingsangst)
Det er eit vilkår at personen
• har vesentlege vanskar med å ta i mot tannbehandling på grunn av angst i tannbehandlingssituasjonen
• har eit eige ønske om psykologisk behandling for den manglande meistringa si eller angst i samband med tannbehandlingssituasjonen
• har evne til å nyttiggjere seg behandlingsmetodikken og/eller den tilrettelagde tannbehandlinga.
Pasienten får først angstbehandling hos tverrfagleg behandlarteam TOO og deretter fullført resterande nødvendig tannbehandling hos tannbehandlarteam TOO. Tverrfagleg behandlarteam TOO tilviser pasienten til tannbehandlarteam TOO når pasienten er i stand til å meistre tannbehandling.
Fylkeskommunen og privatpraktiserande tannlege som ønsker å vere tannbehandlarteam TOO kan inngå avtale. Tverrfagleg behandlarteam TOO vil tilvise aktuelle TOO-pasientar til privatpraktiserande tannbehandlarteam TOO.
Krav til tannbehandlar
For å kunne inngå avtale med Vestland fylkeskommune om å fungere som privatpraktiserande tannbehandlarteam TOO må tannlegen:
• ha gjennomgått opplæring hos Senter for odontofobi eller ha bestått eksamen i odontofobi arrangert av NOFOBI
• følge Helsedirektoratet sin rettleiar God klinisk praksis IS-1589
• nytte takstane til Vestland fylkeskommune
• rapportere dei data som Helsedirektoratet til ei kvar tid krev på lik linje med tannbehandlarteam TOO i fylkeskommunen
Krava over er sett for at fylkeskommunen skal følge Helsedirektoratet sitt tilskotsregelverket for TOO og er føresetnadar for å kunne inngå avtale med fylkeskommunen.
Behandlingsomfang
• Pasientar som er omfatta av TOO-tilbodet har rett til å få dekka ei eingongsrehabilitering for å nullstille tannsettet etter fullført angstbehandling i tverrfagleg team gjennom tilskotsordninga. Pasienten har ikkje rett på HELFO-refusjon så lenge hen er i TOO-tilbodet, då tilskotsmidlar dekker alle utgifter i den perioden. Det blir stilt krav til bruk av offentleg takst ved behandling av TOO- pasientar. Takstane finn du på xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxx/xxx-xxxxxx- tannbehandling/.
• Kjeveortopedi blir ikkje dekka. Av periodontal behandling så blir hygienefase og kirurgi dekka, mens frå vedlikehaldsfase dekker pasienten sjølv behandling som ordinær gruppe F-pasient.
• Behandlinga skal ta sikte på å gje pasienten ei akseptabel oral helse. Behandlingsnivået skal samsvare med Helsedirektoratet sin rettleiar, God klinisk praksis IS-1589.
• I vurderinga av å erstatte tapte tenner vil pasienten sine evnene til å gjennomføre behandlinga i vaken tilstand (ev. med sedasjon) og følgje behandlinga opp i etterkant vere viktig. Det vil ikkje vere aktuelt med implantat og større protetisk behandling i narkose. Dette for å sikre at pasienten vil vere i stand til å ivareta framtidig vedlikehaldsbehandling etter TOO.
• Tannbehandling som skal dekkast av TOO-midlar må vere fullførast innan eitt år. Etter dette vil pasienten bli avslutta i TOO og tilbakeført til ordinær vaksen betalande pasient. Pasienten må dekke vidare oppfølging og behandling sjølv.
Behandlingsplan og kostnadsoverslag
• Som tannlege i tannbehandlarteam TOO set du opp behandlingsplan og kostnadsoverslag over nødvendig tannbehandling.
• Skriv ut behandlingsplanen til pasienten og informer om at dette er behandlinga som blir dekka som ein del av rehabilitering etter fullført angstbehandling. Midlertidige løysingar som trinnvis ekskavering eller plateprotetikk i fasar for hygienerettleiing kan føre til ein utvida tannbehandlingsperiode. Skisser desse i behandlingsplan.
• Komplikasjonar og endringar i planlagt behandling kan skje undervegs, slik at det blir behov for å justere behandlingsplan. I utgangspunktet er det planlagt behandling ved oppstart som blir dekka.
Godkjenning av behandlingsplan og kostnadsoverslag
• Send inn skriftleg søknad på rehabiliteringa før oppstart av behandlinga dersom behandlinga omfattar:
o Fast protetikk (med unntak av mindre behandlingar som enkeltkrone og tre-leddsbru)
o Avansert avtakbar protetikk (som t.d. kombinasjonsprotetikk)
o Endodontisk behandling på 1. molar og 2. molar
• Legg ved spesifisert behandlings- og kostnadsoverslag med dokumentasjon som røntgenbilete og/eller foto.
• Merk dokumenta med TOO og pasient sitt pasientnummer i den offentlege tannhelsetenesta, som du finn på tillvisinga eller epikrisen.
• Send inn via eDialog. Du finn informasjon om eDialog på xxxxxxxxxxxxx.xx/xx-xxx/x-xxxxxx/
• Alternativt kan du sende det til Tannhelsetenesta, Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen. Merk at det då kan ta lenger tid å behandle saka.
• Ved omfattande behandling eller andre årsaker til at det er behov for behandlingstid som er lengre enn forventa ferdigstillingsdato sett over, så må det søkast om utvida behandlingsperiode. Send inn søknad på same måte som kostnadsoverslag.
Når det ikkje går etter planen
• Det kan oppstå komplikasjonar som gjer det nødvendig å revidere behandlingsplanen undervegs. Journalfør dette og skriv ut oppdatert behandlingsoverslag dersom det er vesentlege endringar, slik at pasienten framleis har oversikt over kva som står att av behandling under TOO.
