Vedteke i kommunestyret 21.06.2021
2021-33
Føresegner
Vedteke i kommunestyret 21.06.2021
Innhald
1 Informasjon 3
2 Generelle føresegner (PBL §11-9) 3
2.1 Plankrav 3
2.2 Tilhøve til kommunedelplan og reguleringsplanar (pbl § 11-9 nr. 1) 4
2.3 Utbyggingsavtaler (pbl §11-9, nr. 2) 5
2.4 Føresegner om rekkefølge (pbl § 11-9 nr. 4) 5
2.5 Teknisk infrastruktur (pbl §11-9 nr. 3) 6
2.6 Byggegrenser (pbl. §11-9 nr 5) 8
2.7 Parkering (pbl § 11-9 nr. 5) 9
2.8 Mobilitet (pbl §11-9 nr. 5) 9
2.9 Uteareal og leikeplassar (pbl. §11-9 nr. 5) 10
2.10 Støy (pbl. § 11-9 nr. 6 og 8) 12
2.11 Universell utforming (pbl § 11-9 nr. 5) 12
2.12 Skilt og reklame (pbl. 11-9 nr. 5) 12
2.13 Bevaringsverdige bygg og kulturmiljø (§11-9 nr 7) 12
2.14 Landskap og estetikk (PBL §11-9 nr 6) 13
2.15 Blå og grøne naturverdiar (pbl § 11-9 nr. 6) 13
2.16 Samfunnstryggleik (pbl § 11-9 nr. 8 og Tek17, kap. 7) 14
2.17 Tilhøve som skal avklarast og sikrast i vidare reguleringsarbeid (§11-9 nr 8) 14
3 Føresegner og retningslinjer etter arealformål (jf. pbl § 11-7) 15
3.1 Bygningar og anlegg (pbl §§ 11-9 og 11-10) 15
3.2 Samferdsel og teknisk infrastruktur (§§11-9 og 11-10) 20
3.3 Grøntstruktur (§§11-9 og 11-10) 20
3.4 Landbruks-, natur og friluftsføremål (LNF) (§§11-9 og 11-11) 21
3.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag (pbl. §§ 11-9 og 11-11) 23
4 Omsynssoner 24
4.1 Støysoner (H210) (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a) 24
4.2 Faresoner (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a) 24
4.3 Sikringssoner (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a) 25
4.4 Soner med særskilt omsyn til landbruk, friluftsliv, grøntstruktur, landskap, natur- eller kulturmiljø (pbl §
11-8, tredje ledd, bokstav c) 25
4.5 Soner som er bandlagt etter xxxx xxxxxxx (pbl § 11-8, tredje ledd, bokstav d) 26
4.6 Krav om felles planlegging for fleire eigedomar (pbl § 11-8, 3.ledd, bokstav e) 27
5 Føresegner til føresegnsområde (pbl § 11-9 og 11-10) 27
5.1 Føresegner til føresegnsområde (område #1 – #9) 27
6 Vedlegg 27
1 Informasjon
Kommuneplanens arealdel med føresegner og plankart i målestokk 1:50 000 er utarbeidd med heimel i plan- og bygningslova (pbl) av 27.6.08 §11-5. Føresegner til planen er juridisk bindande og kjem i tillegg til dei forholda som er fastlagd i plankartet. Retningslinjene til planen er ikkje juridisk bindande, men av rådgjevande og informativ karakter. Retningslinjer er vist med kursiv.
Arealdelen slår fast kva dei enkelte områda i kommunen kan nyttast til. Planen får verknad dersom dagens bruk av areal skal endrast. Arealbruk og tiltak skal ikkje vere i strid med planen. Dersom det søkjast om dispensasjon frå planen, skal naboar og berørte styresmakter varslast før evt. vedtak.
Omgrepa som er nytta er i samsvar med teknisk forskrift og gjeldande standard NS3940, med unntak for utnyttingsgrad for fritidsbustad.
2 Generelle føresegner (PBL §11-9)
2.1 Plankrav
2.1.1 Krav om reguleringsplan (pbl. §11-9 nr 1)
For område vist som hovudformål bygg og anlegg og samferdselsanlegg, teknisk infrastruktur og småbåthamn kan tiltak som nemnt i pbl. § 20-1 bokstav a, l og m ikkje settast i verk før det er vedteke ein reguleringsplan for området.
Retningslinje
Før enkelttomter kan delast frå kan det stillast krav om reguleringsplan som omfattar fleire tomter, både framtidige og noverande.
Kommunen vil vurdere kor stort område reguleringsplanar skal omfatte i samband med oppstartsmøtet.
2.1.2 Unntak for område for noverande bustader (pbl § 11-10 nr. 1)
a) I noverande byggjeområde for bustad kan tiltak etter §20-1 tillatast utan reguleringsplan dersom det ikkje vert søkt om meir enn 3 bueiningar og maksimalt 2 daa nytt tomteareal. I samband med byggeløyve for bustader og næringsverksemd skal trafikktryggleiken for mjuke trafikantar og trygg skuleveg dokumenterast.
b) Unnataket frå plankravet gjeld ikkje dersom tomtearealet inngår i eit byggeområde med potensiale for fleire tomter/bueiningar enn det det søkjast om.
2.1.3 Unntak for område for noverande fritidsbustader (pbl § 11-10 nr. 1)
b) Unnataket frå plankravet gjeld ikkje dersom tomtearealet inngår i eit byggeområde med potensiale for fleire tomter/bueiningar enn det det søkjast om.
2.1.4 Unntak for andre føremål (inkl. kombinerte føremål) (pbl § 11-10 nr. 1)
a) I byggeområde for forretningar, offentleg eller privat tenesteyting, råstoffutvinning, næringsbygg, fritids- og turistføremål, idrettsanlegg og andre typar bygningar og anlegg kan tiltak etter §20-1 bokstav a på inntil 500 BRA, samt k-m, tillatast utan reguleringsplan.
2.2 Tilhøve til kommunedelplan og reguleringsplanar (pbl § 11-9 nr. 1)
a) Ved motstrid mellom kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar vedtatt før denne, gjeld føresegner og plankart framfor kommuneplanens arealdel. Føresegner og retningslinjer i kommuneplanen supplerer dei eksisterande reguleringsplanane, samt kommunedelplan for Lifjell, dersom tilsvarande tema ikkje er handsama i reguleringsplan.
b) Kommunedelplan for del av Lifjellområdet (24.02.14) gjeld før kommuneplanens arealdel, jf. avgrensing i kommuneplankartet. Pkt. 2.1.3a) og 3.1.3 bokstav a) og b) gjeld framfor kommunedelplan for Lifjellområdet.
c) Kommuneplanens arealdel gjeld før følgjande reguleringsplanar:
• 02_15_1992 Gullbring – Evjudalen
• 02_20_1999 Reg. endring G/S veg Forberg
• 04_22_1999 Xxxxxxx mat
• 09231997 Gvarv skole, utvidelse av skoletomt
• 04_13_1993 Fv. 153 ved Lifjell hotell/Vårbusvingen
• 02_11_1989 Hellandområdet
• 02_12_1989 Nordbøåsen – tråvbanen
• 11071987 Ødegårdsfeltet
• 02_09_1983 Gullbring – Bø hotell
• 10021977 Industriområde Brenna
• 05_03_1971 Industriareal Grivimoen
• 11011952 Gvarv vest
d) Kommuneplanens arealdel gjeld før delar av følgjande reguleringsplanar:
• 11021973 Sagatun: Gjeld areal som er sett av til grønnstruktur i kommuneplanen (del av gnr./bnr. 191/141), men offentleg byggeføremål i reguleringsplanen.
• 11051982 Oredalen industriområde: Gjeld areal som er sett av til felles avkøyringar (felles vegar).
• 10042002 Hørte: Gjeld bustadområde B1 (gnr./bnr. 188/5, 188/42 og 186/32) for areal sett av til bustad, vegareal for ny trase for Verksvegen, intern tilkomstveg og felles leikeareal (to område) og for ny veg mellom Sverdmyrbakken og Sætrevegen (gnr./bnr. 188/11) og jord- og skogbruksformål vest for denne.
• 10052003 Brenna Industriområde: Gjeld eigedomen gnr/bnr 191/50
• 07052004 Xxxxxxx Xxxxxxxx: Gjeld eigedomen gnr/bnr 102/35
• 11112005 Gvarv vest: Gjeld anlegg for idrett og sport (I/S1) og felles parkering (FP1)
• 05_41_2006 Bustad- og industriområdet Grivi: Gjeld arealføremålet kontor/industri og føresegnene som høyrer til formålet. Føresegner for FO1 Handelsparken gjeld framfor reguleringsplanen.
e) Reguleringsplanar som ikkje har tilfredsstillande risiko- og sårbarheitsanalyse skal avklare omsyn til risiko før søknad om tiltak etter pbl § 20-1 kan vurderast, uavhengig av vedtaksdato.
2.3 Utbyggingsavtaler (pbl §11-9, nr. 2)
a) Utbyggingsavtaler for realisering av tiltak innafor planområdet vil kunne omfatte følgjande:
• Teknisk, grøn og blågrøn infrastruktur som følgjer av krav om opparbeiding i Plan- og bygningslova og reguleringsplan
• Veg, vatn og avløp
• Friområde, leikeareal og grønstruktur
• Andre tilhøve som er nødvendige for å gjennomføre planvedtak. Særskilte føresetnader om nødvendigheit og forholdsmessigheit må vere til stades:
o Særskilte infrastrukturtiltak som følgjer av den konkrete utbygginga, slik som eksterne veganlegg og vatn- og avløpsanlegg, belysning, skilting, turvegar, skiløypar/ skibruer
o Organisatoriske tiltak slik som etablering av velforeining, organisering i høve til privat drift og vedlikehald av anlegg
o Utbyggingstakt/rekkjefølgje
b) Utbyggingsavtala kan omfatte tiltak og tilhøve både innanfor og utanfor planområdet si avgrensing, men skal stå i samanheng med regulerte tiltak.
