Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Reglement for finans- og gjeldsforvaltning
Vedteke Alver kommunestyre 29. oktober 2020, sak 121-2020
Innhald
1 Reglementet sitt virkeområde og formål 2
3 Forvaltning og forvaltningstypar 2
4 Formålet med kommunen sin finans- og gjeldsforvaltning 3
5 Generelle rammer og avgrensingar 3
6 Forvaltning av midler med lav risiko og høg likviditet 4
6.2 Andelar i pengemarknadsfond 5
6.3 Direkte eige av verdipapir 6
6.4 Felles plasseringsavgrensingar 6
7 Forvaltning av kommunens midlar med lang tidshorisont 6
7.3 Overordna investeringsrammer 6
7.4 Plasseringsinstrument og grenser 7
7.5 Avkastningsrisiko og benchmarks 10
8 Forvaltning av kommunens gjeldsportefølgje og øvrige finansieringsavtalar 12
8.1 Vedtak om opptak av lån 12
8.3 Tidspunkt for låneopptak 12
8.5 Val av forfalls- og rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument 12
8.6 Storleik på enkeltlån – spreiing av låneopptak 13
9 Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko 13
12 Vedlegg 1: Kriterier for Klassifisering av rentefond 16
1 Reglementet sitt virkeområde og formål
Formålet med reglementet er å gje rammer og retningslinjer for korleis forvaltninga av kommunen sin finans- og gjeldsportefølje skal skje. Reglementet utgjer eit samla oversyn over dei rammer og avgrensingar som gjeld, og underliggande fullmakter/instruksar/rutinar skal heimlast i reglementet. Reglementet definerer dei avkastnings- og risikonivå som er akseptable for plassering og forvaltning av midler som skal forvaltes med lav risiko og høg likviditet, opptak av lån/gjeldsforvaltning, og plassering av midler som skal forvaltes med lang tidshorisont. Reglementet omhandlar og vilkår for kommunen sin refinansieringsrisiko i gjeldsporteføljen.
Aksjar eller andelar i selskap der kommunen sitt eigarskap har ein strategisk karakter og motivert ut frå næringspolitiske eller samfunnsmessige omsyn er ikkje omfatta av dette reglementet.
Reglementet gjeld for Alver kommune. Reglementet gjeld og for verksemd i kommunale føretak etter kommuneloven kapittel 9 interkommunalt politisk råd etter kommuneloven kapittel 18 og interkommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelovens kapittel 19 så sant ikkje anna er avtalt eller vedtektsfesta for desse selskapa. I den grad desse verksemdene har eigen finans- og gjeldsforvaltning skal denne utførast i samsvar med dette reglementet, eller i tilfellet med interkommunalt samarbeid, etter eit avtalt finansreglement som er godkjent av kommunestyret.
2 Heimel og tidsrom
Dette reglementet er utarbeidd på bakgrunn av:
• Lov om kommunar og fylkeskommunar av 22. juni 2018 § 14-13 (gjeldande frå 01.01.2020)
• Forskrift 18.11.19 nr. 1520 om garantier og finans- og gjeldsforvaltning i kommuner og fylkeskommuner.
Reglementet gjeld frå det er vedteke av kommunestyret. Finans- og gjelds- forvaltningsreglementet skal vedtakast minst ein gong i kvar kommunestyreperiode.
3 Forvaltning og forvaltningstypar
I samsvar med vilkår i forskrifta om finans- og gjeldsforvaltninga skal reglementet omfatte forvaltninga av alle kommunen sine finansielle aktiva (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld).
Gjennom dette reglementet er det vedteke målsettingar, strategiar og rammer for:
• Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar som skal forvaltast med lav risiko og høg likviditet.
• Plassering og forvaltning av kommunens midler som skal forvaltast med lang tidshorisont.
• Forvaltning av kommunens gjeldsportefølje og øvrige finansieringsavtalar.
Forvaltning av eitt eller fleire av desse områda kan setjast bort til ekstern forvaltar med konsesjon frå Finanstilsynet eller tilsvarande myndigheit i EØS – området.
Forvaltninga skal skje i tråd med finansreglementet.
4 Formålet med kommunen sin finans- og gjeldsforvaltning
Finans- og gjeldsforvaltninga har som overordna formål å sikre ei rimeleg avkastning og stabile og låge netto finansieringskostnader for kommunen sine aktivitetar innanfor definerte risikorammer.
