SSA-B enkel 2015
Vedlegg E Avtalevilkår
Den enkle bistandsavtalen
Avtale om bistand frå Konsulent
med spesifisering integrert i avtaleteksten
Statens standardavtalar om konsulenttenester
SSA-B enkel
Avtale om konsulentbistand
Avtale om
Utbetring av Besseggen-stien opp frå Gjendeosen/Gjendesheim etter uværet «Hans»
er inngått mellom:
_____________________________________________________
(heretter kalla Leverandøren)
og
Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen v/ Statsforvaltaren i Innlandet
_____________________________________________________
(heretter kalla Oppdragsgjevar)
Stad og dato:
_____________________________________________________
For Oppdragsgjevar: |
For Leverandøren: |
____________________________ Xxxxxxx Xxxxxxx |
______________________________
|
Avtalen skal underteiknast i to eksemplar, eitt til kvar part.
Førespurnader
Med mindre anna går fram av vedlegg 2, skal alle førespurnader som gjeld denne avtalen, rettast til:
Hos Oppdragsgjevar |
Hos Leverandøren |
Namn: Xxxx Xxxxx |
|
Stilling: Nasjonalparkforvaltar |
|
Telefon: 000 00 000 |
|
E-post: xxxx.xxxxx@xxxxxxxxxxxxxxxx.xx |
|
1.5 Partane sine representantar 8
2. Endring, stansing og avbestilling 9
2.1 Endringar i ytinga etter avtaleinngåinga 9
2.2 Mellombels stansing av bistanden 9
3.1 Leverandøren sine plikter 10
3.2 Lønns- og arbeidsvilkår 10
3.3 Oppdragsgjevar sine plikter 11
3.5 Risiko og ansvar for kommunikasjon og dokumentasjon 12
4. Vederlag og betalingsvilkår 13
5. Opphavs- og eigedomsrett 16
6.1 Kva som vert rekna som misleghald 16
6.3 Sanksjonar ved misleghald 17
6.3.1 Tilbakehald av ytingar 17
6.3.5 Erstatningsavgrensing 18
7.2 Overdraging av rettar og plikter 18
1.Alminnelege vilkår
1.1Omfanget av Avtalen
Leverandøren
skal utføre stiutbetring etter avtale, heretter kalla bistanden.
Skildring
av bistanden
Som
følgje av ekstremværet «Hans» er det behov for omfattande
utbetring av Besseggen-stien opp frå Gjendeosen/Gjendesheim.
Steinsettingane som vart etablert her i det store stiprosjektet frå
2005 har stått seg bra mot regnvær og avrenning, medan det på
strekningane utan steinlegging har vore ei massiv utvasking av
lausmasser som følgje av den kraftige nedbøren. Stien må derfor
byggast opp att med tilført stein på dei eroderte partia mellom
eksisterande steinsetting. Det er elles behov for enkelte
punktutbetringar og reparasjon av vassrenner/stikkrenner langs
stien.
Oppdraget, punktvis oppsummert:
Leveranse av eigna stein for steinsetting på eroderte parti i nedre del av Besseggen-stien ovafor Gjendeosen/Gjendesheim.
Steinsetting av terrenget på partia mellom dei eksisterande trappene/steinsettingane på strekning markert med blått
Breiddeutviding der det er naturleg i terrenget på strekningane der stien må gjenoppbyggast. Stien steinsetjast til inntil 2-2,5 meter der det er dobbel breidde. Enkel breidde: ca. 1-1,2 meter
Trappetrinn som følgjer terrenget i dei brattare partia
Steinen skal gravast ned i terrenget for å oppnå god stabilitet, etter same metode som tidlegare tilrettelegging
Det skal nyttast stein av tilstrekkeleg storleik til å liggje stabilt.
Opprensk av vassrenner / stikkrenner og evt. supplering med nye renner for å leie smeltevatn og overflateavrenning vekk frå stien.
Legge til rette for revegetering på sidene etter utført muring/steinlegging.
For nærare skildring av behova og krav til leveransen, sjå vedlegg D.