2.4 Føresegner om rekkefølge (pbl § 11-9 nr. 4)
2.4.1 Generelt
Område sett av til bygg og anlegg kan ikkje takast i bruk før nødvendige tekniske anlegg, blågrønn infrastruktur, attbruk av matjord og samfunnstenester er etablert eller sikra på ein måte som er tilfredsstillande for kommunen. Dette gjeld blant anna energiforsyning, vatn og avløp, handtering av overvatn, anlegg for kollektivtransport, vegnett for gåande og syklande, møteplassar og nærmiljøanlegg (uteopphaldsareal og leikeplass) og vegetasjonssoner rundt dyrka mark og vassdrag.
2.4.2 Rekkefølgjekrav til bustadområde
Nummer i plankartet | Før utbygging skal følgjande tiltak vere ferdigstilt |
B1 Ryntveit | Gang- og sykkelveg frå Liagrendvegen langs fylkesveg 3340 til bustadområdet må vere etablert. Ny tilkomst frå fylkesveg 3340 må vere etablert. |
B2, B28 og B29 Haukvik | Ny tilkomstveg til Norsjø ferieland og bebyggelsen sør for denne frå fylkesv. 3340 må vere etablert |
B5 Berghøgda | Gang/sykkelveg/fortau frå fylkesveg 3336 til bustadområdet må vere etablert. |
B7 Plassenvegen | Nærleikeplass på 186/105 skal vere etablert |
B8 Sjøbuhaugen | Enkel 7-er grasbane på område K må vere ferdigstilt |
B8 Sjøbuhaugen og B10 Brattestå | Gang og sykkelveg må vere ført fram til området langs RV 36 |
B11-13 og B14-15 Veirud - Kåsaåsen | Krysset Kyrkjevegen – fv 359 (Veirudkrysset) leggast om som vist i plankart. Eksisterande avkøyring til Kyrkjevegen frå fv 359 skal stengast. |
B17 Roe og B18 Hynne | Roevegen må rustast opp i tråd med utbyggingsavtale for reguleringsplan for Fredsteinbergja. Sikt i krysset Roevegen-fv 359 må utbetrast ved at Roevegen flyttast mot sør ut i krysset. |
B20 Oterholt | Det må etablerast ei trafikksikker løysing for gåande og syklande frå kryss fv 3334-Hågåbergja framt il kryss fv 3334-Eikjavegen. |
B25 Ødegårdsfeltet | Trygg gangveg/snarveg til busstopp må vere etablert |
2.4.3 Rekkefølgjekrav til andre arealføremål
a) Rekkefølgjekrav til andre arealføremål er vist i tabellen under:
Nummer i plankartet | Rekkefølgjekrav |
F2 Vatnar | Tilkomst til fv 3330 må utbetrast før utviding av leirstaden. |
I2 Rallelvegen MX-bane (utan rettsverknad) | Den eksisterande turstien må flyttast før utbygging. Parkeringsplassen som skal sikre tilkomst til friluftsområde må vere etablert før området kan takast i bruk. |
FT2 Norsjø Ferieland | Ny tilkomstveg til Norsjø ferieland og bebyggelsen sør for denne frå fylkesv. 3340 må vere etablert |
R11 Oterholt | Før utvida bruk av grustaket kan godkjennast må løysing for gåande og syklande frå kryss fv 3334- Hågåbergja fram til kryss fv 3334-Eikjavegen vere etablert. |
Skyttarvegen | Før ferdigattest til ny trasé for Skyttarvegen fram til Veirudkrysset, skal eksisterande veg frå kryss med Xxxxxxxxxxx fram til fv 359 leggast tilbake til dyrka mark. |
FO1 Handelsparken | Før nye handelsetableringar kan takast i bruk må det sikrast tilfredsstillande trafikkavvikling og tilkomst for gåande og syklande på bakgrunn av mobilitetsplan. Gang- og sykkelvegen mellom sentrum og Handelsparken skal vere utbetra. Internt i handelsparkområdet skal det vere tilrettelagt for trafikksikker ferdsel, samt trafikksikker tilkomst til Valenvegen og i løysinga mot området Europris og Gvarvvegen. Grøntområde i handelsparkområdet skal vere ferdig opparbeid. Grøntområde som bind saman sentrum og handelsparken på ein måte som sikrar omsynet til mjuke og harde trafikantar skal vere opparbeid. |
A2 Gvarvhølen | Før tiltaket kan takast i bruk skal det opparbeidast ein gangforbindelse mellom badeberget og brygga. |
b) Rekkefølgjekrav for område for råstoffutvinning. Område merkt som prioritet 1 skal takast ut før område merkt som prioritet 2 kan opnast. Dersom sterke driftsmessige eller marknadsmessige omsyn talar for det, kan områda flyttast mellom 1. og 2. prioritet.
Prioritet 1 | Prioritet 2 |
R1-5 | R6-7 |
2.5 Teknisk infrastruktur (pbl §11-9 nr. 3)
2.5.1 Vass- og avløpshandtering, inkludert overvatn
Krav om tilknyting til offentleg vass- og avlaupsleidning etter pbl § 27-1 andre til fjerde ledd og § 27-2 andre til fjerde ledd, gjeld òg for fritidsbustader, jf. pbl § 30-6.
2.5.2 Overvatn
a) Overvatn skal fortrinnsvis handterast med trestegsprinsippet, gjennom infiltrasjon i grunnen og i opne vassvegar. Ekstreme overvassmengder skal handterast i definerte flaumvegar.
b) Bygg og anlegg skal utformast slik at naturlege flaumvegar og søkk i terrenget blir bevart og det er sikra tilstrekkeleg tryggleik mot flaum og erosjon.
c) Dersom naturlege flaumvegar blir endra i reguleringsplan eller ved søknad om tiltak skal det dokumenterast at endringa ikkje fører med seg negative konsekvensar for andre område.
d) I reguleringsplanar og ved søknad om tiltak skal det gjerast greie for korleis overvatnet blir påverka og handtert, både på og i tilknyting til området. Forholdet mellom harde og drenerande flater skal dokumenterast.
Retningslinje:
Dersom det er tungvegande grunnar til at trestegsprinsippet ikkje kan gjennomførast, kan overvatn via fordrøyning førast til kommunalt leidningsnett etter godkjenning frå kommunen. NVEs til ei kvar tid gjeldande retningslinje for overvatn skal leggast til grunn.
2.5.3 Handtering av vatn og avløp i reguleringsplan (inkludert overvatn)
I alle reguleringsplanar med bygg- og anleggsføremål skal det utarbeidast ein rammeplan for vatn og avløp, som òg inkluderer sløkkevatn. Rammeplanen skal vere i tråd med kommunen sin til ein kvar tid gjeldande VA-norm og hovudplan for vatn, avløp og overvatn.
Retningslinje
Reguleringsplanar bør vise korleis overvassløysingar kan gje nye bruksmessige og visuelle kvalitetar til det offentlege rom.
2.5.4 Handtering av vatn- og avløp i byggjesøknad (inkludert overvatn)
Ved søknad om rammeløyve skal det liggje føre ein godkjent plan for vatn og avløp (inkludert overvatn), som òg inkluderer sløkkevatn. Planen må skildre løysingar for vatn, avløp og overvatn i området, og vere i samsvar med kommunens VA-norm.
Retningslinje
Krav til utføring følgjer vedtekne tekniske føresegner, t.d. normer for VA, veg, overvatn, renovasjon.
2.5.5 Veg og avkøyringar
a) Det skal vere færrast mogleg avkøyringar til ein eigedom. For eigedomar med frittliggande småhus kan det berre etablerast ei avkøyrsle pr tomt.
b) Hovudtilkomst til bustadområde:
Nr | Tilkomstveg | Nr | Tilkomstveg |
B1 | Ny tilkomst for Liagrendvegen | B16 | Stadskleivvegen |
B2 | Liagrendvegen | B17-18 | Roevegen |
B4 | Gunheimsvegen | B19 | Eikjavegen |
B5 | Ny tilkomst via Hørtemogane | B20 | Vreimsida |
B6-7 | Rukarvegen | B21 | Rukaren |
B9 | Avklarast i reguleringsplan | B22 | Avklarast i reguleringsplan |
B11-13 | Skyttarvegen | B23 | Oterholtvegen |
B14-15 | Skyttarvegen/Stadskleivvegen | B25 | Avklarast i reguleringsplan |
c) B22: Samleveg inn til bustadfeltet frå hovudveg skal regulerast som privat, jf. § 11-9 nr 3.
Retningslinje
Til ei kvar tid gjeldande vegnorm skal leggast til grunn for planlegging og dimensjonering av nye vegar og g/s-vegar.
2.6 Byggegrenser (pbl. §11-9 nr 5)
2.6.1 Byggegrense mot vassdrag
a) Tiltak etter pbl. §§20-1 a, f, j, k, l er ikkje tillate nærare Bø-/Gvarvelva, Norsjø og vassdraget frå Norsjø til og med Heddalsvatnet og verna vassdrag enn 100m, og ikkje nærare bekkar med årsikker vassføring enn 50 m. I byggeområde langs elver tillatast ikkje tiltak nærare vassdrag enn 50 m. I byggeområde innanfor tettstadgrensene for Akkerhaugen og Gvarv skal byggegrensa avklarast i reguleringsplan. Byggegrensa må sikre allmenn tilkomst til strandsona og vere i samsvar med føresegnene pkt 2.15.
b) Flaumsikringstiltak med godkjenning etter vassressurslova, bruer og stiar er ikkje omfatta av byggegrensa.
c) Det generelle forbodet mot tiltak i pbl §1-8 gjeld ikkje for naudsynte bygningar, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs vassdrag med sikte på landbruk, fiske, fangst.
