Å førbygge mobbing i barnehagenPedagogiske leiarar har eit viktig ansvar avkandidatnummer : 616 Astrid Bakke Grimeland Prevent bullying in kindergarden Førskulelærarutdanning SF3-312Mai og 2015
Å førbygge mobbing i barnehagen Pedagogiske leiarar har eit viktig ansvar |
av kandidatnummer : 616 Xxxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx |
Prevent bullying in kindergarden |
Førskulelærarutdanning SF3-312 Mai og 2015 |
Avtale om elektronisk publisering i Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv (Brage)
Eg gir med dette Høgskulen i Sogn og Fjordane løyve til å publisere oppgåva (Skriv inn tittel) i Brage dersom karakteren A eller B er oppnådd.
Eg garanterer at eg har opphav til oppgåva, saman med eventuelle medforfattarar. Opphavsrettsleg beskytta materiale er nytta med skriftleg løyve.
Eg garanterer at oppgåva ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett.
Ved gruppeinnlevering må alle i gruppa samtykke i avtalen.
Fyll inn kandidatnummer og namn og set kryss:
Kandidatnummer 616 Xxxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx JA _X_ NEI
Innholdsliste
2.2 Ulike former for mobbing 6
2.5 Er der ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd? 7
2.6 Pedagogiske leiarar har eit viktig ansvar 8
2.7 Dei vaksne som rollemodell 9
2.10 Sosial kompetanse og vennskap 11
3.1 Intensivt og kvalitativ design 12
3.3 Val av informantar og datainnsamling 13
3.5 Feilkjelder, validitet og reliabilitet 13
4.2 Er det ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd 16
4.3 Korleis arbeider pedagogiske leiarar med førebygging av mobbing 16
4.4 Kva gjer pedagogiske leiarar når barn vert utestengt frå leik? 16
4.6 Sosial kompetanse og vennskap 18
4.7 Dei vaksne som rollemodell 18
5.2 Er det ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd? 20
5.3 Korleis arbeidar pedagogiske leiarar med førebygging av mobbing 21
5.4 Kva gjer pedagogiske leiarar når barn vert utestengt frå leik? 21
5.6 Sosial kompetanse og vennskap 23
5.7 Dei vaksne som rollemodell 24
8.1 Vedlegg 1, informasjonsbrev til informant 30
8.2 Vedlegg 2, intervjuguide 31
I denne bacheloroppgåva vil eg skrive om temaet mobbing i barnehagen, med hovudvekt på korleis pedagogiske leiarar kan førebygge mobbing i barnehagen. Eg har valt temaet fordi eg opplever at det i seinare tid har det vore eit auka fokus på mobbing i samfunnsdebatten, der politikarar, media og folk flest har engasjert seg. Vi har fått høyre gripande historier frå menneske som har blitt mobba og om dei som har mobba. Eg tenkjer at vi vaksne må ta ansvar, tore å stoppe uønskt åtferd. Vi må hjelpe dei som vert mobba, og dei som mobbar. Nyare forsking viser at mobbing kan starte allereie i barnehagen. Difor meiner eg at pedagogisk leiar har eit særskilt ansvar, noko som og vert slått fast av Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2011). «Barnehagen skal fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald» (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 23). Eg ynskjer å finne ut kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing, om dei ser mobbing i barnehagen og kva dei gjer for å førebygge og stoppe mobbeåtferd, samt om det kan vere ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd. Eg ønskjer å finne ut kva vi kan gjere for å førebygge mobbing i barnehagen. På bakgrunn av dette har eg kome fram til problemstillinga:
Xxxxxxx kan pedagogiske leiarar arbeide for å førebygge mobbing i barnehagen?
Mobbing er eit stort tema og eg har difor teke nokre val og gjort nokre avgrensingar. Hovudfokuset vert korleis ein kan førebygge mobbing i barnehagen. Eg kjem ikkje til å skrive noko om kvifor barn mobbar, konsekvensar av mobbing, samt samarbeid med heimen. Avslutningsvis vil eg oppsummere og sjå om eg finn svar på problemstillinga mi.
Mobbing er eit omgrep som vert brukt i ulike samanhengar og om negative handlingar frå erting til valdelege overgrep (Manifest mot mobbing 2011-2014). For å kunne bekjempe mobbing er det viktig å ha ei felles forståing for kva mobbing er. Barne- og familiedepartementet (2004) slår fast at mobbing i barnehagen handlar om at nokre barn systematisk vert plaga og fornedra. Det kan vere maktmiddel som slag, spark, ignorering, utestenging og erting, som vert brukt systematisk og over tid. Det rammer gjerne eit enkelt barn på avdelinga. Xxx Xxxxxx er professor i psykologi og har forska mykje på mobbing, og vert sett på som grunnleggar av dette forskingsområdet. Olweus (1997) definerer mobbing slik: «En person er plaget eller mobbet når han eller hun, gjentatte ganger og over en viss tid, blir utsatt for negative handlinger frå en eller fleire andre personer (Olweus, 1997, s. 17) Xxxxxx beskriv negative handlingar som når nokon med hensikt påfører, eller prøvar å påføre, ein annan person skader eller ubehag. Xxxxxx Xxxxxx er professor i pedagogisk psykologi, mobbing er eit av hans fagområde. Xxxxxx (2014)definerer mobbing slik: «Mobbing er fysiske eller sosiale negative
handlinger, som utføres gjenntatte ganger over tid av en person eller flere sammen, og som rettes mot en som ikke kan forsvare seg i den aktuelle situasjonen (Roland, 2014, s. 25)». Lund (2014) påpeikar at definisjonar på mobbing kan ha ei individorientert tilnærming, der gruppemedlemmane sin deltaking i mobbesituasjonen ikkje vert fanga opp. Xxxxxxxxxxx (2009) og Xxxxxxxx (2014) tek med heile barnegruppa når dei beskriv mobbing. Xxxxxxxxxxx (2009) ser på mobbing som sosiale prosessar på avvegar, der barn kan bli inkludert og ekskludert i fellesskapet. Xxxxxxxx (2014) og påpeikar korleis kompliserte samhandlingar i barn sin leik kan tippe over i mobbing. «I alle sosiale sammenhenger ligger der en mulighet for å bli vurdert enten innenfor eller utenfor et fellesskap. Det kan skje når medlemmene forhandler om hva de kan gjøre og hva de ikke kan gjøre» (Xxxxxxxx, 2014, s. 75). Det er viktig å understreke at oppleving av mobbing er subjektiv og det er den som kjenner seg utsett for mobbing som har definisjonsretten (Manifest mot mobbing 2011-2014).
Det er vanleg å dele inn i direkte og indirekte mobbing. Direkte mobbing kan vere fysisk eller verbal, medan indirekte mobbing er vanskelegare å sjå og kan vise seg som sosial ekskludering i form av utfrysing, utestenging og baksnakking (NOU 2015:2, 2015). Lund (2014) beskriv indirekte og direkte mobbing om lag på same måten. Ho brukar omgrep som relasjonell mobbing, sosial ekskludering og jentemobbing for å beskrive indirekte mobbing (Lund, 2014). Forsking viser nokre hovudtendensar kring kven som vert mobba, kven som mobbar, samt kva type mobbing dei nyttar. Olweus (1997) har nytta resultat av vitskaplege undersøkingar han har gjort kring mobbing og undersøkingane får fram nokre hovudtendensar. Det viser seg at det er ein større del gutar enn jenter som mobbar, samt at gutar vert meir utsett for mobbing enn jenter. Når det gjeld fysisk mobbing viser det seg at det er mest vanleg blant gutar, medan jenter nyttar meir utspekulerte og indirekte metodar, som kanskje ikkje let seg fange opp av undersøkingane (Olweus, 1997). Ei form for mobbing som er meir sentral for jenter enn gutar er utfrysing (Xxxxx et al. og Xxxxxxxx i Roland, 2014). Xxxxxx (2014) beskriv ei klassisk form for utfrysing som at ein person vert fjerna frå eit fellesskap ved hjelp av sårande metodar. Verkemiddel som vert tekne i bruk er ofte subtile, det kan vere eit blikk, smil og liknande.
Xxxxxxxxxxxxxx (2014) hevdar mobbing mellom barnehagebarn kan vere diffus å definere. Mange barnehagebarn kjenner ikkje omgrepet og pedagogar brukar oftast ord som «slår» og «irriterer». Men det er gjort forskingar som får fram at små barn mobbar. Lund (2014) viser mellom anna til undersøkingar gjort i Norge av Midtsand, Monstad og Søbstad som viser at 6-8% av barna synest dei er mykje eller svært mykje plaga av andre barn (Midtsang, Monstad & Xxxxxxx x Xxxx, 2014). Xxxxx, Xxxxx og Ku si undersøking viser at det førekjem mobbing blant barn heilt ned i treårsalderen (Crick, Xxxxx & Ku i Lund, 2014). I undersøkingar i dei nordiske landa kom det fram at det førekjem mobbing
mellom barn i to til seks årsalderen (Nordhagen i Lund, 2014). Xxxxxxxx (2014) viser til internasjonale studiar som kan bekrefte at mobbing føregår blant dei yngste barna. Når det gjeld mobbing blant dei yngste viser ho også til Xxxxx, Xxxxx og Ku, slik som Lund (2014). I tillegg viser ho til ein studie utført av Xxxxx, Ostrov, Xxxx, Xxxxxxxxx-Xxx, Xxxxxx-Xxx og Xxxxxxx som viser at både direkte og indirekte mobbing kunne observerast hos barnehagebarn heilt ned i to og eit halvt årsalderen (Xxxxx, Ostrov, Xxxx, Xxxxxxxxx-Xxx, Xxxxxx-Xxx & Xxxxxxx i Xxxxxxxx, 2014).
I dei seinare år har mobbing vore eit aktuelt tema i samfunnsdebatten, der mange har engasjert seg. Manifest mot mobbing 2011-2014 er eit resultat av eit arbeid som starta i 2002. I manifestet har regjeringa og sentrale nasjonale partar, som KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalet for barnehagar, forplikta seg til å bidra til auka merksemd om mobbing. Målet er: «Alle barn og unge skal ha et godt og inkluderende oppveskt- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing» (Manifest mot mobbing 2011-2014, s. 3). Fleire media har sett mobbing på dagsorden. Bergens Tidende starta i mars 2013 kampanjen «Vær en venn», med fokus på at det går an å gjere ein forskjell (Åkernes & Tjeldflåt, xx.xx, 2013). I denne serien fortalde Bergens Tidende historia til fleire mobbarar og mobbeoffer. Aftenposten har og hatt ein del fokus på mobbing. Xxxxxxx (2013) skriv i ein artikkel i Aftenposten om Voss kommune som startar med mobbeprogram i alle sine barnagar, der målet er å få vekk mobbing før barna byrjar i skulen. Fredag 30. januar 2015 arrangerte statsministeren saman med xxxxxxxxxxxxxxxxx Xxxxxxxx Xxx Xxxxxxx og helse- og omsorgsminister Xxxx Xxxx toppmøtet om mobbing (Kunnskapsdepartementet, 2015). På dette møtet fekk tidlegare mobbeoffer, fagfolk, samt forskarar komme med innspel til regjeringa sitt arbeid mot mobbing. På dette møtet sa xxxxxxxxxxxxxxxxx Xxxxxxxx Xxx Xxxxxxx at barnehage og skule skal vere ein trygg og god stad for barna, men at det ikkje er slik for alle i dag. Han presiserte at vi vaksne har eit spesielt ansvar og la vekt på at det er viktig med tidleg innsats og langsiktig arbeid (Kunnskapsdepartementet, 2015).