Dette blir søkt oppnådd gjennom følgjande delmål:
• Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet (inkludert trekkrettar) til å dekke løpande forpliktingar.
• Plassert overskotslikviditet skal over tid gje avkastning i samsvar til dei måltal for slik plassering som kommunen har fastsatt i gjeldende økonomiplan innanfor definerte krav til likviditet og risiko, i forhold til tidsperspektivet på plasseringane.
• Lånte midlar skal over tid gi lågast mulig totalkostnad innanfor definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko. Det må takast omsyn til eventuelt behov for forutsigbarheit i lånekostnader.
• Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva skal gje avkastning i samsvar til dei måltal for slik plassering som kommunen har fastsatt i gjeldande økonomiplan.
5 Generelle rammer og avgrensingar
• Kommunestyret skal sjølv gjennom fastsetting av dette reglementet, ta stilling til kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentlege finansielle risiko, jfr. kommunelova §14-1 tredje ledd.
• Reglementet skal baserast på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument.
• Kommunestyret skal ta stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga, mellom anna kva som blir rekna som langsiktige finansielle aktiva. Det påligg rådmannen ei sjølvstendig plikt til å utgreie og legge fram saker for kommunestyret som blir sett på som prinsipielle.
• Rådmannen skal fortløpande vurdere reglementet sine forskjellige rammer og avgrensingar, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at kapitalforvaltninga utøvast forsvarlig i forhold til den risiko som kommunen er eksponert for.
• Det er delegert til rådmannen å inngå avtalar i samsvar med dette reglementet.
• Det er delegert til rådmannen med heimel i dette finans- og gjeldsforvaltningsreglement å utarbeide nødvendige fullmakter/instruksar/rutinar for dei enkelte forvaltningsformer som er i samsvar med kommunen sitt overordna økonomireglement.
• Finansielle instrument og/eller produkt som ikkje er eksplisitt tillate brukt gjennom dette reglementet, kan ikkje brukast i kommunen si finans- og gjeldsforvaltning.
• Det er delegert til rådmannen å inngå kontrakt med ekstern forvaltar/ rådgjevar for forvaltning i samsvar med dette reglementet.
Kommunen kan i si finansforvalting bruke andre finansielle instrumenter, såkalla avleia instrument/derivat. Slike instrument skal vere konkret angitt under dei enkelte forvaltningsformene og må brukast innanfor risikorammene for underliggande aktiva eller gjeld og skal inngå ved berekning av finansiell risiko.
Plassering av Alver kommunes midlar i verdipapir, skal skje etter etiske kriterium. Kriteria er omtala under plassering av langsiktige finansielle aktiva, pkt. 7. Så langt det er praktisk mulig skal desse etiske kriteria også gjelde for plasseringar i verdipapirfond, og ved plassering i framveksande marknader (”emerging markets”).
Rammer for forvaltning av kommunen sine midlar til driftsformål (inkl. ledig likviditet), gjeldsportefølja og langsiktige aktiva, blir omtala seinare i reglementet.
6 Forvaltning av midler med lav risiko og høg likviditet
Forvaltning av likviditet til driftsformål skal sikre at kommunen kan betale sine utgifter ved forfall og samtidig får tilfredstillande avkastning. Kommunen skal til ei kvar tid ha ein tilgjengelig driftslikviditet som minst er like stor som forventa likviditetsbehov i dei neste 30 dagar.
Dette vert berekna slik:
Kommunens årlege budsjetterte driftsutg. inkl. løn og sosiale utgifter dividert med 12
+ Kommunens årlege budsjetterte investeringsutgifter dividert med 12
+/- Likviditetseffekt frå momskompensasjon og mva-oppgjøret
+/- Særskilt periodisert likviditetsbehov i store investeringsprosjekt eller knytt til store driftsutbetalingar
Kommunens driftslikviditet skal vere tilgjengelig med maksimalt to bankdagars varsel. Driftslikviditet kan ikkje plasserast med kredittrating lågare enn BBB-. Dette medfører plassering med minimal risiko og kort disponeringstid.
Målsetjing for avkastning på denne type midlar er minimum innskottsrente på hovudbankavtale, som definert i måltala for avkastning på finansplasseringar i kommunen sin gjeldande økonomiplan.