Retningslinje:
Avstand til vassdrag målast i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flaumvasstand. Dersom vegar går nærare vassdraget enn tiltaket, kan det gjerast unnatak frå kravet om avstand frå vassdrag.
2.6.2 Grenser mot dyrka mark
a) Mellom bygningar og dyrka mark og dyrkbar mark skal det vere minimum 20 m. avstand. Byggegrensa gjeld ikkje innanfor sentrumsformål eller for garasjar, uthus og landbruksbygg i landbruket.
b) Byggegrensa gjelder heller ikkje for tomter som er delt i frå til bustadføremål før vedtak av kommuneplanen.
c) Ved frådeling av eigedom skal nye eigedomsgrenser ikkje ligge nærare dyrka mark enn 5 m.
Retningslinje
Avstanden kan reduserast/aukast etter nærare vurdering av stadeige tilhøve, t.d. landskap og terrengform. Der bustadområde blir liggande mot dyrka mark bør det etablerast ein vegetasjonsskjerm for å redusere konfliktar med landbruksdrifta. Våningshus og kårbustad er rekna som landbruksbygning.
2.6.3 Grenser mot veg
Tiltak under 50 m2 er ikkje lov nærare enn 2 meter frå tomtegrense mot kommunal veg eller gang- og sykkelveg.
Retningslinje
For andre tiltak gjeld byggegrenser heimla i veglova eller i reguleringsplan.
2.7 Parkering (pbl § 11-9 nr. 5)
a) Ved regulering og søknad om nybygg, tilbygg eller bruksendring av bustader eller fritidsbustader gjeld krav til tall parkeringsplassar for bil og sykkel som vist under. Parkering for næring, handel, tenesteyting, kontor m.fl. skal vurderast i reguleringsplan og ved søknad om tiltak på bakgrunn av mobilitetsplan jf. pkt 2.8 a). Ved søknad om tiltak etter pbl §20-1 skal parkeringsplassar visast på situasjonsplan.
Type parkering | Bilparkering | |
Bø sentrum (S1) | Resten av kommunen Min: | |
Individuell bustadparkering | Sjå områdeplan for Bø sentrum | 2 |
Individuell bustadparkering med felles besøksparkering | 2 | |
Felles bustadparkering | 2 |
b) Minst 5% av plassane i det enkelte utbyggingsprosjektet skal vere tilpassa funksjonshemma. Parkeringsplassar for funksjonshemma skal plasserast nær hovudinngang.
c) Sykkelparkering skal leggast nær hovudinngang.
d) Xxxxx for parkering for bil ved næring, handel, tenesteyting og kontor mfl. for nye utbyggingsprosjekt med areal over 500 m2 BRA skal vurderast ved utarbeiding av reguleringsplan og ved søknad om tiltak på bakgrunn av mobilitetsplan for tiltaket jf pkt 2.8. For utbyggingsprosjekt under 500 m2 BRA gjeld desse føringane:
• Lager: 0,5 plassar pr 100 m2 BRA
• Forretning: 2,5 plassar pr. 100 m2 BRA
• Kontor: 1,5 plassar pr. 100 m2 BRA
• Serveringsstader og forsamlingslokale: 0,25 plassar pr. sitteplass
e) Det skal sikrast min. 2 sykkelparkeringsplassar pr. bueining i tilknyting til leilegheitsbygg. Av desse skal min. 1 plass vere under tak. Det skal sikrast min. 1 sykkelparkeringsplass pr 100m2 BRA for næring, handel, tenesteyting, kontor mfl. For kontorbygg innanfor sone 1 og 2 skal halvparten av sykkelparkeringsplassane vere under tak. Kravet til sykkelparkering gjeld ikkje for lagerbygg.
f) For fellesparkeringar for bustader skal alle parkeringsplassane ha ladepunkt for elbil.
Retningslinje
Normalt areal pr. p-plass er 18m2. Normalt areal for sykkelparkering er 2m x 0,7 m pr. sykkel
Kravet til parkering kan reduserast dersom verksemder inngår langsiktige avtaler om parkering med andre verksemder som har aktivitet på andre tider av døgnet
2.8 Mobilitet (pbl §11-9 nr. 5)
a) For nye utbyggingsprosjekt med areal over 500 m2 BRA, som ikkje er bustad eller fritidsbustad, skal det utarbeidast ein mobilitetsplan i samband med regulering, og parkeringsbehovet kan fastsettast på bakgrunn av denne. Mobilitetsplanen skal analysere moglegheiter for lågast mogleg avhengigheit av bil. Mobilitetsplanen skal i tekst og teikning vise løysingar for gange, sykkel, kollektivtrafikk, bil og varetransport og korleis desse dannar samanhengande transport- ruter. Omfanget av planen skal tilpassast type tiltak.
b) Reguleringsplanar skal prioritere tilgjenge for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. I reguleringsplanar og søknad om tiltak skal snarvegar for mjuke trafikantar innanfor plan-/søknadsområdet kartleggast og sikrast, og det skal etablerast nye snarvegar mellom viktige gangruter eller viktige målpunkt som bidrar til å forkorte avstanden for mjuke trafikantar.
c) Ved reguleringsplanlegging og søknad om tiltak skal hovudruter for sykkel sikrast og etablerast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande temaplan for sykkel. Nye utbyggingsområde skal leggast til rette med effektive sykkelkoplingar til hovudvegnettet.
d) Reguleringsplanar skal dokumentere korleis grønstruktur, gangvegar, skiløyper og andre snarvegar bidreg til å kople saman større og mindre grøntområde og målpunkt som uteopphaldsareal, fritidsområde for barn og unge, friluftsområde, skular, arbeidsplassar, sentrumsfunksjonar, bustader og kollektivsamband.
Retningslinje:
Ved utforming av reguleringsplan bør nye bygg plasserast slik at det vert lagt til rette for eit oversiktleg og trafikksikkert gangvegnett med korte avstandar mellom hovudinngangar, leikeplassar og parkeringsplassar.
2.9 Uteareal og leikeplassar (pbl. §11-9 nr. 5)
a) For utbygging over 300 m² (BRA) eller med 4 bueiningar eller meir, er det krav om felles uteopphaldsareal.
Type område/bustad | Minimum samla uteareal | Minimum del av uteareal som skal vere felles |
Sentrumsføremål | 15 % av BRA pr. bueining | 50 % |
Leilegheiter og småhus utanfor sentrumsføremål (rekke- og atriumhus, to- og firemannsbustadar) | 50 m² pr. 100 m² BRA bustadformål eller pr. bueining. Minimum samanhengande areal: 5x7 m | 50 %. Arealet skal ligge på terrengnivå |
Einebustad (bueining > 50 m2 BRA) | 125 m² pr. bueining. Minimum samanhengande areal: 7x9 m | 20 %. Arealet skal ligge på terrengnivå |
b) Ikkje overbygde terrasser og takterrassar kan reknast inn i MUA.
c) Alle bustader skal sikrast tilgang til leikeareal for ulike aldersgrupper også ved bruksendring. Ved søknad om tiltak og i reguleringsplan skal det gjerast greie for korleis leikeareal er sikra.
d) Felles leikeplassar skal utformast som del av grønstruktur med samband til større grøntområde der dette er mogleg.
e) Ved utbygging av 4 bueiningar eller meir i område for bustadføremål og sentrumsføremål skal det minst leggjast til rette for leikeplassar som vist i tabellen nedanfor. For einebustader kan leikeplassarealet inngå i felles uteopphaldsareal.
Type anlegg | Tal bueiningar | Krav til areal | Avstand frå bustad |
Småbarnsleikeplass | 4-25 | 150-250 m2 | 100 m |
Nærleikeplass Arealet bør ha ein mest mogleg kompakt og samanhengande form og vere tilrettelagt til leik for større barn. Eks. vegetasjon og terreng skal søkjast bevart. Småbarnsleikeplass og nærleikeplass kan samlokaliserast. | 40 | 1000 m² | 200 m |
Aktivitetsleikeplass/balløkke Aktivitetsleikeplassen skal vere tilrettelagt for balleik. Det må vere plass til ein bane på 22x42 m. Ved store feltutbyggingar kan den inngå som del av felles uterom. | 200 | 2500 m2 | Maks 500 m |
f) Leikeplassar skal tilfredsstille krava til universell utforming for tilkomsten og minst 50% av arealet.
g) Ved omdisponering av areal som er sett av til fellesareal eller friområde, og som er i bruk eller eigna for leik, skal det skaffast ein fullverdig erstatning.
h) Innanfor sentrumsføremålet skal storleik, form og lokalisering av bygg bidra til å skape gode uterom og møteplassar som gir intimitet og tryggleik. Bygg skal ha fasadar og inngangar som bevisst vender seg mot uteareala.
Retningslinje
Sekundærleilegheit større enn 50 m2 BRA vil utløyse same krav til uteopphaldsareal som leilegheiter og småhus utanfor sentrumsføremål.
Uterom skal plasserast og opparbeidast med sikte på best mogleg soltilhøve og lokalklima. Det bør skjerast mot normal vindretning og vere sol på minst halvparten av arealet kl. 15 vårjamdøgn. Felles uteopphaldsareal bør ha støynivå på maks 55 dB(A).