1.2Vedleggsoversikt
Følgjande dokument inngår som vedlegg til kontrakten:
Vedlegg 1: Oppdragsgjevaren si skildring av behov og krav til ytinga
Vedlegg 2: Konkurransegrunnlag
1.3Tolking – rangordning
Ved motstrid skal følgande tolkingsprinsipp leggast til grunn:
Endringar
til avtalen går framfor den generelle avtaleteksten, men berre i den
utstrekning det går fram klart og utvitydig kva for (eit) punkt som
er endra, erstatta eller gjort tillegg til. Ved motstrid der endringa
ikkje er klart spesifisert som oppgitt, går den generelle
avtaleteksten framfor endringane.
1.4Varigheit og framdrift
Arbeidet skal byrjast på: Ved signering av kontrakt.
Tidsramma for bistanden:
Alt.1: Bistanden gjeld inntil (dato)
Alt.2: Bistanden skal ytast i X antall veker rekna frå oppstart
Alt.3: Bistanden skal ytast jamt til Oppdragsgjevar sitt prosjekt er avslutta.
Alt.4: Bistanden skal ytast jamt inntil øvre økonomiske ramme for avtalen er nådd
Alt.5:
Xxxx:
Arbeidet skal utførast i perioden frå
kontraktsinngåing og fortrinnsvis vere avslutta innan 15. nov. 2023.
Om ikkje arbeidet kan ferdigstillast før vinteren, må arbeidet
fullførast våren 2024 og vera avslutta før 10. juni.
Bruken av motoriserte hjelpemiddel i terrenget skal avklarast med oppdragsgjevar.
Avtalen
gjeld frå inngåing av denne kontrakten og til stiutbetringa er
utført, og ei sluttsynfaring er gjennomført av oppdragsgjevar saman
med Leverandøren og evt. Statens naturoppsyn (SNO).
1.5Partane sine representantar
Kvar av partane skal ved inngåinga av avtalen nemne opp ein representant som er gitt fullmakt til å opptre på vegner av partane i saker som gjeld avtalen. Representant for partane gitt fullmakt:
Kontaktpersonar for oppdragsgjevar:
Nasjonalparkforvaltar Xxxx Xxxxx – økonomi og avtalevilkår
Fjelloppsyn Xxxxx Xxxxxxxx – praktisk gjennomføring, i samarbeid med SNO v/ Xxxxxx Xxxxx.
For
Oppdragsgjevar:
|
For Leverandøren: Namn:
Stilling:
|
Namn: Xxxxx Xxxxxxxx |
|
Stilling: Fjelloppsyn |
|
Telefon: 000 00 000 |
|
E-post: xxxxxxxxxxxxx@xxxxxxx.xxx |
|
1.6Nøkkelpersonell
Leverandøren
sitt nøkkelpersonell i samband med utføringa av bistanden:
Namn |
Stilling |
Kompetanse-område |
E-post |
Telefon |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Skifte av nøkkelpersonell hos Leverandøren skal godkjennast av Oppdragsgjevar. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Ved byte av personell som skriv seg frå Leverandøren, ber Leverandøren kostnadene ved kompetanseoverføring til nytt personell.
2.Endring, stansing og avbestilling
2.1Endringar i ytinga etter avtaleinngåinga
Endringar av eller tillegg til den avtalte ytinga skal avtalast skriftleg. Leverandøren skal føre ein fortløpande katalog over slike endringar. Katalogen skal heile tida vere tilgjengeleg for Oppdragsgjevar.
Dersom Leverandøren meiner innhaldet i eller omfanget av bistanden vert endra undervegs, må det utan ugrunna opphald meldast skriftleg til Oppdragsgjevar. Er ikkje det gjort, skal bistanden gjennomførast til avtalt tid og pris.
2.2Mellombels stansing av bistanden
Oppdragsgjevar kan med skriftleg varsel på minimum 5 (fem) kalenderdagar krevje at gjennomføringa av bistanden vert stansa mellombels. Det skal opplysast når bistanden skal stansast og når han er planlagt tatt opp att.
Ved mellombels stans skal Oppdragsgjevar erstatte:
Leverandøren sine dokumenterte kostnader knytte til omdisponering av personell.
