Avtalebrot. Time kommune kan krevja avslag i leiga ved forseinking eller manglar etter husleigelova§ 2-11 og erstatning etter § 2-13, dersom forseinkinga eller manglane er vesentlege. Dersom kommunen opplev vedvarande eller gjentatt misleghald frå utleiger si side, er det grunnlag for å heva denne avtalen. Dette krevjar skriftleg førehandsvarsling, og utleiger skal ha rimeleg tid og moglegheit til å rette opp misleghaldet. Utleiger kan på same måte krevja at Time kommune fråflyttar leigeobjektet, og at avtala vert heva, som eit resultat av vesentleg misleghald av avtala frå kommunen si sida. Dette krevjar skriftleg førehandsvarsling, og kommunen skal ha rimeleg tid og moglegheit til å rette opp misleghaldet. Time kommune er forplikta til å betala leige lik oppseiingstida, altså eitt år, etter avtalen er heva som resultat av misleghald. Denne forpliktinga vert redusert med den inntekta utleigar måtte klare å få inn ved re-utleige av leigeobjektet.