Kommunen skal inngå hovudbankavtale for å ivareta behovet for bankteneste. Det kan gjerast avtale om trekkrettighet avgrensa til kr 50 mill. Kommunen sine midlar til driftsformål, utover kva som trengs til dekning av kommunen sin løpande forpliktingar de nærmaste 30 dagar, kan plasserast i bankinnskot og rentefond innafor følgjande avgrensningar.
6.1 Innskot i bank
For bankinnskot gjeld følgjande avgrensingar:
a) Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 12 månader
b) Eit enkelt innskot med tidsbinding kan ikkje utgjere meir enn 120 mill. kr.
c) Innskott i norske finansinstitusjonar og utanlandske finansinstitusjonar etablert i Noreg.
Finansinstitusjonen skal ha ein forvaltningskapital på minimum kr 1 mrd., rating på minimum BBB-, og kommunen sitt samla innskott i finansinstitusjonen skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital. Avgrensingane gjelder ikkje for flytande innskott hos kommunen sin hovudbankforbindelse.
6.2 Andelar i pengemarknadsfond
For plassering i pengemarknadsfond gjeld følgjande:
a. Midlar kan berre plasserast i fond forvalta av selskap med brei verdipapirforvaltning og som inngår som ein del av anerkjent institusjon/finanskonsern.
b. Det skal berre plasserast i fond med rentefølsemd kortare enn 12 månader.
c. Ingen enkeltpapir skal ha lågare kredittrating enn BBB-, eller vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet.
d. Porteføljen i aktuelle pengemarknadsfond kan bestå av papir med inntil 20% BISvekt, dvs.:
- Renteberande papir utstedt eller garantert av den norske stat.
- Renteberande NOK denominerte papir utstedt eller garantert av OECD/EØS sone A statar.
- Obligasjonar med fortrinnsrett
- Renteberande papir utstedt eller garantert av norske statsføretak.
- Renteberande papir utstedt eller garantert av norske kommunar eller fylkeskommunar.
- Renteberande papir, i form av ”senior” sertifikat – og obligasjonslån, utstedt eller garantert av norske banker eller kredittinstitusjonar.
e. Det skal ikkje vere avgrensingar på uttaksretten i fonda som blir brukt, og midlane skal alltid være tilgjengelige på få dagar.
f. Det kan ikkje plasserast meir enn 100 mill. kr i eit enkelt pengemarknadsfond
g. Samla gjennomsnittlig løpetid for kreditten i eit enkelt pengemarknadsfond skal ikkje overstige 18 mnd.
6.3 Direkte eige av verdipapir
For direkte plassering i renteberande papir gjelder følgjande:
a) Det kan berre plasserast i renteberande papir med kortare løpetid enn 12 månader til endelig forfall.
b) Ingen enkeltpapir skal ha lågare kredittrating enn BBB-, eller vurdert av forvaltar til å ha minimum tilsvarande kredittkvalitet.
c) Papira kan ha inntil 20% BIS-vekt, og kan bestå av:
- Renteberande papir utstedt eller garantert av den norske stat.
- Renteberande papir utstedt eller garantert av norske statsføretak.
- Renteberande papir utstedt eller garantert av norske kommunar eller fylkeskommunar.
- Renteberande papir, i form av ”senior” sertifikat – og obligasjonslån, utstedt eller ga-rantert av norske banker eller kredittinstitusjonar.
d) Det kan ikkje plasserast midlar direkte i industriobligasjonar, ansvarleg lånekapital, fondsobligasjonar, grunnfondsbevis eller aksjar.
e) Ingen enkeltplassering i renteberande papir kan utgjere meir enn 50 mill. kr. Unnateke frå denne avgrensinga er plasseringar i statspapir.
6.4 Felles plasseringsavgrensingar
• Kommunens samla innskot i bank/kredittinstitusjon (inkl. direkte eige av verdipapir utstedt eller garantert av institusjonen) skal ikkje overstige 2% av institusjonen sin forvaltningskapital.
• Kommunens eigardel i et pengemarknadsfond skal ikkje overstige 5% av fondet sin forvaltningskapital.