Andre direkte kostnader som Leverandøren vert påført som følge av stansinga.
2.3Avbestilling
Bistanden kan avbestillast av Oppdragsgjevar med 30 (tretti) dagars skriftleg varsel.
Ved avbestilling før bistanden er fullført skal Oppdragsgjevar betale:
Det beløpet Leverandøren har til gode for allereie utført arbeid.
Leverandøren sine dokumenterte kostnader knytte til omdisponering av personell.
Andre direkte kostnader som Leverandøren vert påført som følge av avbestillinga.
3.Partane sine plikter
3.1Leverandøren sine plikter
Bistanden skal gjennomførast i samsvar med avtalen, og skal utførast profesjonelt, effektivt og med høg fagleg standard.
Oppdragsgjevar skal få høve til å kontrollere og etterprøve Leverandøren sitt arbeid og at oppgitte standardar/metodar vert følgde.
Leverandøren skal lojalt samarbeide med Oppdragsgjevar, og vareta Oppdragsgjevar sine interesser.
Førespurnader frå Oppdragsgjevar skal svarast på utan ugrunna opphald.
Leverandøren skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Leverandøren forstår eller bør forstå at kan få innverknad på gjennomføringa av bistanden, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
3.2Lønns- og arbeidsvilkår
For avtalar som er omfatta av forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar gjeld dette:
Leverandøren skal på område dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale sørge for at eigne og eventuelle underleverandørar sine tilsette som direkte medverkar til å oppfylle Leverandøren sine forpliktingar under denne avtalen, ikkje har dårlegare lønns- og arbeidsforhold enn det som følger forskrifta som allmenngjer tariffavtalen. På område som ikkje er dekte av allmenngjort tariffavtale, skal Leverandøren sørge for at dei same tilsette ikkje har dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som følger av gjeldande landsomfattande tariffavtale for den aktuelle bransjen. Dette gjeld for arbeid utført i Noreg.
Alle avtalar Leverandøren inngår og som inneber utføring av arbeid som direkte medverkar til å oppfylle Leverandøren sine forpliktingar under denne avtalen, skal innehalde tilsvarande forpliktingar.
Dersom Leverandøren ikkje oppfyller denne forpliktinga, har Oppdragsgjevar rett til å halde tilbake delar av kontraktssummen, tilsvarande ca 2 (to) gonger innsparinga for Leverandøren, inntil det er dokumentert at forholdet er ført i orden.
Oppfylling av Leverandøren sine forpliktingar som nemnt ovanfor, skal dokumenterast ved anten ei vedlagd eigenerklæring eller tredjepartserklæring om at det er samsvar mellom aktuell tariffavtale og faktiske lønns- og arbeidsvilkår for oppfylling av Leverandøren og eventuelle underleverandørar sine forpliktingar.
Leverandøren skal på førespurnad frå Oppdragsgjevar legge fram dokumentasjon om dei lønns- og arbeidsvilkåra som vert brukte. Oppdragsgjevar og Leverandøren kan kvar for seg krevje at opplysningane skal leggast fram for ein uavhengig tredjepart som Oppdragsgjevar har gitt i oppdrag å undersøke om krava i denne regelen er oppfylt. Leverandøren kan krevje at tredjeparten skal ha underteikna ei erklæring om at opplysningane ikkje vil verte nytta for andre føremål enn å sikre oppfylling av Leverandøren si forplikting etter denne regelen. Dokumentasjonsplikta gjeld også underleverandørar.
Nærare presiseringar om gjennomføring av dette punkt 3.2 kan avtalast mellom partane:
Leverandøren er fullt ut ansvarleg for sikkerheita til sine tilsette og sine innleigde ressursar, jf. punkt 2.8 i vedlegg 1.
3.3Oppdragsgjevar sine plikter
Oppdragsgjevar skal lojalt medverke til gjennomføring av bistanden.
Førespurnader frå Leverandøren skal svarast på utan ugrunna opphald.
Oppdragsgjevar skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Oppdragsgjevar forstår eller bør forstå at kan få innverknad på gjennomføringa av bistanden, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
3.4Møte
Dersom ein part finn det nødvendig, kan parten med minst 3 (tre) vyrkedagars varsel innkalle til møte med den andre parten for å drøfte avtaleforholdet og måten avtaleforholdet vert gjennomført på.
