Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom
Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom
Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane1
1. Bakgrunn
Hausten 2004 starta Kreftforeningen seksjon Vest (nå Distriktskontor Bergen), Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) og Kreftavdelinga, Helse Førde arbeidet med å etablere eit nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg i den offentlege helsetenesta i Sogn og Fjordane.
Sidan starten i 2004 er Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg i Sogn og Fjordane bygd opp til å verte eit veletablert nettverk med stor verdi innanfor kreftomsorga i dette området. Styringsgruppa i nettverket har i perioden 2004-2008 etablert samarbeidsavtaler med leiarane i helse-, pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane og sjukehusa i Sogn og Fjordane.
I samsvar med Rammeavtalen mellom Helse Førde og den einskilde kommune pkt. 4.4 ønskjer partane at dette samarbeidet skal vidareutviklast og formaliserast som ein delavtale.
Denne delavtalen er underordna rammeavtalen mellom Helse Førde og den einskilde kommune. I tillegg er denne delavtalen basert på følgjande grunnlagsdokument:
• Lover og forskrifter som regulerer spesialist- og kommunehelsetenesta
• Regional kreftplan 2005-2010 (med perspektiv til 2020) Helse Vest
• Utviklingsplan Helse Førde 2018-2035
• Leve med kreft. Nasjonal kreftstrategi (2018-2022). Helse- og omsorgsdepartementet 2018
• Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen. Revidert utgave 2019. Helsedirektoratet; IS-2800
• Strategi 2021-2024 Kreftforeningen
• På liv og død. Palliasjon til alvorlig syke og døende. NOU 2017:16
• Meld. St. 24(2019-2020) Lindrende behandling og omsorg – Vi skal alle dø en dag. Men alle andre dager skal vi leve.
2. Mål
Målet med nettverket av ressurssjukepleiarar er å sikre kvalitet og kontinuitet i pleie- og omsorgstilbodet til kreftpasientar og pasientar med behov for lindrande behandling.
1 Sogn og Fjordane område, utanom Gulen kommune.
Omsorgstilbodet skal også inkludere pårørande. Målet er at pasienten og familien skal oppleve god kvalitet, tryggleik og samhandling i alle nivå av helsetenesta.
3. Partane i avtalen
Partane i avtalen er Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane.
4. Driftsansvar for nettverket
Nettverket vert drive av ei styringsgruppe og ei driftsgruppe. Driftsgruppa står for den daglege drifta av nettverket. Kreftavdelinga i Helse Førde representerer den faglege forankringa i føretaket.
Det etablerte samarbeidet mellom Kreftforeningen Distriktskontor Bergen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest og Kreftavdelinga, Helse Førde er naudsynt for drifta av nettverket. Det er utarbeidd ein samarbeidsavtale mellom Kreftforeningen Distriktskontor Bergen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) og Kreftavdelinga, Helse Førde om drifta av nettverket. Desse tre partane er alle representerte i styringsgruppa for nettverket. Samarbeidsavtalen ligg som vedlegg til denne delavtalen.
5. Begrepsavklaring
Ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling er i avtalen å forstå som sjukepleiarar med særleg kompetanse og interesse innan kreftomsorg og lindrande behandling som har eit definert ansvarsområde og funksjon innan desse felta på arbeidsplassen sin, og som deltek i felles nettverk. Funksjon som ressurssjukepleiar er ei personleg oppnemning knytt til arbeidsfelt og kompetanseområde.
6. Nettverket
Nettverket består av ressurssjukepleiarar i kvar kommune/ sone, frå heimesjukepleia og/eller sjukeheim, og på kvar sjukehusavdeling (post) som behandlar kreftpasientar. Nettverket skal vera sentralt for å ivareta kontinuiteten i pleie- og omsorgstilbodet til kreftpasientane og for å spreie kompetanse om kreftomsorg og palliasjon i heile føretaksområdet.
Dei praktiske oppgåvene til ressurssjukepleiarane er knytte til:
• Klinisk arbeid på arbeidsplassen
• Samhandling og systemarbeid
• Klinisk forbetringsarbeid og kompetanseoppbygging
7. Organisering
Nettverket er organisert gjennom fire lokale nettverksgrupper. Nettverksgruppene rapporterer til driftsgruppa, som igjen skal halde seg til styringsgruppa.
Styringsgruppa skal ha minst to møter per år, og er samansett av:
• Ein representant frå Helse Førde
• Ein representant frå Kreftforeningen Distriktskontor Bergen
• Ein representant frå Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB)
• To representantar frå kommunane: ein fastlege og ein leiar frå pleie- og omsorgstenesta
• Leiar i driftsgruppa
Driftsgruppa skal ha minimum tre møter per år, og er samansett av:
• Ein representant frå Kreftavdelinga og/eller Palliativt senter, Helse Førde
• Ein representant frå KLB (regional medarbeidar i Sogn og Fjordane)
• Ein representant frå Kreftforeningen Distriktskontor Bergen
• Ein representant frå Høgskulen på Vestlandet, campus Førde, Avdeling helsefag
• To representantar frå pleie- og omsorgstenesta: ein leiar og ein ressurssjukepleiar
• Ein ressurssjukepleiar, Nordfjord sjukehus eller Lærdal sjukehus
• Ein leiar/ressurssjukepleiar frå sengepost, Førde sentralsjukehus
Utnemning av representantar til styringsgruppe og driftsgruppe skjer for to (2) år om gongen. Styringsgruppa vel leiar (og sekretær) for to (2) år om gongen. Leiar og sekretær skal førebu møta.
Driftsgruppa står for den daglege drifta av nettverket, og skal drive det praktiske arbeidet med organisering av aktivitetane i nettverket. Partane bør syte for både kontinuitet og ny- rekruttering ved utnemning av nye representantar.
