Dagleg leiing døme på klausular

Dagleg leiing. Selskapet skal ha ein høveleg administrasjon som er tilpassa oppgåver og aktivitet. Selskapet skal leiast av ein dagleg leiar. Vedkomande har tilvisingsmynde innanfor godkjent budsjett og er fagleg og økonomisk ansvarleg for den daglege drifta overfor styret. Dagleg leiar skal ikkje ta avgjerd i saker med stor konsekvens for selskapet utan i dei tilfelle der styret har gitt mynde til det, eller når styret si avgjerd ikkje kan avventast utan vesentleg ulempe for selskapet si verksemd. Styret skal i så fall snarast mogleg underrettast om saka. Dagleg leiar representerer selskapet utad i saker som ligg til myndet hans.