3.5Risiko og ansvar for kommunikasjon og dokumentasjon
Begge partar skal sørge for forsvarleg kommunikasjon, oppbevaring og sikkerheitskopiering av dokument og anna materiale som har noko å seie for bistanden uansett form, medrekna e-post og anna elektronisk lagra materiale.
Leverandøren har risikoen og ansvaret for alt materiale uansett form, som vert skadd eller øydelagt medan dei er under kontroll av Leverandøren.
3.6Teieplikt
Informasjon som partane vert kjende med i samband med avtalen og gjennomføringa av avtalen, skal behandlast konfidensielt, og ikkje gjerast tilgjengeleg for utanforståande utan samtykke frå den andre parten.
Dersom Oppdragsgjevar er ei offentleg verksemd, er teieplikt etter denne regelen ikkje meir omfattande enn det som følger av lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) eller tilsvarande sektorspesifikk regulering.
Teieplikt etter denne føresegna er ikkje til hinder for utlevering av informasjon som er kravd lagt fram i samsvar med lov eller forskrift, medrekna offentlegheit og innsynsrett som følger av lov 19. mai 2006 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova). Om mogleg, skal den andre parten varslast før slik informasjon vert gitt.
Teieplikta er ikkje til hinder for at opplysningane vert brukte når inga rettkomen interesse tilseier at dei vert haldne hemmelege, for eksempel når dei er alminneleg kjende eller alminneleg tilgjengelege andre stader.
Partane skal ta nødvendige forholdsreglar for å sikre at uvedkomande ikkje får innsyn i eller kan verte kjent med teiepliktig informasjon.
Teieplikta gjeld partane sine tilsette, underleverandørar og tredjepartar som handlar på partane sine vegner i samband med gjennomføring av avtalen. Partane kan berre overføre teiepliktig informasjon til slike underleverandørar og tredjepartar i den utstrekning dette er nødvendig for gjennomføring av avtalen, føresett at desse vert pålagde plikt til konfidensialitet tilsvarande dette punkt 3.6.
Teieplikta er ikkje til hinder for at partane kan utnytte erfaring og kompetanse som vert opparbeidd i samband med gjennomføringa av avtalen.
Teieplikta gjeld også etter at avtalen er opphøyrd. Tilsette eller andre som fråtrer tenesta si hos ein av partane skal påleggast teieplikt også etter fråtredinga om forhold som nemnt ovanfor. Teieplikta fell bort fem (5) år etter leveringsdag, med mindre anna følger av lov eller forskrift.
3.7Skriftlegheit
Alle varsel, krav eller andre meldingar knytte til denne avtalen skal givast skriftleg til den postadressa eller elektroniske adressa som er oppgitt på framsida av avtalen, med mindre partane har avtalt noko anna for den aktuelle typen førespurnad:
4.Vederlag og betalingsvilkår
4.1Vederlag
Vederlag for bistanden er avtalt som følger: (vel det aktuelle alternativet)
Alt. 1: Fastpris
|
Valuta |
Beløp |
|
Pris for bistanden |
|
|
ekskl. mva |
Mva ……% |
|
|
mva |
Kontraktssum |
|
|
inkl. mva |
Alt. 2: Timepris
|
Valuta |
Beløp |
|
Pris per time |
NOK |
|
ekskl. mva |
Meirverdiavgift 25 % |
|
|
mva |
Pris per time |
|
|
inkl. mva |
Dersom
alt. 2 er valt, oppgir ein den øvre ramma for bistanden: 450 000,-
eks. mva
Alt. 2.1: Totalpris
-
Valuta
Beløp
Totalpris
ekskl. mva
Totalpris
inkl mva
eller
Alt. 2.2: Tal timar totalt: (Fyll inn antall timer) timar
Alt. 3: Xxxx avtalt vederlag for bistanden: Sjå prisskjema
Med mindre anna er oppgitt ovanfor, er alle prisar oppgitt i norske kroner.