7 Forvaltning av kommunens midlar med lang tidshorisont
7.1 Definisjon og formål
Alle finansielle aktiva ut over det som er berekna for driftsformål dei neste 30 dagar (ref. definisjon i kap. 6) vert å rekne som langsiktige finansielle aktiva. Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva har som formål å sikre ein langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggarane i Alver kommune eit godt tenestetilbod. Det skal leggjast til grunn ein rullerande investeringshorisont på meir enn fem år, samtidig som ein søkjer ei rimeleg årleg avkastning.
7.2 Ansvarsforhold
Rådmannen får fullmakt til å plassere kommunen sine langsiktige aktiva etter dette reglementet.
7.3 Overordna investeringsrammer
Kommunen skal i si forvaltning av langsiktige finansielle aktiva ha ein låg til moderat risikoprofil.
Midlar skal forvaltast etter kriteria:
• tryggleik
• risikospreiing
• likviditet
• avkastning
Rapportering med omsyn til risikovurderingar skal gjerast som omtalt i pkt. 9.1. Risikospreiing reduserer den finansielle risikoen. Risikospreiing får ein ved å fordele midlane på ulike produkt og verdipapir innafor fleire aktivaklassar og risikoklassar. Den langsiktige kapitalen til kommunen skal plasserast i ulike plasseringsinstrument etter følgjande fordeling:
Aktiva | Minimum | Normal | Maksimum |
Eigenkapitalbevis i norske sparebankar og aksjar | 0% | 25 % | 35% |
Obligasjonar | 0% | 0% | 70% |
Sertifikat | 0% | 0% | 70% |
Rentefond | 0% | 75 % | 100% |
Bankinnskot | 0% | 0 % | 100% |
Kommunen kan ikkje plassere midlar direkte i ansvarleg lånekapital eller industriobligasjonar. Kommunestyret kan i eige vedtak gje ansvarleg lån.
7.4 Plasseringsinstrument og grenser
Følgjande instrument er tilgjengelege for inkludering i Alver kommune sin forvaltningsportefølje innanfor følgjande grenser;
Bankinnskot:
a) Innskot på inntil 100 millionar kan plasserast i bank med minimum kredittrating BBB-
, men berre dersom banken har forvaltningskapital på minimum 5 milliardar.
b) Innskot på inntil 100 millionar kan plasserast i bank med minimum kredittrating A
c) Innskot på over 100 millionar skal anten plasserast i kommunen sin hovudbank, eller i annan bank med minimum kredittrating AA.
d) Bankinnskot skal ha maksimalt 24 månadars tidsbinding
Rentefond:
Pengemarknads- fond m/lav risiko | Penge- marknadsfond | Obligasjon- fond 0,125 | Obligasjons- fond 1 | Obligasjons- fond 3 | |
Volum* | 0-100 % | 0-100 % | 0-70 % | 0-60 % | 0-50 % |
maks 15 % av | |||||
Maksimal | fondet sin | maks 10 % | maks 10 % | maks 10 % | |
del i | forvaltningskapital | maks 10 % av | av fondet sin | av fondet sin | av fondet sin |
fondet | (FK) | fondet sin FK | FK | FK | FK |
Type fond er definert med referanse til VVF (Verdipapirfondenes Forening) sin bransjestandard for informasjon og klassifisering av rentefond, Vedlegg 1, Kriterier for Klassifisering av rentefond, Hovedkriterier. Bransjestandarden følgjer som vedlegg til dette Finansreglementet.