Felles uterom bør ha utforming og innhald for varierte aktivitetar tilpassa alle aldersgrupper og opparbeidast med høg kvalitet i utforming og materialbruk. Felles uterom bør ha eit grønt preg. Vasselement kan reknast som del av grøntareal. Takterrasse/-hage bør vere utforma slik at den gir tilstrekkeleg sikkerheit og tryggheit, med særleg vekt på barns bruk og utformast med tilstrekkeleg le.
Uterom i sentrumsareal: Leikeareal kan leggast til fellesområde som parkar og andre felles leikeareal, dersom tilkomst mellom park og bustader er trygg for barn og er under 250 m. Felles uteopphaldsareal kan leggast til friområde som parkar og torg dersom tilkomst mellom friområde og bustader er mindre enn 100 m.
Terreng brattare enn 1:3, med unnatak av akebakke, typiske kant-, og restareal samt terrassar og balkongar mindre enn 4m2 reknast ikkje som felles uteopphaldsareal.
Leikearealet bør plasserast sentralt i bustadområdet og vere synleg frå flest mogleg bustadar. I bratte område bør flate parti reserverast til leikeområde og felles uteareal til glede for alle bebuarar.
Nærare krav til opparbeiding og utstyr på leikeplassar skal avklarast i reguleringsplan.
2.10 Støy (pbl. § 11-9 nr. 6 og 8)
a) Ved regulering eller søknad om tiltak som kan produsere støy, skal det følgje ei støyfagleg utgreiing. Utgreiinga skal kartfeste støysoner, skildre korleis støyen påverkar støyømfintleg bruk i nærleiken og foreslå avbøtande tiltak, i samsvar med til ei kvar tid gjeldande retningslinje for støy i arealplanlegging.
b) Ved reguleringsplanlegging eller søknad om tiltak for støyande næringsverksemd skal det settast maksimumsgrenser for støy for tidsrommet 23-07, søn- og heilagdagar, maksimumsgrenser for dag og kveld, samt ekvivalente støygrenser.
c) Ved regulering eller søknad om tiltak som dreiar seg om støyømfintleg bygg (bustad, pleieinstitusjonar, fritidsbustad, skule, barnehage) skal støysituasjonen alltid skildrast og det skal gjerast greie for korleis støyproblematikk blir handtert.
d) Ved regulering eller søknad om tiltak i nærleiken av eksisterande støyande verksemder (veg over 8000 ÅDT, jernbane, skytebane, motorsport/øvingsbanar, støyande bedrifter og andre støyande verksemder) skal ei det følgje ei støyfagleg utgreiing som skildrar eventuelle avbøtande tiltak.
e) Ved etablering eller utviding av støyømfintlege bygg i område som kan vere utsett for støy skal det dokumenterast at prosjektet oppfyller grenseverdiane som er sett i gjeldande nasjonale retningslinjer.
Retningslinje:
Dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale retningslinjene for støy i arealplanlegging skal leggjast til grunn for planlegging og for tiltak etter §20-1.
2.11 Universell utforming (pbl § 11-9 nr. 5)
Ved utarbeiding av reguleringsplan og søknad om tiltak skal det sikrast universell tilgang for alle. Løysingar som gjer at bygningar og anlegg kan brukast på like vilkår av så stor del av befolkninga som mogleg skal prioriterast framfor spesialløysingar.
2.12 Skilt og reklame (pbl. 11-9 nr. 5)
Ved søknad om tiltak som gjeld skilt og reklameinnretningar gjeld føresegner for skilt og reklame, vedlegg 1 til dette dokumentet.
2.13 Bevaringsverdige bygg og kulturmiljø (§11-9 nr 7)
a) Ved planlegging av tiltak må det takast kontakt med regional kulturminneforvalting for å avklare om tiltak vil verke inn på automatisk freda kulturminne.
b) Alle inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan verke inn på dei automatisk freda kulturminna er ikkje tillate med mindre det ligg føre dispensasjon frå kulturminnelova.
Retningslinje
Lov om kulturminne heimlar forvaltinga av kulturminne. Det gjeld mellom anna undersøkingsplikta (§9), dispensasjonsreglar (§§ 4 og 15) og meldeplikt for offentlege organ ved riving eller endring av bygg eldre enn 1850 (§25). Regional kulturminneforvalting er Vestfold og Telemark fylkeskommune. Ved søknad om tiltak etter plan- og bygningslova skal oppdatert datasett med kulturminne lastast ned frå kulturminnedatabasar.
2.14 Landskap og estetikk (PBL §11-9 nr 6)
a) Ved planlegging og gjennomføring av tiltak skal bygningar og anlegg utformast i samspel med karakteren til omgjevnadene, naturgitte forhold, kulturlandskapet og byggeskikken på staden. Det skal m.a. leggast avgjerande vekt på å bevare landskapssilhuettar og å sikre eit grønt preg langs ferdsleårer. Avvik eller brot med eksisterande utbyggingsmønster kan vurderast i tilfelle der eit tiltak tilfører området nye kvalitetar.
b) I reguleringssaker skal det gjennomførast estetiske vurderingar med terrengsnitt og landskapsmodellar. Dette gjeld særleg for område i bratt terreng, i nærleiken av verneverdige kulturminne, i sårbare landskapsområde, område innanfor omsynssone bevaring av landskap og kulturmiljø og område der planlagde bygningar kan få stor fjernverknad.
Retningslinje
Det kan stillast krav om visualisering av tiltaket. Visualisering skal vise tilpassing til terreng og omliggande bygg. Det kan og stillast krav om visualisering av fjernverknad av tiltaket.
2.15 Blå og grøne naturverdiar (pbl § 11-9 nr. 6)
a) Tiltak etter §20-1 a, f, i, j, k, l er ikkje tillate på myr og våtmark. I reguleringsplanar skal myr- og våtmarksområde regulerast til §12-5 punkt 3 eller 5.
b) Naturmangfald skal kartleggast med feltundersøkingar i alle reguleringsplanar der dette ikkje er tilfredsstillande gjennomført. Naturtypekartlegginga skal gjennomførast etter miljødirektoratets tilrådde metode.
c) I reguleringsplanar og tiltak etter pbl. § 20-1 skal samanhengande grønstruktur takast vare på og vidareutviklast gjennom å knyte større og mindre grøntområde saman. Grønstrukturen skal ha eit nett av ferdselsårer for mjuke trafikantar (turvegar, stiar/snarvegar) som knyter bustadar, sentrum, skular, barnehagar og friluftsområde saman.
d) På aust- og nordsida av Bø-/Gvarvelva og Norsjø mellom Bø og Akkerhaugen skal det sikrast areal til samanhengande grøntdrag med tursti.
e) Kantvegetasjon. Langs vassdrag med årsikker vassføring skal det haldast oppe ei vegetasjons- sone som motverkar avrenning, gjev levestad for planter og dyr og bidrar til flaumsikring og friluftsliv. For hovudvassdraga skal sona dekke minst 5 meter på kvar side av elva.
f) Opne strekningar for elver, bekkar, vatn og dammar skal oppretthaldast. Det kan settast krav om at lukka bekkar skal opnast i samband med reguleringsplanlegging.
Retningslinje
Kunnskapsgrunnlaget for vurdering av konsekvensar for naturmangfald etter nml §8-12 skal vurderast i planinitiativ.
Det bør takast særlege omsyn til bekkar der fiskebestanden har eit anadromt vandringsmønster, dvs. vandrar frå saltvatn til ferskvatn for å gyte. Sidan kravet om kantvegetasjon er heimla i
vassressurslova §11, må ein eventuell dispensasjonssøknad rettast til rett myndigheit (Statsforvaltaren).
Alle tiltak skal planleggast og gjennomførast slik at ureining frå grunnen ikkje kan føre til helse- eller miljøskade. Ved grave- og byggearbeid pliktar tiltakshavar å vurdere og eventuelt undersøke om det er forureina grunn i området, jf. forureiningsforskrifta §2-4. Dersom grunnen er forureina krevjast ytterlegare undersøkingar og vurderingar for å klargjere evt. konfliktar mellom miljøomsyn og brukarinteresser og behov for tiltak.
2.16 Samfunnstryggleik (pbl § 11-9 nr. 8 og Tek17, kap. 7)
a) Xxxxxxxxx mot skred skal sikrast i reguleringsplanar. Der skredtryggleik ikkje er dokumentert i reguleringsplan skal det gjerast av ansvarleg føretak ved søknad om tiltak etter pbl § 20-1.
b) For alle planar og tiltak i område under marin grense skal eventuell førekomst av kvikkleire og rasfare vurderast av geoteknikar. Vurderinga skal følgje planforslaget ved handsaming. Sikringstiltak må vere gjennomført før bygging.
c) Reguleringsplanar skal vurdere om det er behov for å sikre barrierar mot skogbrann.
Retningslinje
Bestilling og utgreiing av skredfare skal samsvare med dei metodane som er skildra i NVEs til ei kvar tid nyaste rettleiarar. Dokumentasjonen av reelle flaum- og skredtilhøve skal vurderast opp mot krava og tryggleiksklassene i TEK17, eller i den tekniske forskrifta som til ei kvar tid gjeld.
Nome og Midt-Telemark brannvesen sin rettleiar skal leggast til grunn i alle reguleringsprosessar og byggesaker.
2.17 Tilhøve som skal avklarast og sikrast i vidare reguleringsarbeid (§11-9 nr 8)
2.17.1 Klima og miljø
Reguleringsplanar skal vise grep og tiltak for å redusere klimagassutslepp. Klimagassutslepp som følge av arealendringar skal reknast ut i samsvar med nasjonale retningslinjer.