2.5 Er der ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd?
Xxxx (2014) slår fast at barn vert påverka av sine omgjevnadar, dei lærer på godt og vondt gjennom små og store hendingar. Kvello og Xxxxxxxxxx (2005) viser til forsking som syner at både foreldra sin oppdraging og mangel på oppdraging er viktige faktorar i forhold til mobbing. «Foreldres oppdragelsesstil pregar barnas psykiske og sosiale utvikling» (Wentzel i Kvello & Wendelborg, 2005, s.12). Det vert påpeika at det gjeld både rolla som mobbar og mobbeoffer. Kvello og Xxxxxxxxxx (2005) hevdar mobbing er ein av fleire uttrykksformer av haldningar, verdiar og personlegdomstrekk som barn kan utvikle når foreldra nyttar uheldige oppdragingsstilar. Ifølgje Xxxxxx (2014) kan forhold i familien vere med på å auke eller minske risikoen for mobbing. Om ein til dømes er særs overbesyttande kan det skape sosial sårbarheit, og det kan føret til at eit barn vert ekstra utsett.
Relasjonelle forhold i familien er viktige, det gjeld særleg sannsynlegheit for om eit barn vil plage andre (Roland, 2014). Xxxxx (2007) hevdar eit hovudproblem i dag kva vere at barn ikkje lærer kva som er rette og gale handlingar i forhold til andre, men kva som kjem ein sjølv til gode. Ifølgje NOU 2015:2 (2015) går 97 prosent av alle barn i barnehagen før dei byrjar på skulen. Det gjer at ein stor del av ansvaret for tilsyn, oppdraging og omsorg for barna vert overlate til samfunnsinstitusjonar som barnehagen. Det vert og påpeika at barnehagen er ein viktig arena for å utvikle sosial kompetanse (NOU 2015:2, 2015).
2.6 Pedagogiske leiarar har eit viktig ansvar
I Manifest mot mobbing 2011-2014 (2011) vert det slått fast at for å nå målet om eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing må ein arbeide for at leiarar tek ansvar for å hindre og handtere mobbing. Leiarane i barnehage vert pedagogiske leiarar og styrarar. Når Skogen (2013) definerer leiing har ho hovudvekt på utøving, prosessar og måloppnåing:
«En leder organiserer og gjennomfører arbeidet i en organisasjon gjennom å kommunisere med personalet. Gjennom forståelse for mellommennesklige relasjoner, problemløsing, pedagogisk utvikling, løsning av administrative oppgaver og samspill påvirker og motiverer lederen personalguppen. Hensikten med å organisere og gjennomføre arbeidet er å nå visse mål» (Skogen, 2013, s. 26)
Gotvassli (2010) definerer leiing som eitkvart forsøk på å påverke åtferda til eit individ eller ei gruppe. Det handlar om å løyse oppgåver og nå mål gjennom andre menneske sin innsats. Det vil med andre ord vere viktig å kunne bruke medarbeidarane sine kvalifikasjonar for å nå måla ein har. Under samfunnsmandatet i Rammeplanen (2011) vert det slått fast at barnehagen skal leggje til rette for eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barna . «Barnehagen skal ha eit inkluderande fellesskap med plass til det enkelte barnet, det er viktig at barnehagen fremjar positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald» (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 23). Ifølgje Xxxxx (2014) hevdar Norge har behov for gode pedagogiske leiarar dersom ein skal sikre eit godt pedagogisk arbeid med barn som går i barnehagen. I barnehagane er det ein stor del tilsette utan noko form for pedagogisk utdanning. Det gjer at pedagogisk leiing er avgjerande for å kunne styrkje kvaliteten i arbeidet med barn. Som pedagogisk leiar har ein eit fagleg ansvar for å sikre læringsprosessar slik at personalet kan ivareta samfunnsmandatet. Ifølgje Xxxxx (2014) er det viktig at pedagogiske leiarar er bevisst eigen kompetanse og har evne til å gjere den eksplisitt og tilgjengeleg for medarbeidarane. Ein må kunne grunngje val ein gjer ovanfor medarbeidarane slik at dei kan reflektere over og få innsikt i det pedagogiske arbeidet med barn. Ifølgje Xxxxx (2007) har det betyding korleis dei vaksne organiserer verksemda. Har ein eit oversikteleg og trygt miljø prega
av vaksne som gjev tydeleg signal på kva som er ønskt og uønskt åtferd vil det vere vanskeleg at uønskt åtferd får utvikle seg. Det er viktig med nære og deltakande vaksne som observerer det som skjer, og grip inn om det skjer mobbing (Skram, 2007).
Ein skil mellom situasjonsuavhengig og situasjonsavhengig leiing. Ifølgje Skogen (2013) er situasjons- uavhengig leiing ei leiingsform som høver i alle situasjonar, medan ein ved situasjonsavhengig leiing analyserer leiingsforma ut frå den situasjonen ein skal leie i. Xxxxxxxxx (2010) slår fast at ved situasjonsavhengig leiarstil må ein ta omsyn til dei faktorane som høyrer med i samspelet. Desse faktorane er ofte gjensidig avhengig av kvarandre. Ein kan bruke ulike tiltak ovanfor ulike personar. Ein kan og nytte ulike tiltak ovanfor same person avhengig av personen sine handlingar og korleis personen klarer oppgåvene. I barnehagen er det ofte forskjellige medarbeidarar med tanke på fagleg kompetanse og det vil difor vere lite effektivt å behandle alle likt (Gotvassli, 2010). I god situasjons- avhengig leiing omsyn til medarbeidarane sin kompetanse, og syt for at det er samsvar mellom medarbeidarane sine ferdigheiter og dei utfordringane dei møter (Gotvassli, 2010). Csikszentmihaly (2008) beskriv korleis menneske fungerer best når det er balanse mellom ferdigheitene ein har og dei utfordringane ein vert stilt ovanfor. Når det er balanse er ein i flow (Csikszentmihalyi, 2008).
2.7 Dei vaksne som rollemodell
Rammeplanen (2011) slår fast at personalet i barnehagen er viktige rollemodellar, der ein gjennom eigen veremåte bidreg til at barn lærer sosiale dugleikar. Det er nødvendig med eit aktivt og tydeleg personale for å skape eit sosialt miljø som er varmt og inkluderande. Rosande og støttande relasjonar er eit grunnlag for å utvikle sosial kompetanse. Xxxxxx (2014) påpeikar at å støtte positiv åtferd ikkje er nok for å hindre uønskt åtferd, dei vaksne må vere tydelege på kva som er ønskt og uønskt åtferd. Ein kan vere tydeleg på fleire måtar. Den vaksne kan vere eit tydeleg førebilete, seie kva som er rett og gale og vise gjennom eigne haldningar og handlingar. Ein kan og vere tydeleg gjennom måten ein reagerer på, vise anerkjenning på det som er bra og gripe inn på det som ikkje er bra (Roland, 2014). Også Xxxxxxxxxx (2014) påpeikar at dei vaksne må vere tydelege på kva åtferd som er ønskt og uønskt og at når det gjeld å arbeider med mobbing er det ikkje nok å ha fokus på barn sin positive åtferd, vi må også gripe fatt i negativ åtferd. Ifølgje Midtsand, Monstad og Søbstad (2004) lærer barn ved å observer dei vaksne sin væremåte. Barn vil prøve ut og bearbeide ulike måtar å vere på i sin rolleleik, dette kallar dei for modellæring. Gjennom å identifisere seg med rollemodellen tileignar barnet seg haldningar, handlingsmotiv, vurderingar og fordommar som rollemodellen representerer. Det er viktig at dei vaksne er tydelege og demokratiske leiarar for barna, slik at aggressive krefter i barnegruppa ikkje får utvikle seg (Midtsand, Monstad, & Søbstad, 2004). Dei vaksne er viktige som rollemodellar. Haldningar og handlingar har betyding. Xxxxxx (2014) påpeikar at det må vere ein samanheng mellom det den vaksne seier og det den faktisk gjer.
Ein kan hindre at mobbing får oppstå eller utvikle seg ved å ha eit godt samarbeid mellom personalet og foreldra, samt ved å ha systematisk observasjon og refleksjon over kvaliteten på det uformelle samspelet (Barne- og familiedepartementet, 2004). Xxxxx (2007) påpeikar at ein først og fremst skal førebygge mobbing ved å oppdra barn og unge til sosial kompetanse og at ein deretter skal gripe inn med ulike tiltak så tidleg som mogleg for å hindre at uønskt åtferd får utvikle seg. Ifølgje Roland (2014) er det viktig at tiltak vert sett i system, først då har førebygging og tiltak mot mobbing sett seg i organisasjonen. Ein må ha eit felles handlingsmønster, rutinar på kva ein skal gjere i ulike situasjonar. Xxxxxxxxx (1997) har nokre generelle tiltak mot mobbing i barnehagen. Eit tiltak er at ved nytt barnehageår snakkar personalet om mobbing og at ein tek desse samtalane med jamne mellomrom. Eit anna tiltak er at dei vaksne har ekstra merksemd rundt dei stadane der vaksne ofte ikkje er tilstades, det gjeld både inne og ute. Xxxxxxxxx (1997) hevdar det viktigaste tiltaket vil vere å ha samtale med dei involverte. Samtalen med den som utøver mobbinga bør dreie seg om kva verknad handlingane har på offeret, samt gje klar beskjed om at dette ikkje er akseptert åtferd. Det verkemiddelet Xxxxxxxxx (1997) hevdar bruk av drama og teater er mest anvendeleg i barnehagen.
Gjennom drama kan barna lære å kjenne seg sjølv igjen i mobbesituasjonane, få sette i gang eiga tankeverksemd rundt mobbing. Dei kan få bearbeidd tankar og kjensler gjennom dramatisk leik, teikningar og liknande samt dei kan identifisere seg med positive rollefigurar og dei figurane der sympatien ligg.
