Gjennomforing Av Tiltak døme på klausular

Gjennomforing Av Tiltak. Masseuttaket kan ikkje startast opp før det blir gjeve igangsettingsløyve. Før eit slikt løyve blir gjeve skal det leggast fram ein uttaksplan som skal godkjennast av kommunen. Denne skal syne korleis tiltaket skal gjennomførast frå start til slutt og kva tidsrom det skal gå over. Uttaksplanan skal utarbeidast av tiltakshavar/ansvarleg entreprenør, og skal vera tufta på vedteken reguleringsplan med føresegner, og utanomhusplanen. Masseuttaket skal vera ferdig rydda og istandsett innan 3 år frå igangsettingsløyve blir gjeve. Dersom tiltakshavar ikkje gjennomfører og sluttfører uttaket i tråd med reguleringsplan, uttaksplan og utanomhusplan, og innan fristar sett i igangsettingsløyvet, kan kommunen sørgje for å få gjennomført og sluttført naudsynte tiltak i ovannemde planer, for tiltakshavar si rekning. Dersom tiltakshavar overlet tiltak etter denne avtala til andre, står tiltakshavar framleis ansvarleg for gjennomføring av det som her er avtalefesta.
Gjennomforing Av Tiltak