Direkte eige av sertifikat og obligasjonar:
Avgrensingar sertifikat:
Sertifikat utstedt eller garantert av: | Den norske stat/ statsføretak, norske kommunar eller fylkeskommunar | Banker, finans- institusjonar eller kredittføretak | Norske kraft- selskap | Solide norske selskap på Oslo Børs |
Tidshorisont | 1-12 mnd | 1-12 mnd | 1-12 mnd | 1-12 mnd |
Maks del av emisjonsbeløp | inga avgrensing | 20 % | 10 % | 10 % |
Maks del av forv.kapital | inga avgrensing | 5 % | 10 % | 10 % |
Kredittkvalitet | inga avgrensing | A- eller betre | BBB eller betre | BBB eller betre |
Valuta | NOK | NOK | NOK | NOK |
Volum | 0-70 % | 0-50 % | 0-50 % | 0-30 % |
Avgrensing per utsteder | inga avgrensing | maks 50 millionar for rating A eller lågare, maks 250 millionar for rating A+ eller betre | maks 30 millionar for rating A- eller lågare, maks 100 millionar for rating A eller betre | maks 20 millionar for rating A- eller lågare, maks 50 millionar for rating A+ eller betre |
Avgrensingar obligasjonar:
Obligasjonar utstedt eller garantert av: | Den norske stat/ statsføretak, norske kommunar eller fylkeskommunar | Banker, finans- institusjonar eller kredittføretak | Norske kraft- selskap | Solide norske selskap på Oslo Børs |
Tidshorisont | 1 – 10 år | 1 – 5 år | 1 – 5 år | 1 – 5 år |
Maks del av emisjonsbeløp | inga avgrensing | 20 % | 10 % | 10 % |
Maks del av forv.kapital | inga avgrensing | 5 % | 10 % | 10 % |
Kredittkvalitet | inga avgrensing | A eller betre | A eller betre | A eller betre |
Valuta | NOK | NOK | NOK | NOK |
Volum | 0-50 % | 0-50 % | 0-35 % | 0-20 % |
Avgrensing per utsteder | inga avgrensing | maks 50 millionar for rating A + eller lågare, maks 150 millionar for rating AA- eller betre | maks 20 millionar | maks 10 millionar |
Aksjar og eigenkapitalbevis i Norske Sparebankar:
Aksjar, kommunen kan plassera langsiktig kapital i norske- og utanlandske aksjefond, og norske aksjar gjennom aktiv forvaltningsavtale. Maksimalt 35 % av langsiktige finansielle aktiva kan plasserast i aksjar og eigenkapitalbevis i Norske Sparebankar.
Utanlandske aksjefond, Plasseringar skal skje gjennom anerkjente fond. Del i utanlandske aksjefond skal ikkje overstige 25 % av langsiktige finansielle aktiva. Det tillatast at det tas valutarisiko knytt til internasjonale aksjeinvesteringar.
Norske aksjar, Plassering kan gjerast i fond, direkte investeringar eller gjennom aktiv forvaltningsavtale. Delen norske aksjar skal ikkje overstige 25 % av langsiktige finansielle aktiva. Merk at kravet om maksimalt 35 % av langsiktige finansielle aktiva plassert i aksjar og eigenkapital i Norske Sparebankar gjelder. Dersom kommunen plasserer 25 % av langsiktige finansielle aktiva i utanlandske aksjefond vil kommunen maksimalt ha anledning til å plassere 10 % av langsiktige finansielle aktiva i norske aksjar og eigenkapitalbevis i Norske sparebankar.
Generelt om aksjeforvaltninga:
- Aksjeforvaltninga skal være forsiktig
- Investeringane skal hovudsakleg være i børsnoterte aksjar i solide selskap
- Investeringane skal baserast på finansanalyse med vekt på historisk gode nøkkeltal.
- Alver kommunes sin eigarandel skal ikkje overstige 15 % av eitt aksjefonds forvaltningskapital
- Ved aktiv forvaltning bør porteføljen bestå av minst 15 aksjepostar, og ei enkeltaksje bør ikkje utgjere meir enn 10 % av porteføljen.
Valutainstrument:
Valutainstrument vert tillate berre i sikringsøymed i tilknyting til kjøp av utanlandske papir og fond denominert i annan valuta enn NOK.
Produkt som ikkje er nemnt i denne oppstillinga, kan ikkje nyttast i forvaltningsporteføljen.
7.5 Avkastningsrisiko og benchmarks
Avkastningsrisiko er definert som risiko for verdiendring på eigedeler som følgje av endringar i marknadsforhold – herunder endring i aksjekursar, rentenivå samt endring i volatiliteten i desse marknadane. Kommunen har ein relativ risiko som er risikoen for å ikkje oppnå avkastninga til ein samanlikningsportefølje (benchmarkportefølje).
Benchmark (referanseindeks) for langsiktige finansielle aktiva: | |
Renteberande papir: | 3 mnd Nibor |
Norske aksjar / eigenkapitalbevis: | Oslo Børs Fondsindeks (OSEFX) |
Utanlandske aksjar: | MSCI world |
Ved benchmark samanlikningar skal den faktiske porteføljen og avkastninga på denne målast mot ”normalporteføljen” og relatert ”avkastning” i den aktuelle periode.