Sosial kompetanse er viktig for å førebygge og stoppe mobbing. Sosial kompetanse handlar om å lykkast i å omgå andre menneske. Å vere inkludert i eit fellesskap, vennskap samt leik med jamnaldrande styrkjer mellom anna barna sin sosiale og personlege utvikling (Barne- og familiedepartementet, 2004). Ifølgje Rammeplanen (2011) handlar sosial kompetanse om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar. Det vert slått fast at sosial kompetanse er vesentleg for å motverke utvikling av problemåtferd som diskriminering og mobbing, der ei viktig samfunnsoppgåve for barnehagen er å førebygge tidleg. Xxxxxx (2014) hevdar manglande mestring av sosial samhandling kan føre til eit problem der ein tek kontakt med andre på ein måte som støyter desse bort, eller har manglande ord for å løyse problem og difor tyr til vold (Roland, 2014). NOU 2015:2 slår fast at barnehagen er ein viktig arena for å utvikle sosial kompetanse. «Det er i leiken med jevnaldrende at barnet begynner å utvikle sine samhandlinger med andre og ta andres perspektiv» (NOU 2015:2, 2015, s. 59). Xxxxx (1997) har skrive bøker om å fremje barn sin sosiale kompetanse. Dette kan hjelpe pedagogiske leiarar å utvikle sosial kompetanse hos barn.
2.10 Sosial kompetanse og vennskap
Vennskap handlar om meir enn at barn er saman, i vennskap ligg det kjærleik og prioritering. (Askland & Sataøen, 2011). Grunnlag for å danne vennskap kan vere kjennskap i form av møter mellom barn som leikesituasjonar. Xxxxxxx og Xxxxxxx nyttar Xxxx Xxxxxxx sin definisjon på vennskap
«en fri relasjon mellom personer» (Xxxxxxxx x Xxxxxxx & Sataøen, 2011, s. 91). Midtsand, Monstad og Søbstad (2004) hevdar vennskap oppstår i forlenginga av at barn er saman. Dei viser til forsking som seier at evne til å få og oppretthalde vennskap er førebyggande i forhold til mobbing. Dei påpeikar at det er viktig at vi vaksne oppdagar dei barna som har vanskar med å komme i kontakt med andre barn, vi må kunne sette inn tiltak som styrkjer deira evne til å etablere og oppretthalde vennskap. Xxxxxxx og Xxxxxxx (2011) viser til forskingsresultat som viser at kontakt med andre barn, gjensidige relasjonar og gode vennskap har ein positiv effekt på det enkelte barnet si utvikling, trivsel og identitet. Gode vennskap er med på å styrkje barn si kognitive og sosiale utvikling. Vidare påpeikar dei at vennskap mellom små barn i hovudsak bygger på felles aktivitetar rundt leiken. Gjennom felles aktivitet får dei felles erfaringar, språk samt ståstad som kan vere med på å styrkje vennskapsband. Det vert og påpeika i Rammeplanen (2011) at leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap. Det å få delta i leiken og få venner er grunnlaget for at barn skal trivast og oppleve barnehagen som noko meiningsfylt.
«En metode er en fremgangsmåte, et middel til å løse problemer og komme frem til ny kunnskap. Et hvilket som helst middel som tjener formålet hører med i arsenalet av metoder (Xxxxxx i Dalland, 2012, s. 110)
Dalland (2012) skil mellom to design. Ekstensive og kvantitative design som gjev data i form av målbare einingar, og intensive og kvalitative design som vil fange opp meiningar og opplevingar som ikkje let seg talfeste. Xxxxxxxx (2013) har med eit tredje design som er basert på sekundærdata, som er vanleg å bruke når ein gjer eit litteraturstudie. Ifølgje Xxxxxxxx (2013) er alle kvalitative og kvantitative data like gode, men dei egnar seg til å belyse ulike spørsmål og problemstillingar. Har ein ei utforskande problemstilling xxxxxx Xxxxxxxx (2013) at det er naturleg å velje kvalitative data. Eg har ei utforskande problemstilling der eg ønskjer å finne ut korleis pedagogiske leiarar arbeider for å førebygge mobbing i barnehagen og har difor valt å nytte intensivt og kvalitativt design der eg vel å ha ope intervju med tre tilfeldig utvalde pedagogiske leiarar. I dette kapittelet vil eg gjere greie for metoden eg har brukt og metodiske val knytt til innsamling av data. Kapittelet startar med ein presentasjon av intensivt og kvalitativt design. Eg vil ta for meg val av informantar, datainnsamling, behandling og analyse, samt feilkjelder, validitet, reliabilitet og etiske omsyn.
3.1 Intensivt og kvalitativ design
Ifølgje Xxxxxxxx (2013) nyttar ein intensive design når ein vil gå i djupna på og få ei større forståing for noko. Ein får fram mange nyansar og detaljar, eller ein forsøkjer å få ein heilskapleg forståing for det faktiske forhold mellom ein person og den konteksten han eller ho er i. Kvalitative data er informasjon i form av ord, setningar og uttrykk (Xxxxxxxx, 2013). Data vert innhenta gjennom samtaler eller andre munnlege eller skriftlege uttrykk. Det å samle inn kvalitative data vert oftast kalla for open metode, den som vert undersøkt skal få uttykke seg med eigne ord, på sin eigen måte. Skal informasjonen strukturerast vert det gjort etter at alle data er samla inn (Xxxxxxxx, 2013). Det å samle inn kvalitative data høyrer med til ein induktiv tilnærming til datainnsamling. Målet er å samle inn data så opent som mogleg og legge så få føringar som mogleg på det ein skal undersøkje.
Openheit gjer at kvalitative data er særs egnelege å utforske (Xxxxxxxx, 2013).
Sterke sider ved intensive design er at dei er opne og ein kan oppnå nyanserte data. Metoden er fleksibel og det er mogleg å endre problemstilling og datainnsamlingsmetoden undervegs (Xxxxxxxx, 2013). «Åpenhet, nyanserikdom, nærhet og fleksibilitet gjør at intensive design ofte gir data med høy intern gyldighet (Xxxxxxxx, 2013, s. 62). Det vil seie at ein får fram den rette forståinga av eit fenomen eller ein situasjon, altså dei undersøkte si forståing av verkelegheita. Svake sider ved intensive design er ifølge Xxxxxxxx (2013) at det er ein ressurskrevjande metode, som kan føre til at der vert naudsynt å prioritere mange nyansar framfor mange einingar. Dette kan føre til at ein får generaliseringsproblem, altså problem med den eksterne gyldigheita, det vert vanskeleg å seie at det ein finn i undersøkinga gjeld for andre enn dei ein har undersøkt (Xxxxxxxx, 2013).
Xxxxxxxx (2013) hevdar ope intervju eignar seg best når vi er interessert i kva menneske seier og korleis menneske fortolkar og legg meining i eit spesielt fenomen. Eg ønskjer å finne ut kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing og korleis dei arbeider for å førebygge mobbing, og vil difor bruke opne intervju når eg skal innhente data til oppgåva mi. Xxxxxxxx (2013) hevdar det er ein fordel at det kvalitative intervjuet ikkje er heilt ustrukturert og ein bør utarbeide ein intervjuguide for å sikre at ein er innom det ein ønskjer å belyse. Eg har laga ein slik intervjuguide. Eg intervjua informantane mine ansikt til ansikt og nytta bandopptakar. Eg informerte på førehand om at eg ville nytte bandopptakar, at det berre er eg som skal høyre på intervjuet og at opptaket vert sletta etter eg har transkribert intervjuet. Det er knytt fordelar og ulemper til å nytte bandopptakar. Ifølgje Xxxxxxxx (2013) er det ein fordel at ein kan oppretthalde ein noko meir naturleg samtalekontakt med den ein intervjuar, fordi ein ikkje treng skrive ned alt, det vert til dømes lettare å halde augekontakt. Ein annan fordel er at ein får ordrette sitat som kan vere med på å gje ei ekstra tyngde til oppgåva.
Xxxxxxx Xxxxxxxx (2013) nemner er at nokre kan reagere negativt på å bli teken opp på band og at
den som intervjuar kan slappe for mykje av, fordi ein har det på band. Det er viktig å notere seg noko undervegs i intervjuet slik at ein finn tilbake til kor ein er på bandet.
3.3 Val av informantar og datainnsamling
For å finne informant til forskingsprosjektet tok eg kontakt med tre barnehagar på telefon. Eg informerte om at eg hadde behov for ein pedagogisk leiar som kunne tenke seg å bli intervjua om temaet førebygging av mobbing i barnehagen. Dei som takka ja fekk eit informasjonsskriv om mellom anna tema, anonymisering og ønskje om bruk av bandopptakar. Intervjuobjekta har eg kalla informant A, B og C. Alle tre er kvinner med førskulelærar-utdanning, dei kjem frå forskjellige barnehagar og har ulik erfaring. Informant A har fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing, ho har arbeid to år som styrar i ein eitavdelingsbarnehage og tre år som pedagogisk leiar. Før ho tok til på utdanninga arbeidde ho eit år som assistent. Informant B er nyutdanna og har arbeid om lag eit halvt år som pedagogisk leiar. Ho har arbeid tolv år som fagarbeidar. Informant C har arbeid 17 år som pedagogisk leiar og har vore øvingslærar i ti år. Det er berre Informant C som har delteke på kurs og føredrag om temaet mobbing.
For å sikre at eg fekk informasjon om alle tema eg trengde svar på, laga eg ein intervjuguide. Eg starta kvart intervju med informasjon om at fokuset mitt var informanten sitt syn på mobbing, samt korleis dei førebygging mobbing. Eg informerte og om at deira tankar og meiningar skulle nyttast i ei bacheloroppgåve, og at eg skulle anonymisere funna og slette bandopptaka. Eg byrja intervjua med nokre generelle spørsmål slik at informantane kunne fortelje litt om eiga erfaring og barnehagen sin. Ifølgje Xxxxxxxx (2013) er det viktig å byrja eit intervju slik at ein får ei slags oppvarming før ein kjem i gang med sjølve intervjuet. Eg hadde fleire hovudspørsmål, med tilhøyrande underspørsmål, noko som skulle hjelpe meg om eg hadde behov for meir utdjuping. Avslutningsvis spurte eg informantane om det var noko eg ikkje hadde teke opp som dei ynskte å seie noko om eller om det var noko dei ville seie meir om. Det fungerte som ein naturleg måte å avslutte intervjuet på. Alle intervjua varte i om lag ein halv time.
Xxxxxxx Xxxxxxxx (2013) tek all kvalitativ analyse utgangspunkt i ei samling av rådata. Desse rådata må strukturerast og ein må sjå på enkeltdelane kvar for seg og saman i heilheit. Etter at eg hadde gjennomført transkriberte eg dei. Først tematiserte eg dei kvar for seg, deretter saman i ei heilheit for å finne kva som var likt og ulikt hos informantane mine.
