VEDTEKTER
VEDTEKTER
for
for nærings-og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune
§ 1 Fondskapital og heimel
a) Fondskapital er: Næringsfond med grunnkapital på kr. 205 000,- innbetalt av Østfold fylke i medhald av konsesjonsvilkåra for utbygging av Lærdalsvassdraget, fastsett ved kgl. resolusjon av 7. oktober 1966.
b) Tilføring til fondet:
• Årlege konsesjonsavgifter, som vert innbetalte av Østfold Energi A/S i medhald av pkt. 3 i konsesjonsvilkåra for utbygging av Lærdalsvassdraget
• Xxxxxx og xxxx avkastning av fondskapitalen
Alle konsesjonsavgifter, renter og anna avkastning skal takast til inntekt for Kraftfondet og må disponerast i samsvar med vedtektene. Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot.
§ 2 Forholdet til internasjonale regelverk på statsstøtteområdet
Bruken av midlane frå fondet skal vere i samsvar med dei internasjonale regelverk som Noreg har slutta seg til på statsstøtteområdet.
§ 3 Føremål
Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Lærdal kommune. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak avgrensa til å omfatte:
• Bedriftsutviklingstiltak
• Investeringar i bedrifter
• Kommunalt tiltaksarbeid
• Kommunale næringsretta grunnlagsinvesteringar
§ 4 Bruk av fondet
Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til løpande drift i verksemder og kommunen. Det kan gjerast unntak for renter og avdrag på næringsretta
investeringar i kommunen, løn til næringsrådgjevar eller tilsvarande stilling, kompetansekjøp av tenester innan næringsutvikling, forvaltning av fondet og kommunale prosjekt/tiltak som er gjort i tråd med fondet sitt føremål.
Døme på kommunalt tiltaksarbeid og kommunale næringsretta grunnlagsinvesteringar som nemnt
§3 kan vere:
• Næringsplanlegging
• Stadutviklingsprosjekt
• Kompetanseutvikling
• Samarbeidstiltak/fellestiltak
• Kjøp og opparbeiding av tomtegrunn for næringsutbygging
• Oppføring og utviding av næringsbygg i kommunal eller privat regi
• Planlegging og utbygging av næringsareal, sentrumsområde, bustadområde og anna
Ingen har krav på tilskot frå fondet. Alle prosjekt/tiltak vert vurdert i forhold til effekten det har, lønnsemd og konkurransesituasjonen i kommunen.
§ 5 Stønadsformer
Stønad kan gjevast som lån. Frå midlane som vert tilført fondet kan det òg gjevast tilskot og ansvarleg lån/lån på vilkår. Tilskotsdelen må vere regulert i årlege handlingsplanar.
Det kan ikkje gjevast støtte til bedrifter for å dekke renter og avdrag på lån til eller løpande drift. Det bør ikkje gjevast støtte til verksemd som mottek betydelege overføringar over statsbudsjettet Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private verksemder. Dersom det vert teikna kommunale aksjar, kan ikkje dette utgjere meir enn 30 % av aksjekapitalen i verksemda. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerer i samarbeid med private interesser.
§ 6 Stønadsvilkår
Samla stønad (lån og/eller tilskot) frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje utgjere meir enn 50 % av samla kapitalbehov for prosjektet. Rentesats og lånevilkår for næringslån vert fastsatt av kommunestyret i samband med budsjettvedtaket kvart år.
§7 Krav til søknad om stønad
Som vedlegg til søknaden, skal det leggast ved ein forretningsplan som gjer greie for:
• Bakgrunn og mål for tiltaket
• Behovs- og marknadsvurdering
• Tids- og aktivitetsplan
• Oversikt over investeringar og andre kostander, med finansieringsplan
• Driftsbudsjett over 3 år
• Risikovurdering
• Eksisterande verksemder skal leggje ved siste års rekneskap
§ 8 Sakshandsaming
Alle søknader skal ha svar med orientering om framdrift og sakshandsamingstid i samsvar med forvaltningslova sine reglar.
Ved tildeling frå fondet skal det leggast vekt på:
• Tilhøve til gjeldande samfunns- og næringsplan og/eller vedtekne planar og satsingar
• Om tiltaket baserer seg på Lærdal sine strategiske konkurranseføremoner
• Grøn omstilling, miljø og klimareduserande tiltak
• Om tiltaket gir positive ringverknader for næringslivet i kommunen
• Om tiltaket gjeld fellestiltak for fleire verksemder/næringar
• Om tiltaket har ein positiv sysselsettingseffekt, særleg heilårsarbeidsplassar
• Om tiltaket fører til lønnsam produksjon av varer eller tenester
• Om tiltaket har eit godt underbygd marknadspotensiale
• Om tiltaket tek sikte på kompetanseheving og bedriftsutvikling
• Evna søkjar har til å gjennomføra tiltaket
• Om søkjaren er kvinne eller ungdom
Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som er sett i verk før søknad er sendt til kommunen.
Ved tildeling frå fonder skal det setjast vilkår for tildeling:
Mottakar skal uoppfordra senda inn årsrekneskap til kommunen eller den kommunen som har gjeve avgjersrett, i tre år etter at stønad er gjeve.
Det kan krevjast høvesvis tilbakebetaling av tilskot dersom verksemder som får tildelt tilskot går ut av drift, eller flyttar frå kommunen, innan to år etter at beløpet er utbetalt.
§ 9 Utbetalingar
Utbetaling av lån og/eller tilskot skal gå fram av vedtaket. Ulike utbetalingsmodellar for tilskot som kan nyttast:
1. Utbetaling av inntil kr. 30.000 når tilsagn er gjeve, resten ved avslutta prosjekt
2. Utbetaling av alt tilskot ved avslutta prosjekt
3. Utbetaling av 50 % halveges i prosjektet, og resten ved avslutta prosjekt
4. Utbetaling i 3 like store delar; ved oppstart, midtvegs og avslutta prosjekt
5. Utbetaling etter individuell utarbeidd avtale, der minimum 25 % ikkje vert utbetalt før prosjektet er avslutta.
§ 10 Forvaltning
Ved forvaltning av fondsmidlane skal det leggast vekt på låg finansiell risiko og høg likviditet. Renter vert å tilbakeføre til fondet.
Formannskapet har rolla som fondsstyre. Kommunestyret kan vidaredelegere til rådmannen å gjere vedtak i saker som reknast å vera kurante.
Vedtak i saker som gjeld søknad om stønad frå fondet er enkeltvedtak etter § 2 i
forvaltningslova, og kan påklagast etter § 28 i forvaltningslova. Kommuenstyret er klageinstans ved klager på tildelingar vedteke av formannskapet. Formannskapet er klageinstans på vedtak om tildelingar som er delegert til rådmannen.
Budsjett og rekneskap skal utarbeidast i tråd med gjeldande lovverk, regelverk og Forskrifter.
Kommunen si økonomiavdeling fører rekneskap for fondet. Rekneskapen for fondet er ein del av kommunen sin rekneskap og skal reviderast av kommunen sin revisor.
§ 11 Årsmelding
I samband med årsmeldinga og årsrekneskapen til Lærdal kommune, skal det rapporterast på bruk av fondet, aktivitet og rekneskapen skal syne fondet sine inntekter og utgifter.
§ 12 Godkjenning av vedtektene
Endring av vedtektene skal gjerast av kommunestyret.