KS utnemner dei kommunale representantane til styringsgruppe og driftsgruppe.
Dei lokale gruppene er inndelte som følgjer:
• Indre Sogn
• Nordfjord
• Sunnfjord/Sogn
• Sunnfjord/Kinn
I alle gruppene skal det vere ressurssjukepleiarar frå både kommune- og spesialisthelsetenesta. Organisasjonskart for organiseringa av nettverket, sjå vedlegg.
8. Funksjon og ansvarsfordeling
Denne delavtalen endrar ikkje ved det formelle ansvar for pasientbehandling, jfr. Pkt. 1. Funksjon og ansvar for styringsgruppa:
• Styringsgruppa har overordna ansvar for nettverket
• Styringsgruppa har ansvar for å sikre ei heilskapleg organisering av nettverket gjennom forpliktande avtalar
• Styringsgruppa skal bidra med evaluering og forslag til revisjon av samarbeidsavtalar som gjeld nettverket, samt evaluering av delavtalen kvart 2. år
• Styringsgruppa skal ha fokus på samhandling mellom lokale ressurssjukepleiarar og fastlegar/sjukeheimslegar
• Styringsgruppa skal følgje opp driftsgruppa sitt arbeid
Funksjon og ansvar for driftsgruppa:
• Driftsgruppa har ansvar for den praktiske drifta av nettverket, og skal lage årsplan og årsrapport
• Saman med ressurssjukepleiarane har driftsgruppa ansvaret for samlingar for dei lokale gruppene minst x 2 per år. Ein del av kvar samling er rapport om status for nettverket i den einskilde kommune og sjukehusavdeling
• Driftsgruppa skal arrangere introduksjonskurs for nye ressurssjukepleiarar og leiarar ved behov
• Driftsgruppa arrangerer ein årleg, felles fagdag for nettverket
• Driftsgruppa skal bidra til kompetanseutvikling i nettverket. Den skal bidra til at det vert utarbeidd og implementert kliniske retningslinjer, prosedyrar og kvalitetssystem innan fagområdet.
• Driftsgruppa sine medlemmer skal samarbeide med og støtte ressurssjukepleiarane i undervisning og rettleiing på sin arbeidsplass, ut frå innmelde behov og etter kapasitet
• Leiar i driftsgruppa rapporterar til styringsgruppa
Funksjon og ansvar for ressurssjukepleiar.
Ressurssjukepleiar har ansvar for å:
- utvikle særleg kompetanse innan omsorg for pasientar med kreftsjukdom i alle fasar av sjukdomen
- saman med sin leiar utarbeide gode rutinar for oppfølging og pleie til kreftpasientar og pasientar med behov for palliativ behandling og terminal pleie
- saman med sin leiar innføre systematisk bruk av ESAS-r-kartlegging
- saman med sin leiar innføre bruk og oppfølging av individuell plan
- saman med sin leiar etablere rutinar for samarbeid og samhandling som sikrar pasienten kontinuitet og samanheng i behandlingstilbodet (bruk av sjekklister ved overføring av pasientar, retningslinjer for bruk av open kontakt m.m.)
- ha oversikt over aktuelle pasientar i eiga sone/avdeling og pasienten sin fastlege/ sjukeheimslege
- saman med sin leiar etablere rutinar for samarbeid mellom pasientansvarleg lege/ fastlege/sjukeheimslege og ressurssjukepleiar i kvar kommune
- bli informert og konsultert om desse pasientane av pasientansvarleg sjukepleiar/lege
- gje rettleiing og rådgjeving til kollegaer som er pasientansvarleg sjukepleiar
- ha oversikt over Helse Vest sine tilbod innan kurativ kreftbehandling og palliativ behandling, samt rehabilitering
- saman med sin leiar lage rutinar for og drive internundervisning som sikrar god kompetanse innanfor kreftomsorg og palliasjon, og arbeide for at denne kompetansen kjem alle aktuelle pasientgrupper til gode
- delta på felles og lokale samlingar i nettverket
- gje melding til sin leiar og til driftsgruppa for nettverket i god tid når funksjonen vert avslutta eller ved permisjon
Arbeidsgjevar sitt ansvar.
Arbeidsgjevar forpliktar seg til å:
• bidra til at målsettinga for nettverket vert realisert
• utnemne ressurssjukepleiar i kreftomsorg på arbeidsplassen slik at funksjonen til ei kvar tid er ivareteken
• identifisere verksemda sitt behov for kompetanse innan kreftomsorg og lindrande behandling
• gje ressurssjukepleiaren tid og ressursar til å utøve sin funksjon
• bidra til samarbeid mellom fastlege/sjukeheimslege/pasientansvarleg lege, ressurssjukepleiar og nettverket
• gje ressurssjukepleiaren høve til å delta på aktuelle samlingar og kurs arrangert for nettverket, samt delta i hospiteringsprogram
• gje ressurssjukepleiar permisjon med løn og dekke kostnader til reise og kurs-/ seminaravgift til samlingar arrangert for nettverket
• bidra til evaluering av avtalen
• delta i styrings- og driftsgruppa for nettverket
9. Finansiering
Kvar av partane dekkjer sine eigne utgifter til deltaking i nettverket. Samlingane i nettverket skal arrangerast så rimelig som mogeleg.
Styringsgruppa vil forsøke å skaffe økonomiske tilskot vidare.
10. Iverksetting, evaluering og revidering av avtalen
Denne delavtalen vert iverksett etter vedtak i Koordineringsrådet 2. juni 2008.
Avtalen skal evaluerast kvart 2. år. Framlegg til vidareføring av delavtalen skal leggast fram for Koordineringsrådet.
Stad/dato
Underskrift
Helse Førde HF
Stad/dato
Underskrift
………….….kommune