3.5 Feilkjelder, validitet og reliabilitet
Xxxxxxxx (2013) slår fast at ein i undersøkingar må prøve å minimere problem knytt til validitet og reliabilitet. Med validitet tenkjer ein på gyldigheit og relevans. Ifølgje Ringdal (2013) seier validiteten
noko om ein måler det ein vil måle, om vi har fått inn data som er relevante for problemstillinga. Reliabilitet beskriv Ringdal (2013) som pålitelegheit, det går på om ein kan gjenta undersøkinga med same måleinstrument og oppnå same resultatet. Ekstern gyldigheit handlar i kva grad funn frå ei undersøking kan generaliserast frå nokre få som har blitt undersøkt til andre som ikkje har blitt undersøkt. Xxxxxxxx (2013) slår fast at hovudhensikta med kvalitative metodar er oftast ikkje å generalisere frå eit utval til større populasjonar, denne typen undersøkingar skal forstå og utdjupe omgrep og fenomen. I undersøkinga mi der eg har intervjua tre informantar kan eg ikkje generalisere funna til større populasjonar. Xxxxxxxx (2013) hevdar at det er mogleg at resultata vi kjem fram til er skapt av undersøkinga. Det kallast for undersøkingseffekten. Teamet på oppgåva engasjerer meg, noko som førte til at det av og til kunne vere vanskeleg å vere roleg og profesjonell, og ikkje stille leiande oppfølgingsspørsmål. Dette kan ha påverka min veremåte under intervjuet, noko som kan ha ført til at eg har påverka informantane mine. Dette kan difor vere ei feilkjelde. Mitt engasjement for temaet kan og ha vore med på å påverke meg ubevisst når eg har behandla funna eg har gjort.
Xxxxxxx Xxxxxxxx (2013) vil det at ein gjennomfører ei intensiv, kvalitativ forundersøking vere med på å auke gyldigheita til ei undersøking og sikre at ein stiller dei rette spørsmåla. Ei slik forundersøking vert kalla eit pilotstudie. Eg har gjennomført eit slikt pilotstudie. Gjennomføringa av pilotintervjuet var viktig for at eg skulle ha eit best mogleg grunnlag når eg tok til på hovudundersøkinga mi. I pilotintervjuet opplevde at eg hadde for få spørsmål og alle var ikkje gode nok. Erfaringane eg gjorde førte til at eg endra noko på intervjuguiden. Erfaringa frå pilotstudiet auka eiga sjølvkjensle i intervju- konteksten, noko som eg ser på som viktig. Eg opplevde at pilotstudiet var ein positiv prosess som gjorde meg tryggare på meg sjølv og spørsmåla mine då eg skulle ta til med hovudundersøkinga mi.
Xxxxxxxx (2013) slår fast at det er tre grunnleggande krav som ei undersøking må prøve å tilfredstille; informert samtykke, krav til privatliv, krav til å bli korrekt attgjeven. Vi må opplyse kva vi skal undersøkje, kva som er hovudhensikta med undersøkinga, korleis resultata skal nyttast og sørgje for at informasjonen vert forstått (Xxxxxxxx, 2013). Det er viktig å arbeide etter eit ideal om at dei som vert undersøkte skal kunne forbli anonyme. «Anonymitet innebærer at det skal være umulig å koble informasjon med opplysninger om enkeltpersoner (Xxxxxxxx, 2013, s. 34).» Eg har teke nødvendige etiske omsyn ved at alle informantane fekk på førehand eit informasjonsskriv der dei mellom anna får vite at temaet for oppgåva er mobbing. Eg har informert og fått samtykke om bruk av bandopptakar i forkant av intervjua og opptaka vart sletta då eg hadde transkribert dei. For å sikre informantane mine anonymitet har eg kalla informantane mine for informant A, B og C, eg nemner
heller ikkje kva barnehagen dei arbeider i slik at det ikkje er mogleg å spore svar tilbake til dei. Eg har og prøvd å gjengje resultatet korrekt, slik at informantane vert rett framstilt.
I denne delen vil eg presentere funn eg har gjort knytt til kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing, kva dei ser på som mobbing i barnehagane samt korleis pedagogiske leiarar kan arbeide for å førebygge mobbing.
Når eg spør informantane om kva dei legg i omgrepet mobbing svarar dei at dei ser på mobbing som noko som er krenkande. Det kan vere både fysisk eller psykisk. Det kan vere å seie stygge ting til andre eller stenge andre ute frå leik. Informant A seier det slik: «Folk er ikkje snille med deg rett og slett, du kan bli oversett eller latterliggjort. Det skjer systematisk over tid.» Når informantane skal beskrive mobbing i barnehagen er det eit fellestrekk at dei ser på det som mest vanleg å stengje ute andre barn frå leik, eller å seie stygge ting til andre barn. Informant A tenkjer det for enkelte kan vere lett å seie «eg vil ikkje leike med deg». Informant C påpeikar at utestenging kan skje i barnehagen om ein ikkje er bevisste; «Det kan sjå ut som barn leikar ilag, men enkelte har ei rolle som ikkje har så høg status eller inga rolle». Ho påpeikar og at barn kan kommentere klede, utsjånad og veremåte, som kan vere krenkande, samt at kroppspråk er nesten endå meir synleg.
Når det gjeld om informantane har opplevd mobbing i barnehagen får eg noko ulike svar. Informant A synest ikkje ho har opplevd mobbing i barnehagen, men har opplevd erting som kunne blitt til mobbing dersom personalet ikkje har oppdaga det og gått inn for å førebygge. Informant B seier ho har opplevd mobbing i barnehagen og gir døme på barn som ikkje vil leie eit bestemt barn når dei skal på tur. Informant B fortel og at dei har barn som stenger andre barn ute frå leik og seier stygge ting til kvarandre. Dei har difor eit ekstra fokus på mobbing. Informant C har ikkje opplevd mobbing, men har opplevd mykje styr med jenter om saker som kunne utvikla seg til mobbing om ikkje vaksne hadde vore der og rettleia dei vidare. Informantane ser ulikt på om mobbing er eit problem i barnehagen. Informant A seier at ho trur mobbing kan vere eit problem i barnehagen; «eg trur nokre ungar kan føle at dei ikkje er gode nok og at andre er stygge med dei». Ho påpeikar at mobbing kan skje i det skjulte i barnehagen slik som andre plassar i samfunnet. Informant B meiner at mobbing ikkje er eit problem, men kan bli det om ein ikkje er bevisste på kva mobbing er i barnehagen.
Informant C seier mobbing i barnehagen ikkje er eit problem hos dei og grunngjev det med at alle som arbeider i barnehagen er veldig bevisste på mobbing, og fordi media har hatt mobbing som tema ei stund så vert ein ekstra skjerpa. Informantane har og ulikt fokus på mobbing i sine barnehagar. Informant A fortel at dei arbeider ikkje direkte med førebygging av mobbing, medan
informant B og C fortel at dei har fokus på mobbing. Informant B fortel at fordi dei opplever noko mobbing i barnehagen, og vil stanse det, arbeider dei med mobbing som eit eige tema i år.
Informant B fortel at i arbeidet med mobbing nyttar dei rollespel og samtalar. Dei har og laga reglar for korleis dei skal vere med kvarandre og prøver å vere gode rollemodellar for barna. Dei snakkar av og til om det på ulike møter dei har. Informant C fortel at dei har fokus på mobbing heile tida i barnehagekvardagen, dei nyttar og team-, leiar- og personalmøter for å diskutere mobbing.
Informant A fortel at dei jobbar meir med å bakke opp dei svake sidene til barna samt sjølvkjensla deira. Informant A seier; « Vi jobbar mykje med sosial kompetanse, som å vere høflege med kvarandre. Det handlar jo om førebygging».
4.2 Er det ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd
Når eg spør informantane om det kan vere ein samanheng mellom oppdraginga barn får og eventuell mobbeåtferd svarar alle informantane at dei tenkjer at det kan vere ein samanheng. Informantane er samde om at kva haldningar foreldra har og korleis dei snakka om andre, vil ha betyding for kva åtferd barna vil tileigne seg. Informant A påpeikar og at det ikkje er sikkert alle vaksne tenkjer over kva og korleis dei pratar over hovudet til barna. Til dømes dersom dei pratar nedlatande om nokon korleis det kan påverke barna sitt syn på kva som er akseptert åtferd. «Det kan vel i nokon tilfelle vere manglande oppdraging, men det treng ikkje vere slik» seier informant B. Informant C fortel at det kan vere vanskeleg å lære førskulebarna å vere snille og inkluderande om dei er vande med at foreldre eller søsken snakkar nedlatande om andre og seier at dei ikkje orkar å vere med den og den.
4.3 Korleis arbeider pedagogiske leiarar med førebygging av mobbing
Informantane er einige i at som pedagogiske leiarar har dei ei viktig rolle for å gjere barnehagen til ein trygg og god stad for barna å vere. Informant A påpeikar at pedagogiske leiarar har eit ansvar for personalet, barna og ikkje minst foreldra. Ho seier det slik: « Det er jo vår jobb til å gjere barnehagen til ein god plass å vere». Informant C seier at alle som arbeider i barnehagen må vere bevisste det ansvaret ein har for at alle barna har det bra. Ho seier det slik: « Vi er barna sin tryggleik».
4.4 Kva gjer pedagogiske leiarar når barn vert utestengt frå leik?
Alle informantane meiner ein må respektere at nokre barn av og til vil leike aleine. Dersom nokon alltid vil leike aleine, og det er dei same barna som går igjen er det ikkje greitt. Informant A seier «det er ikkje alle vi trivast like mykje saman med, men det er jo viktig å kunne samarbeide og vere rundt kvarandre likevel». Xxxxx må lære seg at dei av og til må ha med nokon som dei i utgangpunktet ikkje ønskjer. Ho understrekar at vi vaksne har eit ansvar for å gjere barnet som vert utestengt til ein attraktiv leikekamerat. Informant A fortel at dei har strategiar dei nyttar dersom dei opplever at det same barnet vert utestengt frå leik fleire gonger. Dei prøvar å lære barnet sosiale konvensjonar for at
dei andre skal ville leike med dette barnet. Dei brukar samlingar og leikegrupper som hovudarena. Informant A har eit døme der eit barn som ikkje er etnisk norsk. Barnet snakka lite norsk og det var vanskeleg for ho å komme med i leik. Dei andre ungane forventa meir av barnet enn det kunne gje dei. Her måtte dei gjere noko før det kunne eskalere til mobbing. Dei nytt leikegrupper, øvde på ord og snakka på samlingar om korleis dei skal oppføre seg ovanfor kvarandre. Etter kvart lærte barnet seg fleire ord, det vart lettare å leike og dei andre barna forstod at dei måtte hjelpe dette barnet. Då gjekk det betre og barnet vart etterkvart ein attraktiv leikekamerat for dei andre. Informant B synest det er vanskeleg når barn stenger andre ute, og fortel at når det skjer pleier ho som regel å ha ein samtale med dei involverte barna for å finne ut kva som er grunnen. Dei har som mål at alle barna skal leike ilag. Ho påpeikar kor viktig det er at dei vaksne er tilstade og ser desse episodane slik at dei kan hjelpe barna til eit fint samspel. Spesielt dersom det er det same barnet som vert utestengt gang på gang. Då må ein arbeide for at dei andre barna vil ha med seg dette barnet i leiken, vise korleis ein kan leike samen, gjerne ved at ein vaksen deltek i leiken. Informant C meiner at god leik bør bli skjerma, men det er ikkje akseptabelt om det er same barnet ofte vert utestengt, då er det ikkje den gode leiken som råder. Når barn vert utestengt frå leik fortel informant C at det er noko ein må gripe fatt i. Då har dei samtalar med barna for å få dei til å forstå kva barnet som vert utestengd føler. Ho seier at dei og bør informere og samarbeide med foreldra.