Utlegg, inklusive reise- og diettkostnader, vert berre dekte i den grad dei er avtalte.
Eventuelle reise-/diettkostnader skal spesifiserast særskilt, og følgjer Statens gjeldande satsar dersom ikkje anna er avtalt. Reisetid vert berre fakturert dersom det er avtalt.
Dersom partane har avtalt anna enn det som følger ovanfor, spesifiserer ein dette her:
Xxxxxxx har avtalt at følgande av Leverandøren sine dokumenterte utlegg skal dekkast:(Fylles inn dersom man ønsker å fravike standardavtalen)
Reise- og diettkostnader vert dekte etter desse satsane:
(Fylles inn dersom man ønsker å fravike standardavtalen)
Leverandøren kan fakturere reisetid som har gått med, i samsvar med følgande:
(Fylles
inn dersom man ønsker å fravike standardavtalen)
Xxxx: xxx
4.2Fakturering
Fakturering skjer etterskotsvis pr. månad. Fakturert beløp skal gjelde den tida som er gått med fram til faktureringstidspunktet, og eventuell dekking av utgifter som har kome på i same tidsrom.
Leverandøren
sine fakturaer skal spesifiserast og dokumenterast slik at dei kan
kontrollerast av Oppdragsgjevar. Alle fakturaer for jamlege timar
skal vere vedlagde detaljert spesifikasjon over timar som er komne
på. Utlegg og andre utgifter skal oppgivast særskilt. Sluttfaktura
(EHF) skal sendast snarast råd etter utført oppdrag, og ikkje
seinare enn 1 månad etter avslutta arbeid.
Siste frist for
fakturering av arbeid utført i 2023 er 01.12.2023
Fakturering skjer ved elektronisk faktura – EHF.
Fakturaadresse: 974 761 645
Faktura skal merkast med:
Referansenummer: 3860KSV
Namn: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen v/Statsforvaltaren i Innlandet
Leverandøren skal levere faktura, kreditnotaer og purringar i samsvar med det fastsette formatet Elektronisk handelsformat (EHF).
Leverandøren må sjølv bere eventuelle kostnader leveranse av elektronisk faktura måtte medføre for denne.
4.3Forseinkingsrente
Dersom Oppdragsgjevar ikkje betaler til avtalt tid, har Leverandøren krav på rente av det beløpet som er forfalle til betaling, i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forseinka betaling m.m. (forseinkingsrentelova).
4.4Betalingsmisleghald
Dersom forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter ikkje er betalt innan 30 (tretti) kalenderdagar frå forfall, kan Leverandøren sende skriftleg varsel til Oppdragsgjevar om at avtalen vil verte heva dersom oppgjer ikkje er skjedd innan 60 (seksti) kalenderdagar etter at varselet er mottatt.
Heving kan ikkje skje dersom Oppdragsgjevar gjer opp forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter innan utløpet av fristen.
4.5Prisendring
Prisane kan endrast i den utstrekning reglane for offentlege avgifter vert endra med verknad for Leverandøren sitt vederlag eller kostnader.
Prisen kan endrast kvart årsskifte, avgrensa oppover til eit beløp som tilsvarer auken i konsumprisindeksen (hovudindeksen) ved Statistisk sentralbyrå, første gong med utgangspunkt i indeksen for den månaden avtalen vart inngått.
Eventuelle andre avtalte reglar om prisendringar:
5.Opphavs- og eigedomsrett
Eigedomsrett, opphavsrett og andre relevante materielle og immaterielle rettar til resultat av bistanden tilkjem Oppdragsgjevar når betaling er skjedd, med dei avgrensingane som følger av ufråvikeleg lov.
Rettane omfattar også rett til endring og vidareoverdraging, jf lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverklova) § 39b.
Leverandøren beheld rettane til eigne verktøy og metodegrunnlag. Begge partar kan også utnytte generell kunnskap (know-how) som ikkje er teiepliktig og som dei har tileigna seg i samband med bistanden.
6.Misleghald
6.1Kva som vert rekna som misleghald
Det ligg føre misleghald dersom ein av partane ikkje oppfyller forpliktingane sine etter avtalen, og det ikkje kjem av forhold som den andre parten er ansvarleg for, eller force majeure.