Retningslinje
Alle reguleringsplanar skal vurdere moglegheit for å redusere klimagassutslepp. Aktuelle grep kan vere å bevare vegetasjon, nytte alternative, berekraftige energikjelder, vurdere attbruk av ressursar, bruk av lokale ressursar som masse og trevirke, høve til fossilfri anleggsverksemd eller legge fram klimagassrekneskap for arealbruken
2.17.2 Dyrka mark
I alle typar plan- og byggesaker som opnar for føremålsendring eller omdisponering av dyrka eller dyrkbar mark skal det krevjast ein matjordplan som sikrar at matjordlaget blir bruka til oppfyllingsområde for nytt jordbruksareal, nydyrking eller betring av annan dyrka eller dyrkbar mark til matproduksjon. Tiltaka for å ta vare på matjorda må sikrast i føresegnene. Matjordplanen skal følgje med som ein del av høyringsgrunnlaget ved offentleg ettersyn av reguleringsplan.
Retningslinje
Matjordplanen bør samsvare med «Veileder for Matjord» frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
3 Føresegner og retningslinjer etter arealformål (jf. pbl § 11-7)
Skildring: Desse føresegnene omfattar føresegner og retningslinjer knytt til arealføremåla i plan- og bygningslova (pbl) § 11-7. Føresegnene er heimla i pbl. § 11-9, 10 og 11.
3.1 Bygningar og anlegg (pbl §§ 11-9 og 11-10)
3.1.1 Generelle reglar
a) Etablering og utviding av handelsverksemd er berre tillate innanfor sentrum jf pkt 3.1.4.1b). Unntatt er handelsverksemd der den dominerande delen av vareutvalet er plasskrevjande, jf. definisjon i Regional plan for areal og transport, som kan etablerast innanfor forretningsformål. Handelsverksemd innanfor grendesenter (jf def i pkt 3.1.4.1) kan ikkje overstige 800m2 (BRA).
b) Bygningar og anlegg skal utformast slik at behovet for fyllingar og skjeringar blir så lite som mogleg.
c) Miljøvenlege, alternative energikjelder skal vurderast i reguleringsplanar og ved søknad om tiltak. Solfangarar og solceller til produksjon av energi og varme er tillate på alle bygg med unntak der plassering kjem i konflikt med kulturminneinteresser. Anlegg må være godt integrert i fasaden/ taket.
d) Anna bruk av dyrka eller dyrkbar mark enn landbruk (jf. jordlova §9) eller frådeling av landbrukseigedom (jf. jordlova § 12) er ikkje lov i område avsett til bygningar og anlegg i kommuneplanens arealdel før området er regulert med reguleringsplan, jf. jordlova § 2, 2. ledd.
3.1.2 Bustad
a) Oppføring av nytt bustadhus kan ikkje tillatast dersom eigedomen har bustadhus frå før.
b) Reguleringsplanar skal skildre korleis planforslaget handterer tema som er relevante for bukvalitet. Det gjeld både for nye og eksisterande bustader i og i nærleiken av planområdet. Aktuelle tema er sol og skugge, vind og innsyn.
c) B1 Ryntveit og B2, B28 og B29 Haukvik: I samband med reguleringsplan skal det gjennomførast naturtypekartlegging. For B2, B28 og B29 skal kartlegginga vere gjennomført før varsel om oppstart av reguleringsplan. Naturverdiar av nasjonal og regional interesse må takast omsyn til i reguleringsplan.
d) B3 Akkerhaugen: Reguleringsplanen må sikre at avløp frå tomter har sjølvfall til kommunalt nett.
e) B25 Ødegårdsfeltet: I reguleringsplan skal snarvegar for mjuke trafikantar sikrast.
3.1.2.1 Utbyggingsvolum og tettleikskrav
a) Reguleringsplanar skal oppnå følgjande tettleikskrav. Interne vegar og grønstruktur reknast med i berekningsgrunnlaget, men ikkje område som ikkje er byggbare.
Område | Tettleik (min) |
Innanfor tettstadgrensa | 2,5 bueiningar pr daa |
Innanfor tettstadgrensa, men utanfor sentrum | 1 bueining pr. daa |
Utanfor tettstadgrensa | 0,5 bueiningar pr. daa. |
b) Utnyttingsgrad og høgder skal fastsetjast i reguleringsplan.
c) I ikkje-regulerte område kan det tillatast %BYA=27% utnytting av tomtene, inntil 350 m2 BYA.
d) Separate garasjar og uthus skal vere tydeleg underordna hovudbygningen i plassering, storleik og formspråk. Mønehøgde skal ikkje overstige 5,5m.
e) Garasjar og uthus skal ikkje overstige BYA=50 m² i regulerte område og innanfor tettstadsgrensene.
f) For einebustad med sekundærleilegheit/utleigedel skal sekundærleilegheita utgjere maks 1/3 av bustadens BRA.
Retningslinje
Definisjon på bustadtype i rettleiar «Grad av utnytting» skal leggast til grunn ved behandling av reguleringsplanar og byggesaker. Hybel vert definert som ein bueining som delar funksjonane kjøken og/eller bad med andre hyblar eller med ei primærleilegheit.
a) For område avsett til fritidsbustadar skal areal på hovudhytte ikkje overstige BYA=125 m2. Anneks og/eller uthus kan ha samla areal inntil BYA=25 m2. Størrelse på fritidsbustad skal fastsetjast i kvar enkelt reguleringsplan tilpassa situasjonen i dei enkelte områda.
b) Parkering inngår ikkje i BYA.
c) Maks avstand frå anneks/uthus til hytte må ikkje overstige 5m (danne tun), men der terrenget tilseier det kan ein fråvike dette.
d) Mønehøgde for hovudhytte skal ikkje overstige 6,0m.
e) Det skal nyttast dempa og matte fargar på fasadar, inkludert rekkverk, listverk, vindauge og tak. Reflekterande taktekking er ikkje tillate. Trapper og gjerde tillatast ikkje utan at det ligg føre særleg tilhøve på tomta.
f) F2 Vatnar: Innanfor området kan det etablerast leirstad.
g) F3 Slåttedalen: Nye fritidsbustader skal nytte seg av eksisterande tilkomstvegar. Det kan ikkje etablerast nye avkøyringar frå fylkesveg 3330 Vatnarvegen.
Retningslinje
Storleik på nye tomter bør vere maks 1 daa. Planering i samband med plassering av bygg må ikkje føre til avvik større enn 1m frå opphavleg terreng. På tomter der terrengtilhøva tilseier det skal bygningar avtrappast.
a) Bø sentrum er regionsenter, kommunesenter og lokalsenter. Gvarv er lokalsenter. Akkerhaugen, Nordagutu og Hørte er grendesenter. Kommunesenter, lokalsenter og grendesenter er avgrensa av sentrumsføremåla (kombinert føremål sentrum/næring for Hørte).
3.1.4.2 S1, 3, 4 og 5, Bø, Gvarv, Akkerhaugen og Nordagutu
a) Nye bygg og anlegg, og endringar av eksisterande, skal utformast i samspel med form og karakter i omgjevnaden. Bygningane skal ha form, volum, høgder, material- og fargeval, takform og proporsjonar som harmonerer med strøket, fremjar gode gate- og uterom og tek vare på og utviklar eksisterande vegetasjon og landskapsbilete. Ein skal ta særskilt omsyn til verneverdige bygg i nærleiken.
b) Nye bygg skal plasserast slik at det gir ei god utnytting av tomta og i forhold til gateløp og terrengkoter. Parkeringsplassar skal som hovudregel ikkje plasserast mellom bygg og gate. Avvik skal grunngjevast i detaljregulering.
c) Nye fasadar skal utformast med forståing for dei eksisterande gateromas rytme, skala, vindauge og fargesetting. Lange fasadar skal delast opp, og/eller ha ein variasjon i høgde.
d) For publikumsretta verksemder skal fasaden i første etasje vende seg mot gata og ha ein stor del vindauge og inngangar. Tildekking av vindauge tillatast ikkje.
e) Det skal leggast til rette for gåande langs alle gater.
f) Vareleveranse skal fortrinnsvis leggast til den sida av bygget som gir optimal trafikkløysing og minst konflikt med mjuke trafikantar.
Retningslinje
Som overordna prinsipp skal vegar og gater leggje til rette for følgjande prioritering av trafikantar: 1) Fotgjengarar 2) Syklistar 3) Kollektivtrafikk 4) Øvrig vegtrafikk.
a) Bygningar skal orienterast mot gate. Lukka fasadar mot Gvarvgata og Gamlegata er ikkje tillate. Nye bygningar skal bidra til et variert gatebilde gjennom variasjon i materialbruk og ved oppdeling av lange fasadar.
b) Innafor sone 1 (føresegnsområde #6) skal det vere ei funksjonsblanding av forretningar, kontor, bustader og offentleg og privat tenesteyting. For bygningane som vender mot Gvarvgata, kan bygningar ha ei maksimal gesimshøgde 10m og maksimal mønehøgde 12m (3 etasjar). Parkering skal ikkje leggast direkte ut mot Gvarvgata.
c) Innafor sone 2 (føresegnsområde #7) skal det i hovudsak vere bustader og offentleg/privat tenesteyting. Handel, kontor og mindre handverksmessige verksemder i liten skala er lov.
3.1.5 Forretning (FO1)
a) Innanfor føremålet FO1 kan det totalt etablerast 12 000 m2 BRA detaljhandel. Øvrige etableringar skal vere plasskrevjande jf. definisjon i ATP Telemark. Bustad, tenesteyting og kontor er ikkje tillate.
b) Forretningar innanfor området skal ha minimum 1200 m2 salsareal.
c) Kvar butikk skal ha eigen dør/inngang. Seksjonane skal ikkje koplast i hop.
d) Det er ikkje tillate å etablere daglegvareforretning. Eit mindre serveringstilbod er berre tillate som ein integrert del av ei forretning.
e) Utnyttingsgraden er maks % BYA= 80%
f) Før det blir opna for meir detaljhandel utover 12 000 m2 BRA skal det gjennomførast ei ny handelsanalyse for Bø.