Sosial kompetanse er noko alle informantane legg vekt på, det å gje barna god sjølvkjensle og å kunne samhandle med andre. Informant A påpeikar at det er viktig at dei vaksne er gode førebilete i måten dei snakkar på og omtalar andre. Informant B seier dei jobbar med sosial kompetanse i alle situasjonar, formelle og uformelle. Dei er opptekne av å lære barna å respektere kvarandre, vere gode med kvarandre og leike saman. Informant C fortel at dei nyttar Xxxx Xxxxx sitt reiskap om sosial kompetanse. I arbeidet med sosial kompetanse nyttar dei samtale, rettleiing og rollespel. Alle informantane hevdar heile personalgruppa er involvert i arbeidet med mellom anna sosial kompetanse og vennskap. Informant A nemner at dei nyttar avdelingsmøter og meiner det er viktig at alle har ei felles forståing for korleis dei skal arbeide med sosial kompetanse. Informant B påpeikar at det er viktig at dei vaksne handlar om lag likt i situasjonar som oppstår.
Informantane er samde om at når det gjeld å vere fysisk stygge med kvarandre så må ein ha nulltoleranse. Den som får vondt må få trøyst, og ein må snakke med den som har gjort noko. Alle informantane meiner at ein må finne ut kva som ligg bak handlinga til barnet. Informant B seier; «Vi pleier å ta barna ut av situasjonen og høyre med dei kvifor dei gjorde som dei gjorde. Vi er opptatt av dei skal unnskylde seg til den dei har vore stygg med». Informant C seier det slik: «Vi skal avslutte som einige og helst venner».
4.6 Sosial kompetanse og vennskap
Alle informantane seier at ein må arbeide for at alle skal ha ein venn. Informant A seier det slik; «Vi har fokus på vennskap, men vi kan ikkje tvinge nokon til å bli venner, så det er ein vanskeleg balansegang. Vi jobbar med å legge til rette for gode leikesituasjonar og aktivitetar som kan føre til at barna utviklar vennskap». Aktivitetar informant A nemner er forming og turar. Informant B sin barnehage har fokus på at alle skal ha ein venn, og vennskap arbeider dei med heile tida. Dei observerer kven som leikar med kven, har leikegrupper, og prøvar å skape vennskap mellom barna ved tilrettelegging mellom anna gjennom leik der dei har mindre leikegrupper der vaksne deltek.
4.7 Dei vaksne som rollemodell
Informant B seier at det er viktig at vi arbeider med barna sine haldningar, slik at vi kan forhindre at det vert meir alvorleg mobbing som går ut over gleda over å vere i barnehagen. Alle informantane har nokre strategiar for korleis dei lærer barna ønskt og uønskt åtferd. Informant A «Det er viktig at vi viser kva som er greitt og kva som ikkje er greitt». Ho seier at dei fortel barna kva som er ønskt og uønskt åtferd, dei nyttar samlingsstundene til temaet. Ho påpeikar at dei vaksne sine haldningar og handlingar har betyding. Informant B seier at dei ofte brukar rollespel med til dømes bamsar for å vise korleis ein skal vere med kvarandre, kva vi ikkje kan gjere og korleis vi kan vise følelsar. I samlingstund øver dei på den som dei sit ved sida av. « Vi vaksne prøver å vere rollemodellar for å få vekk uønskt åtferd og framheve positiv åtferd». Dei øver og på følelsar, at det er lov til å vere lei seg og sint, men det er ikkje lov til å seie stygge ting til kvarandre, skubbe eller liknande. Informant C fortel at dei har rollespel i samlingar og ulike temabøker om sosial kompetanse, samt at dei nyttar naturlege situasjonar til å snakke om korleis vi bør snakke og vere med kvarandre. Informant C påpeikar at dei vaksne skal vere gode rollemodellar.
Alle informantane hevdar dei vaksne har ei felles forståing for korleis dei skal vere som rollemodellar. Alle nyttar både personalmøte og avdelingsmøte for å diskutere og finne ut korleis dei skal handtere ulike situasjonar. Informant A påpeikar at dei vaksne sine handlingar og holdningar smittar over på barna. Informant B seier dei nyttar praksishistorier for å bli klar over korleis dei handlar. Dei diskuterer korleis dei skal handle i ulike situasjonar, for å vere mest mogleg samsvarte som rollemodellar. Ho fortel at det skjer av og til at ein er einige på møte om korleis ein skal handle, så kjem ein på avdeling og nokon gjer noko anna enn ein har bestemt. Det ikkje alltid er like enkelt å ta opp med vedkommande. Informant C fortel at dei har eit raust miljø der dei kan fortelje at dei ikkje hadde ønskt åtferd. Då ber dei om unnskyldning både til små og store. Dette er noko dei håper at gjer at barna opplever at det gjer godt å be om unnskyldning når dei har gjort noko gale. Informant C fortel at dei brukar teammøte, leiarmøte, personalmøter og planmøter til å ta opp etiske dilemma.
I denne delen vil eg drøfte teori opp mot empiri. Her vil eg ta for meg kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing, kva som er mobbing i barnehagen og korleis pedagogiske leiarar kan førebygge mobbing gjennom sosial kompetanse, vennskap og vaksenrolla.
Når eg spør informantane om kva dei legg i omgrepet mobbing seier alle tre at det er noko som er krenkande og føregår over tid. Informant A legg til at det er systematisk. Dette stemmer overeins med funna eg har gjort i teorien. Både Xxxxxx (2014) og Xxxxxx (1997) har definisjonar som seier noko om at mobbing er negative handlingar som vert utført gjentekne gongar. Noko som og vert bekrefta av Barne- og familiedepartementet (2004). Det er fleire som no ser at mobbing kan vere ei form for negativ sosial prosess som mellom anna kan føre til utestenging av barn i leik. Xxxxxxxxxxx (2009) beskriv det som sosiale prosessar på avvegar. Xxxxxxxx (2014) skriv om kompliserte samhandlingar som kan føre til mobbing, der ein kan bli vurdert innanfor eller utanfor eit fellesskap. Utestenging er noko som kjem fram fleire gonger i alle tre intervjua. Alle tre informantane seier og noko om utestenging i samanheng med mobbing. Eg oppfattar det slik at dei ser på utestenging som den mest vanlege forma for mobbing. Utestenging går under indirekte mobbing og det vert påpeika av Lund (2014), Olweus (1997) og Roland (2014) samt i NOU 2015:2 at indirekte mobbing kan vere vanskelegare å oppdage enn direkte mobbing som slag og spark. Det er gjort fleire forskingar som viser at det førekjem mobbing i barnehagen. Mellom xxxx Xxxx (2014) og Xxxxxxxx (2014) viser til forsking som seier at det førekjem mobbing blant barnehagebarn heilt ned i to og eit halvt- og treårsalderen. Når eg spør informantane om dei har opplevd mobbing i barnehagen er det berre informant B som seier at ho har det. Informant A og C seier dei ikkje har opplevd mobbing, men at dei har opplevd åtferd som kunne blitt til mobbing om dei ikkje hadde gått inn for å retteleie og førebygge. Om dei ser på mobbing i barnehagen som eit problem svarar informant A at ho trur mobbing kan vere eit problem, informant B og C trur ikkje det er eit problem i barnehagen.
Når eg samanliknar svara i forhold til om informantane har opplevd mobbing i barnehagen og om dei ser på mobbing i barnehagen som eit problem, synest eg at det er noko som ikkje stemmer.
Informant A meiner ho ikkje har opplevd mobbing i barnehagen, men trur at mobbing kan vere eit problem. Informant B har opplevd mobbing i barnehagen meiner at mobbing ikkje er eit problem. Og informant C som ikkje har opplevd mobbing, meiner det heller ikkje er eit problem, fordi dei er bevisste på kva mobbing er. Når eg samanliknar svara byrjar eg å lure på om når det kjem til praksis så definerer ein mobbing på ein annan måte enn når ein snakkar om det. Eg undrar meg over om det er vanskeleg å definer utestenging i barnehagen som mobbing, om ein er redde for å stemple nokon som mobbar. Sjølv om mobbing er eit omgrep mange barnehagebarn ikkje kjenner til, og pedagogar
sjeldan brukar det i samanheng med små barn hevdar Xxxxxxxxxxxxxx (2014)at det ikkje betyr at det ikkje førekjem utstøyting og eksklusjon som kan gå over til å bli mobbing. Ifølgje Xxxxxxxxxxxxxx(2014) brukar pedagogar oftare ord som «slår» og «ertar». Slik eg ser det kan det vere at ein må verte bevisst kva omgrep ein nyttar. Skal ein førebygge mobbing vil eg hevde at ein må tore å definere systematisk erting og utestenging som mobbing. Kvello og Wendelborg (2005) hevdar mobbing er eit samleomgrep der det er særs ulik alvorlegheitsgrad og omfang samt at det oppstår av ulike årsaker. Det har vore eit auka fokus på mobbing i seinare tid, mellom anna så var det i januar 2015 arrangert toppmøte om mobbing. Fleire aviser som Bergens Tidende og Aftenposten har hatt artikkelseriar med fokus på mobbing. Informant C påpeikar at det har vore eit auka fokus på mobbing i media og det har vore med på å gjere dei ekstra skjerpa i forhold til mobbeåtferd.