6.2Varslingsplikt
Dersom ein av partane ikkje kan oppfylle pliktene sine som avtalt, skal parten så raskt som mogleg gi den andre parten skriftleg varsel om dette. Varselet skal opplyse om årsaka til problemet og så vidt det er mogleg oppgi når ytinga kan leverast. Tilsvarande gjeld dersom det må reknast med ytterlegare forseinkingar etter at første varsel er gitt.
6.3Sanksjonar ved misleghald
6.3.1Tilbakehald av ytingar
Ved misleghald frå Leverandøren kan Oppdragsgjevar halde betalinga tilbake, men ikkje openbert meir enn det som er nødvendig for å sikre Oppdragsgjevar sitt krav som følger av misleghaldet. Leverandøren kan ikkje halde tilbake ytingar som følge av misleghald frå Oppdragsgjevar, med mindre misleghaldet er vesentleg.
6.3.2Prisavslag
Dersom det trass gjentatte forsøk ikkje har lykkast Leverandøren å avhjelpe ein mangel, kan Oppdragsgjevar krevje forholds messig avslag i kontraktssummen. Prisavslag er kompensasjon for redusert verdi av det leverte, og er uavhengig av eventuell erstatning.
6.3.3Heving
Dersom det ligg føre vesentleg misleghald, kan den andre parten, etter å ha gitt den misleghaldande part skriftleg varsel og rimeleg frist til å bringe forholdet i orden, heve heile eller delar av avtalen med omgåande verknad.
Dersom det som er prestert fram til hevingstidspunktet, er av ein slik art at Oppdragsgjevar har lite eller inga nytte av det presterte på hevingstidspunktet, kan Oppdragsgjevar i samband med heving velje å krevje tilbakebetalt vederlag for jamlege timar og eventuelle utgifter som Leverandøren har tatt mot under avtalen, med tillegg av renter, tilsvarande NIBOR pluss 1 (ein) prosent, frå det tidspunktet betaling er skjedd. Elles skal Oppdragsgjevar, i den utstrekning Oppdragsgjevar kan utnytte desse ytingane som føresett, betale for ytingar som var presterte før hevingstidspunktet med frådrag av prisavslag i samsvar med punkt 6.3.2.
6.3.4Erstatning
Ein part kan krevje erstatta kvart eit direkte tap, medrekna meirkostnader Oppdragsgjevar får ved dekningskjøp, tap som kjem av meirarbeid og andre direkte kostnader i samband med forseinking, mangel eller anna misleghald i samsvar med punkt 6.1, med mindre den misleghaldande parten godtgjer at misleghaldet eller årsaka til misleghaldet ikkje skriv seg frå den misleghaldande parten.
6.3.5Erstatningsavgrensing
Erstatning for indirekte tap kan ikkje krevjast. Indirekte tap omfattar, men er ikkje avgrensa til, tapt forteneste av alle artar, tapte innsparingar, tap av data, og krav frå tredjepartar med unntak av erstatningsansvar ein er dømt til for rettsmanglar.
Samla erstatning i avtaleperioden er avgrensa til eit beløp som svarer til avtalt vederlag eller eit øvre estimat for bistanden, eksklusive meirverdiavgift.
Desse avgrensingane gjeld likevel ikkje dersom den misleghaldande parten eller nokon denne svarer for, har utvist grov aktløyse eller forsett.
7.Andre vilkår
7.1Forsikringar
Dersom Oppdragsgjevar er ei offentleg verksemd, står Oppdragsgjevar som sjølvassurandør. Dersom Oppdragsgjevar ikkje står som sjølvassurandør, pliktar Oppdragsgjevar å ha forsikringar som er tilstrekkelege til å dekke dei krava frå Leverandøren som følger av Oppdragsgjevar sin risiko eller ansvar etter denne avtalen innanfor ramma av alminnelege forsikringsvilkår.
Leverandøren pliktar å ha forsikringar som er tilstrekkelege til å dekke dei krava frå Oppdragsgjevar som følger av Leverandøren sin risiko eller ansvar etter denne avtalen innanfor ramma av alminnelege forsikringsvilkår. Denne forpliktinga vert rekna som oppfylt dersom Leverandøren teiknar ansvars- og risikoforsikring på vilkår som er rekna som ordinære innanfor norsk forsikringsverksemd.