Retningslinje:
Ved etablering av nye handelsverksemder kan kommunen krevje analyser som mellom anna viser kva lokale og regionale konsekvensar dagens handelsetablering har ført til, og kva verknader ny handelsetablering vil få. Analysane bør ta for seg tilhøvet til eksisterande sentrum, endra mobilitet i handelsomlandet og lokal trafikkavvikling både for køyrande og mjuke trafikantar.
3.1.6 Næring
a) Næring omfattar industri-, handverks- og lagerverksemd, med tilhøyrande funksjonar, t.d. kontorbygg. Det skal ikkje etablerast rein forretning eller tenesteyting. Sal av varer som industribedriftene på staden produserer sjølve er tillate.
b) Reguleringsplan for næringsareal skal omfatte vegetasjonsskjerm mot omkringliggande bygg eller andre område der det er behov for skjerming.
c) N4 Årnes: I området kan det leggast til rette for bensinstasjon/serviceanlegg og servering
d) N6 Hørte: I reguleringsplan skal tiltak for å sikre trafikktryggleik langs Sætrevegen vurderast.
e) N22 Grivimoen: Delar av området kan nyttast til camping.
3.1.7 Idrettsanlegg
I2 Rallevegen MX-bane: Føremålet I2 Mx-bane er unntatt rettsverknad til motsegna frå Statsforvaltaren er løyst. I reguleringsplan skal det avklarast kva areal som skal opparbeidast, sikre støyforhold mot friluftsområde og legge til rette for at parkeringsplass er open for ålmenta.
Etableringa må ikkje vere til hinder for alminneleg turtrafikk. Støyanalysar skal også skildre konsekvensane og avbøtande tiltak for Breiva gjestegård. Det skal også dokumenterast avbøtande tiltak mot forureining av vassmiljø med overvassavrenning.
3.1.8 Fritids- og turistføremål
a) I område for fritids- og turistføremål kan det opnast for leirstad og camping med tilhøyrande funksjonar som kiosk, sanitetsanlegg og overnattingar.
b) FT1 Norsjø ferieland: I samband med reguleringsplan skal det gjennomførast naturtypekartlegging
c) FT4 Guvihaug: I samband med reguleringsplan skal det gjennomførast naturtypekartlegging. Omsynet til biologisk og geologisk mangfald skal vektleggast.
a) Det er krav om reguleringsplan før etablering eller utviding av massetak. Reguleringsplanen skal avklare uttaksgrenser (sidevegs og djup), rammer for eventuelle bygningar, sikringstiltak, verneomsyn (støy, miljø), driftstider, landskapstilpassing, tilkomst og uttransport og krav til etterbruk og tilbakeføring etter at anlegget er avslutta.
b) R1 Nybustul nord: Steinressursen skal utvinnast frå sør. Det skal stå att ein skjerm av fjell mot nord. Tilkomst er via Nybuvegen
c) R3 Nybustul sør: Tilkomst er via Nybuvegen. Masteeigar (Statnett) skal ha uhindra tilkomst til området kring mastar, inkludert arbeidssone.
d) R4 Veltunstulen: Verksemd knytt til drift, uttak osb. vert ikkje tillate innanfor 100m-beltet til Åseåa og Lona. Tilkomst skal skje via Årmotdalvegen og Skjelbreidvegen søndre del. Evt utviding av Årmotdalvegen må skje på nordaustlege side av vegen. Det skal takast vare på ei brei buffersone med eksisterande vegetasjon mellom tiltaket og elva. Den delen av området som ligg mellom skogsbilveg vest for Åseåa og Åseåa kan bare nyttast som buffersone/vegetasjonsskjerming
e) R5 Hyttedalen: Verksemd knytt til drift, uttak osb. vert ikkje tillate innanfor 100m-beltet til Åseåa og Lona. Tilkomst skal skje via Stokklandvegen. Den delen av området som ligger innanfor vassdragsbeltet til Lona (100 m frå elva) kan berre nyttast som buffersone/ vegetasjonsskjerming.
f) R6 Kåsa og R7 Brennekåsa: Tilkomst skal løysast via Roheimvegen.
g) R8 Øverbømoen: Uttak av fast fjell tillatast ikkje p.g.a. risiko for forureining av grunnvatnet og nye sprekkdanningar som kan endre grunnvasstraumen
h) R9 Herremo: Uttak av fast fjell tillatast ikkje p.g.a. risiko for forureining av grunnvatnet og nye sprekkdanningar som kan endre grunnvasstraumen. Tilkomst via eksisterande regulert avkøyring
frå rv 36 nordvest for området eller ny avkøyring som erstattar dagens avkøyring til g/bnr 28/40 aust for området.
i) R14 Vårbusvingen: Støy, avrenning av støv til vassdrag og trafikktryggleik knytt til avkøyring skal følgast opp i reguleringsplan. Trafikksikker avkøyring frå fv. 3332 Lifjellvegen må planleggast i tråd med normalar i Handbok 100.
Retningslinje
Reguleringsplanen bør dekke området for råstoffutvinning, buffersoner og naturleg tiltsøytande nærområde. Utkast til driftsplan med avslutningsplan bør liggje som underlag til forslag til reguleringsplan. Konsekvensutgreiing av felles kommunedelplan for skifer og murestein for Bø og Sauherad bør leggast til grunn for reguleringsplanar for område som var omfatta av denne kommunedelplanen Moglegheit for felles lagerområde for stein i teleløysinga bør vurderast i samband med endeleg traseval for uttransport for å avlaste vegnettet i teleløysingsperioden, redusere investeringskostnader og fremje driftssamarbeid. Hogst i område sett av til råstoffutvinning bør normalt ikkje skje før reguleringsplan for området er vedtatt. Dette fordi ein ønskjer å sikre viktige buffersoner med eksisterande vegetasjon rundt førekomstområda. Om ein likevel ønskjer avverking i området, må dette skje i samråd med kommunen.
3.1.10 Offentleg/privat tenesteyting
Informasjon: Det er ingen føresegner knytt til føremålet
3.1.11 Andre typar bygningar og anlegg
a) A1 Rallevegen: Føremålet er unntatt rettsverknad til motsegna frå Statsforvaltaren er løyst. I området kan det leggast til rette for komposteringsanlegg og massedeponi, med tilhøyrande bygningar. Det skal ikkje opnast for kompostering av slam. Reguleringsplan må dokumentere luktproblematikk og avrenning til vassdrag, og foreslå eventuelle avbøtande tiltak. Anlegget skal skjermast mot friluftsområdet og mot innsyn på ein slik måte at anlegget tilpassar seg naturlandskapet. Det skal etablerast ein ny parkeringsplass for turgåarar sør for anlegget, og det etablerast ny sti opp til dagens sti lenger opp i friluftsområdet. Løysingane i reguleringsplanen skal legge til rette for ei drift som minimerer spreiing av lukt.
Retningslinje: Det bør bli lagt opp til årlege prøver for å sikre at det ikkje kjem sigevatn frå anlegget ut i elvefaret på andre sida av vegen.
b) A2 Gvarvhølen: Bryggeanlegget skal vere langsgåande. I samband med reguleringsplan skal det dokumenterast konsekvensar for straumforhold i elva både i normalsituasjon og ved flaum. Erosjon skal kartleggast. Anlegget skal vere tilgjengeleg for ålmenta.
c) A3 Sandamoen: I området kan det leggast til rette for mottaksstasjon for avfall frå hytter.
3.1.12 Kombinerte bygge- og anleggsformål
3.1.12.1 Generelle føresenger
Forretningsformålet i område med kombinert bygge- og anleggsformål omfattar berre handel med plasskrevande varegrupper, jf. definisjon i regional plan for areal og transport i Telemark. Det er ikkje tillate å etablere daglegvare eller kjøpesenter. Sal av produkt som industriverksemdene på staden produserer sjølve er lov.
3.1.12.2 Forretning/kontor/industri/tenesteyting
a) K6 Eidsvoll/Napastaa: Innanfor området er det tillate å etablere forretning/ kontor/ industri/ tenesteyting/ bustad
b) K7 Dale, K8 Sperrud og K9 Sperrudvelta: Innanfor området er det tillate å etablere forretning/industri
3.1.12.3 Sentrum/næring (Hørte)
K1 Hørte: I området kan det i tillegg til sentrumsfunksjonar, etablerast lager, lett industri, verkstad og engrosverksemd.
3.1.12.4 Næring/forretning/andre typar nærare angitt bygningar og anlegg
K4 Brenna industriområde: Tungindustri skal ikkje etablerast. Det kan etablerast gjenvinningsstasjon.
Retningslinje
Eksisterande grønstruktur på næringsarealet bør i størst mogleg grad sparast, særleg i randsonene mot anna føremål
3.1.12.5 Næring/tenesteyting/forretning
a) K2 Xxxxxx Xxxxxxxx og K3 Brenna - Skogen: Tungindustri skal ikkje etablerast. Xxxx offentleg eller privat tenesteyting kan omfatte veterinær, leikeland for barn, annan type verksemd knytt til helse, aktivitet og rekreasjon. Nye offentlege kontor med høg besøksfrekvens skal ikkje etablerast.
b) K2 Xxxxxx Xxxxxxxx: I reguleringsplan for framtidig byggeområde skal tilkomst og korleis matjord som fjernast skal ivaretakast avklarast.