• Ny tannsjukdom eller nye behandlingsbehov som oppstår etter påbegynt tannbehandling, vil ikkje bli dekka av TOO. Dette gjeld også om pasienten har fått tannbehandling i narkose.
• Dersom pasienten får store utfordringar med angst og å ta i mot tannbehandling hos tannbehandlarteam, så ta kontakt med tilvisar for å diskutere alternativ og om det er behov med ein
«boostertime» hos tverrfagleg team.
• Ta kontakt dersom det ikkje er mogleg å følgje opp pasienten innan frist i pasientforløpet
Tolk
• Ved behov for tolk bestiller tannbehandlarteamet det. TOO dekker utgifter til tolk ved tannbehandlinga. Du fakturerer for tolketenester på same måte som tannbehandlinga.
• Ved behov for tolketenester for hørselshemma, døve og døvblinde så kontakt NAV Hjelpemiddelsentral.
• Ta kontakt med TOO-koordinatorane om du har spørsmål.
Om pasienten ikkje møter opp
• Kontakt pasientar som ikkje møter opp til timeavtale på telefon.
• Får du kontakt og avtaler ny time, send SMS om den nye timen (med påminning dagen før). Gje munnleg påminning om at tilbodet om gratis tannbehandling fell vekk dersom pasienten ikkje møter til time igjen.
• Om du ikkje får kontakt per telefon, så send eit «Ikkje møtt-brev» med informasjon om at pasienten sjølv må ta kontakt for ny time innan to veker.
• Informer også om at behandlinga vil bli avslutta dersom pasienten ikkje tar kontakt for ny time innan fristen og at tannbehandlinga skal vere utført innan 1 år etter avslutta behandling hos tverrfagleg team TOO.
• Send faktura for ikkje-møtt timen til fylket slik som skildra under. Dersom pasienten ikkje møter gjentatte gongar ber vi om tilbakemelding om det og om at pasienten blir avslutta.
Faktura
• Før på følgande tekst på sjølve fakturaen:
o Pasienten sitt pasientnummer i den offentlege tannhelsetenesta
o TOO 180820
• Alle faktura til Vestland fylkeskommune må sendast elektronisk i EHF-format.
o Fakturaen skal stillast til: Vestland fylkeskommune Postboks 7900
5020 Bergen
o Send uspesifisert faktura over utført behandling som EHF til 821311632
o Før inn ressursnummer 39886 i feltet «Deres referanse».
o Les meir om korleis du sender faktura til Vestland på xxxx.xx/xxxxxxx.
• Faktura kan sendast fortløpande. Når det nærmar seg årsslutt må all utført tannbehandling fakturerast i desember eller seinast første arbeidsdag etter nytt år, sjølv om pasienten ikkje er ferdigbehandla. Det må komme tydeleg fram dato tannbehandlinga blei utført på faktura.
• Dersom du ikkje kan sende faktura på EHF, så kan du sende faktura på e-post i PDF format til xxxxxxx.xxxxxx.xxxxxxxx@xxxx.xx. Hugs då å følgje rutinane som nemnt i dette avsnittet med uspesifisert faktura osv.
Epikrise eller tilbakemelding
Når den planlagde rehabiliteringa av tannsettet er fullført, så skal pasienten tilbakeførast til ordinær betalande pasient, og har igjen rett på HELFO-refusjon. Send epikrise eller ei tilbakemelding så snart rehabiliteringa som var planlagt ved oppstart er fullført. Vi ber også om tilbakemelding dersom pasienten avbryt behandlinga eller ikkje møter. Send e-post til xxxxxxxxxxxxxx.xxxxxx@xxxx.xx med pasienten sitt pasientnummer i den offentlege tannhelsetenesta så snart pasienten er ferdigbehandla eller av anna grunnar er avslutta.
Send ev. fysisk epikrise til:
TkVestland
Senter for odontofobi Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen
Oppfølging av ferdig pasient
• Vi tilrår å sette pasienten opp på recall hos tannbehandlarteamet som ordinær pasient, men gjerne med korte intervall som to gonger årleg i starten. Dersom tannbehandlarteamet ikkje har kapasitet til dette ber vi om tilbakemelding om det i epikrisen, slik at TOO-koordinator kan hjelpe pasienten med å finne ein fast behandlar å gå til.
• Pasientar med behov for påfyll av angstbehandling kan du tilvise tilbake til tverrfagleg team for
«booster session». Angstbehandlinga vil alltid vere gratis, men vil ikkje utløyse ny rett til oral rehabilitering.
Reiserefusjon
• Pasientane som er omfatta av TOO-tilbodet har rett på å få dekka alle skyssutgifter som overstig eigenandelen. Pasienten finn informasjon og digitalt søknadsskjema på xxxx.xx/xxxxxxxxxxxxx.
• Pasienten må legge ved dokumentasjon frå tannbehandlarteam TOO på at hen har vore til behandling på gjeldande dato når hen skal søke om refusjon. Fylkeskommunen betaler for rimelegaste reisemåte.
Signer avtalen
Avtale om behandling av personar som er tilvist frå Tverrfagleg behandlarteam TOO i den offentlege tannhelsetenesta i Vestland er inngått mellom privatpraktiserande tannlege og tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune. Denne avtalen er knytt til tannlegen personleg og ikkje til praksisen hen arbeidar i. Ved signering av avtalen stadfestar privatpraktiserande tannlege at krav og informasjon i denne avtalen vert følgt.
Dato:
X
Signatur privatpraktiserande tannlege