7.2Overdraging av rettar og plikter
I den grad Oppdragsgjevar er ei offentleg verksemd, kan Oppdragsgjevar overdra sine rettar og plikter etter denne avtalen til xxxx offentleg verksemd. Den verksemda som får rettar og plikter overdratt, har rett til tilsvarande vilkår, såframt rettane og pliktene i avtalen vert overdratt samla.
Leverandøren kan berre overdra sine rettar og plikter etter avtalen med skriftleg samtykke frå Oppdragsgjevar. Dette gjeld også dersom Leverandøren vert delt i fleire selskap, eller dersom overdraginga skjer til eit dotterselskap eller anna selskap i same konsern, men ikkje dersom Leverandøren slår seg saman med eit anna selskap. Samtykke kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Retten til overdraging i avsnittet over gjeld berre dersom den nye leverandøren oppfyller dei opphavlege kvalifikasjonskrava, det ikkje vert gjort andre vesentlege endringar i kontrakten og overdraging ikkje skjer for å omgå regelverket om offentlege anskaffingar.
Retten til vederlag etter denne avtalen kan fritt overdragast. Slik overdraging fritar ikkje vedkomande part frå hans forplikting og ansvar.
7.3Konkurs, akkord e.l.
Dersom det i samband med verksemda til Leverandøren vert opna gjeldsforhandlingar, akkord eller konkurs, eller anna form for kreditorstyring gjer seg gjeldande, har Oppdragsgjevar rett til å heve avtalen med omgåande verknad, såframt ikkje anna følger av ufråvikeleg lov.
7.4Force majeure
Skulle det inntreffe ein ekstraordinær situasjon som ligg utanfor partane sin kontroll som gjer det uråd å oppfylle plikter etter denne avtalen og som etter norsk rett må reknast som force majeure, skal motparten varslast om dette så raskt som mogleg. Forpliktingane til den ramma parten vert suspenderte så lenge den ekstraordinære situasjonen varer. Motytinga frå den andre parten vert suspendert i same tidsrom.
Motparten kan i force majeure-situasjonar berre heve avtalen med samtykke frå den ramma parten, eller dersom situasjonen varer eller er venta å ville vare lenger enn 90 (nitti) kalenderdagar rekna frå det tidspunktet situasjonen inntreffar, og då berre med 15 (femten) kalenderdagars varsel.
I samband med force majeure-situasjonar har partane gjensidig informasjonsplikt overfor kvarandre om alle forhold som må ventast å ha noko å seie for den andre parten. Slik informasjon skal givast så raskt som mogleg.
8.Tvistar
8.1Rettsval
Partane sine rettar og plikter etter denne avtalen vert i heilskap fastsette etter norsk rett.
8.2Forhandlingar
Dersom det oppstår tvist mellom partane om tolkinga eller rettsverknadene av avtalen, skal tvisten først søkast løyst gjennom forhandlingar.
8.3Mekling
Dersom ein tvist i tilknyting til denne avtalen ikkje vert løyst etter forhandlingar, kan partane forsøke å løyse tvisten ved mekling.
Partane kan velje å legge Den Norske Advokatforening sine reglar for mekling ved advokat til grunn, eventuelt modifisert slik partane ønsker. Det er føresett at partane vert samde om ein meklar med den kompetansen partane meiner passar best ut frå tvisten.
Den
nærare framgangsmåten for mekling vert fastsett av meklaren, i
samråd med partane.
8.4Domstols- eller skilsdomsbehandling
Dersom ein tvist ikkje vert løyst ved forhandlingar eller mekling, kan kvar av partane forlange tvisten avgjort med endeleg verknad ved norske domstolar.
Forretningsadressa til Oppdragsgjevar er verneting.
Partane kan alternativt avtale at tvisten vert avgjort med endeleg verknad ved skilsdom.
9.Andre endringar og tillegg til avtaleteksten
Punkt |
Vert erstatta med |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
*****