3.1.12.6 Tenesteyting/kontor/bustad
K10 Bø Campus: Innanfor området er det tillate å etablere tenesteyting/kontor/bustad
3.2 Samferdsel og teknisk infrastruktur (§§11-9 og 11-10)
3.2.1 Jernbane
a) Det er ikkje tillate å etablere nye planovergangar over jernbanespor, eller legge til rette for auka trafikk over ein etablert planovergang. Ved slike tilfelle skal det i reguleringsplan settast rekkefølgjekrav om etablering av planskilt kryssing før utbygging tillatast.
b) BA1 Sunde tømmerterminal: Naturtypekartlegging og støyutgreiingar skal gjennomførast som ein del av reguleringsplanarbeidet. Areal som ikkje blir sett av til tømmerterminal eller tilhøyrande funksjonar skal regulerast til LNF eller næring i samsvar med kommuneplan for Sauherad kommune 2017-2028.
3.3 Grøntstruktur (§§11-9 og 11-10)
Tiltak for å fremje friluftsliv, turvegar og område for leik og rekreasjon kan tillatast dersom viktige økologiske funksjonar vert oppretthalde.
3.4 Landbruks-, natur og friluftsføremål (LNF) (§§11-9 og 11-11)
3.4.1 Generelle føresegner for LNF
a) Berre tiltak som er naudsynt for drift av næringsmessig landbruk, gardstilknytt næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget til garden, og tilretteleggingstiltak for friluftsliv er tillate. Nye landbruksbygg tillatast ikkje på dyrka eller dyrkbar mark med mindre det kan dokumenterast at det ikkje er mogleg med ei alternativ lokalisering på eigedommen. Plassering skal tilpassast kulturlandskapet.
b) Erstatningsbustad, tilbygg og påbygg til eksisterande bustad og fritidsbustad kan tillatast. Tilbygg skal ikkje plasserast nærare vatn enn eksisterande bygg.
c) Eit bygg i eit gardstun skal ikkje delast frå tunet som eiga tomt.
d) Når landbrukseigedomar vert selt som tilleggsareal, kan bustaden delast frå som bustadeigedom. Bustadeigedomen skal ikkje vere større enn kva som vert vurdert som tilstrekkeleg for føremålet med delinga og maksimalt 5 dekar.
e) Jordlova §§9 og 12 gjeld innanfor føremålet
Retningsline: Erstatningsbustad erstattar ein annan bustad heilt, til dømes som følgje av brann, alderdom eller liknande. Reglane om utnyttingsgrad for bustad og fritidsbustad (jf. føresegnene §
3.1.2.1 og 3.1.3) bør leggast til grunn i søknad om løyve.
3.4.2 LNFR areal for spreidd bustad og næring
a) Tiltak skal ikkje kome i konflikt med viktige friluftslivsområde eller med dyrka og dyrkbar mark.
b) I samband med byggeløyve for bustader og næringsverksemd skal trafikktryggleiken for mjuke trafikantar og trygg skuleveg dokumenterast.
c) I tilknyting til tradisjonell landbruksdrift kan det gjevast opptil 15 løyve til tiltak til følgjande føremål:
• Oppføring og/eller ombygging av eksisterande bygningar til utleigebygg eller anna småskala næringsverksemd på garden. Nye bygg og ombygging skal vere på maksimalt 300 m2 BRA.
• Bruksendring av eksisterande bygg til næringsverksemd
d) Innanfor kvart delområde tillatast nye bustadar jf. fordeling i tabell under. Kvar bustad kan bestå av 1 bueining og evt. 1 sekundærleilegheit.
Nr | Navn | Tal nye bustader |
BN1 | Xxxxxxxxxx | 0 |
BN2 | Holtsås | 2 |
BN3 | Nordagutu sør | 4 |
BN4 | Liagrenda | 3 |
BN5 | Vegheim | 2 |
BN6 | Gunheim | 3 |
XX0 | Xxxxxxx | 0 |
BN8 | Xxxxxxx | 0 |
BN9 | Sætersbø | 2 |
BN10 | Sanda | 3 |
BN11 | Vreimsida | 3 |
BN12 | Forberg | 3 |
BN13 | Eikjabygda | 4 |
BN14 | Østerli | 3 |
BN15 | Valen-Flatin | 2 |
BN16 | Vatnarvegen | 6 |
BN17 | Liheia | 2 |
e) BN10-12: Det skal leggjast avgjerande vekt på korleis bygget vert eksponert mot kulturlandskapet.
f) BN17: Det skal leggjast avgjerande vekt på korleis bygget vert eksponert mot kulturlandskapet. Nye bustadar skal plasserast i samanheng med eksisterande bygg og tilpassast omkring liggande bygg, lokal byggeskikk og landskap. Nye bustadar skal ikkje føre til ytterlegare oppsplitting av dyrka mark, inkludert beiteareal.
Retningslinje
Det skal ikkje opnast for ei sterkare utbygging enn at områdets overvegande karakter etter utbygging skal vere ope og ubygd. Spreidd bustadutbygging skal i utgangspunktet skje som enkelttomter, men desse kan plasserast inntil eksisterande tomter.
Tidlegare bygde areal som i ettertid vert delt i frå som eiga tomt skal ikkje takast inn i rekneskapen over nye spreidde bustader i planperioden.
Storleiken på bustadtomter bør maksimalt vere 2 daa.
Bygningar og andre tiltak må vere tilpassa terreng og eksisterande bygg. Nye næringsbyggbygg og/eller ombygging av næringsbygg skal innpassast i tunet på garden. Det skal leggast vekt på bygging med røter i tradisjonar og god byggeskikk. Reglane om utnyttingsgrad for bustad, jf. punkt
3.1.2 bør leggast til grunn i samband med handsaming av saker om bustadbygging.
Utforming av nye avkøyringar til fylkesveg skal vere i tråd med gjeldande normalar i Handbok N100 (Statens Vegvesen), eller nyare handbøker som erstattar denne.
3.4.3 LNFR med spreidd bryggebygging
a) Innanfor områda merkt med BR kan det opnast for tilrettelegging for brygger med fordeling som vist i tabell under.
Nr | Namn | Tal nye brygger |
BR1 | Stranna (Xxxxx brygge sør) | 2 |
BR2 | Stranna (Vik) | 1 |
BR3 | Stranna (Strandli) | 0 |
BR4 | Stranna (Gjernes) | 1 |
BR5 | Nesodden (Odden brygge) | 1 |
BR6 | Nesodden (Bratstedodden) | 1 |
BR7 | Nesodden (Eyra) | 1 |
BR8 | Liagrenda (Vålanes) | 1 |
BR9 | Liagrenda (Vålanes sør) | 1 |
BR10 | Liagrenda (Stangeodden) | 1 |
BR11 | Sauarelva (Holtatangen) | 1 |
BR12 | Sauarelva (Pilodden) | 1 (2) |
BR13 | Heddalvatnet sør (Hem) | 1 |
BR14 | Heddalvatnet sør | 2 |
BR15 | Heddalvatnet sør (Tjuvodden) | 0 |
BR16 | Heddalvatnet sør (Haukedalsbukta) | 1 |
BR17 | Heddalsvatnet sør (Høgrudodden) | 1 |
b) Søknaden om tiltak skal vise at tiltaket ikkje kjem i konflikt med viktige område for biologisk mangfald eller viktige friluftsområde.
c) Det er ikkje lov til å sette opp gjerde, bygg eller andre innretningar som hindrar ålmentas frie ferdsel eller som privatiserer brygge- eller landområdet innanfor. Maksimalt areal for brygge er 20 m2 og maksimal lengde er 8 meter.
d) Ved søknad om tiltak for brygge innanfor områda BR8 og BR16 skal det spesifikt vurderast om det er behov for utgreiingar av naturmangfald for å ivareta naturkvalitetar knytt til gruntvassområde og våtmark.
Retningslinje
Ved etablering av ny brygge skal ein alltid vurdere om det er mogleg å få til ei fellesløysing med andre brygger, eventuelt samlokalisere brygge med andre brygger. Kommunen kan krevje fellesløysingar eller samlokalisering.
Brygger bør plasserast der det alt finst ein tilkomst. Etablering av nye brygger opnar ikkje for bygging av ny tilkomstveg. Brygge bør sikrast/forankrast med wire eller liknande for å hindre at brygga kan bli teken av flaum.
3.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag (pbl. §§ 11-9 og 11-11)
Informasjon: Det er ikkje knytt føresegner eller retningslinjer til føremålet. Andre relevante føresegner for føremålet er heimla i § 2.6.1. Byggegrenser mot vassdrag og 2.15 Blå og grøne naturverdiar.
4 Omsynssoner
4.1 Støysoner (H210) (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a)
a) Gjeldande støysoner vist i temakart for støy skal takast omsyn til i samband med regulering og søknad om tiltak.
b) Til ei kvar tid gjeldande retningslinje for støy skal leggjast til grunn ved planlegging og gjennomføring av tiltak.
c) Raud støysone: I raud støysone skal det ikkje opnast for støyfølsam arealbruk. Etablering av nye bustader kan likevel vurderast i område vist som sentrum i Bø og Gvarv, med støynivå (Lden) på inntil 70 dBA ved fasade, dersom bueiningane er gjennomgåande og har ei stille side der det kan etablerast uteopphaldsareal. Dersom nye bustader skal etablerast i desse områda skal det sikrast med støyreduserende tiltak i aktuell(e) fasade(r). Minst halvparten av roma for varig opphald og minst eitt soverom skal vende mot stille side.
d) Gul støysone: Det kan etablerast støyfølsam arealbruk (skular, barnehagar, bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader og rekreasjonsareal) i gul støysone, dersom bygningane har ei stille side med støynivå under 55 dB og tilgang til eigna uteopphaldsareal med tilfredsstillande støynivå under 55 dB. For bustader må bueiningane vere gjennomgåande og uteroma plasserast på ei stille side. Føresegnene gjeld i tillegg til eventuelle nye gule støysoner, frå støykartleggingar gjort etter vedtaksdato for denne revisjonen.