7.6 Etiske retningslinjer
Finansielle investeringar skal vurderast i forhold til sosiale, miljømessige- og etiske kriteria. Statens Pensjonsfond Utland sine etiske retningslinjer er retningsgivande.
Forvaltninga skal som hovudregel ligge innanfor FN’s Global Compact sine 10 prinsipp:
Menneskerettar:
1. Sikre at selskapet ikkje medverkar til brot mot menneskerettane
2. Støtte internasjonalt anerkjente menneskerettane innan dei områda der verksemda opererer
Arbeidstakarrettar:
3. Anerkjenne foreiningsfriheten og retten til å før kollektive forhandlingar
4. Avskaffe alle former for tvangsarbeid
5. Fjerne bruken av barnearbeid
6. Avskaffe diskriminering i sysselsetting og yrke Miljø:
7. Støtte ”føre var”-prinsippet i miljøspørsmål
8. Ta initiativ til å fremme miljøansvar
9. Oppfordre til utvikling og spreiing av miljøvennleg teknologi
Korrupsjon:
10. Bekjempe all form av korrupsjon, inklusive utpressing og bestikkelse
Disse retningslinjene inneber blant anna at selskap som produserer særleg inhumane våpen skal utelukkast frå porteføljen. Vidare skal selskap verte utelukka dersom det er openbar uakseptabel risiko for at kommunen gjennom sine investeringar medverkar til:
1. Grove eller systematiske krenkingar av menneskerettar, som for eksempel drap, tortur, frihetsberøving, tvangsarbeid, utnytting og annan utbytting av barn.
2. Alvorlig krenkelse av individ sine rettar i krig eller konfliktsituasjonar, alvorleg miljøskade, grov korrupsjon og andre særlege grove brot på grunnleggjande etiske normer
Alver kommune vil sjå til at samarbeidande forvaltar opererer i tråd med forvaltningsrammene og etiske retningslinjer som er vedtekne i dette reglementet. Det er Alver kommune sin målsetting at kapital ikkje vert plassert i selskap med ein uakseptabel etisk profil.
Dersom kommunen blir gjort merksam på at det hos ein forvaltar er plasseringar i selskap med ein uakseptabel etisk profil, skal dette takast opp til diskusjon med forvaltaren med sikte på at nemnde plasseringar gjort av forvaltaren opphører, eller at kommunen trekker seg ut av det aktuelle produkt hos forvaltaren.
7.7 Gjennomføring
Val av enkeltpapir kan delegerast til eksterne kapitalforvaltarar. Forvaltar si inntening skal ikkje vere avhengig av kva slag investeringsprodukt som blir valt. Godtgjeringa skal gå klart fram av avtalen.
Krav til ekstern forvaltar:
Følgjene krav leggast til grunn til ein ekstern forvaltar:
• Forvaltar skal inneha nødvendige konsesjonar frå Finanstilsynet og forvaltningskompetanse kva gjeld det løypande arbeid i verdipapir marknaden. Dette inneber god forvaltning i høve til rammeføresetnadar pålagt av myndigheitene og interne rammeføresetnadar i høve til oppdragsgivar.
• Det skal utførast løypande risikokontroll og avkastningsvurderingar som gjenspeglar den risikoprofil som er nedfelt i kommunens investeringsstrategi.
• Forvaltar skal ha eit analysemiljø med god bredde og dybdekompetanse.
• Forvaltningssystemet skal kunne tilpassast den til ei kvar tid gjeldande forvaltningsprofil/investeringsstrategi i høve til:
o Fleksibel rapportering
o Rekneskapstransaksjonar/kontoavstemming
o Løypande måling av tidsvekta og pengevekta avkastning, standardavvik og durasjon.
8 Forvaltning av kommunens gjeldsportefølgje og øvrige finansieringsavtalar
8.1 Vedtak om opptak av lån
Kommunestyret fattar vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret. Vedtaket skal som minimum vise lånebeløpets størrelse.
Med utgangspunkt i kommunestyret sine vedtak har rådmannen fullmakt til å gjennomføre låneopptak, inkludert godkjenne lånevilkåra, og for øvrig forvalte kommunale innlån etter dei retningslinjene som går fram av dette reglementet, og i tråd med vilkåra i Kommunelova § 14-14 om låneopptak.
