Bakgrunn - Formål. Etne kommune (EK) har vore deltakar og medeigar i Haugaland brann og redning IKS (HBR) sidan oppstarten 1.7.2018 med dei plikter og rettar mellom partane som kjem fram av selskapsavtala og Lov om interkommunale selskap.EK har det lovfesta ansvaret for drift av brannvesen etter brann- og eksplosjonsvernlova. Etter selskapsavtala er det HBR som skal dekke alle dei deltakande kommunane sine plikter, oppgåver og behov med tanke på desse lovpålagde oppgåvene. Då fleire tilsette i Skånevik og Etne har sagt opp sine stillingar, er det ikkje innanfor eit kost-/nytteperspektiv mogleg for HBR å løyse desse lovpålagte oppgåvene i samsvar med selskapsavtala og dei lovpålagte oppgåvene for EK.Denne avtala er ei midlertidig løysing, og har difor til formål å sikre at beredskapen i EK vert vidareført på tilfredsstillande måte inntil avtale om ei varig løysing er på plass. Denne avtala vil skildre ansvarsforholdet mellom EK og HBR. EK vil med avtalen få det daglege operasjonelle ansvar for å sikra at kommunen har ei forsvarleg brann- og redningsstyrke etter brann- og eksplosjonsverns loven §11,1 ledd e) og f).