4.2 Faresoner (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a)
4.2.1 Fareområde for skred (H310)
a) I byggesaker og reguleringsplanar skal skredtryggleiken dokumenterast av fagperson/-miljø med geofagleg kompetanse.
b) Naudsynte sikringstiltak må vere gjennomført før det aktuelle tiltaket kan settast i verk.
Retningslinje:
Faren for skred skal vurderast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande teknisk forskrift (p.d.d TEK17 §7- 3) og NVEs gjeldande rettleiarar (p.d.d. rettleiar 1/2019).
4.2.2 Fareområde for flaum (H320)
I reguleringsplanar og tiltak innanfor aktsemdsområde der det ikkje eksisterer flaumsonekart skal reell flaumfare dokumenterast av fagperson/-miljø. Innanfor dokumenterte flaumsoner skal tiltak vere sikra mot 200-årsflaum. Spesielt viktig infrastruktur og bygg som skal fungere i beredskapssituasjonar skal vere sikra mot 1000-årsflaum. Det skal heller ikkje etablerast tiltak som kan forverre ein flaumsituasjon, mellom anna med oppdemming. Mindre tiltak skal vere sikra mot 20-årsflaum.
Retningslinje:
Teknisk forskrift presiserer krava til flaumsikring og sikkerheitsklasser, jf. TEK17 §7.
4.2.3 Høgspenningsanlegg (H370)
a) Bygningar som blir etablert innanfor omsynssona må sikre forskriftsmessig avstand til kraftleidningane.
b) Felles leikeplassar er ikkje tillate innanfor fareområdet.
4.3 Sikringssoner (pbl. § 11-8, tredje ledd, bokstav a)
4.3.1 Sikring av drikkevasskjelder (H110)
Innanfor nedslagsfeltet for drikkevatn er det ikkje lov med tiltak som kan ureine drikkevasskjeldene.
Retningslinje
Vassverkseigaren skal få høve til å uttale seg til alle søknader om tiltak innanfor sona.
4.3.2 Sikringssone for jernbane (H190)
Innanfor sona er det ikkje tillate med tiltak som fører til sprenging, peleramming, spunting, boring i grunnen, tunneldriving, fundamentering og påføring av tilleggslaster, eller som på annan måte kan skade tunnelanlegget utan spesiell løyve frå forvaltingsstyresmakten.
4.4 Soner med særskilt omsyn til landbruk, friluftsliv, grøntstruktur, landskap, natur- eller kulturmiljø (pbl § 11-8, tredje ledd, bokstav c)
4.4.1 Omsynssone for landbruk (H510)
Retningslinje
Innanfor omsynssona skal det ikkje byggast eller utviklast verksemder som bidrar til omdisponering av landbruksjord eller avgrensar ordinær landbruksdrift. Tettstadgrensa skal ikkje leggje auka press på landbruksareala.
4.4.2 Omsynssone for viktige friluftslivsområde (H530)
Retningslinje:
a) Innanfor området skal omsynet til friluftsliv prioriterast.
b) Det bør takast særleg omsyn til at tilkomst og tilgjenge til områda ikkje blir svekka. Informasjon: Nærare skildring av friluftslivområda finst i Naturbase (kartlagde friluftslivområde).
4.4.3 Omsynssone for viktige kulturlandskap (H550)
Retningslinje
Naturgitte og kulturskapte nøkkelement som fungerer som blikkfang og er særleg historieberande element skal takast vare på og forvaltast slik at kvalitetane i landskapet blir halde ved like og styrka. Omsyn til kulturlandskapet skal vektleggast ved søknad om tiltak.
4.4.4 Omsynssone for viktige naturområde (H560)
Retningslinje
a) Tiltak og naudsynt skjøtsel innanfor omsynssona må ikkje kome i konflikt med verdiar knytt til biologisk mangfald. Før det blir gitt løyve til eventuelle tiltak og endra bruk innanfor omsynssone, bør området kartleggast nærare.
b) Alle byggjesaker innanfor omsynssona skal sendast til Statsforvaltaren for uttale.
Informasjon: Viktige naturområde er områder som er viktige for bevaring av biologisk- og geologisk mangfald. Nærare skildring av områda finst på Naturbase (naturtyper og geologisk arv)
4.4.5 Omsynssone for kulturmiljø (H570)
Retningslinje
a) Naturgitte og kulturskapte nøkkelement som fungerer som blikkfang og er særleg historieberande element skal takast vare på og forvaltast slik at kvalitetane i landskapet blir halde ved like og styrka.
b) H570_1-3: Bispedømmekontoret og kulturminnemyndigheitene skal få uttale seg til plansaker og søknader om tiltak før handsaming i kommunen.
c) H570_4 (Gamlegata i Gvarv): Kulturminnemyndigheitene skal få uttale seg til plansaker og søknader om tiltak før handsaming i kommunen. Ved søknad om tiltak eller reguleringsplanar skal omsyn til kulturmiljøet ivaretakast i tråd med føringar gitt i reguleringsplan for Gvarv S (øst) planID 09141994.
d) H570_5: Omsynssona gjeld for Xxxxxxx mat. Alle byggjetiltak skal vurderast spesielt med omsyn til kulturhistorisk og arkitektonisk verdi. Kulturminnemyndigheit skal få uttale seg til søknader om tiltak før saka blir handsama i kommunen.
4.5 Soner som er bandlagt etter xxxx xxxxxxx (pbl § 11-8, tredje ledd, bokstav d)
4.5.1 Bandlagt etter naturmangfaldlova (H720)
a) Stavsholtmyrane naturreservat er verna i forskrift om fredning av Stavsholtmyrane naturreservat, Bø kommune, Telemark (FOR 1979-06-22-1).
b) Langedalsfjellet naturreservat er verna i forskrift om vern av Langedalsfjellet naturreservat , Bø kommune, Telemark (FOR-2016-11-25-1386)
c) Gygrestolen naturreservat er verna i forskrift om vern av Gygrestolen naturreservat, Bø og Nome kummuner, Telemark (FOR-2018-12-07-1831)
d) Årnesbukta naturreservat er verna i forskrift om vern av Årnesbukta naturreservat, Sauherad kommune, Telemark (FOR-1990-12-07-1063)
e) Nautesund fuglefredningsområde er verna i forskrift om vern av Nautesund fuglefredningsområde, Sauherad kommune, Telemark (FOR-1990-12-07-1064)
f) Løkjin naturreservat er verna i forskrift om vern av Løkjin naturreservat, Sauherad kommune, Telemark (FOR-1983-04-22-861)
g) Rogholt-tjønn naturreservat er verna i forskrift om fredning av Rogholt-tjønn naturreservat, Sauherad kommune (FOR-1983-04-22-862)
h) Landtjønn naturreservat er verna i forskrift om fredning for Landtjønn naturreservat, Sauherad kommune, Telemark (FOR-1983-04-22-860)
i) Skrim og Sauheradfjella naturreservat er verna i forskrift om verneplan for skog. Vedlegg 3. Skrim og Sauheradfjella naturreservat, Kongsberg, Notodden, Sauherad og Skien kommuner, Buskerud og Telemark (FOR-2008-12-19-1448)
j) Svartefjell naturreservat er verna i forskrift om fredning av Svartefjell naturreservat, Skien og Sauherad kommunar, Telemark (FOR-1996-06-21-645)
4.5.2 Bandlagt etter kulturminnelova (H730)
Kulturminna innanfor sona er freda etter lov om kulturminner (LOV-1971978-06-09-50).
4.5.3 Bandlagt etter energilova (H740)
Det er ikkje tillate med nye bygningar innanfor omsynssona. Alt anleggsarbeid og alle tiltak i terrenget innanfor omsynssona skal avklarast med leidningseigar.
4.6 Krav om felles planlegging for fleire eigedomar (pbl § 11-8, 3.ledd, bokstav e)
4.6.1 Sone med krav om felles planlegging (H810)
a) Innanfor H810-2: Det skal i reguleringsplan leggast inn føresegner om rekkefølgekrav som hindrar at drifta av masseuttak i R3 skjer samstundes med hovudbruken av hytter i område
b) Innanfor H810_6 kan Skyttarvegen og Veirudkrysset detaljregulerast i eigen plan utan at det ligg føre plan for bustadområda.
c) For område innanfor gjennomføringssoner er det krav om ein felles detaljreguleringsplan.
5 Føresegner til føresegnsområde (pbl § 11-9 og 11-10)
5.1 Føresegner til føresegnsområde (område #1 – #9)
a) #1 – 6 er tettstadgrenser, jf. nr. 3.1.4 Sentrumsområde og temakart for senterstruktur. #1: Tettstadgrensa til Bø.
#2: Tettstadgrensa til Gvarv
#3: Tettstadgrensa til Akkerhaugen #4: Tettstadgrensa til Hørte
#5: Tettstadgrensa til Nordagutu
b) #6 – #7 er sentrumssonene på Gvarv, jf. nr. 3.1.4.3 og temakart for senterstruktur: #6: Sone 1
#7: Sone 2
c) #9 er område for råstoffutvinning jf.3.1.9. Sjølve masseuttaket må skje innanfor føresegnsområdet for dei områda der det er vist føresegnsområde innanfor føremålet råstoffutvinning. Øvrig areal nyttast til buffersone, deponi osb.
6 Vedlegg
1. Føresegner for skilt og reklame