Rådmannens fullmakt betyr også fullmakt til opptak av nye lån til refinansiering av eksisterande gjeld, og innanfor dette reglementet sine avgrensingar avgjere låna sin nedbetalingstid.
8.2 Val av låneinstrument
Det kan berre takast opp lån i norske kroner. Lån kan takast opp som direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar, og i livselskap. Det er også høve til å leggje ut lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden, inkl. eventuell børsnotering av slike lån. Lån kan takast opp som opne seriar (rammelån) og utan avdrag (bulletlån).
Finansiering kan også skje gjennom finansiell leasing.
8.3 Tidspunkt for låneopptak
Låneopptaka skal vurderast opp mot likviditetsbehov, vedteke investeringsbudsjett, forventningar om framtidig renteutvikling og generelle marknadsforhold.
8.4 Konkurrerande tilbod
Låneopptak skal søkast gjennomført til marknadens gunstigaste vilkår. Det skal normalt innhentast minst to konkurrerande tilbod frå aktuelle långivarar. Prinsippet kan fråvikast ved låneopptak i statsbank (t.d. startlån i Husbanken).
8.5 Val av forfalls- og rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode i forhold til oppfatningar om framtidig renteutvikling og
innanfor eit akseptabelt risikonivå gitt eit overordna ønskje om forutsigbarheit og stabilitet i lånekostnader.
Refinansieringsrisikoen og renterisiko skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall, slik:
• Gjennomsnittlig kapitalbinding skal til ei kvar tid være over 4 år.
• Gjennomsnittleg attverande rentebinding (vekta rentebindingstid) på samla renteberande gjeld skal til ei kvar tid vere mellom 0,5 og 3 år.
• Refinansieringsrisikoen skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall. Lån som forfall og som ikkje skal innløysast innan ein periode på 12 mnd skal ikkje overstige meir enn 70 % av total gjeldsportefølje
For å oppnå ein eventuell ønska rentebinding, er det høve til å ta i bruk framtidige renteavtaler (FRA) og rente-bytteavtaler (SWAP). Rentesikringsinstrumenta kan brukast i den hensikt å endre renteeksponeringa for kommunens lånegjeld.
Føresetnader for å gå inn i slike kontraktar, skal vere at ei totalvurdering av renteforventningar og risikoprofil på eit gitt tidspunkt tilseier at slik endring er ønskjeleg.
Det er ikkje tillate å lausrive derivathandelen frå den øvrige finansforvaltninga, og rapportering og berekning av nøkkeltal skal inkludere FRA- og SWAP-kontraktar.
Hensikta bak kvar derivatkontrakt skal dokumenterast, og kontraktane skal knytast til underliggjande lån eller låneportefølje.
Sikringsdokumentasjon jf. KRS (Kommunal rekneskapsstandard) nr 11 skal føreliggje. Det skal berre brukast større bankar som motpart ved slike kontraktar.
8.6 Storleik på enkeltlån – spreiing av låneopptak
Forvaltninga blir lagt opp til følgjande:
Låneporteføljen skal bestå av færrast mogeleg lån, likevel slik at refinansieringsrisikoen ved ordinære låneforfall blir avgrensa. Eit einskild lån skal ikkje utgjere meir enn 20 % av kommunen si samla låneportefølje.
9 Vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko
9.1 Rapportering
Føremålet med rapporteringa er å informera om finans- og gjeldsforvaltninga sine faktiske resultat og risikoeksponering i høve til fastsette rammer og retningslinjer.
Rådmannen skal i årsrapport og i rapport per 1. og 2. tertial leggje frem for kommunestyret status for forvaltninga av:
1) Midlar med lav risiko og høg likviditet (midlar berekna for driftsformål).
2) Midlar med lang tidshorisont.
3) Gjeldsportefølgje og øvrige finansieringsavtalar.
I tillegg skal rådmannen etter årets utgang rapportere utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året.
Årsrekneskapen skal innehalda ein detaljert oversikt over dei ulike plasseringar per selskap. Denne skal innehalda kostpris, verdijustering pr. 31.12 og urealisert bokført gevinst/tap pr. 31.12.
