Delavtale mellom
Delavtale mellom
XX kommune og Helse Førde HF
Forsking og utdanning
Avtale om forsking og utdanning
1. Partar
Avtalen er inngått mellom XX kommune og Helse Førde HF.
2. Bakgrunn
Avtalen er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 6-1 og § 6-2,pkt 7:
(Avtalen skal som eit minimum omfatte): «samarbeid om forskning, utdanning, praksis og læretid.»
og spesialisthelsetenestelova § 2-1e, 2. ledd 1.setn:
«De regionale helseforetakene skal sørge for at det inngås samarbeidsavtaler som nevnt i helse- og omsorgstjenesteloven §6-1»
Avtalen er vidare heimla i rammeavtalen mellom XX kommune og Helse Førde, jfr pkt. 4 i rammeavtalen.
Etter § 8-3 skal kommunen tilretteleggje for forsking for den kommunale helse- og omsorgstenesta. Vidare har kommunen etter § 8-1 i helse- og omsorgstenestelova plikt til å medverke til undervisning og praktisk opplæring av helsepersonell, herunder vidare- og etterutdanning. Etter § 8-2 skal kommunen syte for at eigne tilsette som utfører tenester etter lova får naudsynt vidare- og etterutdanning.
Tilsvarande føresegner er fastsett for spesialisthelsetenesta, jfr spesialisthelseteneste- lova §§ 3-5, 3-8 og 3-10.
3. Føremål
Denne delavtalen har som føremål å legge til rette for felles tiltak for å styrke kunnskap og kompetanseoppbygging hos helse- og omsorgspersonell, og vidare forsking og innovasjon som understøttar intensjonane i samhandlingsreforma. I tillegg er det eit overordna mål å vidareutvikle tenestene med utgangspunkt i at tenestene skal vere kunnskapsbaserte og av høg kvalitet.
4. Nettverk og samarbeidsfora for forsking og innovasjon
På bakgrunn av at forskingsarbeid medfører kompetansekrav som det kan vere vanskeleg å møte for enkeltkommunar, og fordi det vil krevje eit vesentleg støtteapparat og nettverk, tek partane i denne avtalen sikte på å delta i eit fylkesomfattande samarbeid på dette området.
Det skal i høve dette gjennomførast eit felles prosjekt for utgreiing av kor vidt, på kva måte og i kva omfang kommunane kan inkluderast i noverande Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane ved avd. for helsefag.
Koordineringsrådet skal starte og legge rammene for prosjektet nemnt i 2. avsnitt.
5. Rapportering, formidling og implementering av forskingsresultat og ny kunnskap
Begge partar skal aktivt nytte følgjande arenaer til rapportering, formidling og implementering av forskingsresultat og ny kunnskap:
- Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane
- Regionale kommunale helse- og omsorgsnettverk
- Helse- og omsorgsutvalet i KS
- Forum for helse, omsorg og folkehelse
- Fagforum for legar
- Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane
- Brukarutvalet
Dialogmøtet, koordineringsrådet og fagrådet vil og vere aktuelle arenaer, jfr ramme- avtalen pkt 3. Vidare skal partane nytte Samhandlingsbarometeret som felles portal for tilgang til relevante forskingsrapportar og legge ut ny kunnskap på helse- og omsorgsområdet på denne.
6. Avklaring av utdanningsbehov og utdanningstilbod
Partane vil delta i eit felles arbeid med å avklare utdanningsbehov i kommune- og spesialisthelsetenesta på kort og lang sikt og kva utdanningstilbod som kan møte desse behova på ein god måte. Kommunane sine helse- og omsorgsnettverk og Forum for helse, omsorg og folkehelse vil vere viktige arenaer for slike avklaringar.
Det skal utarbeidast ein felles strategiplan og eit årshjul som eit ledd i eit systematisk arbeid på dette området.
7. Praksisplassar og praksisopplæring
Kommunen og Helse Førde skal fastsette eigne planar for praksisplassar og læreplassar og korleis ein vil styre og kvalitetssikre oppfølgjing av studentar og lærlingar. Delar av dette arbeidet vil skje i etablerte samarbeidsfora mellom partane og utdanningsintitusjonane.
8. Forholdet til rammeavtalen
Føresegner i rammeavtalen gjeld tilsvarande for denne avtalen. Gjennom dette vert ivaretaking av brukarmedverknad også definert for denne avtalen. Ved motstrid mellom denne avtalen og rammeavtalen, går rammeavtalen føre.
9. Handtering av usemje
Ved usemje skal partane følgje reglane i rammeavtalen.
10. Misleghald
Dersom ein av partane misligheld sin del av avtalen med vedlegg, og dette påfører den andre parten dokumenterte tap, kan tapet bli kravd dekka av den som mislegheld avtalen.
11. Innsending av avtalen til Helsedirektoratet
Etter at avtalen er signert av begge partar, skal Helse Vest RHF sende kopi av avtalen, iht. helse- og omsorgstenestelova § 6-1 til Helsedirektoratet. Dette skal skje innan ein månad etter at avtalen er inngått, og seinast ein månad etter utgangen av frist fastsett med heimel i § 6-3.
12. Avtaletid, revisjon og oppseiing
Avtalen trer i kraft frå 01.07.12, og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eitt års oppseiingsfrist, jf. helse- og omsorgstenestelova § 6-5 andre ledd.
Partane er samde om å gjennomgå avtalen innan desember kvart år og syte for jamleg rapportering og evaluering.
Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen blir endra.
Dato, Dato,
xx kommune | Helse Førde HF |