5.2 Er det ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd?
Alle informantane er samde om at det kan vere ein samanheng mellom mobbeåtferd og den oppdraginga barna får. Alle informantane seier noko om betydinga av kva haldningar foreldra har og korleis dei snakkar om andre. Dette er meiningar som vert understreka av fleire. Kvello og Xxxxxxxxxx (2005) hevdar at når foreldra nyttar uheldige oppragarstilar, som autoritær-, neglisjerande- og ettergjevande oppdragarstil, kan det føre til barna utviklar haldningar og handlingar som kan føre til mobbeåtferd. Til dømes ved autoritær oppdragarstil kan barnet utvikle eit aggressivt konfronterande mønster som kjem av at barnet identifiserer seg med den aggressive oppdragaren, det kan vi knytte til rolla som mobbar (Kvello & Xxxxxxxxxx, 2005). Dette stemmer overeins med det Xxxxxx (2014) seier om at familien kan vere med på å auke eller minske risikoen for mobbing. NOU (2015:2) slår fast at 97 prosent av alle barn går i barnehagen før dei byrjar på skulen. Difor ver ein av oppgåver som før vart ivaretekne av foreldra overført i større grad til barnehagen, ei av oppgåvene det er snakk om er oppdraging. Informant C påpeikar at det kan vere vanskeleg å lære førskulebarn å vere inkluderande og snille med andre dersom barnet er van med at det heime er akseptert å snakke nedlatande om og til kvarandre. Dette kan stemme overeins med det Lund (2014) beskriv om korleis barn lærer på godt og vondt, gjennom små og store hendingar. Gjennom turtaking, kjærlige og krenkande handlingar. Dei lærer gjennom erfaring både bevisst og ubevisst. Desse erfaringane har barn med seg når dei går i møte med nye menneske (Lund, 2014). Vi som arbeider i barnehange kan vere med på å påverke i positiv retning ved å la dei få gode erfaringar. Xxxxx (2007) hevdar det kan vere eit problem at barn kan lære kva handlingar som kjem ein sjølv til gode, framfor kva som er rett eller gale i forhold til andre. Xxxxx(2007) påpeikar at det kan vere ein fare ved at vaksne bagatelliserer det som skjer. Xxxxxx vert ikkje stoppa og vil halde fram med sine handlingar. Det kjem fram både i funn hos informantane og i teorien at vaksne sine haldningar og handlingar har betyding
for kva åtferd barna vil utvikle. På bakgrunn av at barn er store delar av barndommen sin i barnehagen ser eg det slik at det har betyding kva haldningar og handlingar pedagogiske leiarar har.
5.3 Korleis arbeidar pedagogiske leiarar med førebygging av mobbing
Ifølgje Manifest mot mobbing 2011-2014 vert det slått fast at ein skal ha som mål at alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Det vert lagt vekt på at det viktigaste arbeidet skjer lokalt (Manifest mot mobbing 2011-2014). Det er ulikt kva fokus informantane sine barnehagar har på førebygging av mobbing. Informant A fortel at dei ikkje arbeider direkte med førebygging av mobbing, men at dei jobbar mykje med sosial kompetanse og med å styrkje sjølvkjensla til barna. Informant B fortel dei har fokus på mobbing i barnehagen fordi dei har hatt noko mobbing som dei arbeider med for å få vekk. Informant C fortel at fokuset media har hatt på mobbing gjer at dei har vore ekstra skjerpa. Som eg har skrive om tidlegare viser Xxxx (2014) og Xxxxxxxx (2014) til forsking som viser at barn heit ned i to og eit-halvt årsalderen mobbar. Det har vore artikkelseriar i mellom anna Aftenposten og Bergens Tidende som viser at mobbing førekjem allereie før barn byrjar i skulen. På toppmøtet om mobbing i januar 2015 sa xxxxxxxxxxxxxxxxx Xxxxxxx at barnehage og skule skal vere ein trygg og god stad for barna, og at det er ikkje alltid det er slik i dag. Xxxxxxx påpeika den viktige rolla dei vaksne i barnehagen har og betydinga av tidleg innsats og langsiktig arbeid (Kunnskapsdepartementet, 2015). Vaksenrolla i barnehagen er svært viktig, ein har eit stort ansvar. Slik som Informant A som sa at pedagogiske leiarar har eit ansvar ovanfor både personalet, barna og foreldra. Informant A påpeikar og at det er dei vaksne i barnehagen som har ansvar for å sørgje for at barnehagen er ein god stad å vere. Det nyttar ikkje å berre å ha fokus på mobbing og førebygging av mobbing, ein må arbeide målretta for eit godt miljø og hindre at mobbeåtferd får utvikle seg. Slik eg ser det kan det vere hensiktsmessig å sørgje for å at medarbeidarane får forventingar til seg som høver til den kompetansen og erfaringa dei har (Csikszentmihalyi, 2008). Og pedagogiske leiarar må rettleie medarbeidarane i korleis dei skal handtere ulike situasjonar (Gotvassli, 2010).
5.4 Kva gjer pedagogiske leiarar når barn vert utestengt frå leik?
Ifølgje NOU 2015:2 (2015) er det i leiken med jamgamle at barn byrjar å utvikle evne til å samhandle med andre. Dei lærer å ta andre sitt perspektiv, posisjon eller rolle, noko som er viktig for all kulturell og sosial forståing og kommunikasjon. Når eg spør informantane om det er slik at alle må få vere med å leike, svarar alle at ein må respektere det om nokre barn av og til vil leike åleine. Informant C seier ein må skjerme den gode leiken. Ifølgje Xxxxx- og familiedepartementet (2004) så er leik saman med det å vere inkludert i eit fellesskap og vennskap med på å styrkje den sosiale og personelege utviklinga til barn. Slik eg forstår det ser alle informantane det som viktig at barn får delta i leik. Dei er einige i at det er ikkje greitt om barn vert utestengd. Dei meiner det er viktig å vite om det er dei
same barna som stengjer ute andre barn heile tida, og om det er det same barnet som vert utestengt. Informantane er samde i at dei vaksne har ei viktig rolle for at dette ikkje skal skje. Informant A påpeikar at dei vaksne har ansvar får å gjere barnet som vert utestengt til ein attraktiv leikekamerat. Dei nyttar i hovudsak samlingar og leikegrupper for å lære barna sosiale konvensjonar. I samling kan dei snakke om korleis ein skal vere med kvarandre og i leikegrupper kan ein lære å leike saman. I slike leikegrupper må det vere ein aktiv vaksen med, som er ein viktig rollemodell. Informant A seier det er viktig at barn lærer at dei av og til må ha med nokon andre enn dei helst ønskjer.
Informant B og C fortel at når barn vert utestengd frå leik så pleier dei å snakke med alle dei involverte, for å finne ut kvifor det skjer. Det er og noko Søndergaard (2012) påpeikar ein må gjere. Xxxxxxxxxxx (2012) hevdar ein må stille seg spørsmål om kvifor barna finn det nødvendig å agere som dei gjer, kva er det som gjev meining til deira handlingar og deira forståing av situasjonen. Då kan ein få ein ny måte å tenke på og ein ny måte å handtere handlingar som kan føre til sosial ekskludering av enkeltbarn i barnegruppa (Søndergaard, 2012). Informant B seier det er viktig at dei vaksne er til stades og ser desse episodane, slik at dei kan hjelpe barna til å få eit godt samspel. Det stemmer overeins med det Xxxxxxxxx (2014) seier om at eit tiltak når det gjeld førebygging av mobbing er at dei vaksne er tilstade der vaksne ofte ikkje er tilstades, slik at ein oppdagar til dømes utestenging når det skjer. Xxxxxxxxx hevdar ein bør snakke med alle involverte og gje klar beskjed om at det ikkje er akseptert åtferd. Xxxxxxxxxx (2014) påpeikar at skal ein kunne sjå forskjell på kva som er leik og kva som er mobbing er det viktig å ha kunnskap både om mobbing og om sosial kompetanse. Dei må og ha kunnskap om gruppeprosessane i ei barnegruppe. Slik eg oppfattar det gjennom intervjua har informantane god kunnskap om korleis ein kan arbeide med sosial kompetanse og korleis gruppeprosessane i ei barnegruppe kan skje, men at ein kanskje ikkje er vande med å bruke omgrepet mobbe, samt å knytte mobbing opp mot negative gruppeprosessar.
I manifest mot mobbing 2011-2014 vert det slått fast at det skal vere nulltoleranse for mobbing. Når barn er fysisk stygge med kvarandre er informantane einige i at det er nulltoleranse for det.
Informantane meiner at det er viktig å finne ut kva som ligg bak handlingane til barnet, kvifor barnet slår. Det er viktig at den som får vondt får trøyst. Dette gjer at eg undrar meg over om det er lettare å stanse negativ åtferd som er fysisk, enn den negative åtferda som ikkje er så synleg? Informantane brukar omgrepet nulltolleranse når det gjeld å vere fysisk stygge med kvarandre, men dei nyttar det ikkje når det er snakk om indirekte mobbing som utestenging. Eg kjem tilbake til det eg skreiv tidlegare om at mobbing er eit omgrep som er vanskeleg for oss å bruke når det gjeld små barn.
Sosial kompetanse er noko alle informantane seier dei jobbar mykje med og ser på som særs viktig. Sosial kompetanse er og vektlagd i Rammeplanen (2011), det vert mellom anna slått fast at sosial
kompetanse er viktig for å kunne motverke utvikling av problemåtferd som diskriminering og mobbing. Også Xxxxx (2007) hevdar at ein førebygg mobbing gjennom å oppdra barn til sosial kompetanse. Xxxxxx (2014) snur på det gjennom å hevde at barn som manglar sosial kompetanse kan ha problem med å ta kontakt med andre, eller ha manglande ord for å løyse problem og difor tyr til vold. Informantane legg vekt på at barna skal lære å respektere kvarandre, vente på tur, vere gode med kvarandre og leike saman. Informant C fortel at dei nyttar Xxxx Xxxxx sitt opplegg på å fremje barn sin sosiale kompetanse. Xxxxx (1997) tek for seg korleis ein kan arbeide med å utvikle sosial kompetanse gjennom mellom anna samlingar og samtale, i planlagde og her og no situasjonar.
Rammeplanen (2011) slår fast at ein må ha eit aktivt og tydeleg personalet for å skape eit sosialt miljø som inkluderer alle. Dette tolkar eg slik at det er viktig at vi i barnehagen arbeider med sosial kompetanse når vi skal førebygge mobbing.
Informantane nyttar mellom anna avdelingsmøter for å involvere heile personalgruppa i korleis dei skal arbeide med sosial kompetasne og vennskap. Informant A påpeikar at det er viktig at alle i personalgruppa veit korleis ein skal arbeide med til dømes vennskap, medan informant B meiner det er viktig at dei vaksne handlar om lag likt i ulike situasjonar. Noko av det viktigaste i barnehagen er at ein skal sørgje for barn sitt beste, og i Rammeplanen (2011) står det at ein skal legge til rette for eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barna. For å kunne gjere det hevdar Xxxxx (2014) at ein treng gode pedagogiske leiarar, og dei pedagogiske leiararane har eit ansvar for å sikre læringsprosessar slik at heile personalet kan vere med å sikre at ein arbeider for eit omsorgs- og læringsmiljø som er til barnas beste. Informantane seier dei nyttar mellom anna avdelingsmøter for å sikre at alle veit korleis ein skal arbeide med til dømes sosial kompetanse og vennskap. Xxxx (2014) påpeikar at pedagogiske leiarar må vere bevisst eigen kompetanse, og gjere den eksplisitt og tilgjengeleg for medarbeidarane sine. For at medarbeidarane skal kunne reflektere over og få innsikt i det pedagogiske arbeidet med barn må ein som pedagogisk leiar kunne grunngje dei vala ein gjer.
5.6 Sosial kompetanse og vennskap
Det er godt å ha ein venn. Ved å studere forskingsresultat hevdar Xxxxxxx og Sataøen (2011) at konktakt med andre barn, gjensidige relasjonar og gode vennskap har betyding for barn sin utvikling, trivsel og identitet. Informantane fortel at dei arbeidar for at alle skal ha ein venn. Informant B sin barnehage har spesielt fokus på at alle skal ha ein venn. Informant A seier dei har fokus på at alle skal ha ein venn, men at ein ikkje kan tvinge nokon til å vere venner. Ho meiner det er viktig at ein legg til rette for vennskap med mellom anna gode leikesituasjonar og aktivitetar. Det kan føre til at barna utviklar vennskap. Det stemmer overeins med det Midtsan, Monstad og Søbstad (2004) seier om at vennskap er noko som oppstår når ein legg til rette for det, ved at barn er saman. Vidare seier dei at det er viktig at dei vaksne oppdagar dei barna som har vanskar med å komme i kontakt med andre
barn, og hjelpe dei. Det stemmer overeins med Xxxxxxx og Sataøen (2011) som seier at grunnlag for vennskap kan vere kjennskap. Dei trekk mellom anna fram leikesituasjonar som eit grunnlag.
5.7 Dei vaksne som rollemodell
På toppmøtet om mobbing i januar 2015 sa xxxxxxxxxxxxxxxxx Xxxxxxxx Xxx Xxxxxxx at barnehage og skule skal vere ein trygg og god stad for barna, men at det ikkje er slik for alle i dag. Han presiserte at vi vaksne har eit spesielt ansvar for å bry oss og gjere noko når vi ser at barn ikkje har det bra, og la vekt på tidleg innsats og langsiktig arbeid (Kunnskapsdepartementet, 2015). Å vise barna kva som er ønskt og uønskt åtferd er noko alle informantane ser på som viktig. Dei vektlegg dei vaksne si rolle som rollemodell for barna, at dei vaksne sine haldningar og handlingar er av betyding. Informantane fortel og at dei brukar mellom anna samlingstunder der dei viser og øver på kva som er ønskt og uønskt åtferd. Informant B fortel at dei brukar rollespel, gjerne med bamsar, for å vise korleis dei skal vere med kvarandre. Informant C legg vekt på kor viktig dei vaksne er som rollemodellar.
Xxxxxxxxxx(2014) påpeikar at skal ein kunne sjå forskjell på kva som er leik og kva som er mobbing må dei som arbeider i barnehagen har kunnskap om mobbing, sosial kompetanse og korleis gruppeprosessane føregår i ei barnegruppe.
Det verkar tydeleg at når informatane arbeider for å lære borna kva som er ønskt åtferd har dei mest fokus på ønskt åtferd framfor uønskt. Både Xxxxxx (2014) og Xxxxxxxxxx (2014) påpeikar at det å fokus på barn sin positive og ønskt åtferd er ikkje nok for å hindre uønskt åtferd. Ein må gripe tak i og gjere noko med den uønskte åtferda. Informant B seier dei vaksne prøver å vere gode rollemodellar for å få vekk uønskt åtferd og framheve ønskt åtferd. Xxxxxxxxx (1997) hevdar samtalen er eit viktig tiltak for å førebygge mobbing. Det synest eg vi kan sjå i samanheng med å vise kva som er ønskt og uønskt åtferd, noko alle informantane sa dei gjorde når det var snakk om utestenging i leik. På den måten vil eg seie at dei arbeider med det i fleire situasjonar enn det dei nemner når eg spør om kva dei gjer for å vise kva som er ønskt og uønskt åtferd. Xxxxxxxxx (1997) hevdar og at eit av dei beste verkemiddela å bruke i barnehagen er drama og teater. Gjennom drama kan barna sette i gang eiga tankeverksemd rundt mobbing. Når informantane fortel at dei i samling viser kva som er ønskt og uønskt åtferd så ser eg på det som ei enkel form for drama, som ein kan utvikle. Det er viktig å ha strategiar ein kan nytte for å førebygge og stoppe mobbing. Xxxxx (2007) hevdar ein skal førebygge mobbing gjennom å oppdra barna til sosial kompetanse og at ein må gripe inn tidleg med ulike tiltak for å hindre at uønskt åtferd får utvikle seg. Det er 97 prosent av alle barn som går i barnehagen før dei byrjar på skulen (NOU 2015:2, 2015). Det gjer at pedagogiske leiarar og medarbeidarane har eit viktig ansvar når det gjeld å førebygge mobbing og hindre barn å utvikle uønskt åtferd.
Gjennom alle intervjua kjem informantane fleire gongar inn på kor viktige dei vaksne er som rollemodellar, og informantane hevdar dei i sine barnehagar har ei felles forståing for korleis dei vaksne skal vere som rollemodell. Informant B fortel at dei nyttar praksishistorier for å bli klar over eigne handlingar og brukar dei som utgangspunkt for å diskutere korleis dei skal handle for å vere mest mogleg samsvarte som rollemodellar. Informanten fortel at det skjer at ein på møte vert einige om korleis ein skal handle, men når ein situasjon oppstår er det nokon som handlar på ein anna måte enn ein vart einige om. Gotvassli (2010) påpeikar korleis ein kan nytte situasjonsavhengig leiing der ein brukar ulike tiltak ovanfor ulike personar og situasjonar. Det kan vere at når ein ser at nokon handlar på ein annan måte enn ein har vorte einige i, skulle ein gått inn og rettleia denne personen på ein annan og kanskje meir konkret måte. Ein kan til dømes bruke seg sjølv som rollemodell og vise kva ein meiner, eller ein kan ha rollespel med personalet. Informant C fortel at dei har eit raust miljø der det er rom får å be om unnskyldning når ein hag gjort eller sagt noko dumt. På den måten kan barna også lære at det går an å be om unnskyldning. Midtsand, Monstad og Xxxxxxx (2004) påpeikar nettopp det at barn lærer gjennom ved å observere dei vaksne sin væremåte, dei tileignar seg holdningar gjennom å identifisere seg med modellen. Det vert påpeika i Rammeplanen (2011) at personalet i barnehagen er viktige rollemodellar, det er viktig med eit aktivt og tydeleg personale for å skape eit miljø som er varmt og inkluderande. Både informant A og C fortel om korleis dei vaksne sine holdningar og handlingar kan smitte over på barna. Roland (2014) påpeikar at det er viktig at personalet har eit felles handlingsmønster, slik at personalet veit korleis dei skal handtere ulike grader av mobbing.
Eg ser at det heilt klart er nokre tema som går igjen når det gjeld dei vaksne sin rolle. Det er at det har betyding kva haldningar og handlingar dei vaksne har, og at dei er viktige rollemodellar. Det er tydeleg at alle informantane har kunnskap om kor viktig det er kva haldningar dei har. Skram (2007) påpeikar at dersom ein har eit oversikteleg, , trygt miljø prega av vaksne som gjev tydeleg signal på kva som er ønskt og uønskt åtferd vil det vere vanskeleg at uønskt åtferd får utvikle seg. Ved å vere nære og deltakande vaksne kan ein observere det som skjer mellom barna og lettare gjere noko med uønskt åtferd som mobbing. Det har altså betyding korelis ein organiserer verksemda si (Skram, 2007). Informantane er inne på at ein har ei felles forståing for korleis ein skal arbeide med til dømes sosial kompetanse, og kva handlingar dei bør ha i ulike situasjonar.
I denne oppgåva har eg teke føre meg problemstillinga: korleis kan pedagogiske leiarar arbeide for å førebygge mobbing i barnehagen. Eg har gjennomført tre kvalitative intervju, og gått gjennom ein del litteratur kring mobbing. Eg har vore innom kva mobbing i barnehagen er, om det kan vere ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd og korleis pedagogiske leiarar arbeider for å
førebygge mobbing. Då her eg spesielt sett på kva pedagogiske leiarar gjer når barn vert utestengd frå leik. Xxxxxxx dei arbeider med sosial kompetanse og vennskap. Og dei vaksne som rollemodell.
For å førebygge mobbing må vi vite kva mobbing er. Som eg var inne på i teoridelen på side 3 er dei fleste er einige i grunnleggande trekk i mobbing. Det er funn eg og gjer hos informantane mine. Det kjem og fram at vi må sjå mobbing som sosiale prosessar slik som Xxxxxxxxxxx (2009) og Xxxxxxxx (2014) beskriv ekskludering og inkludering i barnegruppa. Når det gjeld om informantane har opplevd mobbing og ser på mobbing som eit problem i barnehagen gjer eg funn som får meg til å undre på om vi opplever mobbing som eit så sterkt omgrep at vi er redde for å bruke det om dei minste. Kan det vere at vi definerer mobbing på ein måte når vi snakkar om det og ein anna måte i praksis, eller synest vi det vert vanskeleg å slå fast at noko er mobbeåtferd? Forsking viser at det førekjem mobbing i barnehagen og det kan vere at vi må byrje å tenkje på korleis vi brukar omgrepa, tore å bruke omgrepa mobbing og mobbeåtferd, også når det gjeld små barn.
Eg gjer funn som viser at det kan vere ein samanheng mellom oppdraging og mobbeåtferd. Det eg ser er at både informantane og litteraturen ofte viser til korleis dei vaksne sine haldningar og handlingar påverkar barn sine haldningar og handlingar. Barn går store delar av sin barndom i barnehagen, og oppdraging er ein del av arbeidsoppgåvene til barnehagen (NOU 2015:2, 2015). Det er vesentleg kva haldingar og handlingar dei vaksne har. Sidan barn er mykje i barnehagen ser eg det slik at kva haldningar og handlingar dei vaksne i barnehagen har, er av vesentleg betyding.
Pedagogiske leiarar har eit viktig ansvar for det som skjer i barnehagen, slik som eg skriv om i teoridelen på side 6. Informantane vektlegg at det er viktig at ein handlar om lag likt, men at det kan vere vanskeleg å få til i praksis. Pedagogiske leiarar har bør å bruke seg sjølv som rollemodell, både ovanfor medarbeidarane og barna. Dei må og sørgje for at ein, så lang det lar seg gjere, har eit felles handlingsmønster i ulike situasjonar.
Det er vanskeleg å lage eit eksakt svar på korleis pedagogiske leiarane kan arbeide med førebyggande mobbing, men eg kan trekke nokre hovudlinjer. Det er tre ting som eg synest framhevar seg. Det er at ein må arbeide med haldningar, dei vaksne er viktige rollemodellar og det må vere samsvar mellom haldningar og handlingar. Som pedagogisk leiar må ein og alltid vere bevisst eigne haldningar og handlingar og vere tydelege ovanfor barna på kva som er ønskt og ikkje ønskt åtferd. Og vi må gjere noko for å endre uønskt åtferd (Roland, 2014). Det er og viktig å lære barna sosial kompetanse og legge til rette for at barna skal utvikle vennskap (Kunnskapsdepartementet, 2011). Pedagogiske leiarar har og eit ansvar for medarbeidarane sine, mellom anna å rettleie dei. Når det gjeld utestenging er informantane opptekne av at ein må ha samtaler med dei involverte, finne ut kva som er årsaken, det er noko som og kjem fram i nyare litteratur, at ein må finne ut kva årsaker som ligg
xxx xxxxxxxxxx (Xxxxxxxxxxxxxx, 2014). Dette er noko vi kan ta med oss i andre situasjonar og, ikkje berre ha fokus på at ein skal be om unnskyldning, men finne ut kva som ligg bak handlingane.
I arbeidet med denne oppgåva har eg lært mykje om korleis eg, som pedagogisk leiar, kan arbeide for å førebygge mobbing . Det viktigaste vert å arbeide med haldningar og sosial kompetanse. Er det mobbing må eg tore å kalle det for mobbing. Eg må aktivt gå inn og stoppe uønskt åtferd. Eg skal legge til rette for leik og aktivitetar som kan føret til at barn dannar vennskap. Eg må sørgje for at alle medarbeidarane arbeider mot same mål og at vi er einige i korleis vi skal handtere ulike situasjonar. Som pedagogisk leiar har eg ansvar for at avdelinga er ein trygg og god plass å vere for alle barna som går der.
Xxxxx, X. (2014). Å utvikle barenahgearbeidet - ledelsesutfordringer i fremtidens barnehage. I X. X. Xxxxxxxxx, & X. Xxxxx , Bachelor oppgaven i barnehagelærerutdanningen (ss. 128-134). Oslo: Cappelen Damm Akademisk AS.
Xxxxxxx, X., & Xxxxxxx, S. O. (2011). Utviklingspsykologiske perspektiv på barns oppvekst. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.
Barne- og familiedepartementet. (2004). Mobbing i barnehagen. Et hefte for det som arbeider i barnehagen. Oslo: Barne- og familiedepartementet.
Xxxxxxxxxxxxxx, D. D. (2014). Hva har dere gjort med henne? I X. X. Xxxxxxxx (Red.), Mobbing i barnehagen. Et sosialt fenomen (ss. 92-113). Oslo: Universitetsforlaget AS.
Csikszentmihalyi, M. (2008). Flow, optimaloplevelsens psykologi. København: Dansk psykologisk Forlag.
Xxxxxxx, X. (2012). Metode og oppgaveskriving. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.
Xxxxxxxxx, X.-Å. (2010). Barnehager, organisasjon og ledelse. Oslo: Universitetsforlaget AS.
Xxxxxxxx, X. X. (2014). Hvordan kan mobbing forstås? I X. X. Xxxxxxxx (Red.), Mobbing i barnehagen. Et sosialt fenomen (ss. 19-31). Oslo: Universitetsforlaget AS.
Xxxxxxxx, X. X. (2013). Forståelse, beskrivelse og forklaring. Innføring i metode for helse- og sosialfagene. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Xxxxxxxxxx, X. Ø. (2014). Kampen om mobbebegrepet. I X. X. Xxxxxxxx (Red.), Mobbing i barnehagen. Et sosialt fenomen (ss. 32-51). Oslo: Univeritetsforlaget AS.
Kunnskapsdepartementet. (2011). Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Oslo: Kunnskapsdepartementet 2011.
Kunnskapsdepartementet. (2015, Januar 30). (A. K. Hjukse, Red.). Hentet fra xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xx/xxxxxxx/xxxxxxxx-xx-xxxxxxx/xx0000000/
Xxxxxx, Ø., & Xxxxxxxxxx, X. (2005). Mobbing belyst ut fra foreldres oppdragelsesstil og barnets tilknytning - behov for systme. Spesialpedagogikk nr 4, ss. 12-23.
Xxxxx, X. (1997). Du og jeg og vito!Et rammeprogram for sosial kompetanseutvikling. Håndboka.
Oslo: Universitetsforlaget AS.
Xxxx, X. (2014). "de er jo bare barn" Om barnehagebarn og mobbing. Oslo: PEDLEX Norsk Skoleinformasjon.
Manifest mot mobbing 2011-2014. (u.d.). Hentet Februar 19, 2015 fra xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxx/xx/xxxxxxx/xxxxxxxxxx/xxxxxxxx_xxx_xx bbing2011_2014_hefte_web.pdf
Midtsand, M., Monstad, B., & Søbstad, F. (2004). Tiltak mot mobbing starter i barnehagen.
Trondheim: Dronning Xxxxx Xxxxx, Høgskole for førskolelærerutdanning.
NOU 2015:2. (2015, Mars 18). Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Oslo: Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon. Hentet fra xxxxxxxxxxx.xx: xxxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxxxx/00000000x00x00x00x00000x000x0xxx/xx/xxxx/ nou201520150002000dddpdfs.pdf
Xxxxxx, X. (1997). Mobbing i skolen. Hva vi vet og hva vi kan gjøre. Oslo: Universitetsforlaget AS. Xxxxxxxxx, X. X. (1997). Mobbing i barnehagen. Oslo: SEBU forlag.
Xxxxxxx, X. (2013). Enhet og mangfold. Samfunnsvitenskaplig forskning og kvantitaitv metode.
Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.
Xxxxxx, X. (2014). Mobbingens psykologi. Hva kan skolen gjøre? Oslo: Universitetsforlaget AS. Xxxxxx, X. (2013). Ledelse i barnehagen. I X. Xxxxxx, X. Xxxxxxxxx, M. V. Slåtten, & X. Skogen (Red.),
Å være leder i barneahgen (ss. 23-53). Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.
Xxxxx, X. (2007). Oppdraging og mobbing i barnehagen og på småskulesteget. I X. Xxxxxxx, & X. Xxxxxxx (Red.), Barnehagepedagogikk (ss. 110-125). Oslo: Det Norske Samlaget.
Søndergaard, D. M. (2009). Mobning og social eksklusjonsangst. I D. M. Xxxxxxxxxxx, & X. Xxxxxx,
Mobning. Sociale processer på afveje (ss. 21-58). København: Xxxx Xxxxxxxx Forlag.
Søndergaard, D. M. (2012, May). Bullying and social exlusion anxiety in schools. British Journal of Sociology og Education Vol. 33, nr 3., ss. 355-372.
Xxxxxxx, X. X. (2013, August 28). Xxxxxxxxxxx.xx. Hentet fra xxxx://xxx.xxxxxxxxxxx.xx/xxxxxxx-xx- oppvekst-old/Mobbing-skal-stoppes-alt-i-barnehagen-7292671.html
Xxxxxxx, H. L., & Xxxxxxxxx, G. M. (2013, Mars 13). xx.xx. Hentet fra xxxx://xxx.xx.xx/xxxxxxx/xxxxxx/xxxx/--Xxx-xxx-xx-x-xxxxx-xx-xxxxxxxxx-0000000.xxxx
8.1 Vedlegg 1, informasjonsbrev til informant
Hei!
Viser til tidlegare førespurnad om å delta i bachelor intervju. Temaet for bacheloroppgåva er mobbing. Eg ønskjer å finne ut om kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing og kva dei gjer for å førebygge og motverke mobbing i barnehagen. Rettleiar på oppgåva mi er Xxx Xxxxx, e-post; xxx.xxxxx@xxxx.xx.
Eg ønskjer å gjere opptak av intervjuet, av den grunn at då vert det lettare for meg i ettertid å skrive ned intervjuet, samt at eg under intervjuet kan ha fokus på samtalen og ikkje på å skrive. Opptaket vil bli sletta så fort eg har skrive inn intervjuet, innan eit par dagar. Eg ønskjer tilbakemelding på førehand om de ønskjer at eg ikkje skal gjere opptak av intervjuet. Tidsramma for intervjuet er mellom 30 og 45 minutt.
Eg har teieplikt og pedagogisk leiar vil bli anonymisert og ingen namn skal nemnast i oppgåva. Med vennleg helsing
Xxxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx
Introduksjon
Eg går siste året på førskulelærar deltid i Sogndal. Og skal no skrive ein bachelor som skal vere forankra i pedagogisk leiing. Eg har valt å sjå på pedagogisk leiing i forhold til mobbing i barnehagen. Fordi mobbing er eit aktuelt tema i dag, det har vore mykje framme tematikken om mobbing i media. Etter kvart no er det og noko fokus på mobbing i barnehagen. På bakgrunn av dette er det eg ynskjer å finne ut noko om kva pedagogiske leiarar legg i omgrepet mobbing, og korleis dei arbeider for å motverke og førebygge mobbing i barnehagen. Problemstillinga på oppgåva mi er : Xxxxxxx arbeider pedagogiske leiarar for å førebygge mobbing i barnehagen?
Bakgrunn til informanten
- Kan du fortelje litt om kva utdanning og erfaring du har?
- Har du hatt noko om mobbing i utdanninga, kurs eller foredrag?
Mobbing
- Kva legg du i omgrepet mobbing?
- Kva vil du beskrive som mobbing i barnehagen?
- Har du opplevd mobbing i barnehagen?
På kva måte har du opplevd mobbing i barnehagen? Er det noko som skjer ofte?
Kan du gje døme?
- Ser du på mobbing som eit problem i barnehagen?
På kva måte tenkjer du at det er/er ikkje eit problem?
- Korleis ser du på samanheng mellom den oppdraginga barn får og eventuell mobbeåtferd?
Førebygging av mobbing
- Er mobbing noko de har fokus på i barnehagekvardagen?
Kan du gje døme på kva måte?
- Kva gjer de når barn stengjer andre barn ute frå leik?
Kva tenkjer du om det er det same barnet som vert utestengd gang på gang? Er det slik at alle alltid må få vere med å leike?
- Kva gjer de når barn er fysisk stygge med kvarandre?
- På kva måte arbeider de med sosial kompetanse ?
Jobbar de bevisst med sosial kompetanse for å førebygge mobbing? Kan du fortelje litt om korleis de gjer det?
Kan du gje døme?
- Kva fokus har de på vennskap mellom barna?
Kan du gje døme?
-Involverer de heile personalgruppa i korleis de skal arbeide med til dømes sosial kompetanse og vennskap?
- kva gjer de for å vise/lære barna kva som er ønskja åtferd?
Rollespel, Rollemodell
Metakommunikasjon – snakke om korleis vi bør snakke/vere mot kvarandre
- Har de ei felles forståing for korleis de vaksne skal vere som rollemodellar?
Snakkar de opent om det / taus kunnskap
Tek du opp situasjonar der du tenkjer at du eller andre burde handla på ein annan måte? På kva måte gjer du det?
Heilt til slutt
- Er det noko du ønskjer å seie som vi ikkje har vore innom?