Rapporten skal ihht. Forskriftens § 8 innehalde:
• Beskriving og vurdering av kommunens finansielle risiko og avkastning sammenholdt med måla og krava i finansreglementet
• Nærare beskriving og vurdering av eventuelle vesentlege endringar i markedet og i kommunen sin finansielle risiko.
• Opplyse om eventuelle avvik mellom krava i finansreglementet og den faktiske forvaltninga, ogkorleis eventuelle avvik er håndtert.
Rapportane skal:
• vise korleis dei finansielle midlane er sammensett og markedsverdien av dei, både samla og for kvar gruppe av midlar
• vise hvordan dei finansielle forpliktingar er sammensett og verdien av dei, både samla og for kvar gruppe av forpliktingar.
• opplyse om dei finansielle forpliktingar si løpetid, og om verdien av lån som forfaller og må refinansierast innan 12 månader
• opplyse om aktuelle markedsrenter og kommunen sine eigne rentevilkår.
9.2 Risikovurderingar
Det skal til kvar rapportering til kommunestyret gjerast følgjande uavhengige risikovurderingar:
a) Renterisikoen for plasseringar av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsformål og gjeldsporteføljen sett i samanheng
- Ei ”netto” gjeldsbetraktning som viser kommunens renterisiko angitt i NOK
ved ein 1% andel generell endring i rentekurven.
b) Den absolutte risikoen i forvaltninga av langsiktige finansielle aktiva
- Berekne rullerande standardavvik over 36 månader til porteføljens strategi (benchmark).
c) Den relative risikoen i forvaltninga av langsiktige finansielle aktiva
- Berekne rullerande relativ volatilitet (standardavviket til differansen mellom faktisk avkastning og strategi avkastning) over 36 månader.
Årlig skal det i tillegg rapporterast om porteføljens samla tapsrisiko, målt ved ein stresstest som tar omsyn til samvariasjon (Kredittilsynet el.l.), basert på faktisk utnytting av risikorammer.
Plasseringa av kommunens langsiktige finansielle aktiva ved kvar rapportering stresstestast med følgjande parameter: +2 %- poeng parallelt skift i den norske rentekurven
Samla verdifall på langsiktige finansielle aktiva skal oppgjevast og rådmannen skal kommentere kommunen sin evne til å bere det potensielle tapet. Dersom rådmannen sin vurdering er at det potensielle tapet er for stort i forhold til kommunen sin risikoberande evne, skal rådmannen legge frem forslag til endring i reglementet og samansetning av den risikoberande porteføljen.
9.3 Ekstraordinære forhold
Ved vesentlege endringar i finansmarknaden, som gjer det nødvendig å foreta store tilpassingar i finans- og gjeldsportefølja, skal rådmannen straks orientere formannskapet.
9.4 Kvalitetssikring
Finansforskrifta pålegg kommunestyret å la uavhengig kompetanse vurdere om dette finans- og gjeldsforvaltningsreglementet legg rammer for ei finansforvaltning som er i tråd med kommunelova sine reglar og reglane i finansforskrifta. I tillegg skal uavhengig kompetanse vurdere rutinane for vurdering og handtering av finansiell risiko, og rutinar for å avdekke avvik frå dette reglementet.
Rådmannen får delegert ansvar for at slike vurderingar blir innhenta, eksternt eller gjennom kommunerevisjonen. Det rapporterast på utført kvalitetssikring av rutinane som del av den årlige rapporteringa.
10 Handsaming av avvik
Eventuelle avvik ved finans- og gjeldsforvaltninga i forhold til vilkåra i dette reglement skal handteras på følgjande måte:
Rådmannen skal informere formannskapet om den aktuelle
situasjonen. Formannskapet skal deretter ta stilling til om dette er ein vesentlig sak som skal rapporteras vidare til kommunestyret som enkelt sak, eller om det skal følgje de vanlige rapporteringsrutinar. Ved eventuelle avvik skal dette lukkes så snart som mulig med onsyn til marknadsituasjonen.
11 Rutinar
Rådmannen skal etablere administrative rutinar og prosedyrar for kommunen sitt arbeid innan finansområdet (dette reglementet sitt virkeområde).
12 Vedlegg 1: Kriterier for Klassifisering av rentefond
VVF (Verdipapirfondenes Forening) sin bransjestandard for informasjon og klassifisering av rentefond, Vedlegg 1, Kriterier for Klassifisering av rentefond, Hovedkriterier: